søndag, november 27, 2011

Vermelding 27.november - 2011

Klokka er ca halv to, og eg måtte ta bilde ute før det vart mørkt. Som de ser har vi fått litt sludd på markane,  men det er greitt når vi alt er komne til 1.sundag i advent. Temperaturen er + 2 grader C.
Nils er i Volda og besøker Harald, og eg nyttar åleinetida til å høyre lydbok på datamaskina og strikke enda eit lestepar. Ein skulle sikkert ha trossa ver og føreforhold og tatt ein tur ut, men "dørstokkmila" er lang for mitt vedkomande. Elles har vi ingen planar for dagen, men i morgon  er det styremøte i pensjonistlaget. Har ikkje tenkt å stresse meg opp når det gjeld jula.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Meir vinter hos dokke enn her. Les på bloggen til pensjonistlaget. Du har verkeleg fått "liv" i laget med blogg og bilder!

Besta sa...

Det er dessverre ikkje så mange av pensjonistane som les den. Kan bli betre no når 16 i laget har begynt på datakurs.
Nils var i Volda, der var mykje meir snø enn her.

Dagbok 2024: 20. desember

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er 0 grader og det verken regnar eller snøar akkurat no. Sist natt kom det såpass mykje snø at det var...