torsdag, april 30, 2015

Dagbok 2015: 30.april

"Menn med kvitt hår gjer hagearbeid".

Klokka er 18.15, temperaturen ute er + 8 grader C. Det har nyss vore ei regnbyge, men tidlegare i dag var det opplett- men overskya.
I dag hadde eg ein jobb på føremiddagen, eg skulle lage fiskekaker. Fisken var sei og lyr 50-50. Eg laga av to kilo farse, likar ikkje å lage for mykje om gongen.
Då eg var ferdig og hadde rydda opp, bar det rett i dusjen til hårvask etc. Ville ikkje fare til Vik med steikelukta. Vi var først på Amfi, der vi handla mat og medisin, som valeg. Trur knapt eg har vore nedover på ei veke.
Så var vi på Felleskjøpet, der vi handla vaskepulver, toalettpapir og hagegjødsel. Eg hadde ein rabattkupong på OMO color. "Kjøp fire pakkar og få den femte gratis". I dag kjøpte eg den 4.pakken, og fekk nr.5 med det same. Dette er dei største pakkane, så no har eg vaskepulver lenge!
Vi var innom Plantasjen ein tur også,  fann ut at det var litt for tidleg å kjøpe sommarblomster, men vi kjøpte ein orkide og nokre jordbærplantar. Det er litt svinn i åkeren.
Eg var også innom biblio og i dag tok eg med dei to Hamsun-bøkene som Margrete nyss har lese, og eg har brukt mykje av ettermiddagen til å rippe dei to bøkene. Den stasjonære maskina må på sørvis, for no er den ekstremt treig. Og eg treng den, ikkje minst fordi eg har ein printer som er kopla til den. Derfor brukar eg den til alt eg skriv for pensjonistlaget -blant anna.
(I dag kom endelig referatet mitt i avisa, etter at dei i Møre-Nytt-redaksjonen  først hadde rota det ned i søppelposten. Ja,ja, betre seint enn aldri.)
Fiskekakene vi åt til middag smakte fortreffelig, alt smakar betre før det har vore i frysaren. La meg på sofaen etter middag, men fekk ikkje ligge så lenge før det ringde på døra. Like godt!
Elles har eg begynt på ei bok av Lars Mytting, som heiter "Hestekrefter", den fekk god omtale på FB. Men eg irriterer meg litt over at han som les, les så "naturlig" dvs. med slapp artikulasjon.
I morgon skal vi til Volda og feire dagen. Eg veit ikkje om her foregår så mykje.

onsdag, april 29, 2015

Dagbok 2015: 29.april

Klokka er ca 20.00, temperaturen ute er + 8 grader, og akkurat no kjem sola fram att etter å ha vore vekke heile ettermiddagen.
Nils var tidleg oppe i dag og reiste på sjøen. Fangsten vart ikkje stor, men vi fekk i alle fall småsei til middag og så fekk han ein lyr som skal bli fiskekaker.
Mens han var vekke, shina eg opp kjøkkenet og støvsuga alle teppegolva. Eg var både stiv og støl då eg stod opp i dag og verkte i det meste av kroppen. Forstod det ikkje skikkelig, for sola skein og vêret var fint.
Etter lunsj reidde eg opp solsenga med teppe og dyne for å få vere ute i frisk luft og sol på samme tid som eg varma opp gikta. Somna med lydboka på øyret, og etter kvart skya det over med mørke skyer. Eg hadde det varmt og godt, så eg vart liggande å lese til det nærma seg middag. Ikkje før var eg komen i hus, så kom det ei regnbyge.
Det har vore svært nattekaldt siste nettene, så våren let vente på seg.
Det smakte godt med fersk fisk. No har eg lese ut boka som eg har halde på med lenge, og så skal eg skrive litt om den.I morgon er det ei slags helgaftan, så då får eg fare nedover og handle litt, det er lenge sidan sist.

Bok nr.35 - 2015: Britt Marie var her.


Britt-Marie (63) er ikke passiv aggressiv. Det er bare det at skitt og riper og bestikk som ikke ligger på riktig sted i skuffen får henne til å skrike inni seg. Hun har akkurat forlatt ektemannen gjennom 40 år og gått ut av rollen som husmor og inn i rollen som arbeidssøkende. Den eneste jobben hun kan få befinner seg i Borg, et sted som er hardt rammet av finanskrisen, og der alt utenom den ølstinkende pizzasjappa er nedlagt. Britt-Marie hater fotball, men Borg har ikke annet enn fotballen igjen. Dette er absolutt ikke noen god start på et nytt liv.
Men når stedets ungdomsklubb så desperat trenger en ny trener at de til slutt er klar for å gi jobben til hvem som helst, da bryr de seg ikke om detaljer som at Britt-Marie absolutt ikke vil ha jobben. Når hun i tillegg blir invitert på date av en politimann og brekker hånden i et solarium, da fins det ingen vei tilbake.
..............................................................................................................
Dei fleste har vel lese boka om Ove. Den var ein knallsuksess. Eg las også "Mormor hilser og sier unnskyld". Eg likte begge bøkene. Og no har eg lese Britt Marie-boka skrive av same forfattaren. Dessverre har eg brukt litt lang tid på den, det har vore mange avbrot og tilbakespolingar. Og no lurer eg på om denne var enda betre enn Ove-boka. Det er noko med Backman sine bøker som minner om Paasilinna. Det er som salig Vinje ein gong uttrykte det "ein ler med eine auga og gret med det andre." Med andre ord ein fin balanse mellom spøk og alvor.Boka er ingen tungvektar, likevel set den mange tankar i sving. Eg trur at fleire enn eg vil like denne boka.

tirsdag, april 28, 2015

Dagbok 2015: 28.april

Klokka er 18.15, og eg har nyss vore ute og tatt bilda. Vêret er nydelig,temperaturen er + 11 grader C. Det har vore ein del skyer tidlegare i dag, men no er det nesten heilt klårt.
Vi har vore ute ei lita stund og stelt i hagen; Nils har gjort klart til såing av sukkererter, eg har sprøyta skvallerkålen med eddikvatn. Det drep plantane for ei stund, men dei kjem att. Det ser forresten ut til å bli eit godt skvallerkål-år, så eg må kanskje koke suppe på den. Vi er eigentleg imot å bruke gift i hagen, derfor eddiken.
Før middag vaska eg litt og rydda inne etc. Nils reiste bort på sjukehuset i 12-tida. Då ringde ei veninne ei stund etterpå og vi prata til eg fekk melding frå Nils om å sette på potetene.I dag hadde vi steikt blålange til middag, med heimelaga "remuladesaus" (ein relativt mager variant). Det smakte godt etter mange dagar utan fisk.
Nils fekk heldigvis gode tilbakemeldingar både hos fastlegen i går, og på sjukehuset i dag. Det er ei lette.I kveld skal Nils på styremøte i SV, så då får eg kanskje lese litt i boka mi, det har blitt lite lesing i det siste. I dag la eg meg på sofaen etter middag og somna tvert, og Nils somna i reclineren. Back to normal, med andre ord.
På bildet over kan de sjå at bilparken vår er blitt utvida med ein liten raud Toyota. Dessverre er den ikkje min. Fire personar bur i huset vårt, og så er det tre bilar på tunet. Og eg er så gammal at eg hugsar den tida då det å ha bil var sjeldan, berre "utvalde" personar fekk kjøpe bil før ca 1960.


mandag, april 27, 2015

Dagbok 2015: 27.april

Klokka er no 17.15. Temperaturen ute er + 12 grader C og sola skin frå ein himmel med lette skyer. Får håpe at vêret held seg bra ei stund no.
Nils stod relativt tidlag opp i dag, men eg låg litt frampå, morgenfugl er eg så avgjort ikkje. Nils skulle til fastlegen klokka 9.30, men det gjekk fort og greitt, han hadde fått diskutert litt fiskeri med legen, også.
Anne Marie skulle ta bussen klokka 12.50, til Eid. Derfrå buss til Måløy, og med Bergensbåten til Rysjedalsvika, der ho må byte båt for å komme seg heim att. Ho er ein sprek 80-åring. Og eg synest ho er heldig.
Eg skulle slappe av litt etter at eg hadde rydda opp litt, og då ringde ei av veninnene. Vi hadde ein lang hyggelig prat.
Så ville Nils ut og sjå etter båten og eg fekk vere med. Mens han styrte med båten, gjekk eg ein liten tur, meir skulle det ikkje til før eg vart lettare invalidisert. Gjekk bitte lite grann i terrenget og då var det gjort. "Klatra opp på nokre berg for å ta bilde av Eiksundbrua. Ikkje at den viser så mykje når ein tek bilde på så langt hald.
Nils kom til møting, og då måtte vi sjå på dei tre ponniane som gjekk på beite iført regnfrakk. Ja, det var slike vi skulle hatt til å klippe plenen, for dei er nøysomme dyr. Den eine fekk ein heil løvetannplante med NIls og då var han heilt i hundre, såg det ut til.
Vi såg også ei linerle, så då reknar eg med at vi er ferdig med alle (snø)-ridene for i år.




Eiksundbrua i det fjerne.










Vil gjere merksam på at dette bildet ikkje er tukla med, eg var så nær hesten,rett nok med eit gjerde imellom.

Markane der ute er gule av kusymre(primula vulgaris) Men på denne marka beita ikkje hestane.

søndag, april 26, 2015

Dagbok 2015: 26.april


Klokka er 20.45, temperaturen ute er + 3 grader C. I dag har det vore bygevêr med vekselsvis regn og sludd. Litt trist at det ikkje vart finare vêr på Amanda sin store dag.
Amanda vart i dag døypt i Kilsfjord kyrkje, og alle fire besteforeldra var fadderar. Det var ei roleg gudsteneste, ikkje så livat som då Eirik vart døypt for tre år sidan, men då var det palmesøndag, og meir folk i kyrkja. Morten Bollerud er eit unikum å ha som organist, i løpet avgudstenesta trakterte han både orgel, trekkspel og piano.
Selskapet vart halde på grendahuset, med veldig mykje nydelig mat. Først koldtbord med alle slags gode rettar, og seinare eit gedigent kakebord. Og slike dagar ønsker ein berre at ein hadde betre plass i magen, men det vart sikkert konsumert nok kaloriar.
Dessverre var det ikkje alle som kunne kome av dei som var invitert. Men gjstane talde minst fire generasjonar, den yngste var berre nokre veker gammal.
Etter selskapet køyrde vi rundt fjorden, så Anne Marie fekk sjå padda - blant anna. Vi ville at Tone og Knut skaulle ta turen også, mens Margrete og Lars inviterte naboar etc. til restefest, men det ville dei ikkje. Vi var så vidt komne heim, då kom dei hit, så dei hadde ombestemt seg. Veldig kjekt at dei kom hit til oss, det er mange og tjue år sidan sist dei var her.
Eg hadde ikkje med meg fotoapparat i dag, så de får sjå på Solveig og Margrete sine bloggar etter bilde, og på FB. Eg synest ikkje det er så kjekt når folk fer og knipsar heile tida mens ein er i selskap, så eg avstod frå å vere fotograf i dag.Elles så vart det både song og musikk av den musikalske familien.Det er berre å sjekke FB.
Takk for ein fin dag, Amanda m/fam !





lørdag, april 25, 2015

Dagbok 2015: 25.april


Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er +3,3 grader C, og det er skodde, sludd og regn om eit anna. Håper vegane held seg berre sidan vi skal til Straumshamn i morgon tidleg, men det er no ikkje akkurat ute i bushen heller.
I dag har eg vore heime heile dagen, har styrt litt i huset, med matlaging, klesvask og anna. Nils og Anne Marie var ein tur til Vik og til Volda for å handle. Eg hadde lapskausen nesten ferdig då dei kom heim, så det vart relativt tidleg middag.
Så var det kaffi etterpå, som erstatning for middagsluren.
Eg hadde ei lita arbeidsøkt med kakepynting og tilhøyrande oppvask, og no er det snart tid for tømming av oppvaskmaskina. "En husmor har aldri fri", som bestemor Hilda sa.
I dag har Wenche fødselsdag, men ho jobbar med ein tredagars-eksamen så det blir vel ikkje mykje feiring, men neste laurdag har Vebjørn bursdag og to veker deretter er det Eivind som fyller år. Reknar med det blir ei fellesfeiring?
Vi vil i alle fall gratulere Wenche med dagen i dag! Men det blir berre digitale blomster.

fredag, april 24, 2015

Dagbok 2015: 24. april


Klokka er 20.00, og temperaturen ute er + 6 grader. No er ikkje vêret så verst, men då vi stod opp i dag låg alle marker kvite. Skal tru om det er erlerida no?
I dag før middag laga eg eit par kaker før eg vaska til helga. Så vart det ein liten pause før vi begynte på middagen. Anne Marie kom i 16-tida og då vart det middagsmat og kaffi.
No er Ole Ivars 50 år på TV, så eg trur eg går inn på datarommet til dei er ferdige å feire. Berre synd at datamaskina der inne har slått seg vrang. (Eg er litt allergisk mot lyd sidan tinnitusen har plaga meg meir enn vanleg siste tida.)
Men "Nytt på nytt" må eg få med meg.
Har ikkje så mykje å berette i dag, men eg kan i alle fall ønske alle ei god helg!

torsdag, april 23, 2015

Dagbok 2015: 23.april.

Klokka er snart 19.00. Temperaturen er + 5 grader C og det har vekselvis regna, sludda og hagla i heile dag.
I grunnen var det heilt greitt med slikt vêr sidan eg hadde mykje å styre med inne. Først rydda eg, for eg kan ikkje sette meg til med anna arbeid når det flyt rundt meg. Så sette eg meg til for å skrive referat, det gjekk ganske fort og lett når eg først kom i gang.
Neste post på programmet var støvsuging, men vaskinga utsette eg til i morgon sidan eg skal bake litt først.
Etter at vi hadde ete litt tok vi ein tur til Vik og handla diverse saker og ting. Matvarer handla vi på Kiwi i dag. Og så vart det tid for ein liten pause på sofaen med lydbok.
I dag fyller svigerinna mi på Eid 70 år. Eg har kjent henne sidan ho var 18-19 år, så det tek til å bli ei stund. Eg har ingen søstrer, så Bodil er det nærmaste eg kjem å ha ei. Skulle gjerne vore der på den store dagen, men tida strakk ikkje til. Vi tek det att ein annan gong ! Der er sikkert mange gjestar sidan barn og barnebarn ikkje er langt unna, dvs.ikkje alle dei eldste barnebarna bur på Eid lenger.
GRATULERER MED 70-ÅRSDAGEN, BODIL !

onsdag, april 22, 2015

Bok nr. 34 - 2015: To sekunder før miraklet


To sekunder før miraklet av Agnès Ledig (Lydbok-CD)
Det er lenge siden Julie sluttet å tro på eventyr. Som kassadame og alenemor for treåringen Ludovic - hennes eneste solstråle - har hun et utfordrende liv. Men så tar skjebnen henne i hånden. Den godt voksne, generøse Paul blir så beveget av Julies vanskelige situasjon at han inviterer henne på sommerferie ved sjøen i Bretagne. Sammen med Pauls sønn Jérôme, som prøver å komme til hektene igjen etter en personlig tragedie, forsøker de å finne en vei videre i livet.
Da lykken endelig ser ut til å snu for Julie, rammes Ludovic av en forferdelig ulykke....
......................................................
"Franske bøker er ikkje som andre bøker"- brukar eg å seie, og det held eg fast ved. Såg ei veldig positiv omtale av denne boka på ein nettstad, og etter at eg hadde begynt å lese den, trudde eg forfattaren var den nye Anna Gavalda, for denne boka minte mykje om "Saman er ein mindre åleine". Og det er faktisk ei fin og rørande historie vi får servert her-i alle fall stykkevis.
Men SPRÅKET....hallooooo eg er eit vakse menneske og ikkje fem år! Her er det det som eg ville kalla babyspråk for vaksne. Og somme gonger er det som om forfattaren har site på FB og plukka opp alle visdomsorda som finst der. Språkbilda, metaforane og heile fortellestilen gjer meg direkte kvalm-og eg har himla med augene for meg sjølv under lesinga. Så innimellom kjem her for meg ukjende framandord og kunnskap om stjernehimmelen og andre vitskapar. På nettet kan eg lese at forfattaren er jordmor. Det er kanskje derfor ho tek med ei klok jordmor på slutten av boka. Det beste eg kan seie om boka er at alle hovudpersonane er snille og gode mot kvarandre. Og det er jo bra.


Dagbok 2015: 22.april

Klokka har passert 21.00, temperaturen ute er +8 grader og det blæs og styrtregnar. Har knapt sett på maken til vårvêr, best som vi trur det er sol og sommar, så pøser det ned.
Ja, ikkje at det kom uventa på meg. Eg sa det med det same eg stod opp i dag: No kjem det til å kome mykje nedbør. Kjenner det på gikta så snart det er regn i vente. Men det har gått bra, trass alt.
I dag starta vi heimafrå ca 11.30, ned på Bakkola for å hente songbøker etc, på Kulturhuset og dekka bord m.m., på Amfi og handla litt, heim og åt litt, slappa av litt, før det var tid å stille som billettørar på Kulturhuset. Møtet gikk greitt, og så var det heim att, men først inn på Bakkola for å legge tilbake songbøkene.
Vi fekk ein telefon med det samme vi kom heim, så vi måtte ein tur ut på Berkneset, så vi er nyss komne heim att. Dette er det vi pensjonistar vil kalle ein aktiv dag; men eg hadde i grunnen ikkje rekna med å få gjort stort anna i dag. Referatskriving får vente til i morgon, for no må eg slappe av. Det at eg har tinnitus gjer at eg blir litt susete og sliten i hovudet når eg er i lag med mykje folk. Men det er ikkje så farlig. Nils vikarierer for kasseraren i pensjonistlaget, så han har talt pengar.

tirsdag, april 21, 2015

Dagbok 2015: 21.april

Utsikt mot Melshornet og Melsbygda ca klokka 21.

Klokka er 19.00. Temperaturen er 10,5 grader C.Det er overskya, men opplett. Før middag var det fotsid skodde, sola var framme berre nokre minutt. Glad eg var ute i sola i går ettermiddag.
I dag har eg ikkje hatt nokon fast struktur på "arbeidet", men har fått gjort litt av kvart. Mellom anna har eg vaska stuevindua og spyla altanen, det er tredje gongen etter jul, men no kjem det regnvêr igjen, så det er sikkert heilt bortkasta arbeid. Men så tek ikkje heile operasjonen stort meir enn 10 minutt.
Til middag i dag steikte eg småsei av fangsten på sundag. Etter "pausen" var vi ute og prata litt med naboar, det blir meir sosialt i gata no når hagearbeidet tek til.
I morgon er det møte i pensjonistlaget, og då går det meste av dagen med.
Vi må møte opp ekstra tidleg; vi skal ta billettar sidan kasseraren reiser til Holland for å sjå på tulipanane.Derfor må vi ta oss av åresalet også, så vi har nok å styre med. Nils tek seg stort sett av pengane, sidan eg skal skrive referat i tillegg til alt anna. Men eg likar å ha noko å styre med, dei eldste pensjonistane skal sleppe oppgåver.
No har eg stroke kleda eg vaska i går, likar å stryke med lydbok på øyret, men den boka eg les no er latterleg dårleg-snakk om rosa, snakk om språk! Gler meg til å slakte den på digitale media.

mandag, april 20, 2015

Dagbok 2015: 20.april

Klokka er 19.15, temperaturen er + 11 grader ute, og her i Ørsta har vi hatt fin sol heile dagen.
I slikt vêr kan ein ikkje late vere å lufte sengetøy, bytte på senger og vaske soverommet og litt til.Klesvask og utetørk er også heilt perfekt. Nils hadde litt ærend hit og dit, og til slutt vart det ein snartur til Hareid, og då vart eg med. I Ulsteivik låg det tjukk og grå skodde og det var ikkje skoddefritt på Hareid heller.
Eg hadde ein liten baktanke då eg vart med utover, eg ville innom Christiania glasmagasin og sjå om eg fann små kakefat. Der var alt halv pris, som vanleg. Fat fann eg ikkje, men store glas med sennep og tomatsalsa. I det vi var på veg ut, såg eg at dei hadde "Bake-it-easy" til halv pris også, så då kjøpte eg det. Der er all inclusive, så då vart fatbehovet dekka også.
Eg var innom bokhandelen her i Ørsta og leverte tilbake kortet med "nynorsk" tekst, og fekk eitt med så minimal tekst at det var uråd å få inn ein feil. Ho som ekspederte meg, kjenner eg frå Velle skule, og der var ingen sure miner.
Då vi kom heim laga Nils middag mens eg strekte på sengetøyet. Vi vart enige om å ha middagspølser i dag, sidan vi hadde så godt tilbehør. Både sennepen og salsaen smakte perfekt.
Etter middag sola eg meg på altanen med lydboka mi. Har lese to plater til no, og  boka er framleis veldig ROSA, men det skal visst skje noko fryktelig dramatisk og trist, i følge teksten på baksida av boka, og det gruar eg meg til.
Nils har funne ein fotballkamp, så eg skriv fort for å komme meg herifrå, "fotballyden" er nesten den verste lyd eg veit.


søndag, april 19, 2015

Dagbok 2015: 19.april

Klokka er no ca 19.40. Temperaturen er + 11, 5 grader C og sola skin. Det har ho gjort i heile dag.
Då eg vakna i dag tidleg, var Nils vekk, og eg forstod at han var ute og fiska. Han har litt fiske-abstinenens fordi det har vore så dårleg vêr siste halvåret, minst.
Eg fann ut at eg kunne gjere litt til nytte eg også, så eg sette ein brøddeig.
Nils fekk nokre fine seiar, som han har filetert og skal gi Bodil på 70-årsdagen. Det var ikkje så stor fangst i dag, men vi har nok fisk sjølve.
Vi åt tidleg middag i dag, sidan vi hadde ein god porsjon ballj som vi tok opp frå frysaren i går. Er det noko som sit lenge i magen, så er det slik mat, eg er relativt mett enno.
Etter middag har eg vore ekstremt lat. Eg har lege ute på solsenga og høyrt lydbok, av og til somnar eg, andre tider dett eg berre ut. Mens eg las siste plata, strikka eg ferdig ein lest, då sat eg inne på datarommet.
Eg synest ikkje ein skal ha dårleg samvit for å nyte sola, vi har ikkje hatt SÅ mykje sol denne vinteren og våren. ( Men eg viller heller ha gått tur-om eg hadde kunna.)

Bok nr.33 2015: Silkeormen




Silkeormen av Robert Galbraith (Lydbok MP3-CD)

Da forfatteren Owen Quine forsvinner, kontakter hans kone privatdetektiv Cormoran Strike. Først tror hun bare at han stukket av for seg selv noen dager, det er ikke første gang det skjer. Hun ønsker at Strike skal finne ham og få ham hjem. Men da Strike undersøker saken, blir det klart at det ligger mer bak Quines forsvinning enn kona har trodd. Romanforfatteren har nettopp fullført et manuskript med giftige portretter av nesten alle han kjenner. Hvis boken hadde blitt utgitt kunne liv blitt ødelagt - så det finnes mange mennesker som kan ha ønsket å kneble forfatteren.
Da Quine blir funnet brutalt myrdet under bisarre omstendigheter, blir det et kappløp mot tiden for å forstå motivasjonen til en hensynsløs drapsmann, en morder ulikt alt Strike har møtt tidligere ...

En utrolig medrivende kriminalroman med brå vendinger rundt hvert hjørne. Silkeormen er den andre boken i den kritikerroste serien med Cormoran Strike og hans målbevisste unge assistent, Robin Ellacott.

...............................................................
Denne boka er på 12 CD-plater, så det tok si tid å lese den. Det er den andre krimboka til forfattaren, den første "Når gjøken galer" har eg også lese. Dei fleste interesserte veit vel at forfatternamnet er eit psevdonym for forfattaren av Harry Potter-bøkene.
Ikkje alle bøker høver like godt for lydbok, og dette er ei av dei som eg har hatt problem med, ikkje at handlinga er vanskeleg å få med seg, men det er alle namna/personane som gir meg problem. Dessutan les opplesaren hakket for fort for meg, og uttalar ikkje namna så tydelig at EG får med meg alle.
Eg likte ikkje boka så godt, men alt "går opp" til slutt- og forklaringa er relativt sannsynleg, det skal ho ha.
Men dei to etterforskarane likar eg, så dei kan eg godt treffe att.



lørdag, april 18, 2015

Dagbok 2015: 18.april

Klokka er ca19.40, temperaturen + 8,5 grader - det er overskya og grått. Igjen!
Eg hadde gledd meg på enda ein solskinnsdag, men slik vart det ikkje. Regna har det også gjort, og no ligg skodda sid etter fjellsidene. Litt av ein kontrast til vêret i fjor.
I dag kom varmepumpemannen frå Eid og reparerte og reinsa  varmepumpa vår. Han heldt på i fleire timar. Eg nytta tida til vasking og rydding i kjellaren. Det er eit sisyfosarbeid, men vi kjem vel i mål ein gong.
Det leid langt ut på føremiddagen før vi kunne fare til Vik. Sok vanleg hadde vi ærend både på bibliotek og apotek. Og så måtte vi ha litt mat også. Vi møter dessutan mykje folk vi kjenner og som vi pratar med.
Det vart sein middag, det blei spekemat i dag, så no blir det vel ein "drikkfeldig aften".
Elles har eg rippa dei to bøkene eg lånte, og lagt dei inn på minnepenn til Solveig, alt mens eg strikkar og høyrer lydbok. Multitasking for alle pengane.
Håper vi kan få litt sol i morgon, så vi kjem oss ut i frisk luft.

fredag, april 17, 2015

Dagbok 2015: 17.april

I dag bar vi ut Gullbuska, den er snart tre år gammal. Om vinteren står den i vaskekjellaren.

Her manglar det noko.

I år er det meir scilla i plenen nedanfor huset enn nokon gong før.

Dei første tulipanane i år. Dette er ein tidleg sort.

No er klokka snart 19.00. Vi har nyss ete middag, så no gjeld det å halde seg vaken. Ute skin sola frå nesten klår himmel, og temperaturen er + 10 grader C . Tidlegare i dag var det + 13 grader, og så er det heilt stilt både på sjø og land.
Nils var til Volda for tredje gong i dag og fekk endeleg 1/2 -årssprøyta si. Mens han var vekke fekk eg vaska bad og kjøkken. Så rydda vi litt i kjellaren, før vi tok oss litt mat. Etter ein liten pause rydda vi litt til, og prata med naboar. Det er berre i finevêr vi treffer folk ute.
Til middag i dag vart det steikt sei, det var sjølvsagt godt, men fisken er best før den har vore frosen.
I morgon ventar vi ein mann frå Eid som skal sjå på varmepumpa vår. Han skal til Ålesund og tek denne jobben "på veg" dit. Nils meiner at varmepumpa ikkje yter det ho skal, og vil ha ein fagmann til å sjå på den.
Ønsker alle ei fin helg, med fint vêr!

torsdag, april 16, 2015

Dagbok 2015: 16.april

Klokka er ca 17.30, temperaturen er + 5 grader C. Det skiftar mellom regn-og snøbyger. Det positive er at snøen ikkje blir liggande.
I dag reiste Nils til Volda for andre gong for å få tatt sprøyta, men det blei ny bomtur. I dag var det ingen som KUNNE sette sprøyta, så han skal bort att i morgon når Elin er der.
Eg støvsuga teppegolva ganske grundig mens han var vekke, tørka støv og rydda opp.
Så fann eg ut at eg hadde to oppgåver å løyse i løpet av veka. Eg måtte finne ei sid jakke til meg sjølv, og så mangla eg avlange kakefat, sidan det eg hadde er øydelagt. Vi reiste først til Volda der eg fann akkurat ei slik jakke som eg hadde tenkt på - heilt utruleg, visste ikkkje at den fanst andre stader enn i min fantasi. Vi har sjekka nesten heile Ørsta etter kakefat før, hadde berre ein butikk igjen, dei hadde heller ikkje.
Eg var heilt sikker på at eg hadde sett slike fat i nær fortid, og hadde ein ide om at det var på PEKAS. (Den butikken ligg på veg til Fosnavåg, akkurat der vegen tek av til Måløy). Skitt au, vi tok turen, fann butikken og DER var fata. Eg kjøpte to for sikkerheits skuld. Og kva anna fann eg? Jau, HYLLEPAPIR -noko som eg ikkje har sett på mange år, og som eg saknar så inderleg. Dei hadde berre prikkete, raudt, kvitt og blått i diverse variantar, men det heldt.
Ved sidan av Pekas er der ein stor, fin Kiwibutikk som vi plar handle på når vi er der ute. I dag hadde vi ikkje tatt verken brød eller middagsmat opp frå frysaren, så eg fall for freistinga å kjøpe inn til Taco. Dermed var det fort gjort å lage eit herlig måltid då vi kom heim. Og så fann eg lydboka mi, og sofaen. No drikk vi kaffi, og så får vi sjå om vi får utretta noko meir fornuftig i dag. Eg tvilar.

onsdag, april 15, 2015

Dagbok 2015: 15.april


Klokka har passert halv seks, temperaturen er + 4 grader C og det pøsregnar. Ja, no må det vel snart vere tomt oppi himmelen.
Vi har nyss ete middag, og no sit eg med kaffikoppen i håp om å halde meg vaken ei stund utover. Til middag i dag var det fiskekaker frå frysare. Nils kokte poteter og varma fiskekakene på panna mens eg betalte medlemskapet hans i SV på nettbanken. Så det gjekk liksom opp i opp.
I dag var eg heilt invalidisert då eg stod opp, men kom meg litt då eg kom i bevegelse, så det var nok mest gikt. Maken til giktvêr skal ein leite lenge etter !
Nils skulle til Volda og ta ei sprøyte i dag, men eg bestemte meg for å vere heime. Eg tok ned "vintergardinene" og hengde opp sommargardiner, det er seks lengder, så det tek ei stund å ta av og på klypene som dei heng etter. Det var kjekt å få litt forandring i stova. I tillegg rydda eg bort ein del plantar frå vinduskarmane-dei skal plantast ut.
Nils kom att etter bomtur til Volda. Då dei skulle sette sprøyta, braut dei av sprøytespissen. Så måtte dei bestille ny sprøyte frå apoteket, og han må bort att i morgon.Kanskje eg blir med då.
Klokka 13.00-14.30 var vi på styremøte i pensjonistlaget. Då vi kom heim, skreiv eg referat frå møtet og i tillegg eit lite avisinnlegg. Alt tek si tid.
Det vart altså ikkje så mykje gjort her heime i dag heller.
For barnebarnet Eirik er dagen i dag ein stor dag. Ikkje berre fyller han 18 år og er ein myndig mann. Han køyrde også opp og fekk sertifikat. Dobbel grunn til å feire altså.
Eirik er ein veldig kjekk gut. Han er blitt gratulert mange gonger på FB, men eg må no skrive det her også:
Gratulerer med dagen, Eirik.

tirsdag, april 14, 2015

Bok nr. 32 - 2015: Blod på snø




Blod på snø

Etter ti Harry Hole-bøker, «Hodejegerne» og «Sønnen», har Jo Nesbø skapt et helt nytt romanunivers. Hovedpersonen i Jo Nesbøs nye thriller «Blod på snø» er Olav Johansen, en dyslektisk leiemorder som har det med å forelske seg.
Vi er i Oslo, desember 1975, den kaldeste vinteren i manns minne. Samtidig som Olav sliter med å få ferdig et langt kjærlighetsbrev, jobber han som leiemorder for Daniel Hoffmann, som kontrollerer hovedstadens heroinmarked. Hoffmanns bande blir utfordret av Fiskeren; en narkoselger som bruker butikken sin på Youngstorget som dekkoperasjon. Hoffmann kjenner seg truet fra alle kanter og lover Olav femdobbelt honorar og evig juleferie for et siste oppdrag: Han skal ekspedere kona, den vakre og forføreriske Corina.
...................................................................
Eg sit her litt som eit spørsmålsteikn etter å ha lese ferdig denne vesle boka på 3 CD-plater. Er dette veldig bra? Eller er det heilt hinsides.
Jo Nesbø er ikkje min favoritt, men eg har lese mange av bøkene hans, og dei fleste er bra. Harry Hole-bøkene hans er vel dei han har hatt størst success med.
Og så kjem altså denne miniboka. Er han lei av å skrive? Er dette eit hastverksarbeid? Er det ein slags fleip? Ja, spørsmåla er mange. Eg ser at han blir belønna med terningkast 5 somme stader, og kanskje fortener han det. Boka er i alle fall velskriven, det skal han ha. Men eg forstår liksom ikkje opplegget.



Dagbok 2015: 14.april

Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 7 grader; det er overskya og regn. No er det litt lettare enn det var på føremiddagen.
I dag laga eg to gulrotkaker før middag. Lagar som regel to om gongen, det går liksom for det samme. Då eg var ferdig å rydde opp kjøkkenet, var det på tide å shine seg opp sjølv.
Vi kom til kyrkja i god tid før klokka 13.00, men der var allereie stappfullt, så vi gjekk opp på galleriet. Der var det også mykje folk, men vi fekk plass rett framfor orgelpipene.På venstre sida hadde vi Ørsta kyrkjekor, så i dag var det ikkje mange som høyrde at eg song. Og takk for det.Vi såg relativt bra, og eg trur neppe eg nokon gong har sett så mange kransar og blomster i ei gravferd.
Det var pensjonert vikarprest Matias som forretta, og Marie, dottera hans som var organist.
Leif Langdal var i mange, mange år organist i Ørsta kyrkje, og kona hans har vore klokkar. Leif har sunge i fem ulike kor, og har hatt mange solistoppgåver. Hans lyse tenorstemme var etterspurd-ikkje ofte ein høyrer ei slik stemme som den han hadde. I tillegg til musikken har han også vore lærar, først på Ørsta ungdomsskule, så på vaksenopplæringa. Dette er dei jobbane han har hatt sidan han kom til Ørsta.
Familien Langdal bur i same gata som vi, men lenger ute. Det var som naboar vi møtte opp. Vi hadde tenkt å gå heim etter at det var slutt i kyrkja, men sidan han fekk grava si på den gamle kyrkjegarden, vart vi med dit. Akkurat med det same vi kom ut, kom ei voldsom regnbyge, så det var så vidt vi høyrde presten. Det var nok litt underleg for Matias å gravlegge ein mann han har jobba i lag med i så mange år.
Alle vart invitert til minnestund på bedehuset, men der var veldig mykje folk som var "nærmare" enn vi, så vi reiste heim.
Eg var dessutan heilt ferdig i ryggen og sitteknuten, veit ikkje om det er fordi det er giktvêr eller fordi eg var så syndig at eg strikka eit halvt lestebrot i går. Strikking er noko av det eg må unngå.
Vi fann oss litt spekemat til middag. Så ordna eg med litt klesvask og tømde oppvaskmaskina etc. før eg fann sofaen.
Det vert ikkje så mykje med meg kvar dag, men no skal eg i alle fall ta å stryke litt klede. Klesvasken eg hengde ut i går ser ikkje ut til å tørke med det første.
I morgon skal Nils til Volda og ta ei sprøyte. Eg blir kanskje med for ev. å shoppe litt.Men vi må vere heime att til klokka 13.00, då er det møte på biblioteket.

mandag, april 13, 2015

Dagbok 2015: 13.april

Klokka er no 17.15. Temperaturen ute er + 6 grader C, og sola held på å kome fram. Viss de trur bildet over er gammalt, så tek de feil, det er frå i dag tidleg. Vi vakna nemleg til kvite marker og full vinter i dag igjen. Veit ikkje kva for ei "rid" vi er komne til, men det er neppe "erlerida".
Vi bestemte oss for å halde oss i ro til snøen var smelta, sidan vi har sommardekk på bilen. Det vart liksom ikkje gjort så mykje før middag, men så var ikkje føremiddagen så lang heller. Vi åt salta lange, og då var ikkje klokka meir enn 13. Etter ein liten pause og ein kopp kaffi, tok vi ein tur til Vik; vi hadde ærend både på biblio og på Amfi og diverse anna.
Elles har eg gjort litt "kontorarbeid" i dag, dvs.sendt meldingar i aust og vest og vore innom Nettbanken. Det har vore ein svært laber dag, men har no vaska og hengt ut ei maskin med klede, og fleire skal det bli. No er det så fint at eg kunne ha lagt meg på solsenga, men der er det ei madrass av snø!
I morgon skal vi til kykje, det er ein nabo som skal begravast. Han var yngre enn eg.
Onsdag er det styremøte i pensjonistlaget, og så må eg skrive referat og avisinnlegg etterpå. Onsdag i neste veke er det pensjonistmøte, med alt som det fører med seg. Så no blir det ei hektisk tid framover.Alt er relativt. Men ein er ikkje unge lenger, og har ikkje den same kapasiteten som før. Slik er det berre.

Sjekk dei stakkars scillaene som stod så fint og blomstra før snøen kom.

søndag, april 12, 2015

Bok nr.31 - 2015: Huset ved moskeen.


Huset ved moskeen


I åtte hundre år har moskeens åndelige leder kommet fra familien til teppehandleren Aqa Djan. Huset hans ligger ved moskeen og rommer hele familien med alle dens medlemmer. Her er historier om kjærlighet og svik, om kvinner med slør, bomber, penger og forbud. Romanen rommer Irans dramatiske historie, historien om den islamske tradisjonen og om det moderne Iran, historien om fundamentalisme og oppbrudd fra fundamentalisme.
Omtale fra forlaget
En ny, ytterst aktuell og innsiktsgivende roman av den iranskfødte forfatteren bak Spikerskrift. I åtte hundre år, generasjon etter generasjon, har Aqa Djans familie hatt en sentral posisjon i den iranske byen Senedjan. Like lenge har moskeens åndelige leder kommet fra deres familie. Imamen As-saberi er en viktig mann, men hans fetter Aqa Djan er like viktig: Som teppehandler eier han basarens eldste forretningslokale og har hundre mann ansatt. Basaren er byens viktigste økonomiske knutepunkt, og Aqa Djan er både leder for moskeen og basaren. I tillegg skriver han ned det som skjer i familien og i samfunnet rundt. Den enorme familien til Aqa Djan bor i huset ved moskeen, et hus med 35 rom, en bikube full av bestemødre, barn, kjøpmenn og halvguder. Og historiene flommer inn og ut av huset, historier om kjærlighet og svik, om kvinner med slør og kvinner med nylonstrømper, om penger og forbudte fjernssynssendinger, om bomber og skudd. Dette heseblesende familieeposet rommer Irans dramatiske historie, historien om den islamske tradisjonen og om det moderne Iran, om fundamentalisme og oppbrudd fra fundamentalismen. Her er dikt, legender og overtro, alt formidlet på en personlig, klok og ikke-fordømmende måte. En roman om "hverdags-islam" og om hva det vil si å leve med Koranen som ledesnor.
......................................................
No har eg lese denne boka for andre gong. Følte at eg ikkje fekk med meg alt første gongen. Boka er på ingen måte tung eller vanskeleg, men eg slit litt med å halde orden på alle personane sidan namna deira er så framande for meg.
Eg synest boka er interessant - den gir oss eit godt innblikk i det som skjedde i Iran då shaen vart avsett og Khomeini fekk makta. Og om korleis det var før.Eg synest eg lærte ein god del både om religion, historie og politikk. Boka er anbefalt!


Dagbok 2015: 10.-12.april


Utsikt frå hotellet fredag kveld.

Jubilanten og brørne hennar.

Jubilanten og tantejentene

Yngste oldebarnet og mora.
Nokre av gjestane ved gåvebordet.

Klokka er 18.15; temperaturen ute er + 5 grader, det er overskya, regnbyger og ganske surt. Vi er nyss heimkomne frå tur, har fått opp varmen i stova og ete eit måltid mat.
Eg hadde med nettbrettet til Solund, men det vart ikkje til at eg skreiv blogg mens eg var der.
I dag reiste vi frå Hardbakke klokka 10.30, etter at vi hadde ete frokost, pakka og rydda romma våre. Vi hadde god tid til ferja som gjekk frå Krakhella 11.30. Leon, Kari og Robert var med samme ferja, men dei køyrde av i Rutledalen, sidan dei skulle til Bergen.Vi måtte vere med til Rysjedalsvika.
Vi køyrde så beine vegen til Lote, nesten utan stopp. Og Loteferja var klar 5 minutt etterpå, og så rakk vi Folkestadferja ein time seinare. Radigare kan det ikkje gå. Eg stemmer for at denne vegen blir E 39.Ingen problem med ferjer -berre dei går. Elektriske ferjer er fint, særleg på korte strekningar. Eg har no lært at dei store ferjene mellom Lavik og Oppedal brukar for 150 kr i straum over fjorden. Men det er ei anna sak.
Litt meir om turen:
Fredag klokka 14.00 reiste vi frå Volda. Vi var framme i Rysjedalsvika i 18-tida, så vi hadde god tid å ete nistemat før ferja kom- den gjekk klokka 19. Det tok ein time over til Krakhella sidan vi var innom både Rutledalen og Losna. Så var det 2-3 mil å køyre til Hardbakke, der vi hadde bestilt rom på hotellet som tidlegare var pensjonat for framhaldskuleelevar. Hotellet var fint oppussa sidan sist vi var der, romma var fine, med gode senger og fine møblar. Sidan dette hotellet blir drive etter "rorbuprinsippet"-serverer dei ikkje frokost. Men vi hadde kjøkkenkrok med kokeplater, mikrobølgeomn, kjøleskap og vask. Og mat hadde vi med oss. Det vart til at vi åt på Nils og mitt rom, så slapp jentene å rote til sitt .
Laurdag før middag, var Nils av stad og fann kjentfolk å prate med. Sjølve den spreke 80-åringen som  vi var komne for å feire, kom oppom hotellet så  vi fekk treffe henne før "festen".
Selskapet begynte klokka 14.00. Vi fekk god middag med kaffi og kaker ei stund etterpå. Det var veldig kjekt å treffe att slekta, det var ganske lenge sidan vi har sett dei fleste av dei. Anne Marie hadde invitert brørne sine med koner, alle tre barna med ektemakar; nesten alle barnebarna kom  og dessutan sju av dei åtte oldebarna. Den yngste gjesten var berre 3 veker gammal og heilt nydelig.Solveig og Margrete var dei einaste av tantebarna som var der, dei andre bur stort sett nærmare.
Etter at selskapet formelt var slutt var nokre av oss opp til Tone, der vi fekk enda eit måltid i form av gryterett med brød og salat, så vi gjekk ikkje svoltne til sengs.
No vil eg takke alle for ei triveleg feiring.
Og så vil vi gratulere Anne Marie med 80- årsdagen, som eigentleg er i dag. Ho vart fødd på samme dato som mor si, så dei har feira mange dagar i lag.
Desse bilda tok eg frå området rundt hotellet ved avreise i dag. Då var vêret fint, men det varte ikkje lenge:





NB: Vil berre presisere at Nils ikkje er frå Hardbakke, men frå ei øy lenger ute. Skal vi ut dit må vi ta enda ei ferje. Det vart ikkje denne gongen.

torsdag, april 09, 2015

Dagbok 2015: 9.april

Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 7 grader C og det er overskya med litt regn. Litt lettare no enn før middag.
I går, i finevêret, hadde eg litt energi; i dag er det mindre av det sorten.
Hovudsaka i dag var å handle diverse ting i Vik, stikke innom biblio etc.
Vi fekk tak i alt vi skulle ha, men lydbøker var det smått med. Kom att med den vesle boka til Jo Nesbø på 3 CD-plater. Har pakka den i lag med ein Walkman i tilfelle i- Poden går tom for straum.
No har eg pakka så mykje klede og anna som eg ev. kan få bruk for, eller rettare sagt: alt for mykje, men ikkje heile garderoben, slik eg plar gjere.
Vi skal reise med 14-ferja frå Volda i morgon, sidan "jentene" skal på jobb først. Det blir kanskje litt stress for å nå ferja i Rysjedalsvika.
Det er så sjeldan vi er ute og reiser no, at vi er heilt ute av trening. Eg tek med nettbrettet sidan dei reklamerte med gratis Wi-Fi tilgang på hotellet. No driv eg og laddar opp heile maskinparken av mobilar, brett etc. etc.Fotoapparatet tok eg i går. 
Hugsar i gamle dagar då vi reiste på campingtur med telt og tre ungar i ein liten bil. Ei heil oppakning på taket innepakka i grøn plast. Det var ei anna tid! Men det hadde sin sjarm. Den første mobilen kjøpte vi det året vi køyrde til Nordkapp, hugsar ikkje årstalet.

onsdag, april 08, 2015

Dagbok 2015: 8.april.

Klokka er snart halv sju. Temperaturen ca + 10 grader ute. Det har vore ein fin dag med sol frå lettskya himmel, men med ein litt kald nordavind.
Nils har styrt med ved i heile dag, så no har han fått kløyvt og rydda bort alt. Eg har styrt med mitt -inne, men tok meg ein pause på solsenga med lydboka etter at vi hadde ete middag.(Salta lange.)
Eg har lagt opp den nye buksa mi, farga håret etc. No har eg vaska og rydda kjøkken og bad. Likar ikkje å reise frå rotehus, sjølv om det berre er for eit par dagar.
Er ikkje heilt i form etter bilturen i går, det er problem å sitte så lenge, så eg er spent på korleis det går når vi skal reise heilt til Solund. Eg får ta med rikeleg med smertestillande.
I morgon må eg ein tur til Vik og proviantere-dvs. kjøpe diverse som vi skal ha med på turen. Det blir ikkje tid til å stoppe verken her eller der viss vi skal rekke ferja på Rysjedalsvika.
Det poppar stadig opp nye blomster i hagen, i dag såg eg at scillaen blomstra på plenen. Og heldigvis fekk Nils vekk veden før heile den plenen er dekt av russeblåstjerner.(Scilla sibirica).

tirsdag, april 07, 2015

Dagbok 2015: 7.april



Klokka er18.15. Temperaturen ute er + 8  grader C og det regnar.Regn og grått har det vore heile dagen, noko som gjer meg både trøtt og lat. I dag hadde eg tenkt meg til Stryn og kjøpe meg ei bukse, men så var eg innkalt til eit møte...Eg fekk ei anna til å møte i staden, sidan det var eit slikt ulagleg tidspunkt, nemleg frå kl.13-14.
Men først måtte eg på legesenteret for å spyle øyrene, og der var det kjempelang kø. Slapp no til etter ei stund og vart brundig spylt, så no er hørselen så bra som den kan bli utan høyreapparat. Var innom butikken X-tra lekker og fann meg ei bukse og ein topp som eg var rimeleg nøgd med. Ikkje var det dyrt heller, det eg kjøpte.
På heimvegen kom eg på at eg hadde så lyst å sjå Erkegarden før Ørsta.entreprenøren skal gjenopplive den.Men då måtte vi ha mat! Det blei ein litt spesiell og flott hamburger på Raftevoll. 
Eg har sett bilda som Margrete har frå Erkegarden, men hadde sett for meg at huset låg åleine på "stormfulle høyder".  Tilfeldigvis fekk eg auge på det, bak eit vanleg husbankhus. Eg tok bilde frå alle kantar, og tenkte som eg har gjort før, at dette huset skulle vore brukt i ein skrekkfilm før det vart restaurert, for det er verkeleg litt av eit syn. Lurer på kva han har tenkt han som bygde det. Han må ha hatt vyer litt ut om det vanlege. Sjekk vindua og dei spisse takvinklane i stil med fjellet bak.

Vi stoppa på nærbutikken på heimvegen og kjøpte litt småtteri. Så vart det kaffi pluss kvilepause.

mandag, april 06, 2015

Dagbok 2015: 6.april

Klokka er16.40. Temperaturen er + 10 grader og det er overskya, men elles ganske fint. Den største gleda hittil i dag, var å vakne med (for meg) normal hørsel. Det har vore veldig trasig å gå rundt og høyre lite og ingenting, særlig når eg skulle sjå/høre TV eller lese lydbok.
I dag hadde vi ingen ting på programmet, og mat hadde vi att frå i går, så vi tok ein biltur. Kunne sjølvsagt ha mosjonert litt, men eg vil ikkje risikere å bli dårlig før helga.
Vi køyrde berre ein tur rundt Berkneset og tok litt bilde her og der. Første stopp var Sørheim der vi såg ein stor flokk villsauer; dei er så fine ! Eg får alltid lyst å strikke når eg ser den fine ulla.

Vi stoppa i Alida, og tok bilde inn Dalsfjorden, og Voldafjorden, den siste i motlys. I Alida kjem våren alltid tidleg, vi såg ei bjørk som hadde begynt å få blad. Synd at denne stranda er så ugjestmild med stygge steinurder, for her er nydelig utsikt.Vi sår ei lita bjørk som hadde fått små grøne blad. Det er vår!


På heimturen stoppa vi bak gamle Prix og gjekk eit lite stykke framover langs elva . Der er laga ein stig, mest for laksefiskarane si skuld. Vi såg ender og ein ein fossekall. På andre sida av elva har dei laga veldig fint til. Der står også "Eldhuset" som produserer varme til fleire store bygg i Ørsta. Dei fyrer med pellets frå Stryn. Eg vart litt skuffa då eg fekk vite det, trudde dei kunne fyrt med all unødig krattskog i Ørsta.


Ved sidan av stigen fann eg denne einslege kvitveisen, den første eg har sett i år.
Då vi var nesten nede att, tok eg dette bildet som viser at det har gått eit stort snøras i eine gjølet frå Nivane og ned. Der ute er det eit område som ikkje er bebygt med hus, nettopp på grunn av rasfaren.(Bilda blir dårlege på grunn av at eg må ta nokre omvegar for å få lagt dei inn. Om de klikkar på dei, blir dei betre.)

Ringde til ei veninne då vi kom heim,og prata ei god stund med henne, imens hadde Nils varma opp den etter kvart vidgjetne balljen, og så åt vi eit kjempemåltid. Men vi hadde så mykje att at vi har ein gong til, men den porsjonen gjekk i frysaren. To dagar med ballj held for ei stund.
Sette på ei maskin med klede som eg skal henge ut no. Det er snart slutt på helga, og eigentleg bryr vi oss ikkje så mykje med det her om nokon skulle vere så syndig å henge ut klede i helga-på sin eigen altan. Og i morgon er det arbeidsdag igjen for dei som ikkje er pensjonistar.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...