Viser innlegg med etiketten Vermelding 2011. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vermelding 2011. Vis alle innlegg

torsdag, februar 09, 2012

Vermelding 9.februar - 2012

Klokka er 15.15, temperaturen er +3 grader, det er overskya og grått, medskodde i fjella. Snøen smeltar på vegane og er ikkje lenger kvit og fin. For ei stund sidan kom det noko som likna snø ned frå himmelen, men det er borte no.
Nils møtte som vara i Eldrerådet i dag og var borte i to timar. Eg sette meg til å legge kabal på datamaskina mens eg las Knausgård. Visste ikkje ordet av det før Nils var heime att. At eg legg kabal mens eg les, hjelper meg å konsentrere meg. Eg nærmar meg no slutten på boka, og er tilbake i privatlivet til Karl Ove. Og skildringa grip meg på samme måten som dei andre bøkene har gjort.
Før middag dreiv eg og støvsuga -gjer det ekstra grundig somme gonger. t.d. i dag.
Eg er glad for at eg fikk vere ute såpass mykje i går, for i dag fristar det ikkje å gå tur. Eg skulle visst hatt ein hund.

mandag, januar 02, 2012

Vermelding 2. januar - 2012

Klokka har passert 14.00, det er overskya, opphaldsver og +4 grader C.
Så var vi tilbake til kvardagen, og det likar eg i grunnen best, særlig sidan vi kan halde fram med å ha "ferie" resten av året også.
Føremiddagen i dag gikk mykje med til telefonsamtalar og datainnlegg av ymse slag. Vi driv og skal seie opp andre avtalar for telefon, data og TV, sidan vi etter kvart går over til Tussa fiber. Det er eit heilt puslespel å få alt på plass. Er spent på korleis overgangen blir. Det flyt med skjema over alt i heimen. Til slutt måtte vi bort på Tussa-kontoret så Nils fekk snakke med dei ansikt til ansikt, etter å ha site i det uendelige i telefonen og høyrt på musikk. Eg nytta høvet til å stikke innom El-kjøp og sikre meg batteri til radioen i tilfelle lyset skulle gå igjen. Ja, og så kjøpte vi kaffi sjølvsagt - "Løfbergs lila".
Då var det i grunnen ikkje så langt igjen til Volda, så det blei ein tur dit. Eg synest alle genserane mine er for kalde, med unntak av ein lilla som eg kjøpte sist haust. Var innom Møre Konfeksjon for å sjå om dei hadde varme genserar på sal. Kjøpte faktisk ein til same sort som eg hadde, men i ein annan farge. For den første betalte eg 699kr for den andre 299kr. Ikkje lurt å kjøpe klede før jul.
Hadde tenkt meg innom Plantasjen; der var stengt på grunn av vareteljing, men vi var inn på Coop sidan vi første var der borte. Fann no såpass opp i korga at det var skamlaust.
Over alt der vi ferdast, ser vi tre som har brotna eller knekt. Rart det ikkje har gått verre når eg ser kor mange det er som har store tre nær husa sine. Naboen vår har ein nokså stor sypress som han vil ta bort, det er den de ser på bildet.
No skal vi ete middag, det blir restar frå nyttårsafta i dag.
Elles har eg gitt meg i kast med ei bok som eg trur kjem til å ta tid: "Gravlunden i Praha" - av Umberto Eco. Ikkje alle bøker passar like godt som lydbok, men eg har i alle fall kome gjennom dei to første platene av 12.

lørdag, desember 31, 2011

Vermelding 30.desember 2011

Klokka er 13.30, temperaturen ute er 0 grader C, og det er overskya opphaldsver. Sidan det er kvitt på markene, har ein kjensle av at det faktisk er vinter og nyttår.
Når ein  begynner å dra på åra, synest ein i grunnen at julene kjem for ofte, like eins nyttår og fødselsdagar. Ein får lyst å sette bremse på tida, så den ikkje skal gå så altfor fort. I barndommen og ungdommen var det heilt motsett, då var det ei æve frå helg til helg.
Dette har vore eit år utan dei HEILT store hendingar på det private plan, og det er i grunnen heilt greitt. Dersom ein ser på alt som har skjedd i landet, for ikkje snakke om verda, så er situasjonen ein annan. Vi er heldige som bur i eit fredelig hjørne av kloden, i alle fall så langt. Dei største krisene her i Ørsta på førejulsvinteren, var SMØR-krisa og STORMEN, den sistnemnde noko alvorligare enn den første.
Nils og eg skal feire nyttårsaftan for oss sjølve, og det har vi ingen ting imot.Vi er så sosiale som vi vil vere, og har ingen ting imot å kose oss med god mat og TV på nyårskvelden.
I år, som alle år, har eg fått ny dagbok som eg skriv i kvar kveld. Rasmus har tatt på seg ansvaret for å kjøpe den til meg. Der skriv eg om viktige og mindre viktige hendingar, og desse bøkene har hjelpt oss meir enn ein gong når vi ikkje hugsar verken tid eller stad når det gjeld diverse reiser, innkjøp etc. Hukommelsen er ikkje å lite på lenger. I tillegg kjem eg vel til å halde fram med blogginga, så då har eg back-up på det meste.
Eg har også hatt for vane og kåre årets bok. I år har eg ikkje tenkt så mykje på det, men trur kanskje at Gaute Heivoll si bok "Før jeg brenner ned" er den boka som har gjort sterkast inntrykk.
Så står det berre att og ønske alle ein fin nyttårskveld og alt godt i det nye året.

GODT  NYTT ÅR 2012!

fredag, desember 30, 2011

Vermelding 30.desember 2011

Klokka er15.10, veret er lettskya og fint. Temperaturen er minus 2 grader, så vi kan ikkje klage på noko.
Nils var relativt tidlig oppe i dag, for å styre med fisk etc. Og eg ville til Vik. Ikkje for å handle mat, men for å komme ut dørene og treffe litt folk. Det var ingen ting vi hadde behov for å handle, men på Amfi trefte vi mykje kjentfolk som vi prata med både vel og lenge.Vi trefte eit par som vi gjerne ville prate meir med, og avtalte møte på nye Føniks. Der var stappfullt, men vi fekk oss bord i lag med nokre andre som vi også kjende. Den nye kaffibaren var fin og koselig, men med ein akkustikk som var heilt forferdelig. Det var ikkje berre eg og tinnitusen  som reagerte på den. Der må dei nok til med eit eller anna støydempande.Utrulig mykje folk ute i dag, det har vel med det å gjere at mange er fri og har lyst ut og treffe folk.
Vi er invitert til naboane til kaffi i 18-tida, så dette blir ein særdeles sosial dag.
Skulle sikkert ha pussa stuevindua, dei ser ikkje ut. Men no er det litt for kaldt.
Då vi for nedover var trafikken omdirigert, der hadde vore kollisjon i Rå-krysset. Trur annankvar ørsting har vore ute for noko akkurat der, så det er heilt utrulig at ikkje noko blir gjort. Veit ikkje kor alvorlig det var, men såg i alle fall ambulansen.Der hadde visst vore helikopter også. Eg får sjekke Sumpen.

torsdag, desember 29, 2011

Vermelding 29.desember 2011

Bildet er tatt klokka 14.00.
Klokka er 15.00, temperaturen + 3-4 grader C. Det er overskya, skodde og regn. Vi har nettopp ete fersk sei til middag, med Tine smør setertype. Det smakte godt etter all kjøtmaten.Nils for på sjøen i dag før eg var vaken, og kom heim i 13-tida. Då hadde han fått nok fisk. Det skal sløyast og filiterast også, så det gjeld å ikkje fiske for mykje om gongen.
Sjølv blir eg veldig energisk og flink når eg er heime åleine. I dag har eg gjort grundig reint på kjøkken og bad, vaska og rydda kjøleskapet og støvsuga stova og gangane. Det var eit visst behov, for å seie det slik. Etterpå shina eg opp meg sjølv og vaska håret. Ikkje mindre behov for det, når sant skal seiast.
Som de ser på bildet har vi grøn jul, veldig ulikt slik som det var i fjor og året før der. No skal vi slappe av litt før det blir kaffi. Håper at alle etter kvart får att både straum, nett, TV og vatn.

onsdag, desember 28, 2011

Vermeldig 28.desember - 2011

Klokka er no 18.00. Ute er det mørkt, overskya og + 5 grader. Heilt ordinært ver med andre ord, og heilt vindfritt, trur eg. Har ikkje vore ute for ei dør i dag.
Før middag gjorde eg litt husarbeid; la i hop ein klesvask, strauk, rydda m.m.
Margrete og ungane har vore i Volda sidan i går f.m. sidan dei var utan både lys og vatn i Nautvika. Dessutan skulle Margrete og Ingeborg på "Rokken" og høyre på Lars og 80-talsbandet hans "Broad line". Eirik var for ung, men fekk vere med faren og rigge.
Akkurat i dei tide eg hadde begynt å lure på kva vi skulle ha til middag i dag, sende Margrete ei melding og spurde om dei kunne komme på besøk, sidan det ikkje var særlig fristande å fare heim til vasslaust og straumlaust hus.Dei vart sjølvsagt invitert til middag. Av overskotslageret mitt fann eg fram medisterpølser og sousisser, surkål m.m. Til forrett vart det broccolisuppe, noko som fall særlig godt i smak hos dei to yngste.
Dei reiste herifrå for ei stund sidan, i den tru at dei hadde straum heime, men no fekk eg melding om at der framleis var straumlaust. På Bjørneset derimot er det straum, så no for dei dit. Ikkje særlig kjekt å vere klimaflyktning mykje av juleferien.
Ein fordel i bu i meir tettbygde strok -  på meir enn ein måte.
I morgon trur eg at eg må på butikk, elles kan eg få abstinens.

tirsdag, desember 27, 2011

Vermelding 27.desember 2011



Klokka er no 13.00. Temperaturen er + 4 grader, og vinden ikkje så sterk som før, men mykje kaldare.
Vi har hatt oss ein tur for å sjå etter ev.øydeleggingar etter stormen. Mange tre har velta, særlig grantre, men også innrotne bjørker. Håper at dei som "eig" tre og skog får rydda opp i det versta, og saga ned det som er for stort eller for gammalt, eller for mykje.
Hamna på Rjåneset låg så stille og rolig som eit stovegolv, og båten vår hadde ikkje lide overlast.Det pjaska og bles utanfor moloen, men det har nok vore verre før, det såg vi på alle småsteinane som var komne opp på vegen.
Den verste øydelegginga denne gongen, her i Ørsta, er at den gamle kommunekaia nedanfor Ørsta bruk og Kaihuset er fullstendig smadra. Med tanke på utflytta ørstingar legg eg ut mange bilde av den. Det er lenge sidan denne kaia har vore i bruk, men heilt til for 40-50 år sidan(?) gjekk det rutarbåtar her, til Ålesund t.d. No var det i grunnen like godt den forsvann, for der var langt frå trygt å ferdast.
I Nautvika hos Margrete hadde dei verken lys eller vatn i dag heller, så i dag er dei i Volda hos Ingeborg og besteforeldra.Lars og bandet hans skal spele på "Rokken" i kveld. Billettane er selde for lengst.
Nils og eg har det lettvint i dag, rikelig med restar frå i går.




Utanfor Ørsta bruk står snøfresarane på rekke og rad. Vi var budde på ein kald og snørik vinter, slik vi har hatt dei to siste åra. Men sjå kva vi fekk!

mandag, desember 26, 2011

Vermelding 26.desember 2011

Klokka er 19.45, og eg høyrer at ein ny storm er i kjømda. Ute regnar det, og temperaturen er + 10 grader.
Denne julehelga vart veret meir dramatisk enn vi likar det. Ikkje at eg er så bekymra for min eigen del, føler meg relativt trygg. No har vi både straum, telefon og internett, så det går bra. I går kveld var vi utan straum frå ca klokka 19.30, men klokka 2 om natta fekk vi den tilbake. Dermed vart det tradisjonelt treff med jentene m/ fam. i dag. Margrete var utan straum i gårkveld og i natt, og då har dei heller ikkje vatn, sidan dei har el-vasspumpe. På Bjørnaset hos Lars har halve taket blese av løa, leikarhuset var smadra, men huset står.
No fekk eg nettopp melding frå Margrete om at dei er heime  i Nautvika att, der det framleis vantar både lys og vatn- og ti grader i huset. Solveig sende melding frå Hareid, der er dei utan lys.Og her sit vi og har både lys og varme og TV-i alle fall enno.
Eg har vore frampå før og snakka om store tre i små hagar. Eit digert lerketre rotvelta i går kveld i ein hage i Starevegen. Heldigvis vart det ikkje skade verken på hus eller folk. Ved Helgehorntunnelen på veg til Hareid, hadde vinden knekt store grantre som fyrstikker. Her som vi bur, tek ikkje vinden så hardt som nede i Vik, så her er det ikkje gale enno. Såg frå Eid på TV-det var skræmande å sjå. Det som er spennande for oss no, er om båten har klart seg.Det er lenge, lenge sidan vi har hatt slikt ver her hos oss.Nyttårsstormen i -92 var nok sterkare, men den var over på 3-4 timar. Eg vakna ikkje før det var slutt. Lyset blinkar litt innimellom, så heilt trygt er det ikkje.

søndag, desember 25, 2011

Vermelding 25.desember 2011

Klokka er 15.30, temperaturen  er+5 grader; det regnar og blæs litt, og det er nesten mørkt ute.
Men inne har vi det både lyst, tørt og varmt, så det er ingen ting som står på.Nils var ute og såg etter båten, men her har det ikkje blese så mykje, i alle fall ikkje enno. No er middagen ferdig. Nils og eg skal kose oss med svineribbe i dag, sjå på julegåvene, lese litt og sjå TV. I morgon får vi besøk, så vi slepp å kjede oss. Fortsatt god jul til alle.

lørdag, desember 24, 2011

Vermelding 24.desember - 2011

Klokka går mot 11 på sjølvaste julaftan. Veret er lettskya og fint, men det er bra fart i skyene over Melshornet, noko som kanskje er eit forvarsel på stormen som skal kome. Temperaturen er + 1 grad.Det er nokså mykje annleis enn julaftan i fjor, då var det minus 18 grader på HAREID, og meir snø enn i dag.
I dag har eg ikkje mykje å gjere, skal berre pynte meg til vi skal reise utover til Hareid, der vi skal møte opp i kyrkja klokka 14.30. Det er den mykje omtala "Jens prest" som skal halde julepreika der i dag, og det ser vi fram til.  Han var prest her i Ørsta då Solveig og Rasmus vart konfirmerte, og han var veldig godt likt. Og så er det ein ting til;  hareidsdølene er kjende for at alle syng i kor, derfor er salmesongen der i bygda litt ut om det vanlige.
Nils har vaska bilen, og no driv han og sikrar alt som er laust på altanen, i påvente av stormen "Bent".
Då vil eg ønske alle som er innom bloggen ein fin julekveld. Akkurat det har eg vel gjort før, men det skader vel ikkje å gjere det ein gong til. Slike dagar/kveldar tenkjer eg på alle -slekt og venner her i landet og i andre land.
Har nettopp snakka med Rasmus i telefonen, og dei har det bra.

God jul

fredag, desember 23, 2011

Vermelding 23.desember 2011



Klokka er 14.00, temperaturen er + 6 grader C.Det er overskya, litt vind og regn innimellom.
Vi har vore ein tur til Vik og handla meir mat, no har vi snart såpass at vi klarer oss eit par dagar. Då vi kom heim, hadde nokon vore her med denne nydelige buketten i kvitt og sølv. 
Så står det berre att å ønske alle blogglesarane ei god jul og eit godt nytt år!
Håper at alle får høve til å slappe av og kose seg desse dagane. Nils og eg skal til Hareid julekvelden, og 2.dag kjem barn og barnebarn hit.

torsdag, desember 22, 2011

Vermelding 22.desember 2011

Klokka er no ca 13.30. Ute er det overskya, opphaldsver og + 5 grader C. Det er fint ver, men eg tvilar på om det varer. Når ein held seg inne for det meste, har ikkje veret så veldig mykje å seie, men eg skal innrømme at eg synest det er godt å sleppe sprengkulden.
I dag har eg brukt føremiddagen til å støvsuge ekstra grundig; golvvasken tek eg i morgon. Nils har vore ein tur på butikken, og så har han kokt ertersuppe som vi skal ha når Margrete kjem innom utpå dagen.(Ja, eg hjelpte til med å kutte opp grønsakene, så er det sagt.) No skal eg ha meg ei lita stund på sofaen. Ryggen min er ikkje heilt god for tida, men det plar hjelpe å ligge strak ut ei stund.
Vi stressar ikkje før jul i år, det er begrensa kor mykje ein må førebu for eit par ekstra helgedagar.

onsdag, desember 21, 2011

Vermelding 21.desember - 2011


Klokka er no13.15.Temperaturen er minus 1 grad og det er lettskya, fint ver. Det øvste bildet er teke frå altanen vår i 10-11-tida, det nedste frå parkeringsplassen ved Amfi ca 12.30. Der ser vi godt kor langt ned sola rekk, men no kjem ho nærmare oss for kvar dag.Eg har sjekka på data, og funne ut at sola skal snu i morgon tidlig klokka 5.30. Tidspunktet for "solsnu" varierer frå år til år.
I dag tok vi oss ei runde og handla mat, først på Rema 1000, og etterpå på Euro-Spar. Lenge sidan eg har vore inn på Spar, der vi alltid handla før, men det var kjekt å vere der igjen. Vi henta også pakken frå Rasmus. Spar har nemlig "post i butikk". No skal vi få på plass all maten, pakke opp kassa frå Rasmus og fordele pakkane på tre familiar. Margrete kjem innom i morgon og hentar sine, resten blir med til Hareid julafta.
Dessverre skal det visst kome regn og mildver til jul,det har alt begynt å skye over, hadde vore kjekt om vi kunne fått hatt det slik som det har vore siste dagane.
Her i huset er det ikkje antydning til stress. Skal vaske og støvsuge og pynte litt.Det er alt som står att.

tirsdag, desember 20, 2011

Vermelding 20.desember 2011

Klokka har passert 17.30 og det er heilt mørkt ute; men no snur sola snart, og vi kan sjå fram til at dagane vert lysare og lengre. I dag har det vore fint, lettskya ver, og no er det minus 1 grad.
Det er ei skam at eg ikkje har vore ut for døra. Føremiddagen gikk fort. Jobba litt på kjøkkenet, og så skreiv eg eit relativt langt julebrev til dei som ikkje er så ofte inn på bloggen. Veit at ikkje alle er så begeistra for databrev til jul, men sjølv meiner eg at det i alle fall er betre enn eit "God jul, godt nytt år"-kort.
Til middag i dag grov vi fram nokre restar frå frysaren.
Eg vart så elendig i ryggen at eg la meg på sofaen, og dermed somna eg med Paasilinna på øyret. Og ryggen vart bra.
No har vi pakka resten av julegåvene. Vi har sikkert gløymt eit kvart.Men lid nokon urett, får vi ordne det opp i løpet av neste år.
Matvarer får vi handle i morgon og torsdag, fredag skal eg vaske og rydde. Så er det eit par-tre dagar så er det kvardag igjen.

mandag, desember 19, 2011

Vermelding 19.desember - 2011

Klokka er snart 16, temperaturen er minus 1 grad og det held på å klårne opp ute.Bildet er tatt for 2-3 timar sidan, før vi for nedover til Vik.
Før middag var Nils til frisør og fekk klipt seg. Eg dreiv og rydda litt; fekk ut adventspynten og begynte så smått å pynte til jul. Eg likar godt å skifte fargar i stova-denne gongen frå lilla til raudt.Elles så er eg ikkje så veldig "pyntete" av meg. "Less is more"- er mitt slagord.
Det var lite folk på butikkane i dag, sidan det hadde vore sundagsope i går. Ærendet mitt i dag var først og fremst å skaffe meg lesestoff til jul; det var dårlig utval på biblioteket i dag, men eg fekk meg ein hyggelig prat med bibliotekaren. Vi er stort sett enige om kva bøker som er gode. Vi skal ha sein middag i dag. Viss vi et tidlig, kjem vi oss ikkje til med noko særlig etterpå. I dag blir det steikt sei, det er ein favoritt.
Klokka  21.
Eg sat på datarommet og rippa bøker og strikka heilt til det var på tide å begynne på middagen.Var akkurat komen i gang med å steike fisk, då det brått slo som eit lyn ned i hovudet mitt: KONSERTEN. Det var i dag Amanda skulle vere med å spele i Ørstakyrkja, men kva tid? Ei rask melding til Margrete- det var klokka 19. OK -klokka var berre 18.00, så vi rakk både å lage middag, ete den, drikke kaffi og komme oss til kyrkje til klokka 19. Vi har vore på mange slike konsertar før, men ikkje i Ørsta. Eg synest det er betre akustikk i Voldakyrkja, men ikkje alle er samde i det. Det som var spesielt i dag var at det var ei overvekt av jenter som spela og det var få feler i høve til det som plar vere. Elles er eg som vanlig imponert over alle dei flinke barna (og lærarane deira). Men eg skulle ønske at dei vaksne hadde vore flinkare å snakke inn i mikrofonen, greitt og tydelig, slik at slike som eg også hadde fått med seg kva dei sa.

søndag, desember 18, 2011

Vermelding 18.desember - 2011


 Klokka har berre så vidt passert 12.00, men her har vi vore i full sving ei god stund alt; Nils ute og eg inne.Våt, tung snø lavar ned heile tida, så i dag har snøfresaren kome til nytte.Sidan sist den var i bruk, har den fått kjettingar, så eg håper det er til god hjelp.Hadde vore fint, dette veret, om det hadde vore LITT kaldare, no begynner det vel etter kvart å regne, og då veit vi korleis det blir. Temperaturen ligg på ca 0 grader C.

lørdag, desember 17, 2011

Vermelding 17.desember - 2011

Klokka er 14.00, temperaturen er +1 grad C og snøen lavar ned. Eg har ikkje særlig mykje imot snø, men dette slapset er eg ikkje begeistra for. Ikkje blir vel snøen liggande heller, sidan det er meldt mildver og regn.
Vi har vore på ei lita handlerunde, og hadde tenkt oss på kafe. Men sidan vi vart både kalde og våte, fann vi ut at vi hadde det betre heime. Så her er vi.Nils driv og skiftar ut det gamle brannslokkingsapparatet som vi har hatt i ørten år.Vi var sjokkerte over prisen på det vi kjøpte i dag. UNDER 200 kr. Eg hadde trudd at det vart ei lita investering.
Elles kan vi i dag gratulere Hans Petter på Eid med dagen.Det blir vel samling av søskenbarn i dag kan eg tenkje meg.Håper alle får ei god og relativt fredelig helg.

fredag, desember 16, 2011

Vermelding 16.desember - 2011

Klokka er ca 14.30. Ute er det fint, lettskya ver; endelig kom sola som yr har drive og meldt om.Ho kjem rett nok ikkje heilt ned til oss, men 18.januar skal vi ha den igjen. Og om vi ikkje ser sola direkte, så blir det i alle fall mykje lysare ute. Og ein får litt meir energi.Det er 0 grader C og glatt og isa på alle vegar, men heldigvis har dei strødd dei fleste stadane.
I dag hadde vi ein koselig start på dagen. Bodil og Svein stakk innom på veg til Ålesund, så vi hadde ein litt sein frokost i lag og fekk prata om eitt og anna før dei reiste vidare.Dei kjem innom på heimvegen også, for å få med seg fisk; Nils driv og fileterer i garasjen. Det blir julegåva i år.
Klokka 16 får vi nytt besøk. Då kjem Margrete og ungane til middag. Margrete og jentene skal på ballettframsyning, og gutane skal vere her i mellomtida. Det er kjekt med besøk i førjulstida-ja, elles også sjølvsagt.
Vi var ein bitteliten tur ned på Amfi, og det er frå parkeringsplassen der eg har tatt bildet.I dag har nevøen vår Roy Morten fødselsdag, og vi gratulerer.

torsdag, desember 15, 2011

Vermelding 15.desember 2010

Klokka er 12.30, det er overskya, regn og + 3 grader. Eg er glad til at eg får vere inne, men Nils har hatt seg 2-3 timar på sjøen og fiska sei. Som de ser, fekk han bra fangst. Her er nokre store og mange små. Reknar med at vi skal ha "levende pale" til middag i dag. Jammen bra vi har smør. Det er eit MUST til kokt fisk og flatbrød. Naboane har også blitt orientert, somme av dei likar fersk småsei. Dvs. den eldre generasjonen.
Sjekk de tøffe hua han har på seg! Den har eg strikka for fleire år sidan av Rauma finullgarn, og så har eg tova den i maskina. Det er den beste fiskehua han kan ha, seier storfiskaren. Strikka fleire slike huer den gongen, men veit ikkje om eg har mønsteret nokon stad.
Mens han var vekke, har eg fått støvsuga og rydda litt til helga; tek det ikkje så altfor nøye denne veka.DET blir neste veke. Sjekkar vermeldinga innimellom; ser ut til at vi får ei mild og våt jul.  Ingen "White Christmas" i år, slik det var i fjor, men så slepp vi også kulden.

onsdag, desember 14, 2011

Vermelding 14.desember 2010

Klokka har såvidt passert 14, men det er ikkje heilt lyst ute. Det kjem vel av at det er overskya og grått. Regnar gjer det også; temperaturen er + 4 grader C. Bildet av Melshornet frå altanen vår er vel eit heller kjent motiv? Ikkje særlig fristande å gå ut og fotografere. Men eg trur ikkje eg ville ha byta med iskulden vi hadde i fjor.
Før middag i dag har eg baka tre store grovbrød, så no får det halde. Dessutan har eg vaska og støvsuga i vaskekjellaren, ikkje at det er direkte julearbeid, men det er rart med det, det meste skal i boks til jul.No skal vi snart ha middag, i dag blir det heimelaga spekesild med kålstuing. Det er sjølvsagt også ein av livrettane mine.
Vart forresten oppringt av Møre-Nytt i dag igjen. Dei ville ha eit intervju med meg. Dei ville vite om eg kunne seie noko om dei glatte vegane og om broddar m.m. (Ja, det er du som er i pensjonistlaget?) Eg måtte innrømme at eg ikkje hadde broddar, og at eg stort sett vart kjørt frå dør til dør, og ikkje gjekk så mykje ute på glatta. Men eg visste om mange eldre som brukte broddar. Kunne eg kome med namn. Nei, det kunne eg ikkje. Det var full forståing for det. Så eg slapp lett unna denne gongen

Dagbok 2026:6.mai

  Klokka er no 17.50, temperaturen ute er +10 grader C, og det er lettskya og litt sol, før i dag har det vore regnbyger innimellom I dag va...