søndag, august 31, 2008

31.august 1899.







I dag er det 109 år sidan pappa vart fødd i Horten. Nokre månader seinare vart han døypt i Vålerenga kirke og fekk namnet Storm Wilhelm. Storm var eit svært uvanlig namn i mange år, men no ser eg at det kjem att.Han voks opp på Skarnes der far hans var stasjonsmeister. Bildet viser pappa på fanget til sin far, Olaus.
Mange år seinare flytta pappa til Eid. Den første bilen i Norge kom det året pappa vart fødd; fleire år seinare kom det også ein bil til Eid. Det var mange eigarar til den bilen, og pappa var ein av dei som køyrde den.Han hadde vel eitt av dei første sertifikata på Eid, vil eg tru.
På bildet sit han bak rattet i den bilen, og bildet er truleg frå Bjørkedalen.
Pappa døde i 1962.

Mormora mi, Marie Eline, vart fødd på garden Sætre i Breim den 31.august 1879. Ho og pappa hadde altså fødselsdag på same dato, og sidan det var 20 år mellom dei,hadde dei "runde" dagar på samme tid. Det siste felles jubileet var i 1959. Eg var ikkje til stades sidan eg jobba i ein avsides dal i Sunnfjord på den tida og kommunikasjonen var ikkje slik som no.
Besta døde i 1964.

fredag, august 29, 2008

Krim for eldre?


Dette er tredje boka eg les av denne forfattaren, og eg kosar meg med det som eg sjølv har døypt "small-talk-krim".Veldig annleis enn vanlege krimbøker. Her er ikkje høgt tempo, grusomme scener, mykje banning etc. Her er det "kalde spor", funderingar og små historier om folka som er involverte.På same tid får vi høyre hovudpersonen, Erlendur, si livshistorie litt etter kvart.
Men det er ikkje pjattete. Både historiske og politiske hendingar frå vår nære fortid er med. I denne boka særleg perioden med "den kalde krigen". Som de ser har boka fått terningkast 6 av i alle fall ein kritikar.
Ivar Nørve, som sjølv er over sin andre ungdom, les boka, og stemma hans er perfekt til innhaldet.Eg skulle ønske eg hadde fått lese heile serien i kronologisk rekkefølgje. Dette er enkle, men ikkje banale, bøker som ein kan slappe av med.Ikkje alle bøker egnar seg som lydbøker, med denne gjer;få personar og oversiktlege hendingar.
Eg vil anbefale bøkene.

onsdag, august 27, 2008

Makrell i lange baner.

Nils fiskar makrell i lange baner og deler ut til alle som vil ha.Vi likar makrellen både steikt og kokt, men best likar vi han kald, kokt med agurksalat og rømme.
Eg brukar ei oppskrift frå boka FJORDAMAT (den eg fekk til 60-årsdagen) som eg er veldig fornøgd med.Derfor vil eg gjerne dele den med andre.(Oppskrifta kan sjølvsagt fordoblast i det uendelige, men eg tek den minste eininga)

Kok lake av:
1/2 liter vatn
1/2 kopp eddik (5-7%)
1 ss sukker
3/4 ss salt
1 ts heil pepar


Når fisken er kokt, kan ein legge på 1-2 laurbærblad etter smak og behag.
Lat fisken stå i krafta til han er kald, gjerne til neste dag.
Bon appetit !

søndag, august 24, 2008

Naturalhushald.




Kva er det første ein gjer når ein har gjort ein jobb ein er litt stolt av? Skriv om det på bloggen så klart!
Mens eg låg på sofaen og slappa av med ei lydbok etter middag, hadde Nils vore ute og plukka alle Rivers Early-plommene. Dei var godt modne og måtte i grunnen takast med ein gong.Sidan eg likevel må sjå over alle plommene for at der ikkje skal vere nokon som er rotne t.d., tek eg like godt ein liten skarp kniv, deler plommene i to og tek ut steinen. Så er ein ferdig med den!
Det vart til at eg koka sylte av tre kilo plommer, resten, ca 8 kilo, vart pakka i plasposar klar til sylting og frosne.
Kvifor eg ikkje koka meir sylte når eg først var i gang? Høyrt om iglooar?Der ligg sylteglasa våre. Same procedure as every year.
Eidabesta får kanskje ein assosiasjon til ein viss tyttebærtur når ho ser den ferdige plommesylta med den fantastiske fargen?
Mens eg koka sylte, var Nils på fjorden og fiska makrell, småsei og lyr.

Det går mot haust.







Litt vemodig å merke at dagane vert kortare, nettene blir kaldare, folk tek til på arbeid og skule. Med andre ord:Sommaren er over. Heldigvis kan vi håpe på mange fine dagar enno. I hagen er det meste avblomstra, men her kjem eit bilde av "trøsta" mi. Heile nedste garasjeveggen er dekt av dei, blomsterkassane utanfor kjøkkenet har også nokre eksemplar, men finast står dei på muren ovanfor huset. Dette er blomsten for dei som vil unngå luking av blomsterbed av ein eller annan grunn.Dei kveler nemlig alt som er i nærleiken, også ugras.

No har vi hatt blomkarse på same stadane i fleire år og vi slepp nesten å så også! Dei produserer nemlig rikelig med frø som vi let ligge i bedda.Likevel spanderer vi litt nye frø kvart år, då får vi ofte litt nye fargar. Den nye i år er ein mørk raud som vi ikkje har hatt før.

Bilda vil eg ikkje skryte av-skuldar på kamera som vanleg.

Elles er det tid for innhausting av plommer. Rivers Early er klar til sylting, det blir den finaste sylta, fordi fargen er så fin. Opalplommene er gode spiseplommer, dei har vi mest av. Så har vi eit tre med Blue Rock som ikkje er så trivelig, eit Althans-tre, som ikkje ber mykje, og eit gammalt Victoriatre som bugnar. Spørs berre om dei blir modne.

torsdag, august 21, 2008

Sommaren 1999.


Sidan vi ikkje har vore på nokon spennande ferietur i år, sit eg og bladar i gamle album.
Sommaren 1999 var vi ein tur til Åland i Bottenvika, ein kjempefin plass å feriere, reine sydentemperaturen, blant anna. Dessverre fekk vi ikkje høve til å ete den Ålandske mat-spesialiteten mens vi var der, derfor kjøpte eg eit prospektkort med oppskrift på ekte Ålands-pannekake.Vart litt lang i maska då eg kom heim og oppdaga at eg hadde valt feil språk.Gløymer ikkje kor Ingeborg lo då eg las oppskrifta høgt for henne.No kan de få teste finsken dykkar.Eller skal vi ty til Babel Fish-programmet?

mandag, august 18, 2008

Ein stor dag.




I dag var det skulestart for den eldste av "Kongs-berg-gutane".
Han skal gå på Wenners-borg skule som ikkje ligg altfor langt heimanfrå.
Klassen er ikkje urimelig stor, heller ikkje skulen.

Som lærar var det ikkje noko som var verre enn å ta imot ein klasse av forventningsfulle førsteklassingar.
Då kjende eg meg liten og utrygg,eg også. For korleis skulle eg klare å innfri forventningane som barn og foreldre hadde? Eg kjende ansvaret tyngje.
Det gjekk seg til etter kvart, men dei første vekene med første klasse var knalltøffe.
Eg ønsker alle elevar, små og store,og lærarane deira,lykke til med det nye skuleåret.

Det vart fangst i dag også.




I dag har karane fiska sei, og Håkon var ikkje lite stolt over denne ruggen på ca 12 kilo.Den skal han ha med seg heim til Hareid.

søndag, august 17, 2008

Makrellfangst.


Nils og Håkon har vore på fisketur heile føremiddagen og fått bra fangst med makrell.Ca 100 stk.
Det blir nok ein tur seinare i dag også.Naboane skal sjølvsagt få sitt!
Det vart enda ein fisketur på kveldstid, då med litt mindre fangst-ca 40 makrellar.Olaug forstod liksom ikkje vitsen med å fiske så mykje og så gi bort fisk til naboane. Men då vi fortalde at naboane i sin tur kom både med blåbær, tyttebær, hjortekjøt, kaker osb. fann ho ut at det var ikkje så dumt likevel.
NB: Når vi gir bort fisk er det heilt utan baktankar. Det er ei grense for kor lenge makrellen held seg i fryseboksen, og kor mykje makrell som er GODT.Men noko av fisken skal brukast til agn på line i håp om å få yndlingsfisken vår:lange!

torsdag, august 14, 2008

Duftranke.

Denne planten fekk eg av Solveig til fødselsdagen min i mars.No blomstrar han for 3.gong, dobbelt så stor og dobbelt så blomsterrik som då eg fekk han.Har aldri vore så heldig med denne sorten før. Han har kanskje fått gjødsel eit par gonger, elles berre vatn av og til. Han har stått i vinduet på stova heile tida. Synd ein ikkje kan sende "dufter" via bloggen.

mandag, august 11, 2008

Dagens fangst.


I dag tidleg då eg vakna, var Nils vekke, og eg fann ein lapp med "Fisketur" på bordet. Han var eigentleg ute etter makrell og det fekk han også. Men den artigaste fangsten var denne "nebbesilda" på 55 cm. (Det offisielle namnet er visstnok horngjel,men nebbsild er også brukt.) Trur ikkje det er mykje mat i den, men han har frose den og har den å vise fram. Elles er her veldig mykje nise i fjorden, men dei får ein vel ikkje på kroken?
Ein nabo kunne fortelje at før i tida turka dei nebbsild og hengde ned frå taka i hytta e.l. då kunne silda vise
vindretninga, så dei slapp å gå ut og sjekke.

søndag, august 10, 2008

Denne boka hadde eg vanskelig for å legge frå meg !

No har eg lese denne boka, og eg har berre ein ting å seie:Les den! Den er ikkje lang, den er ikkje tung, så det er berre å sette i gang.Den er gripande frå først til sist. Viss de vil lese meir om den, kan de gjere det på nettet.
For sikkerheits skuld sjekka eg kritikkane, og alle eg såg, hadde gitt den terningkast 6!

lørdag, august 09, 2008

Tiårets store europeiske romansuksess ?

Nei!
No har eg lese ut HAVETS KATEDRAL- på19 CD-plater.
Og de skal få vite kva som er mi subjektive meining om denne boka.
Bakgrunnen er Barcelona og omegn på 1300-talet, med føydalsystem, ridderar, baronar og ei sterk katolsk kyrkje.Vi møter Svartedauden og inkvisisjonen, krig og elendigheit. Vi får lære om det politiske systemet, om handverkarlauga osb.osb. Denne delen av historia funkar bra, men forfattaren let nok denne biten få dominere litt for mykje.
På denne spennande bakgrunnen har han plassert ein heil flokk personar som vi aldri kjem heilt under huda på.Vi møter alle slags folk; rike og fattige,snille og slemme og alle ingrediensar som ein kan vente seg i ein slik roman. Men for meg funkar det ikkje. Det blir klisje på klisje og til tider drepande kjedelig og forutsigbart. Eg let meg aldri rive med og det var så vidt eg orka å høyre siste plata.
Eg les aldri kritikkar på Internett før eg har lese ut bøkene, heller ikkje denne gongen. Følte meg heilt sær fordi eg ikkje var samd med alle desse som skryt slik av boka. Heldigvis var det mange på Nettet som var samde med meg. Dei fleste gir boka terningkast 3 eller 4; Karsten Alnes gir den 6. Ein som skriv om boka samanliknar den med Vindens skygge-men det er å gå for langt. Eg var veldig enig med ein av anmelderane.
Men les gjerne boka sjølv. Kanskje de likar den?

torsdag, august 07, 2008

Gratulerer, OK !


I dag fyller Ole Kristian 20 år-og vi vil gjerne gratulere han med dagen . Mykje har skjedd sidan han sat på fanget til "gamletanta" for mange år sidan.No vil vi ønske til lykke med dagen og alt godt for åra som kjem.

mandag, august 04, 2008

Gratulerer med dagen Lars Inge!



I dag fyller svigerson,
4-barnsfar,hundedressør,hestepassar, hobbykokk,storblåsar(tuba),campingvognturist....you name it.... 43 år.
Dagen vart feira i går i Sogndal på veg heim frå hunde-utstilling på Nesbyen.
I dag er han, så vidt eg veit, på jobb. For det får han også tid til!
Vi må vel snart få høve til ei familie-samling og feire alle som har fylt år i sommar?
Vi ønsker i alle fall Lars til lykke med dagen i dag!


søndag, august 03, 2008

For 23 år sidan.......











Vi gratulerer Solveig og Øystein med bryllaups-dagen i dag. Må innrømme at eg kom på det i siste liten,det tek til å bli mange merkedagar å hugse.
Legg inn nokre bilde som vart tekne på kyrkjetrappa den dagen.




Ein god gammaldags roman ?


Det blir mykje krim når ein stort sett les lydbøker. Til tider er eg nokså lei denne sjangeren. Derfor vart eg glad då eg fann denne nye spanske romanen på biblio sist fredag. Den er ganske lang, heile 20 CD-ar, men veldig lettlesen og skriven i vanleg "gammaldags" stil utan for mykje hopp i tid og stad. Lærerikt kan det også vere å få vite korleis dei levde i Barcelona på 1300-talet.Har ikkje lese meir enn 3 plater enno, men det ser bra ut!

lørdag, august 02, 2008

Tur til Eid.




I dag vart det endelig at vi tok oss ein tur til Eid. Vi heldt oss mest på Hildegard der vi prata og kosa oss. Begge døtrene var også på besøk.
Før vi reiste heim, tok vi oss ein biltur rundt omkring.
Mellom anna var vi opp og såg huset der eg budde frå 1953-58. Dette huset stod først i Ålfoten og så vart det flytta til Eid. Først var det lysegrønt på farge slik som sjukehuset, sidan vart fargen endra til lysegult, same fargen som sjukehuset har enno. Vindua er skifta etter at vi flytta.(Mamma budde der til 1974).
Litt rart å sjå "heim" att-det er både kjent og totalt framandt på same tid.

fredag, august 01, 2008

Saudehornet rett opp.


Saudehornet er det høgste fjellet på nordsida av huset vårt. Vi kan ikkje sjå det frå kjøkkenvinduet,der ser vi det mykje lågare fjellet Vallahornet, som ligg framfor.

Denne fjellturen starta for 5-6 år sidan, og for kvart år kjem det nye og fleire deltakarar.Det er alltid lagt til første helga. Eg veit enno ikkje om nokon i familien stiller i år. Bildet er av Nils og Øystein første året denne turen/løpet vart arrangert. Veret var som no, fint og varmt. I morgon er det meldt overskya og regn.
Men endå så varmt det har vore i år, er det første gong det ligg att snø i fjellet sidan dei begynte med dette turløpet. Nokon som vil vere med? Ikkje eg i alle fall!

Solformørking. Klokka 11.20


Vi skal nedover om ei lita stund, Skal på biblio og fylle på med lydbøker m.a.Men først må eg få med meg max solformørking. Har ein bite med ueksponert film som eg ser gjennom. Får håpe det går bra. Kikar ikkje lenge om gongen....men ser tydelig korleis månen kjem sigande. Naboen vår er litt meir enn HOBBY-astronom, eg ser at han har TV Sunnmøre på besøk.
I motsetning til dei fleste av blogglesarane mine hugsar eg faktisk formørkinga i 1954. Då budde vi i Ålfothuset og eg stod på verandaen og såg.Neste store formørking får eg nok ikkje med meg.
Elles hadde vi besøk av Margrete og ungane i går. Lenge sidan dei hadde vore her. Dei var lykkelige over å sjå att....datamaskina, sidan dei har datatrøbbel heime.
Denne veka er det Naturfestival i Ørsta og på laurdag er det "Saudehornet rett opp"- noko som er obligatorisk for alle spreke menn(og kvinner) frå ca 6 år og oppover. Så viss nokon føler seg kalla er de hjertelig velkomne.

Dagbok 2021: 1.august.

Klokka er no 17.40, temperaturen er + 16 grader, det er lettskya og sol.- Ja, så er vi komne til august og ferietida nærmar seg slutten fo...