lørdag, august 09, 2008

Tiårets store europeiske romansuksess ?

Nei!
No har eg lese ut HAVETS KATEDRAL- på19 CD-plater.
Og de skal få vite kva som er mi subjektive meining om denne boka.
Bakgrunnen er Barcelona og omegn på 1300-talet, med føydalsystem, ridderar, baronar og ei sterk katolsk kyrkje.Vi møter Svartedauden og inkvisisjonen, krig og elendigheit. Vi får lære om det politiske systemet, om handverkarlauga osb.osb. Denne delen av historia funkar bra, men forfattaren let nok denne biten få dominere litt for mykje.
På denne spennande bakgrunnen har han plassert ein heil flokk personar som vi aldri kjem heilt under huda på.Vi møter alle slags folk; rike og fattige,snille og slemme og alle ingrediensar som ein kan vente seg i ein slik roman. Men for meg funkar det ikkje. Det blir klisje på klisje og til tider drepande kjedelig og forutsigbart. Eg let meg aldri rive med og det var så vidt eg orka å høyre siste plata.
Eg les aldri kritikkar på Internett før eg har lese ut bøkene, heller ikkje denne gongen. Følte meg heilt sær fordi eg ikkje var samd med alle desse som skryt slik av boka. Heldigvis var det mange på Nettet som var samde med meg. Dei fleste gir boka terningkast 3 eller 4; Karsten Alnes gir den 6. Ein som skriv om boka samanliknar den med Vindens skygge-men det er å gå for langt. Eg var veldig enig med ein av anmelderane.
Men les gjerne boka sjølv. Kanskje de likar den?

6 kommentarer:

solveig sa...

Trur eg står over.
Trur du vil like Mustafa Can si bok!!! Men det er noko med forventningar. Eg hadde sett intervju med han, og hadde veldig lyst å lese boka. Eg synest den hadde mange element i seg, ikkje minst det å sjå vårt samfunn utanfrå.

Besta sa...

Har lese berre ein CD enno, men den lova bra.
Det er klart at når du får deg forespeila at det er "tiårets største europeiske romansuksess" så blir forventningane store-sikkert altfor store.Sende deg ein link til omtale av romanen på nettet, men du finn no fram sjølv også. Romanen er ikkje utan kvalitetar, men i alle fall mykje for lang.

solveig sa...

Eg skumlas den berre då eg fekk linken...

Hildegard sa...

Det har blitt lite lesing på meg i sommar, berre to bøker - årsaka er vel at biblioteket har vore stengt på grunn av flytting. Eidabesta

Besta sa...

Eg kan ikkje vere så mykje på farten, derfor les eg mykje. Ein konpensasjon for alt eg ikkje kan vere med på.Heldigvis har eg stor glede av alle lydbøkene som eg "sluker". Og så trøster eg meg med det at eg sikkert lærer eitt og anna også.

Janne sa...

Eg likte Havets katedral veldig godt, eg lot meg rive med! Om eg skal gi karakter, trur eg det må bli ein femmar. Denne boka trigga interessa mi for historiske romanar, eg trur det vil verte fleire av dei på nattbordet framover. Vindens skygge har eg ikkje lese, men når eg har kome igjennom dei 34 bøkene lenger oppe på leselista mi så blir det ...

Kjekt å lese bloggen din, Olaug! Så veit ein kva naboane styrer med... :-)

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...