Viser innlegg med etiketten Daglegliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Daglegliv. Vis alle innlegg

mandag, november 04, 2013

Dagbok 2013: 2.november

Klokka er 18.45, temperaturen ute er litt over 4 plussgrader, og det har regna.
Då vi stod opp i dag var vêret minst like fint som i går, og etter kvart kom sola fram. Eg var elendig i ryggen etter den lange turen i går, og var redd eg kom til å ligge rett ut i dag. Men etter at eg kom i siget, betra det seg, og eg sette i gang med hagearbeid i lag med Nils.
Han klipte greiner av frukt- og bærtre og mol dei på kompostkverna. Dei greinene som var tjukke nok til ved, vart teke vare på, derfor står hylsa til vedsekkene framme. 
Eg planta blomsterløk, raka og "gikk til hånde". Blant anna.
I 13-tida var vi inn og tok oss litt mat, før vi gikk ut og jobba vidare. Vi raka lauv, både med rive og med grasklipper. Vi byttest på jobbane, men det vart såpass tungt å dra klipparen på den dyvåte jorda nede bakken, at vi vart ikkje heilt ferdige. Så vi har ein god del att før vi er klar for vinter.
Ikkje før hadde vi kome i hus og fått fyr i omnen, så silregna det. Det kom heilt uventa. 
Middagen i dag vart Pizza Grandiosa, hjemmelaget type. Såpass må vi unne oss etter ein hard arbeidsdag.

fredag, november 09, 2012

Vêrmelding 9.november - 2012

Klokka er 15.30, temperaturen ute er +7-8 grader C, det er overskya og vind frå sør. 
Så no håper eg snøen forsvinn og at vi får ein ørliten "vår" før den eigentlige vinteren kjem.
I natt stod vekkarklokka på.Den skulle ringe 7.30 i tilfelle vi forsov oss til tannlegetimen eg hadde klokka 9. Ingen fare for det, eg vakna klokka 5.00. Enno sit tannlegeskrekken frå barndommen i kroppen og dukkar opp framfor den årlige kontrollen. Enda eg veit at det ikkje er vondt å gå til tannlege i våre dagar, og som regel slepp eg berre med skrekken.Slik var det også i dag, to røntgenbilde og fjerning av tannstein, så var eg ute att. Ingen vits å gå på Amfi så tidlig på dag, trur ikkje der er ope ein gong, så vi køyrde heim, handla litt på nærbutikken undervegs. 
Sidan vi likevel var påkledde gikk vi ein tur rundt i dei nærmaste gatene, cruisa litt fram og tilbake og prata med eit par stykke som var ute og lufta hundar. Vi var heime før klokka var 11.00.Ikkje ofte eg er å sjå i vegane såpass tidlig på dag.
Det vart tidlig middag i dag, hadde kjøpt med oss spekesild frå butikken, og så laga eg kålstuing til. Etterpå fekk eg meg ein god middagslur på sofaen.
Denne veka har Nils hatt legetime og begge to har vore til tannlegen, men no var vi utan plikter - trudde vi. Men så kom Nils på at det var i dag vi skulle på Kulturhuset og lage til for "basar" i morgon.
Det skal vere såkalla Misjonsmesse til inntekt for Ørsta Kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i Bankok i Thailand. Ørsta Kyrkjelyd støttar arbeid som vil gi fattige barn høve til utdanning og ei betre framtid.
Misjonsmessa begynner klokka 11.00 og varer til kl.16.00. Det vert loddsal og sal av mat og kaffi - blant anna.
Viss de lurer på kvifor vi er involverte i førebuingane, så er det kort og godt fordi vi er medlemmer i Ørsta Kyrkjelyd. No er vi relativt vande med å dekke opp på Kulturhuset, det gjer vi før møta i pensjonistlaget også, så komande onsdag er det ny pådekking. Det er no godt å vere brukbare til eit kvart.
Vi har ingen spesielle planar for helga, men neste helg blir det feiring av han far sjølv.
Vil ønske alle ei god helg, same kva de finn på.
Såg bilde av Ingrid frå Eid i avisa Møre i dag.

tirsdag, november 06, 2012

Vêrmelding 6.november - 2011

Klokka har passert halv seks og det er bekmørkt ute. Temperaturen er + 3 grader og det regnar. Snøen er på langt nær vekk, men den minkar, særlig på nedsida av huset.
I dag har eg ikkje vore ute for ei dør, men jobba inne heile dagen. Først baka eg seks brød, og då dei første var ferdige åt vi lunsj. Deretter fekk eg Nils til å gå opp på loftet og hente ned dei gamle stovegardinene, som etter ti år i stova har fått kvilt seg på loftet i to år.
Eg er fornøgd med gardinene som eg kjøpte for to år sidan- heile året, berre ikkje i jula. Likar ikkje å pynte med skrikande raudfargar når gardinene er fulle av blomster i duse lilla og beige fargar. 
"Gamlegardinene" var eigentlig ecru-farga, men har blitt kvitare for kvar vask, og no er eg tilbøyelig til å kalle dei kvite. Det vart i alle fall veldig kvitt i stova no, men sidan eg ikkje har noko anna kvitt, verken møblar eller vegger, kan det vere OK. No kan eg i alle fall pøse på med fargar både i advent og jul. Dei 12 år gamle gardinene er faktisk veldig fine, så Elin, eg trur ikkje eg kjem til å selje dei no heller.
Har stått i timesvis og stroke, men no skal eg lage middag. I dag blir det steikt sei med rivne gulrøter og heimelaga remuladesaus. Tykte eg måtte variere tilbehøret litt. 
Nokre dagar med fint vêr og litt slendrian, gjorde at eg fekk arbeidslysta tilbake.Håper det varer.

mandag, oktober 22, 2012

Vêrmelding 22.oktober - 2012

Klokka er 18.00. Ute er det overskya og opphaldsvêr akkurat no, før i dag har det vore skodde og regn. Typisk at det blir litt lettare mot kveld. Temperaturen er + 8 grader. Men viss yr.no melder rett, blir det vinterlig vêr lenger ut i veka.I fjor hadde vi ikkje vinter før oppunder jul, og ein fin novembermånad med blomster i hagen. Ikkje slik i år.
I dag styra eg på inne på kjøkkenet heile føremiddagen. Eg laga kakebotn og baka brød, og innimellom rydda eg skap.Eg raspa gulrot og kålrabi på den nye maskina mi , så i dag vart det råkost attåt den steikte seien. 
Måtte legge meg på sofaen ei stund etter at vi hadde ete, for sist natt slo hofta seg vrang så eg sov ikkje så mykje. Typisk at den begynner å trøble etter at ryggen har kome seg til. Ja, det er no ikkje noko stort problem, det hjelper å røre litt på seg.
No er Nils ute og går tur, han er litt flinkare å komme seg ut enn eg er. 
Og der ser eg månen i søraust, han er så halv som det går an å bli.(Sjekka kalenderen for sikkerheits skuld.)Kanskje eg skal ut og gå når det blir mørkare. Saknar Kongsberg-gutane å gå måneskinnstur med.Eg likar å gå der som det er skikkelig mørkt, slik at eg ser både stjerner og planetar. Ikkje så lett her i bustadfeltet.

fredag, oktober 19, 2012

Vêrmelding 19.oktober - 2012



Klokka er snart 15.00, ute er det skya men opplett og temperaturen er + 10 grader C.
I dag har vi vore nedover ein tur, og bilda har eg  tatt frå parkeringsplassen ved Amfi.
Etter at vi kom heim, laga eg Taco, så det vart middagen i dag.
Det vart litt nytt til huset på Clas Ohlsen i dag. Eg har rettnok høve til å rive grønsaker på foodprosessoren, men eg tykte denne vesle "maskina" var så snedig at eg fall for freistinga. No spørs det berre om vi blir flinkare å ete rå grønsaker. Eg tenkte no også på finraspa gulrøter til gulrotkake.Legg merke til at rivjerna har ulik farge, så det er lett å finne den som passar til "oppskrifta".
I alle fall vil eg ønske alle ei god helg, før eg legg meg på sofaen og kviler ryggen.

mandag, oktober 08, 2012

Klokka har passert 18.00. Temperaturen er + 5 grader C og no har det endelig slutta å regne, i alle fall for ei stund. I dag vakna eg stiv og støl i heile kroppen, ikkje rart sidan det var snø langt nedover i fjella. Denne gongen hadde også Melshornet fått sitt.
Hadde ingen spesielle planar for dagen, men Nils hadde eit ærend ned på Clas Ohlson, så eg blei med. Var så vidt innom før helga. Det er ein stor butikk som held til i 2.etasje på Amfi. 
Når ein kjem inn på store, ukjende butikkar, blir det ofte til at ein blir gåande å leite. Ikkje hadde vi skaffa oss katalogar heller. Etter at eg hadde funne klessnora som eg leitte etter, oppdaga eg at der var ein dataskjerm der ein kunne søke etter produktet, for så å få hyllenummeret. Eg prøvde med ordet "klessnor". Ingen treff. Så såg eg at det stod "tvettsnor" på svensk , men heller ikkje det funka. Ein ung sørlending kom og ville hjelpe; då kom det fram at det heiter "tørkesnor", på norsk. 
Eit godt råd til alle som leitar, finn katalogen og bruk den. Nils kjøpte ny slange til dusjen, for ca 1/3 av prisen hos rørleggaren.
Det blir nok smalhans for andre butikkar etter at Clas  har flytta inn på Amfi." Den enes brød, den andres død." Men det er ein "krig" mellom kjeder, ikkje personar.
Til middag i dag vart det nr.2 av dei fire billigpizzaane. Denne gongen piffa opp med diverse pølser, ost og tomatar. Så var eg så syndig at eg la meg på sofaen med lydbok, noko som i utgangspunktet var dømt til å mislykkast. Trur eg har fått sovesykja, men får håpe eg held meg våken under operaframsyninga i morgon. Har høyrt rykte om at ein av ørstapensjonistane sov seg gjennom heile Tryllefløyten i fjor.
Har ikkje gjort det skapte grann i dag, men no skal eg tømme både oppvaskmaskina og tørketrommelen, og kanskje strikke litt?

mandag, oktober 01, 2012

Vêrmelding 1.oktober - 2012

Klokka er 20.30. Temperaturen er +10 grader C. I dag har det vore regnbyger, med solgløtt mellom bygene.
Eg har vore inne for det meste. Laga brennsnut og pannekaker til middag. I dag var vi 12 til bords med smått og stort. Margrete og ungane kom på sitt vanlige "annankvar-mandag-besøk". Ungane "fann" kvarandre med ein gong til tross for at dei ikkje ser kvarandre så ofte.Det er nokså nøyaktig eit halvt år sidan sist.
Elles går dagane med vanlige gjeremål. Wenche og Rasmus tok med seg Ingar på ei lita butikkrunde før middag, vi andre har vore heime.

lørdag, september 29, 2012

Ei historie frå vår kvardag.

Mens eg sat og skreiv vêrmelding på bloggen, gikk det med gru opp for meg at eg ikkje hadde lasagne-plater. Nils stiller alltid opp og køyrer til butikken i alle mulige og umulige ærend. Eg viste han den nesten tomme pakken, og sa klart ifrå om at det galdt lasagne-PLATER.
Han kom att med 4pk. Toro halvfabrikata LASAGNE.
Ny tur på butikken, han spør sjølvsagt betjeninga om hjelp, men kjem att med 4 nye pakkar halvfabrikata, denne gongen av merket KNORR.
Når eg påpeikar at dette også er feil, får eg beskjed om å vere med på butikken. Den unge jenta som ekspederer er enno usikker, men eg seier at det står sikkert i lag med makaronien. Og der stod PLATENE. 
Eg får skulde på at dette er ein rett som eg har det fulle ansvaret for, og eg har aldri brukt halvfabrikata av noko slag når eg lagar lasagne.

Vêrmelding 29.september - 2012

Klokka er snart 19.00, og det er fint, lettskya vêr, med litt sol. Dagen starta ganske grått, men vart finare etter kvart. Temperaturen ute er + 9 grader C.
I dag  har vi vore på shopping, eller rettare sagt har vi vore på mathandel. Eg har ein uvane med det at når vi ventar besøk, handlar eg inn som om det var heile slekta som skulle dukke opp. Reknar med at vi har mat fram mot jul no!
Det første vi kjøpte var eit nytt vaffeljern, same sort som Solveig har. Det er store plater med 6 hjerter i kvar. Eg lagar aldri vaflar til små forsamlingar, eller nesten aldri.
Så handla vi mat på Rema 1000, der er mindre og fredeligare enn på Coop på Amfi. Men så var det noko vi måtte ha der også, og det vart litt meir enn eg trudde....Og etter at vi kom heim, har Nils vore to gongar på Kiwi. Til all lykke er Bunnpris ope i morgon, om vi skulle ha gløymt noko......Då får prinsipp vere prinsipp. Har fått melding frå Rasmus. Dei har sjekka inn på Vesterland, så eg reknar med at dei kosar seg der.Dei delar turen i to, så blir det litt kjekkare for gutane å reise den lange vegen.
I dag tok vi ein pizza Grandiosa til middag, av dei fire vi kjøpte på tilbod for 100kr. Viss de spør korleis den smakte, er svaret enkelt: ingen ting ! Hadde nokre friske tomatar og ruccolasalat oppå, det hjelpte berre litt.
La meg ned på sofaen med ei lydbok etter middag, og der sovna eg og vakna til full sol. Torde ikkje gå tur i dag, er ikkje SÅ sprek, så eg laga halvferdig middagen til i morgon. Det er ikkje mange tradisjonar vi har her i heimen, men når Rasmus kjem heim er det LASAGNE, laga frå grunnen.(Oj, der kom eg på at eg ikkje har lasagneplater på lager-så Nils må på butikken igjen!)
Håper på fint vêr både denne veka og neste, for alle som skal ha haustferie.
Bildet over tok eg frå Elkjøp. Der kan ein sjå at det enno er gammal snø i Saudehornet, men at det har minka på den nye.På bildet under ser de Vallahornet i kveldssol.

lørdag, september 01, 2012

Vêrmelding 1.september - 2012

Klokka er snart 14.00, og eg sit her ved laptoppen og ventar på at grauten skal bli ferdig. Går ut på kjøkkenet og rører i gryta av og til.
Ute er det overskya, stort sett opplett og litt vind. Her oppe på Bøen hos oss blæs det sjeldan noko særlig, men vi har vore ein tur ut på Rjåneset,, og der var det frisk vind. Men ikkje så kaldt - sidan vinden stod ut fjorden, kjem han nok frå sør. Her hos oss er temperaturen + 14 grader, men det virkar kaldare.
At eg har ein lei tendens til å rote meg bort i litt dumme situasjonar er ei kjend sak, og i dag greidde eg det igjen. På vegen utover såg vi nokre steinar som kanskje ville høve i muren som vi held på å flikke på, så då vi reiste heim, stoppa vi for å sjå etter. Vi fann ein brukbar stein og tok den med til bilen. Då dukka det opp ein mann som var litt ekstra brun i ansiktet. Det viste seg at han budde i ei utrangert campingvogn som stod der. Han var sjølvsagt rumenar og forstod ikkje norsk, og ikkje mykje engelsk. Vi viste han steinen, og det var visst greitt, men sidan han gikk i arbeidskle prøvde eg å spørje om han jobba der osv. Dum som eg er, forstod eg ikkje at han reagerte då han høyrde ordet  "jobb" .Det var tydelig at han trudde vi hadde jobb til han. Han ringde til ein venn som kunne engelsk, så eg måtte snakke med han i mobilen. Litt etter kom ein annan venn som ikkje forstod bæra. Vi prøvde å komme oss derifrå, men nei da, vi måtte vente, for no hadde han ringt til ein tredje venn som kunne norsk. Vi venta og venta og til slutt kom han joggande. Han kunne rett nok ikkje norsk, men forstod engelsk, såpass eg fekk forklart han at det heile var ei misforståing.(På overtydelig og nokså primitivt språk). Og etter at Nils hadde vist han steinen som låg i bagasjerommet fekk vi fare. Puh ! No har vi i alle fall ein "minnestein".
Gløymde visst å ønske alle ei god helg i går, så då gjer eg det i dag.

onsdag, august 29, 2012

Vêrmelding 29.august - 2012

Klokka er 19.15, temperaturen ute er + 17 grader C og det er lettskya. Vi har hatt ein nydelig dag, opplett og fin temperatur. Vêret var som bestilt til prosjektet vårt, som er neste ferdig.
Vi starta dagen med å lage ei arbeidsteikning og ei innkjøpsliste, før vi tok turen til Furene på plantesenter og trelastlager. Kjøpte impregnerte fjøler til kantar, duk og bark til det området som ikkje skal vere plen. Prosjektet vårt er som eit framhald av naboen  sitt, og vi er godt fornøgde med dagens arbeid. Det står att å klippe/ev. skjere bort den duken som er for mykje. Vi har helde på ute i heile dag, først no har vi ete middag. Det er sjølvsagt Nils som gjer mesteparten av arbeidet, men eg hjelper til det eg kan. Naboen kom ut og tok bilde av oss midt i kampens hete, og han hadde kopiert bilda på fint, glansa papir. Det tapte seg litt då eg scanna det.

tirsdag, november 22, 2011

Shoppingtur - igjen.

 I dag var ikkje arbeidslysta på topp, så då måtte vi ta oss ein liten tur. Vi hadde eit ærend bort til Lefdal i Furene-ville kjøpe ei induksjonskokeplate,liknande den som Rasmus har. Eg hadde sjekka på nettet og funne ut at Lefdal hadde beste tilbodet.
Ikkje alle er klar over kor stort og innhaldsrikt industri-og handelsområdet i Furene er, derfor tenkte eg å presentere litt her, for t.d. nordfjordingar og øyafolk som av og til handlar i Ørsta. Ved sidan av Lefdal bygger dei no ein kjempestor Megabutikk som skal opne den 26.nov.Då eg stod på vegen og tok bilda hadde eg desse to butikkane til høgre og Plantasjen til venstre.
Eit stykke lenger borte hadde vi også eit ærend. Då såg eg ein flisbutikk med ei veldig fin og spesiell fasade.



Sidan vi var så godt på veg, tok vi like godt ein Voldatur for å sjå på den nye kafeen og blomsterbutikken rett opp for småbåthamna i dei nye husa der.Der såg heilt greitt ut, men det var fullt på kafeen, så vi sette oss ikkje til. Eg skulda på at eg måtte til Volda og hamstre garn. Og det gjorde eg.
Vi enda opp på Amfi, som vanlig, og kjøpte frosen pizza med oss heim.Det vart middagen i dag.

lørdag, oktober 01, 2011

Vermelding - 1.oktober 2011

 Klokka er ikkje meir enn 10.30,det er lettskya og fint ute, og temperaturen er + 18 grader C. Når eg skriv på bloggen så tidlig på dag, er det fordi eg har sett mørke skyer i sørvest, så det er usikkert kor lenge fineveret varer. Vi er ikkje altfor godt vande.Nils var oppe i gryotta og sette ut teinene så snart DET var lov. Han måtte fiske sei til agn, og kom også heim med ein balje full av småsei, så no blir det kokt fisk i dag etter opp til fleire fiskelause dagar.
 Her sit han og sløyer.Brukar oftast å gjere det mens han er på sjøen, men i dag bles det såpass at det ikkje var så godt å få til.Katten Nusse held han med selskap, men er ikkje med på bildet. Der var mange andre som også var ute med teinene sine i dag. No håper vi sjølvsagt på fin krabbefangst, hummar er heller ikkje å forakte, men det kan ikkje EG ete. Eg brukar å seie at eg har "hummar-allergi"-synest det høyrest litt fornemt ut. "Intoleranse"  er vel det rette ordet når det er mat ein ikkje toler. Men eg unner andre å nyte denne delikatessen.
Eg har ingen spesielle planar for dagen, anna enn at eg skal flytte ein plante og elles stelle litt i hagen-trur eg.Spørs kor lenge fineveret varer. Ha ein fin dag!

fredag, september 30, 2011

Vermelding 30.september 2011

Klokka er no vel halv to. Temperaturen på trappa er + 20 grader C, det er skya, men opplett.I går var tempen oppe i + 24 ei stund på dagen.
Vakna og stod opp relativt tidlig i dag, då var det både skodde, grått og litt regn. Men veret har kome seg etter kvart, og no ser vi så vidt i sola. Nils held på å lage til middag; varmar opp kjøtkaker frå onsdag.
Eg plagast med ryggen.Får ofte eit lite "anfall" etter at eg har vaska golv, og det har eg gjort i dag. Og så har vi vore på ei gedigen handlerunde, først i Volda, der eg kjøpte lestegarn, og så på REMA 1000 her i Ørsta. MÅTTE berre inn og sjå om dei hadde kyllinglår, og det hadde dei. Dermed handla vi alle kolonialvarene der i dag, men måtte så vidt innom Amfi sidan eg skulle ha noko på apoteket. Viss veret betrar seg og blir like fint som i går, skal eg legge meg ut på altanen etter middag og kvile ryggen min.
No er det vel mange som snart har haustferie, og eg håper, mest for deira skuld, at vi får det fint nokre dagar til.Nils skal legge ut krabbe/ hummerteiner i morgon. Det er lov frå klokka 8.00 å fiske hummar!
God helg til alle! Og god ferie!

tirsdag, august 30, 2011

Vermelding 30.august - 2011

Klokka slår akkurat 4 (16 ). Det er + 14 grader ute, det er heilgrått og regn. Ikkje mykje oppløftande, men det skal visst bli fint i morgon. 
Det vart ikkje Ålesundstur på oss i dag, og det blir trulig ikkje i morgon heller. Ser ut som om vi får ha Suzukien ei stund. 
I dag har eg baka rundstykke og drive med litt anna husarbeid i tillegg. Hadde eit tur nedover for å sjå på den jakka eg ville kjøpe i går, men flekken var der framleis, så eg kjøpte den ikkje. Så tok vi ein liten tur til Volda, Nils skulle ha nokre skruar som han ikkje fekk tak i her, og eg måtte ha litt meir av ein spesiell sort garn som eg hadde kjøpt på butikken  attmed Narvesen. I dag hadde dei fått inn det lestegarnet eg likar best, det sterkaste av alle: Regia 6-trådig. Dei hadde fått inn mange nye fargar, men eg kunne ikkje kjøpe i hop meir garn akkurat no, må strikke unna litt først. Har hamstra.
Nils var vekke i timesvis i går. Alle partia hadde dugnad på Rådhuset og skulle legge brosjyrane sine i ein felles konvolutt. Partia var bedne om å legge sine lister etc. saman, klar til å putte i konvoluttar, men tru ikkje at alle hadde gjort det ! Så måtte dei andre partia hjelpe til. Dei er jammen dumsnille! Eg fekk gjort ein del "dataarbeid" sidan maskina fann det for godt å virke etter utblåsinga i går.
Vi har ikkje ete middag enno, men i dag skal vi ha kjøttbollar (kjøpt på tilbod på Coop ) i brun saus, med erterstuing og tyttebær.Det blir sein middag i dag.
Litt trist å stå på altanen og sjå ned på "hagemøblane"- dei har ikkje vore brukte i år. Kjem an på om vi skal knuse dei til pinneved, for dei er gamle. Vi kjøpte dei til Rasmus sin konfirmasjon, men heller ikkje den dagen vart dei brukte, for då snøa det.

lørdag, august 20, 2011

Vermelding 20.august - 2011

Klokka er snart halv tre.Temperaturen er ca +20 grader C og det er fint, lettskya ver. Nils driv og lagar middag, han kokar torsk som han fiska i går kveld og salta natta over.
Som de veit har vi fora på ein villkatt som vi har kalla Advokatten. For ei tid sidan fekk han eit stygt sår på halsen som ikkje har grodd. Han var så vill at det var ikkje råd å få stelt såret, og vi såg at han ikkje hadde det godt. Vi fekk eit tips om at vi kunne vende oss til Mattilsynet, og der fekk vi kjempegod sørvis. I går kveld kom ei dame med eit bur som vi skulle fange katten i. I går viste han seg ikkje i det heile tatt, men i dag tidlig kom han. Gikk inn i buret (brukte fisk til agn)og så var han fanga. Deretter ringde vi til dama som trulig er dyrlege, og ho henta katten i buret, så skulle ho avlive han på ein human måte. Og vi har ingen ting meir med han å gjere.Eg må presisere at om dette hadde vore ein TAM katt som vi eigde, kunne vi ikkje gjort det slik.
Elles har eg vore til frisør i dag. Ho får frie taumar når det gjeld håret mitt, og valde å ikkje klippe noko særlig.Var innom biblio i dag , men fann ingen ting nytt. Etterpå var vi ein tur til Vik, på Amfi og i gågata, før vi enda opp på Rystelandet for å få nokre plantar til pottene på trappa. Ikkje mykje å velje i no, så vi kjøpte berre kvit lyng, den står vel ei stund.Tok bilde frå andre sida i dag. Ser at der har kome ei strike i saudehornet. Enten har der gått eit ras eller så har der vore eit nytt elveleie for nokre dagar.Brukte det gamle apparatet som eg hadde liggande i veska, derfor den dårlige bildekvaliteten.
No ropar Nils at maten er klar, det går fort å koke mandelpoteter.
Fortsatt god helg til alle.

tirsdag, mars 22, 2011

Kvardag av Olav H.Hauge.

Dei store stormane 
har du attum deg.
Då spurde du ikkje
kvi du var til,kvar du kom ifrå
eller kvar du gjekk
du berre var i stormen,
var i elden.
Men det gjeng an å leve
i kvardagen og,
den grå, stille dagen,
setja potetor,raka lauv
og bera ris,
det er so mangt å tenkja på her i verdi,
eit manneliv strekk ikkje til.
Etter strævet kan du steikja flesk
og lesa kinesiske vers.
Gamle Laertes skar klunger
og grov um fikentrei,
og let heltane slåst ved Troja.


Eg er glad i dette diktet av Olav H.Hauge (og mange andre av dikta hans). Det heiter Kvardag, men eg kallar det "pensjonistdiktet", sånn for meg sjølv. Eg brukte det t.d. i ein tale til rektoren vår då han slutta. I dag tek eg det med her på bloggen fordi eg endelig har kome så langt at eg aksepterer at eg er blitt "eldre" og skal på "Eldrefest" på Kulturhuset for første gong.Utan at eg føler meg så mykje eldre enn det eg har vore.

fredag, november 26, 2010

Kallen og katten.


Dette vart ikkje noko fint bilde, reint teknisk, men eg er veldig fornøgd med at eg får til å legge inn bilde igjen.
I dag fekk Nils lokka med seg Advokatten inn på kjøkkenet, men så snart han såg meg, forsvann han som eit olja lyn.

torsdag, oktober 28, 2010

Vermelding 28.oktober 2010

 
Klokka er no 12.00. Temperaturen ute er + 8 grader og det er opplett. Nesten all snøen er borte, så no er det håp om å få rydda litt i hagen før vinteren.Nils har drive og rydda på altanen. Sett vekk sommarmøblar etc.Og kasta det som kastast må.
Eg heldt akkurat på å støvsuge då Nils ropte at eg måtte komme og ta bilde av han og Advokatten, adoptivkatten vår.Han blir litt tammare for kva dag, for han set pris på all den gode maten han får. Sjokoladepudding som var ute på dato fekk han i går, og det gikk ned på høgkant ! Elles går det mykje i fisk, sjølvsagt, men også ferdigkjøpte "kuler". Det er ein stor og fin katt !
Vi har tatt opp fiskekaker til middag i dag, og eg fann ein liten slank med rabarbra som eg koka suppe av. Brukar litt ekte sukker og resten kunstig søtstoff. Går ikkje an å sukre slik suppe med berre sukker !
I går kveld vaska eg golv og i dag støvsuger eg, for i morgon har eg bestilt time hos frisør. Det trengst, for å seie det mildt.
Posted by Picasa

torsdag, august 26, 2010

Vermelding 26.august 2010

Klokka er no 16.15, temperaturen er + 15 grader C, det er overskya og litt regn av og til.
I dag har den første solsikka sprotte ut. Naboane trur oss ikkje når vi seier at det er fuglane som har sådd frøa, men det er altså sant.Nils har fyrt litt i omnen for å gjere det trivelig inne no når vi skal slappe av.

I dag har det vore ein lapredag. Eg skulle til frisør 11.30 og etterpå skulle vi handle mat etc.
Etter at vi var ferdige på Amfi gikk vi opp i gågata for å sjå litt på dei få butikkane som er att. Vi var inne på den nye interiørbutikken som har ein for oss ny stil. Eg vil kalle den "Fransk, landsens stil med rot i 50-talet". Artig å sjå, men korleis kombinere med det ein har frå før? Det er litt av ei utfordring. For ikkje å gå heilt tomhendt ut att, kjøpte eg dette brettet til ca 200 kr. Dei hadde eit i grønt som eg heller ville hatt, men eg var redd det var feil grønfarge. Kanskje eg kan kjøpe det også og gi vekk det eine?
PS. Har oppdaga at brettet har samme farge som kjøkkeninnreiinga, så det passar i grunnen godt inn.

Dagbok 2026: 26.oktober

På TV:Mor og dotter på Grønland.(Eg kjenner dei ikkje, men såg dei på TV) Klokka er no 20.26,temperaturen ute er +6 grader og det regnar lit...