søndag, juli 31, 2011

Vermelding 31.juni - 2011

 Klokka er ca 18.00, temperaturen + 20 grader -men skodda ligg framleis som eit grått teppe over hovudet på oss. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, men Nils hadde seg ein liten tur på føremiddagen. Eg er ikkje bra i ryggen, om det kjem av at eg har strikka for mykje, eller av det eg trakka for mykje rundt i går, veit eg ikkje.
I dag hadde vi steikt kveite med remulade til middag, appetitten er på topp på trass av det trasige veret. Ser på FB at dei klagar over at det er VARMT på Norway Cup- ja, sunnmøringar kan halde seg her i skodda om dei ikkje toler varme no ! For å bøte litt på dårlig humør, skal eg ha meg ein tur ned i jordbæråkeren. Etterpå skal eg stryke kleda eg hengde ut før middag. Best å ha alt i orden om sola skulle vise seg.
Rasmus og fam. var på Daftø då eg fekk melding f.m. Viss eg ikkje tek feil, er det om lag der båten går over til Sandefjord.
Tre av barnebarna er til stades på NC, ein som trenar, to som spelarar på kvar sitt lag. Her er nokre av gutane frå Folkestad.
 Og Kongsberggutane har det framleis fint, på camping i Sverige.

lørdag, juli 30, 2011

Vermelding 30.juli-2011

Klokka er 13.30, temperaturen + 18 grader C, og skodda ligg som før. Eg har sikkert sagt det før: Eg tolererer all slags ver, men skodde gjer meg heilt sprø.Den tyngjer meg ned!
I dag hadde vi eigentlig ikkje ærend til Vik, men måtte ha oss ein tur for å sjå folk. 
På Amfi var det merkelig stille, så vi gjekk opp i gågata. Der var det musikk på "scena" nedanfor Svendsengarden. Det var godt vaksne korpsmusikarar som er på sommarkurs på folkehøgskulen som spela. Det var flott å høyre på.
Dei spela gammal-jazz først, og etter at varaordføraren hadde helde ei lita tale, spela dei Gabriels obo. Det er den såkalla Naturfestivalen som opnar i dag, så der var også sykkelløp og akrobatikk i gata. Neste laurdag er det "Saudehornet rett opp"-for dei som kan tenkje seg det.
Vi vart ståande og gåande å prate med mange vi kjende, så vi fekk tilfredsstilt eit sosialt behov. Men til tross for at eg hadde tatt på meg vinterbukse og genser, vart det kaldt.
No skal vi ete middag. I dag skal vi ha gourmetmat: Pølse med brød!

fredag, juli 29, 2011

Vermelding 29.juli-2011


Klokka har alt passert 17.30; dagane går fortare enn eg likar å tenke på. Ute er det framleis overskya og skodde, men ikkje fullt så grått som det var i dag tidlig. Sommar kan vi ikkje snakke om, temperaturen er rettnok + 17 grader, men utan sol er ikkje det så veldig varmt.
I dag har det ikkje hendt så mykje. Før middag var vi ein tur på Amfi, og der treffer ein alltid mange hyggelige menneske å prate med. Då vi kom heim, sette vi gang å lage middag, i dag vart det steikt sei, og etter eit slikt herremåltid er det berre å flate ut. Dessutan er det heilt nødvendig for dei som ikkje søv om natta- dvs. ikkje har vit å legge seg.
Det var ein ting eg gløymde å fortelje om turen rundt fjorden i går. Det er vanlig å sjå ymse ville dyr på denne strekninga, men litt uvanlig å nesten køyre på ein hegre som spaserte midt i vegen. Heldigvis kom han seg på vengene i tide.
Sist eg fekk melding frå Rasmus var dei på ein campingplass i nærleiken av Vänersborg. Staden heiter Ursand. Dei har hatt veldig fint ver i Sverige.
Nils gjekk seg ein tur ut gjennom gata for å sjå på eit byggeprosjekt. Eg skal henge opp klede etc.Har ein konstant "lidelse" denne sommaren, og det er manglande energi.
Håper alle har det bra anten dei er på ferie eller heime.
God helg!
Minstebror køyrer traktor.

torsdag, juli 28, 2011

Vermelding 28.juli-2011

 Klokka er no 22.30. Temperaturen er + 13-14 grader C og der er fotsid skodde, som det truleg har vore heile dagen.
Nils var tidleg opp i dag og for ut for å fiske. Han kom att med ein bra fangst sei, så til middag vart det kokt småsei. Med Kvitseidsmør og flatbrød til er det ein delikatesse.
Har i fleire dagar tenkt på ein tur til Eid for å besøke grava til foreldra minesidan det i desse dagar er 20 år sidan mamma døde.
Vi tok 13.30 ferja frå Volda. Som eg hadde forventa letta skodda då vi kom over Stigedalen, rett og slett fordi det blæs meir på Eid enn her.Men sjølv om vi fekk sjå sola, var der slett ingen varme. Vi var først innom gravplassen, litt seinare var vi innom Hildenes gartneri og kjøpte litt blomster, før vi slo oss til ro med kaffi og kaker på Hildegard. Bodil og Svein var heime "åleine" i dag, og vi hadde ein lang og god prat.Takk for ei fin stund! Vi var oppom gravplassen på heimvegen og sette blomsten på plass.
Hildenes si blomsterforretning er den finaste eg har sett i sitt slag.Mange fine blomster, sjølvsagt, og massevis av stæsj som er ordna etter farge. Dessverre vart mange av bilda mine gule denne gongen også, eg må få opplæring i korleis eg kan unngå det.Men for alle som har tenkt seg til Eid: Stikk innom Hildenes!
Sidan det var såpass seint då vi for heim, var vi ikkje sikre på kva tid ferjene gjekk, så vi køyrde rundt fjorden. Det var litt interessant, for der har det skjedd mykje sidan sist vi for der. Eg tenkjer sjølvsagt på arbeidet med Kvivsvegen.




onsdag, juli 27, 2011

Bok nr. 44 - 2011: Den sjette klagesang.

Denne boka var det Margrete som anbefalte meg å lese, og det har eg gjort. Dessverre brukte eg alt for lang tid på dei 11 CD-platene, og konsentrasjonen har heller ikkje vore på topp.Det har vore mange tilbakespolingar, så orda har nok vore fleire gonger både inn og ut av øyrene mine. Det var veldig mange namn å halde greie på for det gamle hovudet mitt, så eg skulle absolutt ha laga meg ei namneliste heilt til å begynne med. Eg ser ikkje bort frå at eg kan komme til å lese boka om att, men sikker er eg ikkje. Les heller kva Margrete har skrive om boka.

Vermelding 27.juli -2011

Klokka er snart 16.00, temperaturen er + 21 grader, og skodda er stort sett borte.Men det er litt lette skyer og vind, så eg kunne godt tenkt meg litt meir varme. Den kjem nok. Nils held nok heten for han klipper plenen nedanfor huset. Når han er ferdig med det, skal eg ut og plukke jordbær, som vi skal kose oss med på bryllaupsdagen. Det er i dag 49 år sidan vi gifta oss i St. Jørgens kirke i Bergen. Det var eit lite og beskjedent bryllaup vi hadde, så om vi lever og har liv og helse neste år, kan det bli feiring. Eg kan hugse besten og besta sitt gullbryllaup i Innvik då eg var barn, det må ha vore på 50-talet ein gong, men Svein har vel år og dato?

Det har vore nokre underlige dagar etter den fæle hendinga på Utøya og i regjeringskvartalet, og mange tankar og følelsar har meldt seg hos nokon og kvar. I dag stod eg og prata med dotter til naboen, og vi var heilt samde om ei sak: Norge må slutte å bombe i andre land. Straks! Ho hadde vore på Kreta og sett dei tunge bombeflya lette med kurs mot Libya, og komme lettare tilbake. Bombing mot sivile er terror, og det har Norge vore med på, både i Libya og i Afganistan. 
Det var min første tanke då bomba vart sprengt i regjeringskvartalet: Dette er hemn for bombinga vår. Det var det heldigvis ikkje, men vi kan  ikkje sitte her i dette fantastiske landet og ta imot sympati frå heile verda, på samme tid som vi er med og bombar uskuldige! (Og kven er eigentlig skuldige?)
"Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv!"
Eg håper dei styrande her i landet ikkje begrensar kjærleiken sin til oss som bur her, men spreier bodskapen til heile verda, slik at folk igjen kan seie: "Look to Norway!"

tirsdag, juli 26, 2011

Vermelding 26.juli-2011

 Klokka er ca 18.00. Ute ligg skodda langt nedetter fjellsidene, og vi ser ikkje mykje antydning til sommar.Det er litt hustre ute, men temperaturen er om lag som i går -+15 grader C. Det er opplett, så no fann Nils ut at det gjekk an å slå plenen, han lyt nytte høvet kvar gong det er tørt i graset.
Vi lurte litt på å ta ein tur til Eid i dag, men då eg ringde bort, var Bodil åleine heime, Svein var sjåfør for hestevogn. Bodil og eg fekk oss ein lang prat, men besøket vart utsett til ein annan gong.
I staden tok vi ein tur til Volda, eg ville sjå inn på den nye garnbutikken kva utval dei hadde i lestegarn.Dei hadde sjølvsagt mange sortar, men eg kjøpte ein sort eg kjenner til frå før, kan ikkje kjøpe dei sterkaste sortane, for dei er ofte litt harde og tunge å strikke, eg må ha noko som er mjukt og lett. Ho som ekspederte meg var hyggelig og hjelpsom, og eg ser ikkje bort frå at eg kjem til å handle meir med henne.
Sist eg var i Volda kjøpte eg meg ei tynn "sommarjoggebukse", i dag kjøpte eg meg ei til samme sorten, men 100 kr billegare. Det er sommarsal over alt, men det er ikkje så mykje som fristar.
Vi enda opp på Amfi, der vi kjøpte med oss ein pizza, som blei middagen i dag. I dag har eg kvilt middag, det er ei stund sidan sist. No skal eg prøve å få gjort litt småtteri i huset.
Det blei ganske mykje TV i går kveld også, men i dag har vi ikkje hatt på sidan i dag tidlig. Mykje å lese på FB også, men det dabbar vel av litt etter kvart. I dag var heile førstesida av Møre-Nytt dekt av eit svart/kvitt bilde av Guro Vartdal som framleis har status som sakna.

Bok nr. 43 - 2011: FRISK AV MAT

Å seie at eg har lese denne boka er vel drygt, men eg har lese i den. Nils kjøpte den av ein "neger" på moped i går kveld.(Eg brukar ordet "neger" for eg veit ikkje kva land han kom frå. Det er ikkje vondt meint). Han selde bøker for å få pengar til utdanning, og det er greitt for meg.
Det er litt artig å lese i boka, for her kan ein finne ut kva mat ein bør ete eller ikkje bør ete, utfrå dei sjukdommar og plager ein har.
Vi har gått over til å ete ein halv banan kvar på frokostskiva vår, i staden for syltetøy. I boka kan eg lese at banan inneheld mykje kalium (det visste eg frå før) og at det er gunstig for folk som har høgt blodtrykk og tek medisin for det.Så det var eit blinkskot.
Har ei plager med urinvegsinfeksjon bør ein halde seg unna krydder,chili, kaffi, brus og sukker.
Her står også kva ein skal ete/drikke meir av, i dette siste tilfellet er det vatn, blåbær,tyttebær,graskarfrø,sitrusfrukter og løk m.m.
Her står også mykje om diverse frukter og grønsaker som er relativt ukjende hos oss.
Eg synest det er artig å lese i denne boka, men kjem vel berre til å følgje råda som passar meg.
Mitt problem er at det eg bør halde meg unna er det eg likar best. Nokså logisk i grunnen.

mandag, juli 25, 2011

Vermelding 25.juli -2011

 Klokka går mot 20.30. Temperaturen er +15 grader og det er skodde og duskregn.
Det har vore enda ein dag utanom det vanlige. I dag har eg sett lite på TV, så eg har ikkje fått med meg så mykje kva som skjer elles i landet. Sidan både Solveig og Margrete skulle til Ørsta for å gå i fakkeltog, bad eg dei til middag her før toget. Laga ein gryterett med ris. Brukte mykje av føremiddagen på å lage mat, dekke bordet etc. Margrete hadde alle 4 barna med seg; frå Hareid var det berre Solveig og Olaug som kom.
Det vart eit kjempelangt tog som gjekk frå Amfi til kyrkja. Vi var komne fram til kyrkja før dei siste gjekk frå Amfi.Det var 3500personar frå Volda og Ørsta som gjekk i toget, somme med roser og andre med faklar. Då alle var komne fram til kyrkja var det mange korte "appellar" frå AUF-medlemmer, ordførarar og prest. Vi song også to songar: Til ungdommen og Mellom bakkar og berg.Vi fekk legge frå oss rosene ved kyrkjetrappa.
Eg trur denne vode hendinga har gjort at folk bryr seg meir om kvarandre og viser det. Sjølv opplevde eg at tre av mine tidlegare elevar (jenter) kom og helste på meg og klemte meg. Det var veldig kjekt, for eg kjenner ikkje alle att om eg møter dei att, no 9 år etter at dei slutta på barneskulen. Det er no eit lyspunkt at dei kjenner MEG igjen.
Døtra til naboen som bur i Oslo er heime på ferie. Ho var nært då det small i regjeringskvartalet. Ho jobbar til vanlig i eit departement, men denne dagen var ho i byen på kafé.
Vi snakka om det i dag at det er så mange som har vore nære på å bli ramma, men slik er det alltid. Det er alltid nokon som unngår katastrofen av meir og mindre tilfeldige grunnar. Dei skal vere glade for det, og ikkje ha dårlig samvit. Det er mange her som har det vondt no fordi ein av leiarane i Ørsta - Volda AUF er blant dei sakna. Ho gjekk på vidaregåande i Volda der Margrete jobbar, så der blir det ein pult ståande tom når skulen tek til att.
( Vil berre presisere at duken var fint stroken før eg la den i skuffa). 
Dette bildet må ein eller annan ha tatt frå kyrkjetårnet. Eg har saksa det frå Sunnmørsposten.

søndag, juli 24, 2011

Vermelding 24.juli -2011

Klokka er snart 18.30. Sola skin på sitt aller finaste, etter at skodda letta langt ut på dagen.Temperaturen er ca +23 grader C. 
Vi har halde oss heime i heile dag også, eg har sett mykje på TV og strikka. Dei lestane eg strikkar no, kjem alltid til å minne meg om Utøya, men det kan eg no halde for meg sjølv. Elles var det ei fin overføring av gudstenesta i Domkirken. Eg er stolt av at vi har eit kongehus som stiller opp, og for at vi har politikarar som verkelig bryr seg. Også i dag har det vore veldig tungt å tenkje på alle som har mist nokon av sine på ein så grusom og unødvendig måte. Men det må vere lov å vere glade for at vi ikkje er blant dei som er råka. Vi kunne lett ha vore det, sidan eit av barnebarna er AUF-medlem og hadde tenkt seg til leiren på Utøya. Ho har vore på ei stor AUF-samling og kjenner mange av medlemmene.
Til middag i dag hadde vi middagspølser og erterstuing, det er sjelden kost her i huset, men vi prøver å ete tom frysaren. I går hadde vi kokt lange.
Eg ser at mange brukar FB for å dele tankane sine med andre i desse dagar. Eg har tenkt på det at FB faktisk fungerer veldig bra i slike høve. Heldigvis har det ikkje vore mange rasistiske kommentarar-og det er bra. Mange innvandrarungdommar har funne seg til rette i AUF, og det kan vere ein av grunnane til at gjerningsmannen reiv seg ut over denne gruppa. Eg synest det er fint at politikarane fokuserer på at Norge framleis skal vere eit ope og demokratisk samfunn med plass for alle. Så håper eg også at ordet "snik-islamisering" blir stroke av vokabularet for godt!

lørdag, juli 23, 2011

Vermelding 23.juli 2011.

Klokka ersart 19.00. Det er overskya, og det har regna litt innimellom. Temperaturen er no ca 17 grader C.
Nils og Hassan er ute og fiskar frå land.
Eg har følt på at det er søndag i dag. Har vore heilt ute av stand til å gjere noko anna enn det som er heilt nødvendig.Har site mykje fram for TV-en, men greidde å slå av ei stund. Sit og strikkar på dei evinnelige lestane mine. Eg skulle sikkert ha vore og handla litt, men vi overlever vel på det vi har til mandag. Makta ikkje tanken på å møte folk og snakke om det som har skjedd.
Det er skremmande at ein tilsynelatande vellykka nordmann frå Norge kan stå bak ein direkte massakre av så mange ungdommar. Skræmande er det også at han er motivert av framandhat. Han har vore medlem av Frp-ungdom, men dei var for lemfeldige i flyktningpolitikken sin. Det seier sitt!
Eg synest likevel det er betre at ein gal nordmann står bak, enn at vi skulle bli angripne av internasjonale terrorgrupper.
Men for dei som har mist barna og ungdommane sine, er det like vondt same kven som står bak.Tankane mine går til alle foreldra og andre pårørane, og ikkje minst til dei ungdommane som overlevde - men har hatt ei ekstremt traumatisk oppleving.

The day after.

 Så er vi litt klokare enn vi var i går. Det vil seie at vi veit litt meir. Eg må innrømme at etter bomba i regjeringskvartalet, tenkte eg med ein gong på ekstreme islamistiske organisasjonar, sidan dei har utført liknande aksjonar andre stader i verda. Men då skytinga på Utøya vart kjent, og dei to hendingane vart sett i samband med kvarandre, gikk tankane til høgre-ekstremistiske miljø, eller ny-nazistar som dei også vert kalla. Eg veit at det finst store slike miljø i Sverige, og at det finst sympatisørar i Norge.(Har lese om det i diverse krimromanar).
Det som skjedde på Utøya er så vondt og trist at eg har vanskelig å tenkje på anna. Kanskje vert det ekstra sterkt sidan Ingeborg hadde tenkt å reise til den leiren?
Eg håper at politiet greier å få full oversikt over det som har hendt.Og eg synest det tross alt er bra at EIN gal mann er den skuldige, og ikkje ei utanlandsk gruppe.Både eg og sikkert mange andre, tenkte vel først i dei baner. Eg synest også synd i gjerningsmannen som må leve med det han har gjort. Det er ei tung bør å bere viss har forstår konsekvensane av handlingane sine.
Eg går likevel ikkje tilbake på at Norge må slutte å drive krig i andre land. Terror er terror uansett kven som styrer våpena. Og det å miste sine er like vondt for alle-verda over. Det var i grunnen det eg ville ha sagt.
(Eg syntest peace-rosa til Solveig var eit fint symbol. Eg herma, men henta rosa mi på nettet)

fredag, juli 22, 2011

Vermelding 22.juli-2011

Klokka er 18.30. Veret i dag har vor overskya, stort sett opphald, og sommarleg temperatur. Akkurat no er temperaturen  + 16 grader C.
No er vel ikkje veret det som opptek oss mest i dag. Vi var ute og jobba, eg med å rense ugras, og Nils med å rydde og spyle altanen, då naboen kom og fortalde kva som hadde skjedd i Oslo. Han hadde tilfeldigvis på TV-en fordi han heldt på å reparere apparatet til svigermora.Vi brukar sjeldan og aldri å ha på TV før utpå kvelden.
Heilt frå Norge kom med i krigane i Afganistan, Irak og Libya har eg vore redd for at noko slikt kunne skje.Og eg har vore sterkt imot at Norge skal vere med å bombe i andre land som ikkje har gått til åtak på oss.  
Når eg ser bilda frå Oslo , tenkjer eg på alle bilda som i årevis har rulla over skjermen frå andre meir "ufredelige" land. Bilde som ikkje har sett seg så altfor fast. Vi høyrer om antall drepne i land langt unna, og det blir berre tal. Det er heilt annleis når det skjer i vårt elles så fredelige land, i ein by vi kjenner- ja, kanskje kjenner vi einkvan av dei som er råka også. Det kjem så nær! Krig og bombing i andre land har vi blitt vant til å sjå på skjermen nesten dagstøtt.
Så spør ein: "Er dette eit terrorangrep?" Då må eg spørje tilbake: "Kva anna kan det vere?" 
Håper at einkvan står fram og tek på seg skulda, slik at vi får klarheit i situasjonen. Og så vil eg for all del håpe at Norge kallar heim sine krigsfly og soldatar. Vil ein ha fred i verda, får ein slutte å krige.(Dette er noko eg har sagt lenge-ikkje noko eg har funne på i dag.)
Og så er det situasjonen på Utøya, den er nokså uklar enno. Heldigvis er ikkje nokon av "våre" der.Eg er veldig glad for at ikkje Ingeborg reiste til AUF-leiren, slik ho hadde planlagt.

torsdag, juli 21, 2011

Vermelding 21.juli-2011

Klokka er no 19.30, og vi er nettopp ferdige med middagen. I dag vart det ikkje fisk, men ein asiatisk-inspirert gryterett.Ute ser det ut til å lette opp, det har vore sid skodde og litt regn før i dag.Temperaturen er ein stad mellom +15 og 16 grader C.
Nils har jobba med rekkverket i dag også, eg har berre hjelpt til litt på slutten. Han har beinka opp litt både her og der, og så måtte han til Volda for å få tak i beslag til skøytane. No står det att å sette i fleire skruar på alle fjølene, men det går relativt radig. Vi er godt nøgde med jobben, sjølv om det ser litt halvferdig ut så lenge ikkje heile rekkverket er beisa. Ja, og så må vi kanskje rydde litt på altanen?
Eg har gjort unna fredagsvasken, godt å ligge litt i forkant, og gjort diverse anna husarbeid. Så var vi ein liten tur ned på biblioteket. Og innimellom har eg strikka lestar -julelageret veks! No ser eg faktisk nokre solstrålar i vest, så håpet er enno ikkje ute.

onsdag, juli 20, 2011

Vermelding 20.juli-2011


Synest det er vemodig at vi alt har brukt opp så mykje av sommaren. Sjølv om vi ikkje skal begynne på jobb igjen, så blir jo sommaren slutt. I dag har det vore ganske bra ver før middag, men akkurat no kom det ei skikkelig regnbyge, så vi måtte sleppe det vi hadde i hendene og gå under tak.Temperaturen er + 16 grader C.I går kveld mens Hassan og Nils var ute og fiska kom det torever og voldsomt regn her inne.Ute på fiskefeltet merka dei ikkje så mykje til det.
Vi har ikkje kome så mykje lenger med rekkverket i dag, vi måtte ta ned nokre fjøler og sette dei opp på nytt, for det var noko som vart skeivt i overgangen mellom den eldste og den nyare altanen. Men det er fort gjort å sette opp fjølene når alt er klart. Eg held og Nils skruar. Vi måler avstanden med to klossar og brukar wateren innimellom.
I dag var vi ein tur på butikken og handla mat, det var nokså tomt i kjøleskapet sidan eg ikkje hadde vore på butikk på over ei veke. Då eg kom heim støvsuga eg grundig, så er det gjort til helga.No håper vi det klårnar opp så vi får sette opp resten av fjølene. Beisinga er ikkje noko det hastar med.
Måtte bere orkidéen min ut på gata og vise den fram.Ingen av naboane hadde sett maken før. Som før  sagt, var den heilt "normal" då eg fekk den. 
Det letta opp såpass at vi fekk opp dei siste fjølene.No er det litt finpuss + topp-bordet som står att.Vi er bra fornøgde.

tirsdag, juli 19, 2011

Vermelding 19.juli-2011

Klokka er 14.30. Temperaturen er + 18 grader C , og for ei lita stund sidan begynte det å regne.Vi har hatt fint arbeidsver før middag, og vi har fått skrudd opp nesten heile rekkverket. Hadde kanskje blitt ferdige, men vi hadde for lite material. Ikkje fordi vi hadde rekna feil, men fordi vi bestemte oss for å ha "spilane" 70 cm i staden for 60 cm, som vi først hadde planlagt. No har vi nettopp hatt oss ei brødskive og ein kaffikopp og Nils har reist for å kjøpe meir material. Så skal fjølene beisast før vi kan sette dei opp. Vi har ein godt innarbeida rutine på dette arbeidet no. Elles har eg også i dag baka brød langsmed snikkararbeidet; må lage to sortar brød, heilgrovt til meg, og halvgrovt til Nils.Det kom ei skikkelig rotbløyte ute no, så slepp vi i alle fall å vatne.Fekk telefon frå ei veninne i dag, men Nils masa om at eg måtte komme og hjelpe han. Hadde han visst kven eg snakka med, hadde han ikkje gjort det.
Rasmus er på Grålum,i Sarpsborg kommune, ein liten tur, kjem heim i morgon.

mandag, juli 18, 2011

Vermelding 18.juli-2011


Klokka slo nettopp åtte (20.00) og sola skin framleis. Temperaturen er ca 22 +-grader. Det har vore ein kjempefin dag med mykje sol og lette skyer på himmelen, og ikkje for varmt for oss som jobbar. Vi starta opp ganske tidlig og fekk opp spikerslag. Seinare begynte vi så vidt med å få sette opp sjølve rekkverket. Fleire naboar måtte kontaktast for gåde råd og vink. No kan det sjå litt rart ut fordi noko material er beisa og anna ikkje, det er fordi den trykkimpregnerte materialen ikkje kan beisast enno. Det skal ei tjukk, brei list på toppen til slutt. Vi treng ein dag til med finever!Elles har eg baka brød, og plukka så mykje jordbær at Nils og eg fekk ulyste oss. Det vart jordbær med fløte til dessert no i kveld. Vi et alltid dei første jordbæra frå eigen hage med kremfløte på. Det er ein tradisjon. Til middag hadde vi elles salta lange av den store som Nils fekk i går. Eg er så glad i lange, og når ein får fisk som ikkje har vore i frysaren, er det berre lekkert.
No ser Nils fotball på TV, men eg skal finne på noko anna.

søndag, juli 17, 2011

Vermelding 17.juli-2011

Klokka har passert 21, og ikkje veit eg kvar denne dagen har blitt av.Temperaturen er ca +17 grader C, det er overskya og litt regn av og til. 
Nils stod opp nokså tidlig og reiste ut for å fiske. I dag var det endelig stilt, etter at vi har vore velsigna med vind heile veka.Han kom heim med lange og sei. Eg styrte litt i huset mens han var vekke, men mest av alt har eg strikka i dag. Det går i lestar, med bok på datamaskina, og for ei lita stund vart eg ferdig med ein lest og ei bok, nesten synkront.
Til middag i dag vart det restar frå i går, så det var jo lettvint - og godt.
Energien eg hadde desse solskinnsdagane har vore fråverande i dag, men ryggen min trong ein pause, så det var greitt. Viss det blir brukande ver i morgon, skal vi jobbe vidare med rekkverket.

Bok nr. 42 - 2011: Frels oss fra det onde.

Så vart det enda ein krim-roman, sidan eg ikkje fann noko anna på biblio sist eg var der. Og her er det absolutt ikkje "nogo attåt". Det er klisjé på klisjé frå ende til anna. Overarbeidde politifolk som ikkje har tid til familien, ein politimann som ikkje er heilt frisk, groteske drap ...og "you name it ". Dette er også ein politiroman, der vi følgjer politiet sitt arbeid fram mot oppklaringa. Boka er nokonlunde fokusert, lettlesen og gørr kjedelig. Var det ikkje for at det var litt spenning i leste-strikkinga, hadde eg ikkje kome igjennom den.
Boka er, så vidt eg kan bedømme ut frå lydbokversjonen, godt skriven, og godt lesen. Det er det mest positive eg kan seie om denne boka.

lørdag, juli 16, 2011

Vermelding 16.juli-2011

 Klokka er snart halv åtte. Temperaturen er +23 grader, det har den vore det meste av dagen.Og spla skin! I går kveld var det ein prektig fullmåne, men det er tvilsom om vi får sjå månen i kveld, for det driv så smått og skyar over. 
Margrete hadde sjekka vermeldinga og funne ut at dagen i dag høvde til eit Ørsta-besøk sidan det skulle vere overskya, men så vart dette den finaste dagen! Eg brukte mykje av føremiddagen på å lage mat og vaske opp etc., men tykte ikkje gjestane var svoltne nok. Det hadde kanskje vore ein sein frokost? Elles kjem vel Margrete til å blogge om besøket, så eg skal begrense meg. 
Har lagt ute på altanen med lydbok ei stund, men så begynte eg å verke så grassat i foten at eg måtte opp og gå. Låg våken og verkte det meste av natta også, så eg tok det vel litt for travelt i går. Eg kjenner ingen ting før etterpå når eg har vore litt ekstra aktiv, og då er det for seint. Eit par dagar i fred og ro, så er eg vel restituert.
I dag har det vore skikkelig sommar utan den kalde vinden som vi har hatt hine dagane, men så er det kanskje slutt? Nils driv og klipper plenar, i frykt for at det kan bli vått framover ei tid.Før middag fekk han beisa altanfjølene på andre sida, så er det gjort. Det har ikkje skjedd noko med altanrekkverket i dag.

fredag, juli 15, 2011

Vermelding 15.juli-2011

 Klokka er 18.00. Temperaturen er + 20 grader C og det er fin sol ute. Frå morgonen av var det skodde, og den var ikkje heilt borte før i 2-3 -tida.
Det har vore ein aktiv dag i "gamlehjemmet" i dag også. Dagen starta med at Nils sette opp resten av støttene til rekkverket, mens eg beisa alle fjølene som skal bli sprosser- eller kva det no heiter- på eine sida. Eg stod i garasjen med dette arbeidet. Etterpå jobba eg ei økt i hagen med reinsking av ugras etc, mykje bøy og tøy, det som eg absolutt ikkje toler. Resten av dagen har eg vore konsulent og handlangar på altanen, så no har vi fått opp nedste og øvste fjøla.Det er mykje som skal stemme med water og lodd og skøytar.....
Då eg fekk fri av byggmesteren, gikk eg inn og vaska golv i godt sterkt grønsåpevatn, i eit håp om å bli rein på hendene. Det ser bra ut. Så snart kjøkkengolvet er tørt, skal eg lage middag. Tippar det blir spaghetti og kjøttsaus i kveld. I morgon ventar vi Margrete og ungane til kveite-middag, då skal vi kose oss og slappe av-chille er det vel det heiter, eller?
Eg trur ikkje nokon andre kan forstå kva det betyr for meg, som ikkje har kunna gjort noko særlig i seinare år, å vere i "jobb" igjen. Eg veit at eg får vondt i ryggen og andre stader, men det kjem seg att !
God helg til alle som les bloggen min!

torsdag, juli 14, 2011

Vermelding 14.juli-2011

 Klokka er 17.30, og det går mot slutten på ein vakker dag. Det har vore om lag same veret som i går, men litt varmare, om lag +20 grader. Det kom litt kald vind på ettermiddagen, men ikkje så iskald som i går.
Nils dreiv heile føremiddagen med å demontere det gamle rekkverket, drage ut spikar etc. Eg fungerte ei stund som "tannlegeassistent", men måtte ta det litt rolig, for eg fekk ei vond natt etter jobbinga i går. Elles har eg gjort hus-og hagearbeid, hadde for eksempel ein runde med kantklipparen.
Vi har ikkje hatt middag enno, det blir i kveldinga.Då skal vi ha salta lange.
Nils har hatt ein par runder nedover, kjøpt ny boremaskin og eit spann beis m.m. Meininga var at vi skulle beise sprinklane før vi spikra dei opp. Men vi har venta og venta på materialen, og då han endelig kom, hadde han med seg alt anna  DEN materialen. Så det blir kanskje frikveld på meg. Nils har begynt på monteringa, han brukar dei gamle beslaga, så det er god hjelp.
I dag er det den franske nasjonaldagen.Dessutan var det fødselsdagen til mamma (f.1904) -eg tenker litt ekstra på henne denne dagen; i år er det 20 år sidan ho døde. 
Og så er det bryllaupsdagen til Wenche og Rasmus. Det er 11 år sidan dei vart vigde på øya Mauritius, og vi gratulerer med dagen.I fjor kom vi på besøk på bryllaupsdagen,eg veit ikkje om dei er heime på dagen i år.Vi skal no treffast i løpet av ferien.
                                        Godt begynt er halvt fullendt.

onsdag, juli 13, 2011

Bok nr. 41 - 2011: Ravnene


 Denne boka er den siste i trilogien om ein norskætta familie i Minnesota. Hovudpersonen er Lance, som er "skogpurk" og slektsgranskar.Då eg las den første boka i serien, visste eg ikkje at det kom fleire, men tykte den slutta litt brått. Det gjekk både år og dag før andre boka kom, ei lita flis på 4 CD-plater, og no endelig fekk eg tak i nummer tre. Det seier seg sjølv at det å lese ei historie med så lange opphald ikkje gir den optimale lesaropplevinga. Bøkene har fått svært god kritikk, men eg veit likevel ikkje om eg vil lese dei om att. Når det gjeld akkurat denne boka, kan eg sjå at den har litterær kvalitet, men det er liksom ikkje heilt min smak. Her er draum og fantasi blanda med røyndom, og teksten har mange lag. Eg er alltid litt skeptisk når det gjeld psykologiske tekstar, for meg blir det litt "kvasi". Men eg kan ta heilt feil. Opplesaren les godt, men legg stemma for lågt, noko som irriterer meg litt.Denne boka er på 7 CD-plater.
Rådet mitt er: Skaff deg alle tre bøkene og les dei som om det er EI bok.For det er det eigentlig.

Vermelding 13.juli-2011

Klokka har passert 16.00. Veret har vore nydelig i heile dag, men ikkje særlig varmt. Akkurat no står gradestokken på +18 grader, og det blæs. Fint ver å sole seg på altanen, altså. I dag var vi veldig flinke før middag. Vi sette i gang å skrape altanrekkverket for gammal beis. Vi skrapa og skrapa på timesvis, før vi fann ut at dette var vekkasta arbeid. Rekkverket måtte i alle fall skiftast om eit år eller to.Her er det ikkje så langt frå tanke til handling, så no har vi vore på trelastlageret i Furene og bestilt material til nytt rekkverk. Men først gikk vi ein tur ut Starevegen og såg på alle altanrekkverka før vi vart enige med oss sjølve kva type vi skulle satse på. Det blir ståande denne gongen, og vi skifter berre det som vender nedover. Resten får vere til ein annan gong, det er ikkje rote.
Den høge himmelblå riddersporen har vi spjelka etter beste evne, men den som eg kjøpte i fjor, og som ikkje er så høg, har klart seg betre gjennom torden og regn. Nydelig farge på den også ! No skal eg legge meg ut på solsenga med lydbok og slappe av. Håper alle kosar seg i fineveret.
I dag gratulerer vi Margunn og Stein med 20-års bryllaupsdag!
                                         Rivingsarbeidet er på gang!

tirsdag, juli 12, 2011

Vermelding 12.juli-2011

Klokka er 18.15, og sola har endelig fått overtaket. Det er litt vind og temperaturen er berre +15 grader C.
I dag var vi oppe i rimelig tid, sidan Nils skulle til kontroll på sjukehuset kl.9.30.Mens han var vekke støvsuga eg og rydda, og då han kom heim laga vi tidlig middag.Det vart fiskekaker frå frysaren i dag.
Etter at vi hadde "kvilt" litt, reiste vi fram på Åmdalen og henta ved.Ein mann som Nils kjenner der framme hadde fått vere med på fisketur og fått fisk, derfor skulle vi få ved med han.Vi hadde med sekker og plast-slire, så vi plukka lett opp i ti sekker. Vi liker å ha veden i sekker, for då er den lettare å flytte på. Vi har vel sjelden fått tak i ved så lettvint før. Vi er vant til å både sage og kløyve sjølve, men her låg veden klar. Mannen hadde mykje ved og vil gjerne ha meir fisk, så her ser vi for oss bytehandel.
Og så snart det skjer noko lite, dukkar det opp hjelpsomme naboar.
Eg skal ha for meg litt hagearbeid.Eg skrytte av at riddersporane heldt ut toreveret, men dessverre bukka dei under, bokstavlig talt, for regnet som kom seinare. No skal eg prøve å spjelke dei.Har til mi store glede oppdaga at begge clematisane som vi har planta ved naboens garasje lever. Det tok si tid før dei viste seg i år, men no veks dei.

mandag, juli 11, 2011

Vermelding 11.juli-2011

Klokka er 14.45, temperaturen er 18 grader, det er overskya og regnbyger. Innimellom kjem sola fram.
No har vi nettopp ete middag, og etter all fisken, smaka det godt med Taco i dag. Real Hot!
Før middag hadde eg ærend på biblioteket, for eg var tom for lesestoff. Fann ikkje så mykje i hyllene, men då eg fekk snakke med sjefen, hadde ho ei bok på lur til meg. Elles raska eg no med meg noko + eit par filmar. Greitt å ha på ein regnversdag. Så mens Nils kviler middag, skal eg rippe bøker og få dei inn på MP3-spelaren, no likar eg det mykje betre enn den gamle Walkman-en. Den er eigentlig ikkje så gammal, for eg har slite ut mange, men den er litt gammaldags etter kvart. Elles sit eg helst framfor datamaskina og spelar av bøkene der, mens eg strikkar lestar til "julelageret" mitt.
Vi var ein tur på Plantasjen og såg etter sukkulentar, men dei hadde  nesten ingen ting.Det same var tilfelle tre andre stader eg var innom. Nei, eg må nok til Hildenes gartneri på Eid, der har dei stort og godt utval.Fall for freistinga å kjøpe meg ein liten orkidé, så no har eg igjen 6 stk som blomstrar.
Naboen har hatt barnebarnet på besøk. Ho har tatt intensivkurs på køyreskulen, og fekk lappen i dag.Vi gratulerer!
 Eit fullt nett med lydbøker, høyrespel og filmar vart med heim i dag. "Slumdog Millionaire" har eg lese før.Filmen "The Lover" lånte eg fordi eg har lese boka, men kanskje har eg sett filmen også? Hukommelsen er ikkje så mykje å stole på, så eg tek heller med meg for mykje enn for lite.
 Ny sørvis frå biblioteket. Dette plastnettet sette eg virkelig pris på. Fargen er lett gjenkjennelig, men logoen minner mistenkelig om ein annan "institusjon".

søndag, juli 10, 2011

Bok nr. 40 - 2011: Demonen som gråt.

Etter den forrige boka eg las, forkynte eg at eg var lei av krim. Men når ein les lydbøker, har ein ikkje alltid så mykje å velje i, så det vart krim igjen. Denne boka er skriven av det danske søskenparet Lotta og Søren Hammer, og kjem vel i kategorien "politiroman". Den handlar mest om politiet sitt nitide arbeid for å avsløre den skuldige,og få han dømd, slik vi har sett det i diverse TV-krim seriar. 
Det var mykje med boka eg likte, og noko eg ikkje likte.
Boka var nokså lett å henge med i, sidan heile handlinga vart fortalt kronologisk, med unntak av det som kom fram frå fortida gjennom intervju og andre samtalar. Det er ein og samme eksterne forteljaren i heile boka, altså eit enkelt opplegg.Ingen sprang i tid og rom som elles er svært populært for tida. 
Boka startar med at ein finn eit lik på Grønland; ei kvinne som i mange år har vore innefrosen i isen, men som kjem til syne på grunn av global oppvarming og issmelting. 
Det kunne blitt ei spennande historie i og med at den dypfryste kvinna var drept på samme måten som ei anna kvinne i Danmark. Det blir snart klart at ein står overfor ein seriemordar, og politiet finn relativt raskt fram til den skuldige.Det som står att er å kunne bevise at dei har funne den rette. Dei manglar rett og slett bevis.Det er sjølvsagt ein forskrudd person som er drapsmannen,og det er psykologiske grunnar til det han gjer. Svært enkel psykologi, men også truverdig, i alle fall i ein roman.
Eg synest boka blir litt treig etter kvart, men då må eg innrømme at eg ofte må spole tilbake fordi eg "dett ut" av ein eller annan grunn.
Eg vil gi boka beste karakter for det eg kallar "fokus", her er det ikkje mykje "te og bollar" som eg brukar å seie.Her er knapt ei setning som ikkje handlar om forbrytelsen. Ikkje mykje om privatlivet til politietterforskerane her nei.Bra!
Ser at avisanmelderane har gitt boka terningkast 5. Eg kunne også gitt den så god karakter, men den blir for langdryg, særlig mot slutten.Så eg får gi den 4+ sjølv om det ikkje står på terningen.Lydboka inneheld 11 CD-plater, det er for mykje.
Eg må overfor ihuga nynorskfolk be om orsaking fordi eg puttar bokmålsord inn i tekstane mine. Eg KAN skrive bortimot korrekt nynorsk, men det blir så unaturlig når eg skriv privat. Som t.d. blogg

Vermelding 10.juli-2011

Klokka er halv fem, temperaturen + 17 grader og det regnar og blæs. Innimellom bygene er sola framme ei lita stund, men så er det på han igjen. Ikkje direkte sommarlig.
Før middag gjorde eg litt såkalla "kontorarbeid", men for det meste strikka eg og lytta til bok. Vi hadde tidlig middag, for det såg ut til å skine opp slik at vi kunne ta oss ein tur, men ikkje før har vi tenkt tanken, så kjem det ei ny byge. Nils ser Hurtigruten i reprise, eg har sett litt av og til, men for meg blir det for kjedelig!No pøsregnar det ute, så kanskje himmelen tømmer seg?

lørdag, juli 09, 2011

Vermelding 9.juli-2011

Kaféen "Fru Svendsen".
Klokka er 17.30, temperaturen er +21 grader C, det er lettskya og litt sol.
I dag har vi ikkje gjort så mykje nyttig. Vi var ein tur nedover og handla, så laga vi middag, kvilte litt, og lenger er vi ikkje komne. Men dei som kjenner oss veit at her i huset begynner dagane seint og sluttar enda seinare, så det er lenge igjen før denne dagen går over i historia.
Nils kom nettopp inn frå hagen med ein neve sjølvdyrka jordbær, dei kjem seint, men godt, ser det ut til.Takka vere alle forenklingane har vi ikkje så mykje hagearbeid, og bra er det. I går kveld gikk eg meg ein aldri så liten tur, noko som gjode at eg verkte i hofta sist natt, det er så opp og ned med meg, ikkje alle dagar like sprek. Har eit svakt minne opp korleis det var å gå tur, slik vi gjorde før i verda. Saknar akkurat det.No skin det voldsomt opp ute, så ein må i alle fall kome seg ut før det skyar over igjen.

fredag, juli 08, 2011

Vermelding 8.juli-2011


Klokka er 15.45. Temperaturen er om lag + 22 grader C, det er lettskya og delvis sol. Fint ver med andre ord.
Nils brukte mykje av føremiddagen til å gjere reint og rydde i garasjen, der har gått føre seg litt av kvart i det siste. Eg tok fredagsvasken inne, og for ein gongs skuld stemte det med dagen.
Så låg vi ei stund på altanen og sola oss, men eg hadde ikkje skikkelig madrass, den hadde blitt våt i regnet, så eg greidde ikkje å ligge så lenge.
Til middag tok vi restane frå i går, så no er dei ute av verda. Kan ikkje fordra å ha kjøleskapet fullt av restar. Nils er no ute og klipper plen, håper berre han har vit til å ta det litt med ro, for det er vel stort sett det einaste arbeidet han ikkje toler så godt.
Håper at dette veret held seg nokre dagar, det er herlig med bra temperatur og opplett. Treng ikkje å vere så sprengvarmt for min del.
Ønsker alle ei fin helg, same om de er heime eller på tur. Rasmus skulle på ny ferietur til Sverige. Set inn eit bilde av gutane frå ferieturen i Danmark.

torsdag, juli 07, 2011

Vermelding 7.juli-2011

Bøygde men ikkje knekt.

Klokka har passert 18.30, desse dagane berre fyk av garde. Temperaturen er + 19 grader.Det har stort sett vore overskya i dag, med nokre regnbyger innimellom, men fin og sommarleg temperatur.
Som dei fleste truleg har fått med seg, vart det eit forferdelig torever i går kveld/natt. Ikkje berre tordna og lynte det, det bles så plommetrea låg i vater og lauvet fauk; og regna, så den skitne bilen vår gjenoppstod fin og blank som ny i dag. Veret var både fascinerande og skremmande. Var mest spent på korleis det hadde gått med dei høge riddersporane, men dei "stod han av".
Sidan mannfolka kom heim utan makrell i går kveld, tok vi opp kylling til middag i dag. Eg gjorde som eg plar, steikte den på panna først og ettersteikte i steikomnen. Dessverre steikte eg den litt for lenge så den blei tørr. Ingen klaga-anna enn eg sjølv.Dei andre var høflige. Solveig og Olaug kom for å hente Håkon, og Margrete, som hadde eit ærend i Vik, kom også.Og vi hadde ei koselig stund.Til dessert hadde vi ei slags Pavlovakake/dessert med krem, vaniljekrem og jordbær (som Margrete hadde med seg). Solveig kom med ein fin ny orkidé-det passa bra etter, som eg har kassert tre orkidéar før i veka.
Nils og Håkon var ute og fiska før middag, og i dag var det sei dei ville ha, og det fekk dei. Nils har hatt mykje arbeid med å sløye og filetere fisk denne veka, og han er enno ikkje heilt ferdig. Solveig fekk med seg ein del i dag, men skal få meir seinare.
Eg har endelig fått rydda skikkelig opp på kjøkkenet -det har vore så som så før i veka.
Det heng nokre skoddedottar i fjellsidene, men det er sommartemperatur!

onsdag, juli 06, 2011

Tordenver?



Det blei slikt undelig lys ute at eg måtte ta bilde av himmelen. Akkurat då kom fiskarane att-utan så mykje som eit bein. Og no høyrer eg tora!

Vermelding 6.juli-2011

Klokka har passert halv 9, sola skin enno, men om ikkje lenge er ho vekke her hos oss, mens ho skin vidare på andre sida av fjorden.
Temperaturmålaren står på + 25, men det kan vere litt feil, for så seint på dag kjem det sol på baksida av huset også. Uansett så har det vore ein nydelig og varm dag.
Føremiddagen vart kort, eg skulle vere på møtet klokka 13.30 og før det måtte eg ein tur på biblioteket.Då eg kom heim frå møtet,var det å legge "siste hand på" middagen. Eg hadde kokt makrell før eg for, som vi skulle ha kald med rømme og agurksalat. Til dessert hadde karane kjøpt jordbær og fløte, så det vart eit herremåltid som passa for ver og årstid.
Etter middag skulle eg ligge på solsenga og lytte til lydbok, men det vart rett og slett for varmt på altanen. Vi har liksom ikkje vent oss til sommartemperaturen enno.
Heldt meg inne ei stund, men la meg ut att då det hadde kjølna litt. Slike dagar må ein berre nye, utan å ha dårlig samvit for at ein ikkje "gjer" noko.
I morgon kjem Solveig og Olaug innover og hentar Håkon, då tek vi sikte på å servere steikt makrell så framt dei får tak i slik fisk i kveld. Håkon er like glad i fisk som besteforeldra, så maten er ikkje noko problem.

Bok nr. 39 - 2011: Tysteren

Ser at boka har fått Bokhandlarprisen og gode kritikkar, så eg vurderte å ikkje kommentere den.Eg er nemlig så lei av krim at det er så vidt eg orkar å lese slike bøker lenger. Det må einast vere om dei er skrivne av dei mest kjende amerikanske og engelske krimforfattarane. 
Var innom biblio i dag for å sjå om eg fann noko-det einaste dei hadde som eg ikkje har lese før, var sjølvsakt enda ein krimroman. No for karane på sjøen og eg kan legge meg ut og lese boka (Demonen som gråt) som eg har rippa og lagt inn på MP3 spelaren.

1.Lydbøker er ikkje som andre bøker.  Ein kan lett bli forvirra om det blir mange           scene-skifte og parallellhandlingar. Det var det i denne boka.
2. Ein krimroman bør ikkje vere for lang-denne var på 11CD-ar, det hadde greidd seg med mindre.
3. Ein krimroman må vere meir enn berre "krim"-t.d. kunnskap om framande stader og miljø-i denne boka foregår parallellhandlingane i Fredrikstad og i Mafia-miljø i New York. Ikkje så mykje nytt altså.

Eg synest at boka var relativt ordinær, men sikkert grei nok for dei som ikkje har "forspist" seg på sjangeren.
Så vil eg stoppe opp litt ved omgrepet "parallellhandling" som er blitt svært så populært i alle slags bøker, og som eg er gått litt lei av.
Reint matematisk er ikkje omgrepet rett. To parallelle linjer skal aldri møtast, men "parallellhandlingane" i bøker endar alltid opp på same stad. Am I right or am I right?

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...