fredag, juli 08, 2011

Vermelding 8.juli-2011


Klokka er 15.45. Temperaturen er om lag + 22 grader C, det er lettskya og delvis sol. Fint ver med andre ord.
Nils brukte mykje av føremiddagen til å gjere reint og rydde i garasjen, der har gått føre seg litt av kvart i det siste. Eg tok fredagsvasken inne, og for ein gongs skuld stemte det med dagen.
Så låg vi ei stund på altanen og sola oss, men eg hadde ikkje skikkelig madrass, den hadde blitt våt i regnet, så eg greidde ikkje å ligge så lenge.
Til middag tok vi restane frå i går, så no er dei ute av verda. Kan ikkje fordra å ha kjøleskapet fullt av restar. Nils er no ute og klipper plen, håper berre han har vit til å ta det litt med ro, for det er vel stort sett det einaste arbeidet han ikkje toler så godt.
Håper at dette veret held seg nokre dagar, det er herlig med bra temperatur og opplett. Treng ikkje å vere så sprengvarmt for min del.
Ønsker alle ei fin helg, same om de er heime eller på tur. Rasmus skulle på ny ferietur til Sverige. Set inn eit bilde av gutane frå ferieturen i Danmark.

1 kommentar:

solveig sa...

Dei er heldige som bur så nær ulike feriemål. For oss vert det eit par dagsreiser før vi reiser til Sverige eller Danmark. Lurt å dele opp ferien og vere heimom.

Dagbok 2026: 9-mai

Klokka er no19.24 ser eg- eg fekk nesten sjokk, for denne dagen har gått veldig fort, utan at eg har gjort noko særleg. Eg venta på at Einar...