lørdag, november 30, 2019

Dagbok 2019: 30.november







Klokka er 9.15, temperaturen ute er 0 grader og vi har fått mykje snø i dag også. Eg har ikkje vore ute og moka, men det er meldt mildvêr på sikt så eg stoler på det. I dag hadde eg tenkt å få gjort 1000 ting, men eg ratt berre eit par av dei. 
Eg stod ikkje tidleg , og så snart eg var ferdig med frokosten begynte eg å styre med dei nye gardinene. Dei var ein god del for lange, men eg tenkte eg kunne brette dei øvst oppe før eg sette klypene på. Det gjorde eg, men det vart ikkje fint. Så stod eg overfor eit viktig val. Skulle eg ta dei ned og legge opp ein fald nede. Ja, det skulle eg. Ned att med dei to som hadde kome opp, og så vart det litt prøving og feiling før eg visste kva eg skulle gjere. Eg bretta ein kant oppe, og laga ein brett nede som eg sydde som ein fald. Eg klipte ikkje av noko. Så var det å ty falden nede med hand. Det tok si tid. Klokka var nesten 18 før eg var ferdig. men då hadde eg hatt ein lite middagspause innimellom. Margrete ringde då eg sat med siste gardina. Ho var i Ørsta og skulle på Kaihuset der Erlend skulle spele i kveld. Det er noko som heiter "The Battle of the band"- ein gong før vann Erlend og Maigrene. 
Eg hadde tenkt at no når det vart så mykje kvitt si stova måtte eg ha noko raudt t.d. blomster. Margrete hadde visst lese tankane mine for ho kom med to raude julestjerner. Eg skulle eigentleg ta fram advents- og julepynten i dag, men så langt kom eg ikkje.
Eg hadde også tenkt meg ein tur nedover for å handle, men ombestemte meg då eg såg all snøen. No skal eg for det meste slappe av resten av kvelden og sjå TV. I dag har eg i alle fall gjort LITT. Eg synest det var ei gammaldags bestemorstove med dei kvite gardinene.

fredag, november 29, 2019

Dagbok 2019: 29.november



Klokka er 16.40, temperaturen er + 1 grad C.
Eg vakna ikkje tidleg i dag, tvert imot så var det eigentleg altfor seint, for eg hadde lege aldri så lenge og kava med dei vonde armane. Og då eg endeleg stod opp og såg ut, fekk eg mest lyst til å krype til køys igjen. Store mengder med kjempetung snø er ikkje det ein ønsker seg når armane sviktar. Blir litt deppa av å tenke på kor mykje meir hjelpelaus eg er i år enn eg var i fjor. Eg hadde tenkt at Erik , leigebuaren, skulle få ta litt snømoking, men han er ikkje heime akkurat no.
Men Torbjørn stilte opp med fresar og fekk bort snøen heilt til garasjedøra. Eg kunne ha køyrt ut viss eg ville, men var ikkje så lysta på å fare nedover på sjølvaste svartefredagen-då kunne det gå gale, tenkte eg. Men eg gjorde i alle fall det eg hadde tenkt, nemleg vaska bad og kjøkken. Etterpå fyrte eg i ovnen og litt seinare åt eg middag. No ventar eg på at Marit skal komme ned og drikke kaffi med meg. Ho hadde ståande vaskemaskin på, og den går ho ikkje i frå.
Eg har hent opp ei av gardinlengdene for å prøve ut sidda. Eg trur eg kan brette kanten ned på vranga, så slepp eg å klippe og sy. Bretten ser ut som om der er ei list bakom gardina. Det er der for så vidt, men den er litt lenger oppe.
I dag har eg hatt laurdagskjensle heile dagen, men eg er glad for at det berre er fredag, så kan eg få gjort litt til helga. Vekene går så fryktelig fort- utan at eg får gjort det eg vil.
Eg har ei lita plage med høgra auga, det kjennest ut som der er eit lite rusk; eg har prøvd med kunstig tårevæske, utan at det hjelpte. Har nesten ikkje noko att av den, men kan ev. kjøpe meir i morgon. Det er ei LITE problem.
Då vil eg ønske alle ei god helg.

torsdag, november 28, 2019

Dagbok 2019: 28.november

Klokka er 18.05, temperaturen er + 1 grad og det har kome litt nysnø. Eg slit litt for å halde meg vaken akkurat no, for eg sovna ei lita stund i godstolen framfor TV etter middagen. Har ein heil del som eg hadde tenkt å gjere no i kveld, men meir og meir blir utsett på ubestemt tid -kjenner eg.
Eg stod opp til normal tid i dag, og etter at eg var ferdig med frokosten sette eg meg til framfor PC-en for å skrive referat frå møtet i går. Det tok ikkje lang tid å få ferdig eit utkast som eg må flikke litt på før eg kan sende det til avisa. Dessverre har eg ikkje bilde å sende med for då eg skulle knipse litt fekk eg melding på mobilen om at eg måtte ladde den opp.
Eg hadde fått hentekode på mobilen, så eg skulle nedover og hente ein pakke på Bunnpris. Det var gardinene som eg hadde kjøpt på nett. Men før eg for nedover skrella eg alle potetene eg hadde. Eg tenkte eg skulle lage pølser og potetstappe til middag i dag når Einar kom innover.
Eg er alltid litt spent når eg skal køyre på desse glatte vegane, men eg prøver bremsene inn Starevegen, og dei virka heilt fint i dag.
På ALTI var eg berre på Bunnpris, kjøpte litt mat der sidan det var der eg skulle hente pakken. Vi har to butikkar som driv med "post i butikk".
Eg køyrde beine vegen heim, sette på potetene og laga stappe når dei var ferdigkokte. Eg hadde kjøpt "julepølser" -som viste seg å vere heilt vanlege middagspølser. For å sette ein lite spiss på måltidet steikte eg bacon, og opna ein pakke surkål. Verken Einar eller eg er så veldig kresne, så vi åt måltidet med god appetitt. Og eg har mykje potetstappe igjen.
Så vart det kaffi, og vi greidde å tømme ein isboks med ein slant i. Det er noko som plagar meg litt-alle desse slantane med eitt og anna, så eg er glad når noko blir tomt.
Før Einar kom hadde eg pakka ut gardinene, dei var heilt OK, men dei var for lange til tross for at eg hadde bestilt den kortaste varianten, eg trudde eg skulle sleppe å klippe av noko, berre brette kanten oppe, så eg får sjå om eg kan lukkast med det.
Eg blir trøtt så snart det blir mørkt, men no må eg lære meg å gjere noko etter at det blir mørkt.
Eg har ikkje somla meg til å bestille frisør, men i dag fekk eg melding frå frisøren min, at viss eg ville ha stelt håret til jul , måtte vi avtale time no. Det er så bra at ho tenkjer på meg og set litt fart i meg. No skal eg lese gjennom referatet mitt, så det blir kanskje sendt i kveld. Det er godt alt som er unnagjort. 
Vi går mot 1.sundag i advent og diverse pynt skal fram. I år har eg laga julepynten i kjellaren og ikkje på loftet, så eg treng ikkje hjelp for å få den fram.
I morgon er det fredag, vekene berre flyg av garde.

onsdag, november 27, 2019

Dagbok 2029: 27.november

Klokka er no 20.26, temperaturen ute er 0 grader C og det er mykje is på vegane og elles. Dei er sparsomme med strøinga, det er greitt å køyre, men meir utfordrande å gå.
I dag har det vore ein sånn rotete dag som det blir kvar gong vi har pensjonistmøte. Eg var heime til klokka var nærmare halv 12, på den tida fekk eg m.a. dusja og vaska håret i tillegg til andre morgonsysler. Eg føler veldig "ovenpå" igjen no sidan eg har sove godt to netter på rad i tillegg til at eg sovna i stolen fleire gonger i går. Så no trur eg søvnbehovet er dekka for denne gongen.
Eg køyrde ned til kulturhuset og hjelpte til litt, men det meste var gjort før eg kom. Den gjengen som styrer med maten er veldig flinke og pålitelege. Eli og Terje kom også innom, Eli med to krykker, men ho kjem seg fort til no, trur eg.
Då eg kom heim att var eg mellom anna inn på datamaskina. Då ringde telefonen-ukjent nummer. Eg plar ikkje ta slike telefonar men eg såg at nummeret var norsk, så eg tok sjansen. Det var ei dame som kunne fortelle meg at eg hadde vore med i ein konkurranse på Facebook, og no hadde eg nesten vunne for 5000 kr i daglegvarer. Etter kvart så kom ho inn på både kos tilskudd og smertelindrande kremar, og ho ville sende meg både det eine og det andre til halv pris første månaden. Eg er ikkje heilt dum, men eg gjekk med på det for å bli fri henne, for ho taut i eitt og så brukte ho eit kjent trix, sa namnet mitt minst to gonger i same setninga. No kan eg vente meg ein pakke neste veke. Gjett kven som skal vere snar å avbestille?
Eg syntest eg var flink då eg for eit par dagar sidan bestilte meg gardiner på nettet og betalte med kort. I dag fekk eg melding på mobilen at pakken var komen til BUNNPRIS. Og no veit eg korleis ein hentar pakkar der-for det har eg gjort før. Som Margrete seier: Det er farleg enkelt å handle på nett.
Eg sat på med Janne nedover til møtet som tok til kl.16. Marit var sjølvsagt med, og Mari Ella, som skulle spele på konserten til Kulturskulen.
Møtet vart kjekt og koseleg om vi ikkje var så mange, men det skal eg skrive om i morgon.
Konserten var ikkje ferdig  ein time seinare, då var Mari Ella ferdig og Even skulle heim, eg fekk sitte på med han. Janne, Marit og Mari Ella skulle komme etterpå. 
Verken Marit eller eg køyrer i mørket-enno. Eg har tenkt å lære meg til det litt etter litt. Kanskje. I morgon blir det tur til Vik for å hente pakken min, og så spørs det om armane mine vil vere med på å henge opp 6 gardiner.
Ei lita Lollo-historie: Då Even og eg kom heim, brydde ho seg ikkje om Even ,men gjekk med meg ned på trappa, ho mjaua og stauk seg oppettter døra, men ville ikkje inn. Ho pratar med meg, slik ho gjer med Marit. Ho trudde sikkert at Marit var inne hos meg.

tirsdag, november 26, 2019

Dagbok 2019: 26.november

Klokka er 17.15, temperaturen ute r+ 3 grader C og det har vore litt regn i dag.
Eg vakna tidleg i dag, sidan eg skulle på trening, men låg til klokka 8I dag var det meininga at eg skulle køyre, men det vart til at vi tok Marit sin bil, sidan det var blankis både her og der. Men i morgon må eg ut med gliset mitt for då skal eg på kulturhuset til klokka 12. Og Marit skal ikkje vere med då. Til møtet klokka 16.00 får vi sitte på med Janne. Ja, det er litt logistikk når vi gamle damene skal komme oss rundt og fram.
Eg var ikkje så gira på å trene i dag, og hadde i alle fall bestemt meg for ikkje å trene armane, for at dei kanskje hadde best av å få fred. Det kan godt hende, men dei er slettes ikkje gode i dag heller ,og nakken er vond. Eg har ein eigen teori om det.
Etter at vi hadde trena var vi på Spar og handla, og eg kom heim med to store, fulle plastnett+ ein 8kilos pakke med kveitemjøl, så i tilfelle eg skulle komme på å bake. No kjem eg på at eg gløymde margarin, men hugsa egg! 
Eg kjøpte med ein liten pizza på tilbod i dag, den åt eg av til middag og så får eg kanskje ta resten til kvelds. Den var på tilbod. Etterpå måtte eg slappe av i godstolen ei heil stund- sov litt også. Eg blir trøtt når det er så mørkt nesten heile tida.
Det  vart eit lite strev å få i hus alle dei tunge tinga over  eit islagt tun. All denne isen minner meg om vinteren for to år sidan, då eg gjekk fram og tilbake til Ørstaheimen , på islagde vegar heile vinteren.
I morgon er det altså julemøte i pensjonistlaget, med få påmelde. Det er mange som ikkje kjem på julemøtet fordi dei skal på andre "julebord". No er ikkje møtet vårt eit julebord akkurat, i år skal vi ikkje ha full julemeny ein gong.
Eg hadde tenkt eg skulle kome meg til Volda og kjøpe meg noko nytt å ha på meg i anledninga, men så langt kom eg ikkje. Ja, det er mi eiga skuld altså. Så eg får pynte meg med dei fjørene eg har -og ta høgde for at der kan vere kaldt. Frisør har eg heller ikkje oppsøkt, så eg har visst vore veldig sløv. Men ikkje så sløv at eg ikkje møter opp. Må nok skrive litt om dette møtet også. Eg har vore sekretær i snart 9 år no.
Eg skal no prøve å lage  til litt julestemning her heime også, vaske og pynte litt i alle fall. Noko særleg baking blir det ikkje, men eg skal no prøve å få i stand den tradisjonelle familiesamkoma 2.juledag. Blir kjekt å sjå att alle barnebarna som studerer i dei store byane.
No har eg sett på ein klesvask, såpass eg får gjort litt i dag også.

mandag, november 25, 2019

Dagbok 2019: 25.november.

Klokka er berre 17, men det er mørkt ute, så eg føler at kvelden er komen og eg kan skrive blogg. Det er korte dagar for oss som ikkje treng å følgje klokka så slavisk. Det er + 4 grader ute no og det regnar litt. Marit var nedafor i Vik i dag og det var glatt. Håper det blir betre i morgon når vi skal på trening. Eg har knapt nok vore ute av huset sidan torsdag.
I dag hadde eg ingen faste planar, så eg måtte diskutere med meg sjølv kva eg skulle gripe fatt i. Først av alt måtte eg sage litt opptenningsveg, eg må sage ofte for eg kan ikkje ta så mykje i gongen på grunn av armane. Det var for tidleg å begynne å vaske til jul, fann eg ut, så eg kunne lage ei kake og fryse, det vart gjort. Men sidan eg hadde rota til kjøkkenet og hadde alle ingrediensane klar, laga eg like godt ei til, same sorten. Det gjekk heilt greitt, og så var det berre å sette på oppvaskmaskina. Saga litt til, før eg åt "middag". I dag var det kjøttfri dag, så eg opna ein boks med Makrell i tomat, det er naudprovianten min.
Så har eg fått ein vane med å sette meg i godstolen og sjå TV etter middag. Då sovnar eg- sånn halvvegs i alle fall. Eg høyrde musikken frå TV heile tida, men så spelte dei ein musikk som var kjent. Etter å ha kome litt meir til meg sjølv, forstod eg at det var telefonen. Eg har fått veldig mange oppringingar frå ukjende nummer i dag-lange nummer.( Nummera er ikkje lengre enn vanleg, det er berre at dei tek med landskoden) Tok telefonen ein gong og det var berre noko ballprat på engelsk. Elles tek eg berre telefonen når eg kjenner nummeret dvs. når det kjem opp eit namn. På Doro-telefonen har eg stort sett namn på alle eg kjenner. Eg slo opp eine nummeret som har ringt i dag, et var faktisk nummeret til ei norsk dame - som eg ikkje kjenner. Eg trur det må ha med sal å gjere.
Men frå Sparebanken fekk eg melding - dei har for lite informasjon om meg så eg må komme innom kontoret og ha med meg gyldig pass. Skal eg gå og få meg pass berre for det? Då kjem eg vel i avisa, eg også,  akkurat som ho på 100 som måtte møte fram i banken-utan pass. Eg kan ikkje forstå at Sparebank 1 veit for lite om meg, dei har jo all informasjon dei treng til å ordne opp i finansane mine i alle fall.
Eg er litt skuffa over pensjonistane. No har vi med mykje møye og besvær skipa til eit julemøte med mat og godt program, og så er det 25 stk. som har meldt seg på ! Ja, dei om det, neste år kan vi kutte det ut.
Apropos så må eg truleg til å skrive opp og printe ut nokre songar til det samme møtet. Så har eg arbeid den stunda.
Eg driv og strikkar aldri så lite om kveldane, det er betre for armen min å strikke LITT enn å sitte heilt i ro. Uansett kor lite eg gjer så går dagane fort; i morgon er det trening og så får vi handle etterpå, onsdag er det julemøte, men så skal eg til å planlegge mi eiga jul.

søndag, november 24, 2019

Dagbok 2019: 24.november

Klokka er no 17.35, temperaturen ute er+ 3 grader C, det er overskya, men opplett. Vi har hatt eit relativt stabilt vêr lenge no, og det er no greitt nok så lenge det ikkje blir kaldare. Og så lenge vi ikkje får snø.
I dag har eg gått her og surra åleine, men det er ikkje meg imot; eg sov godt sist natt men då eg hadde ete middag måtte eg sove meir.
På føremiddagen sat eg ei stund og høyrde radio og strikka.
Brått fekk eg ideen om å ta fram kjøleskapet og vaske bakom og under etc. Sist kjøleskapet var framme greidde eg det heilt åleine, så det skulle gå bra no også. Eg gjorde som sist, tok ut skuffene i frysedelen og elles det som var oppe i kjøleskapet. Så fann eg eit underlag ute i garasjen som eg fekk lirka skapet oppå - og så var det berre å skubbe. Det gjekk heilt fint, uten skrammer i golvet  eller andre ulykker. Armane mine likte det ikkje så godt, men no er det gjort -til jul. Frysedelen avisa eg før i veka og no fekk eg vaska og rydda resten.
Eg hadde ein rest av resten av middagen i går, det åt eg i dag. Då blei eg så trøtt at eg måtte legge meg i godstolen og sjå TV. Det er den beste sovemedisin.
Dagen går fort om eg er her åleine og ikkje gjer så mykje.
Fekk ein liten jobb frå pensjonistlaget, eg skulle printe ut ein kviss til møtet på onsdag. Det var fort gjort.
I dag fyller Erlend 16 år, akkurat ein månad før julaftan. Sidan begge bestefedrene hans også hadde fødselsdag i november, var det nokre år vi slo saman og hadde feiring av alle tre. No blir det ikkje så store "feiringar" sidan det berre er Erlend og Amanda som er heime. Men vi får no ha eit "treff" i jula.
Eg reknar med at alle kjem hit 2.juledag-det er ein tradisjon.
Amanda og Erlend tidlegare i haust, dei er her på besøk av og til i lag med Margrete.

lørdag, november 23, 2019

Dagbok 2019: 23.november

Klokka er 19.10, temperaturen så vidt over 0 grader, men opplett.
Dette vart ein litt underleg dag. Meininga var at eg skulle fare til Eid i lag med Solveig og Øystein. Eg har alltid litt vanskeleg for å få sove når eg "skal noko" og i natt vart eg liggande heilt lys vaken heilt til eg stod opp klokka 7 og sende melding til Solveig og Bodil om at eg ikkje blei med til Eid. Så gjekk eg og la meg og sov til klokka var nesten 11. Får eg tre timar søvn er eg heilt i toppform. Men sjølv om det stod laurdag på kalenderen var det sundag i hovudet mitt, så eg har berre gått og virra i heile dag. Ein del TV og data har det blitt. Til middag fann eg ein rest i frysaren som eg åt. Eg ville ikkje ut og gå i dag, for det var glatt på fonnvernet i går. Det er best å passe seg.
Solveig og Øystein kom innom på heimvegen så eg fekk høyre korleis dei hadde hatt det på Eid. Denne veka har det vore litt tamt program, men det får eg ta att neste veke. Då skal vi ha julemøte i pensjonistlaget.
No blir det snart å sette seg framfor TV-en, eg ser fram til Linda Eides språksjov, det er eitt av favorittprogramma mine. Eg held meg stort sett til NRK 1.
I morgon er det fødselsdagen til Erlend og ein månad til jul. Skulle ha skrive det i går, men eg håper alle får/har ei god helg.

fredag, november 22, 2019

Dagbok 2019: 22.november

Klokka er no 16.00, det er +1gradC og vêret er like fint som det har vore, men kanskje litt fleire skyer på himmelen enn før. Snø og slaps har frose til is på vegar og stigar, så det er litt utfordrande å gå når ein ikkje har piggskor eller broddar, det fekk eg erfare då eg gjekk på Fonnvernet i dag. Eg gjekk forsiktig, så det tok si tid. Som dei fleste gamle er eg livredd å dette og bryte bein. No har eg rett nok falle nokre gonger siste året også utan å skade meg, men eg tek ingen sjansar.

 Eg hadde det fryktelig sist natt. Eg var i fin form i går og fekk gjort mykje, men så kom natta og smertene i armar og skuldrar. No er ikkje det så forferdelig farleg, men i halvsøvne prøver eg å bli smertefri ved å strekke ut armane. Ja, eg kan vere glad for at eg ligg der åleine for det går vilt for seg.
Det var ikkje lett å få på seg klede og komme i siget i dag. Eg er ikkje heilt god enno, og blir det ikkje heller.  Det var ikkje mykje eg fekk gjort i huset anna enn å ta oske ut or omnen og kveike opp og så tømme oppvaskmaskina. I staden for å bli sittande å kope, tok eg like godt ein tur på Fonnvernet. Det tok si tid i dag i og med at eg måtte gå så forsiktig. Men det var godt å komme seg ut i frisk luft og få litt mosjon.
Eg håper eg skal bli litt betre til vi skal til Eid i morgon. Det ser eg fram til.
I dag fyller Rolf, bror til Nils,  78 år. Har er fem år yngre enn Nils, men er allereie oldefar til fem små gutar. Då eg kom til Solund første gongen var eg 18 år, Rolf hadde ikkje fylt 17. Så vi har kjent kvarandre lenge. Mimi, kona til Rolf, har eg kjent like lenge.

Gratulerer med dagen,Rolf!
Her er Rolf, saman med eit av oldebarna.

torsdag, november 21, 2019

Dagbok 2019: 21.november

Klokka er no 15.50, temperaturen er + 2 grader C. Det har vore fint vêr i dag også og eg hadde den gleda å ha sola inn i stova ein halvtimes tid frå kl.10.30. det var i fjor på denne tid at dei leita som mest etter Maya -dei har enno ikkje funne henne , men no skal dei leite i eit nytt område, der det blant anna har vore ein ramn som folk har lagt merke til. Eg las det på nettet på Møre-Nytt.
I dag kan eg overraske med at eg har fått unna ein del arbeid og plikter. Eg tenkte eg måtte få vaska soverommet mens det var opplett, for der eir eit stort golvteppe som eg ikkje kan ha ut i regnet. Bytta på senga og lufta dyna i samme slengen. Sidan eg hadde tatt fram vaskeremediane og alt var i siget tok eg bad og kjøkken med det samme. Så er det gjort til helga.
Eg har gått og psyka meg opp til å køyre på glatta og i dag fekk eg overbevist meg sjølv. Eg sa som så: Du kan prøve bremsene i Starevegen og viss dei verkar der er resten ok. Eg køyrde rett ned på bensinstasjonen og fylte opp tanken. Fekk nedpå 17 liter i dag, så mykje har eg aldri kjøpt før.
Så var eg ned på ALTI, på apoteket og kjøpte reseptbelagt medisin til meg sjølv. Mat handla eg på Spar, det var over ei veke sidan eg hadde handla, så det vart ganske mykje. hamstrar litt. Mellom anna kjøpte eg ei stor rund julekake (julebrød) som eg tok ein god porsjon av då eg kom heim ca. 15.30-eg hadde ikkje ete sidan frokost, så det smakte godt.
Eg har ingen planar for morgondagen, men laurdag skal Solveig, Øystein og eg til Eid. Vi skal på Sagastad og på Hildegard til Bodil og Svein. Det er ei stund sidan sist eg var der-men eg har no møtt dei her. Eg skulle absolutt ha stelt håret mitt, men eg ville vente til nærmare jul. No angrar eg på det, for det er for seint å bestille no.

Dette bildet tok eg frå altanen rett før eg sette meg til datamaskina, det har mørkna mykje på denne stunda.


onsdag, november 20, 2019

Dagbok 2019: 20.november

Klokka er 17.15, og det er mørkt ute. Temperaturen er minus 4 grader C. Det har vore fint vêr og sol i dag, hadde sola inne i stova mellom kl. 10-11, men så var det slutt. Eg såg at det var sol på Fonnvernet men i dag var eg ikkje budd på å gå tur.
På treninga i går var det mykje armtrening, men det resultatet at eg var heilt gåen i armane då eg stod opp i dag, det var så vidt eg kom meg opp og ut av senga. Men etter at eg var komen i siget, vart armane ganske så bra. Eg hadde bore støvsugaren inn på stova i går kveld, så det var berre å sette i gang. Etterpå shina eg kjøkkenet. Frysedelen på kjøkkenkjøleskapet av -isa eg i går kveld. 
Så måtte eg sage litt opptenningsved og fyre i omnen.
Eg hadde tenkt å fare nedover og handle i dag, men gata var isa og glatt, så eg utsette det til i morgon. Men i tilfelle eg skulle kome på andre tankar tok eg og vaska håret-det såg ikkje ut.
Så tenkte eg at eg kunne vaske klede sidan eg vart heime, så no er eg komen til vask nummer to.
Då var det blitt tid til middag og eg varma opp resten av suppa frå i går. Eg blei veldig mett og sette meg inn til TV-en og såg eit program, men så sovna eg tvert.
Det blir vel ikkje gjort meir i dag, men eg må no passe på vaskemaskina og trommelen, så litt arbeid er det med klesvasken uansett.
Eg strikka litt i går, og det blir vel til at eg strikkar litt i dag også, kan ikkje sitte med hendene i fanget heller. Dagane er korte denne tida, og sidan det vart så kaldt i november i år, får eg ikkje gjort noko ute.
Marit er litt betre no og trur at ho skal komme seg på butikk og på trening i morgon. Om eg ikkje kjem meg på butikk gjer det ikkje noko for eg har så eg klarer meg - både av mat og drikke. Men det er faktisk ei veke sidan eg har vore på butikk. Eg er litt pysete med heilårsdekka, hadde eg hatt pigg hadde eg vore modigare. Det er sjølvsagt berre tull. Det er visst mange bilar som har køyrt ut for vegen, men ingen alvorlege ulykker.

tirsdag, november 19, 2019

Dagbok 2019: 19.november

Klokka er no 16.20, temperaturen er + 1 grad C. Eg trudde det skulle bli mildare etter kvart i dag, men det vart tvert imot litt kaldare, det var neste sol ei lita stund, så no frys det vel på igjen.
I dag tidleg var eg i tvil om kva eg skulle gjere, ta bilen på trening eller gå. Eg gjekk inn Starevegen og såg nedover og fann ut at det var tryggast å gå. Det var rett nok sanda, men dei hadde ikkje akkurat sløst med sanden. Marit var sjuk i dag så ho skulle ikkje på trening. Eg gjekk ned, trena i vel ein time, og gjekk opp att. Så eg fekk bra mosjon. Eg kveikte i omnen og litt seinare laga eg tomatsuppe som eg åt.( Det vart nok til i morgon også.) Då vart eg så trøtt at eg måtte ta pause i godstolen og sjå TV-opptak som eg hadde liggande.
No er eg på beina att og må til å fungere. Det spørs om eg må minne leigebuarane på bosset, dei har ikkje vore å sjå i heile dag, så det kan hende dei er sjuke, dei også. Men eg forstod det i går at dei hadde meir boss dei ville bli kvitt.
Elles så skal eg stryke litt, og så er det den evige oppryddinga; ja, det er berre eg sjølv som rotar, men eg er nokså flink til det.
Eg hadde tenkt å handle i dag, men det vart ikkje sidan eg ikkje tok bilen.
Solveig ringde i går kveld og sa at ho og Øystein skulle til Eid på laurdag, Øystein ville sjå Sagastad, og så kunne eg få vere med, og det ville eg. Eg har ein plan om at vi kan gå på kinarestaurant der borte. Margrete skryter av den, men eg veit ikkje kvar den er. Ho er ofte på Eid, det er ikkje eg.
Eg skulle absolutt vore til frisør, men trur ikkje det blir før etter julemøtet i pensjonistlaget som er onsdag i neste veke.

mandag, november 18, 2019

Dagbok 2019: 18.november

Klokka er no 16.50, temperaturen er +1,5 C. Verdama sa i går kveld at det skulle komme nedbør på Sunnmøre, men det var uvisst om det vart snø eller regn. Det hadde vore veldig kjekt å visst akkurat det. Det har vore kaldt nokre dagar og snøen ligg på vegen, det var greitt å køyre nedover i dag, sa Marit, men i morgon skal vi av garde før klokka 10 -så då kan det kanskje bli problematisk om det kjem snø. Eg har ikkje køyrt på vintervegar med bilen min, og den har ikkje piggdekk, men heilårsdekk. Det var i grunnen min tur å køyre på trening førre veka, men då køyrde Marit, så enten må eg trå til i morgon eller så blir det Taxi.
Eg har i alle fall avisa det meste i dag, og sett bilen inn i garasjen, dumt å la den stå ute og ise ned. Det er mykje som blir meir problematisk når det er vinter.
I dag har eg ikkje vore ute og gått. Eg har styra på meir og mindre her heime. Saga litt opptenningsved, rydda litt her og der og så har eg bakt tre brød. No har eg nettopp hatt meg eit betre måltid med grovbrød og pålegg, ikkje meir kjøttkaker no på ei stund.
Eg var nede i kjellaren og luska litt, då fann eg ein svart søppelsekk som det stod VØR på, det betyr at sekken er kjøpt og betalt og kan brukast. Så no vil dei nede fylle den opp med alt det boss dei kan oppdrive, det er levering komande onsdag. (Nils brukte av og til å kjøpe slike sekker og ha på lur; eg har brukt mange av dei- men så var der ein att.)
Eg ryddar både her og der på min måte, dvs. finn eg noko brennbart så brenn eg det. I garasjen er det i alle fall så pass no at eg kjem inn med bilen.
Eg veit ikkje kvar dagane fer av. Eg gjer ikkje så mykje, og likevel flyg tida. Føler at eg latar meg, men så får eg heller ikkje gjort alt eg vil og kan på grunn av armane. Eg håper at det blir bra føre, så eg kan bruke bilen til diverse ærend. Det var no litt utgjort at det kom snø såpass tidleg. Men det var veldig fint og lyst i går.

søndag, november 17, 2019

Dagbok 2019: 17.november

Ned turvegen

Til Fonnvernet





Kven ser eit lite raudt hus?
Opp Fonnvernet


Ned Fonnvernet


Klokka er no 16.10, temperaturen er minus 2 grader og vi har hatt klarvêr og sol i dag også. Men ho er berre i kortare glimt inn i stova.
Sist natt sov eg betre enn på lenge; eg la med klokka 2 og sov til nærmare halv ti. Eg ser kva som må til, eg må ikkje legge meg for tidleg.
På føremiddagen i dag fyrte eg i omnen, høyrde radio og strikka ferdig ein lest. Trur ikkje eg blir verre av å strikke LITT, det verste er å sitte/ligge heilt i ro. 
Eg såg at det var fin sol på Fonnvernet så det vart tur i dag igjen, hadde ikkje vore der sidan onsdag.
Der var mange andre som gjekk tur i dag også,  der var fine, kvite vegar over alt. Eg gjekk opp Storebakken i dag, ned Turvegen, opp Fonnvernet- og ned att same veg. Det blei 1,5 runder i dag, men litt for mykje nedover, knea mine likar best lett stigning.
Då eg kom heim var det tid for middag. Eg laga kjøttkaker til Einar og Audun skulle kome sist torsdag. Etter det har eg ete restar kvar dag. Og tru det eller ei, i dag åt eg opp resten av resten til minste gulrotbit. Ikkje mykje mat blir kasta her. Eg trur eg må vere veldig berekraftig!
No tok eg fram spanskbøkene mine og repeterte litt, eg har ikkje vore så flittig i det siste, men det blir vel meir spansk når jula er forbi, så det er best å halde seg oppdatert.
Elles så blir det ikkje mykje gjort her i huset, skulle vel både ha vaska og rydda til jul, samt bakt kaker. Eg er vanlegvis glad i å vaske, men ikkje når armane streikar. BAKE likar eg aldri. No kom Marit.

lørdag, november 16, 2019

Dagbok 2019: 16.november

Klokka er 17.45, temperaturen er minus 4 grader og det har vore fint vêr og sol i dag også. dessverre klatrar sola meir oppover for kvar dag, og no er den nesten berre i fjellet. Eit par besøk i stova rett nok, men ikkje lenge.
For meg har det liksom vore litt "dagen derpå"- ikkje for at eg har vore sjuk eller noko slikt, men eg har problem med rygg, nakke, armar og skuldrar, ikkje alvorleg , men plagsomt nok.
No hadde eg heller ikkje store planar for dagen, så det var heilt greitt å sitte i godstolen og sjå TV-programma frå i går.
Eg kunne ha gått ein tur på Fonnvernet, men eg ville spare på knea i dag, gjekk relativt mykje i går.
Her heime har eg rydda litt, lagt i hop klede og saga litt opptenningsved. Leigebuarane er bortreist, så det blir litt kaldt i huset. Eg er ikkje heilt nøgd med omnen min, men å sette inn ein ny er det mykje styr med.
Til middag i dag vart det restar frå torsdag og eg trur eg må ete av resten i morgon også, det er i alle fall middag.
I dag er Marit og hennar familie på konsert. Det er Janne sitt kor "Åmdalskoret Berre Damer" som har sin andre konsert på kulturhuset. Ja, andre i år, men dei har helde på i mange år. Hadde eg ikkje vore på konsert i går, så hadde eg kanskje gått i dag. Men Margrete har ordna billettar til heile familien sin pluss meg til konsert i Fosnavågen med Adam Douglas, det er visst 14. desember.
Eg hadde tenkt eg skulle til Vik i dag og sjå på utstillingar, julepynt etc. I fjor var eg ikkje på julehandel og ikkje dei to åra før det igjen, så no har eg lyst til å kjøpe både pynt og anna. Men eg må ha nokon å fare i lag med, og så må eg av-ise bilen. Her i Ørsta er det snø og is på vegane, i Volda var det bert.
Eg er i grunnen imot søndagshandel, men likar likevel å fare på Plantasjen på sundagar, då er det fredeleg og lite trafikk-til vanleg. Veit ikkje kor fredeleg det er når jula nærmar seg.
No har eg skrive ein heil del om ingen ting. Eg skreiv på bloggen etter at eg kom heim i går, dt er ikkje sikkert alle har oppdaga det.

fredag, november 15, 2019

Dagbok 2019: 15.november

Klokka er no 15.10, temperaturen ute på trappa er minus 1 grad, sola har vore innom eit par gonger i dag, men er mest bak fjellet. Eg står på trappa og ser mot Fonnvernet, men skal ikkje dit i dag. For i ettermiddag/kveld skal eg til Folkestad der det er stor festivitas med Bygdles (Namnet er sett saman av Beatles og bygd = Beatles på bygda.) Det er konsert med mange deltakarar, elles veit eg ikkje så mykje, men både Erlend og Amanda skal opptre. 
Eg skal gå ned til Vik og ta bussen til Volda, heim får eg skyss med Svein Nordal. Eg var ikkje sikker på om Margrete hadde ordna billett til meg, for det var ei stund sidan vi snakka om det. Men så fekk eg melding i går.
I dag har eg vore i bra form, for sist natt sov eg godt. Eg har skrive ein liten epistel til avisa. Så har eg saga opptenningsved og fyrt godt i stova, der var nokså utkaldt sjølv om varmepumpa stod på. Eg let det sjølvsagt brenne ut og slokne før eg fer.
Så har eg vaska bad og kjøkken til helga, og ete middag. Hadde restar frå i går som eg varma i mikrobølgeovnen, der er nok til minst ein dag til. Sette meg inn i godstolen etter at eg hadde ete, og då var det rett før eg sovna. 
Det kunne eg ikkje så eg spratt opp og gjekk i dusjen og vaska håret. Håret er eit kapittel for seg, det skulle nok hatt eit møte med frisøren, men det får bli nærmare jul. Eg er glad for at eg somla meg til å kjøpe støvlettar hin dagen, for elles hadde ikkje hatt noko å ha på føtene i dag. Sidan eg skal GÅ til Vik , kan eg ikkje ha hælar på skorne. No skal eg lage meg ein kaffikopp såpass eg livnar skikkeleg til, skal gå heimanfrå ca. kl.17.00. Eg skriv kanskje litt når eg kjem heim i kveld.


Eg gjekk heimanfrå kl.17.00, eg ville ha god tid sidan det var litt glatt på vegane, og dessutan har eg gløymt kor lang tid eg brukte ned til bussen den tida eg dreiv og tok buss til Volda.
Eg hadde så god tid etter kvart at eg tok ein sving bortom Gågata. der var det liv! Julestemning, juletre, juleutstillingar og barn som song frå ei scene. Eit stort juletre stod ovafor ALTI . Har ikkje sett liknande i Ørsta før. Tidleg å tenne julegran, men det var fint vêr og julestemning, så eg kunne nesten ha gitt meg til. Det er mange år sidan eg har vore på "julehandel"-i fjor sat eg i ro med eit vondt kne t.d.
Eg kom meg på bussen gjekk av ved ferjekaia. Der møtte eg Svein N. som skulle køyre meg heim i kveld, men så hadde bilen hans punktert. Men han hadde ordna med ein journalistven som skulle dekke det som skjedde på Folkestad for avisa, han skulle tilbake til Ørsta, så han kunne køyre meg heim. OK, slik vart det. Eg vart køyrt til døra og i tillegg hadde vi ein koseleg prat i bilen.
Om "konserten", eller kva eg skal kalle det, kunne eg sagt mykje, men eg skal begrense meg til å skrive at det var eit fyrverkeri av eit show. Erlend var med i orkesteret og spelte slagverk i kveld. Amanda song, hadde eit par soloar, og greidde oppgåva fint. Eg reknar med at avisene vil ha referat av showet som var vellykka frå ende til annan. Margrete hadde kome tidleg og tatt av plassar til Svein og meg, heilt framme, og for å seie det slik, så høyrde vi godt. Songane var kjende Beatles-låtar med ny tekst med lokalt innhald. Det var ikkje så lett å få tak i all teksten. Andre artistar dukka også opp, kosteleg var Bee-Gees parodien. Og det var heilt utruleg kor mange flinke songarar der var, dei fleste godt vaksne menn. Dessverre kan eg ikkje anbefale nokon til å ta turen over fjorden i morgon, for alle billettane er alt selde.
Eg har hatt dei nye støvlettane på meg sidan eg for heimanfrå og har ikkje tatt dei av enno-dei har bestått prøven.





torsdag, november 14, 2019

Dagbok 2019: 14.november.


Himmelen i vest
og i aust kl.16.00


Klokka er no 16.10, temperaturen er minus 2 grader og det har vore nydeleg vêr i dag. Sola har vore framme fleire gonger, dvs. den har vel vore her heile tida, men berre korte stunder inn glasa våre-ikkje lenge nok til å varme opp huset. No har eg kveikt i ovnen ,men eg likar ikkje så godt å fyre, for omnsdøra er ikkje fast, så eg kan ikkje gå langt frå ovnen.
Eg var litt sløv på føremiddagen, ikkje heilt i form, men det har ei enkel forklaring; sist natt sov eg ca. 2 timar, og det er i minste laget. Fekk melding frå Einar i går kveld om at han og Audun ville komme innover i dag kl. 13. Det var no veldig kjekt, og Einar gjekk med på at vi kunne ha det vi brukar å ha til middag når han er her, nemleg kjøttkaker i brun saus. Kjøttdeig har eg som regel i lageret mitt så då slapp eg å handle. Veit ikkje korleis det var å køyre i dag, det har jo kome litt snø, men så er det bra kaldt, som sagt. Eg køyrer ikkje viss eg ikkje er sikker på å kome heil fram. I går var det ei trafikkulykke i Volda der ein mann miste livet - og slik skremmer.
Einar og Audun kom som avtalt og vi åt middag og drakk kaffi i lag. Audun har vore heime nokre dagar ni, men skal opp att i Bardufoss på søndag-trur eg det var.
Etter at dei reiste har eg rydda vekk matrestar og vaska kasseroller med hand, for å bli ferdig med dei. Det ser ut til at eg må ete kjøttkaker eit par dagar til, minst, men det er lenge mellom kvar gong eg lagar skikkelig middag.

I dag er det fødselsdagen til Nils; hadde han fått leve hadde han vore 83 år. Gløymer ikkje 80-årsdagen hans, då han hamna på sjukehuset for første gong, ambulansen kom ved midnatt. Det er vondt å tenke på. Men han fekk vere heime og "feire" 81-årsdagen før han flytta ut på "heimen" 3-4 veker seinare. No har det gått såpass lang tid at det går an å tenke lenger tilbake på betre dagar. Eg har så mange bilde av Nils, ikkje få av dei er med fiskefangst. Det er slik eg helst vil minnast han.


Her har han på seg yndlinghua si. Eg hadde strikka den og tova den, og den var varm og god. Men han bad meg om å lage snorer så han kunne knyte den under haka, så den ikkje for sin veg i vind og blest. Eg laga band, men han fekk ei åtvaring:" Du går berre ikkje inn på AMFI med den hua !"


onsdag, november 13, 2019

Dagbok 2019: 13.november



Klokka er 17.45, temperaturen ute er så vidt over 0 grader og vi har fått snø. Det er ikkje eg som har tinga den, men lyt berre ta imot det vi får. 
Sidan eg skulle på møte kl.13.00, sette eg ikkje i gang med noko arbeid før middag, var ikkje heilt i form heller, så det passa best å slye seg. Chatta litt på data, og gjekk og surra. Då klokka nærma seg 12 ville eg nedover , for eg kom på at eg ikkje hadde støvlettar som var skamlause, anna enn dei eg brukar til best. Bestestøvlettane er det hælar på så dei blir til innebruk. Har to par støvlettar som lenge har vore klar for utskifting, dei har vore mykje brukt, til sist i hagen. Eg har vore inn på skobutikken og sett kva dei har- mange gonger, men i dag var der ei ung dame som tok fram nokre eg likte med ein gong, eg hadde forklart kva dei skulle brukast til. Som de ser er dei heilt enkle, sålen er heilt bein under, men tjukkast bak. Eg tenker på det med bilkøyring også i tillegg til at dei skal vere gode å gå med på glatta. Legg merke til at der er glidelås på begge sider, det gjer at dei er lette å ta på seg. Prisen var 999,- kr

Eg var litt spent på korleis det vart å køyre nedover i dag, har ikkje køyrt denne bilen på vinterføre tidlegare, og så er det heilårsdekk på den, det er eg heller ikkje vant til. Det gjekk heilt fint, eg følte meg trygg heile tida. Etter at eg hadde kjøpt støvlettane kjørte eg opp til kulturhuset, biblioteket var stengt i dag, men vi fekk vere på rommet "vårt". Vi driv og planlegg julemøtet, men det var ikkje så mykje att å bestemme. Eli ordnar ut mykje frå "sjukesenga". Eg ringde henne då eg kom heim og informerte. Måtte deretter sende meld. til ei i styret. 
Som de forstår så går eg mykje her og sosar, heldt meg på datarommet før middag, så eg kveikte ikkje opp i omnen før eg kom heim att. Då måtte eg ete litt også.No har eg sett litt TV.
I kveld er det premiere på Janne sitt kor "Berre damer"-på kulturhuset. Dei skal ha ei framsyning på laurdag også. Eg skulle sikkert ha vore der, men i dag passa det dårleg og laurdag er det vel utselt. Det er så mykje som skjer i desse dagar.Eg må skrive ein liten episten som skal inn i avisa tysdag i neste veke. Dette vart mykje prat om ingenting, men ikkje så mykje skjer i dag/kveld.


tirsdag, november 12, 2019

Dagbok 2019:- 12.november


Dette er vegen langs Fonnvernet

Klokka er 16.00, temperaturen ute er berre minus 1 grad, men det kjennest mykje kaldare ut, for i dag har vi ikkje hatt sol. Stod rimeleg tidleg opp i dag for eg skulle blant anna vaske håret før eg for på trening. Følte meg ikkje i toppform, så det vart Marit som køyrde i dag. Etter treninga handla vi litt på Spar. Eg var frostig då eg kom heim, eg driv ikkje hardtrening så eg blir varm av den. Eg held fram med trening av føtene, og knea er blitt veldig bra no. Berre det ikkje går hol på fleire cyster så er det topp. Trening av armar og rygg m.m. har blitt fjerna førebels, i staden får eg øvingar for armane. Fysioterapeuten meiner det er senebetennelse i overarmen. Dette er lette øvingar, dvs. lite belastning.EG fyrte i omnen og skulle kose meg litt, men så fekk eg trang til å gå ut og mosjonere litt, dvs. gå på Fonnvernet. Eg la i veg. I dag tok eg ei litt anna rute, gjekk langs Vernet opp til bakken, og så tok eg runda derifrå. Det vil med andre ors seie at eg tok 1,5 runder. Det gjorde godt, men eg vart kald på øyrene, så eg måtte dra den strikka "halsen" opp til hue. (Eg trefte ingen)
På heimvegen såg eg fram gjennom Nupadalen og tykte eg såg antydning til noko kvitt i lufta. Det ligg faktisk noko kvitt på marker og tak, men eg trudde det var rim. Eg har ikkje lyst på snø, eg berre seier det!  Eg åt då eg kom heim, og fyrte meir i omnen, det merkast godt at sola ikkje har vore her i dag.
Eg har altså ikkje gjort det skapte grann i dag, men i morgon blir det styremøte i pensjonistlaget, og då får eg litt å styre med. Sidan Eli er sjukmeld må vi andre skjerpe oss litt.
Eg sende manus til avisa før helga, og under over alle under så fekk eg mail frå redaktøren der takka for innlegget og lova å ta det inn i avisa. Det stod der i dag. I morgon må eg kanskje skrive igjen sidan det er påmelding til julemøtet.

Under: Utsikta frå Fonnvernet i dag.


mandag, november 11, 2019

Dagbok 2019: 11.november


Ved enden av Turvegen.

Klokka er no 16.00, temperaturen er minus 4 grader. Sola forsvann frå Starevegen for ein time sidan, den kom ca. 1/2 10, men var bak hornet ca. 1 time rundt kl.12.00. Har bra kontroll på sola slike dagar. Og så ser eg bort på Melle, der er det skugge heile døgnet.
På føremiddagen i dag prøvde eg å få gjort litt, mellom anna fekk eg støvsuga teppegolva. Eg skulle så gjerne ha rydda litt ute også, men det er KALDT og armane mine protesterer.
Då klokka nærma seg 14.00 gjorde eg meg klar til ein tur på Vernet i dag også, har bestemt meg for å gå kvar dag så lenge det er så fint vêr. Det gjer godt å kome seg ut i frisk luft sjølv om det er kaldt. Trefte naboen min før eg kom meg opp og vart ståande å prate ei god stund. Elles så var der ikkje så mange i dag, men eg snakka også med ei som gjekk med ein hund i band-den likna mest av alt på ein rev, men det var ein rase eg aldri har høyrt om før.(Og eg har høyrt mykje om hunderasar!)
No har eg kokt meg kaffi og ete brødskiver, får sjå om eg lagar middag seinare. Eg har ikkje fyrt opp i omnen enno, ventar til eg begynner å fryse, til denne tid har eg ikkje vore så mykje i stova. Har på varme på datarommet, og så står varmepumpa på - på stova.
Eli, leiaren i pensjonistlaget, ringde på føremiddagen. Vi må ha styremøte denne veka, men ho kan ikkje vere der og nestleiaren skal på jobb. Då får vi trå til vi som er att. Det gjeld planlegging av julemøtet som skal vere alt 27. november. Mykje er i boks, og Eli kan vere med å planlegge sjølv om ho har fått nytt kne. I morgon er det trening , som vanleg, og kanskje litt handling etterpå. Eg er alltid lens for eitt eller anna sjølv om eg ikkje et allverda.
No har vi hatt opplett i over ei veke, så snart blir det vel ein periode med nedbør. Håper nedbøren ikkje er snø.

Bok nr.32 - 2019: Søsterklokkene.

Så lenge folk kunne huske hadde Søsterklokkene ringt over det trange dalføret, med en klang så malmfull og kraftig at klokkeren ble døv etter bare tre messer. Klokkene ble støpt til minne om tvillingene Halfrid og Gunhild Hekne, som var sammenvokst fra hoftene og ned. Det hvilte alltid noe større over søstrene, som om de tilhørte en annen og mektigere verden, og en av billedvevene de lagde, ble sagt å vise fremtiden.
I 1879 flytter en nyutdannet prest inn på prestegården, der nittenårige Astrid fra Hekne gjør tjeneste. Fra Tyskland kommer en fremmed mann med vidløftige planer. Den gamle stavkirken som har huset klokkene går uvisse tider i møte, og snart utsettes bygda for brå skiftninger og ubøyelige viljer.
Søsterklokkene er en rik fortelling om gammel tid som brytes mot nye ideer, om mørkt slit og solvarme steiner, om to kirkeklokker med overjordisk klang og evigheten som horisont.
………………………………………………
Eg har lese berre ei bok av Lars Mytting før, det var "Svøm med den som drukner". Det var ei kjempegod bok, derfor hadde eg store forventningar til "Søsterklokkene". Men dessverre innfridde den ikkje. Eg veit ikkje korleis eg skal uttrykke det, men den vart litt for gammaldags på ein måte. No har eg høyrt lydbokversjonen på ein dårleg CD -spelar, så eg er ikkje sikker på om eg fekk alt med meg, dessutan likte eg ikkje opplesaren så godt heller. Skulle kanskje heller ha lese papirversjonen?

søndag, november 10, 2019

Dagbok 2019: 10.november











Klokka er snart 16.00, temperaturen ute er minus 4 grader og vi har fått enda ein bonusdag med sol og fint vêr. 
Det vart ein tur på Fonnvernet i dag også; eg kjem til å ta turen kvar dag no, så lenge vêret er bra. Eg går motsatt veg av dei fleste andre, tek turvegen først og Fonnvernet sist. Meir treng eg vel ikkje å forklare bilda. Eg gjekk opp litt tidlegare enn i går, slik at eg hadde sol heilt til eg var nesten heime. Trefte kjentfolk i dag også, men dei fleste går tur tidlegare på dag. 
Då eg kom ned att i Starevegen såg eg 1000 fuglar i rognen til Snipsøyr. Men før eg kom så nær at eg fekk sjå kva slags fuglar det var-ja, så var dei vekke. Det er typisk at sidensvansane tek seg ein razzia og tømmer trea for bær, men det er lenge sidan eg har sett dei no. Ser i det heile tatt ikkje mykje småfuglar.
Eg har vore trøtt og uopplagt i dag, la meg seint og fekk ikkje sove heller, fordi eg verkte i armane og skuldrane. Eg har ikkje gjort det skapte grann til nytte i dag heller, eg har så mykje eg burde ha gjort, men det blir ikkje så mykje med meg. Blir litt kabal+ bok innimellom. Ja, og så fyrer eg i omnen og vaskar klede. Når det er så kaldt vil ein helst vere der det er varmt.
I går trefte eg ei dame eg kjenner på Bunnpris. "Har du gått heilt heimanfrå og hit?   spurde eg Ho bur ut på Vinjevoll. "Ja, det har eg no vel," sa ho. Ho er berre eit par og nitti år, og ho både høyrer og ser, utan høyreapparat og briller.
No skal eg høyre litt bok før eg set på TV-en.

lørdag, november 09, 2019

Dagbok 2019: 9.november



Klokka er no 16.10 og det er ca. eit kvarter sidan eg kom inn att etter å ha gått tur. No har sola krope heilt opp på fjelltoppane , så det blir mørkare og kaldare etter kvart. No er det ca. 4 minusgrader ute på trappa.
I dag var eg litt sløv og giddalaus, så det vart ikkje mykje gjort. Det einaste var at eg shina opp kjøkkenet. Eg høyrde litt på boka mi, men den CD-spelaren er ikkje god, så eg får ikkje med meg alt. Eg hadde tenkt å fare og handle i dag, men hadde eigentleg ikkje lyst. Så fekk eg brått eit anfall av energi og sette i gang med å avise bilen og sette den i sola. Så kledde eg meg om og køyrde ned på ALTI. Eg kom på at eg hadde tenkt meg på Europris for å kjøpe vaskepulver og diverse andre vaskemiddel. Det vart såpass mykje at eg mått låne ei korg/vogn og køyre det ut. Det var veldig mykje folk på ALTI i dag, men verste rushet var vel forbi. Det er kjekt å ha ein liten bil når ein skal parkere slike dagar. Eg tok like godt og handla matvarene på Bunnpris, så slapp eg å parkere fleire gonger.
Marit og eg snakka om brød i går, og vi meinte at av kjøpebrød var MORS grovbrød ikkje så verst. Dermed kjøpte eg eit slikt på Bunnpris, endå eg har rikeleg brød i frysaren. Eg tok meg eit par brødskiver før eg gjekk tur på Fonnvernet. Det var så fristande å vere ute i sola, men den forsvann før eg var ferdig med turen. Eg gjekk heimanfrå ca. 15.05 og var heime att 15.50. Men då tok eg ein litt lang heimveg. Det gjeld å variere. I dag var kl. over 10 før sola kom, men det kan hende der var skyer i aust. Ho skein enno i Starevegen då eg gjekk heimanfrå, men forsvann fort. Det er sjeldan vi har så fint ver i november at vi får følgje med på sola kvar dag. 
Men eg hugsar første året eg gjekk på DH, då var det meir enn 20 minusgrader i november, ikkje så mykje snø, men is var det. Eg hugsar at eg stod og spann nede på tunet vårt om morgonen. Då hadde eg ein grøn Opel med forhjulsdrift.
På bildet under kan de sjå Starevegen slik den ser ut frå Fonnvernet.







På veg opp turvegen-"avgrunnen" til høgre.


fredag, november 08, 2019

Dagbpk 2019: 8. november



Klokka er 16.40, temperaturen er minus 4 grader, men vi hadde sola lenge i dag også, men ho stakk bakom fjellet ei ørlita stund.
Det første eg gjorde i dag etter frokost, var at eg finpussa manuset mitt og sende det til avisa+ to bilde. Så får dei no gjere som dei vil.
Seinare vaska eg litt grundig på badet og meir vanleg på kjøkkenet. Då vart eg frista av finevêret og tok ein runde på Fonnvernet, eg trur det er tretten runder eg er komen til no. Elles så brukte eg litt tid på sudokuen som eg begynte på i går. Kom i mål ved tredje forsøk. 
No , då eg sette meg inn til PC-en,, fann eg ei melding frå Marit om at eg måtte komme oppom og smake nokre sunne rundstykke som ho hadde laga - og det blir no kjekt. Denne veka har forsvunne fort, det har vore noko kvar einaste dag. Det er kjekt, men det blir lite gjort her heime. Eg har ikkje verken baka eller vaska til jul-for eksempel.
No hadde eg nettopp fyrt godt i omnen, men eg håper det held for i kveld. Eg har sjølvsagt på varmepumpa.
Neste veke skal vi ha styremøte i pensjonistlaget, julemøtet må vi av ymse grunnar ha så tidleg som den 27.november. Så spørs det kva vi kan få til utan leiaren vår, som har fått nytt kne, men ikkje kan gå så mykje enno.
No må eg visst byte om litt før eg går opp til Marit. Ønsker alle ei fin helg.
Eg fekk ikkje ta bilde på Vernet i dag, for mobilen var tom for straum.

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...