mandag, november 25, 2019

Dagbok 2019: 25.november.

Klokka er berre 17, men det er mørkt ute, så eg føler at kvelden er komen og eg kan skrive blogg. Det er korte dagar for oss som ikkje treng å følgje klokka så slavisk. Det er + 4 grader ute no og det regnar litt. Marit var nedafor i Vik i dag og det var glatt. Håper det blir betre i morgon når vi skal på trening. Eg har knapt nok vore ute av huset sidan torsdag.
I dag hadde eg ingen faste planar, så eg måtte diskutere med meg sjølv kva eg skulle gripe fatt i. Først av alt måtte eg sage litt opptenningsveg, eg må sage ofte for eg kan ikkje ta så mykje i gongen på grunn av armane. Det var for tidleg å begynne å vaske til jul, fann eg ut, så eg kunne lage ei kake og fryse, det vart gjort. Men sidan eg hadde rota til kjøkkenet og hadde alle ingrediensane klar, laga eg like godt ei til, same sorten. Det gjekk heilt greitt, og så var det berre å sette på oppvaskmaskina. Saga litt til, før eg åt "middag". I dag var det kjøttfri dag, så eg opna ein boks med Makrell i tomat, det er naudprovianten min.
Så har eg fått ein vane med å sette meg i godstolen og sjå TV etter middag. Då sovnar eg- sånn halvvegs i alle fall. Eg høyrde musikken frå TV heile tida, men så spelte dei ein musikk som var kjent. Etter å ha kome litt meir til meg sjølv, forstod eg at det var telefonen. Eg har fått veldig mange oppringingar frå ukjende nummer i dag-lange nummer.( Nummera er ikkje lengre enn vanleg, det er berre at dei tek med landskoden) Tok telefonen ein gong og det var berre noko ballprat på engelsk. Elles tek eg berre telefonen når eg kjenner nummeret dvs. når det kjem opp eit namn. På Doro-telefonen har eg stort sett namn på alle eg kjenner. Eg slo opp eine nummeret som har ringt i dag, et var faktisk nummeret til ei norsk dame - som eg ikkje kjenner. Eg trur det må ha med sal å gjere.
Men frå Sparebanken fekk eg melding - dei har for lite informasjon om meg så eg må komme innom kontoret og ha med meg gyldig pass. Skal eg gå og få meg pass berre for det? Då kjem eg vel i avisa, eg også,  akkurat som ho på 100 som måtte møte fram i banken-utan pass. Eg kan ikkje forstå at Sparebank 1 veit for lite om meg, dei har jo all informasjon dei treng til å ordne opp i finansane mine i alle fall.
Eg er litt skuffa over pensjonistane. No har vi med mykje møye og besvær skipa til eit julemøte med mat og godt program, og så er det 25 stk. som har meldt seg på ! Ja, dei om det, neste år kan vi kutte det ut.
Apropos så må eg truleg til å skrive opp og printe ut nokre songar til det samme møtet. Så har eg arbeid den stunda.
Eg driv og strikkar aldri så lite om kveldane, det er betre for armen min å strikke LITT enn å sitte heilt i ro. Uansett kor lite eg gjer så går dagane fort; i morgon er det trening og så får vi handle etterpå, onsdag er det julemøte, men så skal eg til å planlegge mi eiga jul.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...