lørdag, desember 31, 2022

Dagbok 2022: 31.desember


 Klokka er no17.00, temperaturen på trappa er 0 grader og på maskina mi står det: snø kommer.

I dagmorgon bestemte eg meg før eg stod opp at eg ikkje skulle på butikk i dag, og ikkje kjøpe i hop meir mat. Eg har rikeleg på lager.

Derfor gjorde det ingen ting at det hadde kome rikeleg med våt og tung snø. Eg skulle ikkje lenger enn ut i garasjen og hente ved, og det hasta ikkje. Men før eg hadde fått gjort noko som helst, var naboen der og fresa tunet mitt. Der ligg snø enno, men den er tung og våt, så den kan likeså godt smelte.

Planen i dag var å vaske det eg kallar "fredagsvask", det er relativt fort gjort, men her er nokså mykje å rydde opp i. Klede som skal på plass og mykje anna. Eg får ta det litt etter kvart.

Eg hadde ein sudoku som eg begynte på torsdagskvelden, men ikkje fekk til-i går kveld måtte eg berre gi opp. Men i dag tok eg den fram att og fullførte på kort tid. Så no kan eg seie som før:"Eg har løyst alle sudokuane i Møre Nytt" sidan dei begynte å ha slike i avisa.

Til middag i dag hadde eg ein rest, eg hadde tenkt å lage meg sprø svor i dag, men det kan eg no gjere kva dag som helst. Eg er her åleine og bestemmer sjølv. Eg har talt på fingrane og funne ut at det er 5.jula eg er åleine i huset. Men eg har no vore på besøk på Hareid og hatt besøk her heime, så eg føler meg ikkje einsam. Eg likar godt å vere åleine også , då kan eg til dømes sjå det eg vil på TV og strikke attåt. Det blir mykje TV og spøt denne årstida. Men eg ser fram til lysare tider no. Vi plar få sola her rundt den 18.januar, og dagane vert i alle fall lysare etter kvart.

Eg skal opp til Marit ein tur i kveld, for då fer Janne og familien til Volda. Det er no kjekt å ha ei venninne så nær- og andre snille og kjekke naboar. For ei lita stund sidan var eg ut i garasjen og henta ved. Då hadde Even vore der med 5 nye sekker, fryse vil eg i alle fall ikkje, og når det er kald, strekker ikkje varmepumpa til.

Då vil eg ønske alle blogglesarane ei god nyttårsfeiring og alt godt i det nye året.

GODT NYTT ÅR !

fredag, desember 30, 2022

Dagbok 2022: 30.desember

   

Klokka er no17.05, temperaturen ute er + 6 grader C og det regnar og blæs litt, trur eg, det er såpass mørkt at eg ser ikkje så godt. Og eg har ikkje vore lenger enn ut i garasjen i dag. I går kveld, seint, såg eg ei melding på Messenger om at Håkon og familien ville komme ein tur i dag. Det var no kjekt at dei ville komme, men eg hadde ikkje middagsmat på lur, så dei fekk nøye seg med kaker og kaffi. 

Både dei og Audun kom i 13 tida, og vi hadde ei koseleg stund med kaffi og kaker, det minkar heldigvis litt på kakene. Amund fann seg vel til rette og han likte kransekake, kanskje mest på grunn av smellen og kongekrona. Det er lenge sidan han har vore her, men då det var nesten tid for å fare att, spurde han etter RINGANE- som han hugsa etter tidlegare besøk.

No har eg tatt fram sudokuen igjen, begynte på den i går kveld, men kom ikkje i mål, veit ikkje om eg greier den i dag heller. Viss eg må gi opp er det første gong, hittil har eg løyst alle i Møre-Nytt.

Eg brukar å vaske om fredagane, men i dag vart det utsett til laurdag. Då må eg også ein tur på butikk, men eg har enno ikkje bestemt meg for kva eg skal ha til middag i morgon. Eg reknar med at eg blir her åleine, så det er ikkje så nøye med. Eg går og et på diverse snop heile dagane, så det tek vel ein ende med forferdelse og mange kilo ekstra.

Så skal vi snart gå inn i eit nytt år, utan å vite kva som kan hende. Det er snart tre år sidan Koronaen kom og etter det har det vore eit kvart støtt. Eg har vel mange med meg når eg håper på fred og god helse i det nye året. I desse to-tre siste åra har mykje endra seg,  vi fekk ei påminning om at vi har hatt det godt i mange år og kanskje ikkje sett nok pris på det.




torsdag, desember 29, 2022

Dagbok 2022: 29.desember




 Klokka er no17.55, temperaturen ute er+ 7grader og det blæs litt. På maskina står det: "Stort temperaturfall" først og no står det Regn/snø. Så det er ikkje så mykje å sjå fram til når det gjeld vêret-. Eg har ein sekk ved att, men håper Even kan skaffe meir.

I dag tidleg sov eg lenge, etter at eg hadde vore vaken men sovna attpå. Så føremiddagen vart ikkje lang. Eg sette på ein klesvask og den gjorde seg ferdig mens eg såg serien min. Eg hadde så smått tenkt meg på butikk i dag, men hadde ikkje bruk for så mykje, så eg tok ein spasertur i staden. Det vart ei liknande rute som i går, ikkje så lang, men det er tungt å gå med piggsko. Eg laga meg ikkje skikkeleg middag i dag, men åt opp ansjosen på ei skive, og så vart det litt av kvart etterpå- 

Eg kom meg ikkje inn på NETFLIX men Rasmus hadde sendt nytt passord som eg skulle sette inn, det gjekk heilt fint til eg var nesten ferdig-då var det stopp. Så kom det fram eit bilde på telefonen  min og då kom eg i kontakt med Rasmus. Det var vel det som heiter videochat -eg snakk no litt med Rasmus sidan eg hadde han der. Etterpå oppdaga eg at det ikkje lenger stod Messenger til overskrift på sida men Chatter.  

Eg gir opp telefonen, og TV-en , men håper at eg kan bruke PC-en utan for mykje problem. Eg skal kanskje invitere Helge Andersen til eit lite treff? det er lenge sidan han har vore her no.

Eg hadde kjøpt mykje "butikk-kaker" til jul, og krumkaker hadde eg laga, men gløymt å ta fram. Viss nokon stikk innom så har eg mykje godis også. Men vil ein ha gulrotkake, må eg ha varsel ei stund før dei kjem, sidan den er i frysen.

Eg laga meg kaffi og fann ein serie på NRK 1, eg må ha sovna litt for eg forstod ikkje kva som gjekk for seg på skjermen då eg vart heilt vaken- No må eg mate omnen litt, varmepumpa greier ikkje å lage nok varme.

I morgon er det fredag, så no begynner det å bli normalt igjen, særleg når Nyttårsdag er på ein sundag.


onsdag, desember 28, 2022

Dagbok 2022: 28.desember


 Klokka er no16.35, temperaturen ute er 0 grader, og det har vore opplett i dag. Etter frokost gjorde eg litt "husarbeid", rydda etc. Etterpå tok eg piggskorne på og gjekk ein liten runde på Vallabøen. Det var fint å vere ute i dag, og er syntest ikkje det var så lenge sidan sist eg var ute og gjekk på piggar. Eg gjekk ikkje fort.

Då eg kom heim att moka eg bittelite grann med brettet på tunet, så henta eg meir ved og fyrte.

Eg kunne velje mellom to ting til middag, anten resten av gulasjen eller rømmegrauten eg hadde kokt på krem- og rømmerestar. Det vart graut og gulasjen hamna i frysaren-enn så lenge-. Eg er ikkje glad i å ete restar, men av prinsipp prøver eg å aldri kaste brukbar mat.

Etter grauten vart det kaffi og TV-og då datt eg heilt i hop, strikka ikkje ein gong, men fraus og var trøtt. Eg trur eg sovna litt, for etter ei stund var eg oppe og stod igjen. Det blir ikkje meir aktivitet på meg i dag, med unntak av strikking. Arbeidsdagane er korte, så lenge det ikkje er lyst. Og ærleg talt har eg ikkje så mykje eg MÅ gjere.

I dag var eg så døgnvill at eg måtte inn på datamaskina og sjå kva dag og dato vi var komne til. Marit og fam. eg på besøk hos Kjartan i dag, så eg passar LOLLO. Ho kom ned til meg og då gav eg henne litt kvitost for det likar ho veldig godt. Ho kjem alltid ned til meg når Marit er vekke, men ho vil aldri inn-

No kom eg på at det kan ha vore postbil i dag, ikkje at eg har sett nokon, men eg må kike i postkassa. VØR-bilen har vore her og henta boss, så det kan no hende at det er meir som er kome i gang igjen. Eg trur kanskje eg må på butikk i morgon, for eg tenkte eg ville lage sprø svor til Nyttår. Håper alle har det bra.





tirsdag, desember 27, 2022

Dagbok 2022: 27.desember

Klokka er no15.46 , temperaturen ute er 0 grader, det har kome meir snø-og enda meir vil det kome. Eg tok fram piggskorne mine og hadde dei på då eg gjekk ut i garasjen etter ved. Då gjekk eg heilt tyrgt.

I dag sov eg heilt til klokka var 9, og då stod eg opp. Eg hadde rydda og vaska det meste i går, men der var diverse å ta hand om i dag også. Eg bad Marit på føremiddags-kaffi og kaker. Etter at ho hadde gått heim sette eg kaker i frysaren, og no var den bortimot full. Eg vart litt bekymra, men så kom eg på at eg har ein frysar i garasjen også. Eg trur det er på tide å slutte å kjøpe så mykje, men heller ete det eg har. Eg har ein tendens til å hamstre somme gonger.

Har no sett litt TV i dag også, men har ikkje følgt med på sjakkturneringa. Eg er ikkje ferdig med all oppryddinga heller- eg har stua vekk litt her og litt der, så kanskje blir eg overaska av det eg finn av t.d. julegåver, det går kanskje litt i surr under gåveutdelinga.

I går vart eg kvitt ein del lestar så eg vart gira på å strikke meir, eg strikka ein halv lest i går kveld, må ha noko å hende fingrane borti når eg ser TV.

Eg håper alle barn og barnebarn og oldebarn og familiane elles har de bra. Så får dokke kose dokker vidare i jula !

Eg har det heilt bra på alle måtar.No skal eg ta bilde av Vêret.



mandag, desember 26, 2022

Dagbok 2022: 26.desember, 2.juledag

 



Klokka er no 19.26, temperaturen ute er + 3 grader, elles veit eg lite om vëret  som har vore i dag, sidan eg knapt har vore ut for ei dør-

Som før sagt så er 2. juledag den dagen vi samlast her i Starevegen. I dag kom Solveig og Margrete pluss alle barnebarna, minus Håkon, og så var Daniel, sambuaren til Ingeborg med; Sambuaren til Olaug var att i Bergen med influensa.  Øystein var heime han har også  ei slags influensa og er stemmelaus, noko som er litt trasig sidan han skal lese opp noko på ei tilstelling  seinare i veka. Ja det er ikkje berre krig og dyr straum, influensaen er også ute og går. Eg er vaksinert, men det er ikkje sikkert at det hjelper

Menyen var om lag som i fjor med gulasj først og kaker og dessert seinare. Mykje av føremiddagen min gjekk med til gulasjen, for det var så mykje som skulle skjerast opp i bitar. Men eg kom no i mål og alle var nøgde-

Vi hadde ei koseleg stund og barnebarna frå to familiar fekk treffast. No står oppbvaskmaskina på, og eg gjer eit tappert forsøk på å få orden i huset igjen.  det Det er ei glede for meg at eg er såpass at eg greier å lage til eit lite selskap. Og eg er så glad når eg får treffe barn og barnebarn. Det skjer ikkje så ofte, for dei er no for det meste for alle vindar.

I morgon er det kvardag igjen. Det er kvardagane som er best-i alle fall når ein er pensjonist og fri. Vi har det godt her i landet, ikkje alle er like heldige.



søndag, desember 25, 2022

Dagbok 2022: 25.desember-1.juledag

 Klokka er no16.30, temperaturen ute er +6 grader; kulden vi hadde forsvann fort. Aberet er at vi får regn i staden- men eg synest det er verre å fryse.

I går kveld slo eg av alle elektriske omnar, så i dag låg lenge, for å sleppe å fryse. Men det var ikkje gale. I løpet av natta hadde temperaturen stige til +3 grader.

Eg plar som regel vere heime åleine 1.juledag-og det er slik eg vil ha det.

Frokosten vart enkel, men eg bytta no ut den heimelaga plommesylta med svensk Kørsbær syltetøy som eg har fått av Solveig.

Eg såg mykje TV på føremiddagen, mellom anna gudstenesta frå Nidarosdomen. Då får ein med seg mykje -særleg julesongane. Eg skal ikkje nekte for at eg strikka litt også, greier knapt å sitte med hendene i fanget når eg ser TV.

Det er ei nokså gammal tradisjon at familen møtest her hos meg 2.juledag og slik blir det i år også. Då kjem Solvei, Øystein og Margrete + barn og ev. kjærestar.

Eg skal servere ein supperett og så blir det kaker og dessertar i lange baner etterpå. Eg har førebudd mykje i dag, til og med sett plate i bordet og lagt på "Heilage tre kongars"-duken som eg kjøpte på Gåvebuda for mange år sidan.Eg synest den er fin, og så er den lett å stryke. men alle får ikkje plass rundt dette bordet, så vi må bruke salongborde1 i tillegg. Det går heilt fint.

Bildet som de ser på veggen er det Svein, bror min, som har måla. Originalen er det Nikolai Astrup som har laga. Men kopien er like fin. Eg får ikkje gjort meir i dag, trur eg, men er gler meg til å ha besøk i morgon.

Eg ønsker alle fortsatt God jul.

lørdag, desember 24, 2022

Dagbok 2022: 24.desember. Julaftan.


 Klokka er no23.10, temperaturen ute er minus 6 grader. Det er opplett og snøen ligg moka og fin etter at Øystein køyrde meg heim og tok ein moke-runde på tunet før han forut att,

Eg har hatt ein fin julekveld med mykje god mat og fine gåver. Vi var ikkje så mange som vi plar vere på Hareid julaftan, men tre av dei fire barna var "heime".

På andre dag håper eg å samle alle her hos meg. ALLE blir det sjølvsagt ikkje, for Rasmus og familien er for langt borte til det. No har eg fyrt i omnen og skal kose meg meg litt alleine-tid  med gotteriet mitt.

Takk til Solveig og Øystein for at dei også i år tok imot meg så godt til julefeiring.

fredag, desember 23, 2022

Dagbok 2022 : 23.desember



Det vart litt tomt etter dei som gjekk

 Klokka er no 17.27, temperaturen ute er minus ei grad og vi har fått mykje snø i dag. Det var mykje då eg stod opp og meir kom det etter kvart. Ein av naboane fresa tumnet mitt på føremiddagen, og då kunne eg hatt ut bilen om eg ville, men slo i frå meg å fare på butikk i dag. Tek kanskje ein liten tur i morgon i staden

På føremiddagen i dag vaska eg "fredagsvask" og rydda litt her og der før eg gjekk opp til Marit som har bursdag i dag. Var i bursdagsselskap med familien  sist sundag, men i dag var det berre Marit og eg. Vi kjenner oss gamle begge to, men er samde om at vi har det godt som kan få bu heime-og ikkje på Ørstaheimen-enno.

Vi drakk kaffi og åt snop og kaker. Eg visste at Margrete skulle komme, og ho visste kvar eg var. Dei kom alle, Margrete, og  dei fire borna + Daniel og hunden. Den var ikkje stor , men veldig "søt". Dei fekk berre ein kaffikopp for dei var på veg til Lars som bur i Mosmarka i Ørsta no. Dei skal vere der i jula. Der blir folksomt, når både Lars og Moniika skal vere der. Men dei har stort hus-.

Eg skal til Hareid i morgon, Einar hentar meg, og 2.juledagskal vi samlast her, dei som kan og vil- Eg har berre ete snop og kaker til no, men no har eg kokt hardkokte egg og så har eg ansjos. Det blir middagen i dag.

Eg vil ønske alle som er innom bloggen ei god jul!



torsdag, desember 22, 2022

Dagbok 2022: 22.desember

Klokka er no 16.27, temperaturen ute  er minus 1 grad. Bildet over tok eg ut stuevinduet for vel ein halvtime sidan, no mørknar det fort, men heldigvis går det mot lysare tider. Eg har ikkje vore heilt i form i dag, ikkje slik at er er sjuk eller sånn, har berre ikkje funne energien  min. Eg la meg seint i går og vakna tidleg i dag, det kan vere for lite søvn som gjer at eg er så tiltakslaus og lat.

Eg skulle ned på ALTI i dag også, eg skulle mellom anna kjøpe ei lyspære og det er heller ikkje enkelt lenger. Men eg hadde med den gamle pæra så ein av ekspeditørane fann fram til den rette.

Elles så streva eg litt med å finne fram til det eg skulle ha. Og det var ikkje så mykje. Men ein ting har eg leita etter på alle matbutikkar og ikkje funne nokon stad. Det er ansjos på boks, ansjos som ikkje er reinska. Det hadde vi alltid før, Nils og eg, og så gjekk det sport i å reinske ansjosen fortast-for vi var ikkje enige om korleis det skulle gjerast. Eg trur det vart uavgjort for det meste. Eg fann ikkje slike boksar på KIWI og ikkje på BUNNPRIS og heller ikkje på SPAR. Men då gav eg meg og kjøpte eit glas med ferdigrensa ansjos. 

Eg kjøpte  eit beger med sunnmørsk SØST. Eit rundt julebrød kjøpte eg også. Så då eg kom heim att laga eg meg eit måltid med julebrød+ ansjos og søst. Ansjosen var veldig god, men søsten heldt ikkje mål. Og i år ser eg ikkje Nordfjord-Gombe på butikkane, den plar vere mykje betre enn søsten.

Eg har ikkje gjort mykje etter at eg kom heim, har fyrt i omnen og sett TV og strikka etc.Eg begynte på jula litt for tidleg i år , trur eg, men no er vi snart der, i morgon er det Lillejulafta og Marit har fødselsdag, som vi feira sist helg.

Eg skriv verken julebrev eller julekort, berre helsingar på FB og blogg.


onsdag, desember 21, 2022

Dagbok 2022: 21.Desember SOLSNU




Klokka er no17.00, temperaturen ute er berre +2 grader, så smeltinga av is på tunet har nesten stoppa opp
. Dessverre. Eg hadde problem med å komme meg opp på vegen med bil i dag, men lukkast til slutt.

Det var heilt nydeleg å stå opp til ein hus som var "temperert" og ikkje iskaldt, men eg er redd for at kulden kjem att.

Eg hadde ikkje  planlagt så mykje i dag, men eg ville sjå fram på gravstaden, korleis der såg ut etter all snøen. Så eg køyrde fram dit etter at eg hadde sett serien min, strikka litt og fyrt i omnen. Det var to gravemaskiner der i dag, dei hadde laga nokre vegar somme stader mellom gravene og så hadde dei gjort i stand til gravlegging i morgon. Eg tenkte at det måtte vere ekstra trasig å gravlegge nokon i snø og kulde. Eg vassa gjennom ca 1/2 meter høg snø bort til Nils si grav, der eg grov fram kransen eg la der for ei stund sidan. Lyngen som stod så fint då , stod framleis og blomstra under snøen. Eg sette nye batteri i lyset, så lyser det vel ei veke.

Etterpå handla eg på KIWI sidan eg var på dei kantar. Då eg kom heim hadde eg ein liten jobb med å få på plass og rydde opp, og så laga eg fiskesuppe til middag. Det går fort og lettvint for seg når eg har frosen fisk i bitar. Etter middagen blei eg så døsig at eg sovna nesten - med kaffikoppen i handa.

Det blir ikkje trening i morgon heller, for det var så mange som hadde meldt avbod. Like greitt det, for eg har ymse eg må gjere då også. Må mellom anna ein tur til Vik. Eg er så glad eg har den vesle bilen min, slik at eg kan komme meg rundt utan å bry andre. 

Det var litt rart på morgonen , eg sat og strikka, og så kom eg på lestane eg hadde strikka til Rasmus. Skal tru om han hadde fått dei? I same augneblink kom det ein lyd frå telefonen. Det var Rasmus som sende ei melding: "Takk for sokkane!"

Eg synest ikkje eg får så mykje gjort om dagane, vinteren og kulden gjer at eg  har mindre energi. Det er ikkje det at eg har sånn veldig arbeidslyst-men det er no kjekt å ha noko å styre med. Det blir til at eg blir sittande å strikke.

tirsdag, desember 20, 2022

Dagbok 2022: 20.desember

Klokka er no 19.14, temperaturen ute er+ 5 grader C og det er heilt nydeleg å sleppe å fryse. Det er sjølvsagt is både her og der, så det er ei utfordring å gå utan piggsko. Eg har ikkje tatt mine fram enno, for eg kan ikkje bruke dei i bilen. No spørs det berre om vi blir kvitt isen før vi får ny snø. Eg skulle ha vore fram på gravplassen også og pynta litt til jul, men der er sikker mykje snø enno.

I dag hadde Marit avtale med Janne om at ho skulle få informasjon om føret. Vi fekk vite at det var veldig glatt både for bilen og dei gåande. Ergo kutta vi ut treninga i dag

Eg fann no litt å gjere her heime, men eg var så trøtt at så snart eg sette meg ned sovna eg , har ikkje vore ute for noko liknande. Eg var som vanlig seint i seng i går og tidleg opp i dag, men sånn er det no alltid. Eg prøvde å strikke og sjå TV, men det gjekk ikkje. Så tok eg fram den store støvsugaren og støvsuga heile stovegolvet grundig flytta fram møblar etc.

Men så var det det at eg måtte til Vik for eg hadde bestilt og betalt ei kake som skulle hentast i dag. Det var eit vågestykke sidan det var is overalt-ikkje minst nede ved ALTI. Eg fekk parkert bilen ikkje så altfor langt frå inngangen og der var no strødd her og der. Inn kom eg meg lett, men det vart nokså spennande å gå med kake på isen. Det gjekk heldigvis bra. Neste utfordring var å plassere kake slik at den ikkje vart øydelagt. Ho fekk sitte/stå på setet framme -med selen på.


 

Alt gjekk bra. Eg handla på KIWI på heimvegen, og då eg endeleg var heime, var klokka 15.30-Og i dag måtte eg ha litt middagsmat, så eg sette på poteter og så steikte eg ørret. Det er veldig lettvint.

Etter at eg hadde ete sette eg meg i godstolen og så på "Den nye dyrlegen" for eg såg den ikkje i går. Då sovna eg skikkeleg godt og vakna opppatt som eit nytt og betre menneske.

I dag har ikkje prisen på el-kraft vore så høg. Eg har ikkje fyrt med ved før no, for varmepumpa virkar godt når det ikkje er for kaldt. Eg måtte også ha på oppvaskmaskina i dag, brukar å ha den på berre ein gong i veka, for eg kan no vaske litt for hand innimellom,

Morgondagen  veit eg lite om, men eg veit at eg må ein tur nedover då også-

Jula nærmar seg no og eg håper på mildver.

Bok nr.40 - 2022:: I min fars hus


Denne boka fekk eg av Øystein. Eg har lese den ut på ein to-tre dagar, for den var lettlest. Innhaldet var ikkje på nokon måte lett å fordøye, 
 

mandag, desember 19, 2022

Dagbok 2022: 19.desember





Det lyser i stille grender



Klokka er no 16.07, temperaturen på tappa er ca. +1, men maskina vil  ha det til at det er +2, og "snø kommer". Ja, han gjer vel det.

Eg hadde diverse planar for dagen, men eg hadde liksom ikkje lyst å gjere noko i dag- eg vart så skipla fordi eg ikkje fann att kassa med julepynt-eg har no hatt den framme før-men nei-den var ingen stad å finne. Mesteparten av året står den i ei hylle i kjellarboda, men nei......

Då måtte eg finne på noko anna, og det var ikkje spå dumt å bake nokre brød. Eg fekk ein liten stuss på laurdag, då eg kjøpte to brød på Westre- for 80 kroner, som regel tek eg berre eit brød i hylla , og dei kostar berre nokre og 30 kroner kvar. Ein annan grunn til å bake var at eg hadde ein kartong med surmelk som var i ferd med å bli for gammal, men eg sjekka og melka var OK. Det vart ein fin deig som heva seg meir enn vanleg, og tre fine, gode brød-ikkje så veldig grove. Så i dag vart det brødmiddag.

Eg pussa kopar og messing til advent, og no var det heilt stygt igjen. Såg ut som det aldri hadde sett pussekluten, men eg var lite lysta på puss nummer to. Eg fekk heller prøve å finne att kassa med pynten, eg ville sjekke kjellarboda ein gong til. Eg gjekk ned og der stod kassa, ikkje i hylla der den skulle stå, men midt på golvet, det var eit under at eg ikkje snubla i den. Og i kassa var det mellom anna stearinlys, så då måte eg pusse nokre lysestakar og litt anna, men no er eg lens for pussemiddel og no har alle butikkar berre ein sort, og det er den sorten som eg har brukt i mange år. Den er lettvint, men glansen varer ikkje lenge.

Innimellom har eg strikka ferdig ein lest og festa trådar på  to par relativt små lestar. Eg må strikke  når eg ser TV, ha noko på hendene - og no kom Solveig med  mykje garn til meg, ho kjøper ein del "på salg".

Eg hadde så smått tenkt å gå ein tur, men no er det bekmørkt ute og nedst i kanten på "maskina" står det :"PÅ/AV med snø". Så spørs det om vi kjem oss på trening i morgon, og eg har eit ærend på ALTI som eg MÅ  gjere i all fall-

søndag, desember 18, 2022

Dagbok 2022: 18.desember


Vi tenner fire lys i kveld,
og lar dem brenne ned
For lengsel, glede håp og fred
men mest allikevel
for fred på denne lille jord,
der menneskene bor.



Klokka er no17.20, temperaturen  er minus 3 grader og maskina varslar temperaturstigning.

I dag har eg vore i gebursdagsfeiring på andre sida av gata, og der hadde vi det veldig hyggeleg. Det var to venninner til som skulle ha vore der, men dei var sjuke, og melde avbod. Derfor vart det berre eg og familien, men vi hadde det hyggeleg likevel. Det var Janne som hadde styrt mest med maten og der var mange spennande rettar-og alt var godt. Og så var der varmt og godt i huset, det er slikt som eg set veldig pris på.

På føremiddagen i dag jobba eg litt; eg la i hop ein klesvask som hadde vore i tørketrommelen og så vaska eg to maskiner til som må tørke på stativ. Kan ikkje bruke straum til alt heller. Elles så strauk eg nokre klede og fekk inspirasjon til å stryke juledukane mine også, dvs. dei som eg skal ha når eg dekker på. Godt alt som eg gjort til jul.

Eg har strikka eit par blå lestar til Amund, men dei vart altfor store, så eg har begynt på eit anna par som skal bli meir passelege. Eg har fått garnet av Solveig,  eg likar å ha noko på hendene når eg ser TV

I dag hadde eg litt problem med å få eld i omnen. Til slutt fann eg fram eit par gamle sko som eg heiv innpå, men då brann det.

For morgondagen har eg ingen planar, men det dukkar vel opp eit kvart. Eg lurte på  å ta fram vedkløyvaren og kløyve opp nokre av dei store kubbane til oppfyringsved, men det kjem kanskje og regnar?

Det er veldig mørkt ute no. Neste sundag er det juledag. Eg må ein tur fram på grava og rydde litt til jul, og sette nye batteri i lyset, men eg får vente litt og sjå vêret an.








lørdag, desember 17, 2022

Dagbok 2022: 17. desember

Klokka er no 17.14, temperaturmålaren ute står på 0, og på skjermen min står det: Snø kommer- Ja, er det ikkje snø, så er det kulde og omvendt.

I dag var det ikkje så isande kaldt då eg stod opp, men eg måtte no fyre opp i omnen likevel.

I dag ville eg nedatt på Alti og sjå om eg fekk med heim det eg sakna i går. Det fekk eg ikkje, for dei hadde ikkje hatt noko som stod att på disken då eg gjekk, sa dei. Men Mariann var der ikkje sjølv, så eg skal no få henne i tale ein annan dag. Elles handla eg no litt av kvart i dag også, var på Europris også, der får ein mykje for pengane. Mat etc. handla eg ikkje i dag, for eg må lage meg ei liste og få med meg det meste-alt på ein gong.

Elles leita eg etter nøklane i garasjen, eg har ein teori som seier at dei er der ein plass, men kanskje ligg dei ikkje slik at eg ser dei.

Då eg kom heim frå Vik, mens eg hadde ytterklede på meg, gjekk eg ein liten runde her på Vallabøen. Det var ikkje så veldig kaldt, så det var godt å vere ute.

Då eg kom heim att varma eg opp risgraut og åt det til middag. Elles har eg strikka, sett TV og lese i ei bok. Så eg har liksom hatt ein fridag.

Med det samme eg var oppe, fekk eg melding på telefonen om at der låg digi -brev frå Helsenorge på data. Det var melding frå fastlegen min om at dei ikkje hadde funne anna på ryggen min enn vanleg slitasje- veldig kjekt å få resultatet så fort, slik at ein slepp å gå og vente på svar.

Det blir vel strikketøy og TV resten av dagen også, men i morgon skal eg over gata i selskap til Marit som fyller 84 år på Lille-julafta. Når det er så tidleg på dag er det for at der kjem  tilreisande gjestar- Det er Janne som lagar selskap for mora.

 

                                        Storebakken i dag

I dag fekk eg kjensle av at vi var komne godt utpå nyåret for det er i januar vi har slikt vêr-og så lyst. 

No må eg visst ha meg ein tur ut i garasjen etter meir ved. Eg fekk brev frå banken, om betaling for straum. Eg har avtalegiro så eg treng ikkje ordne med betalinga sjølv. Samanlikna med dei beløpa eg plar betale, var det ca 600 kr meir, og sidan eg fyrer meir med ved enn elles, blir det meir på vedkontoen enn elles også.  Fryse vil eg ikkje , men eg går med mykje meir klede inne enn det eg brukar å gjere. I dag har eg ein stor klesvask som eg må tromle. Eg vaskar ,litt langs med og tørkar på stativ. Den nye trommelenn brukar over 3 timar på eit tørk. Den gamle greidde det på 1 time.

fredag, desember 16, 2022

Dagbok 2022: 16,desember

 

Klokka er no15,50, temperaturen ute er minus 6 graderC . Eg trudde vi skulle få det mildare etter kvart, men det er no kaldt nok enno.Bildet over er heilt ferskt, tatt frå soveromsdøra og ut. Det er i alle fall vakkert med snø og vinterkulde.

Eg har nettopp ete meg stappmett på middagsmat frå i går+++

I dag har eg vore litt surrete, så no lurer eg på om eg er litt dement. Etter at eg hadde gjort ferdig fredagsvasken etc. Kledde eg meg om og tok bilen ned til Vik. Det var ikkje vanskeleg å komme seg ut av tunet for Helge hadde fresa i dag også

Eg gjekk inn på ALTI for å treffe litt folk og sjå litt på julehandelen. Nokre små ærend hadde eg også. Mellom anna kjøpte eg noko handsåpe med Mariann, ei såpe som skulle hjelpe for tørre hender. Men eg kan ikkje ha tatt den med meg for  eg fann den ikkje då eg kom heim.Men eg sjekka at eg hadde betalt den, så då får eg fare ned og hente den.

Trefte eit par karar som eg prata med. Elles gjekk eg rundt og såg på alt eg ikkje treng. Litt kjedelig å ikkje ha bruk for noko. 

Då eg kom ut fann eg ikkje att bilen min, eg hadde ikkje parkert der eg brukar , men det visste eg. Saken var at eg hadde parkert ei rad lenger bak enn eg trudde. Men eg fann no bilen til slutt. Det er ikkje lett å finne den rette av alle små grå.

Eg handla litt på KIWI også før eg for heim. Då fann eg ikkje husnøklane. Eg har oftast bilnøklane hengande på ein spikar i garasjen, og når eg tek bilnøkkelen heng eg opp husnøklane på same spikaren. Men det hender at eg stikk nøklane i jakkelomma eller i veska. Men nøklane var ikkje å finne, og huset var låst og etter at eg fekk ny kjellardør er den også låst. Eg hadde eit lite håp om at ein gammal nøkkel som hang på ein spikar i garasjen kunne få opp døra. Og den passa akkurat, det var nesten for godt til å vere sant, men kvifor skulle den ellers henge der? Eg kom meg inn og deretter gjekk alt greitt, eg har ete middag og lagt i omnen, så no skal eg slappe av ei stund, med ei bok eller med TV og strikketøy.

Fredag-i dag igjen, dei kjem titt og ofte desse fredagane, og så får vi ønske og håpe på ei god helg. Eg har ikkje henta inn avisa kom eg på. Der står det mykje om Erlend i dag. Eg leitar opp avisa på nettet kvelden før vi får den, mest for å løyse sudokuen. Dett gjorde eg i går kveld også,

God helg!



torsdag, desember 15, 2022

Dagbok 2022; 15. desember


 Klokka er no16.16, temperaturen ute er minus 2 grader, men det kjennest (for meg) mykje kaldare ut. Snøen dalar ned, jamnt og trutt.

Då vi såg veret i dag tidleg, trudde verken Marit eller eg at vi kunne køyre til treninga; Marit ser dårleg i slikt blindeføre, og eg hadde tunet fullt av umoka snø. Vi blei samde om å bestille bil. Men så såg eg ut glaset der ein nabo var i full gang med å frese snøen min bort. Og då kunne eg køyre. Mens vi var vekke i ca 1,5 timar  vart det nokså djupe spor då vi kom att.

Det var litt ekstra kjekt på treninga i dag, for den som kom innom var mor til fysioterapeuten, ho som dreiv "butikken" før, og henne kjenner vi alle. Det var ho som trena oss då vi begynte, og i dag var ho der og hjelpte til. Anne Elisabeth heiter ho.

Noko anna som var litt morsomt, på ein måte, var at då eg heldt på å koste snøen av bilen, kom terapeuten ut og spurde om eg hadde tatt feil sko/støvlettar. Og det hadde eg verkeleg, men støvlettane eg hadde tatt var heilt like dei eg hadde før, og dei var heilt passelege. Men dei var heilt annleis enn dei eg har no. Ja, hadde eg ikkje brukt tid på å koste snø, så hadde eg kome heim med feil sko.Men det var ingen sure miner. Då eg kom heim spada eg snøen av trappa og laga ein liten veg til garasjen. Det snødde fort til att. No er det akkurat slik det var i fjor vinter

Då eg kom heim vart det litt styr med fyring etc. Og så laga eg middag, i dag vart det julepølse(kvit) og potetstappe. Eg fekk sett ferdig serien min mens potetene kokte. Etter middagen vart det ein pause, såpass det slokna i omnen og eg måtte tende opp på nytt. Eg har tre varmekjelder på stova, omnen, varmepumpa og el-omnen. Eg driv og sjonglerer med desse tre, men eg veit ikkje kven som gir mest varme for pengane. 

Eg trur ikkje det blir gjort så mykje meir fornuftig i dag-men eg har fått eit nett med garn av Solveig, slik garn som eg kan strikke lestar av. Eg har alltid eit nett fullt av strikkasokkar som barn og barnebarn får når dei treng.

Vi snakka om lestar på treninga og Anne Elisabeth sa at ho også strikka lestar, og ho brukte brota om att; det har eg også gjort av og til.

Eg ser på FB i dag at Eli Kjøde har fått  Frivillig-prisen, og den fortener ho verkeleg .Ho har drive med frivillig og gratis arbeid i mange år. Det er ho som har styrt pensjonistlaget dei ti siste åra, og det er ho som held gratis spansk-kurs for pensjonistar og ho har jobba mykje for å behalde Svendsengarden og halde den ved like. Og mykje meir.

I morgon må eg truleg til Vik og ordne opp med eitt og anna, dvs. kjøpe diverse som eg har tenkt ut. Det er best eg skriv ei liste så eg ikkje kjem heim med så mykja anna enn det eg skulle ha. Ja eg må no få ut bilen først.


I går var det ikkje snø på altanrekkverket her, fordi eg hengde ut teppe. Ørsta er ei snøhole.


onsdag, desember 14, 2022

Dagbok 2022: 14. desember


 Klokka er no 21.13, temperaturen ute er  minus 4grader og snøen lavar ned. Det er heilt greitt det, dersom ein ikkje måtte moke den." Snøen slutter" står det på maskina mi- og det håper eg inderleg, for i morgon er det trening igjen.

I dag har eg styrt med ymse husarbeid, og så koka eg meg risgraut til middag. Deretter vart det strikketøy og TV, til Solveig kom før klokka 18  Vi sat og prata ei stund, til det var på tide å fare til Volda. Solveig hadde med seg ymse lestegarn , så no slepp eg å bli lens igjen. Eg strikkar gjerne lestar, så lenge nokon vil ha dei-

Eg skulle til sjukehuset i Volda og ta MR klokka 20, Solveig var her for å køyre meg bort, og vere med meg. Det er kjekt å ha nokon med seg i slike høve. Eg har tatt MR før, for mange år sidan i Ålesund, så eg visste litt kva eg gjekk til. Det gjekk heilt fint, eg slappa godt av der eg låg og hadde det varmt og godt. Solveig er no på veg heim att i snødrevet, håper det går bra, det er vel bert inne i tunnelen i alle fall. Eg likar ikkje at det snøar, men eg trur kulden er verre. No skal eg ha meg mat i alle fall.

tirsdag, desember 13, 2022

Dagbok 2022; 13.desember


 Klokka er no18.03, temperaturen ute her er minus 13 grader, på datamaskina står det minus 16 grader. Det er vel den temperaturen dei måler på målestasjonen ved flyplassen-kaldt er det uansett. 

Eg var oppe grytidleg i dag og sette på litt varme her og der, sidan eg skulle dusje og vaske håret før eg for på trening klokka 10. Eg går her og ber på lause omnar frå rom til rom. Varmepumpa er ikkje noko hjelp i. Det var ikkje varmepumpene på treninga heller, men eg hadde kledd meg godt, så det gjekk bra.

Det var eg som køyrde i dag, og det var ikkje nooko problem med start på bilen etc.. Eg hadde med to små golvteppe som eg la på ruta mend bilen stod ute mens vi var på trening og etterpå mens vi var på ALTI og handla og på KIWI på heimturen.

I dag hadde eg meg ein tur på Clas og kjøpte ein ny el-omn-de ser den på bildet, inne i omnen er der ei vifte som gjer at varmen kjem godt ut. Eg sette omnen rett framføre meg mens eg såg TV og det funka godt. 

Han som selde omnen sa at der var to føter eg måtte skrue på før eg brukte omnen. Eg vart litt skipla, for akkurat slike finmotoriske ting er eg ikkje så flink med. Og det vart som eg frykta- eg fekk det ikkje til. Så kom plutseleg Margrete inn døra og ho greidde det etter å ha prøvd diverse skrujern-(Eg visste at ho skulle komme innom i dag)

Etter at eg hadde ete noko som eg kalla middag i dag, skulle eg sjå serien MIN. og der sovna eg sjølvsagt. Tidleg oppe etter seint i sen, og frå kulde til varme-ein kan bli trøtt av mindre.

Eg sit litt på nåler og skriv i dag, for på maskina står det at ho er infisert. Eg fekk ein resept av Rasmus  går, men veit ikkje om eg får til å fikse det. I morgon kveld skal eg på MR på Volda sjukehus og undersøke ryggen  min. Solveig kjem og køyrer meg bort  dit. Eg køyrer ikkje i mørket; anna enn i sentrum med gatelys etc. Det er vakkert ute om dagane no og sol langt nedetter fjellsidene, men det er FOR kaldt.


mandag, desember 12, 2022

Dagbok 2022:12.desember

Klokka er no  16.30. på trappa mi står det minus 12 grader, på dataen står det minus 16. For meg er det i alle fall kaldt nok, eg hater kulde, og mykje av tida mi går med på å fyre i omnen og elles halde varmen- og det er ikkje lett for meg som frys så snart temperaturen går under +20 grader. I dag tankte eg at om eg lever til neste jul, skal eg reise til "Syden" i desember og komme heim att i februar. Men det blir no ikkje noko, av kjenner eg meg sjølv rett. Men rett skal vere rett , det er eventyrleg vakkert ute, med snø og blå himmel.

Eg hadde ikkje så mykje på jobblista mi i dag, men eg skulle i alle fall lage focaccia-brød , og det har eg gjort. Elles har eg gått og rydda litt her og der, tørka litt støv etc. Kopar og messing pussa eg for eit par veker sidan, no er glanstida over, men pussar eg ein gong  til? Det vil tida vise.

Til middag i dag vart det brødskiver med leverpostei og syltaflesk, så litt julestemning  var det no. Eg fann litt garn som eg har strikka på, berre for å ha noko på hendene, og så såg eg ferdig dei hittil siste episodane av "The Crown". Dei var minst like gode som dei eg har sett før. Særleg likte eg kronprinsen Charles, han som no er konge. Men det kjem vel enda ein sesong, for verken Diana eller dronning Elisabeth er døde enno-i filmen. Det som er litt forvirrande  er at det for kvar sesong er nye skodespelarar  -så det er ikkje alltid lett å kjenne att folka. Men serien er god, og den er lærerik. 
 

No skal eg sjå til å få gjort litt meir i huset. I morgon blir det vel trening på Marit og meg. Då må eg prøve å kle meg varmt nok, for det er ikkje så varmt på treningssenteret. Det er eg som køyrer om tysdagane, og eg synest eg kjenner kor varmt der er i bilen. I fjor vinter var det mykje snø, men ikkje så kaldt som no. Kulden tek vel ein ende -ein gong. Då kan vi t.d. klage på snø eller regn eller eit kvart anna. Hadde eg fått bestemt skulle det vore varmt heile året.

søndag, desember 11, 2022

Dagbok 2022: 11.desember, 3.søndag i advent


 Klokka er no17.30 og det er bekmørkt ute, Det er fint vêr på ein måte, det har vore sol i fjella i dag også, men ikkje her hos meg. Temperaturen på trappa mi er minus 12 grader C, men dataen melder  minus 17. Det er i alle fall altfor kaldt for meg. I dag morgon var det iskaldt på stova, så varmepumpa virkar ikkje i dette veret. Eg har to små omnar som eg flyttar med meg og så fyrer er i omnen på stova. Eg visste ikkje å få det varmt nok i dag, men så kom eg på noko som alltid varmar; eg tok fram støvsugaren og gjekk over heile stovegolvet, flytta sofaane fram til dess, og då fekk eg varmen i meg- endeleg.

Eg hadde att middagsmat frå i går, men der var berre ei lita potet. Då gjorde eg eit eksperiment; eg tok ei rå potet med skalet på, skylte den under springen og la den midt på tallerkenen i microbølgeomnen nokre minutt -og vipps der hadde eg ei kokt potet. Dette skal eg gjere oftare.

Etter middagen sette eg meg inn i stolen min og såg TV. Då hadde eg det varmt og godt og eg trur eg sovna aldri så lite. Så hadde ei stund med "THE CROWN" og ein kaffikopp. No har eg ein jobb som ventar meg på kjøkkenet, så no skal eg vere i aktivitet ei stund.

                              Utsikt frå trappa klokka 12 i dag

lørdag, desember 10, 2022

Dagbok 2022: 10. desember

 


Klokka er no 18.30, kor kaldt det er, veit eg ikkje , for det er is på målaren min.
På datamaskina står det at det er minus 14 grader C- det er i alle fall kaldt. Men no har eg rikeleg ved i hus, så no har eg slått ifrå meg å fryse i hel.
I dag stod eg opp bestemt på at kulden ikkje skulle få øydelegge dagen. Etter at eg hadde ete frokost etc. kledde eg godt på meg og køyrde på butikken. Der handla eg såpass at eg hadde litt jobb med å bere inn i bilen-og ut att då eg kom heim. Og mykje skulle på plass, så då heldt eg heten den stunda. 

Einar ville komme innom i dag, så eg spurde om han ville ha middag med meg ,og det ville han. Han kom litt før klokka 13, og med seg hadde han ein nydeleg borddekorasjon til meg. Eg trur det er 3.året på rad at eg får slik juledekorasjon med han, så no er det vel blitt ein tradisjon ? Fin var den i alle fall, og kjekt å ha.
Vi åt kjøttkakemiddag i dag, og drakk kaffi etterpå. Så skulle Einar handle litt på Alti før han skulle sjå fotball på Hareid.
Før har for fann han fram siste delen av  "The Crown" på TV-en min, så etter at eg hadde rydda opp, sette eg meg og såg- mens eg strikka, sjølvsagt.
Då ringde telefonen, det var Margrete og Amanda som var i Ørsta på handel og ville komme oppom. Ærendet var no også at Margrete hadde kjøpt noko til meg i Volda som eg ikkje får i Ørsta, eg hadde bedt henne om det. Dei fekk ikkje så mykje servering her, men vi drakk no kaffi og åt butikkjøpte julekaker, som dei hadde kjøpt - eg hadde også nokre. Så i dag har eg hatt ein fin dag. Det er kjekt med barn og barnebarn på besøk.
No skal eg strikke ferdig den 6.og siste lesten for denne gong, trur eg, men eg har ein tendens til å kjøpe meir garn for eg må ha noko å henge fingrane borti.


Eg likar ikkje kulden, men eg likar kanskje enda mindre å få meir snø- Kort sagt : eg likar ikkje vinter, men vakkert er det.

fredag, desember 09, 2022

                                                              Bilda er tatt ca.14.55
 
Klokka er no 15.00. Temperaturen på målaren på trappa viser minus 9, på PC-en står det  minus 13 grader C. Kaldt er det i alle fall- og eg hatar kulden. Likevel må eg innrømme at det er vakkert ute no. Og det er ikkje vanleg med slik kulde før jul. No får vi berre vone at vi ikkje får det kaldt så lenge. 

Eg strevar med å halde varmen. Varmepumpa er ikkje effektiv i denne kulden, i alle fall ikkje mi. Og av ein eller annan grunn sluker vedomnen kubbane på rekordtid. Eg er glad i å ha det varmt og godt, men det er vanskeleg no. Ikkje har eg arbeid heller som gjer at eg får opp tempen. I dag har eg tatt fredagsvasken og så har eg vaska ei maskin med klede, som eg har hengt opp i staden for å bruke tørketrommelen-Får spare på krafta der ein kan. Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, eg får ikkje gjort så mykje når eg må halde meg nær varmekjeldene, men strikke kan eg vel. No har eg begynt på den 6.og siste lese av det garnet eg kjøpte i Volda for 14 dagar sidan.

Eg har også lese Møre-Nytt og vippsa litt pengar til julegåver til flyktningane som vi har her, det er no det minste eg kan gjere. Mange bekker små.....

I dag kunne eg ha tatt ut bilen viss eg ville, men har ikkje lyst å sette meg inn i ein iskald bil. Får sjå i morgon, då må eg vel handle litt. 

Så kom eg på et det er fredag og då ønsker eg alle ei god(varm) helg.



torsdag, desember 08, 2022

Dagbok 2022: 8.desember


 Klokka  er no 16.13, temperaturen er minus 4 grader og no er det opplett. Det er i grunnen ganske fint ute , det er berre det at eg hatar kulde.

Eg hadde tenkt at eg skulle komme meg på trening i dag viss eg fekk ut bilen. Klokka 8 såg eg ut på tunet, men såg meg ikkje syn med å moke så mykje snø. I fjor vinter var eg fleire gonger ute og moka frå klokka 7 om morgonen. Det maktar eg ikkje no, så det går den vegen høna sparkar. Eg la meg inn att i senga og låg til klokka var 9, eg sparte litt straum på det. Trur eg. Varmepumpa klarer ikkje på nokon måte å varme opp, så eg må supplere med ved i omnen.

Det viste seg at Marit hadde køyrt sjølv i dag og ikkje tatt Taxi. Ho kunne ikkje skofte for ho skulle på legesenteret også. Eg hadde no tilbod om å sitte på med henne-

Eg sette meg til å strikke og sjå TV, heilt til Marit kom att så eg fekk snakke med henne. Eg er så irritert på meg sjølv fordi eg ikkje får gjort noko til jul, og det eg gjer er ikkje så vellylkka. I dag laga eg ein bløtlkakebunn som såg fantastisk ut heil til den datt meir og mindre i hop. Til middag laga eg fiskesuppe, den vart ikkje mislykka, for det skal noko til. Marit og eg snakka om det i dag, det at vi ikkje greier det vi før har gjort. Det er vel noko som dei fleste gamle føler på.

I morgon er det fredag igjen, skulle ikkje tru at tida går så fort som ho gjer. Eg skulle ha vore fram på grava, men no er vel all pynten snødd nede. Det har ikkje kome noko særleg snø sidan Helge fresa, så viss det blir slik i morgon går det fint å ta ut bilen. Men eg må no ta fredagsvasken først.

Den var litt salt den suppa eg laga i dag så no drikk eg. Men så skal det bli  kaffi om ei lita stund. Og så blir det spøt og TV. Eg er godt i gang med enda ein lest.

onsdag, desember 07, 2022

Dagbok 2022: 7.desember

Klokka er no 15. 55, det er opplett og minus 2 grader ute på trappa. Bilda er tatt i 15-tida.

Eg var budd på at det kunne ha kome litt snø sist natt, men ikkje at det var så mykje. Eg trur det må ha kome opp til 30 cm i natt, men har ikkje målt.

Vart litt oppgitt då eg kom ut på tappa i dagmorgon, for dette såg eg meg ikkje syn med. Førre vinteren var det veldig mykje snø, men då var ikkje ryggen min  så dårleg som no, så då moka eg veldig mykje snø sjølv.

Eg hadde i alle fall vore så lur at eg hadde sett ein av spadane oppe på trappa. Dermed fekk eg laga meg ein liten veg bort til garasjen såpass eg fekk henta meg inn ved. Meir greidde eg ikkje då. Men så kom ein av naboane og sa at han skulle frese tunet til meg litt seinare på dag; det vart eg veldig glad for-

Marit og eg hadde så smått tenkt oss på eit arrangement på Kulturhuset, men det var det berre å gløyme. Pussig nok fann vi begge på, utan å ha avtalt det, at vi skulle bake julebrød. Begge hadde vi sukatposar med oppskrift. Eg følgde no oppskrifta så omlag, men heiv litt anis nedi også for moro skuld. Det vart to lange brød i former. Eg skal kjøpe ferdig julebrød for dei er veldig gode.

Elles så har eg no gått her og surra, fyrt i omnen, og strikka har eg også gjort. Men i dag måtte eg gjere noko eg aldri har gjort før. Eg måtte fjerne snø og tine is på to av bossdunkane. Det har aldri vore noko problem før, for dunkane plar stå heilt attåt veggen, det gjorde dei ikkje i dag-før eg flytta dei-

Til middag i dag vart det pannekaker med steikt bacon og blåbærsylte.  Så strikka eg ferdig og felte av lest nr.4 av 6.

Det ser ikkje ut til at det skal kome meir snø akkurat no. Kunne vi få ha det slik, så hadde det vore bra.

Viss det blir like fint i morgon tidleg, kan eg fare på tening.


tirsdag, desember 06, 2022

Dagbok 2022: 6.desember/ Nilsmesse , Nikolausdagen


 Klokka er ikkje meir enn15,05, og eg har nettopp tatt bilda frå gangdøra.
Det er alt begynt å mørkne litt, så ein må vere om seg skal ein få gjort noko før det blir mørkt.
I går var eg lei alt og alle, og var ikkje i humør. Slik kan det gå når ein går åleine i dagesvis utan å snakke med ei sjel. I går begynte eg å snakke med/til Kenwood-en.Så då var det no ekstra gale. 
Eg hadde ikkje lyst på trening i dag, og eg sov ikkje heilt godt sist natt, men eg sa til Marit at viss det vart føre til å køyre, skulle eg gjere  det.Eg såg litt lettare på livet i dag, så i staden for å ta på meg dei lillaraude treningskleda tok eg på meg Tiril-genseren og ei svart bukse. Og alle på treninga syntest eg var fin. Ja, når ein har gått nokre år med same kleda på trening, kan det vere greitt å variere litt. 
Det var kjekt å vere på trening, og etterpå skulle vi på ALTI, Marit hadde eit ærend dit. Då sa eg: "I dag kjøper vi kake og kaffi og sit under trappa". Marit var heilt samnd i det, og begge prøvde ein ny kakesort i dag, og begge vart fornøgde. Vi fekk også ein prat med ein som vi begge kjenner.
På heimvegen stoppa vi og handla på KIWI før vi køyrde heim. Har hadde det kome ein god del snø mens vi var vekke, så eg var ned i tilbygget og henta fram spadar og mokebrett. Eg synest ikkje det er lenge(nok) sidan vi sist moka tunet. Eg måtte ikkje moke i dag, og eg håper ikkje det legg seg snø med det første-

Eg syntest eg hadde hatt ein kjekk dag , så langt, så eg spanderte siste spekesildpakken til middag for å sette krona på verket.
No er klokka snart halv fire og eg trur ikkje det blir gjort så mykje meir fornuftig i dag. No skal eg sjå serien min på TV, og så skal eg drikke kaffi og strikke, eg held på med lest nr. 4 av 6.
I dag er det Nilsmesse eller Nikolausdagen. Nikolaus var biskop i Myra i Lilleasia. Han vart helgen etter sin død. Nicolaus vart dyrka i den katolske kyrkja-i vår tid er han forvandla til å vere Santa Claus -julenissen.



mandag, desember 05, 2022


                                                       Utsikt mot Mosmarka.i 18-tida


Klokka er no 17.55, temperaturen er så vidt +1 grad, og det har vore mørkt og vått i nesten heile dag. Eg er misfornøgd med vêret, regnet og temperaturen og eg er misfornød med straumprisane, krigen, influensaen, men mest er eg misførnøgd med meg sjølv, som ikkje får gjort noko fornuftig --------eller i det heile tatt- 

Eg er irritert på meg sjølv som ikkje  får gjort noko særleg i dei få timane det er lyst, eg føler på at eg ikkje får gjort noko til jul. Men eigentleg er det ikkje så mykje eg kan gjere- eller som må bli gjort.

Eg var ikkje så tidleg oppe i dag heller, men eg ville no bake litt. Først skulle eg lage nokre brytebrød , det gjekk i ein fart, men vart ikkje særleg vellykka. Men det vart ein stor oppvask-for hand- om ikkje anna. Etter at eg fekk tenkt meg litt om , ville eg lage ei kake;  eg fann oppskrifta og sjekka at eg hadde det eg trong og så følgde eg oppskrifta og kaka blei som den skulle vere. Men eg må ta igjen kaka når den skal serverast, for heilt ferdig er den ikkje.  ( det skal vere krem på)

Då var det tid for middag og eg leita fram ein frosen rest med bacalao som eg åt. Det var ikkje så velsmakande som det kunne ha vore, men eg hadde no laga den sjølv- ein gong. Eg har ein viss tendens til å fylle fryserane og gløyme å ta det att. 

Sidan det er mørkt nesten heile døgnet, blir det til at eg sit og strikkar ein god del. I dag felte eg av den tredje lesten, så skal eg berre strikke tre til -samme sorten, då blir det tre par, har eg rekna ut.

I morgon skal vi på trening viss vi er i form, og viss det er føre til å køyre på. Viss vi kjem oss nedover har eg ei lita hugse-liste med ting eg treng. Spanskkurset er avslutta for denne gong, men blir vel tatt opp att ut på våren. Fleire av kursdeltakarane skal til Spania i januar-etter slik eg forstod det

Eg er glad for at vi fekk dei fine milde dagane  før kulden kom, slik at eg fekk rydda i hagen. Dvs. eg fekk rydda i bedda etc. Men materialen ligg der som han låg.

 


søndag, desember 04, 2022

Dagbok 2022: 4.desember


 Klokka er no 18, temperaturmålaren på trappa står på minus 4, men på PC-en står det minus 8, eg veit ikkje kva som er rett, men kaldt er det i alle fall. Nydeleg ver er det også, sjølv om vi kkje får sjå sola anna enn i skyene.. 

Eg kom akkurat att frå ein tur på Fonnvernet, der eg tok mange bilde i dag. Så fint er det sjeldan vi har det i november.

Eg skal innrømme at eg er veldig frostig, så i dag låg eg i den varme gode senga mi til klokka var halv 10, så det vart ein kort dag.

Eg sat og strikka og såg TV etter at eg hadde fått eld i omnen, og temperaturen begynte å nærme seg det som eg vil ha. 

Etter ei stiund fann eg på at eg skulle lage ei kake, ei som eg har laga mange gonger før. DEt var vel derfor eg vart litt lettsindig og ikkje følgde oppskrifta så nøye. Resultatet var ikkje heilt som det skulle vere, men eg et den vel sjølv om ikkje andre vil ha. Når eg bakar blir det så mykje rot at eg tek oppvasken for hand med ein gong eg er ferdig, det gjorde eg i dag også. Så varma eg suppa som var att frå i går og åt den med flatbrød til. 

Brått begynte brannvarslaren å rope ut:" Brann!!!! Brann!!Det brenner! " Høgtalaren i stova ropte ut. Eg oppdaga at eg sat i tåka og fekk opp dører og glas i ein fart. Redd var eg ikkje for dette skjer ofte. I dag var det eit svartbrent flatbrød i brødristaren. Ein nabo som var ute i hagen kom springande og redda meg. Han tok ned brannvarslaren så det vart stilt, og så kom han att og sette den opp igjen. Det at vi har dette voldsomme systemet er Nils si skuld. Då han var sjuk vart han litt redd for at eg ikkje skulle høyre verken dørklokka, telefonen og anna, derfor kom dei frå Hjelpemiddel- sentralen og la opp eit heilt system som eg sjølvsagt har framleis. Røykvarslaren brukar å reagere viss eg brunar saus t.d.

Men det er no godt å merke at naboane reagerer , slik at eg kan bli redda om det skulle vere aktuelt.

Etter alt styret gjekk eg ein runde på Vernet og kosa meg id et fine veret. No skal det visst bli mildare og dpå vonar eg at temperaturen syter for at vi ikkje får snø. Det er betre med regn, for det slepp vi å moke. Denne dagen har gått veldig fort, men no skal eg lage meg kaffi og kose meg med TV og strikketøy.

I dag var det is på "bassenget" mellom dei to vegane, eg såg ungar som leika seg på isen.



Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...