onsdag, desember 14, 2022

Dagbok 2022: 14. desember


 Klokka er no 21.13, temperaturen ute er  minus 4grader og snøen lavar ned. Det er heilt greitt det, dersom ein ikkje måtte moke den." Snøen slutter" står det på maskina mi- og det håper eg inderleg, for i morgon er det trening igjen.

I dag har eg styrt med ymse husarbeid, og så koka eg meg risgraut til middag. Deretter vart det strikketøy og TV, til Solveig kom før klokka 18  Vi sat og prata ei stund, til det var på tide å fare til Volda. Solveig hadde med seg ymse lestegarn , så no slepp eg å bli lens igjen. Eg strikkar gjerne lestar, så lenge nokon vil ha dei-

Eg skulle til sjukehuset i Volda og ta MR klokka 20, Solveig var her for å køyre meg bort, og vere med meg. Det er kjekt å ha nokon med seg i slike høve. Eg har tatt MR før, for mange år sidan i Ålesund, så eg visste litt kva eg gjekk til. Det gjekk heilt fint, eg slappa godt av der eg låg og hadde det varmt og godt. Solveig er no på veg heim att i snødrevet, håper det går bra, det er vel bert inne i tunnelen i alle fall. Eg likar ikkje at det snøar, men eg trur kulden er verre. No skal eg ha meg mat i alle fall.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. kvit jul er det i alle fall...