søndag, november 30, 2014

Bok nr.77 -78 - 2014: Harpesang

Et musikalsk undergrunnsmiljø, et himmelrom av sang

Det er himmelsk sang plateprodusenten Jim Gystad en bakrusmorgen får høre i Vinger kirke. Stemmene fra benkeraden bak ham formelig løfter ham inn i evigheten, bort fra den trauste liksombluesen som han til daglig prøver å puste liv i. Og for første gang på lenge slipper meningsløsheten taket.
Det er De Syngende Søsken Thorsen som befinner seg i forsamlingen. I forgangne år har de turnert USA og solgt hundretusenvis av plater, singler med titler som "Det er mitt kors å bære" og "Tretti sølvpenger oppå vår Faders bibel". De fant alle tre kjærligheten. De mistet den. Og de opptrer ikke mer.
Etter dette er Jims liv egentlig bare fylt av én ting: Han vil vekke sangen til live hos De Syngende Søsknene Thorsen. Han blir satt på de vanskeligste prøver.
Og det vanskeligste av alt: å bringe kjærligheten tilbake i livet deres igjen.
"Varig gåsehud ... et aldeles herlig romanprosjekt."Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad
"Starten av denne boka er det mest medrivende jeg har lest av Levi Henriksen siden de første novellesamlingene. Han mytologiserer de mest lurvete miljøene i Kongsvinger-traktene, gjør dem like mystisk betagende som hans skittenrealistiske amerikanske forbilder har gjort overfor sine hjemtrakter ... «Harpesang» er en historie om identitet og forener miljøer Levi Henriksen kjenner godt. Hjemtraktene i Kongsvinger, den sterke kristne subkulturen, amerikansk rock., norsk platebransje - han skriver godt om alle."Ole Jacob Hoel, Adresseavisen
"Sterk sang fra bedehusland ... om falskneri, familiekonflikter og gammel kjærlighet. Avslutningen kom overraskende på meg, og da jeg lukket boken, tenkte jeg: Det var akkurat slik det skulle være."Brynjulf Jung Tjønn, VG

................................................................
Eg veit ikkje anna måte å seie det på: Eg elskar Levi Henriksen!
Eg meiner ikkje berre bøkene hans, men stemma hans når han les, og tankane som han deler med lesaren.
Historia i denne boka er så enkel at den kunne vore saksa frå eit ukeblad, men banal er den likevel ikkje. Levi Henriksen skriv alltid om menneske som lever meir eller mindre utanfor fellesskapet, såkalla outsiderar. Folk som ofte blir sett ned på av ander av ein eller annan grunn. Men han skildrar desse, ofte enkle, menneska med kjærleik og respekt -og møter dei der dei er. Sjølv er Levi oppvaksen med fellesskapet i pinsekyrkja, noko som kjem fram i skildringane i denne boka, her er mange bibelsitat. Litt artig å høyre denne boka i "salmehelga" for den handlar mykje om song og musikk, sidan tre av hovudpersonane er songarar i "pinse-tradisjonen". Ikkje direkte høgkyrkjeleg, meir a la danseband. Vi får høyre ein av songane på lydboka -og eg kjem aldri til å gløyme den. "Jeg vil fly.........til den himmelske by".
Mi beste anbefaling: Les boka, dvs. høyr lydbokversjonen. Eg blei i alle fall rørt.(Eg har lyst å lese boka ein gong til, med det same).
Somme gonger når eg les bøker, tenkjer eg: FOR ein film dette kunne bli! Det gjorde eg denne gongen. Men det er ikkje lett, for teksten balanserer hårfint mellom det tragiske og det komiske.

Dagbok 2014: 30.november= 1.sundag i advent.

Klokka er 18.30, temperaturen ute er ca +4 grader, det er bekmørkt og det regnar litt.
Før middag var eg relativt aktiv, eg baka ein porsjon(stor) med havremakronar, og så strauk eg julegardinene til kjøkkenet og hengde dei opp. Mens eg var i gang fekk eg stroke sengkleda som eg berga inn før regnet kom og litt av kvart anna. Nils hengde opp diverse pynt inne og ute, så no er det i alle fall LITT pynta her. Eg er ikkje så veldig flink med den pyntinga. 
Innimellom var det salmesong og sport alt ettersom. Må innrømme at eg er lei all salmesongen. Eg forstår at dei må synge på den måten dei gjer, sidan dei skal synge i lag med kyrkjelyden, men eg synest det blir kjedelig i lengda.
Ein højdare i går var "Just a closer walk with thee"- trur det var same musikarane som spelte på langfredagsgudstenesta frå Trondheim. Den som var på TV. I dag såg eg fram til "Morning has broken", som er ein av favorittane mine. Men så song dei den på norsk, og særleg spennande vart det heller ikkje. Det eg saknar er sagt med eitt ord: TRØKK.
Innimellom strikkar eg og les i Levi Henriksens "Harpesang"-det skulle matche bra.Eg har hevda på FB at der er for mange salmar i den nye salmeboka, og for mange GAMLE salmar, så no får eg vel heile "Salme-Norge" imot meg.
For morgondagen har eg ingen planar, men eg har nok å styre med om eg har lyst og krefter til det. Dagane er så korte, og eg saknar sola og lyset.
Ønsker alle ei god adventstid.

lørdag, november 29, 2014

Dagbok 2014: 29.november

Klokka er snart 17.00, temperaturen ute er  + 3-4 grader C. Det har vore overskya opphaldsvêr i dag også, og då vi kom over på andre sida av fjorden i dag, såg vi at det er mykje snø i Skåla og på Saudehornet, det ser vi ikkje herifrå.
Nils står i kjellaren og fileterer fisk. Eg har sett på Salmeprogrammet for første gong, og trur det er like greitt, for no er det mange utanlandske songar og salmar, nokre kjende, andre ikkje.Eg strikkar mens eg høyrer og ser, men trur eg snart koplar over på lydbok og "Harpesang".
Vi har ikkje pynta så mykje enno, men eg har ei svineribbe i omnen, så litt julestemning er det i huset. Kjøpte ei som var ferdig salta og krydra. Då eg pakka den ut, såg eg at den var frå Tyskland. Kanskje frå grisefarmen attmed den campingplassen i Hamburg vi frekventerte ein gong for lenge sidan ?I morgon får vi ta pynten ned frå loftet og shine opp litt.
Var ikkje tidlig oppe i dag heller, men i dag hadde eg god unnskyldning for å ligge lenge, somna ikkje før i 5-tida sist natt. Ikkje at det er nokon katastrofe.
Vi var ein tur til Vik i dag, kjøpte litt julegåver, men ein må vere litt budd før ein handlar, elles klarer ein aldri å bestemme seg. Det er mykje fint å få kjøpt, men dei fleste av oss har så altfor rikeleg av det meste frå før. Og så er det så irriterande å tenke på at det meste kjem på sal FØR jul.
Det er alltid mange tilreisande på Amfi om laurdagane, men i dag var der ekstra fullt. Eg hadde tenkt at vi skulle fått handla i går, men då tok fiskeriet lengre tid enn eg hadde venta.
Komande tysdag skal eg til frisør. På onsdag er det julebord i pensjonistlaget, og torsdag skal vi til Fosnavågen på konsert i det nye kulturhuset, i lag med pensjonistlaget. Det er meir aktivitet enn vi er vane med. Etterpå blir det å skrive avisreferat, går eg ut frå.
Eg har ikkje kjøpt meg nye klede til jul i år, det er kanskje litt dumt, men eg har eit skap fullt av "besteklede"- så eg får bruke det eg har.

fredag, november 28, 2014

Dagbok 2014: 28.november

Klokka er 17.15. Temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore overskya opphaldsvêr i heile dag. Ganske fint, men ikkje heilt lyst, liksom. Nils reiste på sjøen i 8-tida for å drage liner. Eg trudde ikkje at han vart så lenge, så eg tenkte vi kunne ta ein tur nedover i løpet av dagen. Slik vart det ikkje. Klokka var over 12 før han var heime, så skulle han sløye fisken, og så skulle vi ha mat. I dag vart det pizza frå frysaren, for han hadde ikkje fiska sei langsmed.
Og då vi hadde ete, vart vi så sigande trøtte. Eg er forresten veldig trøtt for tida, trur det har med årstida og manglande lys å gjere. Eg søv i alle fall nok.
Her er verken snø eller rim på marka no lenger, men i fjella borte i Dalsfjorden er det snø, det kan de sjå på bildet over. Fjella her omkring har berre eit lite "melisdryss".
Mens Nils var vekke bytte eg på sengane, vaska golvet på soverommet og vaska sengkleda i maskina.Det er ikkje noko storarbeid akkurat, men godt alt som er gjort. Neste veke har eg mykje på programmet-og det er ikkje husarbeid akkurat.
I dag har eg hatt plage med venstre auge. Det har eg hatt mange gonger før, trur det har med musklar å gjere, så eg håper det kjem seg denne gongen også. Eg får prøve å vere litt mindre på data.

Nils har mange kattevennar, men Chat Noir er den mest trufaste. Han sit på dørmatta når vi står opp om morgonen. Og han får fisk kvar dag!
Lollo er katten til Marit som bur rett over vegen, ho er her også ofte, og ho likar også fisk. Fiskefangsten i lag vart blålange, kvitlange og brosme, så no har vi nok av denne sorten til over jul.



torsdag, november 27, 2014

Dagbok 2014: 27.november

Klokka er ca 19.45. Temperaturen ute har no gått ned til +3 grader,  det har vore ganske fint i dag også, men overskya.
Vi er ikkje oppe i gryotta for tida, men eg fekk no både vaska golva og meg sjølv før eg skulle møte opp hos tannlegen klokka 12.30. I dag fekk Nils gå først inn, for han skulle bort på bilbutikken etterpå.
Det var null hull  denne gongen også
Vi hadde ingen ærend så vi for beint heim og åt litt lunsj. Nils hadde nemlig gjort klart for å legge ut liner. Eg likar ikkje så godt at han fer ut på sjøen åleine , men det var ingen av kameratane som hadde høve til å vere med ut i dag.
Mens han var vekke, fekk eg støvsuga til helga, slik at eg har dagen "fri" i morgon, men Nils må jo ut og drage linene. Det er siste linefisket på denne sida av jul. Eg veit ikkje kva eg skal ta fatt i, det blir ikkje baking i alle fall. Det er stort sett det einaste arbeidet eg slett ikkje likar. Og småkaker er det ingen vits å lage, det er ingen som et dei uansett. Det einaste kan vere mamma sine havremakronar, dei står seg godt og er heilårskaker.
Viss Nils kjem heim i rimelig tid, kan det bli ei handlerunde.
No har eg lese ut Lahlum si siste bok (hittil) -og gler meg til "Harpesang". Dessutan har eg tre bøker av Fay Weldon liggande. Det er ein serie a la Downton Abbey. Men då må eg sitte i ro og lese på papir, og det har eg ikkje så mykje trott til no når eg er blitt så vant til lydbøker.

Bok nr.76 - 2014: Maurtuemordene


Lahlums kriminelle resept
En seriemorder går løs i Oslo på begynnelsen av 70-tallet. Unge kvinner blir funnet kvalt på ulike steder. Ved siden av likene er et bilde av en maur plassert.
Som vanlig er psykologi og etterforskning i sentrum når Kolbjørn K2 Kristiansen blir satt på sin hardeste prøve. Hans Olav Lahlum spiller intrikat litterær sjakk der andre forfattere tyr til blodsprengt action og fråtsing i spekulative grusomheter, og som i vanlig sjakk er analysen viktig. Hvem kan ha hvilke motiver, og hvem har alibier? Men er det nok denne gang? Kan K2 og rådgiver Patricia stå overfor en morder som dreper for spenningens og oppmerksomhetens skyld? I så fall kan Maurtuemordene by på en helt ny kriminell resept fra mister Lahlums tastatur.
I morderens hode
Hedda Halvorsen, student på Menighetsfakultetet, blir funnet kvalt en høstmørk kveld på Røa. Ingen vitner, ingen spor, til og med Patricia er nødt til å gi tapt når bildet av en maur ved siden av liket er det eneste sporet.

To dager senere skjer et nytt drap, jazzsangerinnen Lisa Elea, fast inventar på syttitallets Club7, blir funnet kvalt. Igjen er bildet av mauren på plass. K2 leter møysommelig etter noe annet de to drepte kan ha til felles, og til slutt, etter å ha gjennomført avhør etter avhør og daglige konsultasjoner med Patricia, er han på sporet. Så blir en kvinne fra et helt annet miljø i Oslo funnet kvalt med en identisk maur ved siden av seg.


Innerste tanker
Lahlum lar oss gå inn i seriemorderens innerste kursive tanker, lar morderen så å si tenke høyt i enkelte kapitler, uten at det leder oss nærmere den mistenkte eller gir oss en dypere forståelse for hvorfor morderen gjør det han gjør. Et nytt, intrikat sjakktrekk av Lahlum, som bidrar til å gjøre dette til ”en psykologisk thriller”. Men selv om du blir kjent med et komplett ubegripelig sinn, er du fortsatt sjakk matt og nødt til å lese videre med 70-tallets tidskoloritt flimrende over netthinnen, hele tiden på desperat jakt etter den skyldige.

Både leser og løser
Vil du ha en bok der du både leser og løser, er dette midt i blinken. Alle steiner blir snudd trill rundt, brikke etter brikke legges på plass i en sjarmerende, dog noe gammelmodig stil og svært dannet tone. I tillegg er det ambivalente kjærlighetslivet til K2 en knallrød tråd. Forlovelsen med Miriam fra forrige bok er brutt, og nye muligheter åpner seg når Patricia viser seg å være i besittelse av følelser. Det innebærer at K2 må holde sengetøyet sitt rent, men om han får bruk for det er en annen sak. For Lahlum fornekter seg selvfølgelig ikke. Han holder deg på pinebenken, også når det gjelder K2s kjærlighetsforhold. Men fortvil ikke, selvsagt blir du belønnet til slutt. Når Maurtuemordene er lest og løst, har du svaret – og resepten – på både forbrytelser og kjærlighet.

.................................................................
Eg har limt inn ein såpass lang omtale frå nettet, så det eg har å tilføye er mi personlige meining.
1. Lahlum skriv godt. Han tilbakedaterer språket sitt til ca 1970, og det verkar svært autentisk.Eg synest det er litt artig. Sjølve krimsjangeren hans er også litt "gammalmodig", eller i gammal stil.
2. Boka er veldig ryddig på den måten at her er få personar og enkel handling. Derfor egner boka seg for lydbok.
3. Nils Nordberg les godt, roleg og tydelig utan skrik og skrål og tilgjorte stemmer. Behagelig å høyre på.
4. Boka er ikkje spennande, men eg har lese den på ganske kort tid, så der må vere eit "driv" i den likevel. Boka er på 11 CD-plater 

onsdag, november 26, 2014

Dagbok 2014: 26.november

Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 6  grader C, og det har vore ein fin, lettskya dag.
Det første som skjedde i dag, var at Nils fekk ein telefon frå Rjåneshamna om at han hadde lagt båten sin på feil stad i hamna. Det var for så vidt rett, sidan han hadde tatt Matias sin plass då han tok båten på land. Matias var sjølvsagt orientert. Men så hadde Nils altså lagt båten på plassen ved sidan av, den som ein mann frå Volda åtte. Nils fekk namnet på mannen, og ringde til han og beklaga. Mannen skulle ikkje ha ut båten sin no, så båten vår kunne berre ligge der den låg, men då måtte vi betale 2000 kr til han,Voldingen. (Vi betaler alt for ein plass i hamna). Så måtte Nils ut og flytte båten, no tilbake på vår eigen plass, så no kan vi ikkje sjå den på Web cam.
Eg kunne ikkje vere med, for eg var alt i gang med å bake og koke på kjøkkenet. Hadde ein diger oppvask til slutt, så kjøkkenet måtte shinast også.
I morgon blir det nok ikkje gjort så mykje, for då er det tannlegedag. Vi får kome i lag -det er praktisk. Som regel tek det ikkje lang tid med nokon av oss.
I dag måtte vi smake på ei av dei nye spekepølsene vi kjøpte i går; vi valde ELG. Og så koka eg risgraut. Det er heilt greitt. Men det blir litt røykelaks til kvelds - for å stette behovet for saltmat.
Elles så driv eg og ni-les  Lahlum si siste bok, for å bli ferdig så eg kan lese "Harpesang" av Levi Hendriksen. Eg les og strikkar- det var nokon som ønsker seg lestar i år også, og så har eg nokre par på lager,då.
Eg stressar ikkje når det gjeld jul, men har likevel ein del ting eg MÅ gjere.
I kveld skal eg sjå SY-programmet  på TV, eit artig konsept. Sjølv kan eg ikkje sy, så eg blir ikkje så stressa som eg har høyrt at andre blir av programmet.

tirsdag, november 25, 2014

Dagbok 2014: 25.november

Klokka er18.15, temperaturen er+ 4 grader ute. Det pøsregna før middag, men så letta det gradvis opp.
Før middag vart eg sittande å rippe bok og strikke ei heil stund, det vart ikkje gjort så mykje anna. Men så kan ein spørje:" Kor mykje skal ein gjere når ein nærmar seg 75?" Kanskje ein kan late seg med godt samvit då?
I alle fall tok vi oss litt mat, vi kallar det lunsj for at det skal høyrast fint ut, før vi tok oss ein handlerunde.Første var vi innom biblio og leverte ei bok, og så fekk eg låne første boka i ein serie; Margrete hadde med dei to andre i går.
Eg hadde eit ærend til Volda, og på vegen bort, stakk eg innom Tilseth og der fekk eg endelig tak i tulipanløkar, og det til halv pris. Det var rett nok av ein lav sort, men eg har slike frå før, så det går bra. I Volda kjøpte eg litt garn.
På Amfi var det ein pølseseljar i dag. Vi kjøpte tre store pølser, men vi kan godt få spekepølser i julegåve likevel, for her går det unna. Har vi poteter att frå middag, kan vi ete litt pølse til kvelds, eller vi kokar graut og har spekepølser ved sidan av.
Og så handla vi diverse matvarer på Coop. Har kjøpt inn så eg kan bake litt til jul i år også. Småkaker blir det lite av, for det blir aldri ete likevel.
Gjer ikkje så mykje til jul, det meste er å få kjøpt, og vi er ikkje selskapsfolk.
Nils kokte brosme til middag, og vi er nettopp ferdige med å ete. Nils ser Dagsnytt 18-og eg skal strikkke på lesten min.

mandag, november 24, 2014

Dagbok 2014: 24.november

Klokka er ca 18.30, det er + 4 grader ute, det er regn og bekmørkt.
I dag fyller Erlend 11 år, men har feira dagen på førehand, minst to gonger.
Han er den yngste av dei 8 eg er mormor til. Vi ønsker den kjekke karen til lykke med dagen!
Erlends første dag 24.nov.2003.
Første gong på morfar sitt fang.
 Erlends første besøk i Starevegen 19.desember 2003
Bilda er tatt i "gamle dagar", den tida ein ikkje hadde flust opp med digitale kamera og mobilar.Då ein leverte filmen hos fotografen og fekk att bilde i papir. Mykje endrar seg på 11 år.


Dagen i dag har ikkje bydd på dei store utfordringane i pensjonistheimen. Før middag berga eg inn nokre klede som hang ute, under tak, som aldri blei skikkelig tørre. Eg strauk dei litt sidan eg hadde strykejernet framme.Måtte tenke på farmora mi, ho strauk absolutt alt, trur eg. 
Har så smått begynt å pynte til advent, la på lilla løperar etc. Og alt må strykast. Resten får vente til helga. Julebaksten har eg utsett på ubestemt tid. Har ikkje ete opp det eg baka i fjor enno. Det er berre å sjå i augene: Småkaker er ikkje populært her i heimen.
Sidan Margrete skulle kome innom i kaffitida i dag, fann eg fram ei rund formkake som eg laga til jul i fjor, og hadde sjokoladeglasur på. Då hadde vi kaffimat,den var god, og Margrete fekk med seg resten heim.
Elles har eg lese ut boka mi, strikka litt, og vaska fleire maskiner med klede, som eg no tørkar i trommelen. "Arbeidet" er å legge i hop og bere på plass.
Slik går no dagane.

Bok nr.75 - 2014: Syklubber

Syklubbens historie:
På slutten av 1800-talet blei det fleire stader i landet danna dameforeiningar i regi av Norske Kvinners Sanitetsforening. Dei skulle sy sengklede og bandasjar til lasaretta i tilfelle det vart krig mot svenskane. (Krig mot svenskane vart det rett nok ikkje, men det var nære på i 1905.)

Dette vart opptakta til tallause syklubbar rundt omkring i landet. Syinga har det etter kvart vorte mindre av, men kvinnefellesskapet består.
Til å begyne med jobba desse syklubbane for veldedige formål her i landet, og for misjonen i andre land. Pengane dei tente på basarar o.l. gjekk til å hjelpe andre.
I dei moderne "syklubbane" sparer dei gjerne pengar til reiser, opplevingar m.m. for seg sjølve og ev.ektemake.

Vi vann denne boka på revmatikarbasaren sist laurdag, og eg har lese nesten heile.
Det er interessant stoff -ein del av historia, dette også.
Og revmatikarkvinnene sit i alle fall ikkje med hendene i fanget på møta sine, det viser den store mengda av handarbeid som vart utlodda.

Boka handlar også om kva som var vanleg mat å ha på møta, frå krigens dagar, då dei kom med kvar sin matpakke på møta, og fram til i dag. Her er mange oppskrifter også.

søndag, november 23, 2014

Bok nr.74 -2014: Konge i snø


Faren vil at hun skal bli med på en reise til hjembyen hans i Sachsen. Det er få år etter Berlin-murens fall. Hun er forfatter, har mann og to små barn, og vegrer seg. Turen hun til slutt sier ja til, blir en reise inn i farens historie. Han ble døpt i Tyskland i tiden mellom de to verdenskrigene, vokste opp med vennen Heinrich som dro til Østfronten, og ble med foreldrene til Norge der han giftet seg. Det ble et ekteskap mellom to svært ulike mennesker som gjorde hverandre vondt.
Midt imellom dem sto romanens hovedperson, hun er et enebarn i en stillingskrig. Når alt er for vanskelig hjemme, sendes hun til slektninger, men hun vil bare hjem igjen for å passe på moren og faren. Hun forsvinner inn i stormforelskelser så tidlig hun kan. Så begynner hun å skrive. Under reisen gjennom Tyskland åpner faren seg for henne på en måte hun ikke er forberedt på, og kanskje ikke klarer å besvare. Først mange år senere, når hun skriver om reisen, blir hun i stand til å finne seg selv igjen i faren.
.........................................................
Eg har lese mange erindringsbøker i seinare tid:
Cecilie Enger: Mors gaver

Helene Uri: Rydde ut
Anne B. Ragde: Jeg har et teppe i tusen farger
Tove Nilsen: Konge i snø


Mens dei tre første handlar mest om mødrene til forfattarane, har Tove Nilsen gjort faren til hovudperson.Hennar bok er kanskje også den av bøkene som eg meiner er mest fiksjon. Det kjem i alle fall ikkje tydelig fram at ho skriv om det som i røynda har hendt.
Eg likar slike bøker som dette, både fordi dei gjenskaper ei tid som er forbi, og fordi dei set i gang ein minneprosess i lesaren.
Tove Nilsen skriv godt, og boka egnar seg godt til å høyre som lydbok. Her er få personar å halde greie på. 
Margrete kjem om ei lita stund, då får ho boka med seg, og skal lese den. Derfor skriv eg minst mulig her og no. Boka er på 6 CD-plater.

Dagbok 2014: 23.november




Klokka er 14.10, temperaturen ute er + 6,6 grader C og det regnar. At det vart vêrbyte og vått kjende eg tydelig på "gikta" i går, og enda meir i dag. Nils ville ha seg ein trimtur, eg kunne ikkje vere med, dessutan er det ikkje mykje trim i å gå i lag med meg.
Eg har nokre 14 år gamle gardiner, som eg hadde på stova her i 10 år før eg kjøpte nye. No har eg gått over til å bruke dei nye om sommaren, men når det lid mot jul vil eg ha dei gamle, mykje fordi dei er så nøytrale. Då dei var nye var dei ecru-farga, og så lange at eg måtte ha ein 30 cm høg fald nede. Etter kvar vask har dei krympa og blitt lysare, no er dei nesten kvite, og hele falden er lagt ned. Enda når dei ikkje til golvet, slik dei gjorde i utgangspunktet.
I dag har eg stroke alle dei seks lengdene og hengt dei opp, og aldri har gardinene vore finare. Til tross for at dei er ganske tjukke og tette verkar det lysare i rommet enn med dei lette sommargardinene. Dette har eg styrt med mens Nils har gått tur og sett fotball. Men eg likar å stryke, for då kan eg ha lydbok på øyret.
No i pausen driv Nils og lagar middag. Han lagar lapskaus etter sin eigen smak, og det kan eg ikkje nekte han. Den blir som regel veldig god.
Måtte ta dukane inn frå snora og putte dei i trommelen, så får eg meir å stryke.
Det er mykje som skjer rundtomkring for tida, men vi likar oss godt heime når det er vått og mørkt ute.
Ingen har fått mål i kampen enno, så det spøker for både ekstraomgangar og det som verre er. For to år sidan var Nils og Hareidskarane på cup-finalen, Nils reiste til Oslo, frå Kongsberg, og vart vekke heile dagen og langt utover kvelden. Eg synest det er greitt å vite kven som vinn, resten er det ikkje nøye med.

lørdag, november 22, 2014

Dagbok 2014: 22. november

Klokka er 19.10. Temperaturen ute er MINUS 1,2 grader C og vi må erkjenne at vinteren er på veg.Det har vore fint vêr i dag også, og sola var så vidt innom ein snartur ca klokka 10.30, då eg tok desse bilda frå altanen.

I dag har vi vore på rek igjen. Kan ikkje sette seg til inne heile helga. Ikkje når det skjer så mykje. Vi er ikkje så hyra på å ta ut på kveldstid, men basar på Kulturhuset laurdag før middag er heller ikkje å forakte. Det er nesten som å vere på pensjonist-møte.
Vi fann oss plass ved eit bord med andre pensjonistar og kjøpte kake og kaffi. I staden for årar eller andre lodd, kjøpte Nils ein haug med tombolalodd, og det mangla ikkje på gevinstar.
Ei av pensjonistane ved bordet vårt, er over 90 år, men klar som blekk.Dessutan høyrer og ser ho godt. Ho har vore enke i mange år, heilt sidan eg hadde dottera som elev for 40 år sidan.(Ho var der også). Men sjølv om ho bur åleine lagar ho seg middag kvar dag, og det er ikkje snakk om Fjordland. Ho lagar all mat frå grunnen av!Så har ho noko å gjere den stunda. Og så et ho mykje fisk. Ikkje så gale å vere 90 når ein er så oppegåande.

Etter at vi hadde raska med oss eit heilt plastnett med gevinstar, var vi ein tur på Amfi og handla litt mat; det var ikkje så mykje vi trong. Også der trefte vi kjentfolk, så no har vi vore nok sosiale for i dag. Heime hadde vi fiskegrateng att frå torsdag, så det gjekk fort å lage middag. Og så vart det kaffi og avslapping.
Nils har prøvd å ringe bror sin fleire gongar utan å få svar, han fyller nemlig 73 år i dag. Vi gratulerer!

Det er dårlig klestørk i kulden, men det blir vel ei råd.
Under ser de gevinstane. Boka "Syklubben" inneheld også matoppskrifter. Sying er ikkje eine av hobbyane mine. Lengst til venstre på bildet ligg to pakkar med lefser som medlemmer i revmatikarlaget har baka, dei har vi kjøpt, ikkje vunne.
No skal vi snart sjå programmet "Då KORK kom til bygda". Det er frå Ørsta. Og vi får sjå vesle Eirik dirigere orkesteret. Eirik er ein habil pianist på 9 år. Far hans er ein av mine tidlegare kollegaer, no jobbar han som kateket.

fredag, november 21, 2014

Dagbok 2014: 21.november.

Klokka er 19.00, temperaturen er 0 grader C og det har vore ein ny strålande dag, med skyfri himmel.
I dag hadde vi ikkje plikter i heimen, så vi tok oss ein tur nedover. Var innom Ørsta Torg og kika på julebutikken, der det vert selt handarbeid av ymse slag. Der var mykje fint, men det vart ikkje kjøpt noko i dag. Det var patchwork, hekla og strikka ting og keramikk, mellom anna.
Nils har eit par år snakka om å kjøpe seg ein frakk, og i dag var det høveleg vêr til det. Han handla på Dressmann. Desse frakkane er så korte at dei minner om losjakker. Det var vel derfor naboen henta fram ei høvelig hue, som han fekk låne.
Eg hadde ærend på biblioteket og på apoteket, og så handla vi litt mat på Kiwi på heimvegen.
I staden for å gå på kafe laga eg kinamat sjølv i dag. Det gjorde eg veldig lettvint: Bruna kjøttdeig, woka ein pose grønsaker og blanda i ei glas med "Uncle Ben`s sweet and sour". Koka ris i mikrobølgeomnen. Fort gjort og godt!
Heile ettermiddagen har eg site og rippa bøker inn på maskina, strikka på ein lest og lese ferdig boka mi. No er det visst på tide å vere litt sosial.

Nils hadde hatt lyst å reise til Runde på sundag, då der skal vere eit program om størjefiske i "gamle" dagar, og folk som har vore med på det er oppmoda om å kome. Nils var med på størjefiske på 50-og 60-talet så han er i målgruppa. Dessverre kolliderer det med cup-finalen, og fotballen har første prioritet.
Eg ønsker alle ei god helg!

Bok nr.73 -2014: Amandas gåte


Amanda Martín er en selvstendig, lynskarp, men også egenrådig og sta tenåring. Hun vokser opp i San Francisco, de frisinnede og annerledestenkendes hovedstad. Her driver moren Indiana en populær aromaterapi- og reiki-klinikk. Selv om mor og datter er ulike som natt og dag, er båndet mellom dem uslitelig.
Amandas far, førstebetjent Bob Martín, leder etterforskningen av flere morbide drap som har funnet sted i byen. På fritiden begynner Amanda selv å undersøke sakene, med hjelp fra sin elskede morfar og internettvenner fra hele verden. Da Indiana forsvinner sporløst, blir Amandas hobby med ett blodig alvor. Nå hviler det på hennes unge skuldre å redde morens liv.
..........................................................................................................
Eg brukar å like bøkene til Isabel Allende svært godt, men denne fall ikkje i smak hos meg. Eg har "falle ut" gong etter gong, spola tilbake og høyrt om att ørten gongar. Og det enda eg faktisk laga meg ei rolleliste etter å ha lese litt.
Det er ein slags krimroman, men ho sausar i hop så mykje, at ein til slutt knapt forstår kva ho vil med boka. Kva er bodskapen, liksom? Og så er her tusen digresjonar, noko eg heller ikkje er begeistra for.
Å begynne å forklare tekniske ting, midt i ein "spennande" situasjon- då er det bra amatørmessig. Kika så vidt innom nettet, ein anmeldar (truleg frå forlaget) hadde gitt boka terningkast 5, ein annan hadde gitt den 3.
No vil eg ikkje seie at boka er utan kvalitetar, men etter mi meining burde ho ha kutta ut mykje og bestemt seg for kva for ei historie ho ville satse på.Her er for mange ballar i lufta.

torsdag, november 20, 2014

Dagbok 2014: 20.november

Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 5 grader C og det regnar.
Hengde ut nokre dukar etc. i går som eg tenkte å stryke i dag, men det er utsett på ubestemt tid.
Før middag tok eg "fredagsvasken" i dag, så no er huset nokonlunde i orden. Vi åt lunsj midt på dag, og no er vi nettopp ferdige med middagen.
Laga fiskegrateng for andre gong på kort tid. I dag brukte eg ein spaghettirest i staden for makaroni, det funka ikkje fullt så bra, men godt blei det i alle fall. Hadde meir fisk i enn sist, så vi kokte poteter til, dermed åt vi opp berre halvparten og har ein middag til. Periodevis blir det mykje matlaging her i huset.
Elles vart det ein pause med lydbok og strikketøy, men eg kan ikkje strikke så mykje som eg har lyst til, på grunn av ryggen.
Det blei altså ikkje tur verken hit eller dit i dag heller, men i morgon blir vi kanskje fri?
No har eg i alle fall ein kopp kaffi som eg skal kose meg med. Nils har sett på TV-en, han plar sjå "Dagsnytt 18" nesten kvar dag.

onsdag, november 19, 2014

Dagbok 2014: 19.november

Vi har sola ei stund frå klokka 10 om morgonen, og så kjem den att i 14-tida i Os-skaret og er her i 10 minutt. Ikkje kvart år ein får gjere slike observasjonar.Å ta bilde rett mot sola utan filter, er omlag heilt håplaust-her er ikkje mørkt klokka 14.00 ! 

No er klokka 18.30. Temperaturen ute er ca +3 grader C,  vi har hatt ein fin dag. Og eg har vore inne heile dagen. Rett etter frokost sette Nils i gang med å filetere og male opp fisk, så eg fekk laga fiskekaker, som planlagt. Å lage fiskekaker har eg ei viss erfaring med, men det er ikkje det kjekkaste eg veit. Vi har ikkje smakt kakene enno, for Nils hadde lagt sei i saltvatn i går som vi kokte i dag. Eg et aldri fiskekaker når eg står midt opp i steikinga, då har eg ikkje lyst på. Vi får håpe dei smakar bra.
Etter at eg var ferdig med fiskekakene, rydda eg og shina opp kjøkkenet etc.
Elles har eg ikkje gjort så mykje anna i dag, har hatt ein klesvask å henge ut, og ein å ta inn. Så har eg lese litt og strikka litt. Og dagen er over før ein veit ordet av det, men så er jo dagane ganske korte no for tida.
Vi åt kokt småsei til middag, og det smakte godt.
Eg har ikkje tenkt så mykje på jula enno, men på butikkane har det vore "julestemning" lenge. Bildet under tok eg med den nye mobilen på Lefdal sist mandag, dei som ser godt har vel observert juletreet.


tirsdag, november 18, 2014

Dagbok 2014: 18.november

Klokka er ca 19.30, temperaturen er + 2,8 grader C og vi har hatt ein fin, lettskya dag. Sola har vore på korte besøk i dag også.
No har vi nettopp sendt i frå oss Einar, han skulle til Volda. Han åt sein middag i lag med oss. Eg hadde nokre kjøttkaker i frysaren som eg fekk brukt. Dei var ikkje så gode som dei Solveig plar lage, så der har eg også eit forbetringspotensial.
Nils for på sjøen i dag tidleg, i lag med Kjell. Han kom att med store seiar og ein stor lyr, så no blir det vel å lage fiskekaker i morgon. Litt gale å bruke desse fine dagane til å styre med slikt, men begynner eg tidlig, blir eg tidlig ferdig.
Mens Nils var vekke slo eg meg på brødbaking, seks store brød vart det i dag. Innimellom strikka eg og høyrde lydbok. Eg er ikkje like flittig og effektiv kvar dag.No les eg "Amandas gåte" av Isabell Allende. Eg har i alle fall lært litt nytt; namnet Amanda er ikkje latinsk, som eg trudde, men sanskrit. Namnet tyder:
Den som må elskes.
Hadde eg hatt noko å gjere i hagen i dag, hadde eg vel gått ut,
men no er alt klart for vinteren.Det hastar ikkje med snø og kulde for min del!

mandag, november 17, 2014

Dagbok 2014: 17.november.

Bildet over er tatt frå trappa vår i dag klokka 13.15. Ein time seinare kom sola att for å vere her ei lita stund, og så kom ho att enda ein gong seint på ettermiddagen. Det er ikkje ofte vi får registrere nøye korleis solforholda er i november månad. 

No er klokka snart 18.30, temperaturen ute er +1,6 grader C. Det har vore ein nydelig dag, men eg har likevel ikkje vore så mykje ute. Nils gjekk ein liten tur no i kveldinga.
Etter at eg hadde rydda litt i huset var vi på ein butikkrunde før middag. Eg er heilt "invalid" i ryggen med det same eg står opp, men etter ei stund blir eg betre.
Vi var bort til Lefdal med mobilen min, den ville nemlig ikkje ta fleire bilde, og verken vi, døtrene eller barnebarna fekk den i gang igjen. Hos Lefdal fekk vi god sørvis, men heller ikkje der fekk dei telefonen til å virke igjen. Eg skulle få ein ny, men det gjekk eit par dagar før dei var på plass. Det galdt dei SVARTE. Vi spurde om dei ikkje hadde fleire att av dei raude som dei nyss hadde fått inn, og det hadde dei. Så no har Nils og eg heilt like telefonar. Eg har klistra namnelappe på min, så det går bra.
Vi var innom Plantasjen for å sjå om dei hadde fått inn att tulipanløkar, men der var det berre ca 1000 julenissar. Heller ikkje på Felleskjøpet hadde dei tulipanløk, men sidan vi var der hamstra vi toalettpapir og vaskepulver. Hadde tenkt oss innom Europris også, men det gad eg ikkje i dag.Vi får ikkje planta løk før blomkarsen er fjerna, og den blomstrar enno.
Vi var også innom Amfi og handla litt mat, det er alltid noko vi manglar.Og der møter vi alltid kjentfolk.
Etter to dagar med tung og kraftig mat, gjorde vi det lett i dag. Koka mandelpoteter og åt røykelaks med sennepssaus til. Ikkje verst det heller.
Blei fryktelig tørst etterpå, så no går det på usunt drikke med sukker etc. som står att frå laurdag.
Elles har eg gjort lite og ingen ting i dag. Har site ei stund med strikketøy og lydbok, men veit ikkje om det er så bra for ryggen. Og no har Nils sett på TV-en så då er det ikkje så godt å lese. Den fine novemberkaktusen på bildet, var det Solveig som kom med.På plantasjen hadde dei no julestjerner i enda fleire fargar enn før, mellom anna lys lilla. Eg kjøpte ikkje i dag, men plar kjøpe kvite.



søndag, november 16, 2014

Dagbok 2014: 16.november.

Klokka er 15.15. Ute er det nydelig vêr, men vi har ikkje sol så lenge om gongen lenger, ho er for det meste bak fjella. Til å vere november mnd. er det likevel heilt storveges. Temperaturen ute er no +5-6 grader C.
Vi har nettopp ete oss stappmette på restar frå i går; det som no er att blir godt å ta fram neste gong vi skal ha ballj. Nils har funne seg noko sport på TV, så eg skal finne fram lydboka mi.
Før middag køyrde vi bort til Hovdevatnet og gjekk ein passeleg liten tur opp på høgda og skreiv namna våre i boka. Betre med ein liten tur enn ingen tur! Eg hadde ikkje fotoapparat med, så NIls tok bilde av Hovdevatnet med mobilen. Det var litt mørkt der borte akkurat då, men vatnet låg så stille og blankt som eit speil. Hus og fjell spegla seg.

lørdag, november 15, 2014

Dagbok 2014: 15.november.

Nils og døtrene, Solveig og Margrete.

Nils og Erlend. Erlend fyller også år i november, så vi feira han også i dag.Han blir 11 år.

Audun, Eirik, Erlend og Nils.

Olaug, Nils og Amanda.
Klokka er snart 19.30, temperaturen er + 6 grader C og det har vore ganske fint vêr i dag også.
Eg brukte det meste av føremiddagen til å lage i stand til selskapet. Gjestane kom i 13-tida, og då var vi klar til å ete middag. Vi må begynne litt tidlig om vi skal få tid til både middag og kaffi.
Menyen er den samme kvart år når vi feirer Nils: pinnekjøt, pølser etc. I dag hadde vi ikkje dessert, men kakebord ei stund etter middagen. Og som vanlig laga eg til rikelig. Vi vart ikkje så mange som eg trudde, eg hadde gløymt at Øystein var i Oslo, og Einar kom først seinare, derfor er han ikkje med på bilda.
No har vi rydda og vaska opp, så blir det vel å benke seg framfor TV-apparatet.

fredag, november 14, 2014

Dagbok 2014: 14.november


Klokka er ca 17.45, temperaturen + 9 grader og det har vore opplett i heile dag. Men lite sol.
Somme gonger har det vore snø på Nils sin fødselsdag, andre gonger berrfrost, men dei siste åra har det vore nokså mildt.
Men aldri har vi klipt plen den 14.november. Ikkje før i dag.
I dag fekk Nils klipt skråninga nede i hagen, og i same slengen rydda han jordbæråkeren. Eg heldt til på kjøkkenet det meste av tida. Litt seinare byttest vi om å klippe plenane opp mot vegen. Eg reinsa litt ugras også, så no har vi berre ein jobb att: å klippe toppen på epletreet. Vi likar å rydde fint opp om hausten, så slepp vi å starte våren med mykje rot.
Til middag i dag steikte eg mykje god sei, og det vart litt av eit måltid! Til kaffi fann eg ein rest av ei eplekake. I morgon blir det familieselskap med mykje god mat, om alt går etter planen. Ikkje så ofte vi får samla så mange på ein gong.
Eg vil ønske alle ei god helg.

Bok nr. 72 - 2o14: Innsirkling 3

Med «Innsirkling 3» er eit storverk i norsk litteratur fullført. Nominert til Bokhandlerprisen 2014!
Marius skal gifte seg med Julie, men set alt på spel. Han sender eit brev til David, som har mista hukommelsen, der han avslører ei hending som har fått store konsekvensar for dei begge. Davids ekskjærast Susanne kjenner seg svikta av David, og tar eit oppgjer med han og si eiga fortid i brevs form. I denne boka møter vi også David sjølv, nokre sommardagar i 2006 og på kontoret til psykiateren han går til.
I tre bøker har Carl Frode Tiller sirkla inn ein mann som ikkje veit kven han er, og dei som har skrive til han. Gjennom ei rekke røntgenblikk på det psykologiske spelet mellom menneske, på ulike tiår og miljø, har Tiller skapt eit usedvanleg rikt og komplekst eventyr om det moderne Norge. Den siste brikka gir ikkje berre svaret - den vil også snu opp ned på alt du trudde du visste om David.
.................................................................
No har eg lese ferdig denne trilogien, dei to første bøkene las eg to gonger.Eg har lese bøkene som lydbøker; for dei som kan lese dei på papir, vil eg anbefale det.Eg er ikkje så begeistra for opplesarane, det er det eine, og så er her ein del folk å halde greie på.Eg angrar på at eg ikkje noterte litt undervegs, for eg har ikkje verdens beste hukommelse.
Bøkene er mangfaldige, og det er vanskelig å vite kva forfattaren VIL med dei, men heilt til slutt får vi ei forklaring, eller kva eg skal kalle det.
Bøkene har fått gode kritikkar, men meg treffer dei ikkje heilt. Så er eg ei enkel sjel,då.
Eg irriterer meg , som før sagt over alle "feila" i språket, men for somme er alt lov.
For å kunne anmelde denne boka skikkelig, må ein lese den meir grundig og konsentrert enn det eg gjer, så eg vil anbefale å lese på nettet om de vil vite meir.

torsdag, november 13, 2014

Dagbok 2014: 13.november

Klokka er ca 15.45, temperaturen er +11 grader C og det er overskya, men opplett. Sist natt hadde det regna igjen, så eg slit litt med å få tørt sengetøyet som har hange ute sidan laurdag. No er det like før det går i trommelen. Kleda eg vaska i går, tørka eg i trommel og dei er alt på plass.
I dag hadde eg ikkje all verda på programmet, skulle berre vaske bad og kjøkken, og så skulle vi handle.
Mens eg vaska dreiv Nils og fileterte fisk. Matias var "læresvein", som han sjølv kallar det, han vil gjerne lære kunsten.(Han fyller faktisk 68 år i dag, ganske nøyaktig 10 år yngre enn læremeisteren,  altså.) 
Etter ein liten lunsj, reiste vi for å handle. I dag shoppa vi på Coop Extra i Furene, så vi var ikkje innom Amfi. Så for vi til Volda og kjøpte oss middag, for vi hadde lyst på Kina-mat. Når Nils har jobba med fisk meir og mindre i to dagar, syntest han det var greitt å ete noko heilt anna. Men i morgon blir det steikt sei!
Stakk innom strikkebutikken og fann meg lestegarn på tilbod. Driv og strikkar lestar av all slags restegarn, men treng noko å plusse på med.
I kveld klokka 19.30 skal vi på konsert i Voldakyrkja -det er musikklinja ved VVS som står for musikken og songen. Så då blir det enda ein tur til Volda i dag. Det kan hende eg skriv litt om konserten seinare.
Nils driv og sagar opp fåreribbene vi skal ha på laurdag.
PS:
Det vart ein flott konsert i ei stappfull Volda kyrkje.De kan lese meir på Margrete sin blogg. Eirik song både i koret, ei vokalgruppe og solo i "Holy man". Han var flink, som han alltid er. Etterpå vart Nils og eg med ein av mine gamle kollegaer heim og sat og prata ei stund.

onsdag, november 12, 2014

Dagbok 2014: 12.november.

Klokka er snart halv sju, temperaturen ute er +7  grader og vi har hatt enda ein fin dag med klår himmel og sol.
Nils var tidleg oppe, og eg stod opp "før tida" sjølv også.
Nils og Matias for ut for å fiske sei, og eg sette i gang med husarbeid. I dag stod støvsuging på programmet. Folk har visst fått det inntrykket at eg vaskar og styrer støtt, det er ikkje tilfelle. Eg vaskar, støvsuger etc. ein gong i veka, men gjer ikkje alt på ein dag. Slik er det med den saken. Men denne veka vart det litt ekstra fordi eg skulka førre veka.
Ei av naboane hadde invitert oss damene i nabohusa til føremiddgskaffi klokka 12.30. Vi fekk nydelig mat og rikelig kaffi, så vi vart sittane å prate heilt til det var på tide å tene på middagen -for somme. Vi fekk ei aldeles nydelig kake, det var ei premiert oppskrift frå "Hjemmet".
Her i huset vart det sein middag, så vi er nettopp ferdige å ete. Det vart sjølvsagt kokt småsei i dag. Den må etast så fersk som mulig.No kokar Nils kaffi, såpass vi ikkje somnar på sofaen. Det er litt for seint for middagslur no.
I dag fekk Nils den nue mobilen sin. Eg er litt misunnelig fordi han fekk ein raud. Min er svart. Men inni er dei like. Mobilen hans er bursdagsgåve frå meg.

tirsdag, november 11, 2014

Dagbok 2014: 11.november.

Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er nede i + 4, så det var kan hende bra at eg tok bilde ute i dag, før frosten øydelegg det vesle som er att. Vêret har vore nydelig i heile dag, med sol frå klår himmel, men no er sola borte bak Melshornet ei god stund midt på dagen.
Sidan vi kjøpte det vesle Victoriaplommetreet for nokre år sidan, har vi hatt ein gartnar til å klippe det kvart år, for å hindre at det skal ende opp som ein vanskapning. Gartnaren får fisk som "betaling", så no får vi håpe at det blir bra fangst når Nils og Matias skal ut i morgon.
Eg laga to kaker før middag, vaska stoveglasa utvendig og så var eg ute og hjelpte Nils etterpå. Han har no klipt ferdig alle dei gamle plommetrea; det som er tjukt nok blir til ved, resten har han male opp på kompostkverna.Eg pynta litt på epletreet. Til slutt for vi over med plenklipparen og samla opp lauv, gras og rusk.
Då var det på tide å lage middag. I dag skulle vi prøve å steike brosme, for mange seier at det er godt. Nils hadde nok skore for tjukke stykke, så eg tykte det vart litt seigt. Vi skulle nok gjort det på ein annan måte. Men vi vart no mette. Og etterpå måtte vi slappe av.
Før middag var eg ute i hagen og tok nokre bilde. Det er mykje som blomstrar enno, men så gale har hendt før også, sjølv om det også har vore vanleg med både snø og kulde på denne årstida.



Denne primulaen trur det er vår igjen.

Klematisen blomstrar enno, vi har tre slike, og der er enno mange knoppar.

New Dawn - rosene blomstrar enno, men rosene er mindre enn dei var i sommar. Denne rosesorten blomstrar heile sommaren. Det einaste aberet er at den drysser ganske mykje.

Desse stemorsblomstrane har sådd seg sjølv meir og mindre, dei poppar opp i singelen under altanen.

Så fint blei det på plenen etter ein omgang med plenklipper. Skulle ønske det vart så tørt at vi fekk ta skråninga også.

Ei stakkars lita rose står att i beddet ved garasjen. Det er ikkje beste plassen for roser når sola heng lågt på himmelen og huset kastar lange skuggar.

Prestekragane utanfor kjøkenglasa lever vidare, mens dei blå stemorsblomstrane syng på siste verset.

mandag, november 10, 2014

Dagbok 2014: 10.november

Klokka er snart halv sju. Temperaturen ute er + 9 grader, det regnar, og det har det gjort heile dagen. Men det skal visst bli betre vêr igjen.
I dag måtte vi nedover og handle litt, hadde ikkje vore på butikk sidan torsdag. Og då gjekk heile føremiddagen.
På Amfi trefte eg ein tidlegare kollega som eg prata lenge med. Nils var på apoteket, og så handla vi på Coop. Brukte alle rabattlappane. Men melk hadde dei ikkje, så eg måtte innom Bunnpris og få det.
Eg er veldig nøgd med Doro-telefonen min, og Nils ville gjerne ha ein samme sorten, derfor måtte vi bort på Lefdal. Dei hadde ikkje den telefonen inne, men fleire nye var på veg, så dei rekna med å ha den i butikken i morgon. Dei skulle sende melding til meg-på mobil.
Sidan vi likevel var der borte, kunne vi stikke innom plantasjen for å få tulipanløkar i hus. Der trefte vi ei dame som vi kjenner og vart ståande og prate med henne. Ho er også pensjonist, så då har alle tid til ein prat.Men tulipanløkar fekk vi ikkje. Utselde var dei der.
På tilbakevegen var vi inn på Rema 100-butikken på Ose og handla litt der også.
Ja, og så var eg ein liten tur innom strikkebutikken etter meir garn. Driv og strikkar lester av restegarn, men må ha litt å fylle på med.
Nils er så glad i fiskegrateng, men eg synest det er mykje styr, derfor lagar eg det sjeldan. I dag fann eg ein lur måte, heilt utan styr, og veldig fort gjort.
Hadde ein ganske stor rest med makaroni i frysaren, som eg tinte. Nils tok ein fiskefilet frå frysaren, tinte den litt, skar den i terningar og kokte den på ei tallerk i mikroen. Eg smurde ei form, fordelte makaronien utover botnen, så fisken, og så laga eg ein kvit saus, piska egg og hadde i, og tømte utover. Strøkavring frå pose på toppen. Det var fort gjort, det vart lite rot og fiskegratengen vart god. Eg hadde sjølvsagt sett på steikomnen før eg begynte. Vi brukar ikkje poteter attåt når der er så mykje makaroni i, men eg finraspa rikelig gulrot (med hand) og hadde attåt. Dette skal eg gjere oftare. Dessverre åt vi så mykje at der er ikkje nok til eit måltid til.
No har vi kvilt middag og drukke kaffi, så blir det vel strikketøy, bok og TV resten av kvelden. Håper det blir ute-vêr i morgon.
I morgon kjem gartnaren "vår"og skal klippe plommetre, og onsdag skal Nils og Matias ut og fiske.

søndag, november 09, 2014

Dagbok 2014: 9.november.

Klokka er snart halv sju, temperaturen er + 11 grader, og i dag har det regna litt. Noko som var litt dumt sidan eg har ein stor klesvask hengande ute. Sjølv har eg ikkje vore ute for ei dør sidan fredag, dagane blir liksom for korte for meg. Men det får eg ta skulda for sjølv.
Sidan det er farsdag i dag, måtte Nils få lov å lage middag sjølv, så då vart det lapskaus heilt etter hans smak.Og han fekk brukt opp noko ferdigkokt kjøt frå frysaren. Elles måtte han ein tur på terminalen og fiske, mens eg strauk klede, festa trådar på ferdige lestar og begynte på nye. Alt mens eg høyrde lydbok.
Ei god venninne ringde mens Nils var vekke, og vi fekk ein lang prat. Ho er sjuk, og har det ikkje lett.
Vi åt relativt tidleg middag, og så blei det pause, med og utan lydbok. Og kaffi. Fann ein liten kakerest i frysaren som vi delte på. Det blir meir feiring i slutten av veka, då blir det feiring av to fødselsdagar i tillegg til farsdagen.
Elles har eg rydda litt i huset sidan eg likevel går inne og tuslar; skal ein på turar er det kjekkast å fare på kvardagar når butikkane er opne.
Nils ser fotball på TV, så eg kan høyre lydbok og strikke med godt samvit.
Den 9. november 1956 drukna Leon, broren til Nils, og naboguten Roald då dei var ute og fiska.Leon var då 17 år og Roald var 15. Dei vart aldri funne. Dette var to år før eg kom i Trovågen.
Anne Marie, systera til Nils, hadde fått ein gut den 10. september same året; han fekk namnet Leon Roald etter dei to som kom bort på sjøen. 

lørdag, november 08, 2014

Dagbok 2014: 8.november





Klokka er 15.15 og temperaturen er over +12 grader C. Det er skya og vind ute, men opplett.
Eg hadde tenkt å gjere litt husarbeid før vi tok ein tur til Vik, men då eg såg det fine vêret tok arbeidslysta overhand. Det var ein fin dag for bytting av sengetøy, lufting av dyner osb. Så det vart gjort.Og sidan eg skulle vaske på soverommet tok eg dei andre golva også. No heng den første klesvasken og vaiar i vinden på altanen.
Nils klipte fleire greiner av plommetrea. Dei tjukkaste greinene tørkar vi og brenn i omnen, mens dei tynnaste gjekk gjennom kompostkverna. Men lauvet har vi ikkje fått bort enno.
Då vi hadde gjort denne innsatsen, hadde ingen av oss lyst til Vik, så det blei til at Nils kokte salta lange og vi åt ein relativt tidlig middag.
Eg vart bedt om å hjelpe til på misjonsbasaren i dag, men måtte be meg fri fordi eg ikkje er god nok i beina til å gå og trakke på Kulturhuset i timesvis.
I fjor laga eg kake og året før var eg med og dekka bord. Eg er ikkje medlem i noka misjonsforeining, men eg er medlem av Den norske kyrkja, som er arrangøren av denne basaren. Eg trur eg har tatt lodd på førehand, men har ikkje spesielt lyst å vinne noko.
No skal vi slappe av litt, og om vi skulle trenge noko mat e.l. så er butikkane opne til langt på kveld.
Hausten er fin, når vêret er så vakkert.

fredag, november 07, 2014

Bok nr.71 -2014: Ingen er så trygg i fare.




Ingen er så trygg i fare

Varg Veum er tilbake!
Tidlig en morgen blir Varg Veum anholdt av politiet og satt på glattcelle. De har funnet materiale på pc-en hans, elektroniske spor som ser ut til å knytte ham til et omfattende nettverk for bruk og distribusjon av grov barnepornografi. Hvordan kan dette materialet ha havnet på pc-en hans? Og hvorfor?

Fra fengselscellen må Veum grave seg dypt ned i det han har foretatt seg de siste tre årene, tre år der han i sorgen etter Karin har gjort sitt beste for å gå til grunne.

Ved et lykketreff kommer han seg på frifot. Han er på flukt fra politiet, og må samtidig finne ut av hvem som har interesse av å knekke ham, for godt. Trådene strekker seg både bakover i tiden og utenfor landets grenser. Veum står overfor den vanskeligste og mest personlige saken i sin karriere.
...............................................................
Eg har aldri vore nokon "fan" av Varg Veum, men har likevel lese dei fleste bøkene om han. Eg synest Stålesen skriv litt artig- ei stund- men så går eg lei av metaforane og språkblomstane hans. Denne boka handlar, som det går fram av utklippet frå data, om barneporno på nett. Elles er det eit nett av personar og hendingar som eg har litt problem med å halde orden på. Men det tek eg på mi eiga kappe. Boka er ein typisk Varg Veum -roman, verken meir eller mindre. Take it or leave it.
Grunnen til at EG les desse bøkene er Lasse Lindtner, som med alle stemmane og dialektane, gjer det heile til eit "høyrespel" - slikt vi var vane med å høyre på radioen i gamle dagar, før fjernsynet kom.

Dagbok 2014: 7.november

Klokka er 17.15, men det er mørke kvelden ute. Eg har enno ikkje vent meg til desse korte dagane, så eg føler at det er langt på kveld. Temperaturen ute er +8-9 grader C. Det har vore lettskya opphaldsvêr i dag.
I dag gjekk føremiddagen med til å gå i gravferda til Liv. Eller eg veit ikkje om det heiter gravferd, trur der stod bisettelse. Jordpåkastinga var inne i kyrkja, og så var kista køyrt bort.
Det var Liv og mannen som bygde huset i Starevegen der Jørn bur no. Etter at mannen vart sjuk flytta dei i ei leilegheit der Møre Lenestolfabrikk var før, mannen døde for ca 5 år sidan. Opprinneleg var Liv frå Ulsteinvik. Ho har jobba fleire stader i Ørsta, mellom anna på foto Lystad. Seinare tok ho hjelpepleierutdanning og jobba i mange år på sjukeheimen her i Ørsta. Ho var ei kjekk og livleg dame, som var aktivt med i mange lag og foreiningar.Blant anna var ho med i pensjonistlaget. Ho var faktisk på møtet den 3.oktober.Den einaste, utanom presten og representanten for gravferdsbyrået, som talte ved kista var Petra Folkestadås, ca 90 år, som la med blomster frå Seniordanslaget. Der Liv sjølvsagt var med. Petra gjorde eit nummer av namnet LIV, for Liv var som ho sa, full av liv.
Det var presten Arne Moltubakk som forretta i dag. Han var flink. Vi blir snart utan sokneprest , for den kvinnelige presten som kom i fjor, reiser igjen. Mannen hennar fekk ikkje jobb her, og å pendle til Stavanger blir litt for langt.. Men vi har pensjonistane Matias Austrheim og Rolf Dyrhol som stiller opp om det blir krise. 
 
Då vi kom heim åt vi litt lunsj og eg koka sagopudding, sidan det hadde hopa seg opp melk igjen, før vi gjekk ein lang tur på Vallabøen. Eg var ikkje så sprek i dag, så det var i alle fall langt nok for meg.
Vi (dvs. Nils) hadde ikkje planlagt middagen i dag, så då eg foreslo Taco, var det ikkje nei i hans munn. Så det vart det. No har eg rydda på kjøkkenet og sett på oppvaskmaskina, så no skal eg slappe av og lese ferdig boka om Varg Veum.
Margrete og Erlend er på speidertur for første gong. Håper dei får ei fin oppleving.
Og så vil eg ønske alle ei god helg!

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...