tirsdag, november 11, 2014

Dagbok 2014: 11.november.

Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er nede i + 4, så det var kan hende bra at eg tok bilde ute i dag, før frosten øydelegg det vesle som er att. Vêret har vore nydelig i heile dag, med sol frå klår himmel, men no er sola borte bak Melshornet ei god stund midt på dagen.
Sidan vi kjøpte det vesle Victoriaplommetreet for nokre år sidan, har vi hatt ein gartnar til å klippe det kvart år, for å hindre at det skal ende opp som ein vanskapning. Gartnaren får fisk som "betaling", så no får vi håpe at det blir bra fangst når Nils og Matias skal ut i morgon.
Eg laga to kaker før middag, vaska stoveglasa utvendig og så var eg ute og hjelpte Nils etterpå. Han har no klipt ferdig alle dei gamle plommetrea; det som er tjukt nok blir til ved, resten har han male opp på kompostkverna.Eg pynta litt på epletreet. Til slutt for vi over med plenklipparen og samla opp lauv, gras og rusk.
Då var det på tide å lage middag. I dag skulle vi prøve å steike brosme, for mange seier at det er godt. Nils hadde nok skore for tjukke stykke, så eg tykte det vart litt seigt. Vi skulle nok gjort det på ein annan måte. Men vi vart no mette. Og etterpå måtte vi slappe av.
Før middag var eg ute i hagen og tok nokre bilde. Det er mykje som blomstrar enno, men så gale har hendt før også, sjølv om det også har vore vanleg med både snø og kulde på denne årstida.



Denne primulaen trur det er vår igjen.

Klematisen blomstrar enno, vi har tre slike, og der er enno mange knoppar.

New Dawn - rosene blomstrar enno, men rosene er mindre enn dei var i sommar. Denne rosesorten blomstrar heile sommaren. Det einaste aberet er at den drysser ganske mykje.

Desse stemorsblomstrane har sådd seg sjølv meir og mindre, dei poppar opp i singelen under altanen.

Så fint blei det på plenen etter ein omgang med plenklipper. Skulle ønske det vart så tørt at vi fekk ta skråninga også.

Ei stakkars lita rose står att i beddet ved garasjen. Det er ikkje beste plassen for roser når sola heng lågt på himmelen og huset kastar lange skuggar.

Prestekragane utanfor kjøkenglasa lever vidare, mens dei blå stemorsblomstrane syng på siste verset.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...