torsdag, februar 28, 2019

Dagbok 2019: 28.februar

Klokka er snart 17.00. Temperaturen ute er +3 grader og i dag har det vore litt sol og litt regn.
Eg vakna grytidleg, som vanleg, men låg ei stund før eg stod opp. Etter frokost og avis m.a. sette eg meg til og skreiv eit rimeleg kort referat frå møtet i går.
Etterpå sende eg melding til Bodil om at eg var ferdig med pliktene, så dei kunne komme på besøk om dei ville.
Eg hadde tenkt å lage brennsnut, men det var det ikkje tid til, så eg satsa på Gildes karbonader, som eg plar ha i hus til ein krisesituasjon. I staden for å lage smørbrød kokte eg poteter og laga saus. Eg hadde rekna med at dei skulle kome litt før halv eitt og det gjorde dei. Potetene var nesten ferdigkokte så vi åt først av alt.
Svein skulle sjå på bilen om den var i orden, det var han, så vi tok ein biltur fram til gravplassen. Der overtok eg som sjåfør, køyrde ned Mosmarkvegen og vidare til Ørstahallen-Mo-Høgebrua og snudde heim att. Å seie at det gjekk bra er vel ikkje heilt rett, men vi kom no heile heim. I mellomtida hadde vi funne ut at speglane ikkje var stilt inn, og at eg hadde gløymt pute i setet. Eg ser ikkje fronten på bilen, så eg må lære meg å bruke speglar. Fekk litt hetta då eg hadde ein lastebil bak meg og ein framfor meg - framme ved Høgebrua. Svein sa at det gjekk bra, men det var vel å overdrive. No kan eg i tankane rette opp feila og bli litt meir fokusert. For dette berre MÅ eg.
Bodil vart ikkje med på turen, og det var sikkert bra for alle partar. 
Felgane på vinterhjula er stygge, men når vi skifterom til sommarhjul, vil Svein reinse og  shine dei opp. Han har gjort slikt før! Det var i alle fall kjekt å ha besøk frå Eid. 
Etter at dei reiste har eg sett på oppvaskmaskina og så har eg studert på spanskleksa. Det blir travelt neste veke når eg skal på kurs tre dagar.
Eg får ikkje strikke i dag på grunn av garnmangel.
I morgon er det1.mars, og eg klør litt i fingrane etter å komme uti hagen. Skal klippe ned mykje av epletreet og eg trur eg må kjøpe meg ei greinsag. Trur ikkje det er særleg tele i jorda i år, så det kan bli fort grønt. Gler meg til å plante, klippe og rake.

onsdag, februar 27, 2019

Dagbok 2019- 27.februar


Kongsberggutane på vinterferie i Danmark

Klokka er 18.50, temperaturen er + 4 grader og det regnar-fint vêr å vere inne i !
I dag vakna eg grytidleg og verkte i knea, hofta og ryggen, prøvde å sove vidare, men det gjekk ikkje. Humøret var ikkje på topp då eg stod opp, men eg kom meg forbausande fort når eg begynte å lede på meg. Eg hadde god tid, sidan ho som skulle frakte meg i dag ikkje skulle kome før 10.30. Eg åt frokost, dusja og vaska håret og kledde på meg litt betre klede enn dei eg går med her heime. Eg såg at eg fekk tid til eit par "rundar" på strikkepinnen  før eg skulle fare.
Kirstin kom som avtalt, eller litt før, og så var det spanskkurs. Det var kjekt som vanleg. Ingen tek seg sjølv så høgtidleg at det blir flaut å svare feil. Vi ler av oss sjølve og av kvarandre-utan at nokon blir sure for det.
Vi hadde lang pause i kafeen, og der vart eit soll utan like, så tinnitusen min løp løpsk - og har gjort det sidan. Eg var heilt svimmel då eg skulle lese årsmeldinga frå scenekanten i kveld.
Men først var eg heimom ein tur og slappa av litt-med eit par rundar til på strikkepinnen. Eg kjem til å bruke opp garnet i løpet av kvelden-så då blir rådyra gode. 
Kirstin kom og køyrde meg til pensjonistmøtet, ho hadde eit anna ærend i Vik.
Årsmøta er ikkje dei kjekkaste møta, men til slutt var Børre der og song mange fine, kjende songar frå 1960-talet. Sjølv er han fødd i 1958, så han begynner å bli vaksen, han også. Han er ein flink trubadur!
Det var val på nytt styre, somme gjekk ut og andre kom inn. Eg vart attvald. Eg hadde visst sagt ja til det? Kanskje det? Eg hadde i alle fall ikkje sagt nei. Så no går eg inn i mitt niande år som sekretær.
Eli og Terje frakta meg heim. Marit brukar å køyre oss begge, men no er ho sjuk. Eg må vel snart til å køyre sjølv. Har meldt meg på 65+ måndag og fredag neste veke. Også det i regi av Pensjonistlaget.

tirsdag, februar 26, 2019

Dagbok 2019: 26. februar



Klokka er 18.50, temperaturen er + 9 grader og eg kjende lukta av vår då eg stod på trappa. Håper vi slepp meir snø no. Snøklokkene blomstrar og blomsterløkar spirar både her og der.
I dag har eg ikkje strikka-fordi eg ikkje hadde meir garn. Kva gjer ein då? Då sender ein bod på Solveig at ho må kome og hjelpe meg å handle! Ho kunne ikkje komme før på ettermiddagen, og då ville ho kjøpe garnet i Volda før ho kom hit.
Mens eg venta på Solveig prøvde eg å gjere diverse fornuftige ting, som til dømes å rydde, tørke støv, vatne blomster etc. Til slutt sette eg meg til å lese i ei bok -mens eg høyrde radio.
Solveig kom va 15.30 og då hadde ho garnet med. Vi var ein tur på Amfi, eg skulle ha noko på apoteket blant anna. Mat handla vi på Spar, så no har eg fylt opp att lageret mitt. Det er kjekt å ha mat i huset om ein får besøk for eksempel. Faktisk ventar eg Bodil Og Svein når det lid ut i veka. Då skal Svein få ta ein kik på bilen- og friskmelde den.
Solveig hadde med seg heimebaka bollar og heimelaga solbærsylte og eg kokte kaffi då vi kom heim. Då eg var lita likte eg ikkje solbærsylte, no er det noko av det beste eg får.
I morgon skal eg på spansk-kurs klokka 11.00 og på pensjonistmøte kl.16.00 så då rekk eg ikkje stort meir den dagen.
No skal eg jobbe vidare med Erlend sin genser, og så meiner Solveig at eg må strikke til Amanda også. Det kan eg gjerne, men først må eg ha ein pause.

mandag, februar 25, 2019

Dagbok 2019: 25.februar

Klokka er 19.40, temperaturen er + 6 grader C og det har regna så smått i heile dag. 
Eg har ikkje vore lenger enn til postkassa. Gjekk med planar om å gå ned på Kiwi ein tur, men slo det frå meg.
Sat det meste av gårsdagen og strikka, og heldt fram i dag. Tenkte eg skulle strikke bolen ferdig, så eg fekk sette ermar og bol inn på samme pinnen før dagen var slutt. Det kunne ha gått heilt fint - om eg hadde hatt nok garn. Eit par cm før eg hadde full lengde var det slutt på garnnøstet og eg hadde ikkje fleire. Eg har rettnok att noko garn frå den førre genseren, men det garnet var frå eit anna parti, og det var tydeleg skille. Eg kunne ha laga genseren eit par cm kortare, men fargen held fram oppover i mønsteret utan abrot. Så eg kunne berre ha late vore å strikka så ivrig heile dagen-no har eg ikkje "TV-spøt" i kveld.
Har ikkje gjort så mykje i dag, vakna klokka halv sju og stod opp ein time seinare. Har vore trøtt i heile dag. Vêret er no trøyttande , det også. Fekk skrive ferdig Årsmeldinga, så eg kan no printe ut den i kveld og stifte i ho dei to arka, då den er klar . Må ha sånn ca. 20 eksemplar. Prøver å ikkje lage for mange, det er sløsing med papir og "blekk". Hadde ein prat med Eli før eg skreiv og då spurde eg om det blir spansk også på onsdag -  og det blir det. Spansk klokka 11-13.15, pensjonistmøte klokka 16.00. Det blir litt av ein dag for Eli som skal leie begge deler. Men ho tek det meste på strak arm.
Sidan eg ikkje kom meg ut og vart gåande heime og surre, tok eg like godt og baka 3 brød. Hadde noko H-melk som var ute på dato, og då kunne eg få utnytta den. Skal snart ha meg eit par skiver med fersk brød.
Eg har hatt på DAB-radioen mykje av dagen og høyrt Einar lese nyheiter, det er no kjekt.
Eg saknar veldig det å kunne køyre bil. Eg må snart ta meg sammen og prøve no, men eg må ha einkvan med meg.

søndag, februar 24, 2019

Dagbok 2019: 24.februar






Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 7-8 , det er overskya og vi har hatt både solgløtt og regnbyger i løpet av dagen.
I dag var eg budd på å vere heime åleine heile dagen og hadde lagt opp eit program med strikking og "kontorarbeid". Og slik blei det. Vart nesten ferdig med begge ermane på Erlend sin genser i går, så gjorde eg resten av jobben i dag - før eg la opp og begynte å strikke på bolen. 
Som de ser av bildet er eg ferdig med mønsterborda nede og sit no og strikkar rundt og rundt, det er litt kjedelig, men eg har på radio og høyrer eine programmet føre og det andre etter. TV-en set eg på når det nærmar seg dagsnytt kl.19. Det mørkeblå garnet er lettare å strikke enn det lysegrå som var i bolen til Margrete sin genser, det var meir lode. Går ut frå at det kjem av at det mørkeblå har vore gjennom ein fargingsprosjekt. 
Eg er alltid ivrig etter å fullføre prosjekta mine, men eg seier til meg sjølv at eg må vere forsiktig å ikkje øydelegge hender og armar, det er nok at eg har overforbrukt knea mine.
Sette meg til og skulle skrive årsmeldinga for pensjonistlaget, men mangla nokre opplysningar før eg kan gjere det ferdig. Det var ikkje alle møta eg var med på i fjor. Sidan vi skal ha pensjonistmøte komande onsdag, blir det ikkje spansk den dagen 
Elles er det vinterferie både her og på Kongsberg , etter som eg har forstått, denne veka. 
Audun kjem heim neste helg, så då får eg kanskje besøk av han og Einar. Einar var og sprang rundt Rotevatnet i går, og vann løpet. Som regal plar han bli nr.2eller 3. 
Eg har ingen planar for morgondagen med unntak av strikketøy- har som mål å bli ferdig med genseren til neste helg. For då kan eg seie at eg har strikka to genserar på tre veker. Eg må alltid finne på slike konkurransar med meg sjølv- og det er berre dumt Men så skal det seiast at eg MÅ strikke når eg ser TV - eg greier ikkje å sitte i ro med hendene i fanget. D
et har vore så vårleg no nokre dagar at ein tek til å kjenne på at ein må gjere noko ute, men eg trur hagearbeidet får vente litt til.


lørdag, februar 23, 2019

Dagbok 2019: 23. februar

Klokka er 18.35, temperaturen ute er + 14 grader C, det er opplett og litt vind. Det er om lag som ein sommarkveld på våre kantar. Gjev det ville vare! I dag har eg ikkje vore lenger enn til postkassa. Var rimeleg tidleg oppe og etter frokost og avis begynte eg så smått å lage til middagsmaten: Stroganoffgryte med poteter og grønsaker. Kjekt å lage mat til fleire. Mens eg venta på "gjestane" sat eg og strikka, har begynt på genser til Erlend, er snart ferdig med ermane, eg strikka dei først, for eg ville at Erlend skulle prøve Margrete sin genser, så fekk eg noko å gå ut frå. Det viste seg at Erlend gjekk fint inn i genseren til mora og eg kan strikke hans genser i same storleiken.
Margrete var fornøgd med genseren sin, og kjem vel til å legge ut bilde på data i løpet av kvelden. Eg synest det er kjekt å vere litt til nytte.
Margrete hadde kjøpt ein nydeleg rosa orkidé til meg, og det blei eg glad for, Har hatt kvite gardiner og kvite blomster sidan før jul, så no er det fint å få nokre fargar. 
Vi åt og kosa oss med middagsmaten, og etterpå vart det kaffi og is- same procedure as usual. 
Eirik skal reise opp att til Trondheim i morgon, det er kjekt at dei tek seg tid til å besøke ei gammal bestemor. Amanda har sove seg ut og var rimeleg kvild etter musikal-veka. Komande veke er det vinterferie, men ikkje for meg, for vi skal ha pensjonistmøte på onsdag; det er årsmøte, så eg må skrive årsmelding på førehand, og referat etterpå.
Dagen har gått som ein røyk og no er det snart tid for strikk og TV. 

fredag, februar 22, 2019

Dagbok 2019: 22. februar

Klokka er no 18.00. Temperaturen på trappa er + 10 grader, tidlegare i dag var den opp i 15 grader. Det har vore ein vårleg og nydeleg dag. Nedanfor huset er det stort sett bert, men på oppsida i skyggen ligg der enno snø, ein god del er vel restar etter brøytekantar. På ettermiddagen i dag tok eg ein liten tørn og heiv utover noko av snøen. No er det vel med oss som med "Vesle lerka" - vi trur på vår med ein einaste gong, og gløymer alle gongane vi har fått snø både i mars og april. Men det er i alle fall fint å stå opp klokka 8 og sjå at det er lyst ute. Eg får ein veldig energi når eg ser sol og finevêr. Eg starta dagen i langsomt tempo, med å strikke nesten ferdig første erma på Erlend sin genser. Så bytta eg på senga, vaska soverommet, og fann ut at eg kunne vasle kjøkken og bad også sjølv om eg hadde gjort det før i veka. Fekk på vaskemaskina og styrte på. Hadde tenkt å begynne å klippe epletreet og stilte med saks og sag, berre for å oppleve at epletreet var litt for høgt-eller eg litt for låg. Det var då eg begynte og skulle fjerne snøen , med spade og rive.
Var ein tur ute på altanen då Silje ropte til meg og spurde om eg høyrde brannalarmen, men den hadde eg ikkje høyrt til tross for forsterkaren på stova. Ho sa at lyden kom frå kjellaren, og då visste eg kva det var. Det hender at brannalarmen kjem på når eg tørkar klede i trommelen, og slik var det i dag. Eg vart ikkje redd, sidan eg fort forsto kva det var.
Etter nokre timar som Duracellkanin, vart eg svolten og laga meg pannekaker av resten av røra frå i går, åt godt, og så varde det ikkje lenge før eg feiga ut. Er eigentleg konstant trøtt, men kjenner det ikkje før eg set meg ned. Sat og sløva i godstolen ei stund før eg greip tak i strikkepinnane. Har så vidt begynt på erm nr.2. Innimellom alt eg styrer med er eg ofte innom datamaskina. Har fått mange likes i dag, etter at eg la ut genseren til Margrete.
I dag fyller Audun 29 år og eg hugsar veldig godt den dagen han vart fødd, då hadde eg Einar her og vi var ein tur til Vik i silande regn. Ja, det regna så forferdelig at vi tok Taxi heim. Åra har gått fort, og no er  løytnant Audun i Nord-Norge. Neste veke er det vinterferie her, og eg håper Audun kjem heim ein tur. Han har kjøpt seg leilegheit på Hareid, og har status som pendlar, så han er ofte ein tur heimom.
Gratulerer med dagen, Audun!

Eigentleg hadde eg tenkt meg ein liten tur på butikken i kveld, men så vart eg brått så trøtt. Og eg har ei oppvaskmaskin og ei klesvask-maskin som skal tømmast. Eg sprett vel opp i grålysninga i morgon, så kanskje det blir ein tur då.
Ønsker alle ei god helg og eventuelt GOD FERIE



Det er kjekt at det blir bert og vår, men eg ser også at det blir ein del som skal gjerast både ute og inne. Heldigvis er hagen bra ryddig, men kom ikkje heilt i mål sist haust på grunn av alt regnet.


torsdag, februar 21, 2019

Dagbok 2019: 21.februar

Klokka er 20.00, temperaturen + 7 grader C og det regnar så smått. Har berre så vidt vore ut for døra i dag, henta posten og henta inn ved. Men har ikkje fyrt i omnen. 
Sov rimeleg bra sist natt, men vakna klokka 5, og det var for tidleg å stå opp, så eg vart liggande å lese ei stund, sovna litt også, men klokka 8 orka eg ikkje å ligge lenger. Ikkje heilt likt meg å vere morgonfugl.
Etter frokost, avis og Sudoku, sette eg meg til å feste trådar på Margrete sin genser. Så vaska eg den, rulla den inn i ein handduk, og etterkvar blei det å legge den på badgolvet til tørk. No har eg så vidt begynt på eine erma på ein ny genser- til Erlend.
Eg tok fram støvsugaren i dag og for over stovegolvet, der blir ein del lo-om ikkje anna.
Elles har eg gjort ein del "kontorarbeid"-dvs. laga meg nokre oversiktsark til spansken, sett på utkast til årsmelding etc. Det er årsmøte i pensjonistlaget komande onsdag. Skifta begge blekkpatronene i printeren, så no kan eg printe ut det eg vil. Elles har eg ikkje gjort så mykje. Laga meg litt mat i 15-tida og etterpå vart eg så trøytt at eg sovna i stolen. 
Marit var ikkje på spanskkurset i går, så ho kom ned og fekk skrive av leksa. Så fekk eg ei å drikke kaffi i lag med i dag også. No er det vel på tide å benke seg framfor TV-en med spøt. Får strikke no, når våren kjem får eg anna å styre med. Snøklokkene blomstrar på plenen no og snart er det mars.
I dag, på kongens fødselsdag, er det også nokre i storfamilien som fyller år. Hilde Helen, som eg er tante til, fyller 49 år i dag. Ho er dottera til Rolf, Nils sin bror. Og så er det Henning på Eid-han fyller 15 år. Han er barnebarnet til bror min, og eg er tanta til mor hans. Barn og unge blir vaksne-det er greitt, berre så synd at ein sjølv vert gammal. I morgon fyller nest eldste barnebarnet, løytnanten, 29 år. Det er litt rart å vere bestemor til vaksne folk. 

onsdag, februar 20, 2019

Dagbok 2019: 20.februar



Klokka er no 20.40, temperaturen er +3 grader. Det var rimeleg bra vêr først på dagen, litt vått seinare.
Dette har vore ein veldig aktiv dag for meg - det skal ikkje så veldig mykje til. Eg vakna tidleg og fekk styrt litt både med meg sjølv og huset før eg vart henta av ei "spansk-kollega" vel halv elleve. Fekk tid å stikke innom legesenteret og hente epikrisene frå røntgen og CT før franskkurset. No forstod eg ikkje allverda av av det som stod på arka, men skjøna såpass at dei hadde funne litt av kvart inni knea mine- og det forundrar meg ikkje.
På spanskkurset har vi det kjekt, vi lærer no litt av kvart, men kor lenge det sit er ei anna sak. Vi er samde om at viss vi hadde vore så iherdige då vi var unge, så...……… Vi ler og kosar oss, og så har vi lang pause mellom dei to timane. Då er vi i kafeen og et og pratar. Det sosiale er viktig for oss pensjonistar, vi har blitt ein fin gjeng etter fire treff.
Då eg kom heim hadde eg litt av kvart å styre med. Hente post, betale rekningar, skrive eit lite avisinnlegg  etc. Og så fekk eg melding om at Svein N. var sjuk og ikkje kunne vere med på musikal. Eg averterte billetten som vart til overs på FB og fekk Solveig til å bite på. Ho kunne komme på kort varsel.
Det varde ikkje så lenge før Margrete, Eirik , Ingeborg og Erlend kom for å hente meg. Margrete hadde kjøpt meir garn, så no får eg snart nytt strikketøy, men må legge siste hand på Margrete sin genser først.

                              Opningsnummeret. Isfjella smeltar. Amanda sit på golvet og syng.


Og så vart det MUSIKAL. Denne musikalen var annleis enn dei VVS har produsert før. Her var lite "prat" -heile handlinga vart fortalt gjennom song , musikk og dans. Og for meg verka heilt proft. "Den beste musikalen ever", skreiv Arne Ola og det er eg samd i. Amanda hadde det første solonummeret, elles var ho i ei gruppe og så fekk ho den tvilsame æra å spele "fru Donald Trump". Bildet er frå gruppa; som fru Trump hadde ho raud kåpe. Dei skulle ha ei framvising til i kveld. Premieren var i går. Før har dei bygt musikalane over ein film eller liknande, i år var det TEMA. Og temaet var klimakrise og jordas undergang. Men i andre delen  som heiter VON får vi sjå korleis livet kjem tilbake. Mange flotte kostymar var det også. Det kjem sikkert mykje om det i Møre Nytt i morgon. Solistane blir vel dei som får mest merksemd, men eg måtte beundre kora som stod mykje rett opp og ned veldig lenge. På andre delen var Amanda i koret. For oss i familien var det viktig at Amanda greidde seg bra, og det gjorde ho. Takk for ei fin oppleving.

tirsdag, februar 19, 2019

Dagbok 2019: 19.februar

I ringen veks det rabarbra, og i dag såg eg ein liten topp.

Klokka er 19.45, temperaturen ute er + 4 grader og det regnar. Snøen smeltar litt kvar dag, men her er ein del att.
Dette har vore ein underleg dag på mange måtar, eg har ikkje gjort så mykje, men dagen fór fort.
Siste veka har eg stort sett sete pal og strikka-når eg ikkje har gjor noko anna. I går kveld strikka eg heilt til eg skulle legge meg - for å ta opp att tråden på føremiddagen i dag. Genseren var så å seie ferdig, då eg vart lens for garn. Ja, eg var budd på det, og derfor strikka eg alt eg kunne tidleg på dag, så Margrete kunne få melding om kva garn ho skulle kjøpe før ho kjem hit i morgon. Mens eg sat og strikka kom naboen på besøk, så det vart ein hyggeleg strikkeprat.
Det er ein stor , tung islandsgenser som no er ferdig, og Margrete skal ha den når ho reiser til Island til sommaren. No har vi tenkt ut at eg kan strikke ein til Erlend også, med eit anna mønster.Eg har no slikt å gjere, særleg før hagearbeid er aktuelt.
Elles snakka eg litt med naboen som var attkomen frå GC ; ho dreiv og heiv rundt på snø for å få smeltinga i gang. Eg har to store dungar med snø som eg har mòka frå altanen, eg spreidde dei litt utover og då såg eg at løkplantane spira i bedda. Så det er håp.
Eg er rimeleg bra i knea no og greier å gå med forsiktigheit. Eg har ikkje fått brev frå sjukehuset, men i dag ringde eg legesenteret for å høyre om dei hadde fått tilbakemelding. Det hadde dei. Men ho eg snakka med hadde ikkje kunnskapar til å tolke brevet, det var viss mest på latin. Det einaste eg forsto var ARTROSE, som eg hadde ein sterk mistanke om at det var, elles var det snakk om utgliding....et. etc. Eg skal gå innom legesenteret i morgon og få ein skriftleg versjon, då skal eg på spanskkurs på Bakk-Ola, og det er like ved sidan av. Legen min er hofteoperert, men kjem att på jobb i april, så eg trur ikkje eg treng lege før den tid. Viss det hadde vore akutt fare, så hadde vel einkvan tatt grep.
Elles har eg stua vekk julepynten i dag og vaska klede.
I 16-tida kom eg på at eg kanskje skulle ha litt mat, og laga meg eit betre måltid. Så kveikte eg opp i omnen og fekk det varmt og godt. Etterpå sette eg meg i godstolen og såg fleire episodar av "Kjendisfarmen", som eg hadde tatt opp. Då sovna eg. Ja, når ein ikkje søv om natta, får ein sove litt om dagen. Det er sjeldan eg ser TV utan å strikke langsmed, så eg får finne fram nokre lestebrot eg har liggande i kveld.
I morgon får eg ein "travel dag". Eg skal først på spanskkurs klokka 11, og klokka 17.30 skal eg på Musikal i lag med Margrete og barna. Eg synest eg får vere med på mykje kjekt. I dag har eg lata meg, så eg er kvild til morgondagen.

mandag, februar 18, 2019

Dagbok 2019: 18.februar

Klokka er no 18.10, og dagen har gått som ein  røyk. No er det lett regn ute og + 7 grader C. Snøen smeltar fort, mest på nedsida av huset, det blir vel ikkje så lenge til eg må slå plen.
I dag sette eg meg til å strikke rett etter frokost, men så tok eg meg saman og shina og vaska kjøkken og bad m.m. Sette på oppvask og klesvask før eg kunne strikke vidare. Margrete og Ingeborg skulle komme innom ein tur og det gjorde dei. Dei fekk ikkje så fint traktement akkurat, men eg var ikkje sikker på kva planar dei hadde etterpå. Margrete var nøgd med genseren, spenninga er no om den vil passe henne eller einkvan annan må overta, no har vi i alle fall noko å gå ut frå. Eg har felt to gonger på berestykket no, så omgangane vert kortare etter kvart. No skal eg sette meg til å strikke vidare, når det nærmar seg slutten blir eg veldig ivrig.

søndag, februar 17, 2019

Dagbok 2019: 17.februar

Klokka er no 19.10, temperaturen er + 10 grader C, og det er opplett. Ikkje heilt klårt, men eg såg månen. 
Eg gjekk heim att i kveld, frå Støylevegen, der eg var på besøk hos Eli og Terje. Blei bedt til middag hos dei i dag og Terje henta meg; men heim att ville eg gå. Å gå oppover er betre enn å gå ned. Eg vil gjerne finne ut kva føtene mine tåler. Og det gjekk fint med butikkturen i går.
Heile føremiddagen i dag sat eg med strikketøyet mitt. Først var det å få ermane og bolen inn på samme pinne og telje etter om masketalet stemte. Det gjorde det, så eg fekk strikka nokre omgangar med mønster før eg måtte gi meg. Gjorde ein liten feil som eg måtte ta opp, men mønsteret er ikkje vanskeleg. Likte berre ikkje at eg måtte strikke nokre omgangar med tre trådar, det blir noko voldsomt med så tjukt garn. Trur det skal gå bra. Spenninga ligg i om genseren passar till Margrete-eller om der blir andre som skal ha den.
Då det leid på dusja eg og vaska håret, før eg blei henta. Det var eit ektepar som var bedt også, så vi var 5 til bords og vi hadde det veldig hyggelig. God mat fekk vi også.
Idet eg stod og skulle takke for meg, ringde Ingeborg. Ho kjem med flyet i morgon og ville komme oppom; eg fekk ikkje snakka så mykje med henne sidan eg stod og tok farvel.
No blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden. I dag før middag når eg sat og strikka høyrde eg radio, kan ikkje sjå så mykje TV når eg strikkar mønster. Det er mykje kjekt å høyre på DAB-en.
I dag fyller Ambjørg 79 år og eg vil gratulere henne med dagen! Eg fyller år neste månad og viss vi lever neste år, blir det 80-årsdagar. Det er ikkje til å tru. Kvar vart det av alle år og dagar? No når eg gammal og tenkjer tilbake i tid, angrar eg meir på alt eg ikkje gjorde enn på dei feila eg faktisk gjorde. Skulle ønske eg fekk ein ny sjanse- men det er berre å gløyme.

lørdag, februar 16, 2019

Bok nr. 8 -2019: Hullet han krøp ut av

Bøkene hans utgjør syv centimeter av bokhyllen, men han skriver ikke lenger. I stedet har han begynt å snakke med seg selv. Han har et barn det er knyttet store utfordringer til, og kona hans er så sliten at hun knapt rekker å slukke nattbordslampen før hun sovner. I det siste har han begynt å tenke tilbake på det mennesket han var før debutboken ble antatt. Og jo mer han tenker på ham, desto sterkere trer skikkelsen fra den gangen frem, helt til han ikke lenger er sikker på hvem som lever hans eget liv. Hullet han krøp ut av er en spøkelsesfortelling, en kunstnerroman, en historie om ensomhet og om lengsler som til slutt bryter gjennom forestillingene og kryper ut i virkeligheten. 
……………………………………………………………………….
Dette var ei veldig tynn bok med halve sider etc. Eg ser at forfattaren har fått god kritikk på andre bøker han har skrive, men for å vere ærleg fekk eg ikkje så mykje ut av denne. Eg har liksom ikkje sansen for å sitte å gjette meg til kva forfattaren eigentleg meiner med dei mange metaforane og dei halvkveda visene. Slike bøker er det vel stort sett berre andre forfattarar som likar å avkode, og så kritikarar .
Men det kan hende eg les teksten ein gong til og får meir ut av den.

Dagbok 2019: 16.februar

Klokka er no 17.10, temperaturen er +2 grader C, det er tjukk skodde ute, heilt nedpå marka, men det er opplett. I går fekk eg ei kjensle av vår, i dag er det meir som november. Då er stod opp i dag snødde det trollkjerringar. NO har eg nettopp vore ein tur på butikken, gjekk både ned og oppatt-for første gong i år. Har ikkje gått så mykje etter at venstre kneet svikta i november. Det var det høgre kneet, det som vart dårleg i februar i fjor som reagerte mest på turen, men det gjekk stort sett fint. Kvar laurdag eg er her åleine trur eg at det er søndag, men det hjelper å ta ein tur på butikk. Blir direkte uvel viss eg blir sittande å strikke heile dagane, så eg må finne på andre ting innimellom. Var ut og heiv rundt på litt snø også, slik at den skulle tine fortare.
Til middag i dag åt eg restar frå i går - godt å få rydde opp. Eg har ikkje snakka med nokon i dag anna enn på nettet.
Kan ikkje strikke så mykje i kveld for no må eg snart ha alt inn på ein pinne og begynne på mønsteret. Det er mest interessant. Onsdag i komande veke er det musikal. Ja, dei skal vel ha fleire framsyningar, men vi skal no vere på premieren. Både Ingeborg og Eirik kjem heim for å vere til stades. Det er siste året til Amanda på vidaregåande, men til hausten reknar eg med at Erlend begynner på musikklinja, så blir det å håpe på at eg får følgje med når han skal på scena også.
No skal eg slappe av litt og så blir det vel mykje TV i kveld også. Veit ikkje kor det går når eg ikkje får strikke-om eg klarer å halde meg vaken. No ligg det melkekvit skodde ute, heilt rart.




fredag, februar 15, 2019

Dagbok 2019: 15.februar


Klokka er 17.50, temperaturen er + 10 grader og det har vore ein nydeleg dag. Eg har ikkje vore så mykje ute, men har no fått kjent på solvarmen inne i huset.
I går var det ein litt tam dag, men i dag har det vor action frå første stund.
Det første eg gjorde etter eg hadde kome i siget var å lage kjøttkaker og skrelle poteter. Einar skulle komme i 14 - tida og ete middag i lag med meg - og då må vi ha kjøttkaker i heimelaga brun saus. det er tradisjon.
Då maten var så å seie klar, sette eg meg til å strikke mens eg øvde på spanskglosene på samme tid-talde maskene på spansk : uno- dos- tres..... og vekedagane:  lunes-  martes -  miêrcoles-...….. Begynte på andre ermet i dag, så i løpet av helga håper eg på å få alt inn på ein stor rundpinne og strikke mønster. Det er det som er det kjekkaste.
I dag kom Einar 5 min. seinare enn han hadde sagt, som regel er han på sekundet.
Vi åt middag og drakk kaffi. Så køyrde vi ein tur fram på grava, men gjekk ikkje bort til steinen, for snøen låg så fin og urørt. 
Det blei ein tur på AMFI også, eg hadde eint ærend på Clas, skulle ha lysrør og blekkpatroner og batteri. Handla litt mat på Bunnpris.
Einar prøvde å starte bilen min og den starta på første forsøk.
Han reiste heim til Hareid, eg rydda på kjøkkenet og vaska opp før eg sette meg til PC-en. Då ringde Bodil og sa at Svein ville stikke innom; han skal hente Margun og Stein på flyplassen klokka 19.30, dei kjem frå Thailand. Rasmus skulle kome att frå Stuttgart i kveld, men han kjem vel til Gardermoen og i morgon trur eg naboane kjem att frå GC. 
Så vil eg ønske alle ei fin helg ! Komande veke er det Musikal og det ser eg fram til, og onsdagen deretter er det årsmøte i pensjonistlaget. Eg slepp å kjede meg.

torsdag, februar 14, 2019

Dagbok 2019: 14.februar.




Klokka er 16.45, temperaturen er + 8 grader, det blæs og snøen smeltar- men det går ikkje fort. Venninna mi i Bergen ringde i dag for ein prat, der var det berre marker og sol som varma opp heile huset-slik er det ikkje her.
I dag har eg vore sløv -det er nokon som har tatt arbeidslysta mi-eg håper å få den igjen om ikkje alt for lenge. Eg stod tidleg opp i dag men kom ikkje i gang med anna enn strikking, det er noko som er lett å gripe til. Men det blir no litt for stillesittande i lengda. Det er ei erm eg held på med og no er eg komen så langt at eg har den på rundpinne. Innimellom har eg saga litt ved og fyrt i omnen, og så har eg "spansk-leksa ved sidan av meg når eg strikkar. Denne veka puggar eg dagar og månader, så no har eg tatt fram kalenderen for 2015 - den som Einar hadde kjøpt på Gran Canaria. Eg trur aldri eg får bruk for å kunne spansk, men det er bra med litt hjernetrim - tenkjer eg. Litt interessant å sjå om ein greier å lær noko nytt når ein er nærmare 80 år.
Fekk lyst på poteter i dag, skulle gjerne hatt fisk også, men det hadde eg ikkje i hus. Men eg kokte poteter og år mår til. Det smakte veldig godt. Sjølv eg kan gå lei av brødmat. Var ikkje heilt i form i dag heller, men no er eg heilt fin. Det er berre arbeidslysta som manglar.

Eg tenkte eg skulle ringe til Ambjørg i dag, ho har fødselsdag den 17.februar, så eg tenkjer litt spesielt på henne rundt den datoen. Men så ringer telefonen og det er akkurat ho. Eg har eit spesielt forhold til henne, vi har kjent kvarandre så lenge. Hausten 1947 begynte vi i 1. klasse på barneskulen og sat i lag på ein tomannspult. Sidan vi begge kunne å lese slapp vi å kjøpe dei nye ABC - bøkene med hane på, dei som vart innført det året. Vi fekk bruke dei gamle bøkene som vi hadde med heimanfrå. Læraren spurde oss kor langt vi var komne, og vi vart samde om ei side i boka. Vi gjekk i same klasse i heile folkeskuletida og dei to åra på realskulen. På gymnas skilde vegane våre seg sidan ho gjekk reallinja og eg engelsklinja, men det var no i samme huset. I 1958 var vi i Bergen der vi vart innmatrikulert  på universitetet. Ho begynte å studere, men eg tok lærarjobb i Solund. Det vart aldri til at eg studerte i Bergen. Sommaren 1962 gifta vi oss i Bergen , begge to, med kvar vår sogning. I samme kyrkja, men ikkje samme dagen. Mannen hennar var frå indre Sogn, Nils var frå dei ytste øyane. Seinare kom det fram at dei to karane hadde vore i lag i militære i Stavanger, men kjende ikkje kvarandre. Dei var begge fødde i 1936, med 3 dagars mellomrom. Vi hadde ei venninne som var eitt år yngre enn oss, og vi tre var mykje i lag. Dessverre døde Karen Marie av kreft for nokre få år sidan. 
Når ein blir så gammal som eg er, hugsar ein betre det som var for lenge sidan- enn det som har hendt i nyare tid. Det kan godt hende at eg har skrive det samme om Ambjørg før-det er sannsynleg at dei samme tankane kjem opp att kvart år rundt den 17.februar.
I dag er det Valentinsdagen-men det har eg ikkje merka noko til. Er motstandar av å innføre fleire amerikanske shoppingdagar.

onsdag, februar 13, 2019

Dagbok 2019: 13.februar

Riddari-mønsteret.

Klokka er 18.20, temperaturen ute er + 6 grader C og det var herleg å puste inn frisk og mild luft i dag. Snøen hadde smelta mykje i går og i natt, noko som vi kan takke både temperaturen og vinden for. No håper eg at det går mot vår og at vi ikkje får meir snø og kulde. Det er vel eit fåfengt håp i midten av februar, kanskje?
I dag har det vore ei litt annleis dag. Sov godt sist natt utan sovemedisin og vakna frisk og kjekk i dag. Åt frokost, dusja og vaska håret og kledde meg for kurs. Då brått vart eg veldig dårleg i magen,og tenkte at her måtte eg avlyse kurset i dag. Men eg er aldri heilt rådlaus, eg tok eit par tablettar og drakk eit glas Cola, og vart med på kurset.
( Det var akkurat slik Marit hadde det for nokre dagar sidan, så det er vel ei "sykje".)
Vi har det veldig kjekt på kurset, vi pensjonistane. Vi er blitt ein bra gjeng etter tre kursdagar. I dag la Eli inn ein ekstra lang kaffipause mellom dei to skuletimane,  det sosiale er like viktig som det å lære spansk ! (For pensjonistar).
Etter kurset var Marit og eg og handla. Eg måtte ha nye strikkepinnar til ermane, så det fekk eg tak i. Etterpå var vi på Amfi. Eg fekk kjøpt kalktablettar, noko som legen har beordra meg å ta, og så kjøpte eg litt loff etc. Ikkje storhandel akkurat.
Var veldig svolten då eg kom heim; i dag vart det loff til middag. Etter å ha kveikt i omnen vart eg veldig trøtt og heldt på å skulle sovne, så då reinskreiv eg spansken i staden. Så sette eg meg til å strikke framfor TV, men eg datt visst ut ei lita stund. No skal eg strikke litt meir på bolen, før eg tek til med ermane. 
Ein av mennene på kurset hadde ein slik genser som eg strikkar no, Riddari heiter den. Det var kona som hadde strikka den, ho er også med på kurset. Genseren hans var i to brunfargar og oransje. Den var veldig fin. Eg såg at det som var oransje på hans genser, blir lyseblått på Margrete sin. No blir det strikketøy og TV resten av kvelden.
Tenk! I dag var trappa utan snø og is!

tirsdag, februar 12, 2019

Bok nr.7 - 2019: Huset på prærien


Denne vesle boka skumlas eg på mindre enn ein time. Det var sjølvsagt feil-men eg ville berre sjå om den var noko å lese-og så vart eg hekta. Ikkje heilt enkel å lese, for det meste er ikkje sagt.Det er korte tekstar på dei fleste sidene i boka-og somme sider er blanke.
Les gjerne om boka på nettet. Eg legg inn ein link.

https://beathesbibliotek.no/2018/02/25/huset-pa-praerien-av-tora-seljebo/

Dagbok 2019: 12.februar.



Klokka er  17.25, og eg har nettopp tatt bilda over her. Temperaturen er + 4 grader, og at det er + er no eit pluss.
Vakna opp til mykje ny snø i dag også, men det var faktisk ikkje så kjekt. Snøen var våt og tung og eg hadde ikkje lyst å mòke. Trur ikkje naboane hadde lyst, dei heller.  Dei tenkte vel som eg: "Lat snøen ligge der han ligg til han smeltar." Eg grov litt utav altanen, og resten renn vekk av seg sjølv. Hadde ut litt brød til småfuglane og det var vekke før eg hadde snudd meg rundt. Eg følte at eg skulle ha rydda tunet i fall Silje kjem att i dag-men det blei med tanken. 
I dag hadde eg planlagt at eg skulle rydde opp inne, så det blei å vaske og støvsuge. Då eg var ferdig med det, sette eg meg til med spanskleksa. Ikkje før hadde eg sett meg ned, så fekk eg melding frå Marit: Kan du kome opp til meg og ta med spanskboka! Eg var ikkje tung å be. Vi drakk kaffi , prata og såg litt på spansken
Då eg kom ned att åt eg resten av silda og stappa frå i går. Då vart eg så trøtt og lat at eg sette meg til å sjå TV-utan å strikke. Eg sovna ikkje, enda eg sov dårleg sist natt. Eg har saga litt ved og kveikt opp i omnen, eg synest det er huskaldt i dag, slik det ofte blir når snøen smeltar. Ja, heldigvis smeltar den- og det ganske fort. Vi satsar på at Marit køyrer til spansk-kurset i morgon.



mandag, februar 11, 2019

Dagbok 2019: 11.februar

Klokka er 18.20, temperaturen minus 1 grad C og det snøar litt enno. Det hadde begynt å snø i går kveld så eg vart ikkje overraska då eg såg ut i dag tidleg. Ca. 20 cm nysnø !Rett etter frokost begynte eg å mòke, først altanen, så utestova og til slutt trappa og tunet. Torbjørn tok bort brøytekanten med fresaren, og laga ein veg ned til garasjen. Eg finpussa litt med spade og snøbrett. Eg tek det ikkje så tungt om denne snøen kom for alt i morgon skal det bli mildare og onsdag veldig mildt om vêrmeldinga stemmer.


Eg vart både tørst og svolten av all mòkinga, men eg hadde ein pakke spekesild på lur ! Det er ingen løyndom at eg er overmåte glad i spekesild. I dag laga eg stappe av rabbe og potet til-for å gjere det lettvint. Sylta rødbetar et eg nesten kvar dag, så det hadde eg også. Eg skal ikkje røpe kor mykje sild eg åt, men eg åt i alle fall så mykje at det har gått hardt utover drikkevarene mine; brus og eplejus.
Eg begynte så smått på genseren til Margrete i går, men måtte rekke opp att. 
I dag starta eg opp i dagslys, og no har eg kome over kneiken. Strikka rullekant og vrangbord på pinne nr.3,5, men så fekk eg gå over på pinne nr.4,5 då eg starta på mønsteret, då gjekk det mykje betre. Dei tre fargane eg har brukt hittil er grått(botnfarge) blått og kvitt. Mønstert er ikkje vanskeleg, trur eg, så berre eg kom godt i gang skal det gå bra. Målet mitt var å komme forbi mønsteret slik at eg kan strikke einsfarga mens eg ser på TV.Trur storleiken blir passeleg, men om genseren blir for stor eller for liten til Margrete rekk eg å strikke ein til Genseren passar vel ein eller annan i familien uansett.
Las ikkje på spanskleksa mi i går, så då blir det dobbelt opp i dag. 
"15 min. cada dia," seier La Profesora.



Fekk morsdagshelsing frå Tyskland i går kveld. Då var Rasmus installert på eit hotell i Esslingen, ikkje langt frå Stuttgart.







søndag, februar 10, 2019

Dagbok 2019: 10.februar

Klokka er no 18.45, temperaturen ute er + 1 grad, men då eg var ute på trappa og sjekka såg eg at det hadde snødd eller sludda aldri så lite. Eg ønsker meg berre vegar.
I dag har eg vore heilt åleine heime heile dagen, noko eg for så vidt ikkje har noko imot. Blant anna fekk eg lese ut ei heil bok på føremiddagen. 
Seinare begynte eg så smått på Margrete sin genser, men det vert alltid litt plunder i oppstarten, så eg måtte rekke opp litt denne gongen også. Eg trøystar meg med at eg plar komme i mål til slutt.
I går kveld sovna eg ganske raskt etter at eg la  i 1-tida. Låg og las ei lita stund før eg sovna, men vakna frisk og opplagt klokka----3. Men så sov eg vidare til klokka 6. Då la eg meg til å lese, før eg sovna enda ein gong og vakna i skapleg tid. Når eg skriv så mykje om soving er det fordi eg har problem med å sove nok, 2-3 timar i døgnet er for lite!
Var litt snufsete og tett i nasa på morgonkvisten og no er eg litt sår i halsen. Det er mange sykjer ute og går så det ville ikkje vere så rart om eg fekk eit snev av noko.
I dag har eg stort sett gjort to ting: tømt oppvaskmaskina  og fyrt i omnen. 
Eg har ikkje mykje å skrive om, så då sluttar eg her og går inn for å sjå nyheitene, har ikkje hatt på verken radio eller TV i dag.

Bok nr.6-2019: Aldri kome tilbake.



I går fekk eg denne boka frå Øystein. Eg blei glad då eg såg den! Eg er så glad i tynne bøker, med relativt stor skrift og korte sider. Dette er fordi eg likar aller best å lese bøkene i ein einaste jafs-ikkje legge bort og ta igjen og på den måten avbryte opplevinga.
Eg-forteljaren i boka  er to år yngre enn eg, fødd under andre verdskrigen. Det er nesten merkeleg at interessa for det som skjedde i krigsåra framleis er levande. Og Øystein er jo historikar. Her fortel han mellom anna og menn som blir borte-og kjem att, og dei som ikkje gjer det. Eg likar slike bøker der ein får ei samanhengande kronologisk forteljing som er lettfatteleg, som ein kan forstå og leve seg inn i. Eg synest boka var gripande. At den er lett å lese er ikkje noko minus. Takk for boka Øystein!
Eg begynte så vidt på boka i går kveld og las den ferdig på føremiddagen i dag.
Forlaget si omtale:
Brevroman om krig, kjærleik og svik. Ei ulukke tvingar den aldrande Daniel til å skrive eit brev til barnebarnet. Han leitar etter forklaringar på det opprivande som nettopp har skjedd. Forteljinga grip tilbake til byrjinga av den andre verdskrigen, då motstanden mot okkupantane for alvor tok til, og mennene som stod Daniel nærast, brått blei borte. «Aldri kome tilbake» er ein gammal manns forsøk på å nærme seg barnebarnet gjennom ei hudlaus skildring av eige liv, ikkje minst forholdet til kona Beate. Romanen tematiserer svik, skuld og behovet for å finne meining i det vonde. Men framfor alt skildrar romanen eit menneske som aldri sluttar å leite

lørdag, februar 09, 2019

Dagbok 2019: 9.februar

Klokka er no 19.00. Temperaturen ute er + 2 grader og det har vore ein fin dag-i alle fall sett innanfrå, ute har eg knapt nok vore. Lettskya, opplett og litt sol.
Føremiddagen gjekk med til matlaging og anna husarbeid, pluss avislesing og løysing av sudoku på siste sida av Møre-Nytt. 
Eg venta begge døtrene på besøk+ eit par barnebarn. Hadde ikkje så mykje spennande i hus så i dag vart det pølser og potetstappe til middag + is og kaffi etterpå. Det var liksom morsdagsfeiring, sidan det passar best for alle å besøke meg på kvardagar. Eg hadde sendt handleliste til Solveig på data, så no fekk eg supplert matlageret mitt. Og Margrete hadde kjøpt garn til genseren eg skal strikke til henne.
Dei hadde med seg blomster og andre gåver, litt av herlegheita ser de på bildet. Kruset var frå Solveig, og Margrete hadde kjøpt nokre fine brikker til å sette kaffikrus på-6 stk.- når ein flyttar seg rundt med koppen i handa slik mange, ikkje berre eg, har til vane. Elles var det blomster og diverse anna.
Kjekt å få gåver, men det aller kjekkaste er no å få besøk. Amanda ville snakke litt meir om særoppgåva, og Erlend vart utnytta til å skifte batteriet i den elektriske drillen min; det er ikkje alt MOR kan. Takk for besøk og fine gåver!
No har eg rydda på kjøkkenet og fylt oppvaskmaskina. Så blir det vel TV igjen. Kan ikkje begynne på Margrete sin genser i kveld, for då må eg konsentrere meg.

fredag, februar 08, 2019

Dagbok 2019: 8.februar


Dei store snødungane er snøen som var på altanen.

Solsenga klar til bruk.

Denne planten fekk eg av Tone då dei var her i konfirmasjonen til Erlend i mai. Dei raude blada er vel ikkje like raude som dei var, men planten er like fin.


Klokka er 16.50. Temperaturen er no + 4 grader, men eg meiner den var oppe i +8 tidlegare i dag. Det vart finare vêr enn eg venta, fekk sola inn i stova ei god stund.
Eg sov ikkje så altfor godt sist natt, og klokka 8 stod eg opp fordi eg verkte i kne og hofter. Ikkje før var eg komen i siget, så var eg heilt bra- hadde ikkje vondt nokon stad. Tok oska ut or omnen og gjorde ruta rein -før frokost. Etter at eg hadde ete kveikte eg i omnen.
Var nokså aktiv før middag, mykje av tida var eg aktiv på Facebook. Tok kontakt med Rasmus og han lada mobilen min. Han har det travelt, og søndag reiser han til Stuttgart for å vere der heilt til fredag. Han må lage klart opplegg til elevane sine før han reiser. Kva han skal i Stuttgart veit ikkje eg, men det har truleg med jobben å gjere.
Eg skrelte poteter til morgondagen-då får eg besøk av Solveig og Margrete m.fl. så eg må no ha litt mat til dei. Eg hadde nesten gløymt at eg hadde kjøpt ei stor sellerirot førre fredagen, så den renska eg i dag. Eg kjøper store sellerirøter, for då går det forholdsvis mindre til spille. Eg skrella den og skar opp i terningar som eg putta i plastpose og fraus. Brukar å ha slike i frysaren på kjøkkenet, så er det lettvint å ta ein neve og putte i brennsnuten. Eg hadde kjøpt persillerøter også, dei fekk samme behandling. Brukar også å behandle vårløk og purre på samme måten. Lettvint å ta att.
Brått vart eg så svolten og fekk lyst på pannekaker. Det er første gong i mitt liv at eg har laga pannekaker berre til meg sjølv, og eg laga dei litt små og tjukke på ei lita steikepanne. Dei vart altfor gode, og eg åt altfor mykje, så eg heldt på å sovne då eg sette meg ned.
Det var då eg vart streng med meg sjølv, og sa (på norsk) : "No har du fått i deg altfor mange kaloriar, no må du komme deg ut å bruke dei opp". Eg spratt opp og kom meg ut, greip snøspanen og spadde fram trillebåra som har lagt nedesnøa heile vinteren. Vidare vaspa eg i snø til knes ned under altanen, der eg spadde ein litt finare veg til Silje og meg. Så saga eg litt ved og laga finare veg opp att til tunet. Etterpå var eg ut og tok bilde. Og så var det inn å fyre opp i omnen for andre gong i dag.
Eg lurer på kva eg skal finne på å henge fingrane borti i kveld, maktar ikkje å sitte med hendene i fanget og sjå TV.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Denne helga er det morsdag- og snart er det Valentinsdag. Bra for butikkane i alle fall.

torsdag, februar 07, 2019

Dagbok 2019: 7.februar

Klokka er no 20.16, temperaturen er + 2 grader C og så vidt eg veit har det vore overskya , men opplett, i dag. Snøen smeltar om det ikkje går så fort.
I dag har eg vore ei tur til postkassa og ein tur i tilbygget og henta ved. Eg fyrer med ved så lenge eg har, så i dag har ikkje varmepumpa vore mykje på. Litt rot og litt arbeid med vedfyring, men så får eg det skikkelig varmt også. 
Hadde ikkje store planar for dagen, og når eg ikkje veit så mykje fornuftig å finne på, hender det at eg bakar brød. Det gjorde eg i dag. Brøda var ikkje ferdige før kl.15.30, så det vart litt lenge å vente på lunsjen. Dess betre smaka det med fersk brød. Solveig har gitt meg ein leveregel: " Vil ein ha ferskt brød, må ein ete det mens det er ferskt." Derfor skar eg begge skalkane av eine brødet og åt mens dei var varme. Så fraus eg resten, for eg har "gammalt" brød i boksen som må etast først. Eg kastar sjeldan brød - og i tilfelle er det til fuglane.
Elles har eg lese på spanskleksa. 1 kvarter "cada dia ", seier læraren (Eli). Eg les og eg forstår, men så er det å hugse alt, då.
Elles har eg strikka ferdig eit "reste-lestepar" -det vert mange garnrestar når eg strikkar, og når eg har brukt opp det meste av garnet utfordrar eg meg sjølv til å få noko ut av lestane. 3-4 små restar vart til eit par.
Har ikkje snakka med ei levande sjel i dag, men har chatta med fleire og snakka i telefonen med ei. Eg kjedar meg ikkje eit sekund, har alltid noko å styre med. No skal eg ned i kjelleren og slå av vaskemaskina.
Viss Marit skal nedover i morgon, blir eg med, viss ikkje klarer eg meg med det eg har. Laurdag kjem Margrete m.fleire.

onsdag, februar 06, 2019

Dagbok 2019: 6.februar. Samefolkets dag


Klokka er 18.20, temperaturen ute er + 3-4 grader C og det regnar litt. Det vart fort slutt på sol og finevêr. No håper eg berre det held seg mildt til snøen er meir og mindre borte, og vegane berre.

Dagen i dag var litt spesiell.
Vekkerklokka ringde klokka 6, då var eg alt vaken, og 6.10 ringde Margrete for å sjekke om eg var oppe. Eg likar å ha god tid når eg skal på noko, og i dag var det CT. Drosjen kom presis 8 eller litt før, eg hadde time på sjukehuset klokka 8.30, men kl.8.25 var eg ferdig med heile CT-undersøkinga. Dei tok bilde av begge knea; ettersom eg forsod var det artrose dei var på jakt etter, og får ein det- er det som regel i begge kne. Noko resultat fekk eg ikkje i dag. Så var det berre å vente på drosje igjen, og det tok si tid. Der var ein Herøydrosje som frakta meg i dag, og ikkje heim men til Bakk-Ola-marka, der eg kjøpte meg litt mat og kaffi før franskkurset som var frå 11-13.
Og etterpå det var det styremøte på same staden. Ein av dei andre  styret frakta meg heim. Då var eg rimeleg trøytt, sov ikkje så mange timar i natt, men eg plar seie at får eg to timar så fungerer eg. Etter at eg hadde ete meg eit ganske stort måltid, sovna eg ei lita stund i stolen. Elles har eg gjort lite og ingen ting i dag, berre fyrt i omnen og reinskrive spansk-notatane frå i dag. 
Det er ei veldig kjekk spansk-gruppa, mest damer, sjølvsagt, men også nokre menn. Somme har vore litt borti språket før. Marit og eg er dei to eldste, så vi reknar ikkje med å bli dei flinkaste i klassen. Eli er vand med å undervise barn, så ho legg det opp enkelt og lettfatteleg. No er det 8 leksjonar att.
I kveld trur eg det blir spøt og TV, driv og set i hop garnrestar til eit lestepar, for moro skuld. Vil ikkje begynne på noko stort, for laurdag kjem truleg Margrete med garn som eg skal forvandle til ein "islandsk" genser. Eg har garn liggande som eg skal strikke genser til meg sjølv av, men må ha ein farge til og litt meir for at det skal bli nok.Så det står på vent.

tirsdag, februar 05, 2019

Dagbok 2019: 5.februar

Klokka er no 17.20, temperaturen er minus 4 grader og det har vore ein nydeleg solrik dag. Ja, det vart nesten for varmt inne ei stund mens sola stod på. Eg har ein mistanke om at det skyar på litt no, men berre det ikkje kjem meir snø får vi ta det som det kjem.
I dag har eg gjort lite og nesten ingen ting. På føremiddagen shina eg opp kjøkkenet og rydda litt. Hadde ikkje "spøt" så eg las litt i ei bok. 
Marit kom på besøk etter at ho hadde vore på trening, det var liksom avtalt, men eg hadde ikkje somla meg til å lage noko. Men kaffi hadde eg no - og litt attåt. Vi prata om laust og fast, som vanleg, vi går aldri tome for stoff.
Eg var ned i tilbygget og saga litt, men så måtte eg berre finne fram noko garn og begynne på eit lestepar av restegarn. Likar å bruke opp garnrester, elles blir det for mykje å gøyme på. 
Har følt meg litt kvalm og uvel i dag, men trur ikkje det er så alvorleg. Kanskje er det berre TANKEN på å stå opp i 6-tida i morgon som plagar meg. Taxien kjem og hentar meg klokka 8. Eg er ikkje van med å ha så mykje på programmet, så eg blir vel litt skipla av slikt. Sjølve CT-undersøkelsen tenkjer eg ikkje på - men tenkjer litt på resultatet. Og så lurer eg på om eg rekk spanskkurset klokka 11.Eg kjem til å ta taxi til Bakk-Ola uansett. Denne kvelden går vel med til å vaske håret, finne fram klede, leite opp bøker etc. Det er no eigentleg fort gjort.
Alle bilda tok eg ca. 15.10.  Hadde sol i stova til kl. 16.10, men etter det gjekk det fort mot kveld, no er det snart mørkt. Eg plar sette på TV før Dagsnytt klokka 19.00.


Det tinar i "Utestova". Snart må eg vel olje golvet. Ser fram til å pynte opp med blomster og møblere litt meir.

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...