fredag, februar 08, 2019

Dagbok 2019: 8.februar


Dei store snødungane er snøen som var på altanen.

Solsenga klar til bruk.

Denne planten fekk eg av Tone då dei var her i konfirmasjonen til Erlend i mai. Dei raude blada er vel ikkje like raude som dei var, men planten er like fin.


Klokka er 16.50. Temperaturen er no + 4 grader, men eg meiner den var oppe i +8 tidlegare i dag. Det vart finare vêr enn eg venta, fekk sola inn i stova ei god stund.
Eg sov ikkje så altfor godt sist natt, og klokka 8 stod eg opp fordi eg verkte i kne og hofter. Ikkje før var eg komen i siget, så var eg heilt bra- hadde ikkje vondt nokon stad. Tok oska ut or omnen og gjorde ruta rein -før frokost. Etter at eg hadde ete kveikte eg i omnen.
Var nokså aktiv før middag, mykje av tida var eg aktiv på Facebook. Tok kontakt med Rasmus og han lada mobilen min. Han har det travelt, og søndag reiser han til Stuttgart for å vere der heilt til fredag. Han må lage klart opplegg til elevane sine før han reiser. Kva han skal i Stuttgart veit ikkje eg, men det har truleg med jobben å gjere.
Eg skrelte poteter til morgondagen-då får eg besøk av Solveig og Margrete m.fl. så eg må no ha litt mat til dei. Eg hadde nesten gløymt at eg hadde kjøpt ei stor sellerirot førre fredagen, så den renska eg i dag. Eg kjøper store sellerirøter, for då går det forholdsvis mindre til spille. Eg skrella den og skar opp i terningar som eg putta i plastpose og fraus. Brukar å ha slike i frysaren på kjøkkenet, så er det lettvint å ta ein neve og putte i brennsnuten. Eg hadde kjøpt persillerøter også, dei fekk samme behandling. Brukar også å behandle vårløk og purre på samme måten. Lettvint å ta att.
Brått vart eg så svolten og fekk lyst på pannekaker. Det er første gong i mitt liv at eg har laga pannekaker berre til meg sjølv, og eg laga dei litt små og tjukke på ei lita steikepanne. Dei vart altfor gode, og eg åt altfor mykje, så eg heldt på å sovne då eg sette meg ned.
Det var då eg vart streng med meg sjølv, og sa (på norsk) : "No har du fått i deg altfor mange kaloriar, no må du komme deg ut å bruke dei opp". Eg spratt opp og kom meg ut, greip snøspanen og spadde fram trillebåra som har lagt nedesnøa heile vinteren. Vidare vaspa eg i snø til knes ned under altanen, der eg spadde ein litt finare veg til Silje og meg. Så saga eg litt ved og laga finare veg opp att til tunet. Etterpå var eg ut og tok bilde. Og så var det inn å fyre opp i omnen for andre gong i dag.
Eg lurer på kva eg skal finne på å henge fingrane borti i kveld, maktar ikkje å sitte med hendene i fanget og sjå TV.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Denne helga er det morsdag- og snart er det Valentinsdag. Bra for butikkane i alle fall.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...