lørdag, april 30, 2016

Dagbok 2016: 30.april


Klokka er 19.10, temperaturen ute er 16,6 grader C, max temp i dag var ca + 20 grader. Det har vore lettskya og fint i heile dag, litt vind før middag.
Eg vakna opp med vondt både her og der, noko som eg på ingen måte likar.  No er eg faktisk heilt fin igjen.
Vi var litt seine før vi kom i siget i dag, men kom oss no nedover til slutt. Vi handla det vanlege:Mat og medisin. Og så kjøpte vi ei ny suppepanne. Vi har kassert ein av dei gamle kasserollane og hadde behov for ein ny-trur eg. Både Nils og eg er veldig opptekne av panner og kasserollar, men i dag skulle vi ikkje kjøpe dyrt. Men kva skjer? Vi går inn på Jernia og kjøper ei som både er dyr og av god kvalitet. 5 liter suppe er ein høveleg porsjon? Eg har tatt fleire bilde av den, men får ikkje lagt dei inn på dataen. Noko er det støtt med desse maskineria.
Nils kjøpte også 10 nye jordbærplantar som truleg vert planta i åkeren i lag med dei andre. Vi har hatt veldig dårlege jordbærår lenge no, men forstår ikkje kva vi gjer gale.
Då vi kom heim åt vi litt før vi sov middag på altanen, der var det varmt og godt i dag.
No held eg på å steike ei lita steik, men har ikkje steiketermometer som virkar, så det spørs korleis det går. Men har bruna saus sjølv, det er sjeldan eg gjer når vi er berre to.
I morgon skal vi til Volda viss Nils er i form til det. Han likar ikkje å sitte for lenge om gongen. Dei siste åra har vi "feira" 1.mai i Volda.
Sidan eg ikkje sa det i går ønsker eg alle god helg.
Bildet: Eg kom på at eg har MOBIL.

fredag, april 29, 2016

Dagbok 2016: 29.april


Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 13  grader C, det er skya, men opplett no.
I går hadde eg tenkt å bytte på sengane og lufte sengetøyet, men eg utsette det til i dag. Det var ikkje lurt! Då vi stod opp i dag var det både grått og regnfullt. Eg fekk likevel "tatt" soverommet, men luftinga måtte eg sløyfe.
Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, for hofta har plaga meg. Kanskje er det endringa i vêret som er årsaka? Gikt likar ikkje vått vêr-eller er det det den likar -eigentleg?
Nils hadde bestilt time hos frisørdama si i dag, bildet under er frå i går kveld, no er han nyklipt. Mens han var vekke laga eg middag; i dag var det laks med pesto, spaghetti og wok-grønsaker. Det var godt !
No har eg vore ut på altanen og sett på den nye utsikta, likar å sjå heilt ned på fjorden, men når det kjem lauv på trea vert mykje av "utsikta" vår borte. Naboen vår og eg er samde om at vi "elskar" lyden av motorsag !
Elles er det fryktelig trist med helikopterulykka-det er mange som har det vondt i kveld.


torsdag, april 28, 2016

Dagbok 2016: 28.april


Klokka er ca 18.45. Temperaturen er + 12,5  grader C, max temp i dag var + 16 grader. Det har vore lettskya og fint.
I dag hadde vi oss ein runde for å handle f.m. Mellom anna var vi på El-kjøp og hamstra kaffi.
Då vi kom heim laga eg ein lettvint middag av ein boks Trondheims Sodd+ diverse grønnsaker m.m. Såkalla spikersuppe.
Etterpå la eg meg ut på altanen ei stund på solsenga -det var fint og varmt.
Etter at vi hadde drukke kaffi skulle eg ut og rake litt, men så blei det så interessant borte hos naboane. Dei skulle felle ei bjørk, som skygga både for dei og oss. Det gjekk heilt fint å felle den. Fint å få den vekk før lauvet kjem. Eg skulle ta bilde av hendinga, som vanleg, men der var kamera tomt for straum, og eg måtte vere snar. Tok minnebrikka frå kamera og sette det inn i eit anna fotoapparat. Bilda vart ikkje gode, men betre enn ingen ting.

onsdag, april 27, 2016

Dagbok 2016: 27.april

Klokka  er snart 13, og vi skal ha middag om ei lita stund. Temperaturen ute er + 12 grader og no ser eg to små skyer, dei første i dag. Eg har jobba inne heile føremiddagen, men etter middag skal vi ut, då er temperaturen  meir behagelig.
Det første eg gjorde i dag var å lage ein porsjon fiskekaker i foodprosessoren-dei skal vi ete i dag. Så vaska eg rundt på kjøkken og bad, vaska golva og støvsuga gangane m.a. Det må no vere bra for alderen? Min alder altså. Eg tek tusen bilde frå altanen kvart år, men no før det kjem lauv på trea ser vi så fint ned på sjøen, og på dette bildet greidde eg å unngå den tjukke ledningen som går over tomta. Synest vi har ganske fin utsikt, sjølv om den ikkje kan måle seg med utsikta over Volda der eg var i går. Det kjekkaste med det fine vêret er at alle naboane kjem ut-og då har vi mange å snakke med.
Seinare:
Klokka er snart 19.00 og sola skin framleis. Temperaturen er + 11 grader C. Etter middag la eg meg ut på solsenga, sov og las eit par timar.
No har vi vore ein tur på Rjåneset, Nils har ausa båten og eg har tatt bilde. Dei hadde fiksa så fint stigen no,og lagt ny asfalt, så det er fint å ferdast der både med rullestol og barnevogn, for dei som det har. Elles reknar eg med at bilda talar for seg.
Heime att, køyrde vi "feil" veg i Starevegen for å sjekke byggeaktiviteten i gata. Og så fekk vi lagt hønsegjødsel nedanfor garasjen i håp om at kattane held seg vekke.







tirsdag, april 26, 2016

Dagbok 2016: 26.april

Klokka er snart halv åtte, temperaturen er + 8,7 grader C og det er nydeleg sol ute.
Vêret har for så vidt vore fint i heile dag, utan at eg har vore særleg mykje ute. Føremiddagen var det lite om, eg måtte ein liten tur på butikken og så måtte eg "pynte" meg til eg skulle til Volda. Ragnhild henta meg klokka 12 og så plukka vi opp Astrid på vegen. Det var kjekt å treffe Tone, det er lenge sidan sist eg såg henne. Vi hadde ei koseleg stund i leilegheita hennar med utsikt over heile Volda.
Då eg kom heim att kunne Nils fortelle at han hadde vore på tur i lag med Torbjørn opp til Raudehytta - kjekt at vi kan ha det kjekt kvar for oss også, Nils og eg.
Sidan eg likevel var påkledd foreslo eg at vi kunne fare og kjøpe gjødsel. Har tenkt å prøve med hønsegjødsel nedanfor garasjen - for å jage vekk kattane. No har eg fylt på med kaffigrut i søkk og kav utan at det har hjelpt. Ikkje før har eg glatta til og gøymt frøa, så er kattane der og grev store holer i den lause molda. Vi fekk ikkje hønsegjødsel på EIK -senteret, så vi måtte heilt bort på Felleskjøpet i Furene.Dei har ein flott butikk der no. Kalksalpeter kjøpte vi på Eiksenteret-det skal vi ha på plenane.
Ja, no ser det ut til at våren kjem, og eg ser fram til å få vere meir ute.

mandag, april 25, 2016

Bok nr.28 - 2016: Der fire veier møtes.

         Der fire veier møtes - Tommi Kinnunen Turid Farbregd

Fra første linje i sin fenomenalt flotte debut griper finske Tommi Kinnunen leserne sine akkurat der hvor huden er tynnest ... Det er eminent godt gjort og befriende blottet for overfortolkninger eller unnskyldninger.
Christian Møgeltoft, Jyllands-Posten Terningkast 6

I ei lita bygd i det nordlige Finland skiller den unge jordmora Maria seg ut og blir gjenstand for folkesnakk. Hun er selvstendig, forsørger seg selv, og får datteren Lahja utenfor ekteskap. Også datteren Lahja får et barn utenfor ekteskap. Der fire veier møtes er allerede en kritiker- og leserfavoritt i hjemlandet Finland, og også her i landet får boka flotte anmeldelser. Tommi Kinnunen er en nytt forfatternavn å merke seg. Les mer
......................................................................
Las siste resten av boka på senga mandags kvelden. Men akk! Siste sporet på siste plata mangla. Heldigvis har eg platene i hus enno, så i dag prøvde eg å rippe plata om att-men nei! siste sporet ville ikkje med.I ngen fare med meg, for eg har ein oppegåande Walkman, så eg fekk med meg slutten. Verre er det for Solveig. Men det må seiast at det ikkje var noko overraskane som skjedde dei siste par minutta.
Eg likte veldig godt å lese denne boka, ikkje minst fordi den var så annleis enn det eg vanlegvis les. Hendinga tek til i 1904- og sluttar rundt 1990. Det handlar om jordmora Maria og etterkomarane hennar, men det er inga kronologisk og samanhengande forteljing. Det er lausrivne forteljingar frå ulike år. Det blir litt innvikla å forklare, men les boka sjølv. De vil ikkje angre! Den har fått både terningkast 6 og 5. Eg er litt forsiktig og satsar på 5-aren.
Eg trur bestemt at eg kjem til å lese denne boka om att- trur eg vil få meir ut av den når eg ikkje er så oppteken med "Å sjå kor det går".

Dagbok 2016: 25.april

Klokka nærmar seg 21.00. Temperaturen er + 6 grader C. Det har vore ein fin dag med mykje sol, men ingen varme. Nils var ute og gjekk ein liten tur f.m. men eg mosjonerte med støvsugaren inne. I dag tok eg fram de to relativt tunge sofaane og let dei byte plass, det er det eg kallar ommøblering.
Nils er redd han skal miste muskelkraft når han er så roleg, så no har eg lånt han manualane mine. Dei er pent brukt for å å seie det mildt. Så no kan han få trimme pilkemusklane mens han sit i reclineren.
Dagen i dag har gått veldig fort unna utan at altfor mykje er blitt gjort. I dag laga vi middag heime, spaghetti med bacon og tomatpure. Litt anna kosthald no når vi ikkje har så mykje fisk.
Nils har snakka mykje i telefonen i dag, eg har hatt berre ein samtale. I morgon skal to andre og eg besøke veninne nummer fire i Volda. Det har ikkje vore så mange veninnetreff i det siste.
No skin sola så fint i Melsbygda, der vi budde før, mens vi er i skuggen.
No skal eg lese ferdig boka mi, held på med siste plata.

I dag fyller svigerdottera vår 50 år, då er det berre Margrete som ikkje har kryssa den milepelen av barn og svigerbarn. Men 50-åringane er ungdommar i vår tid. Eg har veldig få bilde av Wenche, så eg har ikkje funne noko som høver å sette inn her.
Vi håper ho har hatt ein fin dag.

søndag, april 24, 2016

Dagbok 2016: 24.april.


Klokka har passert 19.00. Temperaturen er + 10 grader, men det verkar nokså kaldt ute.
Før middag i dag gjekk eg berre rundt og smårydda litt, las litt etc. Men søndag skal ver vere kviledag? Så då er det greitt.
Nils fekk lyst på kinamat i dag, men vi måtte vente til klokka 14.00, det er då dei opnar. Vi fekk herleg mat med mykje god smak , noko som vi begge likar. Vi reiste rett heim etterpå, og eg fekk så vidt redda gardinene som har hange på snora i nesten ei veke, før det kom ei gedigen snøbyge. Snøen forsvann etter kvart, og takk for det.
Den fine blomsterkorga eg fekk med Margrete til bursdagen står like fin enno, til tross for at den har stått ute både i regn og snø, men eg har tatt den inn dei fleste nettene. Sist natt var det minusgrader.
Vi hadde ein rest att av geburtsdagskaka mi, den gjekk med til kaffien i dag, det var faktisk på høg tid at den kom opp frå frysaren.
Etter kaffimåltiden har Nils sett TV og eg har lese i den finske boka eg begynte på i går. Eg les den sjølvsagt i norsk omsetjing. Likar språket, som er litt radikalt bokmål, med a-endingar og diftongar , som til dømes stein og bein i staden for sten og ben.Og så handlar den om sterke kvinner! Eg likar å lese boka fordi den er så annleis enn det eg vanlegvis les. Bokmelding kjem seinare.


lørdag, april 23, 2016

Dagbok 2016: 23.april

Morgon.

Klokka er 19.30, temperaturen er + 5 grader. Då vi stod opp i dag hadde det kome ganske mykje snø, no er mesteparten av snøen borte og sola skin, meir og mindre. Håpar på meir sol og varme. Vi har vore heime i heile dag, men no i kveldinga var vi ein liten tur ned på Kiwi og handla litt mat. Mykje av godbitane eg kjøpte i går er gått med-og godt er det.
I dag før middag baka eg brød, hadde noko melk som var ute på dato, så i dag har eg i alle fall gjort noko. Har også lese ut boka mi, festa trådar på eit lestepar og begynt på eit nytt etc.etc. Nils har vore bra i dag også, men tok ein tablett før middag. Apropos middag så har vi ikkje hatt middag enno-åt ein veldig sein lunsj.Vi får sjå kva som skjer utover kvelden.
Kjenner i skuldra mi at eg må begrense strikkinga mi - ei stund i alle fall.
I dag har Bodil bursdag, vi kunne reist bortover om vi ville, men lyt ta litt omsyn til dagsforma til Nils.

Kveld.

fredag, april 22, 2016

Bok nr.27 - 2016: Mysterieavenyen

 Mysterieavenyen
                                                                                          
Mysterieavenyen er en fargerik fortelling, som gjennom et halvt århundre, på tvers av kontinenter, beretter om en manns dramatiske liv.
Juan Diego vokser opp i slummen i Mexico, og etter en turbulent barndom blir han bortadoptert til USA. Der utdanner han seg til lærer og blir etter hvert en suksessrik forfatter.
I boken møter vi en aldrende Juan Diego på reise ut i verden. Med seg i bagasjen er drømmene og minnene hans; om de fattige foreldrene og søsteren Lupe.
Mysterieavenyen sprudler av John Irvings fortellerglede, med hans skakke og eksentriske persongalleri og skildringer, der han våger å ta velkjente elementer inn i ukjent landskap.
John Irving er en av våre mest anerkjente og elskede forfattere, med sterke romaner som Garps bok og I en og samme person bak seg. Med utgivelser i mer en 35 land er han blitt en internasjonal bestselgende forfatter. Mysterieavenyen er hans fjortende roman.
............................................................
Det er mykje å lese om denne romanen på nettet, men eg valde ein tilfeldig omtale som ikkje var for lang.
No har eg klart å komme meg gjennom denne "tjukke" boka, men å anmelde den vil eg ikkje gi meg ut på. John Irving er ein fantastisk forteljar, og fortel fantastiske historier. Med det meiner eg at ein ikkje kan vere sikre på om han fortel sanninga eller berre fantaserer-eller begge deler. Det kan eg like. Sjølv om forteljingane hoppar i tid og rom hadde eg ingen problem med å hoppe med, boka er lettlesen. Men det er ei stemme inne i meg som spør om eg har fått med meg alt, fått med meg bodskapen. Kjem nok til å tenke på det nokre dagar. Eg likte boka.

Dagbok 2016: 22.april


Klokka har passert 21.00. Ute snøar det, og temperaturen er + 4 grader C. Vi vakna til ganske kvite marker i dag, men vegane var berre. Snøen smelta etter kvart, men no er det på an igjen.
Vi har hatt ein bra dag i dag, Nils har vore i bra form, så vi har til og med ete middag.
Før middag var vi ein tur på Amfi; Nils sat og prata med folk i kafeen mens eg handla. Eg prøvde å plukke med meg noko som kunne friste pasienten, men til middag hadde vi pølser som planlagt. Etter pausen sette eg meg inn på rommet mitt og strikka mens eg høyrde lydbok på datamaskina. No har eg berre vel ei plate att av "Mysterieavenyen"-som er på 16 plater. Så har eg ei enda lengre bok liggande, men til alt hell fekk eg melding frå biblio om ei anna bok som dei hadde lagt til sides til meg. Trur eg tek den først, den er på 6 plater. Og så er den finsk. LIkar å lese bøker frå ulike land.
Mens eg sat der med strikketøy og bok, ringde det på døra, og det var Solveig som kom på besøk og ville sjå med eigne auge korleis det stod til. Eg trur ho vart litt letta då ho såg at Nils var så bra.
No vil eg berre ønske alle ei god helg!

torsdag, april 21, 2016

Dagbok 2016: 21.april


Klokka er 19.00, temperaturen ute er +7 grader C, og det er framleis grått og vått. Men det er sjanse for at det også kan kome noko kvitt frå  skyene.
Denne dagen har eg gjort så å seie ingen ting.
Nils hadde avtale med ein annan lege i dag - ikkje fastlegen- klokka 11.00. Han forklarte problema sine, og ho skulle kontakte Åse sjukehus og snakke med legen som Nils  har der. Ho skulle ringe heim til oss etterpå. Då vart vi sittande og vente på det.  Då ho ringde vart vi beroliga, for det er vanleg med slike biverknader. Då vi var på Åse til samtale, sa dei at der ikkje var biverknader med denne behandlinga. Nils tok ein "kvalmetablett" i dag tidleg og har vore bra sidan. I dag har han fått i seg både mat og drikke, så no føler vi oss betre  - begge to.
Eg hadde kjøpt inn altfor mykje lettrømme som stod og vart for gammal, så eg prøvde å lage rømmegraut av den. Den blei ikkje som vanleg rømmegraut, for den skaut ikkje feitt, men det var eg budd på. Trudde ikkje denne retten var noko for kvalme folk, men Nils åt av den-han også. den smakte ganske bra.
Eg har strikka litt og lese i boka mi, men det har stort sett vore ein veldig tam dag. Eg presterte å somne på sofaen etter grauten.
Heldigvis avgjorde kommunestyret i Ørsta at den nye idrettshallen skal byggast på utstillingsplassen, noko som eg klappar for. Veit litt om korleis det er å vandre med ein flokk ungar frå barneskulen til ungdomsskulen for å ha gym - og no hadde dei tenkt å gjere vegen enda lenger.  Opprøret kom frå "grasrota" dvs. elevar og lærarar på barne-og ungdomsskulen. Vedtaket var einstemmig, så ein kvan må ha skifta meining sidan sist saka var oppe.
Det har vore lite bilde på bloggen i det siste, men det har heller ikkje vore mykjeå ta bilde av.

onsdag, april 20, 2016

Dagbok 2016: 20.april

Klokka er 18.30, temperaturen er + 8 grader, det er overskya og regn innimellom. Surt, kaldt og vått med andre ord.
No har vi nettopp vore ein tur nedover; eg var innom apoteket og henta nokre tablettar som legen har skrive ut til Nils-for kvalme. Verken i går eller i dag har han fått i seg særleg mykje mat, det er no ein ting, verre at han ikkje har fått i seg nok drikke. Han skal eigentleg drikke mykje med den behandlinga han har. Han skal ned på legesenteret i morgon, i dag har han berre snakka med legen i telefonen. Nils ringde tidleg på føremiddagen, men legen ringde ikkje opp att før etter arbeidstid. Lukka er at han ikkje har vondt nokon stad. I dag har han lege nesten heile dagen. Betre det enn å sitte og sløve i ein stol.
Sidan han låg i senga fekk eg støvsuge og rydde på stova, så no er eg ferdig med "vekeprogrammet". Elles har eg lese og strikka, vaska håret etc. Har vaka gardinene og hengt ut, men kva tid eg kan ta dei inn att er eit ope spørsmål.
Det er ikkje så mykje å skrive om slik saka er no, vi ventar på betre og meir aktive dagar.

tirsdag, april 19, 2016

Dagbok 2016: 18.april

Klokka er snart 19.00. Temperaturen er ca +11 grader. No er det opplett ute etter at det har regna nokså samanhengande i to dagar. Eg hadde ein klesvask som var tørr på sundag, utan at eg tok den inn. No fekk eg endeleg kleda på plass.( Dei hang under tak). I dag har eg vaska vintergardinene og hnegt ut nokre av lengdene.
Ja, det er ikkje mykje som skjer slike dagar,eg har vaska bad og kjøkken, det er stort sett alt.
Nils er kvalm og utan appetitt, så matlaging er det ikkje mykje av, eg et sjølvsagt, men ikkje noko avansert. No har han kontakta legen og så håper vi han får tablettar som hjelper for kvalmen. Når han er daff blir eg det også, eg har for det meste site og strikka og lese. Håper på hagevêr så eg kjem meg ut litt. Graset veks i dette vêret, men det blir no ei stund til vi treng å klippe plenen.

mandag, april 18, 2016

Dagbok 2016: 18.april

Klokka er 21.00, temperaturen ute er + 6 grader C, og det regnar. Det har det gjort i heile dag, men i morgon er det meldt betre vêr.
I dag før middag hengde eg opp sommargardinene på stova. Eigentleg likar eg best dei kvite "vintergardinene"-men forandring fryder uansett. Elles er det alltid litt å gjere i huset. 
Vi var ein tur nedover; eg skulle hente ei bok på biblio, og vi trong ein del mat. Blant anna måtte eg nytte rabattlappane på Coop. Trefte eit par veninner frå pensjonistlaget som eg prata med.
Til middag åt vi opp resten av suppa frå i går, og så vart det pause på sofaen.
Etter pausen shina eg opp kjøkkenet, det gjer eg ein gong i veka-eg har eit "vekeprogram" som eg går gjennon kvar veke, det er slutt på å gjere alt på ein dag som i gamle dagar.
Så rippa eg boka eg lånte i dag, den heiter "Den første sten" og har vore mykje omtalt. Det er ei dansk bok som handlar om krigen i Afghanistan. Boka har fått terningkast 6. Eg har lagt den inn på minnepenn til Solveig, Margrete fekk låne same boka i Volda i dag. Boka er på 18 CD-plater, og den eg held på med no er også lang, så det blir ei stund før eg får lese den.
Nils likar å sjå fotball på tidleg kveldstid, så då sit eg og strikkar og les.Har kjøpt meg litt garn på tilbod i dag, så eg får brukt opp garnrestane mine.
Men no lengtar vi etter betre vêr så vi kan få vere meir ute.

søndag, april 17, 2016

Dagbok 2016: 17.april

Klokka er 18.00. Temperaturen ute er +11 grader, men det er overskya, så det verkar kaldt. Eg har ikkje vore lenger enn ut på altanen. Vi har halde oss inne både i går og i dag. No har eg abstinens fordi eg ikkje har meir lestegarn, dvs. eg har litt restar av det mangefarga garnet, men eg må ha noko å supplere med. Det var så lett å strikke med det garnet, passe tjukt og glatt. Eg strikka ferdig det sjette lesteparet i dag og festa trådane.
Forutan å strikke og lese ferdig boka mi, har eg lese korrektur på avisinnlegget mitt og sendt det til redaksjonen. Det vart ca 820 ord denne gongen, men eg kunne ikkje korte inn meir. Det er to mnd. sidan sist eg skreiv, så det blir ein del orientering i tillegg til møtereferatet.
Nils har hatt dårleg appetitt i det siste, men i dag fekk han lyst på ertersuppe, så den mekka vi i fellesskap av slikt vi "fann" i frysar og kjøleskap. Trur ikkje vi hadde svolte i hel med det første om dei stengde butikkane nokre dagar. Suppa gjekk ned på høgkant
Det skjer ikkje all verda når vi går her og sosar, men eg kan no fortelje at naboane er blitt besteforeldre igjen. Sol Emilie har fått ei søster.
No har eg så vidt begynt på boka Mysterieavenyen av John Irving. Ser fram til å lese noko anna enn krim. Fekk melding frå biblio om at dei har lagt til side enda ei bok til meg.

Bok nr.26 - 2016: Merket for livet.

Merket for livet av Emelie Schepp (Lydbok-CD)
Jana Berzelius er en vellykket jurist. Men hun husker ingenting fra sin barndom. Og hva betyr den tatoveringen hun har i nakken? Når fikk hun den? 
Sommeren 1991 våkner den ni år gamle Jana Berzelius opp på et sykehus. Hun husker ikke hvem hun er, eller hvor hun kommer fra. 
Tjueen år senere er Jana en vellykket jurist og arbeider som statsadvokat. Sammen med politiet skal hun etterforske drapet på avdelingslederen for Migrationsverket, Hans Juhlén. På drapsstedet finner de flere fingeravtrykk som er så små at de må tilhøre et barn. Etterforskningen tar en uventet vending da det dukker opp et nytt lik, denne gangen en ung gutt. Jo mer Jana graver i guttens bakgrunn, desto nærmere kommer hun sannheten om sin egen fortid. 

«Merket for livet» er Emelis Schepps første bok i serien om Jana Berzelius.
...............................................................................
Når gale skal vere - at det er enda ein serie- så er det no godt å lese den første boka først. Om det blir fleire står att å sjå.
Det blir skrive veldig mykje krim har eg inntrykk av, og det er desse bøkene som kjem først i lydbokformat. No har eg lese fleire krimbøker på rad, og det som slår meg at denne sjangeren utviklar seg til å bli stadig meir brutal og grotesk;  det er ikkje grenser for kva forfattarane kokar i hop. Og så denne evige sporinga via nett og telefon ! Den boka eg har lese no merker seg ut med å ha ein hovudperson litt utom det vanlege. Juristen Jana balanserer heile tida på kanten av lova -eller vel så det. Lesaren får eit innblikk i barndommen hennar, men dei ho jobbar i lag med er uvitande. Kanskje ho røper seg i neste bok ? Denne boka er til dels spennande, men for meg blir det for mange mord og drap.





lørdag, april 16, 2016

Dagbok 2016: 16.april

Scilla

Scilla sibirica

Klokka er 18.30. Temperaturen er + 12 grader C. No lysnar det ute, etter at det har vore nokså grått hittil i dag.
Etter ei relativt travel veke, har vi flata ut i dag. Nils er ikkje heilt i strøk, og då blir også eg litt daff. Men eg fekk no kladda referatet mitt før middag. Eg har som mål å halde meg rundt 700 ord, men denne gongen sprakk opplegget for det var så mykje som måtte med. Det er jo nesten to månader sidan sist eg skreiv, så eg håper dei finn plass i avisa.
Til middag leita vi opp nokre restar. Det er ikkje alt Nils har lyst på, så han må bestemme. Eg et rått og rote, så meg er det ikkje farleg med. Utpå dagen kvikna vi til. Eg har vaska og hengt ut klesvask og no har eg site og strikka og høyrt lydbok, mens Nils ser fotball på TV. Eg gløymde å ønske alle god helg i går; går litt surr i dagane, men så kan eg gjere det i dag: God helg!

fredag, april 15, 2016

Dagbok 2016: 15.april



Klokka er 18.45 og vi er nyss komne heim frå pensjonistmøtet. Temperaturen ute er + 9 grader og det er overskya. I løpet av dagen har det både snødd og regna.
Vi for nedover nokså tidleg i dag, henta songbøker m.m. på Bakk-Ola, og var på Amfi og handla før vi møtte på Kulturhuset til fastsett tid. Men så var der nokre som hadde stilt opp ekstra tidleg, så det var ikkje mykje arbeid som stod att.
Dermed fekk vi tid å lage oss middag. Kjøtkaker frå Gilde i saus frå Toro vart det i dag. Kjøtkakene var forresten gode. Vi fekk også tid til ein liten pause før vi reiste ned att i !5.30 tida. I dag hadde vi eit fantastisk flott program på møtet. 
Gunnar Wangen, ein lokal naturfotograf, viste nydelige bilde på storskjerm mens Jorun Marie Kvernberg spelte og song musikk som harmonerte med bilda. Ho er  profesjonell musikar, med folkemusikk som spesialområde. Ho har besøkt oss i pensjonistlaget før. Det var ei fantastisk oppleving.
Vi kom relativt tidleg heim att, og så blir det vel TV resten av kvelden. Litt rart å ha møte på ein fredagskveld, men så slepp eg å stresse med referatet-har heile helga på meg.
Jorunn Marie Kvernberg


I dag fyller barnebarnet Eirik 19 år. Vi gratulerer og håper at han frisknar til etter kvart.

torsdag, april 14, 2016

Dagbok 2016: 14.april

Klokka er snart halv ni, temperaturen er + 6 grader og i dag har det vore overskya, stort sett. Dvs. tidleg på morgonen var det fint, og det hadde frose på bilrutene om natta.
Vi hadde sett vekkerklokka på 6.30 i dag sidan vi skulle ta bussen som går frå Volda klokka 8.00. Sjølvsagt vakna vi før og stod opp.
Eg brukar å smørje meg inn med ein spesiell hudkrem i ansiktet. Huda mi toler den godt, men eg bør ikkje få den i augene. Akkurat det skjedde i dag! Tårene sila og sila og augene sveid. Eg prøvde med augedropar utan at det hjelpte, så eg måtte til slutt ta ein allergitablett. Etterkvart gav det seg, men eg såg ikkje ut! Derfor fann eg fram nokre solbriller med styrke som eg skjulte meg bak.
Det er veldig greitt for pensjonistar å reise med buss til sjukehuset, billeg er det også, og ein slepp å syte for noko. Eg heldt på å somne på turen, for ein blir trøtt av allergitablettar. Eg måtte tenke på alle som er plaga med med allergi, ikkje rart dei blir slitne.
Vi landa på kreft-poliklinikken, der dei som vanleg serverte kaffi og vaflar til alle som ville ha. Eg var ikkje svolten, men Nils både åt og drakk. Nils vart henta av ein sjukepleiar, og det var ho som styrte med behandlinga. Han fekk intravenøst saltvatn som var tilsett radioaktivt stoff. Eg vart kalla inn til orientering, det er ymse å ta omsyn til når det gjeld radioaktivitet. Eg kunne også få mat om eg ville. Utruleg god sørvis og hyggelege folk.
Då vi kom heim åt vi brødskiver og drakk kaffi. Men no i kveld ville Nils ha noko som likna på middag, det blei ein slags "Pasta carbonara".
Har fått tid til å strikke litt i dag også. I morgon er det pensjonistmøte, så då går mesteparten av dagen med.

onsdag, april 13, 2016

Dagbok 2016: 13.april

Klokka har passert 18.30, temperaturen er + 9 grader C og vi har hatt ein nydelig dag med sol frå klår himmel. Men sommar er det ikkje, for nordavinden er kald om dagen, og om natta frys det på. Det er heller ikkje særleg vokstervêr, men det er enno tidleg vår. 
I dag før middag mens eg vaska og styra inne gjorde Nils klar fòra og sådde sukkererter.Vi har brukt same hesa i mange år, men han grev bort molda og legg på ny kvart år.
Til middag hadde vi steikt sei, som vi har fått av kamerat Kjell, vi er framleis meir glade i fisk enn anna mat.
Etter middag sov vi middag på altanen, brøydde oss nede med teppe og dyner etc. så vi fraus ikkje. Fekk no sol i ansiktet om ikkje anna.Eg las ut siste resten på boka mi, og begynte på ei ny, men kva den handla om oppfatta eg lite av.
Etter ein kaffikopp gjekk eg ut og shina opp jordbæråkeren, fjerna visne blad etc. Det røynde på ryggen mens det stod på, men trur ikkje eg får varig mein. 
Nils rydda litt her og der, blant anna i garasjen. Så no kan vi slappe av med godt samvit. I morgon må vi tidleg opp, for vi skal ta 8-bussen til Åse sjukehus, der Nils skal begynne på behandlinga.



tirsdag, april 12, 2016

Bok nr.25 - 2016: Ikke bestått

.Ikke bestått
En realitykjendis blir funnet drept i en nedlagt skole, skutt i hodet med slaktepistol.
Han sitter fastbundet til stolen i et klasserom, med ansiktet inn mot hjørnet og en skammekrokhatt på hodet. Et omfattende spørreskjema er festet på ryggen med stiftepistol. Prøven tester allmennkunnskap, og den drepte har tydeligvis ikke klart kravene. Det første offeret følges av flere, alle er mediekjendiser.
«Ikke bestått» er femte lydbok i serien om den sexmisbrukende og traumatiserte kriminalpsykologen og profileringseksperten Sebastian Bergman. Denne gang blir han og kollegaene fra Rikspolitikommisjonen stilt overfor en kompleks og avansert seriemorder som til slutt truer hele teamets eksistens.
..............................................................
Det var avslappande og kjekt å begynne på denne boka. Handlinga er kronologisk, ingen parallelle historier og ikkje hopping i tid og stad. Dessutan "kjenner" eg Sebastian Bergmann både frå TV og bøker.
Men så er det sjølve historia, som eg synest er heilt på jordet. Ja, den mordaren er ikkje mykje truverdig. Og så skal vi gjennom kjærleikshistoriene til alle på politikontoret! Og ikkje minst handlar det om Sebastian og dottera Vanja.
Eg brukar å seie at krimhistorier skal vere fokuserte-det er ikkje denne. Denne boka gav meg lite og ingen ting.

Dagbok 2016: 12.april

Klokka er ca 18.30. Temperaturen er +13 grader og det er lettskya  og fint. Det vart meir sol enn vi forventa i dag. Likevel har vi ikkje vore så mykje ute. Eg hadde frisørtime klokka 11.00-13. Før frisøren fekk eg shina opp kjøkkenet om ikkje anna. Etter frisørtimen var vi ein tur bort på sportsbutikken, der eg kjøpte meg nye joggesko. Ikkje fordi eg har tenkt å jogge, men eg må ha sko som er ekstremt gode å gå i, og som har plass til tjukke lestar. Mange på min alder brukar joggesko til vanleg, dagleg bruk. Dei var ikkje billege for å seie det forsiktig. Eg har brukt ekstremt mykje pengar i det siste.
Middag hadde vi klart, resten av fiskegratengen frå sundag, varma i mikroen. Etterpå somna vi, eg på sofaen, Nils i reclineren. Etter at vi hadde drukke kaffi sette eg i gang klesvask og oppvask.
Som de ser er samanplantinga eg fekk til bursdagen like fin enno. Liljene er avblomstra, men skal plantast ut seinare. Korga eg fekk av Margrete står like fin, men eg tek den inn om natta, for det frys somme netter.
I dag er det 20 år sidan Åse opna frisørsalongen sin, og eg har vore kunde frå dag ein, eller rettare sagt var eg kunde frå salongen der ho jobba før. I anledning dagen fekk eg gave.
Vi fekk oss ei lita stund på altanen før det vart for kaldt.Nils test ut den nye campingsenga.
I dag fyller systra til Nils 81 år.I fjor var vi i Solund og feira henne. Mora hadde bursdag same dagen-ho var fødd i 1909.



mandag, april 11, 2016

Dagbok 2016: 11.april

Klokka er snart 19.00. Temperaturen er + 13 grader C, det er lettskya og fint vêr. Max temp i dag var + 16 grader, men sola har ikkje vore framme anna enn i korte periodar.
Nils skulle på legesenteret og ta diverse prøvar i dag, og eg sette i gang med å støvsuge grundig på stova, det er så kjekt med den nye støvsugaren!
Etterpå skulle vi på ein liten handlerunde. Først på Skeidar der vi skulle ha ein ny taklampe på WC. Vi hadde sett oss ut ein lampe på nettet, og dei hadde lampen, men berre ein og den skulle dei ha til utstilling, så det vart å bestille....... Typisk. Vi ville ha  ei ny solseng, men no er det store terrassemøblement som gjeld, og det vil vi ikkje ha. Så kom eg på at på Coop Byggmix i Volda har dei litt av kvart, så då for vi dit. Og der hadde dei både stolar og senger. Vi kjøpte ei såkalla campingseng og to samanleggbare stolar. Nils har prøvd senga i dag.
Vi var også innom Vegstasjonen i nærleiken av Skeidar. Nils har gått og venta på rekning for årsavgifta på bilen, og no ville han høyre med dei kva det hadde seg at han ikkje hadde fått den. Då fekk han vite at årsavgifta var betalt, dei fann det på nettet. Den var betalt gjennom banken. Nils har ikkje avtalegiro på denne utgifta. Då vi kom heim fann vi ut at pengane hadde gått ut frå min konto på forfallsdagen. Eg har ikkje noka avtale om at eg skal betale avgifta, men det var eg som betalte den over min nettbank i fjor. Kan dei ha gått inn på min konto og tatt ut pengane utan "lov" ? Nils er heilt sikker på at han ikkje har fått giro i år.(Eg er aldri sikker på noko, særleg ikkje når det gjeld pengar).
Så fann vi ut at det var på tide å ete lunsj, så vi gjekk ned mot Kina-restauranten. Der var det nye opningstider: Mandag: Stengt. Ja, ja.
Vi handla litt på Amfi, og då vi kom heim mekka eg i hop ei suppe av diverse som eg fann - såpass det vart middag i ein fart. Så blei det pause på sofaen, kaffi, og ein lien prat med diverse naboar som er ute i hagane sine.
I morgon skal eg til frisør-det trengst, for å seie det pent.

søndag, april 10, 2016

Dagbok 2016: 10.april

Klokka er 18.20, temperaturen + 11 grader C og det har ikkje vore ei sky på himmelen i heile dag. Kom inn att frå altanen klokka 18.00, då hadde eg lege på solseng sidan klokka 14.00, berre med ein halvtimes kaffipause inne. Får no ikkje sola anna enn ansiktet, og med så mange faktorar som det er i ansiktskremen min, blir eg vel ikkje brun uansett.
Det var kjekt å stå opp i dag, veret var fint og Nils var frisk. Eit par-tre dagar utan særleg med mat og kaffi gjer at ein set pris på almenntilstanden.
Seien som Nils fiska, har han ikkje hatt lyst på,steikt, men eg tilbaud meg å lage grateng av den, noko som var populært. Sette i gang rett etter frokost, og fekk den i omnen, der stod den til vi åt ein relativt tidleg middag. Og det smakte utruleg godt. Det er ikkje mykje arbeid å lage grateng når eg har ferdigkokt makaroni i frysaren og Nils kjem med fisken oppskoren i passe store bitar.
Elles fekk eg lagt opp lest nr 2 av den "nye" fargen. Det er best å få gjort i dagslys mens eg ser fargane godt, eg skal jo ha begge lestane heilt like.
Så har eg altså lege på solsenga og lese og sola meg, og sove litt innimellom.
Leigebuarane hadde besøk nede på plenen, men det forstyrra meg ikkje; litauisk er eit språk eg forstår svært lite av. Nils gjekk inn for å sjå fotball, han var redd for å bli solbrend.

lørdag, april 09, 2016

Bok nr.24 - 2016: Avsporet



Avsporet


Avsporet» er første bok i RAVN-serien – den kritikerroste suksessen fra en av Danmarks bestselgende krimforfattere.
Kriminalbetjent Thomas Ravnsholdt, populært kalt Ravn, er sykemeldt fra jobben i Station Citys spesialenhet etter at kjæresten ble drept under et innbrudd. Ravn blir imidlertid brått revet ut av sorgen da en nær venn ber ham om hjelp til å finne en ung kvinne som har vært sporløst forsvunnet i to år. Etterforskningen tvinger Ravn tilbake på jobb og ned i Københavns underverden. Alt tyder på at kvinnen er solgt til den storkriminelle halliken Slavros, og sporene leder etter hvert til Stockholm – til et sted mørkere enn helvete...
Etterforskningen kompliseres ytterligere av en ukjent drapsmann som har herjet Stockholm i årevis: en sadist som stiller ut ofrene på byens søppelfyllinger, og som nå har blinket ut sitt neste offer.
........................................................................
Eg les mykje krim, sidan det er mest den typen bøker som er å finne i lydbokformat. Men krim er etter kvart blitt eit utvida omgrep. Den gamle krimromanen handla som regel om å "finne mordaren", men i den boka eg no har lese veit vi heile tida kva som skjer og kven forbrytarane er. Ja, sjølve "mordaren" blir først avslørt på slutten av boka, men ein veit jo kven han er, heile tida. Denne boka handlar mest om dei kriminelle miljøa i storbyar som København og Stockholm. Det er hallikar, prostituerte og menneskesmuglarar. Rusmisbrukarar og langarar manglar det heller ikkje på. Og ein politimann som har mista grepet etter at sambuaren vart myrda.
Sjølv om dette ikkje er lysteleg lesnad, synest eg boka er god. For eg trur og veit at desse miljøa finst, og at mange menneske har det vondt der. Det er tydeleg at forfattaren meiner at lova om å forby kjøp av sex gjer livet verre for dei prostituerte, fordi dei då må "gå under jorda". Eg laga meg rolleliste då eg begynte på boka, noko som eg strengt tatt ikkje trong, for boka er ryddig med relativt få personar. Dette er den første boka i ein ny serie, som eg trur eg kjem til å følge med i.

Dagbok 2016: 9.april.

Klokka slo nettopp seks slag, det er +11 grader ute og sola skin. Sist natt var det kaldt og det var tjukt rimlag på garasjetaket, heldigvis hadde eg tatt inn korga med stemorsblomster i går kveld.
Vi har hatt eit par trasige dagar sidan NIls har vore ute av form, men no er han snart deg gode gamle igjen. Når HAN misser appetitten er det litt skummelt. No har hansett seg ut i garasjen for å styre med nokre fiskegreier. Eg har nettopp dusja og vaska håret til helga, og så har eg bestilt frisør til tysdag, til og med det ordnar eg på FB.
I dag før middag fekk eg stroke og lagt på plass tøy, og i ettermiddag tok eg inn resten av klesvasken. Den tida eg vaks opp var det ikkje skikk og bruk å ha klesvask hengande ute i helga. Trur ikkje mange bryr seg om det no.
Det vart ikkje tur til Vik i dag heller, men Nils køyrde ned til Kiwi og sat i bilen mens eg handla. Lurte på kva eg skulle finne på for å vekke matlysta hans. Det blei ein liten kald fiskepudding med skagenrøre til - eg fekk lyst på det sjølv, og jammen slo den an hos han også. Det vart lunsjen vår i dag, og noko middag blir det vel ikkje.
Eg hadde meg ei stund med hagearbeid, det var herleg å vere ute i sola om eg ikkje fekk gjort all verda. Viss ikkje noko blir øydelagt av snø og/eller kulde kjem heile plenen snart stå i blomst. Krokusane blomstrar no, scillaen og perleblomstrane står klar. Tulipanane kjem seinare.
Eg har verken strikka eller lese noko særleg i dag, men eg la  no opp ein ny lest i går.
I dag er det 76 år sidan tyskarane hærtok Norge; då var eg nokså nyfødd.

fredag, april 08, 2016

Dagbok 2016: 8.april

Klokka er snart 17.00. Temperaturen er + 13,5  grader C, men det er kald vind. Det er meir og mindre skya, men sola er framme av og til.
det har vore ein sløv dag i pensjohuset, Nils har ikkje vore i form, han har vore kvalm og mangla matlyst, men no var han såpass i form at han gjekk ut for å filetere seien han fekk i går. Han kom brått på at fiskegrateng kanskje ville smake. Men då må vi ein liten tur nedom butikken for å kjøpe purre.
Har ikkje vore særleg aktiv i dag, eg heller, men har no hengt ut litt klede og tørka noko i trommelen, og så strikka eg ferdig eit lestepar. Dei to siste lestane strikka eg parallelt, då var eg sikker på å få dei heilt like. No har eg brukt opp mesteparten av dei to buntane med turkis, og så har eg to buntar med klar blåfarge, sjølvsat med striper i andre fargar. Men synest i grunnen at eg må ha ei lita strikkepause no. Kanskje.
I dag fyller svigerinne Mimi 72 år, ho held seg godt, er frisk og rask - så vidt eg veit.
Eg var ute for å ta nokre bilde, det er ikkje så altfor mykje som blomstrar enno, men det er tidleg vår.Har mykje eg skulle ha gjort ute, men det kjem ei og anna regnbyge og øydelegg heile opplegget for meg.
Nede på plenen hadde vi før eit langt rosebed, der vi også hadde løkplantar. Mykje av løkane ligg att i jorda og kjem opp kvar vår. Først ute er krokusane. Den kvite kuleprimulaen har eg fått av ein nabo, det er ein hardfør sort.
Eg vil ønske alle blogglesarane mine ei fin helg. Gjerne med sol.



torsdag, april 07, 2016

Dagbok 2016: 7.april

Klokka er 18.00, temperaturen ute er +11 grader C og akkurat no er det opplett. Elles har vi hatt både sol og regn i dag.
Nils og Matias for ein tur på sjøen i dag, det vart ein kort tur, for det bles litt og fisken beit ikkje. Heile fangsten var ein sei som Nils fekk med seg heim. Matias hadde fisk i frysaren.
Mens dei var vekke rydda og vaska eg klesskapa på soverommet. Eg hadde hatt lyst å bytte på sengene og vaske golvet også, men det var ikkje råd å henge ut verken teppe eller dyner, så eg let det vere.
Men etter ei stund skein det opp og eg kunne henge ut både det eine og det andre, så då fekk eg "tatt" det rommet i dag. Vaska gjesterommet også, sidan eg hadde så godt vatn. Eg fekk akkurat inn sengkleda og teppa før det kom ei voldsom regnbyge igjen.
Så vart det klesvask i same slengen. Har hengt opp ei "maskin" og har nummer to på gang.
Elles har eg strikka litt innimellom, og så fekk Nils lyst på blomkålsuppe, så han handla inn og eg kokte. No slappar han av, mens eg skal ha meg ei strikke og lese-stund på rommet mitt. Eg var ikkje så tidleg oppe som han. I morgon er det fredag igjen, synest fredagane kjem veldig ofte for tida.

onsdag, april 06, 2016

Dagbok 2016: 6.april

Klokka er snart 20.00, temperaturen er ca +9 grader C og det regnar litt, Før middag var det opplett og eg trudde eg skulle klare å komme meg ut og gjere litt hagearbeid, men slik vart det ikkje.
Nils reiste til Volda før middag for å ta 1/2-års-sprøyta si. Eg nytta høvet til å vaske bad og kjøkken, så no er eg ferdig med "fredagsvasken" for denne gong.
Så hadde eg ein del "kontorarbeid" for pensjonistlagt, som eg fekk unna før middag. Nils fann lange i frysaren, så vi fekk oss ein fiskemiddag.
Sidan eg sov dårleg sist natt blei det pause på sofaen i dag. Eg låg og høyrde på lydboka mi, men fann ut at mykje hadde gått inn eine øyret og ut att det andre, så eg sette meg til å strikke framfor datamaskina mens eg høyrde bok. Held på med lest nr.4 no. Det garnet er så godt å strikke, og så er det litt spenning med å få mønsteret til å stemme.
Neste veke blir det pensjonistmøte, men vi måtte flytte møtet frå onsdag - til fredag den 15. april. Såg i avisa at klassen til Eirik skal ha "12-konsert" i kyrkja komande laurdag - då må vi prøve å stille opp.
Sidan eg ikkje har vore ute for ei dør i dag, har det ikkje skjedd all verda. Og godt er det.

tirsdag, april 05, 2016

Dagbok 2016: 5.april

Klokka er snart halv åtte. temperaturen ute er + 10 grader C, det er overskya, men opplett. Sola var så vidt framme ei stund i 15-tida, og då var tempen oppe i +17 grader C.
I går hadde vi ein aktiv dag, i dag har vi tatt det meir med ro.Nils var til rutinekontroll hos fastlegen før middag, og eg støvsuga til den store gullmedalje. Godt å ha ein støvsugar som funka igjen, følte at her blei skikkeleg reint i dag. Når ein har så mykje teppegolv må ein ha skikkeleg støvsugar. Vaske dei andre golva skal eg gjere i morgon.
Elles har eg strikka ein del. held på med det andre lesteparet av garnet eg kjøpte laurdag, dette er ikkje lestar i aller største storleik.Har høyrt ferdig boka mi mens eg strikka. Elles har eg vaska og hengt ut klede, og stroke noko av det som eg tok inn frå snora. Slik går dagane med huslege syslar.I dag vart det ikkje gjort noko i hagen, men naboen tok med seg ein diger sekk med hagerusk som vi hadde samla. Han skulle bort med sitt eige og tok vårt med på kjøpet.
Det er ikkje så mykje å sjå på TV for tida, men eg skal no sjå "Severin", sjølv om eg synest at serien har vart lenge nok.
I morgon skal eg skrive førehandsomtale, for neste veke er det pensjonistmøte.

Bok nr.23 - 2016: Vår egen lille hemmelighet

Vår egen lille hemmelighet av Ninni Schulman (Innbundet)


Fjerde boka i den populære og kritiskerroste Hagfors-serien.
Hvordan beskytte seg mot ondskap når den finnes midt iblant oss?
En kveld i april kommer ikke Anna-Karin Ehn hjem fra jobben på sosialkontoret, og ektemannen melder henne savnet. Han kan fortelle at hun har mottatt trusler fra klienter på jobben, og mannen frykter det verste. Dagen etter blir bilen hennes funnet i veikanten noen mil utenfor Hagfors. Det er spor av blod i bilen, og politiet mistenker at hun er drept. Anna-Karin har levd et tilsynelatende ordinært liv med mann og barn, men når journalisten Magdalena Hansoon begynner å skrape ved den perfekte fasaden, oppdager hun at kvinnen har levd med mange hemmeligheter.
................................................................................
Denne gongen var eg budd på å lese konsentrert. Utstyrt med penn og papir sat eg framfor datamaskina og las første plata og noterte ned namn m.m. For på samme måte som handlinga skifta frå person til person i den førre boka, var det på samme måte med denne. Men denne var ryddigare og eg fekk med meg alt. Boka handlar stort sett om menneskelege relasjonar, ikkje minst innan familiar,  om menns mishandling av kone og barn og om naboar og andre som er for feige til å melde ifrå. Sikkert eit aktuelt tema både no og før. Men kor mange liknande bøker eg har lese før, har eg ikkje tal på. Noko særleg nytt var det ikkje i denne.
Og så kjem ei melding til svenske, kvinnelege krimforfattarar: Det er ikkje påkrevd å skrive så mykje om mat, klede og andre trivialitetar. Den er ikkje interessant. Det er nok med EI Camilla Läckberg!
PS: Bildet er av papirboka, eg las lydboka. Har site mykje framfor datamaskina og strikka siste dagane. Boka er på 7 CD-plater, og opplesaren er heilt grei.



mandag, april 04, 2016

Dagbok 2016: 4.april

Teppebankar med lys.
Klokka er 16.30, temperaturen er 15,8 grader C og sola skin. Eg skulle sjølvsagt ha vore ute, men vi er nettopp ferdige med middagen og Nils tek seg ein pause. Dessutan klør eg i fingrane etter å fortelle om  den nye støvsugaren.
I dag for vi bere og surra rundt på føremiddagen, eg rydda litt i huset som vanleg, vaska håret og strikka litt. Klokka 13-14.30 var eg på styremøte i pensjonistlaget, Nils fekk lov til å sitte på Amfi og prate med karane-mot at han kjøpte noko til middag. Han hadde kjøpt pizza som vi skulle varme når vi kom heim. Ikkje før hadde eg sett den i omnen, så kom her ein støvsugarseljar på døra, der er ikkje slikt som skjer ofte. Og han kom akkurat i rette tid, for støvsugaren vår har etter kvart blitt veldig dårleg. Det var ein veldig overbevisande seljar, han påviste både støv og midd i teppegolvet-eg blei nesten flau, men gjorde han merksam på at eg ikkje hadde støvsuga på ei veke. Men støvsugaren han demonstrerte var verkeleg god- og dyr, og der var ein veldig god teppebankar med -den viser ikkje på bildet.(Hadde litt problem med å legge inn bilde, men så snart eg får alt i orden skal eg fikse betre bilde).
Den gamle støvsugaren funka ikkje i det heile tatt, det viste måleapparatet han hadde med, men det visste eg allereie. For å gjere ei lang historie litt kortare så blei det altså kjøp. Fekk 2000 for den gamle støvsugaren, som han tok med seg, 1000kr i kontantrabatt, 10 års garanti og gratis sørvis. Sluttsum 15800  kr-eg har litt dårleg samvit, men veit at eg treng ein skikkeleg god støvsugar når vi har så mange teppegolv.
No trur eg at eg må ha ein tur ut i sola, sjølv om eg har mest lyst å støvsuge.
Seinare:
No har vi hatt ei bra arbeidsøkt. Eg har raka nedanfor garasjen, ils har skifta til sommardekk, eg har hjelpt til med å vaske vinterdekka og hadei inn i garasjen. Har prøvd den nye støvsugaren, og no forstår eg kor dårleg den gamle var.


søndag, april 03, 2016

Dagbok 2016: 3.april

Klokka er snart 20.00, merkeleg kor fort dagane forsvinn. Temperaturen ute er + 9 grader, max temp i dag var + 16 grader C. Det er overskya, men på føremiddagen var det litt sol.
Nils ville gå ein liten tur, men eg valde å vere heime og rake plenar. Plenen ovafor garasjen er no heilt utan snø, og snart vil den vere full av små, blå russestjerner (Scilla sibirica)  då kan vi ikkje rake før dei er avblomstra- og då er det tid for å klippe plenar også. Når ein mòkar med snøfresar  blir det med ein del singel. No var det ikkje gale akkurat her, men litt småstein var der.
Etter at eg var ferdig med rakinga begynte eg på middagen, i dag hadde vi nakkekotelettar, noko som smakte oss godt.
Elles har eg strikka ein del i dag, er ferdig med brotet på lest nr. to av garnet eg kjøpte i går. Det er designa av Arne og Carlos, men der var ikkje oppskrift, så eg trur dei har operert med eit anna masketal enn eg, for mønsteret mitt vart liksom ikkje akkurat som på bildet.
Etter at vi hadde ete middag, pausa litt og drukke kaffi, fann Nils ein fotballkamp og eg sette meg framfor datamaskina med strikketøy og høyrde lydbok. Og denne gongen har eg laga meg ei skikkelig rolleliste.
I morgon er det styremøte i pensjonistlaget. Lenge sidan sist!

Det er vår i gata  no!

Raka litt på plenen nedanfor huset før helga, men måtte gi meg fort, for her poppar det opp krokus overalt, og dei vil eg ikkje øydelegge. Vi har ikkje så mykje snøklokkar, men her er no sorten.

Før helga ruska eg vekk alle gamle blomkarsestilkar etc. frå garasjeveggen og fylte på med mold. Denne bakken er særdeles våt, så vi ventar med å trakke her. Så snart det blir tørt nok må her rakast grundig for her ser det ikkje ut.

Det er kjekt med fine blomster på trappa, og no kan dei stå ute om natta.
Russeblåstjerne
Scilla sibirica. Russeblåstjerne

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...