Klokka er snart halv åtte, temperaturen er + 8,7 grader C og det er nydeleg sol ute.
Vêret har for så vidt vore fint i heile dag, utan at eg har vore særleg mykje ute. Føremiddagen var det lite om, eg måtte ein liten tur på butikken og så måtte eg "pynte" meg til eg skulle til Volda. Ragnhild henta meg klokka 12 og så plukka vi opp Astrid på vegen. Det var kjekt å treffe Tone, det er lenge sidan sist eg såg henne. Vi hadde ei koseleg stund i leilegheita hennar med utsikt over heile Volda.
Då eg kom heim att kunne Nils fortelle at han hadde vore på tur i lag med Torbjørn opp til Raudehytta - kjekt at vi kan ha det kjekt kvar for oss også, Nils og eg.
Sidan eg likevel var påkledd foreslo eg at vi kunne fare og kjøpe gjødsel. Har tenkt å prøve med hønsegjødsel nedanfor garasjen - for å jage vekk kattane. No har eg fylt på med kaffigrut i søkk og kav utan at det har hjelpt. Ikkje før har eg glatta til og gøymt frøa, så er kattane der og grev store holer i den lause molda. Vi fekk ikkje hønsegjødsel på EIK -senteret, så vi måtte heilt bort på Felleskjøpet i Furene.Dei har ein flott butikk der no. Kalksalpeter kjøpte vi på Eiksenteret-det skal vi ha på plenane.
Ja, no ser det ut til at våren kjem, og eg ser fram til å få vere meir ute.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:27.august
Klokka er no 18.43, temperaturen ute er +20 grader C. Det var litt vått på gata då eg stod opp, men resten av dagen har vi hatt sol og varme...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar