lørdag, mars 31, 2012

Vermelding 31.mars 2012

Klokka er 10.30, temperaturen er + 2 grader, det er overskya og snøbyger. Det har kome litt snø i natt, og det kan hende Nils må moke litt. Mest trulig vil snøen forsvinne i løpet av dagen-i alle fall viss sola kjem fram.
Han og Anne Marie skal nedover og handle litt, eg får gå her og halte, fekk ein baksmell etter sprøyta i går. Men skal no greie å få i stand ein liten middag i dag også. Tenkte eg skulle legge ut eit bilde til Rasmus som reiser oppover i dag. 
I dag fyller Audny på Eid år og vi gratulerer med dagen! 

fredag, mars 30, 2012

Vermelding 30.mars - 2012

Klokka er ca halv tre. Ute er det snø/sludd og +2 grader C. Akkurat slik som dei har meldt på yr.no. Ikkje så kjekt for dei som får påskeferie akkurat, men vi pensjonistane har det privilegiet at vi kan nyte fineveret same kva tid det kjem.Det som er litt rart er at plenane er grøne, og det har dei vore i heile vinter.
I dag var eg på smerteklinikken klokka ti og fekk sprøyta mi. Før vart eg ofte dårlig ein dag eller så etterpå, men no merkar eg ingen ting.Legen og eg pratar og forskjellig når eg er der, i dag kom det fram at han har trena Eirik i fotball og at han også har konfirmant i år. Det kan godt hende eg har høyrt dette før, men det er ikkje alt som går INN.
I går møtte vi "Kjellen" Bigset på butikken.( Privat heiter han Thomas Ryste, jobbar i bank og syng i gravferder o.l.) Han kunne fortelle at seansen på Bakk-Ola  var tatt på sparket. Dei fleste har vel sett den episoden på FB-viss ikkje finn de den sikkert på You Tube.
Var innom Amfi ein tur i dag også, og då vi kom heim laga eg ei kake. Nils kokar brennsnut/betasuppe/kjøttsuppe i dag til systra hans kjem med bussen kl.15.30.
Vil ønske alle som er innom bloggen ei GOD HELG!

torsdag, mars 29, 2012

Vermelding 29.mars - 2012

Klokka er 17.00. Ute blæs og regnar det, som vanlig. Og det skal visst ikkje bli betre heller. På Austlandet har dei hatt full sommar i dagesvis, har eg høyrt, men no er det visst slutt på herligheita der også.Temperaturen er i dag + 6 grader C  på trappa vår.

Før middag vaska eg ferdig til påske, og etterpå var vi til Vik og handla, sidan det vart avbrot i går. Klokka 13.30 skulle eg vere hos frisøren, og det var eg. No er eg kortklipt og brunhåra-slik eg helst vil vere. Nye hol i øyra fekk er også, det er tredje gong -minst.Nils laga middag mens eg var vekke, så det var berre å sette seg til bords då eg kom heim.
I går var telefonen vår i ustand, dvs. vi kunne ringe ut, men fekk ikkje samtalar inn. Det er andre gongen dette skjer i løpet av kort tid. No er det i orden igjen, men er det viktig å få tak i oss, så har vi kvar vår mobil som virkar, og vi er sjelden langt borte frå datamaskina.Ellen Marie hadde prøvd å ringe i går, men ringde opp att i dag, og vi hadde ein lang prat.
No prøver eg for harde livet å ikkje somne på dagtid, Nils har gitt opp. Men eg får problem med nattesøvnen om eg søv på dagtid. I morgon klokka 10 skal eg på Smerteklinikken; eigentlig er eg ganske bra, men kan ikkje avlyse no. Det er eit år sidan sist eg var der. Då skjedde det same. Eg tok sprøyta då også-kanskje var det bra?
Anne Marie kjem i morgon ettermiddag.

onsdag, mars 28, 2012

Vermelding 28.mars - 2012

Klokka slo nettopp to,dvs.at den er 14.00. Akkurat no er det bygeløye ute, men det er nokre fæle regnbyger vi har hatt i dag.
Føremiddagen i dag har gått med til grundig støvsuging etc. og så hadde eg ei lang handleliste. Vi reiste bort i Furene for å handle på den store Coop -butikken. Utvalet er ikkje større enn på Amfi, men der er betre plass. Greidde å fylle ei stor korg med matvarer etc., men vi har to kjøleskap og ørten frysarar, så det går nok bra.
Men vi hadde ikkje før kome i gang, så kom Nils på at han skulle på pensjonistkaffi på fabrikken klokka 14.00, så det var berre å betale og komme seg heim att. Vi hadde no tenkt oss på kafé blant anna, og eg hadde diverse ærend rundt omkring. Vi får sjå kva vi rekk etter at han kjem heim, dei plar ikkje vare så lenge dei årlige treffa.

tirsdag, mars 27, 2012

Vermelding 27.mars - 2012

Klokka er nonesten halv fire. Kvar denne dagen har blitt av så langt, veit ikkje eg. Ute slit sola framleis med å komme gjennom skoddelaget, utan å lykkast.Temperaturen er + 12 grader C.  Det var meldt full sol i heile dag, noko som ikkje slo til. Får håpe yr.no tek like mykje feil når det gjeld veret ut veka + neste, det er meldt snø og regn heile tida.
I dag har eg småpusla inne med litt av kvart, mens Nils har styrt med ved og bilvask. Ventar Helge litt seinare, så då håper eg vi får orden på fibertilknytinga.
I dag var eg ute og tok bilde av mesteparten av krokusane, for viss det kjem snø, blir dei øydelagde- men så har eg bilda til trøst.Har nokre få gule krokus også, men dei har ein tendens til å forsvinne.

mandag, mars 26, 2012

Bok nr.12 - 2012: Det du ikke ser

Det du ikke ser
"England 1911. Presten Albert Canning og hans naive hustru Hester deler en pasjon for spiritisme og lever et lykkelig liv i en søvnig landsby i Berkshire. Men idyllen blir brutt av to nykommere til landsbyen: Først kommer Cat, den nye tjenestejenta, en fri sjel som blir reddet ut av fengsel av det vennlige ekteparet. Mens hun forsøker å finne en utvei til å rømme, finner hun seg vel til rette i landsbyens hemmelige underverden.

Så ankommer Robin Durrant, en ledende ekspert på det okkulte, nysgjerrig på rykter om at overnaturlige vesener holder til i myrene rundt landsbyen. Robins magnetiske sjarm og store karisma gjør at han snart blir en ettertraktet mann - som fascinerer flere.Gjennom en lang, varm sommer blir atmosfæren stadig sterkere ladet av ambisjoner, kjærlighet og sjalusi - en blanding så kraftfull at den til slutt ender i mord."
Denne boka er i sjangeren "lett underhaldning"; men eg må innrømme, litt mot min eigen vilje, at eg likte denne boka. Dei som har lese "Arven" kjenner forfattaren. Det som ikkje kjem fram i utklippet frå nettet er at boka handlar svært mykje om kvinnesak. Boka er godt skriven, og opplesaren er flink.

Vermelding 26.mars - 2012

Klokka er 16.30, temperaturen er + 9 grader, det er skodde,regn og grått ute.
Vi ventar på Helge som skal komme klokka 17.00 og kople TV-en til fiberen.
Før middag har Nilst styrt på ute, og eg inne. Han med kløyving og løding av ved, eg med diverse matlaging og anna. Er betre både i rygg og hofte i dag, men tek det litt rolig likevel.
No skulle eg blogge om boka eg nettopp har lese ut, men bloggen tillet meg ikkje å legge inn meir bilde. Har opplevd mange gonger at dei varslar om at eg må "kjøpe" meir lagringsplass, men så går det i orden igjen. Dersom det ikkje går i orden denne gongen, kjem eg til å lage meg ny blogg, men då skal eg melde frå om det.
Forresten fekk både Nils og eg att på skatten, han 5000 kr og eg 2000kr. Eg har betalt inn mest og han får att mest - det er vel ein slags sosialisme?
På yr.no ser eg at det skal bli full sol i morgon, og så skal det bli regn og atter regn.
Det er eit merkelig ver vi har hatt i seinare tid, ein og annan strålande dag mellom alt det grå.

søndag, mars 25, 2012

Vermelding 25.mars - 2012




Klokka er ca 14.00. Ute er det lettskya, litt skodde i lufta, men sola kjem meir og meir fram. Temperaturen er + 12 grader C.
Vi har vor ein tur ut på Rjåneset og sett til båten; Nils hadde med vaskeutstyr og gjorde båten rein inni, om det skulle bli båtturar i påska. Mens han heldt på med det, gikk eg ein tur på stien, såpass eg fekk litt frisk luft. Der var litt kald skoddevind, men elles fint. Våren er komen lenger der ute enn her.Hestehovane blomstra både langs vegen og mellom fjøresteinane. Det fanst ikkje hestehov på Eid då eg vaks opp, så eg var godt vaksen då eg såg desse blomstrane for første gong. No tru eg dei finst overalt, dei spreiar seg visst med veggrusen. 
Området rundt det gamle ferjeleiet er ein populær utfartsstad for dei som vil fiske litt, og om sommaren er der fint å bade. No har dei sett opp ein plakat med orientering av kva som finst og kva reglar som gjeld i området. Av dei to fiskepirane som er tilpassa rullestolbrukarar, er berre ein og ein halv att. Dagmar har herja stygt der ute.
Før eg gikk i hus, var vi ned i hagen og klipte toppane av dei tre thujaene som vi har planta nedst i hagen. Vi er stolte av altanrekkverket vi laga i fjor sommar, og no skal vi snart beise det.
Til middag i dag skal vi ha Taco, vi tærer på matlageret før vi skal handle inn til påske.

lørdag, mars 24, 2012

Vermelding 24.mars - 2012


Klokka er snart 14.00. Temperaturen er + 11 grader, det er strålande ver og SOL.
Vi var ein liten tur til Vik og handla noko småtteri, og då vi kom heim var det for fint til å gå i hus. Stod ute og prata med ein nabo, og så kom Harald bortom. Nils driv og sagar ved, og eg har prøvd å rake plenar, men det er ikkje heilt enkelt, for det kjem opp løkblomster overalt. Der som vi hadde rosebed før, kjem der no opp krokus i massevis, og seinare kjem andre løkplantar. Nokre løkar blir alltid att i jorda, same kor ein plukkar. Eg lurte på om eg skulle lage til solsenga mi på altanen, men fineveret kjem visst ikkje til å vare,  så då er det ikkje umaken verdt.
Sjølvsagt skulle eg ha pussa vindu, men er det lurt å gjere det mens sola skin?

fredag, mars 23, 2012

Vermelding 23.mars - 2012

I dag fyller Ingeborg 19 år, og vi gratulerer. Jenta er for øvrig i London på skuletur, så det blir inga feiring med familien i dag. Håper ho har det kjekt og kjem velberga heim.


Klokka er no19.15, og det er åt og skymest ute. Det er overskya og + 7 grader.Det har vore skodde og regn før i dag, men det er litt lettare no. Plenane er grøne! Har ikkje skifta farge i løpet av vinteren.
Gler meg til sommartid og lengre og lysare dagar. I dag var eg forresten oppe før klokka 7, så det er visst på tide å stille klokka.
Sidan vi var så tidlig oppe, fekk vi gjort ein heil del her heime før vi for nedover, først på Amfi og så på Bakk-Ola, der eg var på styremøte i pensjonistlaget. Då vi kom heim, laga vi berre ei suppe og åt skiver etterpå. Så for Nils ut for å fiske, og eg la meg på sofaen med lydbok. Men låg der ikkje så lenge.
I dag shoppa eg litt. Eg har ikkje tal på kor mange steikepanner vi har, nokre har eg kjøpt dyrt, andre billig, men felles for alle er at dei ikkje er gode særlig lenge. Så når det då er steikepanner med glaslok til 179 kr på Glasmagasinet i eit kjent merke, då fell vi for freistinga igjen. Det er ikkje sikkert eg tek den i bruk med det same.....trur eg. Elles kjøpte eg litt anna dilldall som eg følte eg hadde bruk for. Til dømes denne vesle kokeboka. Eg har nemlig fått det for meg at eg vil lære å lage indisk mat. Og så får vi sjå om eg gjer alvor av det. No høyrde eg at Nils kom heim, så eg må ut og sjekke fangsten.
PS: Han hadde ikkje fått NAPP ein gong.
God helg til alle!

torsdag, mars 22, 2012

Vermelding 22.mars - 2012


Klokka er 13.00, temperaturen ute er + 11 grader C, men det blæs og regnar.
Eg har styra på inne heile føremiddagen; har faktisk begynt å pynte litt til påske, påska er kort, så skal ein få tid å "nyte" pynten såpass lenge at ein føler det er nok, må den fram tidlig. Så har eg støvsuga, lagt i hop klede etc. slike ting som berre eg registrerer - når det blir gjort.
Nils derimot er ute og arbeider med slikt som alle ser, han driv nemlig og køyrer heim ved som han saga tidlegare. Eg er veldig glad at han er så sprek at han både fiskar og vedar, trur vi sparer mange utgifter på den måten, i tillegg til at vi har både fisk og ved så vi klarar oss.
På komfyren har eg to panner på kok, ei stor med erterstuing, som vi kokar i stort og frys ned i høvelige porsjonar. Og så hadde eg så mykje melk på lager at eg kokar graut til "middag" så får vi heller ha litt saltmat seinare.
Fekk masse løk til overs då vi la att rosebeddet nedanfor huset. Eg grov ei hole og fylte den med diverse løkar av alle slag, og no ser eg at krokusen kjem. Ja, eg grov ikkje berre ei hole, så det dukkar nok opp løkplantar både her og der- også i det attlagde rosebeddet.Berre kjekt det.Vi har ikkje fått raka ute enno, for det har lagt snø til denne tid. No er det bert.
Skal innrømme at eg ikkje har vore så bra i rygg og hofte etter den Moldeturen, men eg trur det går litt framover for kvar dag. Håper det. Men det er fryktelig irriterande å ikkje kunne gjere det ein har lyst til. Burde ikkje klage, det er mange som har det mykje verre.
I morgon f.m. skal eg på styremøte i pensjonistlaget, det første med det nye styret.
I går skreiv eg filmomtalen og så må eg høyre med avisa kva dag det høver å ta den inn. Det er litt uvisst kva dagar avisa kjem ut i påska. Har i alle fall fått bekrefta av kinosjefen at filmen "The best Exotic Marigold Hotel" skal gå på kinoen her den 10.april klokka 13.00. Eit fint høve til å ta seg ein Ørstatur for dei som er i nærleiken.

onsdag, mars 21, 2012

Vermelding 21.mars - 2012

Klokka er 19.15, og eg kom på at eg ikkje har skrive blogg i dag. Ute er det grått og regn, så eg har ikkje vore ute for ei dør i dag. Det er + 9 grader, så kaldt er det i alle fall ikkje.
Eg har brukt dagen til diverse husarbeid; baking, vasking etc. Dagane går i alle fall meir enn fort nok.
Til middag tok vi opp fiskekaker frå frysaren, greitt å ta det lettvint med matlaginga
Har også skrive eit avisinnlegg om seniorkinoen, men kan ikkje sende det til avisa før eg får klarsignal frå kinosjefen.Trur det blir ein fin film vi får sjå om det går i orden. Sjekk FB.
Nils har rydda vekk sand og stein opp ved vegen, det var LINK som rota til då dei la ned fiberkabelen. No ventar vi på at Helge skal komme og hjelpe oss med å kople TV-en til fiberkabelen også. Skal bli kjekt å få litt fleire TV-kanalar.Elles har det ikkje skjedd så mykje i dag.

tirsdag, mars 20, 2012

Vermelding 20.mars - 2012

Klokka har passert 16.00. Ute er det overskya,regn og + 7 grader C. Det blæs litt også. Det einaste positive eg kan sjå med dette veret, er at snøen blir borte igjen.
I dag steikte eg ein porsjon til med krumkaker, denne gongen brukte eg oppskrifta "eggenes vekt"-og det gikk bra.
Så har vi vore på Seniorkino og sett filmen "Into the White" - det var ein bra film, slik som eg trudde. Har lese så mykje om filmen og sett klipp, så den baud ikkje på så mykje overraskande. Det som eg syntest var fint, var at den var så balansert, vi fekk like mykje sympati for tyskarane som for engelskmennene. Filmen ville vel først og fremst vise at det er sjølve krigen som skaper fiendar. Soldatane som møttest på jakthytta kunne vore gode venner om det ikkje var for krigen.
Neste seniorkino blir rett over påske, då skal vi få sjå ein heilt ny film som enno ikkje har hatt Norges-premiere. Filmen er britisk og heiter "The Best Exotic Marigold Hotel" . Kinosjefen har sett den, og syntest den var veldig bra.
Seinast i dag møtte eg ein yngre handikappa mann som ikkje kjende til tilbodet om seniorkino. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har skrive om dette tilbodet i avisa og presisert at seniorkino er for ALLE som har høve til å gå på kino tysdagar klokka 13.00, - vanlegvis ein gong i månaden.
Vi har ete middag, greitt å ha restar etter i går sidan vi var ute på rek. No er det pause ei stund, men vi har meir å gjere i dag.
Søskenbarnet mitt i Innvik fyller 74 år i dag, og vi gratulerer! Sende ei melding på mobilen, men veit ikkje om han er AKTIV mobilbrukar. Har oppdaga at mange eldre brukar mobilen berre til å ringe med.

mandag, mars 19, 2012

Vermelding 19.mars - 2012

Klokka er ca 9.30, temperaturen er +2 grader C, og som de kan sjå av bildet, har det kome snø. Plogen kjørte nettopp forbi. Gårsdagen starta med DET fine veret, men utover dagen fekk vi både vind, regn, torever og snø. Slik er våren på våre kantar, veret snur på femøringen. No er det ikkje så mykje snø som det kan sjå ut på bildet; utanom brøytekantane er det ca 10 cm.
I dag tenkjer eg på farmora mi. Ho var fødd 19.mars 1878. Den tida budde familien i Sarpsborg, men flytta seinare til Oslo, der dei budde på Etterstad. Far hennar var entreprenør og bygde m.a. fabrikkpiper og fyrtårn. Han hadde tilnamnet "Tårn-Olsen". Bestemor gifta seg med Olaus, som var stasjonsmester på Skarnes den tid far min vaks opp. Ho vart tidlig enke, og gifte seg seinare med Eivind frå Eid, og slik hadde det seg at familien vart Nordfjordingar. Bror min driv mykje med slektsgransking, så om eg har skrive noko feil, får han berre arrestere meg. Bestemor sin bursdag vart alltid feira, og det vart liksom det første vårteiknet. Då kom det sviblar i gartneriet, derfor minner denne blomsten meg om bestemor. Ho fekk leve til ho var 91 år gammar.
I dag ventar eg Margrete og tre av barna til middag. Begge jentene skal på ballettøving her i Ørsta, men Eirik kjem ikkje, for han skal på fotballtrening i Volda.Det er stor aktivitet i familien.
I morgon er det Seniorkino på Kulturhuset klokka 13.00. Eg skreiv om filmen i laurdagsavisa, men kan ikkje skrive klokkeslettet for då blir det "annonse" og vi må betale i dyre dommar. Når eg berre skriv "omtale" er det gratis. Det er den norske filmen "Into the white" vi skal sjå denne gongen.

søndag, mars 18, 2012

Bok nr. 11 - 2012: Borderline

Borderline - Liza Marklund

Frå nettet: "En ung småbarnsmor blir funnet død. Hun er det fjerde offeret på kort tid. I avisredaksjonen aner man en seriemorder, noe Annika Bengtzon avfeier som ville fantasier. Thomas, mannen hennes, er på en konferanse i Nairobi når han blir kidnappet sammen med seks andre personer fra ulike deler av Europa. Samtidig som antallet myrdede kvinner stiger, og mistanken om en seriemorder også begynner å ta form hos politiet, blir Annika dratt inn i et voldsomt kidnappingsdrama som ryster både Europa og Øst-Afrika. Borderline er Liza Marklunds niende bok om journalisten Annika Bengtzon, en karakter med klare paralleller til forfatteren selv."
Reknar med at dei fleste kjenner Liza Marklund. Eg skal ikkje skrive så mykje om denne boka. Men den var lettlesen, og enkel å henge med på, noko som er viktig med lydbøker. Her er ei enkel handling og få personar. Det eg likar spesielt godt med bøkene til denne forfattaren er at ho set lyset på det som er skeivt og urettferdig i samfunnet. Denne gongen vart det også ein tur til Afrika. Boka er hermed anbefalt.

Vermelding 18.mars - 2012

Klokka er snart 12.30, og vi har begynt å tenke på middagen.
Ute er det skya, litt regn og +5-6 grader C. Vi vakna tidlig i dag til sol og strålande ver. Men før vi hadde ete frokost og eg somla meg til å ta eit bilde frå altanen, hadde skyene begynt å vise seg på himmelen. Så søndagsturen vart utsett på ubestemt tid.
Etter at eg hadde festa nokre trådar i siste lesteparet eg har strikka, begynte eg å rydde i garnrestane mine. Eg har nemlig eit prosjekt gåande; eg strikkar lestar av diverse garnrestar, for å få ned volumet på garn. Litt har det minka sidan jul! Eg har strikka dei lestepara som er på bildet pluss nokre som eg har gitt vekk eller tatt sjølv.Eg synest faktisk det er kjekt å sjå at dei små restane blir til noko. NB: Eg brukar berre sterkt og skikkelig garn i foten, brota treng ikkje vere så slitesterke. Eg legg ikkje arbeid i noko som ikkje varer. Strikkar mest med dobbelt garn på pinnar nr.3,5. I går måtte eg krype til korset og kjøpe eit garnnøste for å få ferdig paret øvst til venstre. No har eg sortert garnet etter farge i gjennomsiktige plastposar, før hadde eg det i plastnett, noko som gjorde at eg måtte opne netta for å sjå fargen. Det var nokså teit.
No skal eg steike sei til middag. I morgon kjem Margrete &Co så då skal vi ikkje ha fisk.

lørdag, mars 17, 2012

Vermelding 17.mars - 2012

Klokka er snart 15.00. Temperaturen ute er + 9 grader C, og det er fint, lettskya ver. Sola var framme såpass lenge at eg fekk hengt ut sengkleda, og så får vi håpe det held seg opplett ei stund. Vi har nettopp ete oss stappmette på Taco, så er orkar ikkje å gjere noko på ei stund.
Før middag var vi tur til Vik, eg måtte innom biblioteket og garnbutikken, og så er det alltid noko vi treng av mat. Etter at vi hadde ete var eg ein tur rundt huset for å sjå etter vårteikn, men det var ikkje mykje eg fann. Skulle lage ein liten kollasj på Picasa, men plagdest litt før eg fekk det til; slik er det når det går ei god stund sidan ein har brukt programmet. Eg gløymer i alle fall fort. Kollasjen vart ikkje som han skulle i alle fall.
Nils har ein god del stein og rusk som han må ordne opp i, det var dei som la ned fiberkabelen som grov ei grøft, og der poppar det opp massevis av stein. Elles er det mykje løkblomster på gang, men berre snøklokker og krokus har begynt å blomstre.

fredag, mars 16, 2012

Vermelding 16.mars 2012

KLokka er 17.00. Det er overskya og for det meste opplett. Temperaturen er + 9 grader C. Det er veldig fint ute, men i dag har eg hatt ein del å gjere inne.Eg har gjort unna såkalla "fredagsvask". Dvs. at eg har støvsuga, vaska og rydda det meste av "kåken". I tillegg har eg ordna i nokre papir etc., såkalla "kontorarbeid". 
Nils koka lettsalta lange til middag, og det er noko av det beste eg veit. Elles har han vaska bilen som ikkje såg ut etter å ha vore på langtur. Eg veit ikkje om det blir så mykje meir med meg i dag, har vondt i foten og hofta etter all trakkinga i Molde, men det er slikt som går over, så det er ikkje noko å bry seg med.
Begynte å lure på om det ikkje snart var "sommartid"-synest rett og slett det var på tide. For dei som ikkje har sjekka: Det er neste helg !
Så vil eg ønske alle ei GOD HELG.

torsdag, mars 15, 2012

Vermelding 15.mars - 2012

Hurtigruta, Kong Harald, låg ved kaia i Molde, og mange turistar var opp i gatene og spaserte i regnveret.

Hotellet "vårt".

Utsikt frå frokostrommet.

I dette rommet åt vi frokost.

Utsikt frå ferja over Moldefjorden. Gjennom vinduet.

Klokka er 20.30, temperaturen er +8 grader. Det er møkt ute, men eg trur det er overskya og litt regn.
Vi reiste til Molde i går, tok 11.15-ferja frå Festøya, så vi var framme tidlig på dag. Sidan ho som skulle vere i lag med meg framleis er sjuk, og ho ikkje fekk tak i vara, fekk Nils vere med til Fylkesårsmøtet i pensjonistlaget. Møtet skulle begynne i dag klokka 11.00, men vi bestemte oss for å ta ein liten miniferie. Vi hadde ikkje bestilt , men fekk rom på Hotell Alexandra der årsmøtet skulle vere.
Det var surt og kaldt i Molde i går, men vi gjekk og rusla litt i gatene, gikk på eit par kaféar og såg i butikkvindu etc.Kjøpte nesten ingen ting. Men så mange butikkar med dameklede som der er i Molde finst ikkje andre stader, trur eg. Vi kunne sikkert tatt ein biltur, men vi hadde parkert bilen så trygt og godt i hotellgarasjen, så vi let den berre stå der.
Då kvelden kom chilla vi på hotellrommet, såg TV etc. Vi la oss ved midnatt, så tidlig er det mange år sidan eg har gått til sengs, men eg ville tidlig opp i dag, ete ein god hotellfrokost og bli svolten igjen til lunsj klokka 12.00. Ja, det skjedde altså ikkje! Eg vakna klokka 9.15, og var ferdig med frokosten klokka 10. Ikkje ein gong eg klarer å bli svolten att etter ein hotellfrokost på så kort tid, så eg orka nesten berre dessert til lunsj, enda der var både koldtbord og to varme rettar. Og det var gratis!!
Slike møte er i grunnen ganske kjedelige, og vi fekk ikkje mykje tid til å bli kjende med dei andre som var der.Men på ferja over Moldefjorden kom vi i lag med ein artig gjeng som vi gjerne skulle hatt meir tid i lag med. I dag var det nydelig ver i Molde, med opplett,litt sol og + 12 grader C.
På ferja Solavågen - Festøy bles det godt, og ferja hadde problem med å legge til kai.
No har Nils fyrt godt i omnen, og eg må til å tømme oppvaskmaskina som ikkje vart ferdig før vi reiste i går. Det var veldig kjekt å komme seg på ein tur, vi har ikkje vore så mykje på farten dei siste åra.

tirsdag, mars 13, 2012

Vermelding 13.mars - 2012

Klokka er ca 14.30, det er skodde, regn og grått i dag også. Temperaturen er + 7 grader C.
Nils og Hassan har vore ute og fiska; det vart ikkje akkurat storfangst. Ei lita lange og nokre små seiar. Ja, så slepp Nils å stå i garasjen og filetere heile kvelden. Forresten skal vi på pensjonistmøte klokka 18.00. Denne gongen er det Rotary og Inner Wheel som står for heile arrangementet, så også eg er heilt fri.
Mens Nils var ute og fiska, baka eg eit par kaker, skreiv eit avisinnlegg og eit par mailar og koka minestronesuppe som vi har hatt til middag i dag. No blir det pause før vi skal pynte oss.

mandag, mars 12, 2012

Vermelding 12.mars - 2012

Klokka er berre 12.30, men vi var tidlig oppe i dag. Eg trur det må vere den innebygde sommartida som begynner å virke. Hadde den berre virka om kvelden også ! Ute er det same gråveret som i går; skodde og regn, temperaturen er + 7 grader.
Heile føremiddagen, så langt, har gått med til steiking av krumkaker. Eg plar bruke ei oppskrift med potetmjøl når eg skal frakte kakene, men dei blir ikkje så gode då som når eg brukar ei vanlig oppskrift. I dag dobla eg oppskrifta som eg i si tid fekk av vertinna vår på Engeset. Den liknar på "eggenes vekt" men inneheld litt meir smør. Eg steikte godt over 50 kaker, så eg frys ikkje på hendene. Om eg får kakene med meg i heila, står att å sjå.
Det blir snart middag, og så har eg planar om meir eg skal gjere seinare i dag. Det er godt ver å vere inne i, for å seie det slik, men eg må kanskje ein tur på butikken. Det blir fiskekaker frå frysaren i dag, men i morgon skal Nils visstnok ut og fiske. I morgon e.m./kveld er det pensjonistmøte, og onsdag eller torsdag reiser eg/vi til Molde. Det kan hende Nils må steppe inn som vikar, og då reiser vi oppover kvelden før møtet og overnattar. Time will show.

søndag, mars 11, 2012

Vermelding 11.mars - 2012

Klokka er ca 15.30. Temperaturen ute er + 8 grader, det er grått og trist med skodde nedetter fjellsidene, og det regnar. Fristar ikkje å gå ut i alle fall.
No har vi nettopp ete middag, i dag blei det Pasta Carbonara. Prøver å bruke opp slikt vi har i hus. I dag mangla eg basilikum og parmesan, men eg kom på at Pesto inneheld dei to ingrediensane, og Pesto hadde eg. Serverte den ved sidan av så vi kunne ta mykje eller lite alt ettersom. Godt blei det i alle fall, men så likar vi det meste, både Nils og eg.
Før middag las eg siste resten av boka mi, og strikka ferdig enda eit par reste-lester. Dessverre minkar det ikkje så mykje i garnlageret, så det blir nok fleire par. Greitt å ha noko å styre med, mens Nils ser sport på TV.No skal eg ha ei middagspause, før kaffien kjem på bordet.
Vi var på El-kjøp og hamstra "Løfbergs Lila"- det er den kaffien vi likar best. Trur dei har den på Coop også, men det er kjekt å ha seg ei runde på el-butikk innimellom. Eg håper så smått at vaskemaskina skal takke for seg snart, så eg kikar på dei nye modellane. Det eg er misfornøgd med på den eg har, er sentrifuga. Den går berre til 1200 omdreiningar, og det gjer at det er lite kjekt å bruke tørketrommel. Dei nye maskinene har sentrifuger som går opp til 1600 omdreiningar. Siste året har eg brukt tørketrommelen ein del, før om åra har eg for det meste tørka kleda ute, siste året har veret vore veldig vått.

lørdag, mars 10, 2012

Bok nr 10 - 2012: Jeg skal gjøre deg så lykkelig.

Scena i boka er ei boligblokk i Trondheim på 1960-talet. Her tek fortellaren oss med inn i alle leilegheitene i oppgangen, og vi får eit innblikk i korleis familiane lever. Ikkje særlig originalt eller interessant etter mi meining. Somme tider føler eg at det rett og slett er ein studie i sosialatropologi. Det handlar mykje om  husarbeid og kva ein skaffar seg av nye tekniske hjelpemiddel. Sidan eg sjølv var heimeverande husmor nokre år på den tida, kjenner eg igjen noko, men eg budde ikkje i blokk og levde eit heilt annleis liv. Alle naboane er interesserte i kva dei andre gjer, så når det kjem ein ung gut og sel "kikhol" til ytterdørene, synest eg det er litt morsomt. Boka er i det heile tatt litt småmorsom om ein ser ironien i teksten, elles er den ikkje det heilt store når det gjeld litterær kvalitet. Ei lettlesen bok til å slappe av med, er det beste skussmål eg kan gi. Og Nils Ole Oftebro løfter nok boka eit par hakk. Det var nok med 6 CD-ar, for å seie det slik.

Vermelding 10.mars - 2012





Klokka er no15.15, temperaturen ca +6 grader C. No er det ganske bra ver ute, sola er framme så vidt også, men før i dag har vi hatt mykje VER. Det starta med hagl, torever og sterk vind, så gikk det over til regn og iskald nordavind.
Vi hadde tenkt oss ein tur til Vik i dag, men så fekk vi melding frå Margrete om at Amanda skulle spele på 12-konserten i Voldakyrkja i dag, så då blei det ein tur dit også. Amanda spela to nummer på kornett: Mull of Kintyre og Den bakvende visa, og var flink, som ho alltid er. Vi høyrde vi på mange andre flinke born også.
På vegen ut tok vi bilde av Erlend ved modellen av den gamle Voldakyrkja.
I våpenhuset heng det også eit maleri med motiv frå gamlekyrkja.
Heime i Ørsta var vi på Amfi og handla. Som de kan sjå på bildet er den fine muren mot sjøen er aldeles øydelagd av Dagmar, som har skylt småstein og anna fyllmasse oppå land.
No har vi ete ferdiggrilla kylling, loff og salat som vi kjøpte meg oss heim frå Coop Mega. Ei heil kylling kostar om lag det samme som ein kopp capuccino på kafé. Litt artig samanlikning, synest eg.

fredag, mars 09, 2012

Vermelding 9.mars - 2012

Klokka er ca 13.00, temperaturen er + 7 grader. I dag har det regna noko heilt forferdelig, det har ausa ned, men det er litt lettare mellom bygene. Får håpe himmelen få tømt seg.Nedanfor huset er det no heilt bert, og dei med godt syn, ser sikkert ein dott med snøklokker. Opp mot vegen ligg det enno nokre snøklattar.
Eg harbrukt det meste av føremiddagen til å støvsuge, vaske og rydde til helga. No skal vi snart lage middag, i dag blir det steikt fiskepudding av den heimelaga sorten.
Elles har vi ingen spesielle planar for helga, men det kan hende vi skal få knytta også TV-en til fibernettet med det første. Til det får vi hjelp av ein tidlegare leigebuar, som plar assistere oss når vi er litt bortkomne sjølve.
Elles les eg Anne B. Ragde si bok "Jeg skal gjøre deg så lykkelig". Så langt synest eg den er kjempeteit.
I dag kan vi gratulere den myndige jenta, Ingrid, på Eid med dagen.

torsdag, mars 08, 2012

Vermelding 8.mars - 2012

Klokka har passert 17.00, temperaturen er + 5 grader og veret om lag som i går. Med litt meir regn og sludd rett nok. Snøen minkar for kvar dag og snart er den heilt borte her oppe i bakkane også.
I dag har Nils og eg vore på ei handlerunde - utan å handle så veldig mykje. Eg var på jakt etter besteklede til meg sjølv, sidan både dåp og konfirmasjon står for døra, men det er vanskelig å finne noko som høver. Får vel prøve Møre Konf. igjen, det er dei som har vanlige "gammaldagse" klede som passar på gamle kjerringar. Det blei tur på kafé i dag også, men i morgon skal eg vere husmor og både koke og vaske. Trur eg.
I dag skulle eg sikkert feira kvinnedagen i lag med innvandrarkvinnene; for dei er det ein stor festdag  her i Ørsta, men eg har aldri vore med på det. Bjørg, som har flytta til Larvik, saknar å vere her i dag, skriv ho. Men eg kan helse til alle kvinner som er innom bloggen, og gratulere med dagen.

onsdag, mars 07, 2012

Bok nr.9 -2012:Valomari Volotinens første kone og andre gamle ting.

Valomari Volotinen er utdanna jurist og jobbar i eit forsikringsselskap. Denne jobben fører han rundt omkring i heile Europa. På desse reisene får han også dyrka sin kjære hobby, han likar nemlig å samle på gamle ting, og mange forunderlige ting kan dukke opp rundt omkring.
Han er gift med den 20 år eldre Laura, som er konditor, og han elskar henne høgt. På reisene sine rundt i Europa får vi innblikk i litt av historia i det aktuelle landet, men om historia er til å lite på er ei anna sak. Noko er vel rett, men grensa mellom sanning og fantasi er nokså flytande. 
Denne boka er like sprø som dei andre bøkene til Arto Paasilinna.Og eg frydar meg over den til dels makabre humoren hans.Eg treng vel ikkje å skrive så mykje om boka, for dei som kjenner Paasilinna veit kva eg snakkar om. Dei som ikkje kjenner denne forfattaren, har noko til gode. 
Boka er på 6 CD-plater og høver veldig godt for lydbok, sidan her er få personar og ei enkel handling.

Vermelding 7.mars - 2012


Klokka er snart 13.00. Ute er det overskya, stort sett opphaldsver og temperaturen er + 8 grader.
Vi har allereie ete middag, sidan Nils skulle på møte i Eldrerådet klokka 13, og eg på kafé klokka 14.30 i lag med gode veninner.
Føremiddagen har eg tilbragt på kjøkkenet med å bake brød, vaske kjøleskap og elles vaske og rydde litt rundt omkring.
Som de ser er det framleis litt snø her hos oss, mest på baksida av husa, sjølvsagt. Nils prøvde å grave litt i jorda i dag, men det gikk ikkje så godt.
Elles vil eg oppmode alle til å sjekke Face Book i dag. Der er eit videoklipp med "Kjellen" Bigset på Bakk-Ola. Fleire av veninnene mine frå pensjonistlaget er med, mellom andre Marta Vatne (94) som var bibliotekar i Ørsta i mange år. Trur ho var den einaste som kom gåande til siste pensjonistmøtet. Journalisten i klippet er son til Arill Riise.Eg fekk ikkje til å legge klippet inn på bloggen, det var henta frå nettutgåva til Møre-Nytt og den abonnerer vi ikkje på.Så det var kanskje derfor?

tirsdag, mars 06, 2012

Vermelding 6.mars - 2012

Klokka er 14.10. Temperaturen er + 9 grader C, det er lettskya og litt sol.
Sjølv har eg vore inne heile føremiddagen, mens Nils har vore på vedaskogen i dag også.Eg har pusla med litt husarbeid etc.
No har vi ete middagsrestar frå i går, og så skal vi ha ei pause. Då kan det hende det blir ein tur ut for meg også; den dørstokkmila er dessverre i lengste laget somme tider.
I dag vil eg sende ei spesiell helsing til naboar og venner på Gran Canaria. Våren er komen til Ørsta og snøklokkene blomstrar på Vallabøen også.

mandag, mars 05, 2012

Vermelding 5.mars - 2012

Klokka er 20.45, temperaturen +3 grader C og det regnar litt no, før i dag har det vore opplett.
I dag har eg vore inne heile dagen, laga mat og gjort anna husarbeid. Laga ball til middag i dag, kraftig kost for dei som skulle danse ballett etterpå. Ja, eg snakkar sjølvsagt om døtrene til Margrete. Margrete og tre av fire barn kom til middag i dag, det er lenge sidan sist dei var her no. Eirik kunne ikkje komme i dag heller, men dei fekk med mat til han.
Margrete hadde med denne nydelige flamingoblomsten i ein farge eg ikkje hadde sett før. Det kjem ikkje så veldig godt fram på bildet, men den er veldig mørk raud.
Nils var på vedaskogen før middag og rydda litt opp der han heldt til tidlegare i vinter.
I dag har niesa vår bursdag; rart å tenke på at den vesle treåringen eg først blei kjent med, no er blitt godt vaksen. Bestemor er ho også.
Gratulerer med dagen, Tone!

søndag, mars 04, 2012

Vermelding 4.mars - 2012



Klokka er 13.30, temperaturen+ 8 grader, og det er overskya opphaldsver.
I dag var vi ute og skulle gå tur nokså tidlig. Vi køyrde fram i nupen og hadde tenkt å gå framover setrevegen, men der var for mykje snø og is. Så for vi bort til Hovdevatnet, der var også snø og is på vegen, men bert lenger borte, så vi vandra med freidig mot. Kom litt lenger enn sist vi var der, men ikkje opp på høgda denne gongen heller.(På grunn av snø og is, ikkje noko i vegen med dagsforma.)
Det har vore mykje skogrydding i området, og det er ein fordel. Den store dungen med tømmer som ligg tvers av Hovden møbelfabrikk har ingen ting med Dagmar å gjere, det er tømmer som er henta ut frå Ytre-Hovde åsen på vanlig måte. Sjelden med så mykje tømmer her på desse kantar. Nils han benka seg framfor TV for å sjå skiskyting, eg skal lage til litt mat.

Gratulerer med dagen, Ingar!

I dag fyller den yngste av barnebarna våre 2år og vi gratulerer han med dagen!
Synd at vi er så langt borte at vi ikkje kan komme og ete kake på dagen, men det blir vel feiring utan oss. Ingar er ein nydelig gut, de kan vel alle sjå? Han liknar litt på dei to eldre brørne sine, men er mest lik seg sjølv.Og har verdens mest sjarmerande smil ! No har dei hatt vinterferie ei heil veke, med tur til Grålum og til hytta. Så er det jobb, barnehage og skule og fullt kjør igjen på mandag.
Gratulerer så masse med dagen, Ingar! Klem frå farfar og farmor.

lørdag, mars 03, 2012

Vermelding 3.mars - 2012

Klokka er 16.30, temperaturen er + 5 grader og det er lettskya, fint ver. Det har ikkje vore så mykje sol i dag som i går, og heller litt råkaldt. Akkurat no skin sola. Det ligg ein del snø att i hagen vår enno, mindre i naboen sin, som vi ser på bildet.

Kl.17.30:  No har vi laga og ete middag og Nils slappar av med skøyteløp. Eg måtte ha ein tur innom PC-en først.
I dag har vi vore på Ungdommens kulturmønstring i Volda i lag med Margrete og fam.+ Harald. Ruth stod over i dag, ho hugsa nok den høge lyden frå sist vi var der. Det gjorde eg også, men eg putta "bomull i øra" og trudde det skulle gå bra, men eg valde å slutte mens leiken var god, så vi takka for oss i pausen.
Der er mange flinke ungdommar, og mange ulike sjangerar innan musikk og anna underhaldning var representert. I opningsnummeret dansa Ingeborg og Sandra ein sjølvkoreografert dans. Eg syntest sjølvsagt dei var fabelaktige. Eirik og "Lommerosk" kom som nummer 8, og eg syntest dei også var veldig flinke. Eirik som vokalist var frontfiguren og hoppa og spratt rundt på scena med den raude gitaren sin.Sjølv om lydnivået deira også var høgt, slo dei ikkje nokre rockerar som var tidligare i programmet. No er eg ikkje inne i terminologien, så eg veit ikkje kva som er kva innan rock.
Eg er medlem av "Hørselshemmdedes landsforbund" og får tilsendt eit blad kvar månad. Der har eg lese om alle musikarane som har tinnitus i relativt ung alder, og det er ikkje få. Så eg tenkjer på desse som lever oppe i den høge musikken og frykter for at dei kan få problem. Å vere på ein konsert og høyre på musikken ein time eller to er ikkje det same.
Då eg tok fram apparatet og skulle ta bilde, var det akkurat slutt på batteriet, så vi får sjå om Lars kjem med noko i løpet av dagen/kvelden.

fredag, mars 02, 2012

Vermelding 2.mars - 2012

Klokka er15.30, det er eit strålande ver ute, men temperaturen er berre +6 grader i skuggen.
Før middag var eg veldig flittig; eg støvsuga og vaska heile huset. Så tok vi oss ei brødskive og ein kaffikopp og gikk ut på tur. No har vi cruisa rundt på Vallabøen i ca to timar i fineveret, og eg kjenner at det gjer godt.Trefte litt folk, så det vart sosialt også. Bildet er tatt av Vike-elva rett ovafor Vikemarka skule.
No skal vi ha oss ei lita pause før vi lagar middag. I dag blir det heimelaga fiskepudding i kvit saus, trur eg.
Om eg ikkje hugsar feil, så har Marianne i Innvik fødselsdag i dag? Tek sjansen på å gratulere med dagen.
Og det er fredag, så eg ønsker alle ei god helg!

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...