tirsdag, september 30, 2014

Dagbok 2014: 30.september.

Ein av naboane har ei fin skråning ned mot vegen. No er det haustfargane som har tatt over.


Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 17 grader, så no er det nesten sommar igjen. Det er lettskya og fint ute no, men i dag tidlig var det vått på gata-og i graset.
Nils var tidlig på farten, ut for å fiske sei. Han var ikkje ute på sjøen i meir enn ein time, då hadde han nok. Dei som brukar å ta imot rund småsei er ikkje heime, så no lyt han filetere all fisken. Med unntak av den vi hadde til middag.Han likar i grunnen å filetere fisk når det ikkje blir for mykje, for det er noko han kan!
Eg vakna sjølvsagt med låke føter etter trakkinga i går, men ikkje så gale at eg var arbeidsudyktig. Etter det vanlige morgonstellet, sette eg i gang med å vaske taka på kontoret, kjøkkenet og vindfanget. Vaska med nokre ekstra gode moppar som eg har. Det finst jo ikkje skite. Då eg kom til vindfanget vaska eg også vegger, hyller etc. Så no er der reint og ryddig. No står det berre att å vaske vegger på kontoret og kjøkkenet, så er eg ferdig med "vårreingjeringa"-vart litt forseinka på grunn av alt finevêret i år. Så det blir snart å starte på han igjen.
Hadde eit par ærend nedover i dag også, blant anna var det eit par brev vi ikkje fekk levert i går, fann rett og slett ikkje fram. Det er dårlig skilta med gatenamn og nummer fleire stader, det merkar ein når ein går i ukjent terreng. No er alt i (post)boks.
Eg blei litt irritert i dag. Fekk brosjyre frå ei sportsforretning, der eg fann eit par litt høge joggeskor, som eg trudde kunne vere bra til vinteren. Då vi endelig fekk tak i ein ekspeditør, så hadde dei ikkje skorne. Ikkje skulle dei få dei inn heller.
Så var det Amfi.Der hadde eg sett meg ut ei termokanne eg ville kjøpe. Var inn på butikken ein gong-ingen som ekspederte. Andre gongen kom ho etter kvart fram frå eit bakrom. Eg spurde kva kannene kosta, for eg hadde lagt merke til at prislappen var vekk. Då var dei 100,- kr dyrare enn sist eg såg dei. Eg kjøpte IKKJE.(Fekk beskjed om ein måtte kjøpe mens tilbodet varde.)
Det var Nils som kokte middag i dag, og så vart det pause på sofaen.Kunne hatt lyst å gå ut og stelle i hagen, men det blir vel snart mørkt. Får tømme eit par maskiner etc.etc.I morgon skal eg visst lage blandaballj-må bruke fisken til noko nyttig, og småseien passar ikkje til fiskekaker. Synest av og til at eg gjer meir husarbeid no enn den tida vi var mange i familien. Er visst  tilbake til -50 åra ?

mandag, september 29, 2014

Dagbok 2014: 29.september.

Utsikt frå altanen klokka 12.30 i dag.

Klokka er no 20.00 og det er fint,nesten klårt vêr ute. Temperaturen er + 7 grader C. Håper på ein nydelig dag i morgon, i dag har det vore litt av kvart.
I dag føremiddag heldt eg fram med rydding av kontoret. Fekk sortert og kasta diverse brev og anna papir. Fann nokre bilde som hadde gøymt seg bort, og det var litt artig. Så ringde Eli, og eg måtte printe ut mange fleire brev, slike som skal ut til pensjonistar som eg medlemmer sentralt, men ikkje lokalt. Vi vil gjerne ha dei med i lokallaget, kontingenten er den samme.
Vi var på styremøte på biblioteket frå ca kl.13-14.30. Då vi kom heim laga vi oss middag i ein viss fart, i dag vart det middagspølser med kålrabi og poteter. Ikkje så ofte vi har det.
Etter at vi hadde kvilt oss litt, gikk vi ein lang tur ut på Vinjevoll og rundt på Vallabøen med brev til pensjonistar. På den måten sparte vi pensjonistlaget for minst 150,- kr i porto- i tillegg til at vi fekk god mosjon. Eg var heilt sveitt då vi kom heim, prøver å ikkje "sige" etter vegen slik eg ofte er nøydd til.
Elles var vi også innom Møre-Nytt i dag og inviterte dei til å skrive om Eldredagen, som vi skal markere på Kulturhuset komande fredag. Dermed kan eg slappe av frå notatblokka og få tid til å prate med folk. Men eg skal vere med å dekke borda før middag, og Nils skal hjelpe til med billettsalet.Det er no litt greitt å vere til nytte.

søndag, september 28, 2014

Dagbok 2014: 28.september

Vertinna.

Klokka er 20.00, temperaturen er + 11 grader C og det har vore ein grå og regnfull dag.
Føremiddagen gjekk vi berre rundt og sosa, til vi reiste til Hareid ca 12.30.
Både vi og Margrete med fam vart bedne til middag og kaffi, no mens studenten er heime frå Oslo. Olaug reiste til Berlin i dag tidleg, og Einar var på jobb. Han kom likevel heimom ein tur og åt middag i lag med oss.
Det vert svært sjeldan at heile storfamilien er samla, etter kvart blir det meir puljevis.
Vi fekk nydelig lammesteik med tilbehør, og heimelaga karamellpudding  til dessert. Ja, frukt i krydderlake hadde vi også; det er ein av favorittane til Erlend.
Eigentlig skulle vi ha vore ein tur på Kvitneset i dag, men det frista ikkje å fare dit i storm og regn. Det var rett nok ikkje så grått og regnfullt der ute som her i Ørsta, men til gjengjeld bles der meir.
Ungane/ungdommane underheldt seg sjølve, og vi vaksne drakk kaffi og prata i eitt kjør.
Og så vart det kaffi og brød og kaker. Ingen reiser svoltne derifra.
Vi takkar vertskapet og dei andre for ein koselig sundag.

lørdag, september 27, 2014

Dagbok 2014: 27.september.

Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 12 grader C, og det er heilgrått. Berre fotside skyer og regn, regn. Nei, då var det litt meir sus over vêret i går.
Vi var ein tur nedover i føremiddag, og handla på apoteket. Mat kjøpte vi på Kiwi. Då vi kom heim att sette eg meg til å reinske eple til eplekake. Kjekt arbeid, det, når ein har bok på øyret.
Så steikte eg laks til middag; det var ein av desse kjekke naboane våre, som kom med fisken i går. Middagen smakte fortreffelig.
Det blei ei stund på sofaen etterpå-eg var litt oppsett på å bli ferdig med den eviglange boka eg har streva meg gjennom.
I dag såg eg Tore Renberg si nye bok på bokhandelen, i papirutgåve. Eg har sjølvsagt forlengst sett meg på venteliste på biblioteket til dei får inn lydboka. Men no skal eg først lese Anne B Ragde si siste.
I morgon skal vi til Hareid på familietreff, Håkon er ein tur heime frå hovudstaden. Til neste helg kjem Ingeborg heim på ferie.
No reknar eg med det blir TV resten av kvelden, vi ser på NRK 1 og spelar opp danseprogrammet på TV2.(Då kan ein spole forbi all reklamen). Vi fyrer godt i omnen og tenner alle lampane, så har vi lys og varme inne i alle fall.

Bok nr. 61 - 2014: Det forbudte barnet

Bath, 1821: Innerst i Lansdown Crescent på et høydedrag over byen, ruver herskapshuset til den rike og innflytelsesrike Alleyn-familien. Her har sønnen Jonathan levd isolert i mørke bak gjenspikrede vinduer siden han kom tilbake fra krigen. Men tjenestejenta Stær tror ikke det er krigens redsler som tærer på Jonathan. Hun er overbevist om at han er blitt gal fordi han tok livet av ungdomskjæresten Alice, som Stær elsket som en søster.
Da den unge Rachel Weekes flytter til byen, har det en rystende virkning på både Alleyn-familien og mange andre i Bath. Med sitt sannhetssøkende og ærlige vesen tvinger Rachel gradvis fortidens hemmeligheter ut av skyggene. Men Rachel og Stær må begge betale en høy pris dersom sannheten om Alice skal helt frem i dagen.
Det forbudte barnet er en dramatisk og oppslukende fortelling om to sterke kvinner som er villig til å risikere alt for å avsløre knusende og svikefulle løgner.
Katherine Webb har siden debuten med Arven i 2011 solgt over 150 000 bøker i Norge. Det forbudte barnet er hennes fjerde roman.
...............................................................
Denne boka er på 16 CD-plater, det hadde greidd seg med halvparten.Boka kjem i ein kategori som eg ikkje er spesielt begeistra for. Men eg fekk i grunnen det eg forventa. Særlig språket er litt for "blomstrete" for meg, med samanlikningar og metaforar som ikkje heng på greip. Den er gammaldags på den måten at det går godt for dei gode - dei onde dør. Kort sagt.....ROSA. Når eg likevel har lese heile boka, er det fordi historia i seg sjølv er aldri så lite engasjerande.

fredag, september 26, 2014

Dagbok 2014: 26.september


Klokka er 18.00, temperaturen +10 grader C og vi har ruskevêr.
Då eg såg ut i dag tidlig, fekk eg ei stor ro inni meg. Ikkje noko stress i dag, ikkje hagearbeid, ikkje turgåing e.l. Eg hadde nok å gjere inne, så det passa bra. Egsette i gang med å pusse vindu, og Nils vaska dusjkabinettet. Eg vaska kjøkken og bad, og støvsuga dei andre romma. Ei veninne ringde, så eg fekk eit avbrekk i arbeidsøkta.
Då huset var klargjort til helga, tok vi oss litt mat, vi er blitt så fine på det at vi kallar det lunsj, det er eigentlig berre ei brødskive og ein kaffikopp.

Etter lunsj måtte eg kvile litt, hadde eigentlig meir eg skulle ha gjort, men var i grunnen litt sliten og giktisk.Nils hadde også gjort ein god jobb med rokering av ved. Etter ei god stund med lydbok etc. bestemte vi oss for å ta ein tur på Rjåneset og sjå etter båten.

Eg gikk ein tur på stigen og fotograferte, mens han sjekka båten. Det var bra vêr akkurat mens eg gikk utover, men så kom ei byge med vind, regn, torden og lyn + hagl som kjendest som haglskot i leggane. Ja, i dag har vi hatt allslags vêr, til og med litt sol.Uansett var det friskt å kome seg ut litt.


Sist eg var på Rjåneset var det sol og varme, då låg Nils og flaut i sjøen, mens eg sat på land og sveitta.
Då vi kom heim laga vi middag, ikkje taco her, men siste porsjonen med fiskekaker frå frysaren.
Ønsker alle ei god helg. Blir vêret stygt er det fint å fyre godt i omnen og kose seg inne.

torsdag, september 25, 2014

Dagbok 2014: 25.september

Klokka er 17.30, temperaturen ute er +14 grader, noko som eg synest er surt og kaldt. Tidlegare i dag regna det ein god del, no er det opplett og vind. Eg må vel akseptere at hausten er komen, men eg har ikkje slutta å tru på at vi skal få ein Indian Summer. Vi treng det, for det er framleis mykje som skulle vore gjort ute i hagen.
Dagen i dag vart litt "sosete". Rett etter at vi var oppe ringde dei frå bilverkstaden-dei kunne ikkje finne nøklane til bilen vår. Då viste det seg at Nils hadde putta Margrete sine nøklar i postkassa i staden for våre eigne.(Vi har reservenøklar til bilen hennar). Så Nils måtte gå ned til Vik med nøklane og gå opp att.
I mellomtida shina eg opp kjøkkenet og gjorde litt "kontorarbeid" blant anna. Vi skulle få hente bilen kl.11.30, så då fann vi ut at vi kunne GÅ til Vik begge to, sidan eg likevel skulle nedover. Vi gjekk innom Europris og handla litt der før vi henta bilen og køyrde til Amfi. Vi handla stort sett berre mat, men eg fann ei sofapute som passa til fargane på gardinene, så den kjøpte eg. 40% avslag i dag.
Den nye Rema 1000 butikken opna i dag. Den ligg ved den nye vegen til Melsbygda, ved sidan av der Prix var før. Der var mange bilar og mykje folk. Vi snudde i døra, der var pakkfullt av folk inne. Men det er sikkert ein fin butikk. Eg har talt over- vi har no 5 relativt store matbutikkar i sentrum, pluss Kiwi på Vallabøen og ICA borte ved flyplassen. Treng vi så mange butikkar? Min teori er at til fleire matbutikkar vi har, til meir mat blir kasta.
Var også innom biblio ein tur, der dei hadde lagt til sides to nye lydbøker til meg. Dei skal eg lese, berre eg blir ferdig med den rosa løkkeskriftboka eg held på med. Den er skriven av Katherine Webb, og vart med heim fordi eg blanda forfattaren saman med Kate Morton. Boka er så dårlig, særlig når det gjeld språk, at det er låkt å lese. Eine metaforen verre enn den andre. Kvifor les eg den? Fordi eg vil høyre korleis det går! Dumt, men sant.
No har vi nettopp ete kokt lange og nye mandelpoteter frå Skjåk -største mandelpoteter eg har sett og veldig gode.Nils slappar av i godstolen, men snart er det kaffi.

onsdag, september 24, 2014

Dagbok 2014: 24.september

Klokka har nyss passert 15.30. Temperaturen er +12 grader C, det er overskya og det har regna. Akkurat no er det opplett, ser det ut til.Eg har ikkje vore ute for ei dør.
I går gjorde eg nesten ingen ting. I dag har eg jobba for fullt sidan frokost og til no.Men no orka er rett og slett ikkje meir, er ikkje 50 år lenger, heller.
Det er det såkalla "kontoret"- det har lege som eit åk på skuldrane mine lenge. Det treng verkeleg ein skikkelig make over- og i dag starta eg opp. Ferdig blei eg ikkje , men har fått gjort det grøvste. Har rydda og vaska begge klesskapa og sortert ut det som skal kastast-eller i alle fall noko av det. Så har eg tømt og vaska bokhyllene, og fått alt på plass, med unntak av det som vart kasta. Har vaska litt her og der, og pussa vinduet, så det ser bra ut. Slike rom der ein har ei datamaskin ståande på og i tillegg styrer med klede, er som ein magnet når det gjeld støv, det har vel fleire enn eg erfart.
Før lunsj hadde eg datamaskina på  og høyrde lydbok. Då eg skulle sette på att for å høyre meir, fekk eg vite at passordet var feil.(Eg prøvde fleire gonger). Så var eg så dum at eg trykte på "Tilbakestill passord"-og då var det gjort. Eg kunne ikkje få endra passordet utan å ha ein viss diskett- og eg hugsar knapt kva ein diskett er. Så no er rådyra gode. Det er på denne maskina eg har alle bøkene og tilkopla scanner til dømes. Nokon som har eit godt råd?
No skal vi lage middag. Heldigvis har eg kotelettar att frå sundag, og Nils ordnar med poteter, så det blir lettvint.
Nils har brukt mykje av føremiddagen l å omrokere ved, slik at vi får bruke den eldste først.
PS: Dataproblemet er løyst, det var berre ein laus ledning som måtte puttast på plass.(Eg kom på det sjølv, men det tok si tid.)

tirsdag, september 23, 2014

Dagbok 2014: 23.september

Tass
Klokka er 18.00. Temperaturen ute er + 10 grader. I dag har det vore grått og litt regn. Yr.no melde opphaldsvêr, men det stemte ikkje heilt.
Det er merkelig med sola og lyset, den gir faktisk energi på meir enn ein måte. I går var eg veldig energisk og fekk gjort mykje, i dag har eg ikkje gjort det grann.
Nå ja, eg har no vore litt i aktivitet. I dag hadde eg halvvegs tenkt meg til Volda på eit foredrag, men då ei veninne sende melding og ville at eg skulle kome fram på Mo å gå tur med henne og hunden, valde eg det alternativet.
Vi møtest ved Askjelhaugen og gjekk framover Dalateigane, same vegen som vi gjekk i lag med pensjonistane, men der var såpass vått og gjørmete at vi gjekk Mosetervegen tilbake. Vi hadde ein fin tur og fekk prata mykje om både det eine og det andre. Det har vore ein lang sommar og ho har vore mykje borte, så det er ei stund sidan vi har hatt ein skikkelig prat.
Nils kom til møtes, slik avtalen var.Eg hadde berre eit gammalt fotoapparat med meg, så eg har ingen gode bilde frå turen.
Vi hadde tenkt oss ein tur nedover, men meinte vi kunne ete middag først. Det var ingen god ide. Vi hadde tatt opp resten av blandaballane frå frysaren, og sidan vi synest det er kjempegod mat, vart det ete litt for mykje. I alle fall var vi ikkje særlig spretne etterpå.
I mangel på noko vetigt å ta meg til, tok eg like godt og farga håret, så er ikke dagen heilt bortkasta.
Eg kjenner både her og der at eg jobba i hagen i går og gjekk tur i dag, så no håper eg berre at forma er på plass igjen i morgon.
Eg driv og prøver på å lese ei "Rosabok" av Katherine Webb, den er på mange CD-plater, og eg er komen til nr.3. Eg dett ut heile tida, så det blir kanskje at eg gir den opp. Eg blanda forfattaren saman med Kate Morton, for hennar bøker har eg likt. Elles hadde eg aldri lånt denne. Eg har fått ny melding frå biblio om ei bok eg kan hente-eg står på venteliste til alle nye lydbøker.
Utsikt frå Mosetervegen mot Engeset.

mandag, september 22, 2014

Dagbok 2014: 22.september

Klokka er 19.30. Temperaturen ute er + 9 grader. Det har vore ein fin dag med både sol og lette skyer. Ein slik dag som eg kallar "bonusdag"- fordi den blir betre enn forventa.
I går var eg lat og tiltakslaus, men i dag var batteria ladda. Eg sette ein brøddeig, det første eg gjorde. Så var det ein fin dag for bytting og lufting av sengetøy, og sidan eg hadde så godt vatn vaska eg ikkje berre soverommet, men moppa over dei andre golva også. Innimellom knadde og steikte eg brød, sette brøddeig nr.2 osb.
Tidlig i sommar sette eg i gang å reparere hellevegen nedanfor huset, men eg vart så låk i ryggen at eg måtte gi opp. I dag sette eg i gang igjen, og med god hjelp av Nils blei vi ferdige -på ein måte. Det er umulig å få vegen perfekt, fordi sjølve plenen har eit "søkk" akkurat der vi jobba i dag.
Mens eg rydda opp, gikk Nils inn og kokte middag, det skulle vere salta lange i dag. Men då vi sette oss for å ete, oppdaga eg at det var brosme. Samma det, den gikk ned på høgkant, svolten er den beste kokk. Etter ein pause + kaffi, stakk vi bort til flyplassen, der Margrete går på dressurkurs med Charlie. Eg skulle overlevere henne ei bok.Vi stakk innom El-kjøp og handla kaffi sidan vi var der borte likevel.Og så var vi innom Amfi på heimvegen og handla litt der også. No for Nils bort på terminalen for å fiske, han klarer ikkje å stå imot freistinga når sjøen ligg så stille og fin.
Vi har som sagt tre sortar clematis som blomstrar i år, dei er ikkje ferdige enno. Men sjå dei fine gullnøsta som vert att når den eine av dei (den lavendelblå) er avblomstra.

Charlie-klar for dressur.

søndag, september 21, 2014

Dagbok 2014: 21.september.

Klokka har passert 19.30, ute er det overskya og + 8 grader C. Tidlegare i dag regna det voldsomt og det kom eit par kraftige tore-skrall.
Elles har det ikkje hendt så mykje, og eg har vore LAT.
Ja, eg veit at det er søndag og kviledag, men eg trivst best når eg har noko å styre med - eller når vi går tur. Nils var ein tur opp i skogen utpå ettermiddagen, men der kan ikkje eg gå-det blir for bratt. Eg kunne sjølvsagt gått ein annan tur, men eg er som katten, held meg inne når det regnar.
Før middag strauk eg nokre klede, og så steikte eg opp kotelettar til to middagar, mens eg først var i gang.
Elles har eg lese ut boka mi (Billie) og sett ein film som eg hadde tatt opp på TV mens eg strikka litt.
Harald kom og henta litt fisk, det avtalte vi i går.
Har ingen spesifikke planar for morgondagen heller, men det er meldt betre vêr, så det går kanskje an å vere ute. Har fått vanen med å vere mykje ute etter denne sommaren.

Bok nr. 60 - 2014: Billie


Anna Gavalda skildrar også i denne romanen utskota, dei verjelause barna som når dei veks opp knapt vågar å drøyme om normalitet, tryggleik og glede.Likevel er dette feelgood-lesing på høgt nivå, også på grunn av eit samstundes fjellstøtt og leikande språk. Billie eig den røffe og særeigne forteljarstemma, ho er eit morlaust løvetannbarn frå grimme kår, med ein hardbarka stefamilie. Billie er utan erfaring med positiv menneskeleg kontakt.
Siste året på ungdomsskulen kjem vendepunktet: Ho må spele eit Alfred de Musset-stykke på skulen saman med den bedrestilte, pinglete homsen Franck. Han har ein tilfluktstad hjå bestemor si, og her finn dei begge både ro og rom for heite diskusjonar om store spørsmål.
Men først møter lesaren dei to som vaksne, etter ei ulukke i villmarka. Franck er medvitslaus, og ingen kan hjelpe dei. Billie fryktar for livet hans, og veit ho ikkje vil leva utan venen.
Ho vender von og bøner mot ei lita stjerne på nattehimmelen, og trur heile soga si til stjerna denne krisenatta. Teksten vekslar lettbeint mellom tårer og smil, mellom dramatiske verkemiddel og lange opne linjer.
Galgenhumoristiske opptrinn og lattervekkjande tablå skaper kontrast til såre skildringar av sjølvforakt og forfall. For naturbarnet Billie bind ein krans av språkbileta sine, brukar både ugrasblomar og fine franske liljer, vrir på både popsangar og høglitterære klassikarar. Slik skapest spanande nyanser i det sprikande sjølvportrettet Billie bind saman.
Mellom fleire eksistensielle spørsmål vender fokus seg gong på gong attende til det elskande paret frå de Musset sitt skodespel: Kor ofte – eller lite – kan ein elske før sjølve kjærleiksevna smular seg eller kjærleiken blir urein?
Mot slutten av boka let Gavalda seg freiste til ein litt for lukkeleg slutt, slik ho også har gjort i tidlegare forteljingar. Der svir søtsmaken litt for rosa i denne lesarmagen, men ikkje så kvalmande at smaken av substans blir øydelagd.

For dette er eit solid stykke lesestoff, med så mange lag at boka vil fungere som både rørande strandlektyre og kjelde til djupare refleksjon.
Alle laga er meistarleg formidla av oversetjar Tove Bakke, som også byr på eigne kreative nyskapingar når Gavalda går utanom ordlista. Dette åleine er ein prestasjon. Oversetjaren er så musikalsk at ein etter nokre linjer ikkje vører om ein les fransk eller nynorsk – det smeltar saman i eit levande hjartespråk.
.......................................................................
Eg har høyrt lydbokutgåva, og opplesaren gjer ein kjempejobb. Språket er ungdommelig og moderne. Elles står vel det meste i det eg har saksa frå nettet. Boka er lettlesen, og på berre 4 CD-plater. Eg har lese fleire bøker av Anna Gevalda, denne er annleis- men også lik. Anbefaler alle å lese lydbokutgåva.
Elles står vel det meste i det eg har saksa frå nettet.

lørdag, september 20, 2014

Dagbok 2014: 20.september

Klokka har passert 18.30, temperaturen ute er +13 grader C. I dag har vi hatt overskya vêr og regnbyger. Det vart ikkje så grufullt som eg hadde tenkt på førehand.No er det faktisk litt sol i fjella. Neste veke skal det visstnok regne noko kolossalt, men så er vi klar for finevêr igjen ?
Vi tok det litt med ro før vi for til Vik i dag. På Amfi var der veldig mykje folk, slik der plar vere om laurdagane. Vi trefte på Ruth og Harald og sette oss inn i kafeen og drakk kaffi i lag. Vi hadde mykje å prate om.
Nils hadde tatt opp ein rest av ertersuppe frå frysaren før vi for nedover. Og eg slo i hop ei pannekakerøre, så hadde vi dessert og kaffi også.
Eg la meg på sofaen med lydbok, "Billie" av Anna Gevalda. Den virkar veldig lovande.Omsetjaren,Tove Bakke, skal vere i Aasentunet komande onsdag og snakke om boka.Ho har gjort ein god jobb! Opplesaren, Silje Breivik, er eminent. Boka er på 4 CD-plater. Men i kveld blir det nok ein god del TV og ikkje så mykje bok.
I dag har det altså vore kviledag, men maskinene har både vaska opp og vaska klede.

fredag, september 19, 2014

Dagbok 2014: 19.september.

Klokka har passert 18.30. Temperaturen ute er ca + 17 grader C. Det har vore fint i dag også, sjølv om ikkje sola har vore så mykje framme.
Eg gjorde meg klar til å støvsuge før middag, men så kom Nils og hadde mele opp både fisk og poteter til blandaballj, så då måtte eg lage den først, elles ville potetene bli heilt brune.(Han brukar ei gammaldags handkvern).
Eg laga røra ferdig i mixaren, og fekk balljane på kok.(Før laga eg blandaballj i foodprosessoren, men då blei dei litt for glatte etter vår smak). 
Dette er ein rett som verken Nils eller eg hadde smakt før etter at vi var ca 70 år. Men vi likar det veldig godt. Vi serverer balljen med kokt rabbe (kålrabi) og gulrot+ steikt flesk/bacon. Det skal eigentlig vere poteter til også, men det vil vi ikkje ha, det er nok med potetene som er i ballen.Vi har nydelig rabbe og gulrot som vi har kjøpt på torget av ein som heiter Starheimsvik. Reknar med at grønsakene er dyrka i Nordfjord.
Mens maten kokte fekk eg tørka støv og støvsuga.
Det vart tidlig middag, og maten smaka himmelsk .
Etter ein pause på sofaen, gikk vi ut og klipte resten av plenen, mens det enno er opplett. Det er litt tungt å slå nede i bakken, så i dag vart det bioklipp. Eg reknar med at eg slepp å trimme så mykje, så lenge eg har plenklipping. Var maroder etter jobbinga i går, men var arbeiddyktig i dag, så då er det ikkje farlig.
Håper alle får ei god helg. Sjølv er eg skeptisk til vêrbyte etter så lang tid med finevêr.

Bok nr. 59 - 2014: Felicia forsvant.

I dag er 1171 personer forsvunnet i Norge. Bak hver og en disse forsvinningene ligger det et mysterium, en gåte – en historie. Felcia forsvant er en slik historie.
                                                                                                                                                                               Samtidig med at politiførstebetjent William Wisting gjenåpner en gammel forsvinningssak, blir liket av en kvinne funnet under gravearbeid. Etterforskningen avdekker et nett av løgner og fortielser og skjebnesvangre tildragelser, og selv om saken er gammel, får den dramatiske følger i nåtiden.
Wisting kjemper mot klokka og foreldelsesfristen, og ikke minst: mot morderen som trodde han hadde sluppet unna.
.................................................................
No har eg lese to kriminalromanar etter kvarandre. Den eine frå Tønsberg, den andre frå Larvik.Det er den samme personen som les begge bøkene.
Jan Mehlum og Jørn Lier Horst skriv altså frå liknande miljø, og handlingane er heller ikkje så ulike i dei to bøkene. Men den eine boka er skriven av ein forfattar, den andre av ein politibetjent. Jørn Lier Horst skriv solid krim, men litt keisamt.
Jan Mehlum er ein språkmeister, noko som gjer det til ei fryd å lese bøkene hans. Mange likar Jørn Lier Horst sine realistiske bøker, men som før sagt, vil eg heller ha litt eventyr.
Eg har brukt altfor lang tid på dei 7 CD-platene, fordi eg har styrt med så mykje anna siste tida.

torsdag, september 18, 2014

Meir om turen: Dag 2.


Den tida eg budde på Eid gjekk det båt til Bergen alle dagar, med unntak av måndag. Vi gjekk om bord i 16-17 tida om ettermiddagen, og var i Bergen neste morgon. Båten stoppa i Måløy, Askvoll og Florø. Eg har vore i Askvoll før, men berre på gjennomreise med båten "Sunnfjord". Det hende at ein gjekk i land ei lita stund mens båten låg ved kaia. Derfor måtte vi finne den gamle kaia, den er ikkje i bruk lenger. No er det snøggbåtar som trafikkerer strekninga. Rett ut for Askvoll ligg ei stor øy som heiter Atløy, det går ferje dit, men den går ikkje ofte. Utanfor Atløy ligg Alden (Norskehesten), Værlandet og Bulandet.


I Holmedal er der ein knivfabrikk (Hella)- og dei har eit fabrikkutsal. Nils måtte inn og kjøpe ein filetkniv.

Så køyrde vi innover på nordsida av Dalsfjorden.Det er ikkje så lenge sidan Dalsfjordbrua vart ferdig og Askvoll vart landfast. Før gjekk det visstnok ei ferje over fjorden.Vegen gjekk no inn i ein tunnel, og brått var vi på brua -rett over brua var det ein ny tunnel, då var vi på sørsida av fjorden, og vi kunne køyre beine vegen til Førde. Det gjorde vi sjølvsagt ikkje. Vi måtte svinge bortom Bygstad og sjå fjellet Storehesten - 1209 meter over havet.Går ein over heia innanfor fjellet, kjem ein til Solheimsdalen

Så køyrde vi frå Bygstad mot Førde, og vegen var god. I Førde stoppa vi ikkje, men køyrde vidare til Naustdal.Då eg var i Solheimsdalen høyrde vi til Naustdal kommune, og Naustdal var kommunesenteret. Vegen dit gjekk med melkebåten. Eg var ein gong med til kyrkje. Då var det konfirmasjon og dåp. Yngste systra til Jorunn vart døypt og den nest eldste vart konfirmert same dagen.
Eg var litt kjend i Naustdal den tida, men alt er annleis i dag, der også.
Vi vart verande ei stund i Naustdal, for eg oppdaga ein fantastisk park midt i sentrum. Der låg ei lita øy  eit lite stykke frå land, og ut til den var det laga ei bru. Der var badeflåte og "stupetårn" i dammen, og ute på øya var det to store stålskulpturar, ei ku og ei budeie.

Eg legg ut mange bilde frå parken, i tilfelle nokon skulle få ide til noko liknande.





Nils fann seg eit stødig bord, men maten mangla.







(Desse to siste bilda er frå ein fin turistbrosjyre som vi fekk på hotellet)
Apropos slagord......

Frå Naustdal køyrde vi inn i ein 6 km lang tunnel i retning Florø. Det gjekk oppover heile tida, så vi var komne opp på heia då vi igjen såg dagens lys. Ved Storebru tok vi av frå hovudvegen og køyrde mot Hyen. Til tross for at eg er nordfjording har eg aldri vore i den bygda før. Vi køyrde langs det eine vatnet føre og det andre etter, vi fann oss ein stad der vi rasta og åt av nistematen vår. Då Nils skulle koke kaffi, hadde han ikkje kaffikjelen med, men han kokte kaffi i ei panne, og det vart heilt flott. Då han skulle rygge ut, høyrde vi ein ekkel skrapande lyt; til all lykke var det berre kroken som kom bort i ein stein. Der var utrulig vakkert her oppe i høgda, men vegen ned til sjølve bygda, var både smal og kronglete. Det vart eit par bråbremsingar, men det gjekk bra.


Eg var letta då vi kom ned til sjøen igjen. Vêret var vakkert, og bygda var vakker, men eg ville aldri budd mellom så høge fjell. Nils fiska litt frå kaia mens vi pausa. Eg tok bilde.

Eg fann ein nydelig park med benkar og bord. Men kven var mannen på steinen? Jau, sjølvaste Columbus. Då kom eg på ei historie om at han ætta frå Hyen. Var det ikkje eit program med Linda Eide?



Fine hagar i Hyen. der er sikkert lunt og varmt om sommaren.

Så køyrde vi på fin veg langs fjorden, til Hestnesøyra, Rygg og Sandane. Mens vi venta på ferja på Anda tok eg bilde av det nye ferjeleiet, den nye ferjekaia og heksemonumentet.







Når eg skriv så mykje om denne vesle turen vår, er det for å vise at ein kan sjå og oppleve mykje om ein ikkje reiser så langt. Denne sommaren har vi ikkje vore på langtur, men køyrt omkring i vårt eige fylke og ikkje minst nabofylket. Vi har hatt mange fine turar i nydelig vêr.

Dagbok 2014: 18.september

Klokka er 19.00 og temperaturen ute er + 15 grader C. Vi har hatt same fine vêret i dag også, og eg har prøvd å vere ute så mykje som mulig.
Då vi stod opp litt før klokka 7.00 i dag, var det sol berre på dei øvste toppane, og det var kaldt.
Nils reiste ut for å fiske, og eg gjekk laus på husarbeidet. Tok fredagsvasken på bad og kjøkken, og var akkurat ferdig då han kom heim med ei kasse småsei. Slik fisk fiskar han ikkje mykje av i gongen.Vi tok ein tidlig lunsj.
Eg hadde bestemt meg for å klippe ned caprifolane (vivendel eig.) som veks på altanstøttene. Dei var stygge og visne i blada, og var blitt altfor store. Eg sette i gang, og fekk klipt den eine heilt ned, før Nils kom og tok delvis over. Eg hadde fått ein sekk som eg skulle ha kvist og kvas i, men han hadde ein annan patent. Han surra morasset med tau, og fekk alt inn i bilen (bagasjerommet)-eg meinte han kunne ha lånt ein tilhengar. Eg hadde lova at han skulle sleppe å male greinene på kverna, for dei er så harde og seige.
Mens han var på VØR og lossa av, rydda og raka eg, og begynte å klippe plenen med den elektriske klipparen.Og eg fekk klipt den ferdig med eit par pauser. Mens eg rydda alt på plass, kokte Nils middag-småsei. Eg måtte dusje før eg kunne ete.
Etter middag sov eg på altanen, og las lydbok. Eg har vondt overalt, for eg toler ikkje så godt slikt arbeid, men så vil eg så gjerne vere til nytte; blir vel bra om eit par-tre dagar.
Skal skrive meir om turen vår og legge inn bilde; det er ikkje sikkert eg blir ferdig i dag heller.

onsdag, september 17, 2014

Dagbok 2014: 17.september.

Klokka er 19.10. Temperaturen er + 16 grader. Eg kan ikkje anna enn glede meg over alt dette fine vêret, men ser ikkje fram til den dagen det skyar over.
Føremiddagen sosa eg vekk med rydding inne og prat med naboar ute. Alt som forgår ute er positivt, vi får tidsnok sitte inne. Var nedover ein liten tur. Var innom biblio og henta to bøker som dei hadde lagt til side til meg, og Nils var på bilbutikken og bestilte sørvis på bilen neste torsdag.
Vi laga tidlig middag, det vart steikt sei i dag.Så rippa eg bøkene eg hadde lånt innimellom.
Eg hadde prøvd å ringe Ellen Marie fleire gonger, men så ringde ho meg. Vi prata veldig lenge.
Ettermiddagen var sett av til hagearbeid. Nils slo opp mot vegen, og så gikk vi laus på ripsbuskane med saks og kvern. Vi har berre to buskar, men det vart mange greiner-no ser dei velfriserte ut. Nils var litt sliten i dag, det er travelt å køyre så langt på til dels svært dårlige vegar. Det forstår eg godt.
Vi tok det ikkje travelt, men pausa så ofte vi ville.
No skal vi slappe av, og så må vi sjå Idol. Vi heiar sjølvsagt på Jeki frå Straumshamn.
Skal skrive meir om turen seinare. Veit ikkje kor stor interesse det har for andre enn oss sjølve. Men det er no frivillig å lese.

Meir om turen. Dag 1.

Første stopp var Utvikfjellet. Der skein sola, og vi fann både blåbær,tyttebær og krekling. Eg "fall for" denne hytta med ei kreativ skorsteinløysing.

I Førde stoppa vi berre ei lita stund,der er jo stort sett berre butikkar i sentrum, men bak kjøpesenteret fann eg denne idyllen.

Karstad skule ligg på same staden som før, men det er ein annan skule, og no er området gjerda godt inne. Slik var det ikkje i "mi tid". Men naturen rundt skulen er like vakker som før-i alle fall nesten.
                                   Slik såg "min" skule ut.

Skulen ligg på eit nes som stikk ut i vatnet. Om vinteren frys vatnet ofte til, og den vinteren eg var der gikk ungane på skeiser i friminutta. Dei prøvde å lære meg kunsten, utan hell. 

Det eg ikkje likte var at dei hadde fylt stein ut i vatnet for å lage ein ballbinge der. Jorunn likte det heller ikkje. Ho trudde dei trong å verte kvitt steinen.

Då eg budde i Solheimsdalen var eg ung, og ikkje så oppteken av naturen som no. Eg sakna jamaldringar, kino og anna å vere med på. No når eg er gammal, ser eg betre kor vakkert der er.

Som sagt har det kome nye vegar sidan eg budde der. Vegen går heilt frå Førde til Askvoll. Mykje av vegen er ganske ny og fin til ein kjem til Stongfjorden. På denne staden dreiv engelskmenn aluminiumsverk, men det er slutt for lengst.

Etter Stongfjorden, var vegen gammal og smal. Det var berre å ta det med ro, men eg skal innrømme at eg sit med hjartet i halsen når vi fer på slike vegar.Litt etter litt nærma vi oss kysten, og det var no eit lyspunkt.Vi fekk sjå sola gå ned i havet, eit syn som fascinerer dei fleste av oss.

Vi var framme i Asvoll før klokka 20.00 og fekk det siste ledige rommet på hotellet. Der var det kjekt å vere, og god service. Vi fekk kjøpe oss middag med dessert og kaffi, så vi slapp å gå på leit etter kafear.Det var på dette hotellet pensjonistane i Ørsta budde i fjor då dei var på tur til Askvoll og Svanøy.


Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...