Klokka har passert 18.30, temperaturen ute er +13 grader C. I dag har vi hatt overskya vêr og regnbyger. Det vart ikkje så grufullt som eg hadde tenkt på førehand.No er det faktisk litt sol i fjella. Neste veke skal det visstnok regne noko kolossalt, men så er vi klar for finevêr igjen ?
Vi tok det litt med ro før vi for til Vik i dag. På Amfi var der veldig mykje folk, slik der plar vere om laurdagane. Vi trefte på Ruth og Harald og sette oss inn i kafeen og drakk kaffi i lag. Vi hadde mykje å prate om.
Nils hadde tatt opp ein rest av ertersuppe frå frysaren før vi for nedover. Og eg slo i hop ei pannekakerøre, så hadde vi dessert og kaffi også.
Eg la meg på sofaen med lydbok, "Billie" av Anna Gevalda. Den virkar veldig lovande.Omsetjaren,Tove Bakke, skal vere i Aasentunet komande onsdag og snakke om boka.Ho har gjort ein god jobb! Opplesaren, Silje Breivik, er eminent. Boka er på 4 CD-plater. Men i kveld blir det nok ein god del TV og ikkje så mykje bok.
I dag har det altså vore kviledag, men maskinene har både vaska opp og vaska klede.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.september
Klokka er no 19.27, temperaturen ute er+10 grader, det er nokså overskya, men opplett. I dag har eg gått her og tutla åleine og ikkje gjort...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Som kjent er eg den einaste som ikkje liker Anna Gevalda sine bøker. Ikkje har eg likt språket heller, sjølv om det er nynorsk som har fått mykje skryt.
Men eg skal sjølvsagt gi denne ein sjanse!
Denne liknar ikkje på dei andre, og det er ei sunnmørsstemme som les.
Legg inn en kommentar