tirsdag, januar 30, 2024

Dagbok 2024: 30.januar

Klokka er no 16.20, temperaturen ute hat falt ned til +2 grader og det er meldt uvêr nord om Stad. Så får vi sjå kva det ender opp med. Eg har kveikt i omnen og held meg inne, så det går vel bra.
I dag var Marit og eg på trening, og etterpå hadde ho eiy lite ærend på ALTI før vi køyrde heim. Det var nokså kaldt men fint vêr og sol lenger oppe på på fjellsida-der vi bur. Mens eg likevel var godt påkledd gjekk eg mosjonsturen min med det samme, eg gjekk oppover Storebakken, men då eg så kor mykje snø der enno er på Fonnvernet, slo eg frå meg å gå der(Bildet over)
Eg ville heller gå på bilvegen der det no var bert og isfritt, sola skein og det var fint, men eg trur knapt ho "kleiv honnjet" i dag. Eg gjekk nedover Fonnavegen og der trefte eg ei dame som eg gjekk i lag med ned til Olavsgata-så vart det ein runde i dag også.



Då eg kom heim skein sola fint inn vindua (som verkeleg treng ein vask)og eg fekk ein ide. Endeleg var det ver til å ta ut alle teppa på soverommet og få vaska der. Eg har fleire tunge teppe på golvet der og eg er lite i stand til å riste dei no, men  eg tenkte som så at litt rist er betre enn ingenting så eg sette i gang. Om det ikkje vart perfekt spå friska det opp i alle fall. Til middag i fdag steikte eg pannekaker, og det blir vel pannekaker til kvelds også, det er vanskeleg å lage små nok rører til ein person når ein er vant til å lage til mange.
No har eg sete og sett nyheiter på TV, det er ikkje oppløftande med tanke på krigane som raser. Eg strikkar langsmed no, og får ikkje så veldig låkt i handa; eg fekk no mange gode øvelsar med fysioterapeuten i dag. Eg kan  strikke, men med måte.
I morgon er det "heimedag", men torsdag skal eg til legen. Det er ikkje noko som feiler meg, trur eg, men eg skal ta nokre prøver to gonger i året. Og no bestilte eg time på dagen eit halvt år sidan eg var der sist, for ikkje å gløyme det. 
Eg har mykje som eg skulle ha gjot i huset, men eg får ta litt om gongen. Eg begynte så smått i går å rydde litt her og der.Eg fekk ikkje av garde alt som står i garasjen då eg var på VØR for eg visste ikkje akkurat kva som skulle kastast. Eg må ha litt hjelp med å finne ut kva som skal kastast t.d. av maling, boksar og spann. Der er også fiskeutstyr etc.

 

mandag, januar 29, 2024

dagbok 2024: 29.januar

                                           Dette er Olavsgata

Klokka er no15.51,det er overskya, skodde , men ikkje regn enno. Det kjem vel. Temperaturen er + 4 grader C-. I går kveld kom der nokre fæle vindrosser, så eg gjekk ut på altanen for å sjå omder var noko laust som kunne gjere skade t.d. på vindua. Det var der ikkje  og vinden stilna. Den for vel nordover. Eg har nettopp sete og sett korleis vinden har herja i Nord-Norge.

Etter eit par netter ned lite søvn, presterte eg å sove til klokka var 10.30 i dag, Det gjorde godt. Etter frokost køyrde eg ned i Vik og gjekk inn på butikken der eg brukar å ta synstest og kjøpe briller. Eg spurde om dei kunne reparere brillene som eg hadde med, og det gjorde dei fort og fint-og heilt gratis. Det var godt å få tilbake dei brillene etter å ha gått lenge med eit par gamle som ikkje er gode.

Eg skulle i grunnen ikkje handle noko i dag, men eg var innom Europris og kjøpte ein pakke med "tenn-posar" -eg treng det når eg fyrer i omnen. Eg hadde håpa på meir sol iog finever, så hadde eg ikkje trong å fyre i omnen-

Eg ville no gå tur i dag også, utan piggar, så det vat berre ein liten tur:  Starevegen.-Olavsgata-Starevegen. Og eg fekk i alle fall sett at dei store lerketrea som skygga for fjord-utsikta mi låg fint parkert i hagen der dei hadde stått. Eg skulle ønske at folk var litt flinkare å sage ned tre som skyggar for andre. Det gjeld sjølvsagt meg også. Eg fekk no fjerna tuja-hekken sist sommar, men eg har eit epletre som treng  å bli letta for nokre greiner. Det er berre det at eg kan ikkje klatre i tre lenger-og langt mindre sage. Det var Audun somvar den som sist saga epletreet




Eg gad ikkje å lage middag i dag, så eg tok eit par brødskiver, og så sette eg meg til å strikke framfor TV-en. Men så begynte eg å tenke på at litt kan eg no styre med sjølv om eine handa ikkje er heilt god. Til dømes kunne eg fylle opp bossdunken  med flasker og sylteglas. Eg har det med å samle på slikt i tilfelle eg treng det når eg skal sylte og safte. Men no ser eg i augene at det vert ikkje verken sylta eller safta så mykje her i huset no lenger, så eg begynte å fylle opp i bossdunken heilt til eg kom på at eg må no greie å få den opp til gata når bossbilen kjem.

Eg skulle no vore i gang med nedvask etc. slik eg brukar å vere på denne årstida, men eg har berre ei frisk hand enno, så eg må nok vente litt. I morgon skal eg på treninga og Ingvil(fysioterapeuten) skulle lage eit treningsopplegg for handa mi. I går var eg relativt bra, då strikka eg.


 

Det er bra bert på tunet no, men rundt omkring ligg det store snødungar. Eg prøvde å spade litt borti dungane, men det var ikkje så enkelt med berre ei hand, så eg gav meg på det.


søndag, januar 28, 2024

Dagbok 2024: 28.januar

Klokka er no 15.50, temperaturen er + 9 grader, det blæs; og på PC-en står det at det skal bli temperaturfall. 

I dag har eg hatt ein litt annleis dag enn i går. I går sat eg heile tida og trudde liksom det var søndag, eg kom meg ikkje til med noko og då eg la meg fekk eg ikkje sove før på morgonkvisten.

Men i dag hadde eg ein plan. Eg fann så mykje kjøtt i frysaren, slikt som eg hadde kokt til "Balldagen" i oktober 2022. Eg hadde tatt vare på restane og meinte at noko måtte vere brukande, så kort fotalt laga eg ball i dag.  Styrte på og laga ein stor porsjon. Så gjekk eg tur, Eg hadde tatt på meg piggsko og tenkte meg opp på Vernet. Men så trefte eg ei eg kjenner -ho braut handa i fjor. Vi blei samde om at det var best å halde seg på vegen. Ho fortalde også at ho hadde vondt i handa etterpå, men fekk hjelp med fysioterapeut. Eg skal til terapeuten min komande tysdag, og ho skulle lage eit treningsopplegg til meg. Eg kan strikke litt, men får låkt om eg strikkar mykje.

Då eg kom heim att frå turen på gater og vegar, blei det ballmiddag. Det var ikkje det heilt store, men det gjekk no ned. No har eg delt resten opp i to porsjonar som eg skal fryse ned i to kaseroller, til dagar då er eg veldig svolten. Eg fekk rydda litt i restar og så blei det stor oppvask for hand. Så i dag har eg no utretta litt.

Etterpå sette eg meg til å sjå ein ny episode av "Makta", men då sovna eg ei lita stund så eg mått sjå om att litt.

Marit er med Janne på korøving i dag, så eg skal mate Lollo, men ho kom ikkje då eg ropa på henne.

I dag har eg fått bildeappen til å virke litt igjen, men bilda blir ikkje så fine i mildver og vind. På bildet øvst oppe ser ein litt av den gamle slalåmbakken som var her då barna våre var små. Den har ikkje vore i bruk sidan.

No skal eg ha eit par turar ned i frysaren og så skal eg prøve å strikke litt i dag også. Eg har strikka to par lester etter at eg fekk av gipsen, men eg kan ikkje strikke mykje om gongen.

 


Det begynner å bli bert på tunet, men store snøhaugar både her og der.Dei smeltar vel ein gong.

lørdag, januar 27, 2024

Dagbok 2024;27.januar

Klokka erno17.00, temperaturen ute er + 6 grader, det regnar og det er alt mørkt ute, det degar, og eg held meg inne. Eg var ute og tok eit par bilde fraå trappa, men no ville ikkje datamaskina ha bilde i dag. Ein dag virkar det heilt greitt , ein annan dager det berre krøll.

I går hadde eg ein aktiv dag og fekk gjort mykje, men i dag vart det ingen ting gjort, for oppe i hovudet mitt har det vore søndag. Eg hadde kontroll på dagen til å begynne med og eg hadde så smått tenkt meg til Vik, men så var det vêret. Eg kom meg ikkje til med anna enn å gjere ferdig ein strikka-lest.

Men så laga eg meg skikkeleg middag i dag. I går var eg på Coop og der har dei den nydelige kryddersilda som eg er så glad i. Eg skulle kjøpe to pakkar men hadde tatt med 3. Så i dag vart det festmat med sild, poteter, gulrotstuing (fordi eg ikkje hadde kål)rødbetar og tyttebærsylte. Dette er favorittmaten min! Etterpå vaska eg opp alt rotet for hand før eg sette meg inn i godstolen, der eg blei sittande. Eg sovna ei lita stund også. 

Då eg vakna meinte eg det var søndag og begynte å lage planar for mandagen. Heldigvis er det fridag i morgon også. Men så blir det full veke med trening og legebesøk m.m.

Det er mildt og det regnar ute, men her ligg enno mykje snø att i digre dungar, og eg kan ikkje spade utover noko, for det toler ikkje handa mi.

Elles har eg tusen ting som skulle ha vore gjort, men det er ikkje alt eg kan styre på med når eg har berre ei god hand. Det vatr kjekt dei dagande eg kunne gå tur, så eg håper det lettar opp litt. Eg har no mykje selskap i TV-en og no skal serien om " Makta" gå vidare, eg har sett heile hittil på Serie-appen det er kjekt å sjæ fleire episodar etter kvarandre når ein først er i gang. Dei lyse dagane er korte-så kveldane blir lange. Men det er no slik det er. Kvart år. No skal vi snart over på Februar-og eg synest tida går fort.


 

fredag, januar 26, 2024

Bok nr.2 2024: Bonus

Dei tre siste bøkene eg har lese, har handla om livet til "moderne" menneske, eller sagt på ein annan måte: problem til menneske i vår tid. Først las eg Øystein si bok om problem som ein lærar kan oppleve, så las eg "Konfirmasjon", der vi møter ein far som er skild frå mor til dottera hans, som skal konfirmerast og no altså denne. Her er det Astri som har forelska seg i Anders og det er gjensidig. Problemet er berre at Anders har hatt eit forhold til ei anna dame, og dei har eit barn i lag. Astri må lære seg å vere saman med den vesle guten og til dels mor hans, dei vekene han er hos far sin. Eg må seie at eg forstår Astrid veldig godt, og fryder meg når ho set ord på tankane sine. Eg likte boka, men vart litt skuffa over slutten-den kom litt brått.

Dagbok 2024: 26.januar.


 Klokka er no 16.37, temperaturen ute er +4 grader C og det regnar. Så dagen i går vart berre eit lite solsteif. Eg diskuterte veldig lenge med meg sjølv i dag; skulle eg ta fredagsvasken -eller skulle eg køyre på VØR ?

Eg bestemte meg på å ta fredagsvasken i alle fall, og så sjå kva det vart til vidare.
Ja, det vart som eg tenkte, då eg var ferdig å vaske var det berre å gjere seg klar for VØR.
Eg har køyrt rundt med "boss" heilt sidan jul, og no ville eg kvitte det. Den dagen eg braut handa hadde eg streva med å få eit teppe inn i baksetet, eit heildekkingsteppe frå gangen nede, og så hadde eg diverse bak i bagasjerommet, men der var det eigentleg plass til meir. Men eg tok i alle fall og køyrde med det som var i bilen. 
Då eg køyrde forbi ho som sit i luka sa eg kva eg hadde og spurde om det ikkje var gratis. Det kom an på kva det var, og kven som var der, sa ho. Eg køyrde no inn på løda som eg kallar det, og der kom det straks ein veldig hyggeleg mann og eg spurde om han kunne hjelpe meg med teppet, og det gjorde han, etterpå sortete han det andre som eg hadde og sa kvar det skulle vere. Men mesteparten la han på plass sjøv. Då eg var ferdig var det berre ein ting igjen, ein sekk med hageavfall, men då eg skulle tømme den var sekken vekk. Det er så kjekt å møte folk som hjelper ein utan å gjere noko vesen av det. Eg trur ikkje den mannen var norsk.
Sidan eg var så langt heimanfrå, tenkte eg at eg kunne fare på EL-kjøp og sjå på oppladbare støvsugerar. Eg såg på dei som stod framme, men det var berre ein som var billeg nok. (Eg sjekkar slike ting på nettet for å ha litt peiling) -og det var heller ingen som var interessert i å ekspedere meg, så eg gjekk derifrå.
Eg gjekk på Plantasjen, ville sjå etter noko å ha i vinduet, men eg fann ikkje noko som passa. Men der var mange fine Primula -  og det var 4 til under 100 kr.for medlemmar og dei ville eg ha. Men eg måtte først bli medlem og eg hadde ikkje telefonen med. Men den hyggelege dama greidde å få det til. Så no er eg også medlem og slepp å sjå at Marit får meir for pengane enn eg. Til slutt handla eg litt mat på Coop. Så dette vart ein innhaldsrik dag for meg. No har eg ete litt og kveikt i omnen , så no skal eg ta helg.
Ønsker alle som er innom her ei god helg, sjølv om veret ikkje er så fristande-  til uteliv i alle fall.


torsdag, januar 25, 2024

Dagbok 2024: 25.januar


 Klokka er no 17.34, temperaturen ute er+1 grad,. Det har vore fint ver og sol i dag. I går var det liksom alt var gale, i dag har det meste ordna seg.

Det er to ting eg ikkje likar å ha problem med, det er pengar og PC- Eg har ikkje høyrt meir frå banken, så no håper eg alt er i orden; og til mi store glede greidde eg i dag å få orden på bilda på PC-en. Det som var saken var at der var for mange bilde , så eg måtte kjøpe plass om eg ville ha der fleire. Det ville eg ikkje, så eg sletta bilde med hard hand og fekk programmet til å virke igjen. Då var eg veldig fornøgd med meg sjølv- I 11-tida køyrde Marit og eg på butikken og handla. Bilen min står enno i grasjen , nesten ferdigpakka til tur på VØR. Eg må sjå om eg kjem meg bort i morgon, viss veret held seg nokonlunde bra. Som eg sikkert har skrive før heldt eg på å fylle boss i bilen den dagen eg braut handa- og der står den enno. Ja, eg har no hatt nokre turar med boss i bagasjen også.

I dag var det fint ver til å gå tur, men eg tok på meg piggsko likevel, det er is mange stader, så det er best å vere godt skodd. Eg gjekk opp Storebakken i dag, opp i sola og der trefte eg ei venninne frå pensjonistlaget. Ho er 92 år gammal og heilt klar i toppen. I dag hadde ho rullator, men andre gonger kan ho ha spark. Ho fortalde at ho nyss hadde hatt ein hjerte-operasjon, men var bra no. For to år sidan datt ho og braut foten på 90 -årsdagen, men det var ikkje så lenge før ho var bra.

Vi vart ståande å prate ei god stund -i sola., og så kom der ei anna som eg kjenner frå treninga. Ho lurte på kor det gjekk med meg etter fallet, ho hadde sjølv dotte på same staden ein gong. 

Det vart til at eg gjekk i lag med pensjonist-venninna mi neg Fonnavegen, for ho bur der.På  Fonnavegen er det bert, og eg gjekk ned i Olavsgata og heimover.

Olavsgata er frykteleg lang når ein står i eine enden,men eg gjekk ikkje heilt ut, men tok av og gjekk opp til Starevegen.

Då eg kom heim kom sola att inne i stova, og det er berre så triveleg å få sola tilbake. Eg laga meg ein stor og god middagsmat, med kyllinglår og ris. Og eg vart nesten FOR mett, men eg fekk no rydda opp og sett på oppvaskmaskina. Den er ferdig no, så det blir å plukke på plass.

Eg har no sett heile serien om MAKTA, før har eg berre sett litt no og då. Eg kan ikkje seie at eg hugsar så mykje frå den tida, men eg hugsar namna. Eg ser at der skal komme fleire episodar seinare. det blir vel til at eg ser dei også.





onsdag, januar 24, 2024

Dagbok 2024: 24.januar

 



Klokka er no 15.20, temperaturen ute er +5 grader og det regnar litt; det einaste som er positivt er temperaturen, men det skal ikkje forundre meg om det kjem snø igjen.

Hittil i dag har det vore mykje tull og irritasjon først og fremst med datamaskina.(Korfor skal Rasmus vere så langt borte?)

Eg plar sjekke maskina kvar morgon for å sjå om der er mailar etc. til meg. I dag sa maskina i frå om at eg måtte legge inn e-posten  på nytt. Etter litt styr fram og tilbake fekk eg ny konto, og der låg alle "brev" eg har fått på denne maskina.

Det tok ei evigheit å slette dei, og eg veit ikkje om eg er heilt ferdig enno. Men det er i alle fall i orden no,trur eg.

Eg sette på ein klesvask og støvsuga på stova, strikka litt også. Og så gjekk eg tur, same turen som i går , men motsett veg. Eg gjekk i piggsko i dag også, og det trong eg på dei vegane som ikkje vert så mykje pløgde.

Då eg var heime igjen laga eg meg mat,hengde opp klesvasken m.m. Så tok eg nokre bilde for å ha på Bloggen. Men i dag ville ikkje maskina ha bilda, ho tok dei inn , men så var det stopp- eg fekk ikkje flytte dei dit dei skal. Maskina sa kvar eg skulle flytte dei, men då eg gjorde som ho sa, var det dessverre ikkje muleg-sa ho. Eg føler at eg slost med maskina rett som det er. Eg skulle ha sletta heile bildebehandlings appen og lagt inn på nytt. Det er ikkje noko anna som irriterer meg meir enn datatrøbbel.

Ja, eg er no ikkje heilt fornøgd med handa mi heller. I går kveld var den så bra at eg kunne strikke, men eg gjorde vel litt for mykje av det, for etter ein liten pause, ville ho ikkje meir.

I morgon er det ikkje trening, men Marit og eg skal ta oss ein tur på butikk  m.m. Det kan kanskje bli kjekt.

tirsdag, januar 23, 2024

Dagbok 2024: 23.januar



Kl.er no 15.22 temperaturen ute er + 3 grader C. det er skya men opplett , og ei lita stund fekk vi litt sol i Os-skaret, og som de ser er all snøen borte på altanrekkverket. Gatene er nesten berre, men litt is er der i dag også.

Eg brukte mykje tid på datamaskina etter frokost i dag. Eg får så mange meldingar på telefonen, det er rekningar som ikkje er betalt etc. Det er mykje tøv. men eg prøver no å finne ut av det. Men det irriterer meg å få krav på det som alt er betalt.Eg ringde også og bestilte time hos legen den 1.februar, då er det eit halvt år sidan sisteg tok prøve.

Eg gjekk ein tur på gatene på Vallabøen i dag også, eg kunne ha gått utan piggsko i dag, men eg valde å vere heilt trygg, og eg høyrde andre også som gjekk på piggar

Då eg kom heim att fekk eg telefon frå fysioterapeuten min,ho ville vite korleis det gjekk med meg og handa. Ho held på å lage til eit treningsopplegg til meg. Men eg kjem ikkje på trening før neste tysdag, for torsdag skulle det ikkje vere trening for nokon.

Eg sette på ei panne med risgraut i dag, det var lenge sidan sist eg kokte graut no, og mens grauten kokte festa eg trådar opå ferdige leste, og la opp ein ny. Det går bra å strikke litt viss eg er forsiktig. Eg har mykje eg ville ha gjort men det får stå på vent så lenge.

I går begynte eg å sjå Serien "Makta" eg har sett litt langsmed, no skulle eg ta heile tenkte eg, men eg veit ikkje om det blir noko av, Eg veit ikkje om det er så interessant, for eg har gløymt  korleis det var den tida. Eg held på å lese ei bok på senga og den likar eg betre. Førre veka fekk eg ikktil sudokuane i Møre-Nytt. dei var litt annleis enn vanleg. Men den som kom i avisa i dag, løyste eg lett i går kveld.(Har avisa på nett-også)



Eg kom andre vegen gjennom Starevegen i dag, som de ser er snø og is stort sett bort frå asfalten.Men mykje snø er att på sidene.


 

mandag, januar 22, 2024

Dagbok 2024:22.januar

                                                               Starevegen heim


Klokka er no16.20, temperaturen ute er  + 6 grader. Det regnar og det blæs, det surklar av smelta snø i takrennene  og det kjem sterke vindrosser innimellom. På PC-en min står det at det skal bli regn og snø i morgon. Ei stund sat eg og lurte på om det kunne komme ras her eg bur, men det er tvilsomt-

Tidleg på dag var det såpass ver at eg fekk rydda litt på tunet, for der var det litt av kvart på villspor. Eg hadde på meg piggskorne og så hadde eg utover litt av strøsanden, så eg gjekk trygt. Det eg er glad for er at eg tok og gjekk ein runde på Vallabøen mens det var rimeleg vêr. Alle vegane var sanda meir og mindre og eg hadde framleis piggskorne på-likevel måtte eg passe godt på. EG VIL IKKJE DETTE MEIR ! 

Og eg kjem ikkje til å gå på trening i morgon, for handa er ikkje heilt god. Eg prøver å rydde diverse i huset og, men det er ikkje så enkelt. Synest det er rart at ikkje handa kjem seg. Då eg braut høgrehanda hadde eg noke støttande som eg hadde rundt handleddet. Det fann eg fram den dagen eg braut, men det var til høgre handa, Eg snudde det og hadde det på venstre og det gjekk bra. Men kvar vart det av? Eg hadde det ikkje med meg då vi for til legevakt og sjukehus, og eg finn det ikkje att her heime heller.

Til middag hadde eg resten av suppa som eg laga i går, og så settee eg meg til framfor TV og såg nyheiter.  Eg har ikkje følgt med i serien "Makta" -men no tenkte eg at eg kunne sjå den som "serie" og då får eg teksta den. Eg har sett ein episode, og det var nok for i dag trur eg. Eg har strikketøyet liggande og strikkar nokre "rundar" av og til, det er veldig irriterande å ikkje kunne strikke så mykje eg vil. 

Eg har også "Spanskleksa" liggande framfor meg så eg kan lese litt av og til. Eg lærer så seint no-då eg var barn og ung hadde eg veldig lett for å lære utanboks-men no er det berre sorgen. 



                        Eg rydda litt meir etter at eg hadde tatt bilda.

søndag, januar 21, 2024

Dagbok 2024: 21.januar




 Klokka er no 16.35, temperaturen ute er +5 grader, det er overskya men ikkje nedbør. Snøen smeltar, men det tek si tid. Eg klør i fingrane for å hjelpe til, eg har prøvd å bruke spaden, men det går ikkje. I går kveld blei eg litt for ivrig og strikka for mykje. Eg hadde også spada laus bilen på føremiddagen, så handa var ikkje heilt god, det er ho ikkje no heller, så eg sit med hendene i fanget utan å gjere noko. Det er litt uvant- og kjedelig.

Men uansett så går tida fort. Eg såg gudsteneste frå Fosnavåg-kyrkja i dag, og der var det liv, med masse ungar som song..Litt annleis enn når  eg var med mamma i kyrkja og måtte sitte så stille som ei mus. Noko eg aldri har klart.

Til middag i dag laga eg meg grønsaksuppe med pølsebitar. Det er slik mat som eg lagar når eg er åleine og det er vinter.

Margrete kom med ein heil liten sekk med "strøsand" i går, eg skulle hatt lyst å strø litt utover tunet , men det får vere til i morgon- Det er framleis vinter og framleis tidleg mørkt, men så lenge det er varmegrader smeltar isen og snøen.  Om det får smelte ferdig før det blir kaldt igjen-det er eit spørsmål. Eg går og ventar på at det skal bli ver til å køyre på VØR, bilen min er full av boss som eg skulle ha bort den dagen eg braut handa. Men eg har meir som eg skal ha med også- og så er det den handa. Eg trudde den skulle vere bra no.......men nei.

Det er veldig lite ein får gjort når ein har berre ei hand, og det er merkeleg kor arbeidslysta stig når ein ikkje kan gjere så mykje. Men ein tilng kan eg gjere, og det er å lese på spanskleksa til 13.februar, til det treng eg ikkje hender.

Det er mange som meiner at januar er den lengste månaden i året, men i år synest eg den er kort den også, berre vel ei veke att. Og blir det kaldt no så får vi sol i alle fall.

lørdag, januar 20, 2024

Dagbok 2024: 20.januar





 
Klokka er no 17.40, temperaturen ute  er +2 grader C, og det er von om å bli kvitt noko av snøen, for vi har meir enn nok. Det var veldig fint ei stund på føremiddagen, med sol i fjella og heilt inn i stova, ei lita stund.

Egskulle ein tur på butikken, så eg måtte ha ut bilen, det gjekk på eit vis, men eg måtte spade litt. Då eg kom heim fekk eg melding frå Margrete om at ho ville komme på besøk. Det var no veldig kjekt, men eg hadde tid til å gå ein liten runde før ho kom.
Ho hadde kjøpt med seg gode kaker, så vart det kaffi og mykje prat. Det er ikkje så ofte vi treffer kvarandre no om vinteren. Hundane var att heime.
Margrete hadde også kjøpt med ein sekk med strøsand, som eg har dersom det blir glattis igjen -håper på litt snø- og is-smelting no framover.
Då eg gjekk tur i dag hadde eg både piggsko og stav, så eg tek ikkje sikte på å dette meir i år. Handa mi er no ganske bra, men ikkje heilt i orden enno. Eg greier å strikke - så det er no eit pluss. Og i kveld blir det meir MGP så får vi sjå om der er noko vi likar.



                   I dag fekk eg solsskinn i stova for første gong i år-

fredag, januar 19, 2024

Dagbok 2024: 19.januar


 Klokka er no 17.00, temperaturen ute er minus 4 grader, det er nokså klårt på himmelen for eg såg månen tydeleg då eg var ute for litt sidan og henta ved i garasjen. Månen var mykje større no enn sist eg såg han. men full var han ikkje.

Eg stod opp i halv 9 tida i dag, men då eg såg all snøen som hadde kome i løpet av natta, gjekk eg og la meg igjen -i protest.Men eg låg ikkje lenge. Då eg stod opp for godt såg eg at naboen dreiv og fresa tunet mitt, og det er no veldig snilt gjort. I fjor moka eg mykje sjølv, men eg trur ikkje det var så mykje snø då. Eg har prøvd no også, men kjenner at handa ikkje toler det, så eg får berre takke og vere glad for alle som hjelper meg.
I dag var det  fredagsvasken eg tok meg av. Og no greier eg å bruke begge hendene. Då eg var ferdig å vaske kom hjelper nummer 2, det var Geir med "mokebilen" sin   der det ein ATV ? I alle fall køyrde han seg litt fast, så eg var ut og snakka med han. Då fortalde han at han hadde vore på sjukehuset og blitt sydd i hop att etter at han hadde falt med bakhovudet på isen.
Det er vanskeleg å få moka for hand no, for der som eg brukar å legge frå med snøen, der er det heilt fullt, og så ligg ikkje snøen heilt inn til huset slik den plar, så det er mindre plass på tunet enn vanleg. Men det skal viss snart bli mildare, så kanskje snøen smeltar.
I dag hadde eg att middag frå i går så det vart eit lettvint måltid. Men eg vart så trøtt etter maten at eg trur eg var borti og sovna då eg sette meg inn i godstolen. Det er noko som eg har begynt med no i det siste.
Elles så strikka eg ferdig ein lest i gå, så no har eg eit par ferdig, så skal eg strikke fleire, for eg har rikeleg garn no, men eg kan no ikkje overdrive strikkinga heller før handa er heilt god.
Eg fekk ikkje til sudokuen i Møre-Nytt denne veka. Det har vore veldig lette oppgåver no ei stund, men brått kjem det ein sort som eg ikkje får til, så no kan eg ikkje lenger seie at eg har løyst alle sidan dei begynte- 

Viss det blir bra ver i morgon, tek eg ut bilen og køyrer på butikken, eg skulle ha vore på El-kjøp og kjøpt ein støvsuger, men det får vere til det blir mildare i veret. Bilen er framleis full med ting og tang som skal på VØR, men eg skal ha med enda meir når eg blir litt sterkare i klypa.
I morgon skal eg berre kjøpe matvarer.
Eg veit det er fredag i dag, men eg trur det er laurdag likevel. I alle fall vil eg ønske alle ei god helg. Og ver forsiktige på glatta!



torsdag, januar 18, 2024



                                               Snø på trappa
Klokka er no 16.06,Temperaturen ute er  minus 2 grader og det har snødd mykje i dag også. Eg sov godt sist natt og stod opp i skikkeleg tid i dag. Det hadde snødd mykje i natt også. Men til mi store glede kom Torbjørn og fresa tunet mitt,, men det slutta ikkje å snø.

Det var snakk om at Einar ville ha seg ein tur til Ørsta i dag, men det kom meir og meir snø, så eg visste ikkje korleis det ville arte seg på sikt. Men Einar bestemte seg for å kome og eg laga middag som han og eg skulle ha. Eg brukar å lage opp litt kjøttkaker og ha i frysaren, så er det lettvint å lage til eit måltid. Det er blitt eontradisjon. Einar moka litt han også, men det snødde heile tida så det var ikkje mykje hjelp i. no er det meldt mildare ver, så då blir det vel nokre dagar med snø og slapseføre.

Marit for på trening i dag , men eg stod over. Handa er no ganske bra , men ikkje heil slik ho skal vere. Plasteret som fysioterapeuten hadde på meg , datt av og det var berre bitte små arr- men brillene må på reparasjon. Eg har dei nest nyaste brillene no, det er ikkje så mykje skilnad på dei. Eg må vel til kontroll i løpet av våren , sidan eg skal fornye førerkortet i mars. I nmorgon er det fredag, og så er vi ei veke lenger inn i det nye året. 

I dag fyller barnebarnet, Håkon 30 år, eg hugsar veldig godt den dagen har vart fødd-i OL-året 1994. Det vat ein kald og fin vinterdag. 30 år går fort!!!

Eg har eit strikketøy og ei spansklekse liggande framfor meg på  eit bord når eg ser TV innimellom.Vi skal starte opp att med spansk midt i februar,så vi har litt tid å øve på det vi skal kunne til då.

Oppvaskmaskina står på og tek oppvasken i dag. I morgon er det fredagsvask.



 

onsdag, januar 17, 2024

Bok nr. 1 -2024: Konfirmasjon


 



Når ein ikkje kan styre med så mykje, og heller ikkje kan strikke heile tida, då kan ein lese ferdig boka ein begynte på i fjor.
Dette var ei bok eg likte godt. 

Dagbok 2024:17.januar

 







Klokka er no 18, temperaturen ute er minus 9 grader C, det har kome litt meir snø i løpet av dagen, men for det meste har det vore opplett. Viss det hadde vore klårt så hadde vi få sol i stova i dag, men så vel var det ikkje.

Eg var litt spent på vestrehanda i dag, lurte på å ta ein tur på legesenteret og få dei til å sjå på den der, men slo det frå meg. Handa er hoven, det er lett å sjå, men eg syntest ikkje den var så vond at eg måtte gjere noko med det. Men i morgon går eg ikkje på trening, det er ingen vits i det når eg ikkje kan gjere alt slik det skal gjerast. Eg synest hevelsen har gått litt ned sidan i går, men eg er ikkje sikker.

Eli har lagt inn lekse til oss på nettet, vi skal starte opp med spansk den 13. februar, og til den tid må vi ha oppgåva i boks. Det var heilt greit for meg å ha dette å jobbe med, når eg ikkje kan gjere så mykje anna.

Så var eg opp til Marit ei stund og drakk kaffi og prata. og slik gjekk denne dagen. No har eg på TV og skal sjå på alt det vonde som skjer i verda. Då blir ei vond hand eit veldig lite problem.

Det er meldt snø i morgon, så då kjem eg meg kanskje ikkje ut i det heile tatt, elles så har ei ei rås frå huset til garasjen  der eg har veden min. Det er godt å ha nokre gode kubbar i omnen når det er så kaldt. Det har snødd litt men ikkje så mykje at det må mokast enno i alle fall.

Det skjer ikkje så mykje når eg er her heime, og det kan eg no vere glad for, men eg har ei bok som eg har lese på senga ei stund, den reknar eg med å bli ferdig med i dag.







tirsdag, januar 16, 2024

Dagbok 2024: 16.januar,

                                                                 Vallabøen i går.
           

                                            Klokka er no17.05 , temperaturen er ca 3-4 grader  minus, og på datamaskina mi står det:"Snø i morgen"- jau takk vi får vel rikeleg av soerten i år også. Viss det hadde vorte klårt i morgon , hadde vi hatt sol. Men det ser ikkje ut som om vi får det, nei.

Eg sit og er litt irritert no, for tommelen på venstrehanda, den som eg braut, vart brått så vond, at ein skulle tru den var broten den også, men eg trur ikkje eg har gjort den noko.

Eg skulle køyre til treninga i dag, men då eg rygga bilen ut av garasjen presterte eg å svinge litt for mykje til eine kanten så eg sette meg fast i snøen. Marit overtok køyringa, og då vi kom heimatt moka eg billen fram. Snøen var tung og frosen, så det kan vere grunnen til den vonde tommelen. 

Marit og eg handla litt på KIWI før vi for heim. Og i dag skulle eg lage meg litt god middag, nemlig "Pasta Carbonara." Eg hadde skeia ut og kjøpt litt bacon i dag. Eg laga sjølvsagt for mykje, så eg har litt til i morgon også. Etterpå vaska eg opp for hand. 

Eg begynte på sudokuen i Møre Nytt i går kveld, men kom ikkje i mål. I dag sette eg meg til igjen og skulle gjere den fedig-det skjedde ikkje, men eg gir aldri opp, så eg skal prøve igjen. Eg blir berre litt irritert over at eg brukar så mykje tid på slikt.

No har eg no fått på TV-en og sett litt nyheiter, det er ikkje så oppløftande. Det gjer meg bortimot rasande at folk med vitande vilje set i gang krigar der barn og vaksne må lide og kanskje dø, då blir mine problem veldig små i samanlikninga. Eg skulle strikke ferdig ein lest i dag, men det må eg kanskje slå i frå meg. I morgon trur eg ikkje at eg har noko spesielt å gjere,det er rettnok på onsdagar det er kurs for pensjonistar i bruk av data og telefon. Men i morgon er det banken som held kurset og dei har eg høyrt før. Eg håper at handa vert betre i morgon slik at eg kan få gjort noko i huset- Inntil vidare fyrer eg i omnen og ser TV-utan å strikke.





mandag, januar 15, 2024

Dagbok 2024:15.januar





Klokka er no 17.00,temperaturen ute er minus 6 grader C, det har vore ein fin og lys dag, ikkje sol her eg bur, men no ser eg månesigden på himmelen. Dette er det eg vil kalle typisk januar-ver.

I dag hadde eg eit ærend til Vik, så eg var glad for at ein eller annan hadde moka tunet mitt, slik at eg kunne køyre ut med bilen. 

Eg hadde eit viktig ærend i banken, så eg utstyrte meg både med piggsko og støvlettar, for er risikerer ikkje å dette meir og eg kan ikkje gå inn i bank eller butikk med piggar.

Eg var heldig då eg kom i banken , for der trefte eg ein som eg kjenner frå tidlegare besøk, og han er veldig hyggeleg. Ærendet mitt i dag var enkelt, så eg vart der ikkje lenge. Då eg skulle gå minte han meg på at eg måtte ta med veska og skona mine, ja eg kunne gått utan å sakne verken det eine eller andre, før det var for seint.

Eg var ein tur inn på ALTI for moro skuld. Eg handla litt på Bunnpris, men det var ikkje så mykje eg trong. Eg køyrde like godt heim att med det samme, men snart var eg på beina igjen og i dag gjekk eg ein relativt lang tur på Vallabøen; eg går ikkje på Vernet når der er så mykje snø. Eg såg på kalenderen då eg kom heim, og fann ut at det var minst 5 veker sidan eg har vore ute og gått.

Eg laga ikkje middag i dag men tok eit par brødskiver. Eg sette meg inn for å sjå TV og drikke kaffi men eg trur eg sovna eit par minutt.

Det blir ikkje gjort anna med meg resten av dagen/kvelden enn å strikke litt og fyre i omnen og ha det godt og varmt. Eg kan ikkje strikke så mykje som eg har lyst til, for handa er ikkje heilt bra enno. I morgon reknar eg med at vi skal på trening.Og så vaskar eg klede i kjellaren, kom eg på.



                                 Frå toppen av Storebakken mot aust.


 

søndag, januar 14, 2024

Dagbok 2024: 14.januar





 
Klokka eg no 16. 25, temperaturen ute er rundt 0 garder C ,snøen lavar ned,  brøytekantane er høge, snøen er tung og våt, og eg har tenkt meg ut med bilen i morgon. Det hadde ikkje vore så gale viss eg hadde hatt to friske hender. Det har eg for så vidt, men eg torer ikkje å måke snø med den handa eg braut føre jul. Men det blir vel ei råd.


I dag har eg også vore heime åleine, men det er heilt i orden. Eg fyrer i omnen, strikkar og ser TV. Det var no ekstra kjekt med TV i dag då dei fekk ny konge i Danmark. Eg meiner at eg hugsar då Fredrik den9. døde og Margrete vart dronning, det er no berre 52 år sidan- Og så begynte eg å tenkje på dei dansk/norske kongane som var no både sånn og slik. Eg har lese ein del om dei, men hugsar ikkje kva bok det var eg fann dei i,- eg har no faktisk studert historie grunnfag ein gong i tida.
Middagsmat hadde eg att frå i går, så eg vart sittande å strikke meir og mindre,eg greier å strikke ei stund,men så vert handa låk og eg må ta pause.
Eg har lenge hatt problem med bilde på PC-en Eg har brukt samme bildebehandlinsprogrammet i mange herrens år, og så blir det lagt inn eit heilt anna program som eg ikkje har bedt om, og det programmet har eg mykje plunder med.
På føremiddagen i dag var det veldig fint ute ei stund og det var rett før eg såg sola, den skal komme att denne veka men det kjem an på veret kva tid vi får sjå henne.Vi har ofte sett sola første gong i året på fødselsdagen til Håkon.
No ser eg ein liten månesigd på himmelen,det ser ut til at han skal vekse seg stor og rund.

lørdag, januar 13, 2024

Dagbok 2024:13,januar- Tjuande dag jul



Klokka er no 16.48, temperaturen ute er+ 1grad og det er snø og slaps  på tun og gate, Regnar litt innimellom gjer det også, så det er ikkje fristande å fare ut. Eg hadde så smått tenkt medtil vIk i dag, men slo det fort frå meg då eg så kor det såg ut ute.

Det er no alltid nok å finne på å gjere for dei som vil. Eg har no prøvd å strikke litt innimellom , men handa likar det ikkje. Eg fann ut at eg kunne rydde og vaske nokre skuffer på kjøkkenet, eg fekk tatt tre skuffer før handa nekta. Ho likte ikkje å vri klutar. Eg har fyrt i omnen i dag og hatt det koseleg og varmt.

I dag laga eg skikkeleg middag til meg sjølv, det vart middagspølser med heimelaga potetstappe. Eg greidde å skrelle potetene, så det gjekk bra. Eg har nok til i morgon også. Etter at eg hadde ete sette eg meg inn i godstolen og slappa av. Eg skulle prøve å lese i ei bok eg held på med, men då ville eg berre sovne. Eg strikkar nokre omgangar innimellom og tek  fingergymnastikk. Ein gong blir vel handa heilt bra-får eg håpe.  Men eg kjeder meg ikkje for eg har no TV-en.

Isen hadde begynt å smelte på tunet, men no kom det snø oppå så då veit ein ikkje kvar det er trygt, men eg går med piggsko og stav og føler at det er trygt.

Eg har ei Dagbok som eg har fått av Rasmus, det er ei bok for 5 år, eg brukar den no på 4. året og dpå kan eg sjå tilbake på korleis det har vore dei tre åra før-

Ei lita prøve: 13.januar 2021: Minus 10 grader. Fint og klart

13.januar 2022: +5 grader C, Gyda( Eg går ut frå at det var eit uver)

13.januar 2023: minus 3grader C Skodde/ fint

Når eg ser gjennom boka er det veldig vekslande ver og temperaturforhold frå det eine året til det andre. I fjor var det mykje fint ver i januar.

No har eg laga meg kaffi, men sidan eg ikkje laga kaker til jul, må eg klare meg utan, og det er sikkert det beste. 

Oppe i hovudet mitt har det vore sundag i dag, så i morgon blir det vel reprise.


Eg har Even-ved i garasjen, så eg slepp å gå langt for å hentebrensel-

fredag, januar 12, 2024

Dagbok 2024:12.januar



 



Klokka er no 17,20, tempreraturen ute er + 4 grader C, og eg trur det har vore opplett, men eg veit ikkje, for eg held meg inne. Snø og is har smelta ein del, men eg måtte ha piggsko når eg gjekk og henta posten i dag også. På bildet over ser vi at snøen har smelta oppe på altanrekkverket, Den snøen/isen som var der var ikkje råd å få laus, men eg høyrde på vermeldinga ista at vi skal få snø igjen.
Ja, det vert vel ikkje vår enno. Eg ser i dagboka mi at vi fekk første solstålane inn i stova den 14. januar i fjor, men den 18. skal den i alle fall ha kome tilbake. Det er ikkje enkelt å tidfeste slikt for veret varierer frå år til år.

I dag hadde eg tenkt å stå opp i skikkeleg til og få gjort eik skikkeleg dagsverk. Ja, det er lov å håpe, men eg vakna klokk 10.30.
Fredag er det vask av kjøkken og bad, dei siste tre fredagane hadde eg berre ei hand, men kom igjennom planen. I dag stilte eg med to hender, men venstrehanda var ikkje heilt god. Då eg var ferdig med vask og middag, måtte eg berre sette meg i ro og sjå TV for handa var hoven og vond. No har eg sete i ro lenge og sett TV og drive med fingergymnastikk, så no eg handa betre og mindre opphovna, men eg trur ikkje eg skal strikke i dag. Eg strikka kanskje for mykje i går kveld- Elles har eg det bra. Det einaste som eg stressar litt med er at eg må på VØR og tømme bilen for boss, men det må vere til over helga for i morgon er der stengt.
Eg såg på vermeldinga at det skal bli litt kaldare og så skal vi få meir snø. Eg skulle hatt lyst til å rydde litt i snøen som ligg her, men torer ikkje for handa sin del. Eg er litt handkappa enno.
Men no er eg i alle fall ajour med dagane , så eg kan ønske alle ei god helg. Eg kavar med bilda på datamaskina, av og til får eg tak i dei, andre gonger ikkje.



torsdag, januar 11, 2024

Dagbok 2024: 11.januar

 



Klokka er no 15.27, og det er kanskje litt tidleg å oppsummere dagen, men denne dagen begynte nokså tidleg, så eg reknar ikkje med at det skjer så mykje meir i dag- Temperaturen ute er +2-3grader og det regnar på isglatte tun og vegar, men somme stader er det sanda.
Eg vakna bra tidleg av meg sjølv i dag og stod opp i 8 -tida. Marit og eg hadde avtalt å fare på trening i dag og Marit skulle køyre. Etter at eg hadde ete frokost, kledd på meg etc. ringde Marit og sa at ho kunne ikkje køyre for det var så glatt oppe med henne at ho kom seg ingen veg. Eg talde på knappane, og fann ut at eg skulle prøve å få bilen ut. Den har stått nesten ferdigpakka til å køyre på VØR sidan den dagen eg braut handa. Eg sjekka korleis det såg ut inne i bilen og fann ut at eg kunne køyre. . Og eg køyrde bilen opp til gata, gjekk med piggsko og stav nedatt og kledde meg ferdig . Eg fann ut at det gjekk heilt fint å køyre med piggsko på, men eg hadde støvlettar med meg i ein pose-.

Eg kom meg velberga ned til treninga, men der var det også is med vatn på så eg gjekk med piggsko inn, før eg tok på meg trenings-skorne. Det var kjekt å vere tilbake sjølv om det var mange som ikkje var der. Eg fekk no trena litt, mest beina som har hatt det roleg lenge. SÅ vart det på med piggsko igjen og eg køyrde opp til KIWI der eg handla. Då måtte eg ta på meg andre sko før eg gjekk inn i butikken, og piggsko når eg gjekk ut att.Men så var det berre å køyre beint heim og parkere i garasjen, letta og glad for at alt hadde gått bra.

Eg rydda på plass varene, henta litt ved i tilbygget og kveikte opp for å få det skikkeleg varmt. Så laga eg middag.I dag skulle eg steike fiskekaker frå Volda fiskemat. Eg har ikkje ete fiskekaker sidan eg laga dei sjølv av fisk som Nils hadde fiska. Men desse som eg hadde i dag smaka ingen til, ikkje fisk ikkje salt, ikkje krydder-absolutt ingenting. Og eg har til eit måltid til. Eg hadde melk som gjekk ut på dato i dag så eg laga risengrynsuppe med rosiner til dessert. Det vart så mykje at eg har i morgon også.

Etter så mykje styr og mat måtte eg slappe av i godstolen med TV på full guffe. Eg veit ikkje om eg var borti og sov litt.

I går kveld ville eg prøve å strikke, så eg tok ein halvferdig lest og prøvde og det gjekk bra, men eg likte verken garnet eller pinnane  så eg rekte opp att lesten og begynte på ein annan, med tynnare garn og bambuspinnar, det gjekk mykje betre, så no skal eg halde fram med den

Bambus-pinnane gjer at det blir på ein måte mjukare å strikke, og det er bra, for handa mi er no ikkje 100% bra. Men det er ikkje så langt ifrå. Når eg blir litt sterkare i handa , må eg bort på VØR med alt bosset mitt.I dag køyrde eg med eit gammalt golvteppe i baksetet. Eg er glad for å vere ferdig med dei 4 vekene i gips.



onsdag, januar 10, 2024

Dagbok 2024; 10.januar

 



Klokka er no 18.18, temperaturen ute er+ 1 grad og så vidt eg veit er det opplett. 

I dag har eg ikkje vore lenger enn ut på tunet, og der var det glatt, så eg måtte ha både piggsko og stav når eg skulle få bossdunkane på plass etter tømminga.

Dagen i dag har eg brukt til å få litt meir orden i huset, men eg er ikkje i mål enno. Det er langt igjen. Eg har støvsuga og tørka støv etc. Det går fint med handa, den er nesten heilt bra, og eg har prøvd å strikke litt, det gjekk ikkje heilt bra, men det var ikkje handa sin feil. Legen sa at eg skulle bruke handa.

 Eg trur eg vert med Marit på trening i morgon. Det er ho som skal køyre og så skal vi handle, akkurat slik som vi brukte å gjere det i fjor og åra før det. 

Eg har sete og sett TV ei stund, mens eg prøvde å strikke, det vert så tidleg mørkt , så "arbeidsdagen" er ikkje lang. Bilen min står i garasjen oppfylt med diverse som skal på VØR, eg veit ikkje kva tid eg kjem meg dit, men eg kan no ikkje køyre rundt med boss i bilen. Ja, det blir vel ei råd. Eg kan no ta ut att bosset og ha det liggande ein eller annan plass.

Eg har ikkje så mykje å skrive om i dag. Det skjer ikkje all verda når eg går her åleine. Og det er kanskje det beste.

Bildet over har eg lagt ut på Facebook, eg syntest alle måtte få sjå kor lettvint ein kan pusse gamle koparkjelar m.m. All koparen og messingen eg har vart ståande upussa i jula. Men då Solveig var innom ein dag, sa ho kva ho brukar å gjere. Ho puttar koparen inn i oppvaskmaskina og vaskar den i lag med andre ting. Det gjorde eg i dag. Og resultatet vart fantastisk. Eg skal prøve det samme med messingen og sjå om det går like bra.

tirsdag, januar 09, 2024

Dagbok 2024:9.januar


 Klokka er no 15.05, temperaturen ute er+2 grader, det er overskya, men neppe nedbør å snakke om.

Til denne tid har det vore ein bortimot vellykka dag, så det er best å skrive om den før noko endrar seg.

Eg er lite vant med å klare meg heilt sjølv, og dei gongane eg prøver blir det sjeldan heilt vellykka)men i dag måtte eg greie det.

Eg hadde lese skriva frå sjukehuset og sjekka opp at eg fekk Taxi, og i går kveld kom eg meg til sengs litt før midnatt, det skjer ikkje ofte. Vekkerklokka sette eg på 8 , men vakna lenge før den til. Stod opp i god tid, laga frokost etc. 

Drosjen skulle vere her ca kl.10+ - . Eg var klar i god tid og tenkte eg skulle gå opp til gata for å sjekke om der var veldig glatt, Eg hadde vanlege støvlettar og stav, men det gjekk ikkje, det vart for glatt; så eg bytte om til piggsko og la støvtettane i eit plastnett i lag med dagens Møre-nytt. Då drosjen endeleg kom var det den største bilen dei har her, og eg var åleine passasjer, men vi kom fram i god tid, så eg fekk bytta skotøy før eg gjekk inn på sjukehuset.

Det er ei fryd å komme inn der, for alle er så blide og snille og hjelpsomme. Og no kjenner eg rutinene der- eg var no for 4. gong på under ein månad. Som eg hadde rekna med vart der ventetid, men då fekk eg lese nesten heile Møre-Nytt. Var først ein tur på røntgen, men venta på legen og resultatet. Legen forsikra meg om at handa var heilt bra og eg skulle passe på og bevege den. (Eg gløymde å spørje om eg kunne strikke, men det trur eg at eg kan. Viss eg vil???) 

Eg bad dei om å bestille bil til heimreisa. Alle utgiftene til bil går inn på pasientreiser- så det kan hende er får tidleg frikort i år.

Eg sette meg ut i gangen og tok på piggsko igjen, eg måtte vente ei stund på drosjen. Men så fekk eg ein fin tur heim att med ein drosjesjåfør frå Sande. Eg tenkte meg ikkje om , så eg sette meg framme i lag med sjåføren. Men det var OK. Og han var ein slik type som likte å prate. Og som alle veit brukar eg å prate med folk anten eg kjenner dei eller ikkje. Då vi kom heim køyrde han bilen heilt ned til trappa-endå eg hadde piggsko. Og han sa at der hadde vore ein koseleg tur.vHan fekk no sjå Yarisen min i garasjen, og så forklarte han meg korleis hybrid-bilen  hans virka.

Då eg var inne igjen  og bilen var reist, laga eg middag og åt -kjempeglad for at dagen hadde gått så bra. Men eg kjem til å vere VELDIG forsiktig no framover ei stund. Det var i fjor februar at eg datt på altanen, og eg lova meg sjølv å aldri dette meir.

No vart dette eit langt innlegg om ei lita sak. Men så skjer det ikkje så mykje til vanleg Og takk for det.

I morgon er det bosshenting, restavfall og matavfall denne gongen, så det er bra at Øystein moka rundt dunkane då han var her.



mandag, januar 08, 2024

Dagbok 2024:8.januar





 
                 Klokka er no 15.55 og temperaturen er +1 grad C

Då eg var ut å trappa ein augneblink, såg eg at det hadde kome litegrann nysnø, som låg og halv halvsmelta. Eg har fyrt i omnen i dag attåt at eg har varmepumpa på, men eg har ikkje merka at vi har fått mildver. Eg såg  rett nok på TV i går at de skulle bli mildare. Og takk for det. Ikkje at snøen og kulden har gjort meg noko, eg har stort sett halde meg inne i varmen. Men det kan vere greitt med litt mildare ver no. Sjå på altanrekkverket på bildet over, der ligg det snø/is som har frose fast så eg ikkje greier å få det vekk-og slik er det mange stader. Så eg vil gjerne ha litt "SMELT".

I går kveld tenkte eg at eg ville legge meg litt tidlegare og eventuelt stå opp litt tidlegare i dag.Det gjekk for så vidt bra, sjølv om eg vart litt fortumla då morgonen kom.

I morgon er det 9.januar, og det var ein merkedag i storfamilien i "gamle dagar"- for då har John Per bursdag. DEt har han i år også. 

Derfor var det lett for meg å hugse kva tid eg skulle få gipsen av handa. DET ER I MORGON kl10.30 eller 11. 

Det første eg gjorde i dag etter frokost, var å ringe sjukehuset, og så bestiller dei taxi som hentar meg. Korleis tilbaketuren blir, det veit eg ikkje enno, der går no bussar, og eg får drosje heim att viss eg vil. Det som eg spennande er om eg får sleppe gipsen, eg har gått med den i over 4 veker, og eg er lei av å ha den. Men det er veldig bra med gips når ein treng det. Eg har fått gjort veldig lite desse 4 vekene, og eg har ikkje fått gå tur. I dag har eg fått bytta på senga mi og så har eg ein heil klesvask i trommelen. Det var ikkje heilt enkelt, men eg fekk det til. Verre blir det vel å legge i hop dei største "kleda".

Eg er mest spent på korleis handa vil vere utan gips. Solveig seier at eg blir ikkje heilt bra med det samme. Det er60 år sidan eg braut ei hand, så eg hugsar ikkje heilt koleis det var. Eg håper at det ikkje går så lenge før eg kan spade litt snø, den snøen som ligg ute no er steinhard, så eg får ikke til å ta den vekk på altanrekkverket ein gong, og ingen annan stad heller.

I dag går eg eigentleg berre rundt meg sjølv, ser litt TV ryddar litt etc, og så må eg no lage klart til morgondagen, det som eg skal ha med av papir t.d.


Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...