torsdag, august 30, 2007

Kondisko.

Ja, skorne heiter det, og dei er ein drøm å ha på seg. Med andre ord, det var slike skor eg drøymde om å finne meg.No vonar eg berre at dei skal hjelpe meg til å få eit sprekare liv!
I så fall er dei verd dei 799 kr eg betalte for dei.Og vel så det. Nils lurer på om dei finst i mannfolkutgåve også. Trur han vart litt misunnelig.
Mens eg var vekke i dag, grov Nils ei hole i plenen opp mot vegen. Han skulle ha tak i vassrøret som fører reint vatn inn i huset. Det skal visst settast på ein stoppekran. Eg er ikkje heilt sikker.Sikkert er det i alle fall at HAN har fått bra trim i dag. Skal ta bilde av holet i morgon, i kveld er det for seint. DEt er mørkt og vått ute, men ikkje så kaldt som i går kveld, då noterte eg ned + 2,9 grader i dagboka mi. På Moa og Åse var det lettskya, sol og fint i dag, men då vi nærma oss Ørsta var det regn og grått. Men sommaren kjem vel snart?
Posted by Picasa

Tur til Åse og Moa.

I dag har Marit G. og eg vore til Åse på Mammografi og til Moa på kjøpesenter.Hadde ein kjekk dag.Først trefte vi "alle" dei andre gamle damene i Ørsta som var ute i same ærend og så tråla vi gjennom heile Moa kjøpesenter. Eg kjøpte tre ting: Ein blå ullgenser på Bennetton, eit par ECCO-skor og 2 brød. Marit kjøpte ikkje noko særleg ho heller. Men vi fekk tid til to kafebesøk, og skrittteljaren til Marit viste godt over 3000 steg. Eg kjenner det på hofta. Vi tok bussen, lettvint og billeg for pensjonistar.

tirsdag, august 28, 2007

The day after.

Var nok litt overmodig i går og det straffa seg. I dag blir det berre pusleri og lange pausar på day-beden.Men så fekk eg i alle fall festa trådane på dei to lestepara eg har strikka - over ganske lang tid må eg innrømme. I Regia, 4-trådres, for dei som har greie på lestegarn. Skal legge dei i jule-lageret mitt. Lyt nok ta det enda meir med ro når det gjeld strikking, for i tillegg til andre plager, har eg no fått problem med venstehanda. Lurer på om det er alle akupunkturnålene som har skada noko?
Må prøve å komme meg litt betre i form til Marit og eg skal til Åse og Moa på torsdag-
jentetur og mammografi !!! Jippi !!!!!!!!!!
Sundag kjem Margrete og Solveig m/fam. Då skal Nils koke god gammaldags sjømannskost:Erter, kjøt og flesk. Det hadde vi ofte før, men etter at Nils og eg vart åleine har det blitt sjelden. Eg har laga ei eplekake i dag+ at eg har div. restar i frysaren viss nokon orkar noko etterpå.
Posted by Picasa
Posted by Picasa

mandag, august 27, 2007

Ørsta 27.august 2007


Posted by Picasa
Posted by Picasa

Old folks at work.

Desse siste månadane har tida vår gått opp i arbeid med hus og heim.Det er no mest Nils som har hatt ansvar for dei store prosjekta, mens eg tek meg av det daglege.
I dag fekk han endelig kontakt med firmaet som leverte varmepumpa i kjellaren. Det var eit lager som må skiftast- elles var pumpa full av støv!!! (Der låg eit halvt ullteppe oppå då dei flytta ut dei som budde der.) Det paradoksale er av faren til leigebuaren har kjøpt halve firmaet som sel varmepumpene (i lag med sonen)-så det vart ris til eigen bak!
Eg har vaska 2-3 vegger på stova, så no har eg ca 1/3 att. Må dele det opp skal eg klare å komme i mål. Det er ikkje det at det er så skite, men dei ubehandla treveggene må ha sitt årlege såpevask for å halde seg lyse. Eg brukar Faxe -såpe + eit dasj av gronnsåpe for godlukta sin del.
Laga grove rundstykke som vi åt nysteikte til lunsj, det er berre alt for godt.Til middag på kveldstid skal vi ha påstråla torsk som Nils fiska i går.
Nils har kjøpt eikelister, så no skal han til å liste langs golvet i kjellaren.Fint ver å jobbe inne i, snøen ligg langt ned i fjella og det har regna noko formidabelt!!!! Ser ut til at det kan lette litt no.
Eg skal ha meg ei stille og roleg stund med Dan Brown.

lørdag, august 25, 2007

Nye glas.

Ikkje lett å ta bilde av glas, fann ingen høvelig bakgrunn.
Berre så det er sagt: Vi "samlar" ikkje på desse,ville ha berre 6 stk.
Posted by Picasa

Fredag og laurdag.

Har ikkje så mykje nytt å fortelje om,men kan no skrive nokre ord likevel.
I går var Nils til kontroll, så det vart ikkje så mykje gjort med han, anna enn planlegging etc.
Men han ligg godt an i høve til arbeidet i kjellaren; berre no kjøkkenet kjem til avtalt tid.
Eg tok fredagsvask, og så måtte eg kvile ryggen.Litt etterdønningar etter nålestikka torsdag.

Om kvelden ringde Kjell S. og eg fekk vite at dei hadde fått barnebarn nr. 8 den 27/7 2007-ei jente. Ja, det var altså Knut Roar som var faren.Dei har ein gut som heiter Matias frå før.

I dag har vi vore på byen, handla og treft folk. Kjøpte ikkje anna spennande enn 6 krystallglas som var på tilbud på Til bords-butikken. Har nok fine glas frå før, men ville ha nokre få som er utan farge........................
Møtte Rut og Harald og prata lenge med dei. Trur OK er heldig som får bu med dei.
Er nokså gåen i ryggen etter all trakkinga, men det går over berre det ikkje set seg i hofta.
Vil ønske alle lesarane mine GOD HELG.

torsdag, august 23, 2007

onsdag, august 22, 2007

I går og i dag.

I staden for å skrive trivielle mailar rundt omkring,
kan eg like godt ta dei under eitt på bloggen.
I går grov dei ei grøft i gata nedanfor oss,
så då var vi utan data og telefon heilt til i dag e.m.
Følte meg heilt utestengd frå verda,
så då var det godt at eit par stykke sende mobilmelding.
Elles går dagane mine mest opp i husarbeid og surr.
I går vaska eg veggene og gardinene på kjøkkenet f.eks.
Strikking prøver eg så godt eg kan å halde meg unna.
Nils jobbar i kjellaren, men begynner å bli ferdig med malinga.
Golvet blir ikkje lagt før neste veke; Peder som skal hjelpe han, har ikkje tid før.
Elles så har han no hagen å stelle - og fiskinga.
I dag stod han opp lenge før eg vakna og for på sjøen. Han fekk makrell og sei.
Vi hadde fisk til middag i dag, men det var lyr som han fiska for eit par dagar sidan.

Og slik går no dagane.
I morgon skal eg til akupunktur og fredag skal Nils til Volda til rutinekontroll.
Viss alt går som vi håper, kan det hende vi tek oss ein ferietur i september,
har knapt vore ute or bygda heile sommaren.Men det er no vår eiga skuld.

mandag, august 20, 2007

Unnskyld!

Eg hadde lova å aldri meir sette inn to like bilde, og sjå korleis det gjekk!


Posted by Picasa

Besøk frå Fredrikstad.

I dag har vi hatt veldig hyggelig besøk av Karen Marie og Øystein.
Dei kom frå Vestnes der dei hadde besøkt Hjørdis, systra til Karen Marie,
og skulle vidare til Selje og Eid.
Fekk ein nydelig orkide då dei kom, så no har eg tre orkidear i blomst.
Eg fekk også eit smykke med KM for dei flaskene med Solo og vørterøl som eg
hadde delt med henne på Siggen Lefdals kafe i gamle, gamle dagar.
Ikkje før var dei reiste, så ringde Ambjørg. Utan å vite at KM hadde vore her.
Litt rart, for det var vi tre som heldt mest i lag i barne- og ungdomstida på Eid.
Posted by Picasa
Posted by Picasa

Sengetid?

Det er mykje meir eg må lære meg om blogging, ser eg.
Håper at de som er inne på bloggen kjem med gode tips.
Eg les ALLE kommentarar. Røynde bloggerar ser sjølvsagt kva eg treng hjelp til.
Elles beundrer eg "tantejentene" mine på Eid for alt dei får til av handarbeid.
Og like eins tanta på Rygg. Korleis får de tid til alt?
Finlas bloggen til Lille Mø i dag og først då oppdaga eg samanhengen mellom vikingskipet og veska. Den var god.
Skulle gjerne hatt ein liten Bottolf liggande rundt nakken, så kunne eg kanskje ha begynt å strikke igjen.Eg som har vore i Volda og kjøpt garn og allting..................
Det er i alle fall meldt betre ver!

søndag, august 19, 2007

Posted by Picasa

Orkide

Eg skrytte av den fine orkideen som eg hadde fått av Solveig,
så no måtte eg ta eit bilde av den også.
Han har stått slik i heile sommar.

Blomkarse

Vi har sådd blomkarse på same staden i fleire år, og slik er resultatet i år.
Eg sådde ein liten pose med rosa/raude, dei andre har sådd seg sjølv.
Vi har blomkarse mange andre stader i hagen også, og dei har stort sett fått
vore i fred for kålsommarfuglane i år.
Posted by Picasa

Søndag i Starevegen

Nils har reist ut for å sjå til båten.
Eg har laga ferdig gryterett til i morgon og koka plommer i sukkerlake til dessert.
Har også laga ei kake, men det var på fredag.
Vil ikkje stå på kjøkkenet når eg får gjester.
Må no rydde litt også, men det er ikkje hjelp i å gjere før i kveld.
Vi bur to rotekoppar her, nemlig.
Veret fristar ikkje til uteliv på altanen akkurat!!!!

lørdag, august 18, 2007

Orkide

Eg er veldig glad i blomster og sidan dei som er i hagen ligg flate av alt for mykje regn, gleder eg meg over denne vakre orkideen som eg fekk med Margrete. Har ein lilla orkide som eg fekk med Solveig til morsdag. Den står med to kjempetunge blomstergreiner og slik har han stått lenge.
Posted by Picasa

Laurdagskveld

Nils ser fotball og eg øver meg på å blogge. På mandag får eg besøk av Karen Marie og sambo Øystein Larsen. Det er 14 år sidan eg såg Km. Øystein har eg aldri sett.Eg gler meg veldig til å sjå att den gamle "besteveninna" mi som no bur i Fredrikstad.

Eivind

Eivind har fått seg nytt rom på loftet.Sjekk dei fine gardinene! Han fylte 5 år den 16.mai og begynner å misse tennene.
Posted by Picasa

Bilde

Som de sewr har eg fått til å legge inn bilde. Ved ei misforståing kom to av dei to gonger. Det skal ikkje skje igjen. Det som no står att er å få tekst attmed bilda. Det skal nok gå.
La inn bilde av Rasmus og Wenche fordi de ser dei så sjelden. Bilda vart tekne no når dei var her i juli/august. Bilde av alle barnebarna vart teke for to år sidan, derfor er ikkje Vebjørn med. Så måtte eg ta med eit bilde berre av han.Han med bartane er Erlend, Margrete sin yngste. Blir 4 år i nov.Nugatti er "bestemorpålegg"!!!!!

Posted by Picasa

Posted by Picasa
Posted by Picasa

Posted by Picasa

Posted by Picasa

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...