Det er mykje meir eg må lære meg om blogging, ser eg.
Håper at de som er inne på bloggen kjem med gode tips.
Eg les ALLE kommentarar. Røynde bloggerar ser sjølvsagt kva eg treng hjelp til.
Elles beundrer eg "tantejentene" mine på Eid for alt dei får til av handarbeid.
Og like eins tanta på Rygg. Korleis får de tid til alt?
Finlas bloggen til Lille Mø i dag og først då oppdaga eg samanhengen mellom vikingskipet og veska. Den var god.
Skulle gjerne hatt ein liten Bottolf liggande rundt nakken, så kunne eg kanskje ha begynt å strikke igjen.Eg som har vore i Volda og kjøpt garn og allting..................
Det er i alle fall meldt betre ver!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Ja, ein kattepus rundt halsen er sikkert godt, viss ein ikkje er allergiske...Du, det er veldig mykje ein ikkje får gjort når ein brukar tida på handarbeid og blogging...viss det kan vere noko trøyst. Eg er blitt litt avhengig av pc-en, og det er ikkje bra. Har vore i Deknepollen med Sunniva, ho har flytta dit på hybel for eit år. JA, du har vel høyrt om "flyvefærdig teenager"? Viss ikkje, leit på bloggen min, der er fleire innlegg om det!
Legg inn en kommentar