Viser innlegg med etiketten Gratulasjonar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gratulasjonar. Vis alle innlegg

tirsdag, oktober 25, 2016

Gratulerer med dagen, Svein!

Det er vanskeleg å finne bilde av bror min, enda så mange bilde eg har.Så dette har eg rett og slett saksa frå brudebildet. Svein fyller 75 år i dag, og er ca 1 1/2 år yngre enn eg. Eitt av dei første minna eg har om bror min, var at eg køyrde han i dokkevogna mi rundt spisebordet. Og at eg prøvde å knyte sløyfe i dei lyse krøllane hans.
Sidan vi var så jamaldra og jamstore i mange år, leika vi mykje i lag. Og det var heller ikkje fritt for at vi slost.
Dessverre kunne vi ikkje vere til stades og feire han i dag, men der er sikkert mange andre som har møtt fram. Håper at alle har hatt ein fin dag på Hildegard.

onsdag, august 03, 2016

Dagbok 2016: 3.august

Klokka er 20.15, temperaturen ute er + 19 grader. I dag har det vore lettskya, mykje sol og ganske varmt innimellom. Særleg for dei som klipper plen.
I dag var eg bestemt på å klippe alle plenane, og eg starta med dei to små bøtene opp mot vegen. Så klipte eg plenane rundt huset, og var i grunnen ganske sliten. Men eg fekk likevel Nils til å starte opp bensinmotoren, slik at eg skulle få klippe bio i skråninga. Då gjekk han inn att for å kvile, så eg kunne ikkje stoppe klipparen og ta pause, for eg greier ikkje å starte den att. Men eg kom i mål !
Det er første gong eg har kjent at blodtrykket har stige under klipping og eg sveitta så det rann. Etter å ha kledd litt av meg, drukke ein liter brus og lege på sofaen med ein kald klut på panne, var eg heilt fin igjen. Men eg ser i ettertid at det hadde vore lurt å ta ein pause undervegs.
No har Nils gjødsla med kalksalpeter i skråninga for å få bort mosen, for det er den som gjer det så tungt å klippe.
Eg la meg ut på altanen for å lese siste novellen i boka mi, og der somna eg tvert.
Etter at boka var ferdiglesen gjekk eg ut og klipte nede på kanten med den elektriske kantklipparen. Den har ikkje vore brukt før i år, fordi vi trudde den var i ustand.
Så gjekk eg inn og laga middag. I dag vart det Toro-gryte med ris, igjen. Det er det Nils helst vil ha.
Så var det tid for nyheiter og "Solgt" og det var den dagen. No blir det nokre dagar til neste klipping, men eg finn nok på noko i mellomtida.
Vi må stort sett halde oss heime og då kan ein like godt gjere noko nyttig, så får dei som er unge og spreke bestige fjell og tindar. Det er ei tid for alt.
I dag er det Solveig og Øystein som har bryllaupsdag. Dei gifta seg i 1985 om eg ikkje hugsar feil.
Første året budde dei i kjellaren her, så flytta dei til Bergen og i 1987 flytta dei til Ulsteinvik. Då var Einar fødd. Ja, det begynner å bli ei stund sidan no.
Vi gratulerer med dagen!

søndag, juli 03, 2016

Dagbok 2016: 3.juli

Storesysta fyller 53 år i dag. Gratulerer med dagen, Solveig!

Klokka er ca. 18.30, temperaturen er +13 grader C og akkurat no er det opplett ute, elles har det vore kraftige regnbyger i heile dag. Ikkje "utedag" for oss i alle fall.
Sidan vi vakna relativt tidleg, stod vi like godt opp.
Eg hadde planlagt eit par jobbar som eg skulle gjere, sidan det ikkje i noko tilfelle vart plenklipping på sundag, uansett vêr. I dag vart det kaker på menyen. Først laga eg ei gulrotkake, og så vart det fiskekaker av resten av fisken vi fekk, det vart ein stor porsjon, som vi enno ikkje har ete opp. Men det er ein av dei tinga Nils får i seg, så han et ei kake no og ei då.
Rasmus skreiv på chat i går at dei tenker seg oppover med det første. Dei kom heim frå Danmark sist natt, og så vil dei komme hit, slik at dei reiser når Nils får neste behandling, ergo blir dei med på det store treffet på Hareid, den 13.
Eg begynte så smått å førebu besøket i dag, det er eit spark bak å få besøk-då får ein kanskje rydda opp litt.
For det første er det dette med plass, særleg skapplass. Slik vi lever no, for det meste i tosamheit, har vi altfor mykje av alt, og mange ting som aldri er i bruk, derfor oppmodar eg dei unge å ta unna litt viss det er noko dei treng.
Så oppdaga eg at der var mange attgløymde kaker i frysaren, m.a. ei rabarbrakake som eg ikkje kan ha laga sjølv. Den må eg ha fått av Solveig? Pass på at du får att former, fat etc. Solveig, for eg er ikkje heilt å stole på.
Eg bytte på sengene våre i dag, men fekk ikkje vaska golvet, sidan det ikkje var råd å henge ut eit teppe. Det gjer eg fint i morgon.
Eg er litt oppteken av gras denne sommaren, det har gått mykje i plenslått. Men så har eg eit anna problem, og det er graset som veks der det ikkje skal, i dag er det fint og grønt gras midt i singelen-etter alt regnet trivst det godt, så no må eg til å hakke. Trur eg. Eg likar i grunnen best å jobbe ute.
I dag måtte vi ha ein liten middagslur, sidan vi var tidleg oppe. Seint i seng er vi alltid.
Eg gler meg til Rasmus kjem, for då skal han få oppdatere datamaskina mi (den nye) -eg har ikkje brydd meg så mykje om å få det gjort, sidan eg har venta på han. Men aller mest gler vi oss til å møte heile  Rasmus -familien som vi ikkje har sett på snart eit år. Skulle gjerne hatt dei litt nærmare no når vi ikkje lenger er så flakkføre.
I dag har Solveig bursdag, og neste veke skal vi feire både henne og dei andre "sommarbarna" våre.
Då kan det utrulege skje at heile storfamilien vert samla.
Hugsar så godt den dagen Solveig kom til verda, då overlege Wennevold m/fleire gjekk "visitten" spurde han kva jenta skulle heite, og eg sa at eg ville kalle opp att den fine sommaren vi hadde-derfor skulle ho heite Solveig. Og så hugsar eg at oversøster Aase kom inn på fødestua mens eg låg der. Ho hadde knabbe ei rose i sjukehushagen. "Her kommer jeg med sommerens første rose", sa ho. Enno har ikkje rosene våre sprotte ut i år, men det blir ikkje lenge før vi har ei "Leonardo da Vinci"-ei rose rose som trivst godt her hos oss.
Då vil vi gratulere Solveig med dagen -håper ho har hatt ein kjekk dag til tross for litt dårleg vêr.

onsdag, november 25, 2015

Dagbok 2015: 25.november

Klokka er 17.00. Temperaturen ute er + 1 grad C. I dag har det variert mellom regn, sludd og snø-ja, til og med eit lite streif av sol har vi hatt.
No har Nils og eg nettopp ete middag, steikt sei i dag. Nils har vore på eit lite møte i valnemnda for pensjonistlaget, dei skal prøve å stable på beina eit nytt styre i februar, men det er ikkje lett. Anten er folk for gamle til å ta på seg verv, eller dei er for unge til å vere i lag med oss gamle.
Eg har vore relativt flittig i dag. Eg vaska grundig på bad og kjøkken, strauk og hengde opp julegardiner på kjøkkenet etc. Då Nils for på møte tok eg fram støvsugaren og for over alle teppegolva. Og ei stund etter at han kom heim steikte eg fisk.
Noko anna enn husarbeid har eg ikkje styrt med i dag, julekaker har eg ikkje baka og ikkje har eg kjøpt ei einaste julegåve enno. Men så skriv vi framleis november, då. Kan ikkje bli heilt hysterisk heller. Men jammen er eg glad for at eg fekk vaska vindua i går, for i dag hadde ikkje det gått.
Nils går og kikar inn på yr.no i håp om at det skal bli fiskevêr. Aberet er at når han er vekke kjem eg meg ikkje nokon stad. Då må eg i tilfelle kontakte venninner eller leige taxi. Han plar no forresten ikkje vere vekke så lenge om gongen.
No skal eg begynne på ei ny lydbok, håper den er litt mindre grusom enn den eg har lese siste dagane.
I dag gratulerer vi Harald med 75-årsdagen!

tirsdag, november 24, 2015

Dagbok 2015: 24. november

Klokka er halv seks. Temperaturen ute er + 7 grader, så no er vi tilbake på vanleg vêrsituasjon, med overskya, regn og mørkt. Men så er det i alle fall ikkje kaldt.
Eg hadde ikkje planlagt kva eg skulle gjere i dag- eg KUNNE for eksempel laga småkaker til jul-men det er det ingen vits i. Det er ingen som et dei-og då kan ein like godt kjøpe på butikken og ha til pynt.Og så LIKAR eg ikkje å bake!
Men det er alltid noko å ta seg til. Blomsterkassane utanfor kjøkenglasa fekk dødsstøtet no det var kaldt, så Nils tok dei ned. Eg vaska kjøkenglasa utanpå med mopp og såpevatn, før eg tok slangen og spylte dei. Etterpå fekk trappa om lag same omgangen.Nils bar vekk dei visne blomstrane, så no ser der litt ryddigare ut. Og sidan eg var så godt i gang, vaska eg stoveglasa utvendig også; tenkte eg måtte vere om meg mens det var så mildt at eg kunne bruke slangen. No høyrest dette litt voldsomt ut, men eigentleg er det veldig fort gjort. Pussa kjøkkenvindua innvendig, på vanleg måte. Så er det gjort til jul-kanskje.
Vi åt tidleg lunsj. I dag vart det resten av silda frå søndag m.m.
Etter at vi hadde pausa ei stund, tok vi ein tur til Vik. Og på Clas har dei alt vi treng ! 
I dag kjøpte vi nytt batteri til fjernkontrollen som høyrer til nokre elektriske lys, så no kan vi leike oss med å skifte farge og stemning i heimen.
Elles var eg innom biblioteket og fekk med meg ei flunkande ny bok, eg måtte vente mens ho gjorde den klar til utlån. Eg aner ingenting om boka-men den er kanskje bra? No står eg på førsteplass til Ferrante nr. 2.
Etter at vi kom heim var Nils opp på loftet med sommargardinene og så tok han ned advents-og jule-pynten med det same.
Nils tykte vi måtte ha noko meir middagsmat enn dei stakkars sildefiletane, så vi kjøpte nokre karbonadar som vi skal steike no snart. Vi har berre oss sjølve å ta omsyn til, så vi gjer stort sett som vi vil.
Tok bilde av den kvite asaleaen, så Solveig kan få sjå at eg steller godt med den. Eg gir den vatn kvar dag, rett etter frokost, og den drikk mykje.


I dag fyller Erlend 12 år. Vi har gratulert han fleire gonger på Facebook, men vil no gjere det her også:
Gratulerer med dagen, Erlend!
dag fyller Erlend 12 år.

søndag, november 22, 2015

Dagbok 2015: 22.november.

Klokka er snart halv fem. Temperaturen er minus 2 grader C. Det har vore ein fin dag, med snø og litt sol, men eg har vore inne. Nils har vore ute og moka snø både her og der til tross for at han ikkje er heilt i form etter fallet. Eg var dårlig i ryggen, så eg har vore relativt rolig, det er det einaste som hjelper. Eg hadde eigentleg lyst ut, men eg er som katten- skyr kulden. Sidan det er berre ei veke til advent, begynte eg å "pynte" idag. Adventstida er kort, kan ein like godt forlenge den litt. Eg har stroke og lagt på lilla løparar, puter etc, det er ikkje meir dramatisk enn det. Lys og stakar ventar vi litt med.
Middagen i dag var nokså utradisjonell til søndagsmiddag å vere. Nemlig spekesild- ikkje vanlig, men Carlo sild frå boks. Vi plar alltid diskutere om vi skal ha rabbestappe til, slik Nils er van med, eller kålstuing, slik eg vil ha. I dag vart det begge delar, sidan vi hadde rabbestappe att frå førre helg.
Etterpå la eg megm på sofaen med lydbok, og der vart eg liggande mens Nils såg fotballkamp. No er eg betre i ryggen.
I morgon skal er til Volda på røntgen. Eg har fått rekvisisjon på fysioterapi, men bad om å få ta røntgenbilde først, så eg hadde noko å vise til, elles  så risikerer ein at dei gjer noko ein berre blir verre av. Skal vere der klokka 12.00 og det plar ikkje ta mange minuttane, så eg reknar med at vi er heime att i løper av eit par timar, max. Blir vel litt handling på heimvegen når vi først er ute og fer.
Nils har moka vekk snøen på altanrekkverket -og på altanen, i fall det kjem mildvêr og regn. Då risikerer vi å få væta inn i huset.






I dag er fyller Rolf, broren til Nils 74 år. Han er den yngste i den syskeflokken. Vi gratulerer han med dagen !


mandag, oktober 26, 2015

Dagbok 2015: 26.oktober

Gratulerer med dagen!
Frå 15 (knapt) til 51. Tida går fortare enn ein ønsker når ein ikkje er heilt unge lenger. I dag fyller Rasmus 51 år. Bildet fann eg i ei skuffe ein dag eg rydda litt. Når ein har såpass mange barn og barnebarn kan ein ikkje ha alle bilda framme heile tida. Hugsar den brune cordfløyelsdressen, som Margrete sleit ut nokre år seinare, etter at eg hadde sydd inn slengen på buksa. Motar og trender skiftar. I fjor var vi på Kongsberg og feira 50-årsdagen, då var det mildt og fint. Den dagen i 1964 då Rasmus vart fødd var det klårt og kaldt. Både eg sjølv og alle tre barna er fødde på sjukehuset på Eid.
MÅ berre mimre litt kvar gong nokon har bursdag.
Klokka nærmar seg 20.00, og Nils stakk nettopp ut døra, han skulle på møte i SV. Temperaturen er + 8 grader C og eg synest det har vore mørkt i heile dag, men i morgon skal det visst lysne opp litt.
Eg brukte føremiddagen til å bake 6 brød, så litt flink har eg vore. No skal eg straks tømme både oppvaskmaskin og tørketrommel. Elles driv eg og rippar to bøker som Margrete kom med i dag. Ho kjem alltid innom annankvar mandag mens Amanda er på ballett. Og i dag kom Solveig også. Ho er nesten åleine heime for tida, for Øystein er i England, og så er det berre Olaug som bur heime med foreldra. Der ute driv dei og pussar opp i huset, men det leiger dei til. Uansett så blir det litt utriveleg mens det står på. Eg hadde tatt opp ei prinsessekake frå frysaren, og så drakk vi kaffi og feira bursdagen til Rasmus.

onsdag, september 16, 2015

Dagbok 2015: 16.september.


Klokka er 20.00. temperaturen ute er + 12 grader. Dagen begynte nokså grått, men vart etter kvart slik som på bilda her. 
Eg hadde planlagt å støvsuge i dag, og det gjorde eg. Eg må fordele  husarbeidet ut over heile veka, så kjem eg rundt på eitt vis. Nils tok seg ein tur opp i Skålavegen og kom seg heilt opp til gapahuken.


Etter lunsj begynte vi å planlegge ein tur til Hareid. Vi hadde noko rips som Solveig skulle få til saft, her i huset blir det ikkje laga slikt lenger. Frysarane våre er ganske fulle, så vi ville få vekk noko.
Solveig hadde steikt vaflar til vi kom, og vêret var så fint og varmt at vi kunne sitte ute. Solveig sette i gang saftkokaren med ein gong. Reknar med at det var fullt i hennar frysar også, så det var berre å gjere kort prosess.


I dag kan eg gratulere kusine Ellen Marie med 77- årsdagen.Eg ringde til henne tidlegare i dag og ho var frisk og rask.

mandag, juni 22, 2015

Dagbok 2015: 22.juni

Klokka har passert 19.30. Temperaturen ute er + 17 grader C og sola skin. Den gjorde ho ikkje då vi stod opp i dag, og det var litt skuffande. Men det vart finare etter kvart, og vi fann oss arbeid ute. Vi rydda under altanen; Nils grov gjennom singelen og raka vekk alt som minte om vassarv og anna ugras. Eg brukte spyleslangen og "vaska" singelen rein for mold. Dette er noko vi gjer kvart år. Så flytta vi nokre plantar etc.etc. Det var stort sett Nils som jobba og eg "gjekk til hende"-må passe ryggen min.
Mens vi sat og åt litt lunsj, fekk vi eit veldig kort besøk av Margrete og Eirik, som hadde vore og handla inn hagemøblar. Margrete kom med ei lydbok til meg- det var ærendet.
Elles hadde vi oss ei god stund på solsenga. Vi må no ta oss tid å nyte sola og finevêret.Det har vore litt vind i dag, så det vart ikkje for varmt.
Til middag grov vi fram pølser frå frysaren, så slapp vi å gå på butikken.
Elles har eg rippa ei bok etc.
I dag er det Øystein som fyller år, 53 faktisk. Vi gratulerer med dagen, og håper dei har fått tid til litt feiring.

lørdag, juni 20, 2015

Dagbok 2015: 20.juni


I dag har Margrete fødselsdag, heile 47år har det gått sidan ho kom til verda på sjukehuset på Eid. Ho vart døypt i kyrkja på Eid, berre tre veker gammal, før vi reiste heim att til Melle. I tillegg til alle bilda eg har liggande på data, har eg mange store,tjukke albun, men veldig få bilde frå då ungane var små. Vi kjøpte oss ikkje fotoapparat før etter at Margrete var fødd, og den tida gjekk det mykje i dias.
Både Solveig og Margrete jobba hos fotograf Lystad i feriar og på laurdagar, og Solveig hadde ei tid mørkerom i kjellaren her i Starevegen. Eg trur desse bilda er frå den tida, sidan dei er i svart/kvitt.
Då Margrete vart konfirmert i 1983 var det berre ein ting ho ville kjøpe for pengane, og det var ein hund. Og Old English Sheepdog skulle det vere, slik som hunden på TV. Og hunden skulle heite Nadja. Alt var bestemt, og hunden vart bestilt og  henta på Vanse på Lista. Margrete og Nils hadde ein bra tur for å hente hunden heim. Når eg dreg fram desse minna no, er det fordi Margrete i fjor skaffa seg ein ny hund, denne gongen ein som ho både kan løfte og bere.Charlie heiter han. (Nadja vog 40 kilo på det tyngste).Kjolen som Margrete har på nedste bilde var blå, hugsar eg, og den blei kjøpt til overhøyringsdagen før konfirmasjonen. På konfirmasjonssøndagen hadde ho sognebunad.(Den gongen eg vart konfirmert fekk vi berre ein kjole, og den hadde vi under den kvite kappa på konfirmasjonsdagen. Vi var den første gruppa som hadde kappe på Eid, dei som var konfirmert året før, hadde side kvite kjolar.)
Så sant det er mulig er Margrete ute og går tur i skog og fjell og Charlie er med.
Ho er på tur i dag også, så vidt eg veit. Vi gratulerer med dagen !
------------------------------------------------------------------------
Klokka er 20.00 og temperaturen + 16 grader. Det har vore ein nydelig dag, med temperatur opp i +20, minst. Før middag skein sola, men så skya det over.
Vi har ikkje vore ute av tunet i dag. Vi har styrt litt i hagen, og eg har lese ut krimboka mi mens eg strikka. Eg har ikkje sove middag verken inne eller ute, blir ikkje så trøtt i fint vêr. Nils har ordna med linene sine, klipt litt gras etc. Kort sagt ein veldig avslappa dag i nr.7.


lørdag, juni 06, 2015

Dagbok 2015: 6.juni

Perlebusk.

Klokka er 18.45, og temperaturen ute ca + 17 grader. Det har stort sett vore ein fin dag, men med voldsomme regnbyger innimellom. Akkurat no er det fint ute.
Før middag var vi ein tur til Vik, vi handla på Amfi og så for vi heim att. Nils har klipt plen i dag også, og eg prøvde meg på litt ugras, med det resultat at hofta streikar. Slik er det berre. Det er så mykje eg har lyst å gjere og som trengst å bli gjort, men så går det gale.
Til "middag" i dag åt vi speilegg, spekemat etc. -i morgon skal vi ha steikt lysing (kolkjeft), trur eg.
I dag fyller Olaug på Hareid 18 år, så no er også ho myndig. Det er så mange fødselsdagar i juni/juli at vi samlar opp til ei fellesfeiring. Og så er det ingen bursdagar før i oktober/november -her i familien.
Nils styrer på eitkvart ute, eg har rydda litt på kjøkkenet. Tek ikkje sjansen på meir hagearbeid i dag.
Det er deilig vêr, men vi har enno ikkje tatt ut hagemøblane-sein sommar i år.




Gratulerer med dagen Olaug !

lørdag, mai 16, 2015

Dagbok 2015: 16.mai

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er + 8 grader C og vi har hatt både regn og hagl i løpet av dagen.
For alle utegangarar si skuld håper eg på litt betre vêr i morgon. Frå mitt yrkesaktive liv kan eg hugse at eg frykta både regn og vind under barnetoget. No slepp eg å bekymre meg på eigne vegner, men har no barnebarn som spelar i korps, til dømes. Sjølve kjem vi til å ta det rolig, med ein tur til Hareid i lunsjtid. Lenge sidan vi har feira 17.mai her i Ørsta.
I dag var forma mi litt betre enn i går, så vi tok ein tur på Plantasjen, tykte det var litt kjipt å ikkje ha blomster i kjøkken-kassene til grunnlovsdagen. I år vart det rosa geranium i midten og mørkeblå petunia på sidene. Om lag same fargane som vi plar ha.(Med diverse variasjonar). Nils skulle spyle bilen, så han kledde seg for utevêr og planta i kassane i samme rennet.
Mens vi var på plantasjen styrtregna det, så det var lite fristande å sjå på uteplantar, vi heldt oss mest under tak.Men der er eit fantastisk utval av plantar som kan friste ein stakkar over evne.Aberet er at det må stellast etter plantinga også.
Vi var også ein tur innom Amfi, vi handla ikkje mykje, men prata desto meir, for vi trefte mange kjende.
Til middag i dag hadde vi steikt småsei av den Nils fiska i går kveld.
La meg på sofaen etter middag, og gjekk i koma. Det kan virke som om vi søv veldig mykje, og det gjer vi kanskje, men vi legg oss seint og vaknar nokså tidleg om morgonen, så det gjer godt med ein liten middagslur.
I dag fyller eldstebror på Kongsberg 13 år og er såleis gått over i tenåringanes rekker. Han har alltid vore ein snill og grei gut, så vi håper han held fram slik. Minstebror er i den alderen at han likar å snike seg med på bilde. Vi gratulerer heile familien, og Eivind spesielt, med dagen - før dagen. Og så vil vi ønske alle ein fin 17.mai.



torsdag, april 23, 2015

Dagbok 2015: 23.april.

Klokka er snart 19.00. Temperaturen er + 5 grader C og det har vekselvis regna, sludda og hagla i heile dag.
I grunnen var det heilt greitt med slikt vêr sidan eg hadde mykje å styre med inne. Først rydda eg, for eg kan ikkje sette meg til med anna arbeid når det flyt rundt meg. Så sette eg meg til for å skrive referat, det gjekk ganske fort og lett når eg først kom i gang.
Neste post på programmet var støvsuging, men vaskinga utsette eg til i morgon sidan eg skal bake litt først.
Etter at vi hadde ete litt tok vi ein tur til Vik og handla diverse saker og ting. Matvarer handla vi på Kiwi i dag. Og så vart det tid for ein liten pause på sofaen med lydbok.
I dag fyller svigerinna mi på Eid 70 år. Eg har kjent henne sidan ho var 18-19 år, så det tek til å bli ei stund. Eg har ingen søstrer, så Bodil er det nærmaste eg kjem å ha ei. Skulle gjerne vore der på den store dagen, men tida strakk ikkje til. Vi tek det att ein annan gong ! Der er sikkert mange gjestar sidan barn og barnebarn ikkje er langt unna, dvs.ikkje alle dei eldste barnebarna bur på Eid lenger.
GRATULERER MED 70-ÅRSDAGEN, BODIL !

onsdag, april 15, 2015

Dagbok 2015: 15.april


Klokka har passert halv seks, temperaturen er + 4 grader C og det pøsregnar. Ja, no må det vel snart vere tomt oppi himmelen.
Vi har nyss ete middag, og no sit eg med kaffikoppen i håp om å halde meg vaken ei stund utover. Til middag i dag var det fiskekaker frå frysare. Nils kokte poteter og varma fiskekakene på panna mens eg betalte medlemskapet hans i SV på nettbanken. Så det gjekk liksom opp i opp.
I dag var eg heilt invalidisert då eg stod opp, men kom meg litt då eg kom i bevegelse, så det var nok mest gikt. Maken til giktvêr skal ein leite lenge etter !
Nils skulle til Volda og ta ei sprøyte i dag, men eg bestemte meg for å vere heime. Eg tok ned "vintergardinene" og hengde opp sommargardiner, det er seks lengder, så det tek ei stund å ta av og på klypene som dei heng etter. Det var kjekt å få litt forandring i stova. I tillegg rydda eg bort ein del plantar frå vinduskarmane-dei skal plantast ut.
Nils kom att etter bomtur til Volda. Då dei skulle sette sprøyta, braut dei av sprøytespissen. Så måtte dei bestille ny sprøyte frå apoteket, og han må bort att i morgon.Kanskje eg blir med då.
Klokka 13.00-14.30 var vi på styremøte i pensjonistlaget. Då vi kom heim, skreiv eg referat frå møtet og i tillegg eit lite avisinnlegg. Alt tek si tid.
Det vart altså ikkje så mykje gjort her heime i dag heller.
For barnebarnet Eirik er dagen i dag ein stor dag. Ikkje berre fyller han 18 år og er ein myndig mann. Han køyrde også opp og fekk sertifikat. Dobbel grunn til å feire altså.
Eirik er ein veldig kjekk gut. Han er blitt gratulert mange gonger på FB, men eg må no skrive det her også:
Gratulerer med dagen, Eirik.

mandag, mars 23, 2015

Dagbok 2015: 23.mars

For 22 år sidan i dag, vart Ingeborg fødd. Eg hadde fødselsdag nokre dagar seinare og i gave fekk eg eit fotoalbum. Det tok eg fram i dag, og der var det stort sett bilde av Ingeborg, men også av dei to eldre fetterane.Dette bildet er frå hausten 1993, mens dei budde i Bugarden i Ulsteinvik. Det har vore mykje fokusert på at Ingeborg ikkje er verdens høgaste, derfor fall eg for dette bildet, det ho viser kor stor ho EIGENTLEG er.
Gratulerer med dagen store, vesle Ingeborg! Ja,vi gratulerer  heile familien med dagen !

Klokka er snart 18.00. Ute regnar og blæs det, men yr lovar full sol i morgon- litt vanskeleg å tru, men vi lever i håpet. Temperaturen er 5,5 grader C.
I dag har eg vore relativt flittig. Det første eg gjorde var å lage fiskekaker av 1,7 kg melen fisk. Nils fileterer fisken og mel den på gammaldags handkvern, så mitt arbeid er å lage røra og steike kakene. Det var mest lyr i dag, med ein liten tanke sei i tillegg. Fiskekakene vart gode og hadde ein fin konsistens. Fekk litt angst for å lage fiskekaker etter den porsjonen med "gummikaker" som eg laga i haust ein gong.
Så var vi nedover og handla litt. Blant anna skulle eg ha Citronsyre til kopar og messingpuss. Ja, det vart no kjøpt litt anna også. Middagen var grei, det var fiskekaker, sjølvsagt. Så blanda eg citronsyre, Zalo og vatn i ei bøtte og la kopar og messingtinga oppi og let dei ligge mens vi kvilte middag. Dessverre vart ikkje resultatet så godt som då eg gjorde det same før jul, men det får halde. Det blir fort stygt att uansett.
Så har eg "pynta" litt til påske, skifta løparar, lys etc.Litt stryking blei det også. No er eg ikkje så veldig "pyntete" av meg, eg er meir opptatt av det praktiske.
No har Nils frose ned 4 middagar med fiskekaker.

mandag, januar 19, 2015

Dagbok 2015: 19.januar




Klokka er 19.00. Temperaturen er minus 2 grader C og det har vore eit nydelig vêr i dag.
For første gong i år skein sola inn i stova, gjennom rimeleg skitne glas. Eg var ikkje sein om å finne fram eddikvatn og mopp og vaske vekk det aller verste. Sola var her frå klokka 10.40 -ein knapp time.
Eg har halde meg inne i dag også, driv og bygger opp forma. Har vore bra eit par dagar no. Sidan eg ikkje kan halde på med tungarbeid, driv eg mykje med matlaging. I dag laga Nils og eg i fellesskap ein stor porsjon brennsnut, nok til både oss og Margrete med fam. Og eg laga foccaciabrød til.
Vi venta Margrete på lynvisitt i dag, sidan ho skulle køyre Amanda på ballett. Vi skulle dessutan byte bøker; eg låner her og ho der, og så les vi bøkene etter tur. Det blei også tid til ein kaffikopp.
Elles har det ikkje skjedd så mykje, men det var utruleg godt å sjå sol og blå himmel igjen. Eg kom til å tenke på eit dikt/ song, som blir meir aktuelt for kvart år som går: "Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma."
I dag kan vi gratulere Øyvind frå Eid med 22-årsdagen

søndag, januar 18, 2015

Dagbok 2015: 18.januar.

Vi gratulerer Håkon med 21-årsdagen i dag. Dette bildet er tatt ved Hovdevatnet sommaren 1998, då det var eit særs godt blåbærår. Alle tre gutane var på ferie i Ørsta og vi hadde vore på Berkneset og sett på kanonstillingane etter 2.verdskrigen. Fotballdrakter var obligatorisk!
Håkon feirer fødselsdagen sin i hovudstaden, der han studerer norsk ved universitetet.

Klokka er no 18.45, temperaturen er + 1 grad C og det ha vore ein fin dag. Hadde det vore litt mindre skyer på himmelen hadde vi hatt sol i stova i dag. Eg har halde meg inne, og brukt tida til diverse småjobbar i form av matlaging og rydding.
Vi driv og et opp diverse som vi finn i matlageret vårt; i dag fann vi ein pose kjøttkaker i frysaren. 
Innimellom har eg lese i "Slåttekar i himmelen". Har strikka bitte lite grann også, men må vere forsiktig med å sitte for mykje. Så lenge eg passar på det, går det bra.
Elles har det skjedd veldig lite her i pensjoheimen.

lørdag, oktober 25, 2014

Dagbok 2914: 25.oktober

Klokka er ca 16.30, temperaturen er pluss 11grader og det er lettskya fint ver med mykje sol. Eg har stort sett halde meg inne trass i det fine veret, men gikk ein liten tur i lag med Ingar. Mannfolka har hatt seg eit par handlerunder og sikra proviant for morgondagen. Elles går det i prat og kaffi for det meste. Til lunsj åt vi resten av gulrotkaka, til middag skal vi ha risgraut og spekemat. Vi har ei kviledag i dag etter all køyringa i går, og laddar opp til morgondagen. I dag fyller bror min 73 år og vi gratulerer!

fredag, juni 27, 2014

Gullbryllaup




I dag er det 50 år sidan Bodil og Svein gifta seg i kyrkja på Stårheim. Vi gratulerer med gullbryllaupsdagen og ønsker dei mange fine år framover!

søndag, juni 15, 2014

Dagbok 2014: 15.juni

Klokka er snart halv sju, fotballen har starta, og Nils er på plass framfor TV-en. Ute er det framleis overskya, som det har vore i heile dag, tidlegare var det  skodde også. Temperaturen er + 16  grader C.
Eg var nettopp ut i hagen for å plukke litt rabarbra, og då såg eg nedom jordbæråkeren også, trur ikkje eg har plukka jordbær i hagen så tidlig før. Hugsar at eg har funne jordbær på Øystein sin fødselsdag, 22.juni, før. No kan det hende eg kunne ha funne fleire, men ventar eg litt kan det bli eit heilt måltid. Nils og eg har ein tradisjon; dei første jordbæra et vi sjølve, med kremfløte og sukker på. Det er ein gong i året.
I dag har eg vore gørlat. Nils ville fiske litt frå land før middag, så eg vart sittane framfor datamaskina og høyre bok, mens eg strikka lester. Det er eit prosjekt eg eg har litt moro av. Eg tek fram diverse restar av lestegarn og prøver å få til noko brukbart. Det kan bli ganske fantasifullt om sant skal seiast. Som regel er det Nils som endar opp med reste-lester.
Til middag i dag vart det sei i kvit saus med paprika og løk. Her i huset er det ikkje orden på noko, vi et gladelig fisk på sundag og kjøt på mandag om det høver slik.
Etter at vi hadde kvilt litt middag (det blei seint i går kveld) har eg hatt enda ei strikke-/ lesestund, før eg gjekk ut og hausta rabarbra. No kokar eg litt sylte til Nils av rabarbra og aprikos. Eg brukar berre litt fruktsukker, så eg trur det går bra.
Det er ikkje berre på grunn av latskap eg held meg så rolig, men hofta er ikkje heilt god, enno, håper det kjem seg etter kvart. I morgon skal vi begge på styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00.Nils møter som fast vara.
I dag fyller Hilde på Eid år og vi gratulerer, rart med desse tantebarna og barna dei begynner etter kvart å bli ganske vaksne!
Gratulerer med dagen Hilde Bjørg!

Dagbok 2026:3.september

 Kjempesøte svartsurbær Klokka er no17.15, temperaturen ute er+16 graderC, og sola skin. Ho kjem ikkje her før det lid nokså langt på dag, m...