mandag, oktober 26, 2015

Dagbok 2015: 26.oktober

Gratulerer med dagen!
Frå 15 (knapt) til 51. Tida går fortare enn ein ønsker når ein ikkje er heilt unge lenger. I dag fyller Rasmus 51 år. Bildet fann eg i ei skuffe ein dag eg rydda litt. Når ein har såpass mange barn og barnebarn kan ein ikkje ha alle bilda framme heile tida. Hugsar den brune cordfløyelsdressen, som Margrete sleit ut nokre år seinare, etter at eg hadde sydd inn slengen på buksa. Motar og trender skiftar. I fjor var vi på Kongsberg og feira 50-årsdagen, då var det mildt og fint. Den dagen i 1964 då Rasmus vart fødd var det klårt og kaldt. Både eg sjølv og alle tre barna er fødde på sjukehuset på Eid.
MÅ berre mimre litt kvar gong nokon har bursdag.
Klokka nærmar seg 20.00, og Nils stakk nettopp ut døra, han skulle på møte i SV. Temperaturen er + 8 grader C og eg synest det har vore mørkt i heile dag, men i morgon skal det visst lysne opp litt.
Eg brukte føremiddagen til å bake 6 brød, så litt flink har eg vore. No skal eg straks tømme både oppvaskmaskin og tørketrommel. Elles driv eg og rippar to bøker som Margrete kom med i dag. Ho kjem alltid innom annankvar mandag mens Amanda er på ballett. Og i dag kom Solveig også. Ho er nesten åleine heime for tida, for Øystein er i England, og så er det berre Olaug som bur heime med foreldra. Der ute driv dei og pussar opp i huset, men det leiger dei til. Uansett så blir det litt utriveleg mens det står på. Eg hadde tatt opp ei prinsessekake frå frysaren, og så drakk vi kaffi og feira bursdagen til Rasmus.

2 kommentarer:

Elin sa...

Gratulerer med dagen til sonen! Vår Rasmus hadde blitt 72 år i dag. Det er rart og vemodig å tenkje på. Ha ei fin veke!

Besta sa...

Ja, eg tenkjer ofte på Rasmus Torvik også. Hugsar at eg var litt i tvil om vi kunne gi babyen vår eit sånt gammaldags namn.Men når han så vart fødd på same dato, så såg eg det som eit teikn. På konserten sist laurdag song dei "Bridge over troubled water"-og då tenkte eg på gravferda til Rasmus. Den songen vil alltid minne om han.Det var så vakkert-og sjølvsagt trist då dei bar kista ut til den melodien.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...