torsdag, desember 31, 2020

Dagbok 2020: 31.desember

Klokka er no 15.55, temperaturen er + 1,5 grader og det ser ut som det har regna litt. I dag hadde Marit og eg avtalt å fare ein tur på gravplassen kl.12, så det gjorde vi. Eg bytta batteri i lyset og kveikte eit "levande" lys i tillegg.På heimvegen oppdaga eg at det var glatt på vegen, men det skjedde ingen ting. Då vi kom heim avtalte vi at Marit skulle komme ned til meg kl.12 og drikke kaffi og ete kaker- vi fekk osss ei god pratestund i dag, lenge sidan sist! I dag skulle eg lage svineribbe etter oppskrift frå TV-kokken. Sette ribba i omnen på 180 grader, så eg trur den er ferdig for lengst. Det er no berre ei lita ribbe berekna til ein person. Eg kjøpte ei bfamilieribbe, men skar av den tjukkaste enden og salta den, kanskje blir det "erter ,kjøt og flesk" ein gong i framtida. Eg har fløte og risgraut så det kan bli dessert også når det lid på. Eg er ikkje svolten enno. Har ikkje hatt på TV-en sidan i dag tidleg, så no må eg sjå og høyre om det har skjedd noko meir. Eg vil ønske alle ei fin nyttårsfeiring og ei Godt Nytt År 2021.(Bilda tok eg frå trappa ca 15.50)

onsdag, desember 30, 2020

Dagbok 2020: 30.desember

Klokka er no 16.25, temperaturen ute er minus 2 grader C og det har vore ein nydeleg dag, men dagane er korte og det er alt møkt ute.Eg var oppe til vanleg tid og styrte med ymse, la i omnen t.d. Var innom datamaskina og der hadde Marit skrive om Raset på Gjerdrum. Ho brukar å sjå nyheiter på TV om morgonen, det gjer ikkje eg, men i dag måtte eg gjere det. Eg synest at det ofte skjer dramatiske ting i jula, men det er kanskje fordi der er i jula det skjer at vi hugsar det så godt. Asker-flyulykka var lille julafta, Tsunamien var 2.juledag, og så har vi hatt stormar, nyttårs-orkan ein gong og orkan i jula ein annan gong. I dag har eg hatt på TV heile dagen og følgt med. Eg synest at folk er flinke til å stille opp og hjelpe, både dei som har det som jobb,og andre frivillige som hjelper til. Og Erna måtte på plass ho også, sjølv om det er jul. Det som er mest spennande er om dei får greie på kva som har hendt med dei 21 som ikkje er komne til rette. Det vart til at eg gjekk ein tur på Vernet i dag også, for å komme meg ut litt. Eg trefte fleire eg kjenner og slo av ein prat. Då eg kom ned att på bilvegen trefte eg ein pensjonert lege med rullator. Eg kjenner han litt frå før, så vi vart gåande å prate saman. Han fortalde at han går 5 kilometer for dag, med rullator eller stavar. Eg spurde korleis han målte -og det var på telefonen, sa han. Då eg kom heim att kokte eg risgraut til middag i dag, med tanke på dessert i morgon. I dag gjorde eg slik som mamma gjorde, eg la koparpengar på plata og sette gryta over. Grauten sveid ikkje i botnen i dag. Elles har eg strikka nesten ferdig første erma og begynt på den andre på jakka mi.Eg strikkar når eg ser TV. Eg har tatt opp av frysaren ei svineribbe som eg kjøpte før jul. Eg har tenkt å steike noko av den, og salte resten. Dette får vere siste utskeielsen i matvegen denne jula. Må nok snart til med strieskjorte og havrelefse igjen, og godt er det. Eg hadde tenkt at Marit skulle komme ned til kaffi i dag, men ho var invitert til Volda. Eg kjeder meg aldri, eg har mykje å gjere, og TV-en syter for underhaldning. I morgon er det nyttårsaftan, og eg håper som vanleg(forgjeves) at det ikkje blir så mykje rakettoppskyting, det er alltid nokon som vert skada av det også-og hundar og andre dyr blir redde. Eg vil ønske alle ei fin nyttårsfeiring !

tirsdag, desember 29, 2020

Dagbok 2020: 29.desember

Klokka er no 16.35, temperaturen ute er + 1 grad, eg synest det er kaldt, men har det godt og varmt inne. Tenkjer på første vinteren vi var i Ørsta og budde på Melle, då var temperaturen rundt minus 20 i lange tider, vi fyrte og fyrte i det gamle huset, og hadde problem med å få det varmt nok. Det var den tida vintrane var kalde og fulle av snø.I dag vakna eg tidleg utan at eg stod opp av den grunn-låg til nærmare kl.9. Etter frokosten støvsugde eg alle teppegolva og vaska bad og kjøkken.Rista teppe og styrte på. Fekk ein pause i arbeidet då Ambjørg ringde og vi fekk oss ein lang prat. I 15-tida åt eg såkalla "middag"-i dag vart det brødmat igjen. Etter måltidet sette eg meg i godstolen og las, men det varde ikkje lenge før eg var over i draumeland, eg vakna etter ei stund, men jammen sovna eg ein gong til. Ja, det gjer ingen ting, for eg kan vere oppe så lenge eg vil i kveld. I går strikka eg på eine erma til jakka mi, i dag blir den sikkert ferdig så eg kan begynne med erm nr.2. Det går bra med armane, men eg har ein tommel på vestre handa som ikkje likar at eg strikkar for mykje; eg treng no ikkje å strikke allverda kvar dag, det er ingen ting som hastar. Det er berre eg som er slik: Fort ferdig! Fort og gale! Helst skulle jakka vore ferdig i går. Det er greitt nok når eg strikkar lester å tenkje slik , men ei jakke treng eg lenger tid på. Det blei altså ikkje tur ut i dag, men det var heller ikkje planlagt. Har ikkje vore på butikk heller, men har meir enn det eg treng i hus. Det er ikkje noko problem med å vere her åleine, eg har bøker,strikketøy -og TV ikkje minst, det er mykje å sjå der når eg har Nettflix i tillegg til dei vanlege kanalane. Eg kosar meg !-Men lengtar sjølvsagt mot den dagen då vi er ferdig vaksinerte og kan ha vanleg omgang med kvarandre, det tek si tid, det er mange som får vaksinen før meg.No skal eg ned i kjellaren og sjå til klesvasken, og så får eg finne fram strikketøyet.Kanskje litt kaffi hadde gjort seg?

mandag, desember 28, 2020

Dagbok 2020: 28.desember

Klokka er no 13.30,temperaturen ute ca +4 grader, det er fint og lettskya vêr, men sol har vi ikkje; den kjem tilbake hit ca 18.januar. Det er litt tidleg å skrive blogg, men om det skjer noko meir i dag, så kan eg føye det til. I dag vakna eg tidleg,stiv og støl, vondt i ryggen og hoftene, berre sorgen. Men så stod eg opp og då varte det ikkje lenge før eg var heilt bra. Etter at eg hadde ete frokost etc. sette eg meg til å strikke, held på med første erma enno, det går ikkje så fort når garnet er tynt. I dag var eg fast bestemt på å komme meg ut. Gata var berr og tørr, så eg kunne godt ha tatt på meg joggeskor.Men eg var litt frostig så eg tok på meg gummistøvlar av alle ting, for å få plass til tjukke lestar. Når eg ikkje tok støvlettar var det fordi eg ikkje ville øydelegge dei på den steinete vegen på Vernet. Det eg ikkje hadde rekna med var at vegen på Vernet var delvis isa.Men det var ikkje verre enn at eg kunne gå utanom isen. Ganske mykje folk der oppe i dag til tross for at det er kvardag.(Inne i hovudet mitt er det søndag) Då eg kom heim att såg eg i postkassa, var ikkje sikker på om det hadde vore postlevering rett oppi jula, men det hadde det.Der var brev frå Redd Barna, som ville ha kontingent, frå SOS barnebyer som ville ha julegåve og brev frå Per Eilert. Eg har ikkje skrive eit einaste julekort, for det er så mange som les bloggen min at eg skreiv der.( Men det er ingen som legg att kommentarar der.)Eg skulle no ha sendt brev til Per Eilert, men overlet til Solveig og Øystein å helse frå meg. No har eg betalt i aust og vest, så blir det vel ei lita stund, så vil dei ha meir. Til Redd Barna betaler eg berre kontingenten, til SOS gir eg litt gjennom heile året. Til middag i dag blir det å ete brød med julepålegg, eg har kjøpt inn altfor mykje, så det er straffa.Eg rekk no å strikke litt meir før middag. Vaske og rydde får eg gjere i morgon og dagen deretter. Det var godt å komme ut i frisk luft i dag igjen.

søndag, desember 27, 2020

Dagbok 2020: 27.desember.

Klokka er 19.55, temperaturen ute er+ 6 grader, det er opplett no i alle fall,kva det har vore før i dag, veit eg ikkje. Snøen har smelta men er ikkje heilt borte.No har PC-en kobla seg ut igjen og eg skriv på Laptopen, noko eg ikkje likar. Så veldig mykje har eg ikkje å fortelje i dag, men eg kan no opplyse om at i dag har her vore besøk. Margrete og fire barn kom. Så kom Solveig og dei to eldste gutane. Kjekt at det kom litt frå kvar leir slik at dei fekk treffe kvarandre. Solveig og Margrete hadde ikkje sett kvarandre sidan før Koronatida.Menyen i dag var brød og kaker og eg sit att med mykje restar. Eg har det med å lage til litt for rikeleg. Eg la det opp enkelt så folk kunne komme og gå slik som det passa, og det er lov å komme fleire gonger. Alle i familien kunne ikkje vere her på same tid.I tillegg til å styre med mat i dag, har eg strikka litt på jakka som eg fekk garn og mønster til i julegåve frå Solveig og så las litt i boka frå Margrete. No skal eg inn att til TV-en. Viss eg får ordna den andre maskina, lan eg kanskje legge ut bolde seinare. No er eg inne på storemaskina og har fått lagt ut eit bilde av bordet-før gjestane kom.. Den duken som ligg på bordet brukar eg å ha 2.juledag når storfamilien har vore her. Eg kjøpte den på gåvebuda for mange år sidan. Bilda på duken er av dei tre vise menn med kamelar og greier-ikkje typisk norsk altså. Kvar gong eg "reparerer" Pc-en lurer eg på kor lenge det varer og om eg i heile taatt får den til å virke.No virkar den i alle fall, så lenge det varer.

lørdag, desember 26, 2020

Dagbok 2020: 26.desember. 2.juledag

Klokka er no 16.55 alt, den begynte å gå så fort etter at eg sette på nettflix - eg kunne ikkje sette meg til å sjå sjakk, for det er på same tid langdrygt-og spennande. I dag stod eg opp i 8-tida, har ikkje tolmod til å ligge i ro når eg er vaken. I dag styrte eg litt på kjøkkenet på føremiddagen, laga ferdig eit par kaker til i morgon blant anna.Elles så la eg opp eit strikketøy, og eg har også tatt ein spanskleksjon. Det eg ikkje har gjort er å moke snø, for eg trur den smeltar snart. Temperaturen ute er no + 6 graderC. Eg fann nokre restar som eg hadde til middag, kokte poteter til, elles går det litt på halv 8 her i huset når eg er åleine, men i morgon får eg besøk. Margrete og alle ungane kjem + Einar og Audun, det hadde no vore kjekt om dei to familiane kunne få møte kvarandre, det er lenge sidan sist. Eg såg døvegudsteneste på TV i dag - Eg hugsar då Ingeborg var lita-så sat ho og såg heile døveprogrammet, der presten hadde armane både opp og ned-slik som ho sjølv nettopp hadde lært når ho skulle vise kor stor ho var. Eg kom på at det er faktisk laurdag i dag-og då er det ei veke sidan eg har vore ute og trimma. Eg tenkte på Vernet, men det var ikkje så fristande å gå ut, og så blir det tidleg mørkt enn-sjølv om sola har snudd. Ikkje har eg tatt bilde heller - ikkje enno i alle fall. Eg har så vidt begynt å strikke på eine erma på jakka mi-kanskje ein cm. Det er snart to år sidan eg strikka så utruleg mykje, men det var blant anna på grunn av at eg sat med eit vondt kne. Eg har lese om Anne Gjengedal Ellingsen i boka mi i dag, så det er ikkje berre dei eldgamle eller avdøde som har fått plass i Reidun si bok.

fredag, desember 25, 2020

Dagbok 2020: 25.desember 1.juledag

God jul! No er klokka 17.15, Temperaturen er så vidt over 0 grader. Det har ikkje kome mykje snø i dag, heldigvis, og eg vonar at den som er vil smelte fort. Derfor har eg ikkje moka i dag. I dag har eg gjort minst muleg, berre slappa av, fyrt i omnen, ete diverse og reparert datamaskin. No har eg fått den opp å stå for tredje gong, så lenge det varer. Det er nettverket som dett ut av Storemaskina, men TV og laptop virkar. Som sagt har eg ikkje gjort stort i dag, og då har rg heller ikkje mykje å skrive om. Eg greidde ikkje å halde fingrane av fatet når det galdt boka til Reidun Åmbø, eg har lese om tre kvinner i dag, og eg likar måten Reidun har skildra dei på. No kjenner eg Reidun ganske godt -eller kjende er vel rettare- for eg hadde henne til lærar på DH. Eg hugsar at eg ein gong klaga over at eg skreiv så enkelt. Då sa ho noko slikt som "Det er ikkje feil å skrive enkelt"- det hugsar eg enno, og eg trur faktisk ho lever opp til det sjølv. Skriv enkelt og lettfatteleg utan for mange krumspring. Eg likar boka, som eg fekk av Margrete, og som ho sikkert vil låne når eg har lese den. Av Solveig fekk eg garn og mønster til raud strikkajakke-det var vel noko eg hadde snakka frampå om. Gleder meg til å få eit skikkeleg strikketøy, eg har strikka nok lester for ei stund. Til middag i dag måtte eg smake på spekepølsene eg fekk av Rasmus. Der følgde med rips-og solbærgelé, eg hadde aldri trudd at spekepølse med raudvin var godt med solbærgelé til, men det var det faktisk. I dag har eg altså slappa HEILT av, i morgon skal eg vere litt meir aktiv. På føremiddagen såg eg TV i dag, men etter middag vart eg så sløv at augene datt att, sjølv om Bør Børson var på skjermen. No har eg sett på kaffien, men først skal eg prøve å legge inn nokre bildet av vêret idag.Bilda vart tatt på føremiddagen, no er det mørkt.

Dagbok 2020: 24.desember, julaftan

Klokka er no 2.10 og det er alt blitt 1.juledag. Øystein køyrde meg heim for eit par timar sidan, men eg kunne ikkje gå rett og legge meg, måtte sjå litt meir på gåvene for eksempel, og så vart eg sittande å sjå på TV av alle ting, men no skal eg snart finne senga. Eg er ikkje så flink til å sove lenge om morgonen. Det har vore ein fin dag og kveld. Einar og Audun kom og henta meg ca 15.30. Naboane mine hadde moka heile tunet mitt-i morgon må eg moke litt sjølv viss det trengst, eg treng i alle fall mosjonen. På Hareid var det rikeleg med god mat til alle, som vanleg, og alle "barna" var heime.Vi hadde det koseleg og tok ein kopp kaffi før gåveutdelinga tok til. Som vanleg varte det vel og lenge før det vart tomt under treet. Eg fekk fine og nyttige gåver fra alle. Så vart det moltekrem og meir kaffi. Heimturen gjekk fint til tross for upløgde vegar både her og der. Takk til alle som var med på å skape god julestemning i år også.

onsdag, desember 23, 2020

Dagbok 2020: 23.desember

Klokka er no 16.30, temperaturen er + 2 grader og det regnar, det ser ut til å bli i grøn og våt jul. Men ein kan aldri vite om temperaturen kjem under 0- og markene ligg kvite. Fordelen med snø er at det blir lysare. I dag har eg berre smårydda litt og vaska bad og kjøkken.Og så har eg vore ein tur opp til Marit og ete kake og drukke kaffi,og det var no kjekt. Ho fyller 82 år i dag. Innimellom er eg innpå You tube og studerer spansk. Eg reknar med at eg blir sittande framfor TV-en heile kvelden så det spørs om eg må legge opp eit "spøt"-eg må ha noko på hendene når eg skal sitte i ro elles finn eg berre noko å ete på, og det går no ikkje an.Tidlegare i dag skreiv eg julebrev her på bloggen, eg gjer det lettvint for meg sjølv. Så får eg berre ønske god jul til alle enda ein gong. Vi som er friske og har både mat og drikke får vere fornøgde med det-det er mange som ikkje har det så greitt. Så får vi håpe på eit nytt og betre år 2021.

Julebrev 2020.

Kjære alle saman. Eg har heilt slutta med å sende julekort og-brev. Eg har inntrykk av at alle nære venner er innom bloggen min, derfor skriv eg her. Vi er no komne til "Lille lulelaff" som det heitte her i huset før. Det var eit uttrykk frå Solveig var liten og ikkje snakka heilt reint. Eg har vaska golvet, men elles har det vore lite juleførebuingsarbeid her i huset; har baka litt og handla inn mykje, så eg trur ikkje eg kjem til å svelte i jula. Håper også at familien kjem innom i mindre grupper enn vanleg. I morgon på julaftan skal eg vere på Hareid. Eg blir henta og bringa. Tradisjonen med å feire jul på Hareid begynte etter at alle barna var flytta ut og Nils og eg vart att åleine. Ja, åleine var vi vel ikkje så lenge vi var to. Eg treng vel ikkje å minne om at dette har vore eit veldig spesielt år, men no er vaksinen i kjømda og eg er meir varsom enn nokon gong med å vere sosial. Når eg tenker tilbake på 2020, så kom Koronaen i mars og eg gjekk i frivillig karantene.I dei dagane hadde eg glede av å feire at eg var blitt gammal,dvs.80 år. Eg var her heime åleine, men naboane stilte opp utanfor på gata med flagg og trompet og song for meg. Det gledde meg! Elles hadde eg kontakt med mange i familien på nettet. Mange blomster og andre gåver blir ein veldig glade for i ei slik tid. Sommaren var ikkje så streng, då kunne ein vere ute i lag med naboar og andre, nokre korte turar vart det også. Eg var på kafé fleire gonger og det var ikkje så strengt. Då hausten kom starta vi opp att med trening hos fysioterapeuten, og spanskkurset starta opp att-men med strenge koronatiltak. Eg har gått på butikkar heile tida etter at eg gjekk ut av karantenen, men no går eg berre på ein butikk og kjøper mat. Tre gonger har eg vore til kyrkje i denne tida. I juli vart oldebarnet mitt, som vart fødd 5.april, døypt i Hareid kyrkje. Berre dei som skulle vere med i selskapet etterpå, var i kyrkja. Farmora til Margrete sine barn døde i august og då var eg i gravferd frå Volda-kyrkja.For fem år sidan var alle fire besteforeldra fadrar til Amanda , som vart døypt i ein alder av 15 år. No er det berre eg som er att av dei fire.Nokså vemodig. Den 12.desember var eg i Volda-kyrkja igjen. Denne gongen for å vere med når Håkon og Birte gifta seg. Det vart ei enkel seremoni, med berre foreldre og besteforeldre. Bryllaupsfeiring blir det kanskje seinare. Nesten alt har vore spesielt dette året, det har vel alle fått erfare. Kvart år når eg ryddar bort julestasen, lurer eg på korleis neste jul kan bli-men pandemi har aldri vore i mine tankar. No er alle barnebarna som bur her komne heim til jul. Alle har testa seg og alle testane var negative, så derfor kan eg treffe dei.Margrete og hennar flokk har vore her, men eg har ikkje treft alle hareidsdølane enno. Så vil eg nemne Marit, venninna mi, som også har mist mannen sin. Vi gjekk i same klasse på gymnas, men var ikkje nære venner den tida. Marit bur rett over vegen og vi kan ha auge med kvarandre heile tida, nesten. Vi ser etter om den andre har sett på lyset om morgonen og så skriv vi meldingar på Messinger. Vi går i lag på trening og på butikken og gravplassen. Vi køyrer kvar sin gong, og i bilen kan vi ikkje halde avstand, derfor kan vi vere i lag andre stader også. I dag fyller Marit 82 år og eg skal ein tur opp til henne. Det er godt å ha nære venner i ei slik tid. Då står det att å ønske alle i familien og alle andre venner ei god jul, og alt godt i det nye året !Vi håper alle på det beste. (Beklager at eg ikkje kan ha avsnitt, det er maskina sin feil)

tirsdag, desember 22, 2020

Dagbok 2020: 22.desember

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er + 5 grader og det regnar. Ikkje så fint som det var førre veka, men dagane vert lysare no framover, etter at sola har snudd, det ser eg fram til. Men vi har hatt ein lett førejulsvinter i år, berre ein gong har det snødd, og det har heller ikkje vore mange kalde dagar. I dag hadde eg berre ein ting på timeplanen, og det var frisør. Eg skulle vere der klokka 12, så eg rekna ut at eg kunne styre med eit kvart fram til klokka 11, då skulle eg dusje og kle meg om. Klokka 11 var der ei melding frå frisørdama om at eg godt kunne komme litt før, t.d. klokka 11.30. Det vart ei utfordring. Eg sette farten opp, kom meg på badet i ein fart,dusja og fann fram andre klede enn dei eg hadde først på dag. Klokka 11.10 gjekk eg ut døra.Og klokka 11.20 var eg på plass hos frisøren-ti minutt for tidleg. Der vart eg no verande ei stund, fekk av meg noko korona-hår og farga bustene som var att.Kjende aldri så lite vondt på bakhovudet då ho vaska håret mitt. På veg heim handla eg på Kiwi, så no trur eg at eg har det eg skal til jul. Eller kanskje ikkje? Det var diverse anna eg kunne tenkt meg å kjøpe, men eg har bestemt meg for å ikkje gå inn på andre butikkar enn KIWI. Det var litt for tidleg å ete middag då eg kom heim, så eg tok ein liten spanskleksjon mens eg venta. Ti middag var det restar frå i går, og eg åt altfor mykje, eg la litt inn på omnen før eg sette meg i reclineren der eg heldt på og skulle sovne.No har eg ikkje planar for resten av dagen, det er for mørkt og for vått til å gå tur, og eg har ikkje tenkt å gjere så mykje inne heller. I morgon blir det vaske og ryddedag, så då veit eg kva eg skal gjere. Marit har fødselsdag i morgon og eg har ikkje kjøpt gåve til henne enno. Eg er spent på kor lenge det går før vi kan slutte å tenke så mykje på koronaen.No gjeld det å halde ut til vi får vaksinen.

mandag, desember 21, 2020

Dagbok 2020: 21.desember

Klokka er no 19.40, temperaturen ute er +6 grader, og i dag har det regna litt, men eg har ikkje vore ute. I dag hadde eg invitert Margrete og barna til middag, Amanda skulle på jobb, så ho var sett av i Furene. Føremiddagen gjekk stort sett med til matlaging og anna husarbeid. Tok meg saman og fekk pussa stoveglasa utvendig, det var ikkje heilt vellykke ,men 100% betre enn å ikkje pusse. Til middag i dag laga eg svinesteik med saus og poteter og mykje anna tilbehør. Det var så lenge sidan eg hadde laga slik mat at eg måtte slå opp på nettet og finne ut kor lenge steika skulle stå i omnen. Eg har budd åleine i tre år no, og det har vore så som så med matlaginga, men eg likar å lage mat til andre som set pris på den. Til dessert vart det Skogsbær(frosne) i krydderlake. Gjestane sette pris på maten og vi hadde ei avslappa og koseleg stund.Eirik var komen heim frå Trondheim , Erlend held seg på desse kantar,men eg ser han ikkje ofte, Ingeborg kom frå Oslo, men ho var her sist torsdag også. Dei kom med nydelige raude roser, men då det vart litt styr med å sette i vatn etc. presterte eg å gå rett i dørken. Eg snubla på ein eller annan måte i golvteppet på kjøkkenet, og klaska bakhovudet i golvet med full kraft. Eg kjende det, for ikkje å ta for hardt i.Det var vondt ei stund, men før vi var ferdige med middagen hadde eg gløymt heile greia. Eg hadde tatt på meg nokre sko-som ikkje var Crox, så det var vel derfor. Margrete hadde gjort noko liknande før i veka. Eg har ikkje hovudverk ein gong , så eg er ikkje skada.. No blir det ikkje fleire selskap her hos meg før jul. I morgon skal eg til frisør, og så må eg vel handle litt. Vesle juaftan skal eg rydde og vaske. Julaftan skal eg vere på Hareid; Einar kjem og hentar meg, og einkvan køyrer meg heim att så eg får ligge i mi eiga seng.Eg er litt storforlangande.Eg er glad for at vi alleer friske, så langt, og ingen i karantene.

søndag, desember 20, 2020

Dagbok 2020: 20.desember

Klokka er no 16.25, temperaturen ute er + 9 grader. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, men eg ser at det er vått på gata, så det har nok regna. No er det mørkt, så eg får ikkje tatt bilde av vêret i dag. I dag tidleg då eg vakna verkte eg i ryggen, hoftene og nesten heile kroppen. Etter at eg hadde vore oppe ei lita stund, var eg heilt bra, men eg bestemte meg for ikkje å gå tur i dag. Eg hadde ein aktiv føremiddag der eg styrte med diverse på kjøkkenet, mellom anna fekk eg steikt ein kakebotn. Eg var effektiv i dag. Så tok eg ein liten spanskleksjon før eg åt middag. Middagen i dag var ein bra porsjon graut som var att etter i går. Etter middag sette eg meg til å lese i ei bok, men det var heilt forgjeves; augene datt att. Eg vil ikkje påstå at eg sov, men det var ikkje langt unna. Eg veit ikkje om det blir gjort så mykje meir i dag-men eg må vel rydde opp. Marit hadde ikkje tid å sjå serie i dag, så då må eg vente med den. Seint i kveld blir filmen "Kongens tale" vist på TV. Den filmen har eg sett på kino, og den er veldig bra. Trur eg skal ta den opp og sjå den seinare -skal ikkje vere oppe så veldig lenge i kveld. Trur eg.(No blei det eit avbrot her, for eg fekk telefon frå Ellen Marie). I morgon kjem Margrete & Co hit, som før sagt. Og Olaug kjem med flyet frå Bergen. Kvart år når eg ryddar ut jula, tenkjer eg på korleis det kan bli neste jul, kva som vil skje det komande året.Men eg visste sjølvsagt ikkje ved juletider i fjor kor spesielt dette året skulle bli. No vil eg seie at vi pensjonistar har ikkje hatt det så mykje annleis enn vanleg, berre mindre kontakt og mindre "uteliv". Det gjeld for oss her, men eldre folk i byane har sikkert hatt det tungt nok. Uansett så ønsker vi Koronaen dit pepparen gror-og håper at den aldri kjem tilbake. No ventar vi med lengsel på vaksinen !

lørdag, desember 19, 2020

Dagbok 2020: 19.desember

KLokka er no 16.12,ute er det + 14 grader og bekmørkt.Det har kome nokre få regndropar i dag, men ikkje så mykje at det er noko å snakke om. I dag var planen klar. Eg skulle pusse kopar og messing først. Det er ikkje lenge sidan det vart pussa, men det vart fort stygt igjen. Ein gong var det veldig på moten med kopar og til dels messing. Alle hade det, og dei fleste av oss har vel diverse gåver av sorten. Det er sikkert ikkje så moderne lenger, men tinga har fylgt oss i mange år og høyrer liksom heime her. Derfor pussar eg med glede og set tinga på plass der dei har stått i årevis. Å pusse var fort gjort. Litt lenger tid gjekk det med støvsuginga, men eg kom no i mål med det også. Eg kjøpte store mengder med mat i går, men det er alltid noko ein gløymer så eg tok ein tur i dag også. Handla no ein god slump, men eg synest ein får mykje for pengane på KIWI. Rekninga i dag kom på ca.370 kr. - Men eg hadde ei artig oppleving.Då eg køyrde nedover kom der ein figur på instrumentbordet som eg ikkje trudde hadde vore der før-. Figuren likna på bensinmålaren, som aldri har virka, men stått på same stillet anten eg hadde full tank eller ikkje, så eg tok hitet og køyrde ned og fyllte opp tanken. Då eg sette meg inn att i bilen, var figuren borte og instrumentet for tanken viste full tank. Dette har aldri hendt før. Men no kan eg kanskje stole på at eg får ei påminning når det begynner å bli lite igjen på tanken. Eg har ikkje køyrt så mykje sidan sist eg fylte, men då var det noko tull, for eg fekk berre nedpå nokre få liter før det stoppa. Då eg kom heim att fekk eg varene på plass før eg begynte å koke risgraut til meg sjølv, for det hadde eg lyst på i dag. Eg har tre kasserollar som høver til melkemat, men alle tre har eit svakt punkt midt i botnen, der grauten svir seg-eg kan no ikkje stå og røre heile tida. Mamma hadde eit triks når ho kokte melkemat, ho la nokre småpengar på plata, eller ev.binders - då brann det ikkje i botnen, men det blei kokt. Etter at eg hadde ete grauten, vart eg så stinn og mett at eg la meg på dagsenga. Skulle høyre Storytel-bok, men det funka ikkje. Eg følte at eg burde trimme litt, men ville ikkje gå på Vernet i dag. Derfor tok eg med batteri, fyrstikker og lys og gjekk fram på gravplassen til fots. Det var vondt å gå i dag; av ein eller annan grunn, verkte eg i ryggen, hoftene og knea. Men kom meg no fram og fekk bytta batteri i eit lys vi har der, men å få fyr på dei to gravlysa som eg hadde tatt med heim og tørka opp, det gjekk ikkje. Det var litt vind som sløkte etter kvart. Eg måtte gi meg på det.Det var mykje lys på gravplassen i dag, trur mange hadd kjøpt julelys-lenker med batteri til å ha på gravene. Eg kom meg no heim med litt strev, men sidan eg gjekk forbi KIWI kunne eg sette meg på ein benk der ei stund. Dersom det stod benkar rundt omkring var det mange eldre som kunne gått meir, utruleg kva ein greier når ein får kvilepausar. No skal eg lage meg litt kaffi og ha kvilepause resten av dagen/kvelden. Mandag kjem Olaug jr. frå Bergen med fly hit. Ho har testa seg og var negativ, ho også. Elles ventar eg Margrete og hennar fire barn til middag mandag. Tysdag skal eg til frisør og på lillejulafta skal eg vaske og pynte. Trur eg.

fredag, desember 18, 2020

Dagbok 2020: 18.desember

Klokka er no 16.45, temperaturen ute er eventyrlege 10 +-grader; og alle pensjonistar er svært nøgde med det. At det kom nokre regndropar på føremiddagen, det bryr vi oss ikkje om, for regnet slepp vi å moke vekk. Eg hadde ei uroleg natt, og vakna tidleg i dag, så då det leid utover dagen vart eg veldig trøtt, men det var ikkje så farleg for eg hadde ikkje lagt opp til store aktivitetar. Det einaste eg hadde planlagt i dag var å fare ned på Kiwi og handle det meste av det som stod att av julehandelen. Heilt ferdig vart eg ikkje, med fekk no til gards ein del mat og drikke. For ned tidleg mens der er lite folk og mykje varer. Eg priser meg lykkeleg for den vesle bilen eg har som gjer at er er sjølvhjelpt og uavhengig. Då eg kom heim og hadde fått varene i hus, tok eg ein tur på Vernet mens eg hadde ytterkleda på. Trefte nokre karar ut i Starevegen som eg prata med, og eit par damer på Vernet; to av damene i Starevegen trefte eg på butikken, eg talde på fingrane og fann ut at eg hadde snakka med minst åtte personar i dag. Mange dagar snakkar eg berre med meg sjølv, viss eg ikkje reknar med dei eg chattar med på nett. Kan ikkje skofte spansken sjølv om det er juleferie, så eg sat ein liten time i dag også. Middag i dag var restar frå i går, og det var meir enn rikeleg. Etter middagen tok eg Møre-Nytt og ein kaffikopp attmed kjøkkenbordet. Men det vart heilt umuleg, hovudet datt ned på avisa heile tida, så eg gjekk like godt å la meg inn på dagsenga mi -no har eg lagt der og slumra med lydbok på telefonen, om eg har fått med meg alt, det tvilar eg på, men det får duge. No skal eg gjere ein innsats og rydde på kjøkkenet etc. Det er mykje som skulle ha vore gjort, men eg må no ha noko å gjere etter jul også. Margrete og barna kjem til middag på mandag. Margrete har testa seg i dag også, men karantenen går ikkje ut før sundag. Eirik er komen heim og han har også testa seg, så no vonar vi at ingen skal i karantene i jula.
Dette er trappa på Vernet. I dag gjekk eg ned den trappa. Eg har talt trinna fleire gonger, men det rare er at når eg går oppover er det 42 trinn, men ned er det 43.

torsdag, desember 17, 2020

Dagbok 2020 : 17.desember

Klokka er no 21.5, temperaturen er +8 grader og det er opplett. Det har vore ein fin og mild dag,utan snø, slik vi eldre likar det. Før eg for på trening i dag gjorde eg nokre førebuingar, men vi reiste nedover kl 11.15 fordi vi skulle kjøpe noko på Alti før treninga. Eg stakk opp til Clas og kjøpte meir batteri, så no har eg vel til over jul. Handla litt på Kiwi, sidan eg skulle lage middag til meg og jentene. Då eg vel var i hus ringde Amanda frå Volda og sa at dei var på veg. Maten var ikkje heilt ferdig då dei kom, men det varte ikkje lenge før vikunne kose oss med Stroganoffgryte etc. Til dessert vart det eplekake og krem + kaffi. Eg likar å lage mat når det ikkje er berre til meg sjølv. Eg fekk med meg nyheitene klokka 7, og så rydda eg opp og fekk på oppvaskmaskina. Hadde akkurat sett meg ned for å skrive blogg, så ringde det på døra. Det var Einar som kom med ein nydeleg blomsterdekorasjon til meg. "I staden for julegåve", sa han. Ikkje i staden for, sa eg, det ER ei julegåve.Han fekk ikkje så stor oppdekking, berre ein kaffiskvett og litt eplekake. Og så prata vi ei stund før har for. Så i dag har eg vore i lag med folk heile dagen. Og det er no kjekt. Eg har sagt at i år blir det å samlast i kohortar- ikkje alle på ein gong. I morgon trur eg at eg skal ta ein handledag og få i hus det meste av det eg treng til jul. No oppdaga eg at eg framleis går i treningskleda mine.( Har problem med å sette inn bild på bloggen, men skal sjå litt meir på det seinare.)

onsdag, desember 16, 2020

Dagbok 2020: 16.desember

Klokka er 15.45, og det er enno dag, men det skymest. Temperaturen ute er + 6 grader C ,det er opplett, men ikkje klårt; då hadde det vel fort blitt kaldare.Eg hadde ingen planar for dagen, anna enn at eg skulle vere heime. Eg henta opp frå kjellaren ei kasse med julepynt, men det vesle juletreet fann eg ikkje. Det kan hende det vart putta opp på loftet. Ikkje veit eg. Hukommelsen min er noko tynnslitt.Eg fann ut at det passa å vaske soverommet i dag når det var opplett og eg kunne henge ut både golvteppe og dyne. Så gjorde eg det, og sidan eg var godt i gang tok eg fredagsvasken også. Eg får ikkje vaske på fredag neste veke heller, så det var greitt å byte dag. Elles har eg no gjort litt av kvart,men ikkje så mykje å skryte av. Innimellom pratar eg på Messenger med den eine og den andre, så eg har kontakt med mange utan å gå ut av huset. I går , etter at eg hadde skrive blogg, laga eg to store julebrød av eigen design, dvs.oppskrift frå Tine, innputt av rosiner og andre ting som eg bestemte sjølv. Eg trur ikkje eg skal bake så mykje meir, det skal etast også og eg er ikkje ferdig med det eg laga til jul ifjor. Trudde at Margrete kunne komme ein tur, men ho er i karantene sjølvom ho testa negativt, og så skal ho testast igjen på fredag -men viss det blir negativt, kan ho vel sleppe fri? Ho får ikkje vere i lag med barna som er komne heim til jul før alt er klart. Eg har høyrt om pandemiar, men først no forstår eg korleis det er, sjølv om vi her på våre kantar har slept lett hittil.Eg har ete middag, og sitt og super på noko kaffi. Vaskemaskina går, det blir faktisk klesvask om ein er heilt åleine. I går vreid eg venstre handleddet på ein måte som gjer at det vart litt vondt når eg skulle til å vri klutar etc. i dag. Eg har lyst å begynne på eit lite strikketøy, for å ha noko på hendene, men veit ikkje kor lurt det er.Armane mine er bra no, men hendene og fingrane er ikkje heilt gode. Ikkje mykje å klage på når ein er 80 år. Det ser ut til at det blir ei grøn jull, og det er ikkje meg imot.

Bok nr. 61- 2020: SABINA

Denne boka fann eg i bokhylla, men hadde aldri lese den. No har eg hatt den til sengelektyre i vekesvis, ca 350 tettskrivne sider og berre nokre få kvar kveld/natt. Eg visste ingen ting om boka først og trudde det var ein roman. Litt rart for eg trudde Karsten Alnæs var historikar. Det er han og boka er ingen roman men ei fortelling om den Russisk-jødiske legen og psykiateren Sabina Spielrein. Han skriv om heile livet hennar frå fødsel til død, hennar personlege opplevinar og om det som skjer i Europa i tida før 2. verdskrigen. Det handlar mykje om arbeidet hennar og kontakten med Simund Freud og Carl Gustav Jung. Boka er interessant på mange måtar, men eg skulle ønske eg hadde hugsa litt meir av psykologien vi lærte på lærarskulen. Det mest dramatiske er skildringane av livet i Russland like etter revolusjonen.Eg vil anbefale boka til dei som ev. er interesserte i denne delen av historia.(Klikk på bildet av boka, så kan de lese det som står på baksida.)

tirsdag, desember 15, 2020

Dagbok 2020: 15.desember

Klokka er no 16.30,temperaturen ute er + 7 grader. Inne er det godt og varmt, for eg bakar og då må deigen ha det varmt for heve seg. I dag var det trening klokka 11-12. Avtalen var at vi skulle handle på Spar etter treninga. Eg sjekka posten på data før eg for, men pakken frå Rasmus hadde ikkkje flytta seg. Men eg tok med mobilen på vona eg skulle få ei melding.Det er "Post i butikk" på Spar. Eg sjekka mobilen på veg inn døra, og då var pakken der og eg fekk køyrt den ut i bilen før eg begynte å handle. Rasmus-familien sender alle pakkane til meg og så distribuerer eg gåvene vidare. Det varte ikkje så lenge, så måtte eg ha litt mat, det eg kallar middag. Og etterpå sette eg ein julebrøddeig, eg vil ha fleire sortar julebrød og i dag brukte eg oppskrifta frå Tine, men bestemte sjølv kva som skulle vere i etterpå. No står deigen til heving. Det er så usikkert korleis jula blir i år, det blir inga stor samling her 2.juledag, slik tradisjonen er, men eg får vel besøk av mange i små puljer. Margrete som testa seg før i veka , var negativ. Ingeborg som kom frå Oslo testa også negativt, så hittil ser det bra ut. Audun er også komen heim, så no er det berre Olaug og Eirik vi ventar på. Viss det går etter planen skal eg til Hareid julaftan.Vi skal på trening torsdag også, men juleveka tek vi fri. Eg kjem ikkje til å sende julebrev/-kort i år. Mange les bloggen min, så eg legg inn julehelsingar der. Fekk forresten fint brev frå søskenbarnet mitt på Sørumsand i går. Elles så har eg kontakt med nesten alle eg kjenner på FB. No må eg sjå til at ikkje deigen hever seg over sine bredder.

mandag, desember 14, 2020

Klokka er halv fire og vel så det, det mørknar ute og skyene er svarte. Det var opphaldsver før middag, men så kom det nokre dropar. Tamperaturen har stige til + 7 graderC, godt å sleppe kulden. I dag hadde eg planlagt å fare på apoteket for eg hadde undersøkt og funne ut at eg ikkje hadde tablettar til over jul. Eg ville fare tidleg før det vart for mykje folk-og det gjorde eg. Mens eg likevel var på ALTI tok eg ein sveip innom Europris, eg ville sjå om dei hadde lysande dompapar, men det hadde dei ikkje. For å ikkje gå heilt tomhendt kjøpte eg ei lengde med lys til å ha i "rygge-treet" mitt. Treeet er meir omfangsrikt enn eg rekna med så lysa vart som nåla i høystakken, men det får stå si prøve. Eg var no stolt og glad fordi eg greidde å ordne ut sjølv. Dørkransen var det Øystein som måtte installere. Då eg kom hein att var det bra vêr og opplett og eg hadde ytterkleda på, så eg tok ein tur på Vernet før eg gjekk i hus. På datamaskina fann eg litt av kvart, m.a. julebrev frå John Per og melding frå Margrete. Ho hadde fått melding om at coronatesten hennar var negativ. Det er ein del smitte både i Ørsta og Volda og mange i karantene.Eg er ikkje hysterisk, men prøver å ikkje vere på for mange stader og i lag med mange folk med tanke på smittesporing. Men i morgon er det trening, der er vi ikkje veldig mange, men nokre er det og alle er veldig forsiktige. EG fann meg litt mat til middag i dag også, og dessert hadde eg frå laurdag. Eg kokte ein kopp kaffi til . Eg hadde ikkje meir brød oppe, men vegra meg for å gå ned i kjellaren og hente; då var det betre å bake nokre rundstykke. Eg sette i gang, men måtte ned i kjellaren for å hente meit mjøl-. Innimellom strikkar eg på ei hue til meg sjølv av restegarn. Den blir i diverse raudfargar og eg har vel brukt ca 8 ulikke nøste til denne tid. Skal bruke hua når eg går på Vernet i mørkna. Eg har ikkje fått hentelapp til pakken frå Rasmus enno (eg får vel beskjed på telefon eller data)- så eg ventar med å handle på spar til eg skal hente pakken. Neste veke er det jul, og det var sikkert mykje eg skyulle ha gjort før den tid, men det er nokså umuleg å planlegge noko som helst.

søndag, desember 13, 2020

Dagbok 2020: 13.desember, Luciadagen

Klokka er no 16.05, temperaturen vaker omkring 0 grader og eg trur det skyar over no. Det var kaldt sist natt og i dagmorgon, eg er frostig og må fyre i omnen, varmepumpa rekk ikkje til. I dag strikka eg litt på føremiddagen, og så tok eg ein tur på Vernet for å få varmen skikkeleg i meg, og det gjorde godt. Klokka 13 tok Marit og eg ein tur fram på gravplassen, eg skifta batteri i lykta og tende eit lite lys. Dei to gravlysa tok eg med heim for eg fekk dei ikkje opp, dei var fastfrosne. Elles har eg ikkje gjort mykje. Eg åt middag og sette meg inn i godstolen etterpå og halvsov ein times tid. No er eg vaken og frostig , så det neste blir å koke kaffi. Margrete vart sett i karentene til 20.desember fordi ein elev var smitta. I dag har ho vore og testa seg, så no vonar eg berre at ho er negativ. Marit har fått forbod med dottera si mot å gå på butikkar, men eg må i alle fall på apoteket før jul for eg er snart lens for tablettar. Dei er på resept så eg må helst kjøpe dei sjøl. Trur eg skal fare tidleg på dag, før det kjem så mykje folk.Eg hadde lyst å fare på Plantasjen også, men ser det an. Det var mange som vart testa i dag, så eg vil avvente resultatet. Møre-Nytt plar legge ut alt om corona og eg kan lese avisa på nett. Har ikkje så mykje å skrive om i dag, det skjer ikkje all verda når eg er her åleine, men viss det ein gong blir slutt på Coronaen, så har vi mykje å ta att.

lørdag, desember 12, 2020

Dagbok 2020: 12.desember

Klokka er no 15.30, temperaturen er 0 grader og det er framleis fint vêr, ser berre små fine skyer på himmelen. I dag vakna eg tidleg og stod opp relativt tidleg. Det er gjerne slik det er når ein "skal noko". I dag var det at Birte og Håkon skulle viast til ektefolk. Vi kallar det ikkje bryllaup sidan det ikkje var noko samling etter vielsen, det får kome seinare.Det er ei stund sidan dei søkte om det, tida gjekk, men brått vart det full fart.Solveig og Øystein henta meg her klokka 11, vielsen var kl.11.30. Gjestane var foreldre og besteforeldre til brudeparet.Presten som vigde paret er gift med mora til Birte, men er tysk opprinneleg.Han har eg helst på før. Far til Birte hadde med seg kona si, ho hadde eg ikkje helst på før.Det var ei enkel men fin stund i kyrkja.Der var organist og ein som spelte trompet. Vi trudde kanskje at Amund vart skræmd av trompetlyden-men det gjekk bra.Solveig med Amund, Øystein og eg sat på første benk framfor juletreet. Det er sjølvsagt spesielt med slike samlingar i Coronatida, men no har eg vore både i dåp, gravferd og brudevigsle i denne spesielle tida. Presten talte, bestefar til Birte heldt også tale, og Øystein sa nokre ord. Og eg høyrde/forstod ikkje eit kløyva ord. Det var slik i gravferda til Ruth også-forsto ikkje eitt ord.Det er noko med lyden /lydanlegget i Volda-kyrkja som eg ikkje forstår meg på, dei andre både høyrde og forstod. Det vart mykje fotografeing inne i kyrkja, bilda mine var ikkje av veldig god kvalitet. Amund var relativt roleg , men vart veldig glad når han såg att foreldra. Solveig og Øystein vart med meg heim, som planlagt, og fekk middag og kaffi her. Øystein fekk til å innstallere dørkransen min, såpass eg også kan hjelpe til å lyse opp Starevegen. No skal eg slappe av resten av dagen, trur eg, det er litt seint å gå tur på Vernet, så det får eg utsette til i morgon.

fredag, desember 11, 2020

Dagbok 2020: 11.desember

Klokka er no 16.00 og eg har nettopp tatt bilda som de ser på bloggen i dag. Eit aldeles nydeleg julevêr etter mi meining. Himmelen er nesten klår, det er ikkje nedbør, og temperaturen er +1,5 grader C. Kan ikkje bli betre. Ønsker meg ikkje snø i det heile tatt, særleg sidan leigebuarane mine har reist heim til jul og ikkje kan ta seg av mòkinga her. I morgon skal eg til Volda og vere med i kyrkja når Birte og Håkon blir vigde. Solveig og Øystein blir med meg heim att. Eg har invitert dei på middag. Skrella grønsaker og poteter etc. før eg begynte på fredagsvasken i dag.Eg gjorde også eit lite framstøt med julepynt og lys, det kjem fram litt etter kvart. Eg fann ut at eg hadde for lite gulrøter, fordi eg hadde laga ei gulrotkake, så eg måtte på butikken ein snartur. Då eg hadde parkert bilen, oppdaga eg at eg ikkje hadde veska med meg- det var berre å snu heim att, heldigvis ikkje så lange turen det. Handla det eg skulle ha og vel så det. I dag vart det speilegg og bacon til middag. No skal eg snart ha meg ein kaffikopp og nogo attåt, og så skal eg slappe av. Tørketrommelen jobbar for meg. Eg skulle gjerne ha gått rundt i butikkane no før jul, sett på varene og snakka med folk. Men eg er litt forsiktig med å mingle for mykje no når folk kjem alle stader frå og skal heim til jul.Det vart ikkje tur på Vernet i dag-den lyse dagen er kort. Eg vil ønske alle ei god helg. Og så kan vi tenne tre lys.

torsdag, desember 10, 2020

Dagbok 2020: 10.desember

Klokka er no 16.00, temperaturen på trappa er + 3 grader, og det har vore ein fin dag i dag. Berre vi kunne fått ha det slik heilt fram til jul-eller enda lenger! Eg fekk ein noko "flying start" på dagen i dag. Hadde problem med å få sove i går kveld/natt men eg sovna vel sånn i 2 tida som vanleg. Eg har kjøpt meg ei vekkarklokke og den står på vekking klokka 9. Det er ikkje ofte eg vert vekt av den, som regel er eg oppe før den tid-men berre for å vere sikker på at eg ikkje forsøv meg. I dag tidleg vakna eg og vart liggande og vente på at vekkerklokka skulle ramle, men så kom eg på at eg ikkje hadde sett på "på - knappen". Og klokka var 10. Eg kom meg opp i ein viss fart og skunda meg ut på kjøkkenet, drog frå gardinene og sette på lys. Då ser Marit at eg er oppe. Men i dag var ho litt bekymra og lurte på om eg var sjuk-for vi plar som regel vere tidleg oppe dei dagane vi skal på trening. I dag skulle vi ikkje trene før kl.12.30 så det var ingen katastrofe. Eg hadde planlagt å støvsuge teppegolva før trening, men i dag rakk eg berre stova. Etter treninga handla vi på Kiwi i dag; eg kjøper inn både det eine og det andre "til jul"-lageret plar vare om lag til påske. Eg kjøper helst slikt som står seg eller kan frysast. Vi vart sittande å prate i bilen som vanleg, så klokka var nærmare 15 før eg var i hus. Då laga eg meg "middag"-i dag vart det salat med Apetina-ost. No har eg kveikt godt i omnen såpass eg slepp å fryse. Kanskje kjem Marit ned og ser NRK-TV i lag med meg. Fekk melding frå Rasmus i går om at han har sendt ein pakke til meg på 10 kilo. Han sender alle julegåvene til meg, så hentar Solveig og Margrete dei her.Elles fekk eg ei uventa melding i går. Birte og Håkon skal gifte seg på laurdag i Voldakyrkja. Berre foreldre og besteforeldre er invitert til å oververe vigsla. Det blir ikkje "bryllaup" i vanleg forstand, berre vigsle i kyrkja. Solveig og Øystein hentar meg så eg sit på med dei til Volda. Det blir mange feiringar å ta att etter Corona-tida! Leigebuarane mine skal reise i dag/kveld, så då får eg huset for meg sjølv ei stund. Kor lenge veit eg ikkje.-Eg synest det blir så rart når eg ikkje får ha avsnitt i det eg skriv, alt blir sosa i hop, men det er ikkje mi skuld.

onsdag, desember 09, 2020

Dagbok 2020: 9.desember

Klokka er no 19.20, temperaturen på trappa er + 2 grader. I dag-morgon regna det, men utover dagen vart det fint, med sol i fjella, men ikkje nede hos oss. I dag hadde eg planen klar,rett etter frokost begynte eg å lage ei brasiliansk fruktkake, den er verdens enklaste kake å lage, så den var fort sett i omnen. Mens den steikte laga eg deig til julebrød som stod og heva. Det vart to former med julebrød, og sidan eg hadde rota til heile kjøkkenet kunne eg like godt sette ein brøddeig. Dessutan hadde eg meir melk som eg ville bli kvitt. Dermed vart det tre grovbrød også. Eg vaska opp og rydda etter kvart, så då eg hadde tatt ut brøda, kunne eg ta meg ein tur på Vernet i det fine vêret. Eg stod på same plassen og tok bilde i alle retningar. Bilda mot fjorden og Vik vart nesten svarte, men det motivet er vel kjent frå før. Eg trefte ein nabo på veg heim då eg kom på Vernet så eg fekk no prata litt med henne. Eg var heime rett før klokka 15 og då var det tid for middag. I dag vart det restar frå i går, og til dessert vart det kaffi og skalken av eine julebrødet. Marit og eg hadde avtalt at ho skulle komme ned og sjå nokre episodar av ein serie, så i dag har det blitt ein del TV-sjåing innimellom. Elles vaska eg to ullgenserar i maskina, dei ligg på badgolvet til tørk. I morgon er det trening igjen, og kanskje litt handling attpå. Elles prøver eg å få til litt spanskøving innimellom.Eg er sjokkert over Corona-nyheitene, det ser ikkje lyst ut, det er mange land som har store problem no.Slik det ser ut kan eg vere blant dei heldige som får vaksine tidleg, så då gjeld det berre å vere forsiktig nokre veker til.

tirsdag, desember 08, 2020

Dagbok 2020: 8.desember

Det lyser i stille grender.
Klokka er no 15.15, temperaturen ute er 5,5 grader C, og det regnar ikkje sjølv om det ser ut som der er vått på gata. Det var visst litt glatt på vegane, men eg merka ingen ting på bilen.I dag var Marit og eg på trening 11-12. Etterpå var vi ein tur på Alti, der vi hadde æend begge to. Så var vi på Spar og handla matvarer og det tek si tid. Eg har leita etter sukat på butikkane, og i dag fekk eg tak i, dei hadde ikkje fått pakka den ut før. Både Marit og eg skal bake julebrød med sukat, og ingen av oss forstår korfor folk ikkje vil ha det no lenger. Vi held på vårt. Klokka var 14 før eg var komen i hus. Og då laga eg meg middag av kyllingkjøtt som eg hadde kjøpt på tilbod, saus hadde eg i ein pose frå før, ris kokte eg i mikrobølgeomnen og så opna eg ein lite boks ananas. Det blei med andre ord ikkje så veldig billeg, men eg løyvde nok til i morgon også. Eg har litt av kvart som eg MÅ gjere i dag, men først må eg slappe litt av etter middagsmåltidet. Har ei SPANSK problem også. Fekk eit spørsmål på nettet("Pensjonistspansk i Ørsta" heiter gruppa)- eit grammatikalsk spørsmål- som vi må besvare. Ikkje heilt enkelt, men bra at Eli har litt kustus på oss enda vi ikkje har kurs no.I morgon skal eg ikkje på noko, så då får eg sikkert gjort mykje her heime. Trur eg. Det er no bra at vi har jula på denne årstida, kva skulle vi gjort utan den? I dag er det tre år sidan Nils flytta heimanfrå og ut på Sjukeheimen. Tida går.

mandag, desember 07, 2020

Dagbok 2020: 7.desember

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er + 1 grad C og eg trur det har regna i dag. Har ikkje vore så mykje ute i dag heller. Bilda tok eg frå altanen i dag, for å vise at her er grønt og fint enno.Eg har ingen ting imot grøn jul! Apropos jul, så veit eg ikkje korleis eg skal førebu meg i år når alt er så uvisst. Men eg prøver å bake litt og så skal eg no handle inn så eg har litt å by på. I dag var eg også planlaus, men bestemte meg fort for at eg ville lage ei gulrotkake. Og eg var så metodisk at eg leita fram alt eg skulle ha i kaka og sette det på disken. Heilt ulikt meg sjølv-eg plar flakse rundt å leite etter det eine og det andre mens mixaren går. Det er lite arbeid med den kaka, det er i grunnen berre å raspe gulrøtene. Likevel gjorde eg ein liten feil, eg tok ei form som var litt for stor, då blir kaka "tynn"-men med rikeleg glasur-og det er no den som er best.Eg skulle rydde litt i frysarane mine, og der fann eg rips-den tok plass! Så måtte eg berre koke saft av bæra-ein liten skvett på 2-3liter. Det vart ei smaklaus saft, men eg hadde den på flasker som eg skal fryse til ein gong nokon vil ha den. Fekk kasta diverse som måtte kasserast av bær som har vore frosne og oppatt-tinte nokre gonger. Eg er ikkje flink til å halde i orden storefrysaren; fryseskapet har eg vore nøydd til å ta skikkeleg nokså ofte.Fann litt klede som måtte strykast også, så føremiddagen gjekk fort. det var berre så vidt eg fekk tid til å studere litt spansk før eg skulle lage middag. I dag vart det "pasta carbonara" -ein enkel variant. Kunne tenkt meg ein tur på Vernet, men eg var for mett, så eg måtte vente litt. Eg venta såpass lenge at det vart mørkt ute, og då slapp eg å trimme. Men i morgon skal vi på trening, Marit og eg, og etterpå skal vi på ALTI og handle litt og kanskje på Spar også.Det begynner å mørkne før klokka er 15, så det er ikkje mykje ein får gjort i dagslys, og når det liksom er "kveld" får eg mest lyst til å sjå TV og strikke etc. Men det er no diverse ein kan gjere - viss ein vil.Eg brukar ikkje å ha på TV-en før klokka er 18++ så eg får ikkje vite kor det står til med Corona før den tid. Ein kan ikkje tenke på den heile tida-i alle fall ikkje når ein er heime og ikkje i lag med folk-då kan eg no føle meg trygg for min eigen del. Men eg tenkjer no på alle dei andre i familien også. Dei som jobbar i skulen er no nokså utsette viss der er smitte blant elevar og lærarar. Til denne tid har det gått bra.

søndag, desember 06, 2020

Dagbok 2020: 6. desember. Nilsmesse.

Klokka er no nærmare 16 og det er alt skymt ute.Temperaturen er + 3 grader. Det har ikkje vore heilt lyst i dag. Eg hadde ingen planar for dagen, men så sa eg til meg sjølv:"Viss du lagar krumkaker, skal du sleppe å gjere meir i dag." Då gjorde eg det, steikte 48 krumkaker og la dei i boks. Langsmed det andre eg styrer med, vaskar eg klede i kjellaren. Var ute og fekk trillbåra i hus, den er rusta nok, og så rygga eg bilen ut på tunet så eg fekk kløyvd litt ved til opprtenning. I går kveld strikka eg ferdig nokre lesta som eg har strikka av restegarn. Det var mange trådar å feste, men eg sat attmed datamaskina og hadde på musikk så det var berre kjekt. Etterpå måtte eg berre ha ei lita økt med spansk. Middag i dag? I dag vart det berre dessert og kaffi.Eg hadde litt bær i ein pose og ein svett fløte i kjøleskapet. Då kom eg på at eg hadde ein kartong med melk som gjekk ut på dato, så då tok eg og laga ein brøddeig. Den står no til heving, men eg skal ikkje gå på Vernet i dag. Gjekk i går....... .Eg er litt usikker på kva eg skal "gjere til jul" i år, sidan vi veit lite om kor mykje eller lite vi kan besøke kvarandre. Men eg skal no ha mat i huset, for eg reknar med at eg får besøk av fleire , men ikkje alle på ein gong, kanskje.No skal eg sjå ned til klesvasken min, og så skal eg slappe av- til brøddeigen er ferdigheva. Så må eg spekulere litt meir på kva eg skal lage av restegarnet mitt-eg trur eg treng ei hue-kanskje?

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...