onsdag, desember 16, 2020

Dagbok 2020: 16.desember

Klokka er 15.45, og det er enno dag, men det skymest. Temperaturen ute er + 6 grader C ,det er opplett, men ikkje klårt; då hadde det vel fort blitt kaldare.Eg hadde ingen planar for dagen, anna enn at eg skulle vere heime. Eg henta opp frå kjellaren ei kasse med julepynt, men det vesle juletreet fann eg ikkje. Det kan hende det vart putta opp på loftet. Ikkje veit eg. Hukommelsen min er noko tynnslitt.Eg fann ut at det passa å vaske soverommet i dag når det var opplett og eg kunne henge ut både golvteppe og dyne. Så gjorde eg det, og sidan eg var godt i gang tok eg fredagsvasken også. Eg får ikkje vaske på fredag neste veke heller, så det var greitt å byte dag. Elles har eg no gjort litt av kvart,men ikkje så mykje å skryte av. Innimellom pratar eg på Messenger med den eine og den andre, så eg har kontakt med mange utan å gå ut av huset. I går , etter at eg hadde skrive blogg, laga eg to store julebrød av eigen design, dvs.oppskrift frå Tine, innputt av rosiner og andre ting som eg bestemte sjølv. Eg trur ikkje eg skal bake så mykje meir, det skal etast også og eg er ikkje ferdig med det eg laga til jul ifjor. Trudde at Margrete kunne komme ein tur, men ho er i karantene sjølvom ho testa negativt, og så skal ho testast igjen på fredag -men viss det blir negativt, kan ho vel sleppe fri? Ho får ikkje vere i lag med barna som er komne heim til jul før alt er klart. Eg har høyrt om pandemiar, men først no forstår eg korleis det er, sjølv om vi her på våre kantar har slept lett hittil.Eg har ete middag, og sitt og super på noko kaffi. Vaskemaskina går, det blir faktisk klesvask om ein er heilt åleine. I går vreid eg venstre handleddet på ein måte som gjer at det vart litt vondt når eg skulle til å vri klutar etc. i dag. Eg har lyst å begynne på eit lite strikketøy, for å ha noko på hendene, men veit ikkje kor lurt det er.Armane mine er bra no, men hendene og fingrane er ikkje heilt gode. Ikkje mykje å klage på når ein er 80 år. Det ser ut til at det blir ei grøn jull, og det er ikkje meg imot.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...