torsdag, desember 17, 2020
Dagbok 2020 : 17.desember
Klokka er no 21.5, temperaturen er +8 grader og det er opplett. Det har vore ein fin og mild dag,utan snø, slik vi eldre likar det. Før eg for på trening i dag gjorde eg nokre førebuingar, men vi reiste nedover kl 11.15 fordi vi skulle kjøpe noko på Alti før treninga. Eg stakk opp til Clas og kjøpte meir batteri, så no har eg vel til over jul. Handla litt på Kiwi, sidan eg skulle lage middag til meg og jentene. Då eg vel var i hus ringde Amanda frå Volda og sa at dei var på veg. Maten var ikkje heilt ferdig då dei kom, men det varte ikkje lenge før vikunne kose oss med Stroganoffgryte etc. Til dessert vart det eplekake og krem + kaffi. Eg likar å lage mat når det ikkje er berre til meg sjølv.
Eg fekk med meg nyheitene klokka 7, og så rydda eg opp og fekk på oppvaskmaskina. Hadde akkurat sett meg ned for å skrive blogg, så ringde det på døra. Det var Einar som kom med ein nydeleg blomsterdekorasjon til meg. "I staden for julegåve", sa han. Ikkje i staden for, sa eg, det ER ei julegåve.Han fekk ikkje så stor oppdekking, berre ein kaffiskvett og litt eplekake. Og så prata vi ei stund før har for. Så i dag har eg vore i lag med folk heile dagen. Og det er no kjekt. Eg har sagt at i år blir det å samlast i kohortar- ikkje alle på ein gong. I morgon trur eg at eg skal ta ein handledag og få i hus det meste av det eg treng til jul. No oppdaga eg at eg framleis går i treningskleda mine.( Har problem med å sette inn bild på bloggen, men skal sjå litt meir på det seinare.)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar