fredag, desember 18, 2020

Dagbok 2020: 18.desember

Klokka er no 16.45, temperaturen ute er eventyrlege 10 +-grader; og alle pensjonistar er svært nøgde med det. At det kom nokre regndropar på føremiddagen, det bryr vi oss ikkje om, for regnet slepp vi å moke vekk. Eg hadde ei uroleg natt, og vakna tidleg i dag, så då det leid utover dagen vart eg veldig trøtt, men det var ikkje så farleg for eg hadde ikkje lagt opp til store aktivitetar. Det einaste eg hadde planlagt i dag var å fare ned på Kiwi og handle det meste av det som stod att av julehandelen. Heilt ferdig vart eg ikkje, med fekk no til gards ein del mat og drikke. For ned tidleg mens der er lite folk og mykje varer. Eg priser meg lykkeleg for den vesle bilen eg har som gjer at er er sjølvhjelpt og uavhengig. Då eg kom heim og hadde fått varene i hus, tok eg ein tur på Vernet mens eg hadde ytterkleda på. Trefte nokre karar ut i Starevegen som eg prata med, og eit par damer på Vernet; to av damene i Starevegen trefte eg på butikken, eg talde på fingrane og fann ut at eg hadde snakka med minst åtte personar i dag. Mange dagar snakkar eg berre med meg sjølv, viss eg ikkje reknar med dei eg chattar med på nett. Kan ikkje skofte spansken sjølv om det er juleferie, så eg sat ein liten time i dag også. Middag i dag var restar frå i går, og det var meir enn rikeleg. Etter middagen tok eg Møre-Nytt og ein kaffikopp attmed kjøkkenbordet. Men det vart heilt umuleg, hovudet datt ned på avisa heile tida, så eg gjekk like godt å la meg inn på dagsenga mi -no har eg lagt der og slumra med lydbok på telefonen, om eg har fått med meg alt, det tvilar eg på, men det får duge. No skal eg gjere ein innsats og rydde på kjøkkenet etc. Det er mykje som skulle ha vore gjort, men eg må no ha noko å gjere etter jul også. Margrete og barna kjem til middag på mandag. Margrete har testa seg i dag også, men karantenen går ikkje ut før sundag. Eirik er komen heim og han har også testa seg, så no vonar vi at ingen skal i karantene i jula.
Dette er trappa på Vernet. I dag gjekk eg ned den trappa. Eg har talt trinna fleire gonger, men det rare er at når eg går oppover er det 42 trinn, men ned er det 43.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...