lørdag, desember 19, 2020

Dagbok 2020: 19.desember

KLokka er no 16.12,ute er det + 14 grader og bekmørkt.Det har kome nokre få regndropar i dag, men ikkje så mykje at det er noko å snakke om. I dag var planen klar. Eg skulle pusse kopar og messing først. Det er ikkje lenge sidan det vart pussa, men det vart fort stygt igjen. Ein gong var det veldig på moten med kopar og til dels messing. Alle hade det, og dei fleste av oss har vel diverse gåver av sorten. Det er sikkert ikkje så moderne lenger, men tinga har fylgt oss i mange år og høyrer liksom heime her. Derfor pussar eg med glede og set tinga på plass der dei har stått i årevis. Å pusse var fort gjort. Litt lenger tid gjekk det med støvsuginga, men eg kom no i mål med det også. Eg kjøpte store mengder med mat i går, men det er alltid noko ein gløymer så eg tok ein tur i dag også. Handla no ein god slump, men eg synest ein får mykje for pengane på KIWI. Rekninga i dag kom på ca.370 kr. - Men eg hadde ei artig oppleving.Då eg køyrde nedover kom der ein figur på instrumentbordet som eg ikkje trudde hadde vore der før-. Figuren likna på bensinmålaren, som aldri har virka, men stått på same stillet anten eg hadde full tank eller ikkje, så eg tok hitet og køyrde ned og fyllte opp tanken. Då eg sette meg inn att i bilen, var figuren borte og instrumentet for tanken viste full tank. Dette har aldri hendt før. Men no kan eg kanskje stole på at eg får ei påminning når det begynner å bli lite igjen på tanken. Eg har ikkje køyrt så mykje sidan sist eg fylte, men då var det noko tull, for eg fekk berre nedpå nokre få liter før det stoppa. Då eg kom heim att fekk eg varene på plass før eg begynte å koke risgraut til meg sjølv, for det hadde eg lyst på i dag. Eg har tre kasserollar som høver til melkemat, men alle tre har eit svakt punkt midt i botnen, der grauten svir seg-eg kan no ikkje stå og røre heile tida. Mamma hadde eit triks når ho kokte melkemat, ho la nokre småpengar på plata, eller ev.binders - då brann det ikkje i botnen, men det blei kokt. Etter at eg hadde ete grauten, vart eg så stinn og mett at eg la meg på dagsenga. Skulle høyre Storytel-bok, men det funka ikkje. Eg følte at eg burde trimme litt, men ville ikkje gå på Vernet i dag. Derfor tok eg med batteri, fyrstikker og lys og gjekk fram på gravplassen til fots. Det var vondt å gå i dag; av ein eller annan grunn, verkte eg i ryggen, hoftene og knea. Men kom meg no fram og fekk bytta batteri i eit lys vi har der, men å få fyr på dei to gravlysa som eg hadde tatt med heim og tørka opp, det gjekk ikkje. Det var litt vind som sløkte etter kvart. Eg måtte gi meg på det.Det var mykje lys på gravplassen i dag, trur mange hadd kjøpt julelys-lenker med batteri til å ha på gravene. Eg kom meg no heim med litt strev, men sidan eg gjekk forbi KIWI kunne eg sette meg på ein benk der ei stund. Dersom det stod benkar rundt omkring var det mange eldre som kunne gått meir, utruleg kva ein greier når ein får kvilepausar. No skal eg lage meg litt kaffi og ha kvilepause resten av dagen/kvelden. Mandag kjem Olaug jr. frå Bergen med fly hit. Ho har testa seg og var negativ, ho også. Elles ventar eg Margrete og hennar fire barn til middag mandag. Tysdag skal eg til frisør og på lillejulafta skal eg vaske og pynte. Trur eg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...