mandag, juni 30, 2014

Dagbok 2014: 30.juni

Klokka er 21.00 og vêret er som før: sol og fint. Temperaturen er + 16 grader C.
Seint på ettermiddagen trudde vi det kom ei regnbyge, som i går, for vi høyrde torden innimellom fjella, og himmelen var svart. Men i dag rakk ikkje bygene hit.

Då eg vakna i dag, var eg åleine i huset. Nils var vekk for å fiske. Men han kom att utan fangst i dag.
Eg brukte føremiddagen til husarbeid. I dag baka eg i alt ni brød, og rydda fint opp kjøkkenet då rotet var over. Elles har eg vaska klede, prøver å rydde opp i alt som heng og sleng rundt omkring, og fekk tatt  inn det som vart vått av regnet i går.
Til middag åt vi pølser frå frysaren, med erterstuing og poteter til. Vi prøver å bruke av matlageret vårt.
Etter middag låg eg ei stund på solsenga, framleis godt påkledd, med ullsokkar og ulltrøye etc. Det er ikkje kjekt, men eg har ikkje noko val.
Nils har klipt plenen på nedsida av huset i dag, med den elektriske klipparen. Eg har mykje eg skulle ha gjort både ute og inne, men må vente på betre dagar.
Margrete og ungane er no komne heim att. Solveig og Co er i Roma og Rasmus framleis i Grenå.
Om vi kjem oss på tur er heilt i det blå-
Og no skal vi blade om til neste side i kalenderen.

søndag, juni 29, 2014

Dagbok 2014: 29.juni

Klokka er snart 22.00, men det er framleis lys dag ute, sjølv om det har skya over. I heile dag har det vore sol og fint vêr, men litt vind- no får vi kanskje vêrbyte. Temperaturen ute er no + 15 grader C.
Eg har vore heime heile dagen, men Nils var ein tur i skogen før middag. Sidan det ikkje var så mykje å finne på, tok eg like godt og bytte på sengane og vaska soverommet, var redd fineveret ikkje ville vare til i morgon. No heng ein stor halvtørr klesvask ute- og så er vona at den skal bli heilt tørr i morgon.
Til middag i dag hadde vi steikt laks. Det var veldig godt. Eg Woka ein pakke grønssaker til - av typen "Perfekt til kylling". Smakte godt til laks også. Til dessert vart det jordbær utan fløte - det får no vere grenser.
Elles har eg lege ein del på solsenga med tjukkelestar, ulltrøye og pledd etc. og høyrt lydbok.
Eg fekk telefon frå ein journalist som jobbar for Møre-Nytt, ho ville vite kva eg tykte om opplesinga til Rønnaug på fredag. Det var laust avtalt på førehand. Eg hadde ikkje meint at eg skulle nemnast på namn, men no ville ho forme det som eit intervju med meg. Skitt au, det får berre stå til! Men eg er inga linselus, for å seie det slik. Grunnen til at ho spurde meg, er fordi vi kjenner kvarandre frå før.
No har vi ete kvelds og eg har sett eit program på TV-Nils påstår at han skal ikkje sjå fleire kampar i dag.
Veldig trist med bilulykka i dag, det var i nærleiken til tunnelen som vart opna for 14 dagar sidan.
Margrete er vel heime frå Trondheim, Rasmus blir i Danmark litt til, og så skal dei ein tur til Sverige før dei reiser heim att.
No pøsregnar det!



Ingar på Grenå

lørdag, juni 28, 2014

Dagbok 2014: 28.juni

Dei fem første åra vi var i Ørsta budde vi på Melle. Gardane på Melle ser vi på høgre sida av bjørka øvst oppe.Om vinteren er eg glad for at vi bur på solsida, men i fine sommarkveldar kan det skje at eg "lengtar" tilbake til Melle. Men det er vel helst TIDA eg ville hatt tilbake.

Klokka går mot 21.00, og fotballkampen mot slutten. Ja, eg ser ikkje fotball, men høyrer kampen i bakgrunnen.
Vêret har vore strålande i dag også, litt varmare enn vanlig, og mindre vind. Temperaturen er no +19 grader C, og sola skin enno.
Dagane går fortare unna enn det eg likar, og vi får ikkje utretta så mykje.
Før middag i dag gikk vi å sosa ei god stund før vi kom oss stad og handle. Det var ei buske eg ville ha tak i, men dei hadde ikkje sorten verken på Tilseth eller på Plantasjen. Kjøpte litt småplukk på Plantasjen, så vi ikkje skulle kome heim heilt tomhendte.
Mat handla vi på Kiwi. I dag hadde vi sommarskinke til middag, med "brun" ris og salat til, i morgon skal vi ha laks. Vi prøver etter beste evne å leve relativt sunt.
Etter middag sola vi oss på altanen, og etterpå var eg ute og planta litt, pluss vatna der som det var tørt. Har prøvd med kaffigrut i blomsterbeddet, og det ser ut til at det held kattane vekke. I kveld sådde eg reddikar og ruccolasalat i ei plastkasse. Eit år sådde eg ruccola i beddet, men det vart for mykje av det gode, den vaks som ugras.
Eg synest vi har hatt ein lang og fin sommar allereie, og enda har vi ikkje begynt på juli. Margrete kjem vel heim frå Trondheim i morgon. Våre planar er heilt i det blå.

Bok nr 42 -2014: Rettsstridig forføyning. En roman om kjærlighet.

Ester Nilsson er poet og essayist og et fornuftig menneske i en fornuftig relasjon. En dag får hun en forespørsel om å holde et foredrag om kunstneren Hugo Rask. Fra om med det øyeblikket blir tilværelsen hennes endret og formet av et i utgangspunktet uskyldig, men altoppslukende begjær.
Ester har lenge vært fascinert av Hugo Rask, og da hun holder foredraget, sitter kunstneren selv blant publikum. Han er fullstendig henført, og etter forelesningen møtes de to for første gang. En form for kjærlighetshistorie innledes mellom Ester og Hugo, banal i all sin enkelhet og ondskap, storslagen i sin altoppslukende hengivenhet.
Rettsstridig forføyning er et tidløst drama om lidenskap og makt, frihet og fornuft, som forfatteren ikke bare iscenesetter, men dissekerer. Med djerv humor og enestående presisjon, blottlegger Lena Andersson forelskelsens systematiske selvbedrag.
Romanen har tatt svenske lesere og kritikere med storm, og vant Augustprisen for beste svenske skjønnlitterære utgivelse i 2013.
..........................................................
Eg har lese papirutgåva av denne boka. Det er ei "lita" bok på 180 sider. Ei veninne anbefalte meg denne boka, ho var veldig begeistra for den. No har ho ein annan erfaringsbakgrunn enn eg, og kjende seg veldig att i hovudpersonen, Ester.
Det som eg har kopiert frå nettet, seier det meste om boka. Elles vil eg påstå at boka er svært "litterær" -dvs. at her er mykje teori, filosoferingar etc. Boka krev nok at ein les litt meir konsentrert enn det eg har gjort.Men at den er god er det ingen tvil om.

fredag, juni 27, 2014

Dagbok 2014: 27. juni


Klokka er snart halv åtte og vi har brukt opp enda ein vakker sommardag. Sol og fint heile dagen, men ikkje særlig varmt i dag heller.No er temperaturen + 18 grader C.
Eg hadde avtale med veninna mi at ho skulle hente meg kvart på 11, så eg fekk ikkje gjort stort anna enn å shine meg opp og kle på meg før ho kom. Eg har ganske mykje sommarklede som er relativt lite brukte, men i dag fekk eg ta på meg nokre av plagga.
Vi var ikkje før komne på Føniks før Rønnaug kom bort til bordet og helste på oss. Ho var i fin form, og det var kjekt å høyre henne lese. Dessverre vart novellesamlinga "Ikkje for varmt, ikkje for kaldt" utseld før eg fekk kjøpt den. Men skal nok få tak i den ! Korttekstsjangeren høver veldig godt for Rønnaug sin måte å skrive på. Tekstane er skorne inn til beinet- ikkje eitt ord for mykje. Det kan eg like. I tillegg skriv ho eit utsøkt nynorsk. (Ho er opprinneleg frå Vartdal).Det var fullt hus på Føniks i dag!
Mens eg var på kafe var Nils ute og fiska. Han fekk ein stor torsk som vi hadde til middag seint på dag; den fekk ligge med salt nokre timar. Eg er opplært til at ein berre skal ete torsk i månader med R i namnet, så eg var litt skeptisk. Men eg åt fisken, og så vidt eg kan bedømme var det ikkje noko i vegen med den. Mens Nils koka fisk plukka eg jordbær, og i dag var det meir enn vi greidde å ete opp i ein gong. Så tidlig jordbærsesong har eg aldri opplevd før, men eg lurer på kor lenge den skal vare.
Vi er ikkje slik at vi syltar og rører og frys til vinteren, men blir det mykje, så skal no litt i frysaren også.
Har lege på altanen og lese ut boka mi i dag, men eg har fleire på lur !
Blei skikkelig flau då eg oppdaga at det var gullbryllaupsdagen til Bodil og Svein i dag. Har tenkt på det før, og visste om det, men så har det gått i gløymeboka. Vi får prøve å gjere det godt att ved eit seinare høve. Hilde og Oddvar har også bryllaupsdag i dag. Det er 27 år sidan vi feira bryllaup på Raftevoll Hotell. Eg kan hugse at eg hadde med meg bilde av det første barnebarnet vårt, som var fødd nokre få dagar før. Det er berre uhyggeleg kor fort tida går.
Håper at begge "brudepara" har hatt ein fin dag.
I kveld er det ikkje så mykje fotball, så då blir det litt anna å sjå på TV!
Ønsker alle ei god helg.

Bok nr.41 2014: Lindemanns siste reise



Lindemans siste reise
Norge er blitt et land hvor pengemakten og grådigheten blir tydeligere, og kynismen i næringslivet er sterkere enn noen gang tidligere. Midt oppe i dette står familien Lindeman, som nå knaker i sammenføyningene. For hva skjer når Renate Lindeman, som ikke bare er navet i ektemannens liv, men også alle andres, finner ut at hun ikke er den hun trodde hun var likevel? Handlingen i Kjell Ola Dahls nyeste roman er lagt til vår samtid. Dahl skriver om livskriser og eksistensielle problemstillinger. Kjærlighet, makt og rikdom, lidenskap, grådighet, misunnelse og nederlag er temaer i denne bredt anlagte episke romanen.
............................................................................
Dette er tredje boka i ein trilogi: "Lindemann og Sachs" og  "Lindemanns tivoli" heiter dei to første. De finn omtale av dei her på bloggen - og sjølvsagt på nettet, om de er interesserte.
Ikkje visste eg at det var ein trilogi eg gav meg i kast med då eg begynte på første boka, hadde eg visst det hadde eg venta med å lese bøkene til eg hadde alle tre.
Her er veldig mange personar å halde orden på. Då eg las første boka laga eg ei liste over alle, og den brukte eg delvis til bok nr 2 også. Men no har eg berre PRØVD å henge med i svingane, med vekslande hell.
Eigentlig har eg likt bøkene ganske godt, og dei er ikkje tunge å lese, berre litt forvirrande når det blir så mange sceneskifte. Handlinga i bøkene foregår for ein stor del  finansverda, så litt har eg lært undervegs. Denne siste boka har eg stort sett lese på solsenga-ikkje akkurat den staden eg konsentrerer meg best.

Gullbryllaup




I dag er det 50 år sidan Bodil og Svein gifta seg i kyrkja på Stårheim. Vi gratulerer med gullbryllaupsdagen og ønsker dei mange fine år framover!

torsdag, juni 26, 2014

Dagbok 201: 26.juni

Klokka er 21.15. Temperaturen er + 13 grader C. Det har vore fint, lettskya vêr i dag også, finast mot kveld. Vi har framleis litt kald vind, så det er best å halde seg på altanen.
I dag har det ikkje skjedd så mykje. Eg brukte føremiddagen til å vaske og støvsuge til helga, det blir fort mykje rusk og rask i huset når ein går så mykje ut og inn. Eg har halde meg unna hagearbeid i dag, sidan eg har dårlige erfaringar med bøy og tøy. I staden har eg lege på solsenga med lydbok.
Nils har helde på med reparasjon av grasklippar i dag også. No virkar maskineriet, men han er ikkje heilt sikker på om den ikkje tek fyr igjen.
Til middag i dag vart det kjøpepizza, det er heilt OK ein gong i blant.
Har ikkje høyrt frå barna i dag, men så vidt eg veit er Solveig  & Co er i Milano, Margrete i Trondheim og Rasmus i Legoland framleis. Det var i dag "Lommerosk" skulle spele i UKM -men eg veit enno ikkje korleis det har gått.
Eg har ikkje vore lenger enn ut på altanen i dag, men i morgon skal eg på kafe i lag med ei veninne og høyre Rønnaug Kleiva lese frå ei av bøkene sine. Forfattaren Rønnaug Kleiva er ein tidlegare kollega. Ho er her i samband med Dei nynorske festspela.
No skal eg sjå eit TV-program om Maria Montesorri.

onsdag, juni 25, 2014

Dagbok 2014: 25.juni

Klokka er 19.30, temperaturen er + 16 grader og det er nydelig vêr. På grunn av vinden er det ikkje så varmt; det er litt spesielt at det blæs så mykje her på våre kantar.
I dag har vi vore heime for det meste. Nils har streva mykje med å reparere grasklipparen, men har ikkje fått den i orden enno. Han fekk den til slik at han fekk klippe, men "draget" virkar ikkje. Det blir mykje akkordering og samtalar med diverse naboar, låning av verktøy osb.
Eg har tatt det mykje med ro i dag, men litt hagearbeid og husarbeid har det blitt. Og så skal ein snakke litt med alle som går forbi, vi har mykje kontakt med naboane i sommarhalvåret.
I dag har eg vore relativt bra i rygg og hofte, så eg passar på å ikkje overbelaste verken den eine eller den andre.
Vi var nedover ein tur, hadde ærend på bibliotek og apotek og så handla vi litt mat.Måtte handle inn mjøl t.d. i tilfelle eg finn ut at eg må bake brød.
Då vi kom heim la vi oss på altanen og slappa av, så laga eg middag mens Nils klipte gras. Og slik går no dagane,vi brukar opp litt av sommaren kvar dag. Eg har plukka jordbær i åkeren i dag også, så når Nils dukkar opp att, skal vi nyte herligheita.

tirsdag, juni 24, 2014

Dagbok 2014: 24.juni

Klokka er snart 21.00, temperaturen ute er +  grader C og det har vore ein strålande dag, med sol frå nesten klar himmel. Så veldig varmt har det ikkje vore, for det har blese.
Då eg vakna i dag, var Nils vekk: må innrømme at eg likar så passelig at han fer på sjøen åleine utan å seie ifrå på førehand. Han vart ikkje vekke så lenge, og fangsten var liten. Det bles på sjøen også.
Føremiddagen vart ikkje så lang, sidan vi skulle i gravferd klokka 13. Men vi rakk å jobbe litt i hagen; eg reinska ugras og Nils klipte plenar.
Då vi kom heim , åt vi litt og la oss på altanen-eg med lydbok.
Seinare gikk eg ein liten tur rundt på Bøen, mens Nils prata med naboar. Og så vart det tid for middag, fersk småsei smaka godt, og så vart det ei kaffikopp attpå.

Juni  er tida for stauder, og heldigvis kjem ikkje alle på same tid. Dei blå storkenebba er eg veldig glad i sidan eg elskar blå blomster. Eg fekk i si tid 4 slike av ein nabo. Det er ein geranium-variant, og desse er veldig like dei "ville".  Såg tre humler på samme tid i dag og det er eit godt teikn.  
Alt er tidlig i år, blomkarsen har fått sin første blomst, jordbær et vi litt kvar dag, og caprifolien  blomstrar.
Har fått bilde frå Legoland, der gutane til Rasmus boltrar seg, og melding frå Trondheim om at Margrete og ungane er vel framme.
Som de sikkert har registrert har det vore fødselsdagar i fleng for tida, men no er det stillstand fram til 3.juli.

I dag fyller Einar år og vi gratulerer med dagen!

mandag, juni 23, 2014

Bok nr.40- 2014: De uønskede


De uønskede
Odinn blkir satt til å undersøke mistankene om overgrep mot barn på Krokur, en behandlingsinstitusjon for gutter 1970-tallet. Undersøkelsene  avdekker et umenneskelig regime. To unge gutter har  dødd under brutale omstendigheter. Etter ekskona Láras død har Odinn hatt ansvaret  for deres datter Rún, og etter hvert påvirker undersøkelsene hans eget liv.
Men Ódinns undersøkelser skrider frem, introduseres leseren for de grusomme hendelsene som skjedde på Krokur, og han innser gradvis at ekskonas død slett ikke var en ulykke, slik de hittil hadde trodd. Men mens han desperat forsøker å finne svar på sine spørsmål, blir ondskapen som omgir ham bare sterkere.
....................................................................................
Dette er den første boka eg har lese av denne islandske forfattaren, og det blir kanskje ikkje den siste.
Det er eit relativt kronglete mysterium vi får servert, og som skikk og bruk er, får vi to såkalla prallelle historier, ei frå fortida og ei notid. Det smarte dei har gjort her er å bruke to opplesarar, ein mann og ei kvinne, så det er lett å halde historiene frå kvarandre.
Boka høver godt som lydbok sidan det er få personar og nokså  "ryddig" handling. Det er ikkje så lett å gjette gåta, til tross for at boka startar med slutten. Eg var budd på mykje grøss og gru etter det eg har lese om bøkene til farfattaren før,men det einaste grøsset eg fekk var då siste setninga kom.

Dagbok 2014: 23.juni =Jonsokafta.


Klokka er 19.00, temperaturen ute er +13 grader C og det er lettskya, litt sol og vind. Så no er det berre å håpe at vinden jagar skyene bort.
I går kveld/natt hadde eg problem med å somne, så  det var langt over den tida eg plar stå opp at eg vakna i dag. Som vederlag har eg droppa middagskvila.
I dag fekk eg der for meg at eg skulle begynne å rydde og vaske i kjellaren, gudane skal vite at det trengst.
Eg starta med den såkalla "matbuda", der det ikkje finst mat, men alt mulig anna. Nils kom og bar vekk glas og flasker etc. og køyrde til nærmaste igloo. Andre ting var kasta i bosset. Eg er bra nøgd med resultatet, men vi kunne sikkert ha kasta meir.
Nils tømde ein kommode som var full av hans gamle ting og papir. Han fann lønsslippar heilt frå 1981 blant anna. Litt artig å sjå kva ein tente den gongen. Han fann også garantisetel for siste sykkelen eg kjøpte, den som Solveig har no. Ho skal få kvitteringa, så har ho rammenummer m.m. i tilfelle tjuveri. Men ingen stel ein stor, tung, gammaldags DAMESYKKEL. Det var derfor eg valde den. Desse tunge gammaldagse syklane er gode på gater og flate vegar.
Elles har vi ete litt innimellom og drukke kaffi, men middag har vi ikkje hatt enno.Fann såpass med jordbær i dag også at vi fekk brukt opp fløten. Rømmegraut kjem ikkje på tale, det inngår ikkje i dietten vår. Men av ein eller annan grunn har vi hamstra grillpølser, og så fann eg ein eingongsgrill under ryddesjauen -så kven veit? Noko jonsokfeiring blir det ikkje på oss.
I morgon reiser Margrete og ungane til Trondheim, der Eirik skal delta i landsdelsfinalen med bandet "Lommerosk",  Amanda reiser med korpset og Erlend og mora skal vere publikum. Vi ønsker alle god tur og lykke til.
Vi kjem truleg til å gå i gravferd i morgon, om ikkje noko anna dukkar opp; det er mannen til ei pensjonistveninne som skal gravleggast.
Reknar med det blir eit par fotballkampar i kveld også, så eg får lese ut boka eg held på med.
Ha ein fin kveld!
Passar stemorsblomstrane til naboane som er i Tyrkia.

søndag, juni 22, 2014

Dagbok 2014: 22.juni

Klokka er 20.00, temperaturen ute er + 22 grader C, og vêret er vått og grått slik det har vore heile dagen. Ikkje så veldig oppløftande. 
Eg har brukt dagen på å slappe av og halde meg varm i håp om at eg skal bli betre i hofta og foten. Eg har prøvd å ligge på sofaen med pledd og lydbok, men då har eg ein tendens til å "dette ut". Det er betre å sitte framfor datamaskina og høyre bok, men det er ikkje SÅ bra for hofta, og så er eg like langt.
Nils har styrt på ute i garasjen, trur han har egna liner. Og no forsvann han bort på terminalen for å fiske med stong. Elles så har han sett ein fotballkamp eller to.
Eg har ikkje gjort anna enn å lage litt mat og stryke nokre klede. Men det er no søndag, og det skal vere kviledag.
Nils har fått tre DVD -plater med gamle bilde frå ein slektning. Eg har lagt bilda inn på datamaskina og prøver å redigere dei litt. Det som er synd er at vi ikkje veit namnet på alle som er på bilda. Det er utrulig at dei har så mange bilde frå gamle dagar i slekta.
Det er meldt om betre vêr utover i veka, men i dag tenkjer eg på Ørsta-pensjonistane som er på Kinnaspelet; håper vêret er litt betre sør om Stad.
Fekk melding frå Rasmus, dei er komne fram til Legoland, eit land dei besøker kvart år! I år har dei campingvogn med seg.
Og så er det Øystein som fyller 52 år i dag, det er berre nifst kor fort åra går, særlig for oss gamle.
No har vi hoppa over så mange feiringar, at vi må ha eit oppsamlingsheat. Solveig skal feire dagen sin i Roma, som vanlig, så ho blir også med på fellesfeiringa som er lagt til midten av juli. Margrete skal til Austlandet og hente den nye hunden sin i Holmestrand den 7.juli- så han skal få møte heile storfamilien.
Vi må vel vere heime og passe jordbæråkeren og plenen i år også.
Gratulerer med dagen, Øystein !

lørdag, juni 21, 2014

Dagbok 2014: 21.juni

Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er ca +14 grader; det er overskya men stort sett opphaldsvêr. Kald vind har det vore i dag, noko som ikkje freistar meg til å gå ut.
Tidlig på dag, vaska eg håret og gjorde litt "kontorarbeid" før vi tok turen til Vik. Svippa innom biblio og leverte ei lydbok, hadde ikkje tenkt å låne noko, men såg ei som såg spennande ut og raska den med.Det er ikkje så dumt å ha eit lite lager av bøker på datamaskina, originalen leverer eg inn over helga.
På Amfi var det full rulle både inne og ute. "Sommarfest" eller noko liknande kalla dei det, men det var stort sett telt der dei selde diverse. Parkeringsplassen var overfylt. Vi lurte på om der var folk i gågata også ein slik dag. Det var der ikkje!
Eg hadde eit ærend til Volda, så vi tok turen dit. Der var det nokså folketomt, og eg fekk dermed god sørvis på butikkane. Var innom Møre Konf. og kjøpte meg jakke og genser, begge deler til halv pris. Det er sommarvarene som er på sal no. Eg er "venn" med den butikken på mobil, så eg får meldingar om gode tilbod. Kjøpte meg sko også, fekk god hjelp på butikken til Sko-Olsen. No trur eg at eg har alt eg treng og vel så det, berre det no kunne bli sommartemperatur slik at eg fekk bruke sommarkleda mine.Har ganske mykje av sorten etter kvart, og utslitne blir dei aldri.
Vi handla litt mat på nærbutikken( Kiwi) før vi reiste heim og steikte karbonader og la på brødskiva. Men vi passa på å ete både tomat og agurk til.Det var middagen i dag. 
Etterpå vart eg så trøtt at eg måtte legge meg på sofaen med lydboka mi. Hadde ikkje lyst å stå opp att med det første, men så hadde Nils vore i åkeren og plukka jordbær! Fløte hadde vi i kjøleskapet og kaffien var klar. DÅ vart det fart på gamla!
Etter festmåltidet har eg site på datarommet og rippa bok, mens eg strikka på dei evindelige lestene mine. Nils har site på stova og laga seg makrellsnøre, med dei heimelaga "makkane" han laga hin dagen. Han har hatt eit auge på fotballkampen under arbeidet. Slik går no dagane- og altfor fort! Denne helga snur sola, men eg såg snø i dei høgste toppane i dag.

fredag, juni 20, 2014

Dagbok 2014: 20.juni

 Vi gratulerer Margrete med dagen, og ønsker henne og alle andre ein fin sommarferie. Her er ho på avslutning med avgangsklassen sin.

Klokka er snart 20.00. Ute er det delvis skya og opplett, temperaturen er + 14 grader og det blæs litt. Ingen varm sommardag, og no er det like før sola snur. Elevar og lærarar har fått sommarferie etter ein hektisk innspurt, pensjonistlaget er snart på veg til Kinna-spelet, og den yngre garde reiser på ferie hit og dit. Kort sagt: Det er sommar! I alle fall på kalenderen.
Då eg stod opp i 8-tida i dag var Nils vekk, ute for å fiske makrell. Det vart ingen fangst i dag. Og det kom ei gedigen haglbyge mens han var på sjøen.
Mens han var vekke støvsuga eg til helga, og då han kom att,var vi ein tur nedover for å handle. Eg måtte ha garn til mine evige lesteprosjekt, og så måtte vi ha litt mat i dag også.
Etter handleturen laga vi middag; i dag var det steikt makrell men mykje sunt tilbehør. Sidan vi har fått enda ein kosthaldsekspert i familien, prøver vi å legge bort gamle uvanar i matvegen. Makrellen var god, sidan den ikkje var så feit.
I går droppa vi middagsluren med den konsekvensen at då vi skulle sjå den tyske serien på opptak etter kveldsnytt, datt hovudet mitt ned meir enn ein gong. Forresten så vart det no litt langdrygt også.
I dag har vi heilgardert oss, slik at vi ev. kan sjå TV -også når fotballen takkar for seg. Eg ser ikkje fotball; eg sit for meg sjølv ved PC-en med lydbok på , og så strikkar eg. Kan ikkje heilt underslå at eg skal vere glad når det blir slutt på VM. Eg kan sjølvsagt sjå TV på dataskjermen om eg vil. Men kva er der å sjå? Fotball?
No skal Nils ut og klippe resten av plenen. Då han var ute tidlegare, begynte klipparen å brenne, så det er litt av ein risikosport å starte den igjen.
 Melle, Margrete ca 5 mnd. gammal.

I dag fyller Margrete 46 år. Det året ho vart fødd hadde vi ein nydelig sommar. Vi hadde henne med oss på badestranda i Osvika då ho var berre tre veker gammal, kan eg hugse.
Ho har hatt ei hektisk tid med mykje sensurering og anna skulearbeid, så no blir det godt for henne å få det litt rolegare.
Rasmus og fam. reiser til Danmark med campingvogn i desse dagar; Solveig, Øystein og Olaug skal til Roma og Milano. Sjølve må vi vel vere heime for det meste, passe jordbæråkeren og klippe plenen.
Denne helga er det jonsok også. Vi plar ikkje feire jonsok, men vi får sjå avisa i morgon om det er noko vi vil vere med på.Her er mange tilbod.

Ønsker alle ei god helg! Og god ferie!

Bok nr.39 - 2014: Serena





Beskrivelse:

I Serena utforsker Ian McEwan forbindelser mellom forfatterliv og roman. Det er også en bok om den kalde krigen. Og om kjærlighet - og hvor blind den kan gjøre.

Gjennom sin mer enn tre tiår eldre professorelsker rekrutteres Cambridge-studenten Serena Frome til en stilling i MI5. Året er 1972. Den kalde krigen er på langt nær over. Englands legendariske etterretningstjeneste er fast bestemt på å styre den intellektuelle diskusjonen gjennom å støtte forfattere hvis politiske standpunkt sammenfaller med regjeringens. Serena skal sørge for å oppmuntre østblokkritiske skrivetalenter. Operasjonen får dekknavnet «Søtmons».

Serenas lidenskap i livet er litteratur, og hun er den perfekte kandidaten til å infiltrere kretsen rundt den unge aspirerende forfatteren Tom Haley. Men hun gjør jobben litt for godt. Først forelsker hun seg i tekstene hans. Deretter forelsker hun seg i mannen. Snart blir han vellykket heltidsforfatter, uvitende om at han er finansiert av etterretningen.

Hvor lenge kan Serena holde oppdraget hemmelig? Hvor lenge kan hun skjule sin egentlige identitet? For å finne svar på spørsmålet må Serena bryte etterretningstjenestens regel nummer en: ikke stole på noen.

.........................................................................................
Det blir mykje lesing i desse fotballtider. Eg sit på "datarommet" med lydbok på PC-en og strikkar lestar av restegarn, mens Nils ser TV i stova. Helt ukomplisert.
Denne boka likte eg godt heilt frå starten. Den er velskriven, med ein liten ironisk snert, og opplesaren er god. Innhaldet var litt meir både og. Forfattaren skriv om språk og litteratur, noko som interesserer meg, og den historiske konteksten er heller ikkje ukjend.
Men ein eller annan stad undervegs rotar det seg til, eg kan ikkje vere heilt sikker på om det er i hovudet mitt. Eg kjøper liksom ikkje historia lenger.
Eg trur eg ville fått meir ut av boka om eg hadde lese den om att, forresten, men kan no ikkje drive å lese alle bøker fleire gonger. Eg trur at dette kanskje kunne vere ei bok for Margrete.

torsdag, juni 19, 2014

Dagbok 2014: 19.juni.

Klokka er 18.45, temperaturen ute er + 14 grader, det regnar og sola skin- på samme tid. Noko som resulterer i ein regnboge over huset til naboen.
Nils hadde legetime tidlig på dag, og mens han var vekke fekk eg vaska kjøkken og bad. Vi hadde nokre ærend til Vik, og så blei freistinga for stor, så vi reiste gjennom tunnelen, og vidare til Fosnavåg. Ærendet var å kjøpe fiskesaker på Dyrkorn, der vi er minst ein gong for året. Men først måtte vi ha mat. Vi fann att kafeen vi hadde besøkt sist vi var i byen, og der var det lunsjbord, der ein kunne ete så mykje ein ville til ein fastsett pris. Det passar veldig godt for slike som oss. Varmretten var kyllinggryte, den kunne ha vore god om kyllingen ikkje hadde vore så tørr. Elles var det ris og brød til+ diverse anna: salar, tomat,agurk, oliven, egg, reker, feta etc. etc. Vi vart rimelig mette! 
Eg kika litt i butikkar, men var ikkje i form til å trakke så mykje rundt, og vi har like bra utval av det meste her i Ørsta.
På heimvegen var vi innom PEKAS der vi endelig fekk tak i spon til varmkomposten, det var ikkje å oppdrive her. Nils fann seg også nokre gode linestampar og eg fann meg ei plastkorg til å bere klesvasken i. Same kor mange billigbutikkar som finst, har dei ikkje same vareutvalet.(Butikken ligg i nærleiken av der vegen tek av til Måløy).

Då vi kom heim, måtte vi først ha oss ein kaffikopp og så sette Nils seg til å lage nytt makrellsnøre, han må ha minst to om han skal ha med seg nokon på fisketur. Han hadde fått tak i rustfri onglar og raud slange, og på eit øyeblikk hadde han 80 ferdige krokar. Så står det att å knyte dei på sena.
Vi hadde ikkje lyst på makrell i dag sidan vi åt så godt i går. Men i morgon skal vi steike det vi har att av den første fangsten. Den var ikkje så feit, og då blir ein ikkje så lei av den.
Eg hadde ikkje med fotoapparat til Fosnavågen i dag, like godt for det både regna og bles. 

I dag kan vi gratulere Elin på Rygg med dagen!

onsdag, juni 18, 2014

Dagbok 2014: 18.juni

Klokka er ca 21.30. Temperaturen ute er + 12 grader og det er skodde og regn. Det er litt trasig, for no var vi godt vande.
Før middag var det opplett, så då fekk vi rydda på muren ned mot naboen, krypmispelen som vi hadde planta der, miste livet i fjor vinter, etter å ha halde muren på plass i mange år. No var den blitt så tørr og sprø at det var mulig å klippe den. Nils var på VØR med avfall frå hagen+ diverse anna.
Fekk melding frå Audun at han og mora ville ta ein tur seinare på dag, så vi tok tidlig middag. I dag var det altså kald, kokt makrell med rømme og agurksalat. Eg åt litt meir enn eg hadde godt av.Det er noko spesielt med den første makrellen om sommaren.
Audun er ferdig med studiane sine , etter fem år i Oslo. No skal han i det militære, til Kjevik ved Kristiansand i første omgang. Det var kjekt at han ville komme hit og helse på oss før han reiser.
Dei kom i 17.30-tida, Olaug var også med. Vi drakk kaffi og prata; og karane fekk med seg ein fotballkamp også. No er det ein ny kamp, og Nils er på plass i godstolen. Eg har ei lydbok som eg les innimellom. Eg blir nok aldri interessert i fotball, men brukar å sjå finalekampen.

tirsdag, juni 17, 2014

Dagbok 2014: 17.juni

Klokka har passert 19.00, og ein fotballkamp er på gang. Ute er det regn, skodde og grått, men eg kan sjå lyset frå sola gjennom skodda.Temperaturen er + 13 grader C. 
Før middag var det overskya og opplett. Nils for ut for å fiske i halv- åttetida, og eg stod opp litt etterpå. Eg  kan ikkje planlegge så mykje utan bil og sjåfør, så eg sette ein brøddeig til å begynne med. Det er ikkje det at det lønner seg så veldig økonomisk å bake sitt eige brød, men det er no greitt å ha i hus, og så kan ein lage det grovare enn det som er å få kjøpt.
Eg har eit hageprosjekt som eg jobbar med innimellom, det medfører mykje ryggbøying, så eigentlig skulle eg late det vere, men så er det slik at eg har så lyst! Mens eg dreiv med mitt hadde dei eit anna prosjekt på gang hos naboen. Eg måtte nedom og "rettleie" dei litt, men eg kan ikkje ta æra for at dei fekk opp den store steinen til slutt. For nokre år sidan rydda Nils og eg dette hjørnet av nabotomta og sådde i, men så vart huset ståande tomt i fleire år og alt grodde til igjen. Eg synest det er kjekt å følge med på slike prosjekt.
Eg måtte inn att til brøddeigen min som eg nesten hadde gløymt, det var like før den rann over kanten.
Måtte sjølvsagt ligge på sofaen ei heil stund etter lunsj, før eg var arbeidsfør igjen. Det blir ikkje meir tungarbeid i dag, men eg fekk rydda fint opp på kjøkkenet.

Nils kom att med fin, feit makrell, og no har vi kokt ein stor porsjon som vi skal nyte i morgon med agurksalat og rømme til.I dag vart det Taco.
Eg sit mykje på datarommet, med lydbok, og strikkar mens Nils ser fotball. Begge får vi  gjere det vi likar best.Det er heilt greitt.


mandag, juni 16, 2014

Dagbok 2014: 16.juni

Klokka er  23.30. temperaturen ute er + 7 grader C, og vi har hatt ein fin dag. Rett nok var det ein del skyer på ettermiddagen , men så klårna det opp att. Det har ikkje vore så varmt, for vi har hatt vind. Finaste vêret fekk vi mot kveld.
Etter frokost var vi ute og jobba ei stund, klipte kantar og plen. Eg tek mesteparten av kantane, mens Nils klipper plen. Dei første staudene er alt avblomstra, heldigvis kjem det stadig nye i blomst. No blomstrar dei gule liljene, irisen og dei blå storkenebba (geranium) - blant anna. Måtte vatne litt i dag også. Så snart det blir tørt i blomsterbedda er kattane der og grev.
Så var det styremøte i pensjonistlaget, vi held til på biblioteket, så eg fekk levert tilbake "Tirsdagsdamene" og fekk med meg tre lydbøker heim. Oppdaga at eg hadde lese den eine før-dei to andre har eg rippa. Har begynt å lese ei som heiter "Serene"- virkar bra. Kan vere ei kvild å lese noko normalt etter det lange opphaldet i "Evighetsfjorden". Eg likar lydbøker, slik at eg kan ha fingrane borti noko mens eg les. Det har blitt mykje lesing no i desse fotballtider, men i kveld fekk eg faktisk sjå ein TV-serie. Kjekt!
Elles var eg litt husmoderlig på ettermiddagstid, baka brød og strauk klede. Klokka var ca 18.00 før eg kom meg ut på altanen. 
På bildet øvst på bloggen, kan de sjå at ein av naboane har fått ei gravemaskin på plass, så no lurer vi på kva som skal skje.
I morgon tidlig skal Nils og Hassan ut og fiske makrell, dei seier at den er komen. Så får vi sjå kva eg skal finne på; det kjem litt an på vêret, men fjelltur blir det ikkje.

Himmelen i nord ved midnatt. Dette har eg ikkje sett før.

Bok nr.38 - 2014: Profetene i evighetsfjorden




Den kongelige danske koloni Sukkertoppen, Grønland, 1793:

En grønlandsk kvinne sparkes i døden fra en høy klippe. Den danske presten er i ferd med å gå av hengslene av hjemlengsel og skjørbuk og allmenn fortvilelse. Kolonibestyreren forfølger ham, han har et uoppgjort regnskap med ham.  Kolonibestyrerens kone er på randen av sammenbrudd og ser presten som sin eneste venn og fortrolige. Pastorens grønlandske kateket fortæres av sinne og sorg. Kolonimannskapets lille gruppe menn går hverandre på nervene. Om vinteren ruger mørket og kulden over kolonien, om sommeren skyller lyset inn som en flodbølge, det er ikke lett å si hva som er verst.

Hovedpersonene i denne bredt anlagte romanen fra kolonitidens Grønland, er pastor Morten Falck, hans kateket Bertel Jensen og kvinnen Arnarulunnguaq som faller fra klippen – et fall som strekker seg over tiden det tar å lese boken.
Vi følger dem hver for seg. I København i 1780-årene og under den store bybrannen i 1795. På vandringer i Norge og på lange båtreiser. På hvalfangst med skonnerten Henrietta of Aberdeen og på besøk hos hedninger og kristne i den kongelige danske koloni.

På den lille boplassen i Evighedsfjorden, noen dagsreiser fra Sukkertoppen, oppstår det et religiøst svermeri blant grønlenderne, anført av den rettskafne og sterke Maria Magdalene og hennes mann Habakuk. Det er Grønlands første løsrivelsesbevegelse, en moderne drøm om frihet, likhet og brorskap, 4000 kilometer nordvest for Bastillen. En drøm som det danske formynderskap hverken kan eller vil akseptere. Disse svermerier får avgjørende betydning for Morten Falcks og Bertel Jensens skjebner.
Og fra den høye klippen faller kvinnen Arnarulunnguaq. Oppe på kanten står morderen og ser henne falle.
............................................................................
Denne boka er på 17 CD plater, noko som tilsvarar ca 700 sider. Det ei ei lang fortelling der det skjer noko heile tida. Det er ikkje lenge sidan eg las denne boka, men følte at eg ikkje hadde fått skikkelig taket på den. Derfor bestemte eg meg for å lese den ein gong til.(Hadde den liggande på maskina.) Det angrar eg ikkje på. Denne gongen har eg lese konsentrert, ikkje berre gått rundt med "ei bok på øyret" slik eg ofte gjer.Har site mykje framfor datamaskina og lytta, mens eg har strikka eit par lestar, t.d. Då konsentrerer eg meg godt. Eg skal ikkje skrive så mykje om kva boka handlar om, der er mykje stoff på nettet. Eg har lese ei lita papirbok også av Kim Leine, "Valdermararsdag" og står på venteliste på fleire av bøkene hans påbiblioteket.

søndag, juni 15, 2014

Dagbok 2014: 15.juni

Klokka er snart halv sju, fotballen har starta, og Nils er på plass framfor TV-en. Ute er det framleis overskya, som det har vore i heile dag, tidlegare var det  skodde også. Temperaturen er + 16  grader C.
Eg var nettopp ut i hagen for å plukke litt rabarbra, og då såg eg nedom jordbæråkeren også, trur ikkje eg har plukka jordbær i hagen så tidlig før. Hugsar at eg har funne jordbær på Øystein sin fødselsdag, 22.juni, før. No kan det hende eg kunne ha funne fleire, men ventar eg litt kan det bli eit heilt måltid. Nils og eg har ein tradisjon; dei første jordbæra et vi sjølve, med kremfløte og sukker på. Det er ein gong i året.
I dag har eg vore gørlat. Nils ville fiske litt frå land før middag, så eg vart sittane framfor datamaskina og høyre bok, mens eg strikka lester. Det er eit prosjekt eg eg har litt moro av. Eg tek fram diverse restar av lestegarn og prøver å få til noko brukbart. Det kan bli ganske fantasifullt om sant skal seiast. Som regel er det Nils som endar opp med reste-lester.
Til middag i dag vart det sei i kvit saus med paprika og løk. Her i huset er det ikkje orden på noko, vi et gladelig fisk på sundag og kjøt på mandag om det høver slik.
Etter at vi hadde kvilt litt middag (det blei seint i går kveld) har eg hatt enda ei strikke-/ lesestund, før eg gjekk ut og hausta rabarbra. No kokar eg litt sylte til Nils av rabarbra og aprikos. Eg brukar berre litt fruktsukker, så eg trur det går bra.
Det er ikkje berre på grunn av latskap eg held meg så rolig, men hofta er ikkje heilt god, enno, håper det kjem seg etter kvart. I morgon skal vi begge på styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00.Nils møter som fast vara.
I dag fyller Hilde på Eid år og vi gratulerer, rart med desse tantebarna og barna dei begynner etter kvart å bli ganske vaksne!
Gratulerer med dagen Hilde Bjørg!

lørdag, juni 14, 2014

Dagbok 2014: 14.juni

Klokka er 20.30, temperaturen ute er + 20 grade og sola skin som ho har gjort i heile dag. Så veldig varmt har det ikkje vore, og det er på grunn av vinden.
Øvst på dette blogginnlegget ser de eit bilde av Lisjevatnet, det ligg ved den nye vegen som går frå Fyrde (Sentrum i Austefjorden) og opp til det som no er E39.
I dette vatnet lever Nord-Europas største paddestamme, og då den nye vegen vart bygd, var det fare for at altfor mange vart drepne om dei måtte krysse vegen. Derfor fekk dei laga tunnelar under vegen, så paddene skulle kome seg velberga frå vatnet og opp. Det var mange som flira av dette tiltaket til å begynne med. Men så fekk vi vite at padda er ein trua dyreart, og derfor må bergast. Før kanalane vart laga, var det eldsjeler som i sesongen bar padder over vegen, eit år bar dei ca 9000 padder! Alt dette fekk vi vite då vi var på avduking av betongpadda i dag.
No er det ikkje alle som veit skilnaden på frosk og padder, somme stader blir namna brukte om einannan fordi folk trur det er same arten. Det er det ikkje. Eg veit sant å seie ikkje om eg har sett ei padde, men froskar har eg sjølvsagt sett mange av. Det er veldig lett å sjå skilnaden; viss dyret hoppar er det ein frosk. Padder kan ikkje hoppe.
Vi var på plass klokka 11.00 då kunstverket skulle avdukast. Og det var stor stas ,særleg for dei som bur i Paddegrenda; norske flagg, hornmusikk, og mange talar. Då duken vart dregen av padda, varte det ikkje lenge før ungane klatra opp. Det er laga ein rasteplass ved sidan av, tippar den blir populær, særleg for småbarnsforeldre - og ungane sjølvsagt.



Vi trefte mange kjende der inne, blant anna desse karane, som sjølvsagt hadde med seg konene også.
På vegen heim køyrde vi gjennom Hjartåbergtunnelen, som skulle offisielt opnast straks etterpå. Det stod vi over. Vi stod også over seremonien ved Eiksundtunnelen.
Vi reiste heim og laga oss middag og sola os på altanen, til det var på tide å fare på ballettshow. Eg blir meir og meir imponert over det dei får til på ballettskulen. I dag brukte dei ikkje kulissar, og då var det som om både dansarane og dei flotte kostymane kom betre fram når dei berre hadde ein mørk bakgrunn. No skal vi ha oss litt mat, det blir vel ein lang fotballkveld. Eg kunne gått ein tur, men hofta og foten er i ulage. Det går vel nokre dagar før medisinen virkar. Håper det beste.

fredag, juni 13, 2014

Dagbok 2014: 13.juni

Klokka er 21.00, temperaturmålaren ute viser +18 grader C, men eg kan ikkje garantere at ikkje sola har vore litt for nær. Det er i alle fall strålande vêr, nesten utrulig etter det voldsomme regnet i går. Men dette likar eg; at det regnar skikkelig når det rgnar, og sluttar igjen! Det gikk med gru opp for meg i dag at om berre vel ei veke snur sola og dagane vert kortare. Vår-og forsommartida går berre så altfor fort.

Frå morgonen av var ikkje vêret så srålande, så då fekk eg gjort det eg hadde tenkt, støvsuga alle teppegolva, tørka støv etc. Ei lita ommøblering i stova vart det også, det er slikt som skjer av og til.
Vi åt eit lite lunsjmåtid før eg dusja og vaska håret- og så reiste vi til Volda, der eg vart spøyta full av smertelindrande gift. Det var to år sidan sist, så legen meinte eg hadde litt å gå på om eg måtte ha ein omgang til. Hittil virkar det bra.
Ikkje kafebesøk i Volda i dag; vi handla på Amfi då vi kom tilbake, og kokte poteter då vi kom heim. Menyen var spekemat.
Middagskvila tok vi på altanen- eg med Kim Leine og "Profetene i Evighetsfjorden". Utrulig kor lite eg fekk med meg første gongen eg las boka. Eg er verkeleg glad for at eg bestemte meg for å lese den om att.
Eg rydda litt i hagen - veldig lite altså. Og så la eg med ut att på altanen og las vidare til klokka var halv ni, då gikk sola ned bak rekkverket. No er ho heilt vekke frå Vallabøen, men dei på andre sida av fjorden kan nyte sola lenge enno. Ja,ja, om vinteren er det motsett, då er det vi som bur på solsida.

I morgon er det mykje som skjer. Eiksundsambandet blir gratis, tunnelen er nedbetalt. Så skal siste tunnelen på Kvivsvegen offisielt opnast, og Padda skal avdukast. Det er samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen som er staten sin utsending.
Program for dagen:
Kl.12.30 - 14.30: Offisiell opning a av E39 ved Hjartåberga.
Kl. 11.00: Paddemarkering. Avduking av paddeskulpturen ved Litlevatnet i Austefjorden.
Kl. 15.00: Bompengeinnkrevjinga på Eiksundsambandet vert avslutta på Steinneset ved Ketil Solvik-Olsen.

Eg veit ikkje om vi blir med på noko av dette, men ein ting skal vi i alle fall vere med på, og det er ballettframsyninga klokka 18.00. Sist var det jazz og hip-hop, denne gongen er det klassisk og contemporary, og sidan Amanda dansar jazz og contemorary møter vi på begge framsyningane. Elles har Nils kjøpt seg utstyr til kredefise i fjellvatn, så viss det blir fint vêr på søndag, skal han vel prøve utstyret.
Ønsker alle ei god helg!

torsdag, juni 12, 2014

Dagbok 2014: 12.juni

Klokka er 18.10, temperaturen er + 14 grader C og det regnar. Då vi sat og drakk kaffi for ei stund sidan, påstod eg at det hagla, men Nils nekta. Uansett var det som om himmelen ramla ned. Eg likar godt at det regnar mykje når det først skal kome nedbør, men at det sluttar igjen etter ei relativt kort tid.
No har Nils funne seg ein fotballkamp, så eg får kanskje lese i lydboka mi.
Før middag var han først ein tur til Vik og ordna opp i diverse, mens eg vaska til helga; støvsuginga tek eg i morgon før eg skal til Volda på smerteklinikken. Eg er ikkje bra i hofta, så eg håper eg får hjelp denne gongen også. Det er nesten to år sidan sist eg fekk sprøyte, så eg trudde eg var blitt bra!
Eg måtte også nedover i dag, hadde diverse ærend. Skulle hente ein pakke på posten, få nytt batteri til klokka mi, innom apoteket etc.etc. Går ikkje på biblio no, sidan eg driv og les om att boka til Kim Leine. Og den er lang.
Då vi kom heim att frå Vik laga vi oss skikkelig middag: sei og grønsaker i form. Sjølv om eg "steikte" forma litt for lenge og fisken vart litt tørr, åt vi opp kvar smitt og smule.Og godt var det. Etterpå vart det ein laaaaang middagslur. Ein dett litt i hop etter så mykje sommar og finevêr, men håper sommaren dukkar opp att snart.

onsdag, juni 11, 2014

Dagbok 2014: 11.juni


Tok bilde av månen før den fosvann bak Melshornet, men vi ser berre ei lyssky.

Klokka er snart halv ni, temperaturen ute er +15 grader C, og det har vore enda ein fin sommardag, med både sol og regn. Det regnet som kom sist natt greidde ikkje å væte stort, så eg vatna litt på føremiddagen, seinare fekk vi eit par skikkelige byger.
SIdan Margrete skulle til Ulsteinvik og vere norsksensor, var Erlend her hos oss. Han er ingen krevande gjest. Det meste av tida er har fråkopla eller tilkopla alt etter som ein ser det.
Vi hadde lunsj med brødskiver i 12-tidag, og sidan eg ikkje visste kva tid Margrete kom eller kor lenge ho kunne stoppe, tok eg like godt å laga ei stor pannekakerøre. I verste fall kan ein fryse ned pannekaker. Eg var meir enn halvveges i steikinga då Margrete ringde frå Ulsteinvik, og nesten ferdig då ho kom. Ho sette pris på både pannekaker og kaffi, men no føler eg at det er på tide med eit skikkelig fiskemåltid.
Nils har gjort litt hagearbeid i dag, og så kjem det folk på døra og spør etter han, og andre ringer og pratar i "timesvis". Eg føler at han er meir populær enn eg, men tek det ikkje tungt.
Akkurat no er han med nabo Jørn ut og set båten hans på sjøen. Den har vore på sørvis i Fosnavågen.
Mens Nils har vore vekke, har eg fått gjort ein del husarbeid. Det har ein liten tendens til å hope seg opp i finevêret.
Eg har lese bok etter bok etter bok i eit visst tempo, og følte etter kvart at alt gikk inn eine øyret og ut att det andre. Det kan vere bra nok somme tider, men når ein kjem frampå ei litt spesiell bok, bør ein ta seg tid til å lese den med meir ettertanke. Så no les eg om att "Profetene fra Evighetsfjorden" av Kim Leine. Det er ei prisbelønna bok, og eg følte ikkje at eg hadde fått skikkelig tak i den. Eg har stor glede av å lese den om att. La opp eit lite strikketøy såpass eg kunne sitte framfor datamaskina og høyre på opplesinga, det er betre enn å gå med pluggar i øyrene. Hadde ikkje boka vore så stor og uhandterlig skulle eg gjerne ha lese den på papir.

tirsdag, juni 10, 2014

Dagbok 2014: 10.juni

Klokka er 21.45, temperaturen er 19 grader C, max temp tidlegare i dag var +27 grader C. Det var sol før middag, men så skya det over. Trudde det skulle kome ei liknande byge som sundag, men hittil har det berre vore små dropar.
Det vart ikkje gjort mykje verken ute eller inne i dag; eg rydda kjøkkenet og så hjelpte eg Nils litt med å reparere hagemøblane. Eigentlig skulle vi kassere dei i fjor, men så tok vi og beisa dei om att i staden. No var føtene nokså rotne, så vi sette på nokre klossar, så held dei i år også. Dei var kjøpte til Rasmus sin konfirmasjon, og er altså 35 år gamle. Då det skya over og ikkje var fullt så heitt lenger sov vi middag på altanen.
Vi dusja og bytte om og så reiste vi til Volda på musikkskulekonsert - på Eben Eser.Det er veldig kjekt på desse konsertane, mange flinke elevar og ikkje minst LÆRARAR. 
Erlend skulle spele piano, og var ein av dei siste som slapp til. Det gikk veldig fint. Synd at han held på å miste interessa for piano, no er det slagverk som gjeld!
På heimvegen handla vi på Rema 1000. Kjøpte ein pizza til kvelds sidan vi ikkje har hatt middag før i dag.
I dag fekk eg somla meg til å bestille time på Smerteklinikken i Volda; eg kjenner meg alt betre!
I morgon skal Erlend vere her hos oss, mens Margrete er på sensor-oppdrag.Ingen sak å "passe" den karen!
No ventar vi på regnet, eg har ikkje vatna i dag.

mandag, juni 09, 2014

Dagbok 2014: 9.juni

Klokka er 18.30, temperaturen er ca +20 grader C, det er lettskya og fint ute. Akkurat no er sola framme også.
Vi hadde ingen planar for dagen i dag, eg var for så vidt ganske bra, men tok ikkje sjansen på for mykje gåing. Derfor bestemte vi oss for å køyre opp på Standalseidet. Det vart ikkje til at vi stoppa der så lenge, DET skulle vi gjere på tilbakevegen. Men då vi kom ned til Store Standal, hadde vi meir lyst å køyre "kysten" heim att.
Vegen ned mot Store- Standal
På andre sida av fjorden ligg Trandal-gardane, der det kvart år er stor festival.
Her ser vi ut mot Festøya på venstre sida i bildet.
Mange nedlagde småbruk langs vegen, og eit vell av alle slags markblomster, ikkje minst i vegkantane.

Det vart ikkje tatt noko særlig bilde på turen. Nils kasta med troa eit par gonger i Hjørundfjorden, men eg sat i bilen og studerte kart. Akkurat då var det kald vind.
Då vi kom heim laga vi gammaldags middag med poteter, grønerter og kjøttkaker i brun saus.
Så la vi oss på solsengane ei stund før vi drakk kaffi. Eg las ut boka mi mens Nils såg fotball på TV.
No er Nils i Rjåneshamna og hjelper Jørn med å ta opp båten hans; eg har tatt inn kleda eg hengde ut i går, og hengt ut ein ny klesvask. Tok litt ugras i beddet ved garasjen også. Det var fort gjort.
Vi har ikkje reist nokon stad i pinsa, likar betre å reise på kvardagar, då det meste er ope. Vi som har heilårsferie har høve til det.

Bok nr. 37 -2014: Tirsdagsdamene-reisen til Loudes


"Tirsdagsdamene - reisen til Lourdes" av Monika Peetz

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
På den første tirsdagen i måneden gjennom 15 år har fem venninner møttes på sin franske yndlingsrestaurant. Nå har den ene, Judith, blitt enke, og alle sammen bestemmer seg for å følge henne på en pilegrimsreise til Lourdes. Underveis kommer de på sporet av en hemmelighet som setter vennskapet deres på prøve.
Omtale fra forlaget
Fem venninner på pilegrimsferd. En henrivende og til tider komisk roman om en reise som forandrer alt. I 15 år har de vært bestevenninner. Hver første tirsdag i måneden treffes de fem damene i sin franske yndlingsrestaurant, og en gang i året hygger de seg med en felles weekendtur. Men dette året er alt forandret: Judith er nettopp blitt enke og vil foreta en pilegrimsreise til Lourdes i sin avdøde manns fotspor. Fylt av omtanke for sin sørgende venninne, beslutter Tirsdagsdamene seg for å følge henne på reisen. Underveis kommer de fem damene litt etter litt på sporet av en hemmelighet, som får konsekvenser for alles liv og setter deres vennskap på en hard prøve. En av Europas mest solgte bøker det siste året.

Eg fann ingen lydbøker som eg ville lese på biblio sist eg var der, og tenkte eg kunne finne meg ei lett og grei papirbok til ei forandring. Har høyrt mykje om Tirsdagsdamene og tenkte eg kunne lese den første for å sjå om eg likte den.
Eg har no lese den ferdig. Det går mykje fortare å lese på papir, aberet er at ein ikke kan gjere noko anna samtidig.
Eg ser at den som har skrive denne bokmeldinga på nettet har gitt boka terningkast 3, og det er vel det den fortener. For meg vart dette noko keisamt og føreseielig, kunne like godt ha skrive den sjølv!  Med det meiner er at den er nokså daglegdags-mens eg vil ha eventyr. Litt "husmorkvasifilosofisk " kan ein seie, og ikke så morsom som eg forventa. Likevel er der ein viss sjarm over dei fem veninnene som reiser på pilgrimsferd til Lourdes, så eg ser ikkje bort frå at eg kjem til å lese fleire av bøkene. Dei hadde inne berre nr.1 og 3, så no får eg vente på nr.2. Trur desse må lesast i rett rekkefølge. Treng vel ikkje verken å anbefale eller åtvare mot desse bøkene, sidan dei er så godt kjende.

søndag, juni 08, 2014

Dagbok 2014: 8.juni

Klokka er no 18.00 og temperaturen er + 16 grader C. Frå morgonen av var det sol og fint vêr, men så skya det til etter middag, og for ca ein time sidan begynte det å styrtregne. Det var ikkje måte på kor det ausa ned, det var som ei god gammaldags"toreflo". Stakkars dei "down under" - dei måtte stå under paraplyen og grille. 
Var ned i hagen tidleg på dag og tok bilde av valmuane som stammar frå bestemor sin hage på Eid. Eg bemerka at eg truleg ikkje har sett dei så oppeståande før; har ikkje kontrollert om dei framleis står.Det same gjeld riddarsporane, dei plar ikkje tole slike regnskyll.Uansett så gjorde det godt for alt som veks at det vert "degga" (vatna) som vi seier her.
Forma var rimelig dårlig då eg stod opp i dag, så eg fann ut at eg ville prøve med varme. På med svarte tights og ull -lestar, og eg trur det gjorde godt. Nils ville gå ein tur i skogen, så eg sette meg på altanen med ei bok.Det var litt skiftande skydekke, så det var ikkje så varmt, derfor tenkte eg at eg like godt kunne gjere noko nyttig. Så eg tok like godt og skifta på sengane og vaska soverommet. Så er det gjort.Vaska ei maskin med klede og hengde ut på altanen, der viser dei ikkje frå vegen.
Middagen vart særs lettvint i dag også, vi får heller kokkelere ein dag det ikkje er så fint vêr. Med slik appetitt som vi har, treng ikkje maten å vere så god.
Eg driv og skal lese ei bok om "Tirsdagsdamene"- på papir, men er ikkje så imponert, enno i alle fall. Har lese berre 100 sider til no.
Håper det blir fint i morgon for då er det preike og kyrkjekaffi ved Hovdevatnet. Det er tradisjon.Vi plar ikkje vere der, men det har hendt vi har gått tur i nærområdet.Eg unner alle som tek initiativ til noko at dei er heldige med vêret.

lørdag, juni 07, 2014

Dagbok 2014: 7.juni


Klokka er ca 18.30. Temperaturen er + 19,5 grader C. I heile dag har det vore delvis skya, og vind. Ganske passelig temperatur å vere ute i. Litt skodde var det først på dag, såpass eg fekk tatt meg på tak og strauk ein haug med klede før eg gikk ut i hagen og styrte litt. Flytta nokre plantar, vatna  etc.
Vi fann ut at vi MÅTTE finne på noko, så etter ei brødskive og ein kaffikopp skulle vi køyre på Standalseidet. Men så fann eg ut at vi heller kunne ta ein tur til Sæbø, og det gjorde vi. Vi visste ikkje at det var "Sæbødagane", og vi var heller ikkje interessert i det som gjekk for seg.
Vi var meir interessere i brød, det kjøper eg alltid når vi er der borte. Var innom Nilsbuda og kika også, der var mykje fint handarbeid å få kjøpt, men ingen ting eg hadde bruk for. Det vi kjøpte på butikken (Bellingen) var kvar si flaske Cola som vi drakk opp mens vi gikk bort til hotellet og tilbake. Det var mange småbåtar som hadde  ankra opp i hamna nedafor hotellet. Det var fint i Hjørundfjorden i dag, men der blæs kraftig, mykje meir enn her i Ørsta.
Vi køyrde Melsvegen heim, handla litt på Kiwi og så var det rett heim og legge seg på solsenga. Eg høyrde opp att siste plata av boka mi, utan at eg vart særlig klokare av det.Etter ei stund på altanen, fann eg fram grauten som stod i steikomnen og vi åt middag: Graut og spekemat. Leigebuarane grillar på plenen. Her i Ø er det vanlig å brenne bål på pinsafta, og eg lære i si tid av lensmann Riise at pinsebålet skulle loge, mens jonsokbålet skulle ryke. Vi driv ikkje med verken grilling eller bålbrenning, er kjedelige slik.
Margrete ringde meg på mobilen frå Hennebygda og ville vite kvar Rødberg var, ho hadde fått så lyst å sjå dit opp etter å ha lese Bodil sin blogg. Matias, far til Isak, morfaren min, budde der ei tid i sin ungdom. Når ein køyrer Panoramavegen står der skilt som peikar opp til garden, så det er lett å finne fram. Vi var ikkje opp den dagen vi køyrde den vegen.

Bøndene på Sæbø har kjøpt seg nyare traktorar no.

fredag, juni 06, 2014

Dagbok 2014: 6.juni

I dag fyller Olaug på Hareid 17 år. Bildet vart tatt på Krøvelsetra i oktober i fjor, då ho var med oss eit par dagar. Det året Olaug og Eirik vart fødde, var det utrulig fint og varmt vêr heile sommaren, også etter at skulen tok til sist i august. Vi får håpe at det blir slik i år også. Det har i alle fall begynt bra.
Vi gratulerer den kjekke jenta med dagen!

No er klokka 23.30, det er lettskya og + 16 grader C. Det har ikkje vore så mykje sol i dag, derimot har det regna aldri så lite. Eg har ikkje vore mykje ute, plagast med venstre fot og hofte, så eg tek det litt med ro. Før middag støvsuga eg teppegolva, mens Nils klipte plenane ovafor huset. Så var vi nedover, hadde ærend på biblioteket, men der var ikkje mykje å hente i dag. Så var det apoteket, og så måtte vi jo inn på Coop og bruke opp alle tilbodslappane. Vi såg at vi også denne gongen fekk tilbod på vanlig majones. Det stod vi over, for vi hadde handla lettmajones sist vi var der. No når vi får tilpassa tilbod, tener vi faktisk ein god del på å bruke lappane.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, eg har hatt litt arbeid med bilda eg tok i går, let dei gå gjennom eit forbetringsprogram for eg offentleggjer dei. Eg er ingen fotograf, berre knipsar i veg.Nils klipte graset nede i bakken.
Vi har ingen planar for pinsehelga enno, det kjem an på vêret kva vi finn på.
Ønsker alle ei GOD PINSE ! 

Dagbok 2021: 1.august.

Klokka er no 17.40, temperaturen er + 16 grader, det er lettskya og sol.- Ja, så er vi komne til august og ferietida nærmar seg slutten fo...