mandag, juni 23, 2014

Dagbok 2014: 23.juni =Jonsokafta.


Klokka er 19.00, temperaturen ute er +13 grader C og det er lettskya, litt sol og vind. Så no er det berre å håpe at vinden jagar skyene bort.
I går kveld/natt hadde eg problem med å somne, så  det var langt over den tida eg plar stå opp at eg vakna i dag. Som vederlag har eg droppa middagskvila.
I dag fekk eg der for meg at eg skulle begynne å rydde og vaske i kjellaren, gudane skal vite at det trengst.
Eg starta med den såkalla "matbuda", der det ikkje finst mat, men alt mulig anna. Nils kom og bar vekk glas og flasker etc. og køyrde til nærmaste igloo. Andre ting var kasta i bosset. Eg er bra nøgd med resultatet, men vi kunne sikkert ha kasta meir.
Nils tømde ein kommode som var full av hans gamle ting og papir. Han fann lønsslippar heilt frå 1981 blant anna. Litt artig å sjå kva ein tente den gongen. Han fann også garantisetel for siste sykkelen eg kjøpte, den som Solveig har no. Ho skal få kvitteringa, så har ho rammenummer m.m. i tilfelle tjuveri. Men ingen stel ein stor, tung, gammaldags DAMESYKKEL. Det var derfor eg valde den. Desse tunge gammaldagse syklane er gode på gater og flate vegar.
Elles har vi ete litt innimellom og drukke kaffi, men middag har vi ikkje hatt enno.Fann såpass med jordbær i dag også at vi fekk brukt opp fløten. Rømmegraut kjem ikkje på tale, det inngår ikkje i dietten vår. Men av ein eller annan grunn har vi hamstra grillpølser, og så fann eg ein eingongsgrill under ryddesjauen -så kven veit? Noko jonsokfeiring blir det ikkje på oss.
I morgon reiser Margrete og ungane til Trondheim, der Eirik skal delta i landsdelsfinalen med bandet "Lommerosk",  Amanda reiser med korpset og Erlend og mora skal vere publikum. Vi ønsker alle god tur og lykke til.
Vi kjem truleg til å gå i gravferd i morgon, om ikkje noko anna dukkar opp; det er mannen til ei pensjonistveninne som skal gravleggast.
Reknar med det blir eit par fotballkampar i kveld også, så eg får lese ut boka eg held på med.
Ha ein fin kveld!
Passar stemorsblomstrane til naboane som er i Tyrkia.

1 kommentar:

solveig sa...

Vi for og kjøpte oss graut etter at eg kom heim frå jobb. Der var mykje folk på Holesanden.
Ungdomane var heime og åt taco.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...