søndag, juni 22, 2014

Dagbok 2014: 22.juni

Klokka er 20.00, temperaturen ute er + 22 grader C, og vêret er vått og grått slik det har vore heile dagen. Ikkje så veldig oppløftande. 
Eg har brukt dagen på å slappe av og halde meg varm i håp om at eg skal bli betre i hofta og foten. Eg har prøvd å ligge på sofaen med pledd og lydbok, men då har eg ein tendens til å "dette ut". Det er betre å sitte framfor datamaskina og høyre bok, men det er ikkje SÅ bra for hofta, og så er eg like langt.
Nils har styrt på ute i garasjen, trur han har egna liner. Og no forsvann han bort på terminalen for å fiske med stong. Elles så har han sett ein fotballkamp eller to.
Eg har ikkje gjort anna enn å lage litt mat og stryke nokre klede. Men det er no søndag, og det skal vere kviledag.
Nils har fått tre DVD -plater med gamle bilde frå ein slektning. Eg har lagt bilda inn på datamaskina og prøver å redigere dei litt. Det som er synd er at vi ikkje veit namnet på alle som er på bilda. Det er utrulig at dei har så mange bilde frå gamle dagar i slekta.
Det er meldt om betre vêr utover i veka, men i dag tenkjer eg på Ørsta-pensjonistane som er på Kinnaspelet; håper vêret er litt betre sør om Stad.
Fekk melding frå Rasmus, dei er komne fram til Legoland, eit land dei besøker kvart år! I år har dei campingvogn med seg.
Og så er det Øystein som fyller 52 år i dag, det er berre nifst kor fort åra går, særlig for oss gamle.
No har vi hoppa over så mange feiringar, at vi må ha eit oppsamlingsheat. Solveig skal feire dagen sin i Roma, som vanlig, så ho blir også med på fellesfeiringa som er lagt til midten av juli. Margrete skal til Austlandet og hente den nye hunden sin i Holmestrand den 7.juli- så han skal få møte heile storfamilien.
Vi må vel vere heime og passe jordbæråkeren og plenen i år også.
Gratulerer med dagen, Øystein !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...