lørdag, juni 21, 2014

Dagbok 2014: 21.juni

Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er ca +14 grader; det er overskya men stort sett opphaldsvêr. Kald vind har det vore i dag, noko som ikkje freistar meg til å gå ut.
Tidlig på dag, vaska eg håret og gjorde litt "kontorarbeid" før vi tok turen til Vik. Svippa innom biblio og leverte ei lydbok, hadde ikkje tenkt å låne noko, men såg ei som såg spennande ut og raska den med.Det er ikkje så dumt å ha eit lite lager av bøker på datamaskina, originalen leverer eg inn over helga.
På Amfi var det full rulle både inne og ute. "Sommarfest" eller noko liknande kalla dei det, men det var stort sett telt der dei selde diverse. Parkeringsplassen var overfylt. Vi lurte på om der var folk i gågata også ein slik dag. Det var der ikkje!
Eg hadde eit ærend til Volda, så vi tok turen dit. Der var det nokså folketomt, og eg fekk dermed god sørvis på butikkane. Var innom Møre Konf. og kjøpte meg jakke og genser, begge deler til halv pris. Det er sommarvarene som er på sal no. Eg er "venn" med den butikken på mobil, så eg får meldingar om gode tilbod. Kjøpte meg sko også, fekk god hjelp på butikken til Sko-Olsen. No trur eg at eg har alt eg treng og vel så det, berre det no kunne bli sommartemperatur slik at eg fekk bruke sommarkleda mine.Har ganske mykje av sorten etter kvart, og utslitne blir dei aldri.
Vi handla litt mat på nærbutikken( Kiwi) før vi reiste heim og steikte karbonader og la på brødskiva. Men vi passa på å ete både tomat og agurk til.Det var middagen i dag. 
Etterpå vart eg så trøtt at eg måtte legge meg på sofaen med lydboka mi. Hadde ikkje lyst å stå opp att med det første, men så hadde Nils vore i åkeren og plukka jordbær! Fløte hadde vi i kjøleskapet og kaffien var klar. DÅ vart det fart på gamla!
Etter festmåltidet har eg site på datarommet og rippa bok, mens eg strikka på dei evindelige lestene mine. Nils har site på stova og laga seg makrellsnøre, med dei heimelaga "makkane" han laga hin dagen. Han har hatt eit auge på fotballkampen under arbeidet. Slik går no dagane- og altfor fort! Denne helga snur sola, men eg såg snø i dei høgste toppane i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...