fredag, juni 20, 2014

Dagbok 2014: 20.juni

 Vi gratulerer Margrete med dagen, og ønsker henne og alle andre ein fin sommarferie. Her er ho på avslutning med avgangsklassen sin.

Klokka er snart 20.00. Ute er det delvis skya og opplett, temperaturen er + 14 grader og det blæs litt. Ingen varm sommardag, og no er det like før sola snur. Elevar og lærarar har fått sommarferie etter ein hektisk innspurt, pensjonistlaget er snart på veg til Kinna-spelet, og den yngre garde reiser på ferie hit og dit. Kort sagt: Det er sommar! I alle fall på kalenderen.
Då eg stod opp i 8-tida i dag var Nils vekk, ute for å fiske makrell. Det vart ingen fangst i dag. Og det kom ei gedigen haglbyge mens han var på sjøen.
Mens han var vekke støvsuga eg til helga, og då han kom att,var vi ein tur nedover for å handle. Eg måtte ha garn til mine evige lesteprosjekt, og så måtte vi ha litt mat i dag også.
Etter handleturen laga vi middag; i dag var det steikt makrell men mykje sunt tilbehør. Sidan vi har fått enda ein kosthaldsekspert i familien, prøver vi å legge bort gamle uvanar i matvegen. Makrellen var god, sidan den ikkje var så feit.
I går droppa vi middagsluren med den konsekvensen at då vi skulle sjå den tyske serien på opptak etter kveldsnytt, datt hovudet mitt ned meir enn ein gong. Forresten så vart det no litt langdrygt også.
I dag har vi heilgardert oss, slik at vi ev. kan sjå TV -også når fotballen takkar for seg. Eg ser ikkje fotball; eg sit for meg sjølv ved PC-en med lydbok på , og så strikkar eg. Kan ikkje heilt underslå at eg skal vere glad når det blir slutt på VM. Eg kan sjølvsagt sjå TV på dataskjermen om eg vil. Men kva er der å sjå? Fotball?
No skal Nils ut og klippe resten av plenen. Då han var ute tidlegare, begynte klipparen å brenne, så det er litt av ein risikosport å starte den igjen.
 Melle, Margrete ca 5 mnd. gammal.

I dag fyller Margrete 46 år. Det året ho vart fødd hadde vi ein nydelig sommar. Vi hadde henne med oss på badestranda i Osvika då ho var berre tre veker gammal, kan eg hugse.
Ho har hatt ei hektisk tid med mykje sensurering og anna skulearbeid, så no blir det godt for henne å få det litt rolegare.
Rasmus og fam. reiser til Danmark med campingvogn i desse dagar; Solveig, Øystein og Olaug skal til Roma og Milano. Sjølve må vi vel vere heime for det meste, passe jordbæråkeren og klippe plenen.
Denne helga er det jonsok også. Vi plar ikkje feire jonsok, men vi får sjå avisa i morgon om det er noko vi vil vere med på.Her er mange tilbod.

Ønsker alle ei god helg! Og god ferie!

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...