søndag, juli 31, 2022

Dagbok 2022: 31.juli


I vår trudde eg lenge at alle rosetrea var døde, men dei kom seg litt etter litt,dei fleste. Denne vesle rosebuska heiter Leonardo da Vinci


Klokka er no 17.33 på denne siste julidagen. Temperaturen ute er + 18 grader, så vi slepp å sveitte. Tidlegare i dag var det regn, men no held sola på å bryte seg gjennom skylaget, så det er håp.

Eg vakna tidleg i dag også, som vanleg, og greidde å ligge i ro til klokka halv åtte, men då var eg så låk i foten at eg berre måtte komme meg fram. Same kor låk eg er når eg står opp så kjem det seg etter ei stund.

I dag hadde eg litt program for dagen. Sidan eg venta Håkon m/fam. så fann eg fram ei gulrotkake som eg laga glasur til. Og så laga eg vaffelrøre. Eg rekna med at dei ikkje forventa å få middag så tidleg på dag. Dei kom litt før klokka 14, og vi åt og drakk kaffi - og prata sjølvsagt. Amund fann seg lett til rette og eg fann fram nokre leikar som eg har på lur.

Ærendet som Håkon hadde i dag, var å sortere fiskeutstyr, teiner, og anna. Der er frykteleg mykje slikt i garasjen, men no har han sortert ein god del, slik at eg kan ta med eit lass til VØR. Vi hadde ein tur ut i hagen til slutt og smakte på alle bæra. Amund visste kva alle heitte, og han likte best rips

Viss alt går etter planen skal snikkaren komme i morgon, eg reknar med at han skal sette opp saga si i garasjen, det er derfor eg har stressa litt med å få der litt i orden. Også med tanke på at der kan bli litt sagmask rundt omkring. No har eg rikeleg nok boss til ein tur på VØR-igjen. No skin sola så fint ute at eg får lyst å gå tur, men eg veit ikkje kor lurt det er-med tanke på foten. Marit er på veg heim no, så då har eg ikkje lenger ansvar for katten.

Her er litt av det eg har tenkt å ta med meg på VØR i morgon-eller ein annan dag.

Bok nr. 24 - 2022: Snakk sant om livet.

 

Om Snakk sant om livet

Olaug Johanna Vervik Bollestad er nestleiar i Kristeleg Folkeparti, landbruks- og matminister og dronning på Instagram. Bollestad, som fyller 60 år i 2021, er fritalande, frodig og fargerik, og på mange måtar ein utypisk rikspolitikar. Bollestad kjem frå det vestnorske bibelbeltet. I denne boka fortel ho om oppveksten, som var sterkt prega av ei psykisk sjuk mor, om #metoo-erfaringar i misjonsmiljøet og kva som skjedde under «skjebnevalet» til KrF i 2018. På Instagram-profilen @olaugjohanna deler ho fritt og usensurert frå kvardagane sine. Der er ho høg på livet og kjærleiken til mannen, og responsen har vore overveldande. Ei eldre kvinne lærte den unge Olaug Bollestad at det er viktig å snakka sant om livet. Seinare har ho forsøkt å leva opp til ambisjonen, både i familielivet, i politikken - og i denne boka. Kjersti Mjør (f. 1965) kjem frå Kvanndal i Hardanger. Ho er utdanna ved Universitetet i Bergen og starta journalistkarrieren i NRK i 1989. I dag jobbar Mjør som journalist i Bergens Tidende. Tidlegare har ho mellom anna gitt ut portrettboka "Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig".


... rogalandsk, ærlig, ujålete, usnerpete og usentimental. [...] Snakk sant om livet er en annerledes og svært personlig selvbiografi som vil kunne settes pris på også av Bollestads meningsmotstandere Kjersti Mjør (har) på ein imponerande måte klart å skriva som Olaug Bollestad snakkar. Teksten er på lett, dialektprega nynorsk, krydra med folkelege uttrykk og kristenbanning. Det går fort i svingane, og mykje blir fortalt på velsigna kort tid. [...] openhjarta, dramatisk, morosam og godt skriven.


Denne boka begynte eg på i går kveld og no har eg lese den ferdig. Eg likar korte bøker og eg likte denne. Som før sagt har eg fått sansen for "sanne" bøker.


lørdag, juli 30, 2022

Dagbok 2022: 30.juli

 

                             


Klokka er no 16.38, temperaturen ute er +25,5 grader C. Det er delvis skya , men opplett. Det har blitt fleire skyer etter kvart, så kven veit kor lenge fineveret varer. Eg gjekk no ut og vatna litt for sikkerheits skuld.

I dag har det vore sundag inne i hovudet mitt, og det er veldig vanskeleg å endre på det. Eg tenkte eg skulle få gjort ganske mykje i dag, men slik vart det ikkje.

Eg stod tidleg opp, men eg gjekk no ikkje ut med det samme. Eg hadde tenkt å få gjort litt meir i garasjen, og LITT vart det. Når Brubakk ein gong vert ferdig skal heile garasjen tømmast og vaskast innvendig. Det har eg gjort ein gong før, det var før vi reiste til Nordkapp, det året Olaug og Eirik vart fødde. Så det er ei stund sidan. Eg har ikkje vore heilt god i venstrefoten i dag, så det er litt av årsaka til at eg ikkje fekk gjort all verda.

Eg måtte ein tur på butikken i dag, og der møtte eg ei som det var lenge sidan eg hadde sett. Nemleg Heidi Brunstad og dottera Hanna. Heidi syntest eg hadde blitt så lita, som ei lita teskei-kjerring, som ho sa. Ja eg ser det no sjølv på buksene mine som heile tida blir for lange i beina. Hanna var blitt stor og vaksen, ho har utdanna seg til barnepleiar og bur i Oslo.

Eg har fått melding frå Håkon om at dei kjem innom i morgon og ser over fiskeutstyret. Eg har plukka vekk mykje og skal ta vekk meir, det har samla seg opp i alle åra der har vore aktivitet, med fisking og anna.

I dag laga eg skikkeleg middag for første gong denne veka, dvs at eg steikte ørret og kokte poteter, grønsakblanding hadde eg ikkje i hus, så eg laga salat i staden. Etter at eg hadde ete la eg meg inn på datarommet og høyrde bok. Eg har blitt interessert i "sanne" bøker, så no les eg "biografien" til Olaug Bollestad. Eg trur ikkje det er ho sjølv som les, men ei anna med samme dialekten. Det er ei "kort" bok.

"Snakk sant om livet", heiter den.

Etter at eg hadde lege på dagsenga vart eg enda låkare i foten, så då gjekk eg ut og vatna litt med hageslangen, sjølv om det sikkert kjem regn om ikkje lenge. Dei plantane som står nedom garasjen får ikkje så mykje nytte av regnvatnet. No skal eg gå ut og rydde litt meir rundt og i garasjen.



Bok nr.23 - 2022: En av oss

 



en fortelling om Norge

 
E-bok
 
Bokmål
5 stars
5 av 5 stjerner (210)
Det var ikke en fremmed terroristgruppe som sto bak det største angrepet på Norge i fredstid, men en ung mann fra Oslo. Siden 22.juli 2011 har Norge.prøvd å forstå hva som drev massedrapsmannen. Gjennom et unikt kildemateriale har Åsne Seierstad funnet en gutt og en mann som i mange år strevde med å finne sin plass innenfor samfunnets rammer, men.som endte med å bryte dem på det mest brutale vis.
Dette er også en fortelling om dem som ble berørt. To søstre fra Nesodden som gledet seg til AUFs sommerleir på Utøya, årets høydepunkt. Og en guttegjeng fra Troms som dro sørover med samme mål. Bare noen av dem returnerte.
Den prisbelønnede forfatteren Åsne Seierstad har tidligere rapportert fra krigssoner ute i verden. 22. juli 2011 skjedde dramatikken i hennes eget land. Dette er den første boken hun skriver om Norge.
.....................................................................................................................
Dei siste kveldane har eg sete og lese denne boka på Storytel. Margrete anbefalte den, og eg vart ikkje skuffa. Vi har sett på TV, høyrt og lese mykje om det som hende på Utøya og i Oslo den 22juli 2011. Men her i boka blir det liksom nærmare  på ein måte og vi får også innblikk i mykje meir. Eg vil ikkje utbrodere det, men for all del :LES  BOKA

fredag, juli 29, 2022

Dagbok 2022: 29.juli

 

Vi hadde mange ripsbusker , men etter kvart tok vi dei vekk,  så vi hadde berre ei att. Det er meir enn nok rips til meg på den.


No er klokka ca 17.30, temperaturen ute er + 21 grader C. Vi har hatt ein nydelig dag med sol frå blå himmel. Eg hadde planen klar då eg stod opp, så då fekk eg gjort det eg hadde tenkt.

Eg køyrde først bort til Koppen i Furene og avtalte at Brubakk kan hente materialar der. Vi hadde samme ordninga for 4 år sidan. Deretter tok eg turen til Volda og henta buksa mi. Der var så fint i Volda i dag; det eg likar der borte er at vi kjem så nær sjøen, så eg vart litt irritert for at eg ikkje hadde telefonen med og fekk tatt bilde. Så hadde eg eit ærend til, det var å putte gamle klede i boksen til Frelsesarmeen. Då eg kom heim prata eg ei stund med Solveig nabo, før eg køyrde ned på Jernia og kjøpte sen til kantklipparen; men den greier eg ikkje å sette i sjølv, så då må eg jakte på ein som kan hjelpe meg.

Eg laga meg ein rimeleg tidleg middag i dag, det vart grønnsaker med Apetinaost for andre gong denne veka. Så bestemte eg meg for å ta fri resten av dagen og heller jobbe litt i morgon. Så eg la meg på solsenga og slappa av ei god stund.

No har eg lagt i hop ein klesvask og sett på ei maskin til. Elles driv eg og balar med ein sudoku frå Møre-Nytt.

Eg tok ein tur i hagen og såg på bæra mine. Det er mykje bær på alle buskene, så der ligg ein liten jobb og ventar der. Eg håper det held seg opplett nokre dagar til, for å plukke bær i regnvêr er ikkje så populært. Eg skal gå ut no og ta bilde av bærbuskene mine slik at de får sjå-

Denne solbærbuska kjøpte eg for to år sidan, det var litt bær på den i fjor også, og i år er det mykje. Eg kjøpte den på Plantasjen i Furene.

Denne solbærbuska kjøpte eg på Hildenes gartneri på Eid. Eg trur det er fire år sidan. I fjor fekk eg mykje bær på den så eg fekk laga solbærsylte. Eg har lese at solbær vil ha mykje vatn og næring så eg har vatna og gjødsla.

Dette er stikkelsbærbuska mi. Stikkelsbæra er ikkje kjekke å plukke og renske, men dei er gode å ete når ein går ute i hagen. Dei blir møkt lillaraude når dei er modne. Eg farnn ein liten avleggar av denne buska, som eg planta, det ser ut til at det trivast.

Bringebær og jordbær har eg også men dei har ikkje fått skikkeleg stell i år, så det er ikkje mykje å skryte av.Men eg har no plukka meg nokre dessertar.

Solveig og Øystein er på veg til Stiklestad, Rasmus med fam. er i Danmart og Margrete og Svein ferierar i Norge-  Eg er heime, og etter helga kjem snikkaren/takleggaren. I slutten av august skal eg på dagstur med Pensjonistlaget. No er det fredag kveld og eg kan ønske lesarane mine ei god helg.

torsdag, juli 28, 2022

Dagbok 2022: 28.juli

 

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute på trappa er + 19 grader. Det har vore ein nydeleg dag med sol frå klår himmel- Med det samme eg såg veret i dag tidleg visste eg kva eg måtte gjere, nemleg klippe plen. Eg gjekk og venta på at det skulle  bli tørt i graset, og så skulle eg sette i gang. Men då eg starta klipparen rauk det av den så eg slo av . Eg såg at Helge var ute, og at han såg at eg hadde litt trøbbel. Han kom ned og forklarte kva som var gale, det var noko olje som hadde kome inn i luftfilteret og det var heilt ufarleg. Så kom ein annan nabo og fylte på olje-så det står ikkje på. Her er det gode hjelparar i alle retningar.. Eg fekk no klipt rundt huset og opp mot vegen, det gjekk greitt. Men då eg begynte nede i skråninga vart det fleire stopp, fordi eg måtte ladde opp at startbatteriet. Eg var ganske sliten då eg var ferdig så eg gjekk ut på altanen og la meg strak ut på ei solseng. Det var nydelig. Etter ei stund stod eg opp og laga meg litt mat, og så gjorde eg noko eg skulle gjort for lenge sidan- eg farga håret, dusja og tok på meg reine klede.

No har Marit reist på hytta i lag med Janne, og ikkje før hadde dei fare så var Lollo komen på trappa til meg og ville ha mat, og det fekk ho.

På fredag-laurdag- søndag må eg gjere ein innsats, for neste veke kjem snikkaren. Eg må rydde meir i garasjen, kanskje køyre på VØR. Så må eg innom Koppen og ordne det slik at snikkaren kan hente det han treng i mitt namn. Det var slik vi gjorde det sist han var her. Det var i 2018. Eg fekk melding frå Møre Konfeksjon om at buksa mi var ferdig opplagt, så den må eg prøve å få henta og  så skal eg levere klede til innsamling. Eg må ha meir sen til kantklipparen, men det kan eg ta etter helga.

Eg har litt problem med å halde orden på vekedagane no om sommaren når eg ikkje har noko eg skal. Men det blir vel ikkje så lenge før vi skal begynne å trene igjen. Men eg får no bra mosjon her heime også . Eg har ikkje fått melding om at den nye tørketrommelen er komen. Enn så lenge går det fint å tørke ute når klesplagga ikkje er for store.



onsdag, juli 27, 2022

Dagbok 2022: 27.juli


 Klokka er no 18.50, temperaturen ute er + 14 grader, det er lettskya og opplett. Tidleg i dag fekk dei som var tidleg oppe sjå sola .

I dag er det akkkurat 60 år sidan Nils og eg gifta oss i St. Jørgens kirke i Bergen, så om Nils hadde vore i live kunne vi hatt diamantbryllaup i dag. Men vi fekk i alle fall feire gullbryllaup-ikkje alle får det heller. På bildet over er det ei rose som stod på grava i fjor sommar, og som eg tok med heim og planta her, då eg gjekk over til lyng på grava. Den er fin og frisk i år også.

På austsida av huset står ei klatrerose som vi har flytta rundt på, eg har brukt å klippe den ned, til tross for at det er ei klatrerose, men i år har den fått lov å utfalde seg.

Det spørs korleis det går med denne når snikkaren/takleggaren kjem neste veke. Eg skal ha ny bordkledning på denne veggen.

I dag har eg ikkje gjort så mykje fornuftig. Det var fint vêr då eg stod opp, men altfor vått i graset til å slå. No høyrer og ser eg at nokre av naboane har begynt å klippe, men eg er så dristig at eg utset det . Det er ikkje så mykje gras på plenen, men veldig rikeleg med mose.

Eg tok fredagsvasken på onsdag førre veka, og dermed måtte eg gjere det samme denne veka. Fordi det var behov  for det. Etter at eg hadde vaska tok eg ein tur på butikken. Eg kjøpte mest grønsaker og til middag vart det råkost med Apetinaost. Det smakte himmelskt. 

Marit bad meg opp på kaffi og is, det er det som er på menyen når vi drikk kaffi i lag. Vi har smakt oss gjennom ganske mange is-sortar. Heimelaga småkaker hadde ho også- Ho skal vere med på hytta til Janne frå i morgon til sundag, så no har eg kattemat i hus.

Eg kunne ikkje dy meg i dag heller, eg plukka jordbær og bringebær og åt dei med sukker og fløte. Bæra er sure i seg sjølv, så dei må få litt søtt-då blir dei gode.  Eg har litt dårleg samvit for at eg ikkje jobbar i hagen eller i garasjen, men eg får sjå om eg blir litt flinkare i morgon.

Eg er veldig opptatt av boka som eg les også, den om Anders Behring Breivik."En av oss" heiter boka. Forfatter er Åsne Seierstad. Eg les nokså lenge utover kvelden,men vaknar tidleg om morgonen likevel. (Eg har vel skrive om boka før. Eg vil anbefale den. For den er god)

Rasmus og familien er i Danmark,eg fekk melding frå dei tidleg i dag. Både Margrete og Solveig skal på tur også.  Eg skal vere heime og ta imot snikkaren. Eg har mykje hagebær som eg må plukke også. Eg er ikkje spesielt glad i den jobben, men det er no eg sjølv som vil ha bærtrea. Eg har to solbærbusker og det er mykje bær på dei. Før likte eg ikkje så godt solbærsylte, no synest eg at det er ein delikatesse.

Eg har tre  ulike klematisar, men berre denne blomstrar no; dei andre kjem seinare. Klematis er lette å dyrke og steller seg stort sett sjølv. Men dei må ha noko å klatre på .No er det vel slutt på dagsnytt, men eg finn det vel att på TV-en.

tirsdag, juli 26, 2022

Dagbok 2022: 26.juli






Klokka er no 18.11, temperaturen er + 14 grader og det har regna i heile dag. Ikkje verst for oss som har heilårsferie men litt surt for dei som ferierer nokre få veker heime. Og Tussa tener ikkje pengar for straumen er altfor billeg-nesten gratis.
Eg vakna tidleg i dag, og eg hadde ein plan for dagen. Først og fremst skulle eg ta ein tur på VØR. Eg hadde lasta inn i bilen diverse i går, og så hadde eg inni nokre sekker med hageavfall i tillegg. Eg tok på meg regnjakke i dag- for det pøsa ned. Eg fekk ifrå meg hageavfallet og så var eg inn i "bosshuset" og fekk levert, blant anna eit gammalt brannslokkingsapparat. Men der er mykje att i garasjen enno, sjølv om eg har kvitta ein god del. 
Då eg kom heim var der melding frå Margrete om at ho skulle til Ørsta og handle og ville komme oppom. Det var sjølvsagt kjekt. Eg hadde tenkt å handle litt på KIWI i dag, eg hadde parkert bilen utanfor  butikken-men då såg eg kor skitten regnjakka mi var, så eg kunne ikkje gå inn slik. Så det vart til at eg steikte sveler og kokte kaffi til Margrete kom.
Mens eg venta på Margrete las eg lydbok. Eg held på med Åsne Seierstad si bok om Anders Behring  Breivik:" En av oss"- Ei veldig bra bok.
Margrete og eg hadde sjølvsagt mykje å snakke om. Men vi prata oss visst litt vekk, for ho la att alle arka ho hadde printa ut. Ho treng arka når ho skal på ferie om eit par dagar, så vi får sjå om vi kan få distribuert dei.
Eg har ikkje fått gjort noko i hagen i dag, fekk gjort litt i går kveld, men i dag har det regna non stopp.





 

mandag, juli 25, 2022


 Klokka er no 18.15, temperaturen ute er + 19 grader og det regnar. Det kom ei byge akkurat då eg gjekk utfor å plante den nye rosa mi.

Denne dagen vart annleis enn det eg hadde tenkt meg. Eg gjekk ut så snart eg var ferdig med morgonstellet og begynte å rydde i garasjen. Det er eit sisyfosarbeid som aldri tek slutt, men ein kan ikkje gi opp heller. Etter ei stund gjekk eg inn og sjekka maskinene mine, og då såg eg at Solveig hadde ringt, så eg ringde ril henne. Ho ville ta meg med på shopping i Volda-og det ville eg gjerne. Ho kom hit i 12-tida og så for vi-først på Møre Konf. der eg fekk kjøpt ei bukse som dei skal legge opp til meg for 100 kr.  Eg skal hente den neste veke.

Solveig og eg var innom fleire butikkar utan at vi kjøpte noko, og så var vi på kafé og fekk oss kaffi og kaker, Vi køyrde også opp på Rotset og sjekka dei nye butikkane der. Europris-butikken var veldig flott. Solveig fann også vegen opp til Symrevegen der Håkon har kjøpt hus.

Vi trefte også barnebarnet/oldebarnet i Volda sentrum. Det var mormora som var ute og trilla i dag.

Vi var også innom ALTI då vi kom tilbake til Ørsta, eg skulle ha nokre tablettar på apoteket, men så var resepten gått ut.

Då eg kom heim måtte eg kvile ei stund før eg gjekk ut og kosta i garasjen og planta rosa som eg kjøpte i går. Akkurat då fekk eg ei skikkeleg regnbye.

Eg trur eg skal få bra orden på garasjen, men så har eg mykje som skulle vore gjort i hagen. Og så er det snart til for plukking av hagebær. Eg ser at eg får nokså mykje solbær, bringebær og jordbær et eg opp etter kvart.

Neste veke skal snikkaren/takleggaren komme, så då må eg vere klar til å ta imot han. Han skal sikkert sette opp saga si i garasjen.

Solveig køyrde meg heim, og så måtte ho ut att. Eg vil takke henne her også for ein kjekk dag

søndag, juli 24, 2022

Dagbok 2022- 24 juli


 Klokka er no 17.50, temperaturen ute er + 18 grader, det er opplett akkurat no, men vi har hatt regnbyer. Det er ikkje kaldt og surt, og etter det eg trur gjekk hundedagane inn i går og då skal det liksom vere varmt og sommarleg.

I dag hadde Marit og eg avtalt å fare å Plantasjen, men først skulle vi sjå fram på gravplassen korleis det såg ut der. Eg fann ut at eg ville erstatte blomsten som var der med to raude begoniar. Det er veldig mange som plantar det på gravene, fordi begoniane toler så godt regn. 

Vi fekk kjøpt det vi skulle på Plantasjen, men eg hadde lyst på ei ny rose i bedet mitt, så vi var innom Hageland også, for no er det halv pris på roser. Eg fann meg ei fin lyseraud, men vart litt i tvil  då eg kom heim, for der var ikkje så god plass til den i bedet som eg trudde. Dei rosene som er trudde ville dø, har kome til liv igjen, så det er ikkje lett å få plass til ei til, men eg skal no finne ut av det. 

Til middag i dag vart det ein rest av ris-graut som eg hadde i kjøleskapet-det var ikkje så veldig spennande, men eg likar ikkje å kaste mat.

No held sola på å komme fram ute, men det kjem vel fleire byger. Eg vurderer å gå ein liten tur, kanskje på Vernet. Eg sat og slappa av med litt TV,  eg har sett ferdig serien min, så langt, men det kjem vel fleire episodar etter kvart. Denne dagen forsvann veldig fort.


Det vart ein runde på Vernet i dag, og eg trur det gjekk bra med foten. Eg såg mange brunsniglar på vegen opp til Fonnvernet.Trur ikkje eg har sett slike før.





lørdag, juli 23, 2022

Dagbok 2022: 23.juli


 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er + 17 grader, det er opplett men skodde i fjella. Korleis det har vore her før i dag, veit eg ikkje, for eg har ikkje vore heime. Der eg var, var veret rimeleg fint.

Eg var på badet i dag før middag då eg høyrde telefonen ringe, på soverommet. Det var Ragnhild,kollegavenninna mi. Ho ville ha meg med på tur. Mannen hennar hadde uttalt at ingen kunne vere med på tur på 1 times varsel. "Jo, Olaug, sa ho" - og ein time etterpå var vi på veg. Vi skulle besøke dottera hennar som held til på eigedomen til Høgesteinen fyr. Ja, det er no Marie og Sverre som eig "garden" no.

Vi køyrde til Ålesund, og vidare via undersjøiske tunnelar til Alnes. Der har eg så vidt vore innom før. Vi var inn på ein flott kafé der det var utstilt mykje kunst. Vi kjøpte kvar sitt smørbrød med masse reker på. Etterpå køyrde vi gjennom ein tunnel på same øya- Godøya. Der var fine hus og gardar over alt, det minte ikkje om Solund, der det er mest stein og berg.

Fyret som ligg ved leia til Ålesund, klarer seg utan fyrvaktar, men Marie og Sverre har sett i stand og pussa opp alle tre husa som høyrde til fyren. Den gamle fyrvaktarbustaden og to andre hus. I tillegg har dei bygt ein sauefjøs det dei har nokre få dyr, og i dag heldt dei på å bygge hønsehus. Husa var pussa opp i tråd med slik dei hadde vore; fargar etc .hadde dei ikkje endra. På samme tid var der fine "moderne" bad. Eg tok masse bilde, men det vart ikkje noko av alle. Dessverre. Dei hadde også planta tre og blomster så der ikkje var så snautt lenger. 

Vi gjekk på ein nokså lang molo ut til sjølve fyret, Derifrå såg vi rett inn på Ålesund, vi såg også Saudehornet og mot Hareid og Brandal.

Kort sagt var det ei oppleving for meg å kome til ein stad der eg aldri har vore før, og Marie og Sverre skulle hatt premie for å ha tatt vare på husa og "garden" 


                                Her ser vi mot vest og storhavet

                          Her går vegen mot fyret-utanom gardstunet
Her har dei grave ut til ein liten dam der somme fuglar likar å vere.

Her ser vi dei tre husa som dei har pussa opp, Det gule huset i midten er fyrvaktarbustaden , og det største av husa.




                                  Her ser vi mot Hareid og Brandal
            Eg beklager at mesteparten av bilda er trudde eg tok ikkje har blitt noko av.

fredag, juli 22, 2022

Bok nr.22- 2022: Sommerhuset





En kvinne ble funnet død. Var det en ulykke, eller er det noen som lyver?
 Jem og Nat er nygifte og har nettopp flyttet til New York. De kjenner ikke så mange i byen, og blir både overrasket og smigret når et vennepar inviterer dem med til The Hamptons på sommerferie. Fulle av forventninger reiser de til det glamorøse feriestedet, hvor de skal dele et sommerhus med tre andre par. Alt virker glamorøst og vidunderlig, men snart oppdager Jem at hun har fått plassen til en kvinne som døde sommeren før, under mystiske omstendigheter. De andre gjestene sier at dødsfallet var en ulykke, men hva om en av dem har noe å skjule? Vil holde deg fengslet fra start til slutt. HEAT magazine 

Denne boka har eg høyrt på Storytel, litt kvar kveld. Eg må innrømme at eg ikkje fann noko av kvalitet i boka.. Dette må vere "rein underhaldning" -og ikkje noko meir.  Forresten så var den ikkje så underhaldande heller.


Dagbok 2022-22.juli


Klokka er no19.47, temperaturen ute er + 17 grader C, det er opplett, med litt sol av og til og slik har det vore i heile dag.

Eg var tidleg oppe i dag, men eg venta no litt før eg starta på pliktene. I går kveld hadde eg fylt bilen med sekker med hageavfall i bagasjerommet, i baksetet hadde eg andre ting eg skulle levere på  VØR. Alt gjekk greitt, og då eg kom heim støvsuga eg bilen-det var eit visst behov.

Så jobba eg i hagen ei stund, klipte diverse vekster på begge sider av vegen ned mot kjellardøra. Det viste ikkje så mykje att, men eg hadde tre store sekker med avklipp. Eg har ikkje planta noko der grana var, tenkte eg skulle samrå meg med naboen sidan det er på grensa.

Då eg var ferdig med den jobben, var det tid for middag og i dag skulle eg steike makrellen som eg fekk av naboen i går. Eg tenkte å steike alle fire filetane, så hadde eg mat i to dagar. Hadde ikkje før tatt fram steikepanna , så ringde det på døra. Det var samme naboen som kom med varmrøykt makrell som eg skulle få smake. Den var berre kjempegod! Eg smakte den med det samme, men sparte litt til seinare.

Etter ein durabelig middag måtte eg slappe av med TV, eg veit ikkje om eg var vaken heile tida.

Langt om lenge kom eg opp frå stolen og var ned i åkeren og fann jordbær til dessert. Etterpå lokka eg Marit med meg ein tur ut Starevegen, der vi sat på ein benk og prata før vi tok vegen heim. Katten LOLLO var også med på turen.

Då vil eg ønske alle ei god helg. Skulle ønske vi fekk LITT av varmen som dei har elles i Europa.


 

torsdag, juli 21, 2022

Dagbok 2022: 21.juli

Klokka er no 19.25, temperaturen er +17  grader. Det har vore sid skodde i heile dag, men det letta opp ei stund på ettermiddagen, så då fekk vi sol og vind, no kjem visst skodda sigande inn igjen. SKODDE er omtrent det verste eg veit når det er snakk om vêr.

I dag vakna eg grytidleg med veldig vond fot, eg gjekk eit par runder frå rom til rom, så la eg meg igjen og sovna og stod ikkje opp før i halv 9- tida.

Både Marit og eg skulle på apoteket i dag, så Marit køyrde nedover i 11-tida. PÅ heimvegen handla vi litt på KIWI, eg skulle no ikkje ha så mykje for eg handla i går. Eg tok ut kantklipparen og den 25 meter lange skøyteledningen og klipte kantar etc. nær huset, så lenge eg hadde sen. Så gjekk eg inn og laga middag. Eg hadde ferdigkokt spagetti i frysen og tenkte eg kunne ete den. Eg hadde kjøpt ein saus som eg trudde var god, med estragon og ost. Den smakte ingen ting-absolutt smaklaus. men eg hadde no bacon til så det vart eit måltid-

Etter eit par episodar av serien "Virgin River" gjekk eg ut og begynte å laste inn i bilen, sekker med gras og anna hageavfall i bagasjerommet. Baksetet fylte eg med el-boss + diverse anna. Det er ein "spe begynnelse" på prosjektet med å rydde garasjen. 

Så gjekk eg ned i hagen og klipte litt rusk der. Då kom Solveig nabo og spurde om eg ville ha makrell. Dei hadde vore på Rjåneset og fiska. Eg fekk fire store fine filetar. Eg fekk i fjor også og då hadde Solveig salta dei over natta før eg steikte dei. Det gjorde eg i dag også, så blir dei kjempegode til middag i morgon. Eg er glad i all slags fisk når eg får den nyfiska.

Det var så lenge sidan eg hadde høyrt frå naboen som budde i huset nedanfor oss før dei flytta til Ålesund. I dag sende eg ei melding til henne og fekk svar. Ho har det heilt fint. Ho bur i eit slags "eldrekollektiv". Ho og eg er like gamle. Vi heldt kontankta lenge , men så vart det stilt, så eg lurte på kva det hadde seg-




 

onsdag, juli 20, 2022

Dagbok 2022: 20.juli

 

Klokka er no 17.10, det er + 17 grader ute og skodda ligg heilt ned i i hovudet når ein går ut. Det er trasig at årets finaste månad blir slik. Ja, vi kan få ein fin ettersommar og haust, men då er ikkje alle fri til å nyte det.



Eg var elendig i foten då eg stod opp i dag, og vart ikkje betre av å trakke på eit bitte lite glasbrot, som eg måtte lirke ut av hælen. Det kom frå eit glas eg hadde knust, men trudde eg hadde fått vekk alle glasbrota. Det var ingen stor skade, verst var det for det nyvaska golvteppet, som måtte på vask igjen.

Eg begynte å rydde i kjøleskap og elles på kjøkkenet og då tok eg like godt "fedagsvasken" med det samme, så er det gjort. Etterpå kokte eg risgraut som vart middagen i dag. Eg slappa av ei god stund i godestolen min etterpå, før eg tok meg saman og køyrde på butikken, der eg panta flasker og boksar for 102 kr. Kvar dag har eg planar om å rydde i garasjen, men så kjem eg ikkje i gang. Eg trur eg skal undersøke litt meir kva som kan leverast på VØR. Ein kan skrive på "data" og få svar på det meste.

Eg har ikkje kokt kaffi i dag, så det må eg visst gjere no viss det skal bli gjort noko meir. Eg trur ikkje det regnar noko særleg, så då kan eg kanskje få gjort noko ute, men først skal eg ta eit par bilde av vêret, og så må eg finne meg litt jordbær.



tirsdag, juli 19, 2022

Dagbok 2022: 19.juli

 



Denne litt spesielle rosa kjøpte eg i fjor i juli månad på Plantasjen. I år er den finaste rosa i beddet

Klokka er no 19.55, temperaturen ute er 24 grader C, det er lettskya og fint ute.

Eg skreiv ein lang blogg tidlegare, som forsvann frå bloggen, så no risikerer eg ikkje at det samme skjer. Eg fattar meg i kortheit. 

I dag har eg klipt alle plenane, med unntak av den som er ovafor garasjen. Den har Gudmund klipt. 

Einar kom innom ein tur før eg var ferdig, eg visste at han hadde eit ærend i Ørsta i dag, men såg ikkje at han hadde skrive tidspunktet på FB. Så han fekk ikkje så spennande mat i dag, vi åt bollar og drakk kaffi og eg fekk høyre om turen på Galdhøpiggen.

Då har reiste gjekk eg ut og klipte resten av graset. Då eg kom inn att fekk eg krampe i begge beina, så eg måtte ta Magnesium- tablettar.Seinare gjekk eg ned og plukka meg ein stor tallerk med jordbær. Her blir jordbæra etne-ikkje sylta. Bæra er sure, men blir bra med eit lite sukkerdryss.

Eg såg på TV at det skulle kome ein ny sesong av serien VIRGIN RIVER-så eg rfann ut at eg ville sjå om att det eg har sett før. Det var meir enn eg trudde, og eg hugsar nesten ingen ting. Men eg hugsar korleis det slutta.... Eg er veldig spent på kva eg kjem til å hugse viss tablettane virkar

Marit er attkomen, så no har eg ikkje "katteansvar" lenger-.

Eg har chatta med Rasmus i dag.Dei skal til Danmark neste onsdag. Eg får mykje å styre med no framover for garasjen må ryddast før snikkaren kjem. Han skal sikkert sette opp saga si i garasjen, slik han gjorde sist han var her.

Elles har eg ikkje fått gjort så mykje i hagen denne sommaren, det er mest på grunn av veret. No skal eg sjå om eg får posta dette innlegget.



mandag, juli 18, 2022

Dagbok 2022: 18.juli

 



Klokka er no18.12 og temperaturen ute er + 17 grader C. Det er lettskya og sol av og til.

I går kveld planla eg å pante flasker og handle i dag før eg begynte å "jobbe"; vurderte å legge tomflaskene ut i bilen, hadde to posar i vindfanget og resten i kjellaren, men tenkte at det var like enkelt å ta dei med i dag. Det var det sikkert. Eg køyrde på butikken i 10-tida og handla det eg skulle ha, hadde skrive liste, men først då eg kom hein att hugsa eg flaskene. Og eg som tek tablettar for å få betre hugs! Dei kan ikkje ha begynt å virke enno.

Eg kledde meg litt om og gjekk ut og begynte å kløyve ved. Og då hugsa eg at eg skulle ta den lengste og tjukkaste skøyteledningen heilt frå vaskekjellaren og opp i garasjen. Eg er glad for alt som ikkje er gløymt.

Eg gjorde meg ferdig med kløyvinga før eg tok ein lang middagspause. Menyen i dag var skiver med hardkokt egg + sild. Til dessert ei diger porsjon med jordbær og fløte. Eg sat og halvsov og såg TV ei stund før eg gjekk ut og køyrde veden i trillebår ned i tilbygget. Då eg kom med siste lasset, lass nr.6, hadde det sjølvsagt ramla i hop litt. Det er ikkje "only,only" å lade opp ved som er i alle mulige storleikar og fasongar. Men no har eg i alle fall kosta opp i garasjen og køyrt inn bilen. Så kan eg stryke ein av jobbane frå lista mi.

At eg vert låk i ryggen og isjasen min, det får eg berre tole. Det er så mykje ugjort både ute og inne, mykje på grunn av vêret. Det kan hende eg plukkar litt meir jordbær, dei er sure så eg må sukre dei litt. Lollo har vore her minst tre gonger i dag og fått mat. Det kan hende Marit kjem att i morgon.

Det er noko tull med PC-en eg får ikkje lagt inn bilda eg tok ute no til slutt. Og no er dataeksperten reist, så vi får håpe det er noko som kjem seg til att av seg sjølv. Eg la no ut bilde på FB før i dag.

søndag, juli 17, 2022

Dagbok 2020 : 17. juli

Frå venstre Øystein, Håkon, Olaug, Einar og Thomas
                                 Thomas, Olaug, Audun, Einar og Håkon.

 Klokka er no 17.30, temperaturen ute er +16 grader C. Det har regna mykje i dag, men no kjem sola igjennom så vidt det er. 

I dag var vi alle oppe i 8-tida fordi Kongsberg-gjengen skulle reise. dei hadde pakka det meste i går, så då klokka var vel 9 kom dei seg av garde.  Det var kjekt å ha så mange rundt meg ,men eg forstår no at dei ville på andre turar også. Her er lite å ta seg til for gutane- særleg når veret er som det er. Eg er glad for dagane vi hadde, og veldig glad for all hjelp eg fekk. 

Etter at dei hadde reist, rydda eg opp i huset, støvsuga etc. Etterpå sette eg meg og halvsov framfor TV-en  til det vart tid for middag. Etter middagen, som var restar frå i går, sette eg meg inn att. Når ein er vant til å vere åleine for det meste får ein sine vanar. Eg har utsett vask av sengetøy til eg har fått tørketrommelen min. Marit er også vekke, og i dag har katten vore her fleire gonger, men ho vil aldri heilt inn, berre oppå trappa.

Øystein fylte 60 år den 22.juni og gåva frå barna var ein tur på Galdhøpiggen. 

I går var dei der. I tillegg til dei fire barna var Thomas, sambuaren til Olaug med. Dei kom seg til topps. Eg har sett bilde , men ikkje snakka med dei.

I morgon har eg ingen planar, anna enn å gjere litt meir husarbeid og pante brusflasker på KIWI. Elles har eg mykje å rydde i både inne og ute. Rasmus fann ein god del på loftet som eg skal ta  meg av, og så har eg ein garasje å rydde og ein hage som treng stell. Det er berre dette vêret som gjer det litt problematisk-. 



lørdag, juli 16, 2022

Dagbok 2022: 16 .juli

 

Klokka er no 20.42, temperaturen ute er det +11 graderC, det er opphaldsvêr no, men det har vore relativt vått før i dag. Elles veit eg liksom ikkje kva dagen vart av. men Rasmus har tatt seg ein runde på loftet m.a. Og hjelper til med å rydde både her og der. På loftet var det meir rot og rask enn eg trudde. Rasmus finn eitt og anna som han vil ha, og eg er glad for alt eg vert kvitt. Eg håper at jentene også finn noko som dei vil ha. Her er så altfor mykje av det meste. Og vi finn mykje som eg ikkje visste eg hadde, eller har gløymt det.

Til middag i dag vart det Pasta Carbonara, i dag var det eg som laga mat med hjelp frå Rasmus. Så har vi tatt siste runden på kaker og is. Rasmus og Wenche var ein tur til Vik før middag, eg har ikkje vore ute for ei dør i dag. No driv dei og pakkar inn i bilen, dei har tenkt å reise i morgon. Det er ikkje så mykje å finne på for dei store gutane her-men dei har ikkje klaga. Det er kjekt å ha besøk, men eg forstår at dei vil vidare no. Og eg har mykje å styre med -viss eg vil og kan.

Eg skal halde fram som kattepassar.


fredag, juli 15, 2022

Dagbok 2022:15.juli




Klokka er 20.18, temperaturen ute er + 14 grader , det er opplett no, men det har regna før i dag.

I dag har vi hatt ein livleg dag. Vi starta som vanleg litt seint, men vi hadde invitert Solveig, Margrete og Eirik til middag klokka 16. Resten av storfamilien var anten  på jobb eller på tur. Rasmus og Wenche handla litt og så var det dei som stort sett laga maten. I dag var det Tikka Masala med ris etc. Desserten vart karamellpudding som Solveig hadde laga, pluss is og kaker som vi hadde i hus. Ingar var lykkeleg for at han fekk treffe att Charlie , hunden til Margrete. Gutane gjekk tur med hunden på Vernet. 

Det er veldig kjekt for meg å ha besøk, men vi ønsker oss sjølvsagt betre vêr. No har eg fått rydda opp sånn passeleg og sett på dagens 3.oppvasmaskin. Ute er det bra ver no, og håper er at vi skal få ein fin dag i morgon. No skal eg sette på ein klesvask før eg set meg ned og slappar av.




torsdag, juli 14, 2022

Dagbok 2022: 14.juli


                                      Kva er det som er borte her? To "ting".

Klokka er no 20.00, temperaturen ute er + 15 grader og sola kom fram no, på sein ettermiddag. 14.juli var mamma sin fødselsdag (I 1904) Det er bryllaupsdagen til Wenche og Rasmus (2000)og sjølvsagt USA sin nasjonaldag. Vi har no feira dagen på vår måte. Eg har spove så godt dei to siste nettene her på "dagsenga" mi. Grunnen til at eg søv godt trur eg er fordi eg no legg meg seinare enn vanleg, dvs. etter kl.2, og søv lenger utover morgonen-det passar meg best, b-menneske som eg er.

Likevel var eg først oppe i dag også, og eg har vore bra både i foten og ryggen.Eg har ikkje gjort så mykje, for Rasmus og Wenche har handla og bestemt middagen, eg fekk lov å skrelle poteter etc.

Det eg gjorde elles var at eg rydda og raka der vi heldt på med grana på tysdag og så køyrde eg bort på VØR med nokre sekker med hageavfall.

Det blei sein middag, men god! Og er trur kanskje gutane sette mest pris på desserten som var is og kaker.

Rasmus har funne fram ein del ting i garasjen som han ville ha. Eg er glad for alt eg blir kvitt. Her er nok rot-.


Marit er reist på hytta til Kjartan, han var her og henta henne, så no er eg kattepassar. Men Ingar har lova å hjelpe meg med å passe Lollo. Ho kjem når eg ropar namnet hennar.

Elles hjelper Wenche og Rasmus til heile tida, så det er ikkje travelt for meg å ha gjestar. I morgon reiser Øystein og gutane på Galdhøpiggen. Men Solveig kjem hit inn til oss, og det gjer Margrete og Eirik også- så då blir vi 9 til bords. Men det står ikkje på når eg har gode hjelparar. Skulle berre ønske vi fekk fint vêr, det ser no bra ut no.




Dagbok 2022: 25.september

                                 Utsikt frå altanen kl-19-00 Klokka er no 17.14, temperaturen ute er + 9 grader og det regnar. Dette har vor...