søndag, juli 17, 2022

Dagbok 2020 : 17. juli

Frå venstre Øystein, Håkon, Olaug, Einar og Thomas
                                 Thomas, Olaug, Audun, Einar og Håkon.

 Klokka er no 17.30, temperaturen ute er +16 grader C. Det har regna mykje i dag, men no kjem sola igjennom så vidt det er. 

I dag var vi alle oppe i 8-tida fordi Kongsberg-gjengen skulle reise. dei hadde pakka det meste i går, så då klokka var vel 9 kom dei seg av garde.  Det var kjekt å ha så mange rundt meg ,men eg forstår no at dei ville på andre turar også. Her er lite å ta seg til for gutane- særleg når veret er som det er. Eg er glad for dagane vi hadde, og veldig glad for all hjelp eg fekk. 

Etter at dei hadde reist, rydda eg opp i huset, støvsuga etc. Etterpå sette eg meg og halvsov framfor TV-en  til det vart tid for middag. Etter middagen, som var restar frå i går, sette eg meg inn att. Når ein er vant til å vere åleine for det meste får ein sine vanar. Eg har utsett vask av sengetøy til eg har fått tørketrommelen min. Marit er også vekke, og i dag har katten vore her fleire gonger, men ho vil aldri heilt inn, berre oppå trappa.

Øystein fylte 60 år den 22.juni og gåva frå barna var ein tur på Galdhøpiggen. 

I går var dei der. I tillegg til dei fire barna var Thomas, sambuaren til Olaug med. Dei kom seg til topps. Eg har sett bilde , men ikkje snakka med dei.

I morgon har eg ingen planar, anna enn å gjere litt meir husarbeid og pante brusflasker på KIWI. Elles har eg mykje å rydde i både inne og ute. Rasmus fann ein god del på loftet som eg skal ta  meg av, og så har eg ein garasje å rydde og ein hage som treng stell. Det er berre dette vêret som gjer det litt problematisk-. 



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...