mandag, juli 18, 2022

Dagbok 2022: 18.juli

 



Klokka er no18.12 og temperaturen ute er + 17 grader C. Det er lettskya og sol av og til.

I går kveld planla eg å pante flasker og handle i dag før eg begynte å "jobbe"; vurderte å legge tomflaskene ut i bilen, hadde to posar i vindfanget og resten i kjellaren, men tenkte at det var like enkelt å ta dei med i dag. Det var det sikkert. Eg køyrde på butikken i 10-tida og handla det eg skulle ha, hadde skrive liste, men først då eg kom hein att hugsa eg flaskene. Og eg som tek tablettar for å få betre hugs! Dei kan ikkje ha begynt å virke enno.

Eg kledde meg litt om og gjekk ut og begynte å kløyve ved. Og då hugsa eg at eg skulle ta den lengste og tjukkaste skøyteledningen heilt frå vaskekjellaren og opp i garasjen. Eg er glad for alt som ikkje er gløymt.

Eg gjorde meg ferdig med kløyvinga før eg tok ein lang middagspause. Menyen i dag var skiver med hardkokt egg + sild. Til dessert ei diger porsjon med jordbær og fløte. Eg sat og halvsov og såg TV ei stund før eg gjekk ut og køyrde veden i trillebår ned i tilbygget. Då eg kom med siste lasset, lass nr.6, hadde det sjølvsagt ramla i hop litt. Det er ikkje "only,only" å lade opp ved som er i alle mulige storleikar og fasongar. Men no har eg i alle fall kosta opp i garasjen og køyrt inn bilen. Så kan eg stryke ein av jobbane frå lista mi.

At eg vert låk i ryggen og isjasen min, det får eg berre tole. Det er så mykje ugjort både ute og inne, mykje på grunn av vêret. Det kan hende eg plukkar litt meir jordbær, dei er sure så eg må sukre dei litt. Lollo har vore her minst tre gonger i dag og fått mat. Det kan hende Marit kjem att i morgon.

Det er noko tull med PC-en eg får ikkje lagt inn bilda eg tok ute no til slutt. Og no er dataeksperten reist, så vi får håpe det er noko som kjem seg til att av seg sjølv. Eg la no ut bilde på FB før i dag.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...