mandag, september 30, 2013

Dagbok 2013: 30.september.

Så er vi komne fram til siste dagen i denne månaden, og den mørke hausten og vinteren er i kjømda. Eg ventar framleis på sommaren, som ikkje gjorde så mykje av seg i år heller, her på våre kantar.
No har vi likevel hatt ein strålande dag med sol frå neste skyfri himmel, ganske mildt har det også vore, minst +15 grader C. No er klokka ca 20.00 og temperaturen er + 8 grader.
Har site og sett og høyrt på TV, det er sjølvsagt den nye regjeringa eg er spent på. Har enno eit håp om at forhandlinga skal bryte saman, at Erna og Siv blir uvenner og at Jens må komme og ordne opp. Ap er tross alt det største partiet!
I dag har eg vore mykje på kjøkkenet. Før middag var eg oppteken med å lage eit godt måltid av ball, knokar, steikt flesk og kokt flesk m.m. Sidan eg likevel heldt til på kjøkkenet, sette eg ein brøddeig og baka tre store brød til Nils. Eg et på eit dansk grovbrød frå Lom som eg kjøpte i Volda sist fredag, elles går det på Ingers.
Margrete kom klokka15.30 og fekk akkurat den middagen ho ønska seg. Og så fekk ho sjølvsagt med seg restar heim til ungane.
I morgon er det Den internasjonale eldredagen og det blir tilstelling på Kulturhuset klokka 16.00. Denne gongen har eg ikkje andre plikter enn å hjelpe til med å dekke borda. Ikkje skal eg skrive referat heller, for denne gongen kjem det folk frå avisa.Viss det blir like fint i morgon, må vi prøve å komme oss ut ein tur før middag.

Bok nr. 52-53 -2013: Den lange hvite skyens land.


 Den lange, hvite skyens land

Sarah Lark

Den lange, hvite skyens land

Denne storslåtte familiesagaen satt i New Zealand, har ligget på tyske bestselgerlister i 50 uker.  Boken er første bind i en New Zealand-trilogi som har solgt i over 7 millioner eksemplarer verden over.

Britiske, unge kvinner krysser jordkloden til arrangerte ekteskap med koloniherrer i et fremmed land. Men finnes lykken og kjærligheten på andre siden av verden?
 
London 1852. Helen Davenport er ugift og guvernante i en velstående familie, men lengter etter mann og barn. I New Zealand er det overskudd på gifteklare ungkarer. Da Helen får muligheten til å reise dit for å gifte seg med en sauebonde hun aldri har møtt, bare brevvekslet med, griper hun sjansen.

Samtidig blir den vakre rikmannsdatteren Gwyneira Silkham brukt som innsats i et kortspill. Den mystiske baronen som har vunnet henne, vil gifte henne bort til sønnen sin. Familien er skandalisert, men Gwyn er glad for å begynne et nytt liv i New Zealand, langt fra sosietetslivet i Wales.
På overfarten til Christchurch møtes de to kvinnene og blir venner, til tross for klasseforskjellen. Tilværelsen – og ektemennene – på New Zealand viser seg å bli helt annerledes enn de hadde forestilt seg, og kvinnene må hjelpe hverandre til å skape det livet de hadde håpet på.
En fengslende historie om kjærlighet og hat, tillit og fiendskap, og to familier som er uløselig knyttet sammen.
...............................................................................
Dette er det eg vil kalle ein reinspikka under haldningsroman, og det var eg klar over på førehand. Derfor kan eg ikkje klage på at boka nettopp er det. Som de ser er den også ein "bestseller" og det seier sitt. Når så mykje er sagt, så har eg kosa meg med litt lett underhaldning på øyret mens eg strikkar ,gjer husarbeideller ev. går tur.
Boka er også "dyrisk", her er mykje sauer, hestar og hundar.
Ærlig talt lurte eg somme gonger på om boka var skriven for vaksne folk. Men eg kjem nok til å lese neste bok i serien, for å sjå "korleis det går."

søndag, september 29, 2013

Dagbok 2013: 29.september

Klokka er snart 20.00. Det har vore overskya, litt regn og ca 10 grader C i dag.
Før middag gikk vi ein tur, før vi laga søndagsmiddag, som i dag bestod av spekesild med kålstuing. Når det er berre vi to lagar vi akkurat det vi har lyst på. Til dessert fann eg fram ein pose frosne bringebær og ein fløtekartong som overlevde forrige helg.Så blei det i alle fall dessert, det har vi ikkje ofte.
På ettermiddagen har eg lese mykje i lydboka , på same tid som eg har strikka på lesten min og rydda og shina opp på kjøkkenet.
Nils var ein tur bort på terminalen og prøvde å fiske frå land, utan hell.Men han såg at det var makrell ut på fjorden. I morgon får vi besøk av Margrete, så då får vi lage noko som ho og ungane likar.
No er det mørkt ute. Solcellelampane har lyst fint om kveldane, men det spørs i dag når det ikkje har vore sol på dagtid.

lørdag, september 28, 2013

Dagbok 2013: 28.september

Klokka er 20.15, og det er snart tid for TV. Danseprogrammet tek eg opp på boks. Ute er det + 9 grader C, og vi har hatt det fint i dag også, sjølv om det ikkje har vore sol. Eg er fornøgd så lenge det ikkje regnar.
Det har ikkje hendt så mykje i dag. Før middag var vi ein tur til Vik, både på Amfi og i gågata. Trefte mange vi kjende, og det er alltid kjekt å prate med folk. Vi kjenner snart "heile Ørsta" etter å ha budd her i nærmare 50 år. Men vi kjenner oss framleis som "innflyttarar".
Var innom biblioteket og fekk med meg t krim-romanar heim.Kunne godt tenke meg å lese krim, men sidan eg er avhengig av lydbøker, må eg ta det som er tilgjengelig.
Vi handla nesten berre mat, og så måtte eg ha litt garn. Eg strikkar ikkje mykje, men ein og annan lesten blir det.
Steikte hyse til middag, og etter at vi hadde kvilt litt og drukke kaffi, blei det ein tur rundt på Vallabøen. No er det Stjernekamp.

fredag, september 27, 2013

Dagbok 2013: 27.september.

 
 
 
Klokka er18.15. Temperaturen ute er + 10 grader, inne er det kokheitt så lenge vi har sol. Det har vore nydelig vêr heile dagen. Etter at eg hadde støvsuga i heimen, køyrde vi til Volda for å gå tur ved Rotevatnet. Vi starta i nærleiken av tunnelen, men snudde etter ei stund; iskaldt og utan sol. Vi køyrde vegen fram mot Vikebygda og parkerte ved Tussa-huset. Derifrå gikk vi ned i Vassbotnen og langs vatnet, så lenge vi hadde sol, då snudde vi og gikk same vegen tilbake. Det er veldig lenge sidan vi har vore der. Det er veldig fint i Vassbotnen, men nesten alle dei store,fine jordene blir brukt til golfbaner. Det virkar litt umoralsk, men det er no lettvint å ta jorda tilbake og dyrke mat om det skulle bli nødvendig. Der er no fint stelt. Men langs vatnet er det som alle andre stader-altfor mykje krattskog, som kunne vore brukt til ved og skapt finare utsyn over vatnet.
 

 Då vi kom tilbake til Volda fall vi for freistinga og åt lunsj/middag på Landscape. Møtte ei kollegaveninne som var på Coop og handla, ikkje så ofte eg møter dei som framleis er i jobb. Då vi leita opp att bilen vår ved Spinneriet, møtte vi Margrete.Ho var ferdig for dagen og skulle heim til LOL(a)= katten.
Det blei ingen handel på meg i dag, for eg hadde lagt att lommeboka heime, eller rettare sagt hadde den falle ut or veska.
Så måtte vi kvile oss litt før vi drakk kaffi. Har lyst å vere meir ute, men hagearbeidet fristar ikkje. Eg trur faktisk at blomkarsen overlevde kulden sist natt. I fjor fraus dei tidlig, og det er dumt når dei begynte blomstringa så seint.
Ønsker alle ei veldig bra helg. Skulle ønske finevêret kunne vare, men det er vel større sjanse for at det skyar over.

torsdag, september 26, 2013

Dagbok 2013: 26.september

Klokka er 19.00. Temperaturen er + 8 grader og sola har gått ned her hos oss.  Det har vore ein nydelig dag , men det er ikkje lenger sommar.
Rett etter frokost sette eg meg ved datamaskina for å skrive referat frå møtet i går. Eg hadde notert side opp og side ned, men kunne ikkje ta med alt. Så det å velje ut kva ein skal ta med er ein stor del av arbeidet. Etter ca. halvannan time var eg i mål med ein råkladd. No står det att å rette og rette opp feila. Trur ikkje manuskriptet kjem til å få Nobel-prisen i litteratur akkurat.
Men no SER eg i alle fall godt. Vi var nedover ein tur og henta dei nye brillene mine, var ikkje klar over kor dårlige dei gamle var, før eg prøvde dei nye. Dei gamle var heilt tåkelagde på midten.
Sidan vi hadde parkert nær Europris var vi innom der og handla litt.
Så var apoteket neste stopp. Eg skulle ha nokre tablettar som er på resept. Sidan vi no har elektroniske reseptar, måtte eg spørje om eg hadde meir til gode. Då fekk eg eit kort med ei internettadresse der eg kan logge meg inn og sjekke reseptane mine. Nettstaden heiter : www.mineresepter.no . Prøvde å finne fram, men har ikkje heilt fått det til enno. Mat kjøpte vi ikkje i dag.
Då vi kom heim gikk vi ei runde rundt på Vallabøen,( kan nesten ikkje kalle det trim), før vi åt opp siste rest av fårikålen frå sist laurdag. No har eg fått nok for i år!
Etter at vi hadde ete, kvilt og drukke kaffi, var vi ute i hagen og demonterte sukkerertene. Nils skal sikre seg så-erter til neste vår.
Og så vaska eg eit par golv, slik at eg berre har støvsuginga att til i morgon.
Ja, slik går nu dagan her i pensjo-heimen. No skal Nils sjå ein fotballkamp, mens eg gjer ferdig manus og sender det+ bilda til avisa.

onsdag, september 25, 2013

Dagbok 2013: 25.september

 
 
Klokka har passert 20.00. Ute er det nydelig, klårt vêr og temperaturen er + 7 grader, tydelig at hausten er komen.
Det har vore ein strålande vakker dag, og då er det vel typisk å opphalde seg innadørs?. I dag hadde eg ikkje noko val. Først var vi på Kulturhuset og dekka bord etc. Så var vi heimom og åt litt, slappa litt av og så var det å dusje og kle seg om til møtet.
I dag var det første gong vi hadde dekka for få bord, men vi sette til ekstra stolar her og der, og sat litt trongare enn vanlig. Veldig kjekt at så mange møter fram, og at stadig nye pensjonistar dukkar opp.
I tillegg til det praktiske arbeidet på møtet, vart det mykje å notere, men eg trur eg utset referatskrivinga til i morgon.
Nils var ikkje med på møtet i dag. Eg var litt misunnelig på han og Håkon som fikk fare på sjøen i finevêret. Vi kom heim om lag på same tid, sidan ei av dei andre i styret køyrde meg heim. Fangsten var liten, berre to små makrellar. Det er slikt som nesten aldri skjer. Ikkje hadde det vore så fint vêr på sjøen, heller.
Matlaginga i dag har Nils styrt med, det vart ferdigkjøpte karbonadar både til middag og kvelds. No sit dei to karane og ser fotball på TV, så eg har trekt meg tilbake til "Datarommet".
Håper at vêret blir like fint i morgon, då har eg berre to ting på programmet: Hente brillene mine og skrive referat. Og så vil eg UT.
Fiskarar og fotballentusiastar.
Hagebelysning med solcellebatteri. For 6 lampar betalte vi 118 kr på Clas Ohlson.(Fikk ikkje tatt bilde utan å bruke blitz.)

tirsdag, september 24, 2013

Dagbok 2013: 24.september

Klokka er ca 19.45. Temperaturen ute er + 10 grader og det er fint, lettskya vêr. Håper det varer og varer....
Dagen i dag har vore litt utom det vanlige. Gravferda til Oddvar Øyehaug tok til klokka 11.00. Det var ein fin seremoni, med sang, musikk og mange kransar og blomster. Det var fine talar om ein mann som "alle" likte. Presten som forretta var den nye presten på Sæbø (Hjørundfjord), som inntil vidare bur hos svigerforeldra øvst i Storebakken. Kyrkja var stappfull av folk, for både Oddvar og kona har mykje slekt i bygda. I tillegg til å vere sløydlærar på lærarskulen, har Oddvar vore aktiv i kunstlaget og andre foreiningar i bygda.
Etter gravferda var vi heimom og bytte klede før vi var nedover og handla. Eg var m.a. inn på Miss B og sjekka haustkolleksjonen. Der var veldig mykje fint, blant anna hadde dei fått inn genserar i heilt vanlig fasong og i mange fine fargar. Eg kjøpte ingen ting, men eg må kanskje ha eit eller anna nytt til jul? Kleda høver for folk frå ca 40 år og oppover. Butikken held til i 2.etasje på Amfi.
Elles kjøpte vi nokre billige solcellebaserte lampar til å ha i hagen.Spent på om dei virkar.Dei kjøpte vi på Clas Ohlson.
Då vi kom heim, tok eg inn og la i hop ein klesvask, før vi bestemte oss for å gå ein tur i finevêret. Det vart ein kort tur, men vi brukte lang tid. Grunnen? Folk var ute i det fine vêret, og sidan mange er pensjonistar har ein tid å prate. Og dei fleste pratar om fisk! Då vi kom opp på toppen av Storebakken, møtte vi både presten og svigerfar hans, så no er vi tilbørlig presentert.
Klokka var nærmare 17.00 før vi fekk tid å begynne å lage middag, og det vart tilsvarande sein middagslur. Mens eg drakk kaffi etterpå ringde ei veninne. I går kveld ringde ei anna veninne, så det blir mykje prating, også over telefon. Men det er så kjekt at folk tek kontakt, eg er ikkje så flink til det.
Kvar gong eg er i gravferd, er det ei strofe som kjem for meg, når eg ser den overfloda av kransar og bukettar som ligg på og rundt kista, og høyrer alle dei fine orda:

                     "Gi meg en blomst mens jeg lever
                       så hjertet kan frydes ved den,
                       for øyet mitt ser ei de blomster
                       du legger på kisten min hen."

(Heile teksten, som trulig er ei dansk skillingsvise, finst på nettet.)

mandag, september 23, 2013

Dagbok 2013: 23.september

Klokka er 19.00, temperaturen + 10 grader C og det regnar.
Tidlegare i dag var det periodar med bra vêr, så før middag var vi ute og tømte matkomposten og grov ned molda. Dvs. Det var no Nils som gjorde mesteparten av arbeidet. Sjøv flytta eg eit par plantar. Vi vart i alle fall såpass skitne, at eg gikk rett i dusjen med hud og hår.(Vaska håret).
Nils kokte salta lange til middag i dag, den retten får ikkje eg prøve meg på ein gong. Det smakte i alle fall godt, og så vart det ei stund på sofaen, før vi eventuelt skulle finne på noko.
Dessverre kom regnet og sette ein stoppar for planane. Eg hadde ein haug med klede som skulle strykast. Det er eit arbeid eg likar godt, for då kan eg ha bok på øyret imens. Så fann eg fram ei svart jakke som eg har brukt mykje. Har hatt den i mange år, og heile tida har ermane vore for lange. I dag hugsa eg å legge dei opp. Då høyrde eg bok på data. 
No driv eg å les på ei kjempelang bok, heile 20 CD plater, men det er lett stoff a la ukebladroman. Greitt nok når ein ikkje ventar seg noko anna. "Den lange hvite skyens land" heiter den, og handlar om engelske damer/jenter som utvandrar til New Zealand midt på 1800-talet.
I morgon skal vi i gravferd, det er mannen til ein tidlegare kollega som er død. Vi har prata mykje med dei etter at vi vart pensjonistar, brukte å møtast på Amfi. I det siste har vi sakna dei, men så fikk vi vite at han var sjuk. Og så varte det ikkje lenge før han døde.
Onsdag er det møte i pensjonistlaget, og då står vi på meir og mindre heile dagen. Og dagen etter plar eg skrive referat. Så dette er det vi kallar ei travel veke her i Pensjonistland.

søndag, september 22, 2013

Dagbok 2013: 22.september

Klokka er snart 20.00, og eg veit i grunnen ikkje kvar dagen har blitt av. Vêret har vore både overskya, skodde, sol og vind, men sidan vinden kjem frå nord, er han ganske kald. No er temperaturen + 10 grader C.
Eg hadde ein ting en måtte gjere i dag, og det var å legge opp buksa som eg kjøpte i Stryn. Er det noko eg hatar, så er det å sy, men eg sette meg framfor datamaskina og høyrde bok mens eg sydde, så det gikk greitt. Eg fekk tak i ei god bukse med stekk i, men slike bukser har ein tendens til å vekse. Fekk eit tips med butikkdama i Stryn: Bruk aldri skyllemiddel når du vaskar elastiske bukser! Eg gir hermed rådet vidare.
Nils var ein tur bort på terminalen mens eg sydde, sette på vaskemaskina etc. Når ein rek heile veka blir det litt av kvart som hopar seg opp.
Til middag vart det oppvarna  (ihelkokt) fårikål - ikkje min favoritt. I morgon må vi finne noko skikkelig mat, dvs.fisk.
Elles har eg gjort litt papirarbeid, og kom brått på at eg ikkje har skrive referat frå styremøtet sist torsdag! Det utset eg. Komande onsdag er det sesongens første møte i pensjonistlaget, og den1.oktober er det Den internasjonale eldredagen. Vi i pensjonistlaget har ikkje så mykje ansvar for den, men samarbeidar med Eldrerådet.
No må eg prøve å hugse å sjå programmet frå øyane i vest i kveld, gløymde det forrige sundag.

lørdag, september 21, 2013

Dagbok 2013: 21.september

"Tvillingane" Olaug og Eirik begynte i 1. klasse i 2003.
I år begynte dei i 1. klasse igjen. Denne gongen på vidaregåande.Olaug i Ulsteinvik, Eirik i Volda.Dei er sjølvsagt ikkje ekte tvillingar, men søskenbarn.Ikkje heilt ulike!

 
Klokka går mot halv åtte. I dag har vi hatt både sol og regn; akkurat no er det ganske grått ute. Temperaturen er + 10 grader C.
Vi har hatt ein hyggelig dag, med besøk av barn og barnebarn. Det var den store fårikåldagen i dag. Lagar retten stort sett berre ein gong i løpet av hausten. I dag var vi 9 til bords, ikkje råd å samle alle lenger, og det kan ein heller ikkje vente.
Vi har alltid mykje å prate om, vi vaksne, for ungdommane er her ikkje så mykje å finne på. Amanda hadde spela fotball heile føremiddagen, så ho var sliten.
Etter at alle var reiste vaska eg opp ein heil del kasserollar, og så var det ei veninne som ringde.
No skal vi sjå TV på NRK 1 og ta opp på TV 2, så kan vi spole forbi reklamen.
Det blei ikkje til at eg tok bilde i dag, men reknar med at Margrete legg ut bilde av førsteklassingane.

fredag, september 20, 2013

Bok nr. 51 - 2013: Disse øyeblikk.

Det er mykje å lese om denne boka på nettet, så eg bryr meg ikkje om å kopiere noko som de like gjerne kan finne sjølve. Eg synest det var greitt å ikkje vite for mykje før eg las boka. Det einaste eg visste at den var sjølvbiografisk.
Eg har sjølvsagt lese lydbokversjonen, og synest at det er greitt at opplesaren les på nordnorsk, det gjer boka meir autentisk.Og ho les godt.
Eg er ikkje heilt enig med meg sjølv om kva eg synest om boka. Eg både likar og ikkje likar den. Eg veit berre det at eg sjølv aldri ville ha utlevert meg sjølv og mine nærmaste på denne måten.
Språket er til dels veldig poetisk og vakkert, kanskje litt VEL. Men slutten er nydelig.
Eg anbefaler, særlig dei som har lese bøkene om Tora, å lese denne boka.

Dagbok 2013: 20.september.

Mange (grå) bilar i Starevegen.
Klokka er 18.30, temperaturen +14 grader C. Det er lettskya og fint, berre nokre små regndropar i løpet av dagen.
No har Nils og eg rusla ein relativt lang tur rundt om på Vallabøen, lenge sidan eg har fått skikkelig mosjon no, det har vore mykje bilkøyring.
Før middag styrte eg litt på kjøkkenet. Har invitert heile familien på fårikål i morgon.Det er litt av eit puslespel å få hanka inn alle, for særlig dei unge har mange jern i elden.Eirik og Amanda spelar fotballcup t.d. Men dei får kome dei som kan, det er verken fødselsdag eller noko anna, men synest det er kjekt å samle barn og barnebarn. I all enkeltheit kva maten angår.
Vi var ein liten tur nedover og handla div. mat f.m. Og så skulle vi prøve ein ny middagsrett, nemlig steikt hyse. Eg har berre ete kokt,røykt hyse. Har vanligvis laga fiskemat av den fisken. Men steikt hyse (kolje) var skikkelig godt det! Så det skal vi ha oftare.
Slappa av litt før vi drakk kaffi. Eg rydda litt i huset og så gikk vi altså tur.
I dag har eg ikkje hatt vondt i ryggen eller nokon annan stad.
No gjer vi oss klar for ein lang TV-kveld.
God helg til alle!

torsdag, september 19, 2013

Dagbok 2013: 19.september

Klokka har passert 19.30. Dagen har vore fin, med lettskya vêr og ein del sol. Akkurat no er temperaturen + 12 grader C.
Fekk ikkje gjort mykje før middag i dag. Var elendig i ryggen, kanskje på grunn av bilturen i går. Det vart mykje sitting. Eg har tatt nokre tablettar iløpet av dagen og er bra no. 
Strauk litt klede og rydda litt, det var alt eg fekk gjort. Frå kl.12.00-13.30 ca var det ekstraordinært styremøte i pensjonistlaget i lag med leiaren i Eldrerådet.
Så var eg heime ei stund, før eg skulle til frisør klokka 15.00. Det var på høg tid, det var rett før eg hadde forvandla meg til ei langhåra blondine. Då ho spurde korleis eg ville ha håret denne gongen, sa eg at eg no ville ha "burugle-sveis" - med tanke på dei nye brillene som eg snart får. Håret vart litt mørkare enn eg hadde tenkt, men det går vel over.
Då eg var heime att, måtte eg ta ein telefon til ei veninne før eg laga middag. I dag vart det fiskebollar i kvit saus. Det smakte godt, og eg er i grunnen altfor mett til å sitte her og skrive. Men eg har ein jobb til som må gjerast før det blir kveld, og det er å skrive eit lite innlegg til avisa om pensjonistmøtet komande onsdag.
Har ikkje tatt eit einaste bilde i dag, men det kan kanskje vere like greitt.

onsdag, september 18, 2013

Dagbok 2013: 18.september

 
Klokka er 19.00. Temperaturen er +11 grader C, det er overskya, men opphaldsvêr. Frå morgonen av var det sol og fint.
Vi prøver å finne på noko kjekt å gjere når vêret er bra, og i dag vart det biltur i ytre strok. Må berre legge til at eg hadde støvsuga alle teppegolva og rydda før vi for.
Vi har ikkje vore i Fosnavågen på to år, så vi tykte det passa med ein tur dit.Det skjer noko med meg med det same vi tek av i krysset og køyrer mot Fosnavåg. Landskapet og vegetasjonen minner så om Måløy og Raudeberg at eg går tilbake i tid til då vi kom til Raudeberg i 1962.Vi budde der berre i tre år, og eg har aldri lengta tilbake dit, berre til tida som var.
Vi såg oss litt om i byen, og så blei det ein tur på kafe, sidan det var "lunshtime" . Kjøpte omelett med skinke og ost+salat+brød. Det både smakte og metta godt.
Elles er det kjekt, for Nils spesielt, å sjå alle båtane og minnast den tida han dreiv fiskeri og var innom Fosnavåg.Vi var inn på ein butikk der det var ei godt vaksen dame som hadde gode kunnskapar om fiskerihistoria, det var kjekt å snakke med henne; der var ingen kundar i butikken, så ho hadde god tid.
Og så måtte vi sjølvsagt bort på Dyrkornbutikken, så Nils fekk kjøpe seg nokre fiskesaker.
Neste stopp var Statoil, der vi fylte opp kaffikoppane våre.Vi var enige om å ta turen til Runde sidan vi var komne såpass langt, og det gjorde vi. Ikkje så mykje nytt å sjå der, men eg skulle jo ta fine bilde.Dei vart berre sånn passe. Det hadde skya over, men himmelen var bra lys, og då vert jorda tilsvarande mørk. Vi gjekk opp på ei høgde der fyrlykta stod og drakk kaffien vår.
Der stod eit skilt i krysset, med namna Moltustranda og Gjerdsvika på. Der hadde vi aldri vore, og eg fann ut at vi kunne køyre dit utan å ta same vegen tilbake.Det gjorde vi. Og sannelig vart vi overraska. Plassane var større enn vi trudde, og indst i Gurskebotnen hadde Kleven ein slipp, eller kva det no heiter, så der budde mykje folk.
På Coop i Gjerdsvika hadde vi fått tips om vegen, og det var inga sak å finne fram. Midt oppe på fjellet såg eg innover til Liadalsnipa, og tenkte på Ivar Aasen"......då såg han fjelli stigande og kjendest ved si strand...."
Då vi kom heim, hadde Nils klar middagen på no time: Salta lange+ gulrot og mandelpoteter.
No skal det vere slutt på tulleturar, no må vi snart komme oss på ein skikkelig tur, for no er bilen "innkøyrt".

tirsdag, september 17, 2013

Dagbok 2013: 17.september

Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 15 grader C, det er lettskya og nydelig vêr. Sola skin. Slik kan det skifte frå dag til dag her på våre kantar.
Som det går fram av bilda, har vi vore ein tur på Rjåneset. Vi hadde lyst på ein liten biltur og gjorde oss eit ærend ut for å fylle bensin på båten. Mens Nils gjorde det, tok eg ein liten tur på turstien.Det var greitt nok, for eg var ikje så sprek i dag.
Før middag var eg husmor. Bytte på sengane, vaska klede og hengde ut, vaska golv etc. Middag slapp eg å lage, for vi hadde restar frå i går.
Etter at vi hadde slappa av og drukke kaffi styrte eg litt til før vi for på tur. Temperaturmålaren i bilen viste+17 grader, då vi la oss i går kveld var det + 3. Snøen som låg i fjella i går er nesten heilt vekke, men lenger inne i dalen er det enno kvite toppar. No har vi vore nede i hagen og ete dei aller siste plommene.

mandag, september 16, 2013

Dagbok 2013: 16.september

Dette har eg lengta leeeeenge etter å seie: Morna COOOOOOLT !
(Eigentlig var det litt trist å ha den frå seg, men slik er det alltid når ein byter bil.)
 
Klokka har passert 19.00, temperaturen ute er + 7 grader C og det har snødd heilt ned i Vallahornet. Første påminning om at vinteren er i kjømda, men det er lenge til. Får vi håpe. Det har regna jamnt heile dagen, men no driv det og klårnar opp. Det er meldt fint vêr i morgon og strålande på onsdag.
No har Nils og eg vore på prøvetur med den nye bilen, turen gjekk rundt Follestaddalen på ikkje alt for gode vegar. Men bilen greidde seg fint. Eg sat godt i setet mitt og hadde meir oversyn enn det eg er van med. Dei fleste nye bilar er gode, så eg reknar med at denne også kjem til å funke fint.
Heldigvis vakna eg relativt frisk og rask i dag. Verken i går, som eg trudde kom frå ryggen, var nok heller eit mage-onde. Ikkje alltid like lett å finne ut av.
Hadde eit lite ærend på Amfi i dag, så det gjorde vi unna, før Nils henta nyebilen med den obligatoriske rosebuketten i tillegg.
Elles gikk mykje av føremiddagen til matlaging. I dag vart det ertersuppe og pannekaker. Sidan det no er berre Margrete som kjem og et i lag med oss, får ho med seg middag heim til "dei to små".
I dag fyller kusina mi på Skedsmokorset 75 år. Ho har alltid vore litt eldre enn eg, og i barndommen var ho mitt store ideal. Ho budde på Eid til ho var 16 år, dei siste åra på Hildegard, i huset til bestemor og bestefar. Det vart eit sakn då heile familien flytta til Sørumsand. Heldigvis har vi mykje kontakt i vår digitaliserte til, og i fjor var ho her på besøk.
Gratulerer med dagen, kjære Ellen Marie !

søndag, september 15, 2013

Dagbok 2013: 15.september

Klokka er 19.00, temperaturen +14 grader, det regnar og blæs.
Siste veka har vi hatt fleire fine turar og vore litt på farten. I dag var det "landligge".
Før middag styrte Nils med å tømme bilen, vaske og støvsuge etc. Eg pusla på inne. Kjende at ryggen ikkje var heilt god, men det er slikt som skjer innimellom. Las ut boka "Rydd ut" før eg laga middag. I dag laga eg ei himla god fiskesuppe, om eg skal seie det sjølv. Måtte sløve litt på sofaen etterpå.
Men då eg skulle stå opp, vart eg SKIKKELIG dårlig i ryggen, eg verkte så sveitten rann og måtte legge meg  i eit kaldt rom, men eg var ikkje bevegelseshemma slik eg har vore før når eg har fått slike anfall. Etter ei stund tok eg eit par Ibux, og då dei begynte å virke, vart eg betre. Så får vi sjå kor lenge det varer.
I går gikk eg ein relativt lang tur etter at eg hadde skrive på bloggen, det blir ikkje aktuelt i kveld.
Snakka nettopp med Ellen -Marie, ho var heime frå hyttetur med heile storfamilien, der dei hadde feira 75-årsdagen hennar, som er i morgon.

Bok nr. 50 - 2013: Rydde ut.

Engasjerende og nær beretning om alt som kan bli borte.Språkforskeren Elinor Smidt får litt uventet tilbud om en vitenskapelig stilling i Finnmark. Som del av et forskningsprosjekt om utdøende språk skal hun studere sjøsamisk. Forfatteren Helene Uri får en like uventet telefon. Stemmen i den andre enden presenterer seg som en slektning av henne. I løpet av samtalen får Helene Uri vite at hennes oldefar var sjøsame, noe familien aldri har snakket om. Den ene historien er diktning, den andre er sann..Begge er blitt til i sorgprosessen etter at Helene Uri mistet sin egen mor. Sammen blir disse ulike fortellingene til en gripende roman om søringer og nordlys, om språk og familie, om ord og tilhørighet. Og om at noe og noen kan bli borte for alltid.
.....................................................................
Dette har eg henta frå nettet, sjølv ville eg kanskje lagt vekk på andre ting i boka, men eg skal nøye meg med å skrive mi høgst private meining . La meg begynne med å konkludere med at dette er ei av dei mest "spennande" bøker eg har lese på lenge. Ikkje spennande på den måten som ein kriminalroman er det, men spennande i tema og oppbygging. Her får vi to romanar i eitt; vi får forfattaren si fortelling om eige liv og familie, og fortellinga om Ellinor, ein fiktiv person. Den første fortellinga i første person, den andre med ekstern fortellar.
Dette er ei bok for den som er interessert i språk i vid forstand, i slekt og familie og slektsforsking. Det er ei bok for dei som sjølve har mist nokon dei saknar, til dømes foreldre, og gjerne skulle visst meir om dei og livet deira. Det er ei bok som bringer fram eigne minne frå barndommen. Eg veit ikkje om det er rett å seie det, men eg trur det er ei bok meir for kvinner enn for menn.
Eg kunne ha skrive mykje meir om denne boka, men anbefalinga mi er: Les den sjølv!

lørdag, september 14, 2013

Dagbok 2013: 14.september.

KLokka  er snart 18.00 og temperaturen + 10 grader. Ute er det skodde og regn, slik det har vore i to heile dagar no. Skulle absolutt ha gått ein tur, men er som katten og skyr regnvêr som pesten, enda eg har både regnkåpe og støvlar, det står ikkje på det.
Nils er ute i garasjen og greier liner, og no har han fått selskap, høyrer eg.
Eg er  nettopp ferdig med å rippe ei bok som eg var innom biblioteket og henta i dag. Eg står først på ventelista til alle nye lydbøker, så eg får melding med det same dei kjem. Dei likar at eg er så snar å levere bøkene tilbake.
I dag hadde vi altså tenkt oss til Fosnavåg, men når det vart slikt trasig vêr vart det ikkje. Vi hadde eit par ærend i Vik og så var vi på Amfi ein tur, der vi trefte mange kjende.Folk har etter kvart leita seg heim att etter sommarferien, pensjonistane også.
Møtte ein tidlegare kollega frå skulen, ho var ganske fortvila over situasjonen. No får dei stadig inn nye elevar frå aust-Europa, og sidan dei ikkje er flyktningar, får dei heller ikkje ekstratimar. Det er å stille opp på skulen frå første dag, utan å kunne eit ord norsk, og utan å ha rett til ekstra hjelp. Og så kjem Erna og snakkar om at alle barn skal ha sin "drømmelærer"-  "HO veit ikkje kva ho snakkar om".
Eg kjøpte meg ein ny genser på sal, oppdaga at eg ikkje hadde ein einaste genser eg kunne bruke inni den nye blå jakka.Det har eg no. Til halv pris.
I dag steikte eg lomre og kveite til middag, lomra var best. Laga remuladesaus til, og så hadde vi mandelpoteter frå Skjåk.
Vi var innom bilseljaren vår, og no er alt i orden. Måndag klokka 13.00 skal vi hente nyebilen. Eg er litt sentimental når vi byter bil, derfor må den lille røde få vere med på bildet i dag.
 
Boka eg les no heiter "Rydd ut" og er skriven av Helene Uri (f. 1964). Det er ei slik bok eg gjerne skulle ha skrive sjølv.(Til privat bruk). Ho fortel om seg sjølv, familien og slekta i fleire generasjonar. Blant anna fortel ho om korleis det var å miste mor si, og alle tankane som kom etterpå. På samme tid skriv ho bok om ein fiktiv person som ho kallar Ellinor. Eg er ikkje komen meir enn halvveges i boka, men så langt er det interessant. Neste bok på leselista er boka under. Det er også ein sjølvbiografi.

fredag, september 13, 2013

Dagbok 2013: 13. september

Klokka nærmar seg 19.30. Ute er det skodde og regn, det har det vore heile dagen. Temperaturen er +10 grader C, men Nils har fyrt i omnen, så vi har det lunt og godt.
I dag har vi har vi hatt ein relativt travel dag. Eg hadde time hos optikar klokka 10.30, og ho er veldig grundig, så det tok si tid. Heldigvis fann ho ikkje noko gale, men eg må ha litt sterkare briller enn før. Så var det å ta ut nye innfatningar;  eg valde å følge moten, så eg bestemte meg for nokre relativt store med brun innfatning. Ikkje akkurat usynlige !
På veg mot Festøya diskuterte vi korleis vi skulle gripe saka an på bilbutikken. Planen gikk i kortheit ut på at eg skulle seie minst mulig, og at vi ikkje skulle seie rett ut at vi hadde bestemt oss for kva bil vi skulle kjøpe.
Vi blei møtt av ein veldig hyggelig, ung mann som etter kvart fortalde at han var oppvaksen på Vallabøen i Ørsta like ved Vikemarka skule. Mor hans er død, men ho var frå Eid. Besteforeldra hans kjende eg, dei budde i Prestemarka, ikkje så langt frå oss. Det var nummeret før vi vart i slekt.
Etter ein del mailing fram og tilbake fekk vi papir på at Colt-en er ein 2010- modell. På vognkortet vårt stod det ikkje årsmodellen , berre chassis-nummeret, som indikerte at bilen var laga i 2009. Eg meiner dei sa at bilen er ein 2010 modell som vart laga på slutten av 2009, men Nils meiner den var laga i 2010. Så kan no vi krangle om det her heime, det betyr ingen ting.
Etterpå var vi ein tur på Moa og kjøpte oss pizza på Dolly Dimple, det er fast tradisjon når vi er der ute. I dag valde eg ein asiatisk variant, som vi likte godt. Etterpå var vi på Statoil og fylte bensin på bilen og kaffi på krusa våre.
Vi var ein liten tur på det andre Moa-senteret også. Der kjøpte vi oss ei steikepanne på tilbod. Må ha ei i reserve, og denne er lysegrøn utanpå. Tenkte den skulle høve til pannekaker.
I dag er det fredag den 13. -men eg veit ikkje om det er grunnen til at to bilar var hamna i grøfta på strekninga Ørsta-Festøy.
Så vil eg ønske alle ei god helg. Vi har farta ein del i det siste, og i morgon kan det hende det blir ein tur til Fosnavågen, Nils har lyst å sjå ein motortorpedobåt som skal vere der. Han hugsar slike frå krigens dagar. Vi får slite på gamlebilen mens vi har den.

torsdag, september 12, 2013

Dagbok 2013: 14.september.


Klokka nærmar seg 18.30.Temperaturen er + 18 grader C og vi har hatt ein fin dag med lette skyer og ein del sol, særlig tidlig på dag mens eg tok "helgavasken".
Nils reiste ut og sette liner etter frokost og dog dei på ettermiddagen.Det blei bra fangst. Der var ein for oss ukjend fisk, men eg har sjekka på nettet og funne ut at det er ei lomre.
No skal vi ete middag, det blir fiskebollar i kvit saus i dag, sidan vi hadde tatt dei opp frå frysaren i går. Vi la oss ut på altanen og skulle sole oss etter lunsj, men då skya det over. Heldigvis har eg ei dyne der ute.......
I morgon reiser vi ut i Spjelkavika etter at eg er ferdig hos optikaren.

Bok nr.49 - 2013: Hulemannen

Denne gangen kommer døden til Wistings eget nabolag. 
Bare tre hus bortenfor politimannens hjem har en mann sittet død foran et flimrende TV-apparat i fire måneder. Ingenting tyder på at det ligger noe kriminelt bak dødsfallet. Viggo Hansen var et menneske som ikke ble sett, selv om han levde midt blant andre. Dødsfallet får ingen overskrifter i avisene, men noe ved saken vekker nysgjerrigheten hos Wistings journalistdatter Line. Hun vil lage et nyskapende portrett av et helt ukjent menneske.
Samtidig som Line setter i gang sine undersøkelser, får politiet melding om et annet dødsfall. En mann blir funnet på et hogstfelt, og han bærer preg av å ha ligget lenge. Et oppsiktsvekkende funn på den døde blir innledningen til en av de største menneskejaktene i norsk kriminalhistorie. Det eneste som kan hindre politiet i arbeidet er om pressen får nyss om det som er under oppseiling.
....................................................................
Mi meining: Jørn Lier Horst skriv i sjangeren "politiroman"-og han gjer det på ein skikkelig måte. Sidan han sjølv er politimann veit han mykje om korleis arbeidet blir gjort. Her er heller ikkje banning eller anna stygt prat. Det er berre det, at for meg som har lese ørten krimromanar før, og sett diverse kriminalfilmar på TV, blir dette kjedelig. Men boka har fått gode kritikkar, så den er sikkert bra.

onsdag, september 11, 2013

Dagbok 2013: 11.september

Klokka er ca 19.30. Temperaturen er + 15 grader, det er lettskya og litt sol. Tidlegare i dag var det ein del skodde, det regna sist natt, men då eg stod opp i dag skein sola. Ikkje så verst det.
Etter at eg hadde gjort litt husarbeid, tok vi ein tur til Volda for å kjøpe kjøtt hos Jakobsen, det er noko vi gjer av og til.Men gløymde å ta med boka eg skulle levere på biblioteket der borte, så den får eg levere her i staden. 
Var innom Amfi også og handla litt, før vi for heim og laga middag. I dag koka Nils salta lange. Etter ein  pause gikk vi ut i hagen og plukka plommer. Vi har innsett at vi ikkje klarer å ete opp alt, så i dag koka vi sylte av 6,5 kilo. Til så mykje plommer brukte eg berre 500 gram fruktsukker, då kan Nils ete sylta også. Plommene er veldig søte i seg sjølv, så det trengs ikkje så mykje ekstra søtt. Elles så pratar vi med naboane og kosar oss i det fine haustvêret. No vurderer eg å gå ein liten tur.

tirsdag, september 10, 2013

Dagbok 2013: 10.september

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er +15 grader, det er opplett, men skodde langt nedetter fjellsidene. Det såg ei tid ut til at den skulle lette, men det skjedde ikkje.
I dag var vi litt tafatt sidan vi ikkje hadde planlagt noko. Nils ringde bort i Volda og spurde etter bilen vi såg på i går, men vi tykte det var lang leveringstid. Derfor stakk ned på butikken her, der vi har kjøpt fleire bilar før. Denne gongen galdt det Nissan. Dei hadde bilen ståande, og vi fekk ein bra pris. Nils kom heim og henta meg, eg får lov å uttale meg, sidan eg skal betale halve bilen. Eg var fornøgd med det eg såg, og fargen var grei. Dei hadde ein annan gråfarge som var litt mørkare, men det var ein dyrare bil. Bilen er lys grå metallic, ikkje ulik Note-en som vi hadde. Eg hadde krav til sittekomfort -og ville gjerne ha ein litt høg bil med store hjul. Og det fekk eg. Vi har skrive under kontrakten, og får den levert torsdag i neste veke. Så håper vi på fine køyreforhold framover hausten, så vi kan reise på turar.
Med det same stakk vi innom optikaren og bestilte time til fredag. Brillene mine er rett og slett utslitne, ser ikkje klårt på midten.
Elles er eg skuffa over valet i går, men det står enno att å sjå om dei greier å danne regjering. Det er mange brikker som skal på plass.
Til middag i dag hadde vi fiskekaker i brun saus. Det var ganske vanlig før i tida, men vi brukar ikkje saus på fiskekaker utan  dei har vore frosne ei stund. Då synest eg det er greitt.
Så var vi ut og trimma av oss kaloriane. Nils slo med motorplenklipparen og eg med den elektriske, den er litt plundrete sidan eg må passe på ledningen heile tida. Men jobben vart gjort, og avlinga var stor.
Nils har funne seg ein fotballkamp, så eg får kanskje ta fram spøtet og lydboka.
I dag fyller Leon Roald år, og vi gratulerer.

mandag, september 09, 2013

Dagbok 2013: 9.september

Klokka har passert 21.00, temperaturen er + 13 grader, og vi har hatt ein nydelig dag med temperaturar på over 20 grader. No har vi nettopp sett på TV-en, har venta i det lengste, for vi reknar med at vi blir bra svette i øyra før kvelden er slutt. Dessverre er eg ikkje mykje optimist denne gongen. Ser med gru fram til å få ei blå-brun regjering, om dei i det heile kjem i mål.
Nok om det.
I dag var vi nedover og gjorde vår borgarplikt,etter at Nils hadde tatt ein telefon til Stryn og høyrt etter bilen vi såg på sist torsdag. Den hadde ein gunstig førstepris, men så kom alle tillegga og då var den ikkje så billig lenger.Ikkje ville dei gi så mykje for gamlebilen heller.
Då bestemte vi oss til å ta ein tur til Urke. No er det slik at i september og oktober går Hurtigruta til Urke i staden for til Geiranger, så vi rekna med der var liv og røre der inne. Det var der ikkje, og båten låg på andre sida av fjorden, så eg såg ikkje eingong kva den heitte. Men vi køyrde vidare forbi Øye og opp Nordangsdalen.
Eg prøvde å ta bilde av Lygnstøylvatnet, det som ein gong var ei seter, men så kom eit ras og demde opp elva så setra vart liggande under vatn. Det er lett å sjå murane under vatn når det er stilt, men i dag var det eit anna problem, fjell og himmel spegla seg i vassflata, så det var ikkje godt å sjå kva som var nedi.Men eg trur eg såg ein sjøorm.
Gamle setrar såg vi og. Vi møtte ein buss som var på tur med turistar frå Hurtigruta og prata med Tor, som var sjåfør.
Vi køyrde opp til Villa Nordangdal på Fivelstadhaugen, eit gammalt hotell som er restaurert. Det var stengt for sesongen, men vi fekk no sjå det utvendig, der det ligg som ein topp mellom andre toppar.Flott er det.
 
Vi måtte også ein liten tur til Hellesylt, tenkte kanskje der var cruise-skip; der var ingen ting å sjå,men vi såg den nye kaia, der dei store skipa brukar å legge til.
Grodås  var neste stopp, og der fekk vi oss god middag på Raftevold; biffsnadder med pommes frites og salat. Og så var det Kviven, for andre gong på ei veke.
Vi stoppa i Volda og såg på bilar på Kia-butikken, men vi har ikkje bestemt oss for noko. Vi synest vi får for lite for gamlebilen. Så no lurer vi på om vi skal selje den sjølve. Den er berre 3 år gammal og feilar ingen ting. Der er to år att av garantien.Den er liten og nett og passar godt til såkalla "konebil".Vi ønsker oss ein litt større bil med meir comfort når vi skal på lengre turar.
 

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...