fredag, september 27, 2013

Dagbok 2013: 27.september.

 
 
 
Klokka er18.15. Temperaturen ute er + 10 grader, inne er det kokheitt så lenge vi har sol. Det har vore nydelig vêr heile dagen. Etter at eg hadde støvsuga i heimen, køyrde vi til Volda for å gå tur ved Rotevatnet. Vi starta i nærleiken av tunnelen, men snudde etter ei stund; iskaldt og utan sol. Vi køyrde vegen fram mot Vikebygda og parkerte ved Tussa-huset. Derifrå gikk vi ned i Vassbotnen og langs vatnet, så lenge vi hadde sol, då snudde vi og gikk same vegen tilbake. Det er veldig lenge sidan vi har vore der. Det er veldig fint i Vassbotnen, men nesten alle dei store,fine jordene blir brukt til golfbaner. Det virkar litt umoralsk, men det er no lettvint å ta jorda tilbake og dyrke mat om det skulle bli nødvendig. Der er no fint stelt. Men langs vatnet er det som alle andre stader-altfor mykje krattskog, som kunne vore brukt til ved og skapt finare utsyn over vatnet.
 

 Då vi kom tilbake til Volda fall vi for freistinga og åt lunsj/middag på Landscape. Møtte ei kollegaveninne som var på Coop og handla, ikkje så ofte eg møter dei som framleis er i jobb. Då vi leita opp att bilen vår ved Spinneriet, møtte vi Margrete.Ho var ferdig for dagen og skulle heim til LOL(a)= katten.
Det blei ingen handel på meg i dag, for eg hadde lagt att lommeboka heime, eller rettare sagt hadde den falle ut or veska.
Så måtte vi kvile oss litt før vi drakk kaffi. Har lyst å vere meir ute, men hagearbeidet fristar ikkje. Eg trur faktisk at blomkarsen overlevde kulden sist natt. I fjor fraus dei tidlig, og det er dumt når dei begynte blomstringa så seint.
Ønsker alle ei veldig bra helg. Skulle ønske finevêret kunne vare, men det er vel større sjanse for at det skyar over.

4 kommentarer:

solveig sa...

Det har vore ein flott dag i dag. Eg ønskjer meg ein dag til eller to med fint ver!

Elin sa...

Flotte bilete frå vatnet. Ha ei god helg!

Hildegard sa...

Vakre bilder. God helg!

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...