torsdag, august 31, 2017

Dagbok 2017: 31.august

I dag er det 118 år sidan pappa vart fødd. Han var fødd i Horten, men døypt i Oslo, der mor hans kom frå. Seinare flytta dei til Skarnes der far hans, Olaus Strøm var stasjonsmeister. Pappa var ikkje meir enn 11 år gammal då far hans døde. Bestemor  gifta seg seinare med Eivind Os frå Eid, og dei flytta dit. Då var pappa ca. 17 år.
Ved dåpen fekk pappa namnet Storm , eit namn som eg tykte var veldig flaut, men som eg trur var moderne på den tida. Namnet har fått ein renessanse no. Eg tenkjer alltid litt ekstra på pappa på fødselsdagen hans. Siste dagen i august var liksom slutten på sommaren i min barndom, for skulen tok alltid til 1.september, så sant det ikkje var på ein sundag. Og Besta, mormora mi, hadde fødselsdag samme dagen, ho var akkurat 20 år eldre.Eg synest det er rart at fart min var fødd på 1800-talet. Så vidt.
........................................................................................
Klokka er no 20.10, og HBO-en har vore her for andre og siste gong i dag.
Dagen har vore litt spesiell, men no er vi i rute igjen. Eg står alltid opp ei stund før Nils, det gjorde eg i dag også, men så kom det ein sjukepleiar heilt uventa og skulle ta blodprøve, i går sa dei at det skulle utsettast til fredag. Men eg fekk no Nils fram frå senga så alt gjekk greitt. Vi fekk resultatet før vi reiste til Volda med drosje klokka 11.00. Dei måler blodprosenten og infeksjonsverdiane. Blodprosenten hadde gått opp sidan sist, og infeksjonsverdien er framleis på 0, takka vere medisinane han får.
Det vart ein del venting på sjukehuset før han fekk sprøyta, og så vart det enda lenger å vente på drosjen som skulle ta oss heim. Nils har problem med å sitte når han ikkje har godstolen sin, så han var heilt gåen då vi kom heim. Han gjekk rett inn i senga og la seg der, mens eg nytta høvet til å støvsuge alle teppegolva.
Då han stod opp att var han "frisk og rask" og fekk både mat og kaffi før det vart "Kakekrig". 
No skal vi snart ha kveldsmat, vi plar vente til heimesjukepleiaren har vore her.
I dag har Margrete fått den nye bilen sin. Ho hadde ein blå Kia, no har ho kjøpt ein raud av samme merke.

onsdag, august 30, 2017

Dagbok 2017: 30.august

I går vart eg ferdig å rydde på hogstfeltet mitt. No spørs det kven som skal få opp rota.

Dei to opalplommetrea vi har att ser ikkje ut. Det har regna plommer i heile sommar, og dei som heng att og vert modne smakar ingen ting. Mange greiner er brotne, så trea må nok beskjerast kraftig når så langt kjem. Eg kjem ikkje til å bli arbeidslaus med det første.

Klokka er 19.50, temperaturen er + 13 grader og i dag har vêret vore så ymse. Kraftige regnbyger, men sol og fint innimellom, særleg før middag. Eg var ute ei stund og saga opp greiner frå grana, med hand, og fylte ein sekk med ved. Det kan komme vel med. Men det står ein god del att av grana, som har nokre voldsomme røter. Eg tek meg slike arbeidsøkter for å komme meg ut i frisk luft, og så får Nils kvile imens.
I dag vakna han i bra form og han har hatt ein relativt god dag. Det som eigentleg plagar han mest er magen, men neste veke har han time hos fastlegen, så då får vi ta det opp med han. I morgon er det som sagt sjukehuset klokka 11.30.
Elles har det hendt veldig lite i dag, men dagen går som ein røyk likevel. Nils ser mykje TV, og så blir det til at eg sit og strikkar og held han med selskap. Skulle nok ha klipt plenane, men det er altfor vått til det no. Gjer litt anna hagearbeid innimellom, men det går mest ut på å forenkle -og halde nokolunde orden.
I dag har eg leita fram nøklane til båtvogna og sjekka opp at vi har skurekostar og vaskemidlar, for laurdag skal båten på land for eit årleg vask. I fjor vart han liggande ute heile hausten og vinteren. Det er Solveig som er "skipsreder" no - så Nils kan slappe av.No har HBO-en vore her, så då kan vi ete kvelds og slappe av. Sovna etter middag begge to, så vi treng ikkje legge oss så tidleg.

tirsdag, august 29, 2017

Dagbok 2017: 29.august

Klokka er 19.30, temperaturen er + 14 grader C. I dag har det vor regnbyger, og ganske bra vêr mellom bygene.
I dag var Nils i dårleg form før middag, han var slapp, låk i magen osb. I løpet av dagen har han kvikna til og no er han ganske bra. Dagane er ofte slik, men kveldane har vi det bra. Eg seier VI for når Nils ikkje har det bra, verkar det på meg også.
Eg fekk ikkje gjort så mykje på føremiddagen, berre det mest naudsynte, og så strauk eg litt klede. Til middag blei det berre blomkålsuppe, det var det einaste Nils hadde lyst på.
Etter middag fekk han kvile, mens eg gjekk ut og sette i gang kompostkverna. Klokka 16 gjekk eg inn att, for då kom HBO, og etter at ho hadde gått blei det kaffi og is på Nils, kjeks på meg. Nils er glad i is, så det får han nesten kvar dag, eg kjøper ymse sortar som er utan sukker. Eg tok meg ei økt til med komposten, og fekk male opp resten av granbaret før "Kakekrigen", og då krigen var slutt gjekk eg ut og rydda opp.
Torsdag førmiddag skal vi til Volda sjukehus. Då skal Nils få halvårs-sprøyta si på sjukehuset. Det er ei dame der som greier å sette sprøyta slik ho skal. Dei fleste legar får det ikkje til.
Då blir det truleg å ta taxi.
No ventar vi på HBO-en som skal vere her klokka 20.00. Etterpå blir det kveldsmat, for no er vi svoltne begge to.
Vi trudde Margrete skulle kome med ny bil i dag, men hentedagen er utsett til torsdag. Laurdag er det planen at Håkon og Øystein skal ta båten på land.
Eg trur neppe det blir plenklipping denne veka, til tross for at graset veks fort- det er for vått.

mandag, august 28, 2017

Dagbok 2017: 28.august.

Klokka er 21.15, temperaturen er + 16 grader C og det regnar.
I går hadde Nils ein kjempefin dag, i dag var vi tilbake i det vanlege. Dvs. sløv på føremiddagen, men betre utover dagen.
Eg veit ikkje kvar dagane og timane blir av, dagane blir alltid for korte for meg, eg får aldri gjort det eg har tenkt.
I dag sette eg i gang kompostkverna mens det enno var opplett, og heldt på til eg var klissvåt av regnet. Då gjekk eg inn og laga middag. Ettermiddag sovna eg litt med lydboka mi, men Nils sov både vel og lenge. Han treng mykje søvn.
Så sette eg i gang å bake brød; no ligg det seks store, varme brød på kjøkkenbenken. Parallelt med brødsteikinga, vaska eg rundt på kjøkkenet, benkar, fliser etc.
Ja, det er no ikkje slik at eg jobbar heile tida, innimellom ser eg TV i lag med Nils. Det skulle no berre mangle.
Har ikkje vore utanfor tomta i dag, og har knapt snakka med nokon anna enn i telefonen, så eg har ikkje så mykje å berette. Er spent på om Margrete hentar den nye bilen sin i morgon og om ho kjem hit på vising.

Bok nr. 23 - 2017: Perlen som sprengte skjellet

Perlen som sprengte skjellet av Nadia Hashimi (Lydbok-CD)
Perlen som sprengte skjellet er en sterk og realistisk bok som skildrer kvinneliv i Afghanistan på begynnelsen av 1900-tallet og i vår egen tid.
Kabul 2007: Taliban regjerer i gatene. Med en far som er rusavhengig og ingen brødre, er det sjelden Rahima og søstrene hennes får lov til å forlate huset for å gå på skolen. Deres eneste håp ligger i den eldgamle afghanske tradisjonen med bacha posh, som tillater Rahima å kle seg og bli behandlet som en gutt, helt til hun kommer i gifteferdig alder. Som gutt har hun en frihet hun bare kunne ha drømt om før, og som vil forandre henne for alltid.
Men Rahima er ikke den første i familien som er gjenstand for denne skikken. Et århundre tidligere reddet hennes tippoldemor Shekiba seg selv og skapte seg et nytt liv på samme måte, en forandring som førte henne ut på en reise fra den avsidesliggende landsbyen og til rikdommen og overfloden i kongens slott i Kabul.
«Nadia Hashimi har først og fremst skrevet en følsom og vakker familiehistorie. Denne engasjerende historien skildrer flere generasjoner og er et portrett av Afghanistan med all sin forvirrende og gåtefulle storhet. Samtidig gir den et bilde av den kampen afghanske kvinner fortsatt må kjempe.» Khaled Hosseini, forfatter av Drageløperen
«Et fascinerende innblikk i livet til afghanske kvinner som tilhører ulike generasjoner og er skilt av store avstander, men som likevel har mye felles. Dette er en historie som får deg til å tenke.» Shilpi Gowda, forfatter av Indias datter
«Hashimi vever sammen to oppslukende fortellinger i sin episke og fascinerende debut.» Booklist (starred review)
..............................................................................................
Kanskje ikkje eit litterært meisterverk, menn funka godt som lydbok for meg som berre les i korte stunder.
Eg synest at det var interessant å få eit innblikk i kvinnelivet i Afghanistan i notid og fortid. Derfor likte eg boka. Men den slutta så brått at eg lurte på om eg hadde rippa heile plata.

søndag, august 27, 2017

Dagbok 2017: 27.august

Klokka er 19.40. Temperaturen ute er +16 grader C, det er overskya, men opphaldsvêr. I dag tidleg var det sol og fint, etter kvart kom skyene.
Men det har vore ein fin dag, fordi Nils vakna opp i god form. Det er dei beste dagane. Han har vore bra resten av dagen også, så vi har slappa av og kosa oss. Eg måtte rett nok ut på føremiddagen og prøve den nye greinsaksa mi, men sidan eg ikkje kunne sette i gang maskineriet, måtte eg begrense klippinga. Hadde tenkt at eg skulle plukka dei overmodne stikkelsbæra, men så langt kom eg aldri.
Det går av og til litt på halv åtte med måltida våre, men i dag laga eg skikkelig middag til rett tid. Det vart ovnsbakt ørret med nypoteter, rømme og agurk. Til dessert hadde vi kaffi med moltekrem til. Hadde ein pakke fløte ståande og så ofra eg resten av moltesylta vi fekk av Solveig. Vi vart så mette at vi datt heilt ut og sovna i stolane. Vi har ikkje samme matvanane som før, så dette vart i meste laget.
Då dei leid på og Nils skulle sjå fotball på TV, fann eg ut at eg måtte bruke nokre kaloriar, så eg gjekk på blåbærtur.Eg gjekk opp til ein plass der eg er godt kjent, og fann litt bær i posen min. Eg visste at om eg gjekk vidare oppover kom eg opp på skogsvegen. Men kvar var stigane og trakka? Borte vekk ! Trea som var der før hadde orkanen tatt og kratt vaks opp overalt.
Etter mykje klabb og babb kom eg meg opp på vegen, og gleda var stor då eg såg "Raudehytta". Det er synd at det ikkje lenger er beitedyr i skogen; graset veks seg langt og dekker over holer i terrenget, så det var litt av ein risikosport eg gav meg ut på i dag. Men eg var veldig forsiktig, for det er nok med ein pasient i huset; eg vil helst unngå å bryte bein. Nils fekk seg ein liten porsjon blåbær i dag også. I dag har vi ikkje hatt anna besøk enn HBO og Nils har ikkje fått ei einaste sprøyte.(Hadde ikkje med meg fotoapparat i dag, men mobilen er alltid med. De kan sjå at også sjølve vegen er åt og gror igjen, trur ikkje skogsvegane er så mykje brukte lenger. Folk skal opp på toppane!)

lørdag, august 26, 2017

Dagbok 2017: 26.august

Klokka er 22.15. Temperaturen er + 9 grader. Det har vore ein nydeleg dag med sol og varme, men hausten er i kjømda. I kveld er det mørkt ute, og eg såg ein liten månesigd på himmelen. Den kjem til å vekse seg større. Det er vemodig at vi går mot mørkare tider, det er det kvart år, men det plar gå bra.
I dag var Nils i elendig form då vi stod opp. Men etter at han hadde fått tablettane sine, litt frokost og ei lita kvilestund, kvikna han til såpass at han fekk dusj, reine klede og nytt plaster. Det er eit heilt arbeid for han å komme gjennom den prosessen.

Han fekk slappe av ei stund før Einar kom i 13-tida. Han hadde vore i Volda og sprunge rundt Rotevatnet. No har det ikkje vore så mange besøk siste dagane, men i dag venta vi Solveig også. Ho kom tidlegare enn vanleg fordi ho skulle vere med meg å handle litt sånn diverse. Eg fekk hamstra både mat og medisin og dessutan kjøpte eg meg ei lita greinsaks. Så spørs det berre om det blir vêr for meir utearbeid.

Mens vi sat og drakk kaffi, ringde Erlend frå Rjåneset der han og Margrete var på "fisketur"- så kom dei innom ein tur også. Då var det flaks at Solveig hadde hatt med seg kake, for baking er ikkje mitt første val når det gjeld arbeid.
Det har stort sett vore berre reprisar og sport på TV i lang tid, men no kjem det eine programmet føre og det andre etter-program som vi likar å sjå. Men vi rekk ikkje over alt. Eg fekk i alle fall sett "Stjernekamp".

fredag, august 25, 2017

Dagbok 2017: 25.august



Klokka er 19.15, temperaturen + 16 grader C og det har vore ein nydeleg dag med tanke på vêret.
No har eg tatt av meg arbeidskleda, dusja og vaska håret, så då trur eg det er laurdag. Heldigvis ikkje, for i morgon må eg hamstre litt mat og medisin igjen, har ikkje vore på butikk på ei veke.
Elles er det ikkje så store endringar i heimen, Nils har det relativt bra, men eg synest det er synd han ikkje får vere ute i finevêret. Sjølv har eg ikkje fått utretta så mykje som vanleg, for ymse ting har gått litt på tverke. Som til dømes då eg skulle ta meg eit glas Cola. Dei har funne ut at vi skal få meir for pengane, derfor har dei forstørra flaskene litt. Såpass mykje at då eg skulle ta flaska ut or kjøleskåpet, kom handa mi så høgt at den tok eggeskuffa med seg. Og til all lukke hadde eg fylt den opp med 8 egg. Eg stod og lurte på om det var lov å banne i den situasjonen som oppstod, men eg begrensa meg til nokre akseptable kraftuttrykk. Og eg henta fotoapparatet før eg begynte å samle opp sølet, som no står i ein isboks på altanen til glede for diverse fuglar


I ledige stunder jobbar eg med denne skulpturen i hagen, eg sagar litt av den kvar dag, og grev jord bort frå røtene. Men eg kan ikkje sage vekk for mykje, i tilfelle vi skal sette tau på den og dra den opp meg rot når så lagt kjem. Viss vi kjem så langt? 
Mitt siste forslag var at skulpturen kan stå som den er og så kan eg plante klematis rundt den - eller ev.eføy.
I dag tok eg fram kompostkverna igjen og ville male opp noko av granbaret og kvistane, men det vart så mykje trøbbel at eg gav meg til slutt, for granbaret klaka seg inne i maskina så alt stoppa opp. Trur eg brukte meir tid på å opne opp og reinske og skrue i hop att enn eg brukte på å male opp. Dette heldt eg på med mens Nils kvilte middag, etterpå fekk eg eit godt råd med han, men då hadde eg alt pakka i hop.




Så fint har vi det i Starevegen i kveld, og no skal vi ha oss litt kveldsmat.
Ønsker alle ei fin helg !

torsdag, august 24, 2017

Dagbok 2017: 24.august

Klokka er20.20, temperaturen er + 12 grader og det har vore enda ein fin dag, med sol og lette skyer. 
Eg har ikkje vore like aktiv i dag som i går, men fekk i alle fall klipt plenen og rydda litt på hogstfeltet mitt. Fekk sveitte litt i dag også.
I dag ville Nils ha gryterett med ris, og det fekk han. Etter at HBO hadde vore her klokka 16.00 drakk vi kaffi og åt is før vi såg "Kakekrigen" i lag.
Eg har i fleire dagar fabulert om at eg skulle plukke blåbær til han, sidan det skal vere bra for magen. I dag tok eg meg ein liten tur opp på ein plass der det plar vere både blåbær og bringebær, men der var det ingen ting. Måtte ta eit bilde av stigen eg gjekk så ofte før, då eg trimma litt meir enn no.
Eg prøvde ein annan stig som går bort mot Vikeelva, der plukka Einar og eg mykje bær for lenge sidan.Då kom det ei dame bak meg, ein tidlegare elev, og ho visste kvar det var bær å finne. Ho følgde meg heilt fram til bærplassen, og jammen var der bær, om enn ikkje dei store mengdene.
I fellesskap fekk vi såpass opp i posen min at det heldt. Ho skulle vidare på tur, men eg snudde heim, hadde vore vekke lenge nok, og hadde litt dårleg samvit. Han som fekk bæra vart glad i alle fall.Han kan ikkje ete ubegrensa av andre bær eller plommer.
Han har vore litt betre i hofta i dag, så vi håper at strålinga har hjelpt. Han sit for det meste i stolen, men har godt selskap i TV-en. Han kviler litt på føremiddagen og litt etter at vi har ete. Om kvelden er han i bra form. Slik har det vore heile tida for det meste.





onsdag, august 23, 2017

Dagbok 2017: 23. august.

Klokka er 21.10, temperaturen er + 13 grader C og det har vore ein fin dag med sol og litt vind, fint arbeidsvêr med andre ord. I dag hadde eg ikkje så store planar, men skulle no slå skråninga. Då fann eg ut at eg først kunne ta og demontere den store, tretti år gamle granbuska som eg var mektig lei av. For å seie det kort så visste eg ikkje kva eg gav meg ut på. Det var forferdelig mykje meir arbeid enn eg hadde tenkt. Tok ut kompostkverna og tenkte eg skulle male opp greinene etter kvar. Ja, det kan de tru. Eg trudde treet hadde EIN stamme og greiner som gjekk rett ut osb. Det stemte ikkje. Jobben tok det meste av dagen, men no er eg komen så langt EG kan komme. Eg let bilda tale for seg. Men eg skal innrømme at eg likar slikt arbeid uansett.




I dag før middag  hadde vi besøk av Solfrid kreftkoordinator, det er alltid kjekt når ho kjem innom. Ho er ein kapasitet på sitt område. Helsa til Nils er nokså stabil,  i tillegg til det vanlege har han hatt plager med magen, det kan vere på grunn av strålinga. Appetitten er bra og han er ikkje fullt så låk i foten som før. Vi håper at strålinga har den forventa effekten. Sjølv om eg er mykje ute, så får han både mat og stell, og sidan han er kvikkast om  kveldane sit vi ganske lenge oppe og ser TV, blant anna. No kjem det ingen HBO om morgonen, så vi kan sove til vi vaknar. Morgonfuglar er vi ikkje.
No skal vi sjå valsending på NRK 1. Eg fekk forresten kort frå Erna i dag.
Og i dag går hundedagane ut.

tirsdag, august 22, 2017

Dagbok 2017: 22.august.


Klokka er 19.10, temperaturen + 17 grader C; det har vore ein fin dag med sol og litt vind.
Nils har vore om lag som vanleg, ikkje i storform, men relativt bra. Han er alltid kvikkast om kvelden, derfor sit vi litt lenge oppe. Eg har vore mykje ute i dag, og vi har ein plan for at også Nils skal få komme seg ut.
I dag la han seg inn på senga etter frokost, ikkje fordi han var dårleg, men fordi eg skulle få støvsuge skikkeleg på stova og dei andre teppegolva. Vi er vel gammaldagse som ikkje har skifta til andre golv, men både Nils og eg likar så godt å ha teppe under føtene, då går vi stødig, og for tinnitusen min er det godt at det ikkje vert for mykje rom-klang. 
Så gjekk eg ut og plukka litt meir rips og klipte nokre greiner av ripsbuska. Eg sette i gang kompostkverna og det gjekk heilt fint til der berre var litt att. Då klaka det seg i maskineriet, så eg måtte skrue opp og reinske. Ikkje noko problem foø eg skulle sette maskina i hop att. Der er 4 mutterar som må løysast og strammast igjen. Den eine var så blegg fast at eg måtte gi opp, fekk ikkje rikka den. Etter at vi hadde ete middag var eg ut att og prøvde, men det var håplaust. Dermed ligg greinene på vent, og det kan dei berre gjere, for det er betre å male når det er litt tørt.
Elles har eg no gått litt ut og inn og halde Nils med selskap, men innimellom fekk eg klipt plen opp mot vegen og rundt huset. Skråninga får vente. Det er voldsom kor graset veks for tida.
Vi har no sett kakekrigen , men ein ting har eg ikkje fått gjort i dag heller, eg har ikkje vore i skogen og leita etter blåbær. Det har eg lova Nils.
Rosetreet på bildet er det som Wenche og eg planta då dei var her. Rosa heiter Bella Rosa, og skal vere veldig hardfør. Rosene er små og søte.



mandag, august 21, 2017

Dagbok 2017: 21.august


Klokka er 20.10, temperaturen +15 grader C, i dag har det vore delvis skya og opplett, vi er ikkje så godt vande, så vi set pris på ein slik dag. Nils var relativt bra heilt frå morgonen av, så då får vi ein bra start på dagen.
No har eg ikkje gjort all verda i dag heller, men fekk  hengt ut klede til tørk og styrt litt i hagen i tillegg til det vanlege husarbeidet. Einar skreiv ei melding om at han ville komme innover. For at Nils skulle vere i god form åt vi middag og kvilte litt før Einar kom i 15-tida.Det er kjekt med friske pust utanfrå og Einar har alltid noko å fortelle. Særleg no når han jobbar i Sunnmørsposten og treffer mykje folk.
Etter at han var reist gjekk eg ut og plukka rips. Eg trudde ikkje der var stort att på treet etter sporve-invasjonen i går, men der var meir enn eg sette pris på. Eg plukka ei stor skål full og fraus bæra. Så måtte eg inn og sjå kakekrigen i lag med Nils, før eg gjekk ut att og plukka to skåler til. Alt har eg frose i eit nett, som Solveig skal få til saft. I fjor grov eg opp og kasta to ripsbusker, så no har vi berre ei att- og det er nok! Vi har alltid klipt ned buskene etter kvart som vi plukkar, i år har eg ikkje klipt så mykje, men noko vart det, så eg må nok fram att med kompostkverna fleire gonger, det kjem ein dag då plommetrea skal stussast også. På bildet ser buska heilt vanskapt ut, men det skal eg fikse.
Strauk litt klede etter at eg kom inn, men no skal eg ta fram strikketøyet og halde Nils med selskap framfor TV-en. Det er visst snart tid for kveldsmat også-kjenner eg.

søndag, august 20, 2017

Dagbok 2017: 20.august



Bilda er tatt klokka 16.00

Klokka er no 17.45, temperaturen er+ 13 grader C; det er skodde og grått framleis og det regnar. Det beste eg kan seie om vêret i dag er at det er fint vêr å vere inne i.
Ikkje alle dagar er like, og då tenkjer eg mest på pasienten min. I dag var han ikkje i form då han stod opp. Han skulle eigentleg dusje og pynte seg i dag, men så langt er vi enno ikkje komne. Han har no kome seg etter kvart, men er litt trøtt og slapp. Han plar kvikne veldig til utover kvelden.
Eg sytte i går for at eg ikkje hadde kome gjennom vekeprogrammet mitt siste veka, men i dag har eg fått gjort unna litt husarbeid, så no er eg nesten a jour. Eg har fått bytta på sengene og vaska soverommet blant anna.
Til middag i dag laga eg kvit bacalao, det skaper ein masse med rot og oppvask, så eg tok like godt og vaska opp for hand og vaska rundt på kjøkkenet etterpå. Det er heilt greitt med husarbeid når eg ikkje kan vere ute. 
No har Nils bestemt seg for dusjing etc. så då er det berre å trå til. Eg jobbar som HBO eg også, innimellom. Det går stort sett bra.

lørdag, august 19, 2017

Dagbok 2017: 19.august


Klokka er 20.50, temperaturen + 13 grader C. Før middag var det stort sett opplett og bra vêr, men utpå ettermiddagen kom det voldsomme regnbyger.
I dag har eg ikkje fått gjort særleg mykje utom det mest naudsynte, og vekeprogrammet er heller ikkje fullført. Eg begynte å lure på kva eg har brukt dagane til, og fann ut at plommetreet vart litt ekstraarbeid og mandag var eg på møte. Ja, ja, jobbane spring ikkje frå meg, og eg må prioritere utearbeidet dei dagane det er fint vêr.
No er det ingen som tvingar meg til noko, men eg har mine eigne MÅL.
I dag tidleg var Nils veldig bra i foten, men i kveld vart det vondt å sitte igjen. Ikkje i godstolen, der har han det bra, men kjøkkenstolane sit han minst mulig på. Elles er han i bra form.
Marit og eg planla å fare bort på Plantasjen og Coop utpå ettermiddagen. Margrete kom ein tur bortom sidan ho var i Volda på "stand"-eg håper at ho ikkje følte seg "jaga"- Marit og eg hadde ikkje hastverk, og butikkane er opne lenge-særleg matbutikkane. Då vi kom att frå handleturen blei vi sittande ei god stund i bilen, før det vart trygt å gå ut. Regnet berre bøtta ned.
No har vi sett litt TV og vi har ete kvelds. Så blir det vel meir TV igjen.
Eirik er vel framme i Trondheim, der han skal vere hos ein kamerat til skulen tek til.
Einar har vore med på eit maratonløp på Hareid i dag og gjort det godt. Halvmaraton var det vel eigentleg.

fredag, august 18, 2017

Dagbok 2017: 18.august

Klokka er 20.45, temperaturen er + 16 grader C og sola skin på andre sida av bygda. Det har vore ein fin , varm dag med lette skyer og utan regn.
Eg tok meg nettopp ein liten runde i hagen og tok bilde av noko av det som blømer. Blomkarsen sår seg sjølv nedanfor garasjen kvart år, i år vart det veldig mykje blad før blomstrane kom. Nedanfor tilbygget har vi planta tre sortar klematis, men berre den lavendelblå blomstrar enno. Den mørkeblå som veks på austsida av huset blomstrar også. Og så har vi nokre roser som også er i blomst. Andre sortar er ferdige for i år. Eg får ikkje så mykje tid til å dyrke blomster no når eg er åleine om hagestellet, så i dag spadde eg opp enda fleire av staudene nede på muren, for at det skal bli lettare å slå.


I dag var eg ikkje så full av energi som eg brukar å vere, så derfor fekk eg heller ikkje gjort så mykje. Jobba litt i hagen før eg laga middag, og etter at vi hadde ete og "pausa" vaska eg eit par golv før Solveig kom ein tur i 18-tida. Elles har vi hatt besøk av ein SV-ar som skulle hente eit "telt" som har vore her til oppbevaring og dei vanlege HBO-ane. Med Nils er det ikkje store endringar verken til det betre eller verre, han er slapp, men ikkje direkte sjuk, og når han sit i ro, har han ikkje vondt.
Ønsker alle ei god helg, og lykke til for alle som skal starte opp eit nytt skuleår anten som lærarar eller elevar.
Vi har besøk nesten kvar dag, så vi føler oss ikkje åleine.

torsdag, august 17, 2017

Dagbok 2017: 17.august


Klokka er snart 21.00. I kveld har det regna litt, men tidlegare i dag var det varmt og fint, godt over 20 grader, no er temperaturen + 15 grader.
I dag hadde vi avtale om at ein sjukepleiar skulle komme og ta blodprøver av Nils klokka 10.00. Eg vakna i god tid, for å seie det slik.Vi fekk resultatet av prøvene kort tid etterpå, og dei var heilt OK. Om Nils ikkje direkte er i storform, så er han no ganske bra. 
I dag var det såpass tørt i graset at det gjekk an å klippe plenane, og eg for over heile tomta før middag. Eg slo med oppsamlar denne gongen, og om det er noko som trivst godt for tida, så er det graset, synd vi ikkje har dyr å gi det til.
Til middag åt vi berre resten av suppa frå i går. Eg laga ei vaffelrøre, sidan vi venta Eirik på besøk. Men det var Håkon som kom først, så vart det kaffi og vaflar.
Nils fekk seg ein middagslur før vi såg "Kakekrigen", og Eirik kom akkurat då vinnaren skulle kårast. Han har vore her nesten til no, men han skulle rekke farmora også i kveld.
I morgon reiser han til Melhus - og folkehøgskulen der. Det er første gongen han reiser heimanfrå for lengre tid, og han er 20 år. Då tenkjer eg tilbake til den gongen er forlet barndomsheimen for å reise til Solund og vere lærar på Trovåg skule. Då var eg 18 år og akkurat ferdig på gymnas. Men er var ikkje redd for å ta på meg den oppgåva, ung og overmodig som ein eingong var.
Eg ser at det tek til å bli mørkare om kveldane, og eg likar det ikkje. Tida går så altfor fort-særleg sommaren. 

onsdag, august 16, 2017

Dagbok 2017: 16.august.


Klokka er 20.30, temperaturen er + 14 grader, og i dag har vêret skifta mellom sol og kraftige regnbyger. Eg hadde tenkt meg ut og klippe plenar, det måtte eg slå frå meg men tok ein jobb med kantklipparen no på tidleg kveld.
Nils har ikkje vore i så god form siste dagane, særleg på føremiddagane er han slapp og litt uvel. Når det nærmar seg kveld er han betre. I morgon kjem dei og tek blodprøver, så då får vi vite litt meir. Dei tek rutinemessig blodprøver kvar 14.dag.

I dag har dei vore her frå hjelpemiddelsentralen og lagt ut overgangar til dørstokkar, og så har han fått seg "sengehest" så han lettare skal komme seg ut or senga. I morgon er det 14 dagar sidan han stråla på Åse, og då kan vi kanskje begynne å vente på betring.Det var i alle fall det dei sa.
Marit skulle handle i dag, og vi har avtale om at når ho skal handle får eg vere med. I dag fekk eg handla inn mat og så var eg på apoteket og bestilte og henta ut medisin. Det er godt å ha gode hjelparar.
Nils har ikkje topp appetitt for tida, men i dag ville han ha blomkålsuppe, og eg hadde kjøpt blomkål til 10kr/stk. Til kaffien får han is nesten kvar dag; eg kjøper inn is utan sukker. I dag sov vi middag i stolane våre; eg skulle liksom høyre lydbok, men lyt nok lese om att det kapittelet.
Etter at "Kakekrigen" var over var eg ute og klipte kantar, og no kjem sukkerertene for fullt. Det har alltid vore Nils som har sådd erter, så eg var spent på om dei vart like bra i år når eg sådde, og det vart dei. Der er rikeleg tillaga. Eg sådde nokre erter som eg hadde frose og nokre som vi hadde tørka. Trur dei vaks like godt alle. Alt er seint i år, men no endeleg begynner klematisen å blomstre for fullt
I morgon vil Eirik komme på besøk og seie "hadet" før han reiser til Melhus.





tirsdag, august 15, 2017

Dagbok 2017: 15.august

Klokka er 19.35, temperaturen +19 grader og det har vore opplett nesten heile dagen, berre ei lita regnbyge.
Nils var nokså sjaber i går, men betre i dag. Heilt i form er han ikkje, så han takka nei til besøk i dag. Etter ein middagslur vart han litt kvikkare. I tillegg til dei vanlege plagene, har han også problem med magen, noko som kan kome av strålinga.
I dag hadde vi besøk av ergoterapeut, ho skulle komme klokka 11.30, men kom nærmare 12.00. Eg rydda sjølvsagt litt i huset, strikka litt etc. mens vi venta. Ho kom med mange gode råd om hjelpemiddel vi kan låne, eller kjøpe sjølve.
Då ho var reist kom eg meg endeleg ut i garasjen, der eg fylte veden i sekker og kjørte den ned under altanen i trillebår, og så kosta eg garasjegolvet og rydda litt før eg gjekk inn og laga middag. I dag vart det fiskebollar i kvit saus; "sykekost" som mor til Nils kalla det. Så vart det ein liten pause før HBO-en kom.
Og så vart det kaffi og is etc. før kakekrigen.
Men i dag fekk eg ikkje sett den ferdig, for leigebuaren vår var komen og heldt på å skru saman møblar så eg måtte supplere henne med verktøy. Mor hennar var med henne og ho hadde drill med seg. Viss nokon synest at eg er "tøff" så skulle dei sett henne ! HO var RÅ.
Der var feil med eit par stikkontakter, så no prøver vi å få tak i Helge Andersen, han er no kjend der nede.
Eg hadde tenkt å klippe plen i kveld, men ser ut til at eg må slå det i frå meg

mandag, august 14, 2017

Dagbok 2017: 14.august

Dette blir siste bildet av det fallerte plommetreet. Fekk ein del ved av det.

Og i morgon må eg rydde opp i garasjen.

Klokka er 21.10, temperaturen er + 12 grader C. I dag har det stort sett vore opphaldsvêr med litt sol innimellom. Regndropane har vore få.

Ikkje alle dagar er like gode, og då tenkjer eg på korleis Nils har det. I dag vakna han i dårleg form, men har no kome seg etter kvart. I går var det ein kjempefin dag- så slik varierer det. For sikkerheits skuld målte eg temperaturen både på han og meg sjølv, og min var høgst. Derfor trur eg ikkje han har feber. At han har vore dårleg i magen, kan komme av strålinga. Dei kjem truleg og tek blodprøver i morgon, så då ser dei om der er infeksjonsverdiar. 
Eg skulle møte på Kulturhuset klokka 12.00 til styremøte i pensjonistlaget. Vi skal ha sesongens første møte den 14.september. Eg gjekk heile vegen både ned og opp att. Eg vil ikkje seie at eg ikkje har mosjonert på lenge, men det er ei stund sidan eg GJEKK etter vegane.
Laga ein lettvint middag då eg kom heim og så kvilte vi litt. Etter kvart vart Nils såpass at han ville dusje og barbere seg - og få nytt smerteplaster. Så såg vi "Kakekrigen" i lag før eg sette i gang med vedkløyving i garasjen. Eg trilla kubbane opp i trillebår og jobba inne i garasjen. Først sette eg leidninga i på kjøkkenet, men "sprengde" sikringane to gonger. Då sa Nils at leidninga var så lang at eg kunne bruke kontakten i vaskekjellaren. Vi måtte få ein av naboane til å fikse sikringen, for kjøleskapet/med frysedel på kjøkkenet var på den leidninga.
Ikkje all veden var like beinkløyvd, men den største kubben, den som Øystein  trudde måtte bli hoggestabbe ,hadde eg ingen problem med.Eg tenkte på det mens eg jobba at eg trur neppe vi har kjøpt ved sidan vi kom på Vallabøen. Vi har skoga gratis både her og der, somme gonger har Nils vore åleine, andre gonger har eg vore med. Det er kjekt å jobbe med ved.

søndag, august 13, 2017

Dagbok 2017: 13.august

Klokka er20.20, temperaturen er + 12 grader C og sola skin. Det gjorde ho ikkje tidlegare i dag, det har regna det meste av dagen, og somme tider har det bøtta ned. Men når kvelden kjem, skin sola. Dette er blitt ein vane. Det vart så fint at eg måtte ut og ta nokre bilde. Men eg kjende at det var kaldare enn det har vore siste tida.
I dag sov vi godt og lenge; det var første helga utan vekkerklokke sidan april månad. Nils var i brukbar form, og han synest å merke litt betring i den vonde foten. Elles er stoda som før, og så lenge han er såpass frisk er vi fornøgde.
Sidan eg ikkje skulle jobbe ute i dag, tok eg og baka brød før middag, sette to deigar og laga til saman 6 brød. Det skulle halde ei stund. Det vart litt logistikk på kjøkkenet, for eg laga svinekotelettar som eg skulle steike ferdig i steikomnen. Ut med brød-inn med kjøt og v.v. Eg rota og styrte såpass at eg måtte vaske opp med hand i tillegg til ei full maskin. Etter at vi hadde ete blei det pause til HBO-en hadde vore her. Då vart det kaffi og is.
Nils skulle sjå fotball på TV, så eg sette meg inn til datamaskina og høyrde lydbok, mens eg festa trådar på tre par lester og la opp nytt "spøt". Solveig kjøper garn til meg, og får det att i form av lester. Eg held meg til enkelt handarbeid, for eg kan sjeldan sitte i ro lenge om gongen, og viss ei strikkar meir avanserte ting, må ein ha lengre stunder.
Var ute og kika litt i hagen, og ser at det er to ting som trivst godt i år, det er gras og ugras. Det er ikkje mange dagar sidan eg reinska i garasjebedet, men no var der fullt av vassarv, Rosene likar ikkje regn, men dei blomstrar i alle fall.


Og då er plommetreet borte og hola er fylt med mold og sådd til med grasfrø. Eg har lagt ein planke over så ikkje kattane skal grave der med det første.



Eg rydda pent opp i går kveld etter at Solveig og Øystein hadde fare heim, så det som no står att er å kløyve opp kubbane til ved. Vi har heldigvis ein god vedkløyvar som eg er vand til å bruke, men det blir nok ikkje i morgon for då skal eg på styremøte i pensjonistlaget. Møtet tek til klokka 12.00 og varer vel ein time eller noko slikt. Viss nokon vil besøke Nils mens eg er vekke, er det berre å ringe på og gå rett inn. 

lørdag, august 12, 2017

Dagbok 2017: 12.august

Klokka er 20.00, temperaturen er + 15 grader, dagen begynte med regn og slutta med sol, det er slik vi har det her.
I dag har det meste dreia seg om hagearbeid, dvs. framhald av soga med plommetreet. Eg hadde grovt demontert treet i går, og då eg såg det att, lurte eg på om det kunne passere som ein slags hagefigur av det meir abstrakte slaget. Eg let treet stå, men mol opp greinene på kompostkverna og fylte diverse bos-sekker. Eg arbeidde flittig og gløymde både tid og stad, før det gjekk opp for meg at det kanskje nærma seg middag. Klokka var 14.00, og det er middagstida vår, og i tillegg venta vi Solveig og Øystein innover i 15-tida. I full fart steikte eg ein fiskepudding, som vart liksom -.middag , laga ei vaffelrøre og laga til kaffi. Då gjestane kom var vi klar til å drikke kaffi.
Øystein hadde nok ein baktanke med besøket, for det varde ikkje lenge før han stakk ut i garasjen og fann den elektriske motorsaga- og så gjekk han laus på treet. Eg var der og "hjelpte til". Det var hard ved og hard jobb for Øystein, men treet vart kutta opp i småbitar, som eg ein eller annan dag skal kløyve.
I dag hadde eg nok med å rydde opp, og få plassert avfallet i kompostbinge og sekker. Det er ca. 1/2 time sidan eg slutta av.
No skal Nils og ete ete kvelds og så skal vi ha ein roleg og fredeleg kveld. Nils har det relativt bra, sjølv om hofta plagar han. Men det må vere litt rart å sitte på sidelinja når eg tenkjer på alle trea vi to har felt i lag. Men bo ser eg at eg har lært mykje gjennom det samarbeidet-men det er noko heilt anna å jobbe to i lag. I morgon skal vi berre sløve og ikkje stresse med noko.

Viss de synest Øystein har ein litt rar ansiktsfarge- så er det altså ein orange hjelm.



fredag, august 11, 2017

Dagbok 2017: 11.august.

Klokka er ca. 20.00, temperaturen er + 17 grader C. Det har vore opplett og ein del vind i dag. Det er sjeldan det blæs her på Vallabøen, og når det først kjem vind, er det kraftige rosser, og stilt innimellom. Det var nok i ei slik rosse at plommetreet gjekk overende. Vi har tre opalplommetre, og i år har det vore utruleg mykje plommer på alle tre. Det har regna plommer i heile sommar, så eg trudde det ville bli passeleg mange til slutt. Det yngste av dei tre trea hadde dei største og finaste plommene, og det var det som kollapsa i dag. Eg kom og skulle nedom huset eit ærend, og trudde knapt mine eigne auge då eg såg kva som hadde hendt. Det var inga bergingsvon, for treet var nesten av heilt nede med rota. Eg har vore ute og demontert treet med saks og sag, men må nok bruke motorsag på resten. Nils har funne ut at eg sikkert kan bruke den elektriske. Lauv og greiner tek eg på kompostkverna, så har eg program for morgondagen.


I dag var ikkje Nils i god form frå morgonen av. Han la seg inn att på senga etter at han hadde ete frokost, mens eg støvsugde alle teppegolva.
Så fekk han dusje, reine klede og nytt smerteplaster, og då var han åt og kom seg. Eg fann ut at eg hadde tid til å farge håret og dusje før middag, så det gjorde eg.
I mellomtida gjorde eg ferdig ein stor porsjon erterstuing og fekk hatt den opp i porsjonsbeger for frysing. Litt åt vi av den til middagen i dag som var kjøttkaker i brun saus-frå frysaren. Vi må passe på å ete opp alle restar før dei blir for gamle.
Etter middag brukar vi å ha ein liten pause, men i dag gjekk eg altså nedom huset......Ikkje mykje pause på meg, nei. I grunnen hadde eg lyst å gå ut att litt seinare og ta fram kompostkverna, men så syntest eg det blei for trasig for Nils viss eg ikkje set meg ned i lag med han innimellom. Det kjem ein dag i morgon også ! No har Nils bestilt kveldsmat, og så blir det vel ein del TV utover kvelden. Det er stort sett TV-en som står for underhaldninga.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Etter planen skal Eirik komme heimover i morgon, men så blir det ikkje lenge før han reiser til Melhus. Ja, eit nytt skuleår/arbeidsår står for tur, og eg håper at alle lykkast med det dei har valt.


torsdag, august 10, 2017

Dagbok 2017: 10.august

Klokka  er 20.00, temperaturen + 14 grader og i dag har det regna meir og mindre heile dagen. Ikkje råd å gjere noko ute i dag, så eg er glad for alt eg fekk gjort i går.
Nils var ikkje så bra i dag som i går då han stod opp, men han kom seg etter kvart. Det er stort sett den hofta som plagar han, og den er ikkje blitt betre enno.
Før middag vaska eg ganske grundig badet og kjøkkenet, men støvsuginga vart utsett. Til middag åt vi restar frå i går, og maten var like god i dag.
Då eg skulle til å sette på kaffien etter middag ringde Margrete; ho og dei to yngste var i Ørsta og lurte på om dei kunne komme på besøk. Så då fekk vi drikke kaffi i lag og prate. HBO-en kom mens dei var der, og i dag fekk Nils ei sprøyte. Han skal ha sprøyte viss prøven er over 15-i dag var den 15,1. Det er fleire dagar sidan sist han fekk eit stikk.
Eg hadde avtale med Marit at vi skulle bort i Furene og handle klokka seks. Eg fekk sjå litt av "Kakekrigen" før vi for. Det regna noko aldeles forferdelig, både då vi køyrde bortover og enda meir då vi kom heim. Vi måtte sitte i bilen ei heil stund før vi kunne gå ut. Då var HBO-nr.2 komen, ho skulle eigentleg vere her klokka 20.00, men kom for tidleg. Det er heilt OK. Godt å sleppe morgonbesøket i alle fall.
Det er sørgeleg at vi ikkje kan få nokre fleire godvêrsdagar slik at eg får gjort meg ferdig med hagearbeidet for ei stund. Reknar med at den nye leigebuaren vår kjem snart og då ville eg det skulle vere orden rundt dørene.

onsdag, august 09, 2017

Dagbok 2017: 9.august




Klokka er 20.40, temperaturen ute er + 20 grader og vi har hatt ein fin dag med sol og litt skyer og litt vind. Godt arbeidsvêr har det vore også, og i dag har eg vore nokså flittig. Måtte berre nytte finevêret til å få gjort diverse hagearbeid; husarbeidet kan eg ta når det er innevêr. 
Nils vakna frisk og rask i dag -og ingen ting er betre enn det. Hofta er framleis vond, men elles har han det bra.
Eg hadde litt arbeid på vent ute, så eg gjekk ut og saga opp diverse greiner til ved og rydda opp litt, brukte kantklipparen ved steinvegen, men så kom grasklipparen fram. Det var mindre enn ei veke sidan eg klipte plenane, men graset var langt og vått. Eg klipte med oppsamlar, men det såg ut som om eg hadde klipt bio. Mykje av graset låg att på plenen.
Då eg var ferdig med plenen rundt huset og opp mot vegen, gjekk eg inn og laga middag. I dag vart det kvit bacalao. Det er ein del arbeid med den retten og ikkje minst OPPVASK, så eg hadde ein diger hand-oppvask mens bacalaoen stod i omnen.
Vi åt uforskamma godt begge to - bra for Nils, men ikkje SÅ bra for meg. Etter ein liten pause gjekk eg ut att og klipte meir. No var det skråninga som stod for tur- og der klipte eg bio. Det var ganske tungt, for det har regna ein god del i det siste, så marka var eigentleg ganske vår. Gjekk inn og såg "Kakekrigen" i lag med Nils, før eg gjekk ut og fullførte.
Mens eg heldt på kom ei av naboane med bær frå hagen som ho hadde plukka til Nils, og sidan han hadde selskap for eg over plenen med oppsamlar, så no ser det litt betre ut. Det er meldt regn i morgon, derfor var eg litt på høgget i dag.
No har Nils besøk av ein annan nabo som stikk innom av og til. Nils er meir interessert i det som skjer i nabolaget og i bygda elles enn det eg er, så det er kjekt at der kjem folk  som veit litt om det som går føre seg og formidlar nyhende.


tirsdag, august 08, 2017

Dagbok 2017: 8.august

Klokka er19.40, temperaturen er + 16 grader C og det regnar litt av og til. Eg brukar å "jobbe" inne viss det er dårleg vêr og ute når det er fint. I dag vart det gjort lite både ute og inne.
I dag var det ingen mobil som spelte meg vaken, eg stod opp ein halv times tid seinare enn vanleg, men av eigen fri vilje. Sidan det var "dusje - og bytteplaster-dag" fekk Nils medisinen sin på senga, stod opp og åt litt før han gjekk i dusjen. På den måten slapp han å kle på seg to gonger. Han har ikkje vore så bra i dag, har verkt i hofta, men no i kveld tok han heilt frivillig ein smertedempande tablett. Så no har han det bra så lenge den virkar. No håper vi på at han skal bli betre etter kvart, legane på Åse sa at det ville gå eit par veker før han kunne vente betring.
Eg har berre gått rundt og surra i dag, var ute og rydda litt i hagen før middag. Hadde tenkt meg ut att, men så kom det regn. Etter middag sovna eg i stolen; eg blir trøtt i slikt grått vêr. Til middag hadde vi suppe frå i går, og til "dessert" var det pannekaker. Nils slapp sprøyte klokka 16.00 men HBO kjem att klokka 20, så då spørs det.
Eg har sett litt TV i lag med Nils, han kan no ikkje sitte der åleine heile tida, og så strauk eg litt klede innimellom. Klesvask og oppvask tek "hushjelpene" seg av. Vi har det etter forholda bra.

mandag, august 07, 2017

Bok nr.22 - 2017: Miss Blackpool

Miss Blackpool
Arbeiderjenta fra Blackpool tar London med storm.
Vi er i England på 1960-tallet. Da Barbara Parker blir kåret til Miss Blackpool, går det raskt opp for henne at hun ikke vil være missedronning. Hun vil få folk til å le, slik heltinnen hennes, Lucille Ball, gjør. Dermed reiser hun fra familien og hjembyen i nord for å søke lykken i London.
Barbara får jobb i parfymeavdelingen i et kjøpesenter i Kensington, samtidig som hun prøver å finne ut hvordan hun skal bli oppdaget. Et tilfeldig møte med en agent gir henne navnet Sophie Straw og muligheten til å komme på audition til en komiserie. Hun får rollen i en BBC-sitcom, og hele folket forelsker seg i henne og serien.
Men etter hvert begynner samarbeidet mellom de involverte i serien å by på utfordringer, og det skal vise seg at ingenting varer evig når livets prøvelser trenger seg på.
«... et forsvarsskrift for populærkulturen og et bitende oppgjør med kultursnobberi.»
Tom Egeland, VG

..................................................................................
Denne lydboka er på 8 CD-plater, men eg har brukt ei evigheit på å komme gjennom den. Eg har ikkje så mykje høve til å lese anna enn på senga, og då sovnar eg. Men eg vart heller ikkje fanga av boka på ein måte som gjorde at eg måtte lese den. På slutten fekk eg lese litt meir i samanheng, derfor likte eg den best. Margrete har skrive om boka før, så les heller hennar kritikk.

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...