fredag, august 11, 2017

Dagbok 2017: 11.august.

Klokka er ca. 20.00, temperaturen er + 17 grader C. Det har vore opplett og ein del vind i dag. Det er sjeldan det blæs her på Vallabøen, og når det først kjem vind, er det kraftige rosser, og stilt innimellom. Det var nok i ei slik rosse at plommetreet gjekk overende. Vi har tre opalplommetre, og i år har det vore utruleg mykje plommer på alle tre. Det har regna plommer i heile sommar, så eg trudde det ville bli passeleg mange til slutt. Det yngste av dei tre trea hadde dei største og finaste plommene, og det var det som kollapsa i dag. Eg kom og skulle nedom huset eit ærend, og trudde knapt mine eigne auge då eg såg kva som hadde hendt. Det var inga bergingsvon, for treet var nesten av heilt nede med rota. Eg har vore ute og demontert treet med saks og sag, men må nok bruke motorsag på resten. Nils har funne ut at eg sikkert kan bruke den elektriske. Lauv og greiner tek eg på kompostkverna, så har eg program for morgondagen.


I dag var ikkje Nils i god form frå morgonen av. Han la seg inn att på senga etter at han hadde ete frokost, mens eg støvsugde alle teppegolva.
Så fekk han dusje, reine klede og nytt smerteplaster, og då var han åt og kom seg. Eg fann ut at eg hadde tid til å farge håret og dusje før middag, så det gjorde eg.
I mellomtida gjorde eg ferdig ein stor porsjon erterstuing og fekk hatt den opp i porsjonsbeger for frysing. Litt åt vi av den til middagen i dag som var kjøttkaker i brun saus-frå frysaren. Vi må passe på å ete opp alle restar før dei blir for gamle.
Etter middag brukar vi å ha ein liten pause, men i dag gjekk eg altså nedom huset......Ikkje mykje pause på meg, nei. I grunnen hadde eg lyst å gå ut att litt seinare og ta fram kompostkverna, men så syntest eg det blei for trasig for Nils viss eg ikkje set meg ned i lag med han innimellom. Det kjem ein dag i morgon også ! No har Nils bestilt kveldsmat, og så blir det vel ein del TV utover kvelden. Det er stort sett TV-en som står for underhaldninga.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Etter planen skal Eirik komme heimover i morgon, men så blir det ikkje lenge før han reiser til Melhus. Ja, eit nytt skuleår/arbeidsår står for tur, og eg håper at alle lykkast med det dei har valt.


Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...