mandag, juli 31, 2023

Dagbok 2023: 31.juli


 Klokka er no 18.14, temperaturwn ute er+ 20 grader, det er lettskya og sola skinTidleg på dag var ikkje veret så fint, så då fekk eg gjort litt inne, støvsuga etc. Etter at eg hadde ete litt middag gjekk eg ein tur på Vernet, det var lenge sidan sist no, og føtene mine var ikkje gode. Men eg streva meg rundt på den måten at eg sat ei stund på kvarr benk. Etter kvart kjende eg at eg vart låk i venstre hofta, og er det noko eg er redd for så er det akkurat det. No er eg ikkje heilt god i kneet heller. Men det kan gå over, eg har no vore veldig bra hittil i sommar

I morgon skal eg tll lege, eg veit eigentleg ikkje kvifor, men ho sa at eg skulle bestille time til etter sommaren, så det er vel berre å møte opp.

Då eg kom ned att frå Vernet gjekk eg bort på altanen til Marit og sat der og prata ganske lenge i sola.

I morgon kjem Ingeborg med flyet klokka 16, då kan det hende at ho og Margrete kjem opp til meg ein tur.

Eg har ikkje vore ute og sett i hagen i dag, men skal ta meg ein tur no. Der er alltids nokre bær eg kan smake på. 



søndag, juli 30, 2023

Dagbok 2023:30.juli


 Klokka er no 20.30, temperaturen ute er + 16 grader C og for ei lita stund sidan var her ei voldsom regnbyge. 

Når eg er litt seint ute med å skrive i kveld så er det berre fordi eg sat og streva med fredags-sudokuen i Møre-Nytt. Eg hadde eigentleg gitt den opp, ville prøve igjen, men eg er enno ikkje i mål.

På føremiddagen var det bra ver og eg tenkte eg skulle gå ein tur, men først laga eg kjøttkaker av noko kjøttdeig som eg hadde liggande, tenkte at eg like godt kunne fryse ned ferdige kjøttkaker. 

Så gjekk eg ut og skulle klippe vekk falma roser etc. og så såg eg diverse anna eg kunne henge fingrane borti, hadde det ikkje begynt å regne så hadde eg vel halde på enno. 

Til middag i dag åt eg fiskegrateng som eg laga fredag, då var den for salt, men ikkje i dag. Med mykje råraspa gulrot til var det ein god søndagsmiddag. 

Eg blei veldig mett, så eg måtte ha ein pause, eg sette meg framfor TV-en og halvsov ei lita stund før eg gjekk på besøk til Marit, som er åleine heime med vond fot.

Det kom ei voldsom regnbye for ei stund sidan, men den var fort over. Det er mykje VER over alt, men her har vi sluppe unna dramatikk til denne tid, Og så har vi no Fonnvernet om det skulle begynne å rase. Vi er nokså trygge akkurat her som eg bur. Trur eg.

Der er mykje fint i rosebeddet og meir blir det om vi får fint ver igjen-i morgon er det siste dagen i juli, men august kan også vere ein fin månad. I fjor regna det nesten kvar dag i august, men det er ikkje så vanleg. Det har i alle år vore min favoritt-månad.


lørdag, juli 29, 2023

Dagbok 2023: 29.juli


 Klokka er no 18.50, temperaturen ute er 22 grader C,og etter at skodda letta utpå føremiddagen har vi hatt nydeleg sol. Eg var tidleg oppe som eg er nesten kvar dag, og Einar kom litt seinare . Han ville male i dag også, men måtte reise ut att til Hareid til middagstid for då skulle det vere slektstreff hos Solveig og Øystein. 

Eg kom meg ikkje i gang med noko skikkeleg arbeid, bar nokre bøtter med heimelaga mold bort på der som thujahekken hadde stått. Men det vart liksom ikkje så mykje med meg. Men ut på dagen då Einar hadde reist såg eg at i dag kunne eg få klippe heile plenen- eller alle plenane som eg brukar å seie. Men hadde eg nok bensin? Det var eg ikkje sikker på. Men då det vart tomt sjekka eg den bensinkanna som eg trudde skulle vere tom, eller fylt med vatn. Eg sjekka innhaldet og kom til at det var bensin. Så fylte eg på og fekk klipt heile tomta utan at eg vart lens for bensin.Dvs. Gudmund klipte plenen ovafor garasjen, slik han ofte gjer. No har eg rydda opp og spylt klipparen, så no lyt eg snart spyle meg sjølv. Eg sveitta som ein sil då eg klipte i dag, for det var varmt. Men eg trur at eg først av alt må sette føtene i klorin-vatn, for eg har gått berrføtt i støvlane, og ser ut deretter.Slike dagar som dette ville eg gjerne hatt fleire av, men det er visst meldt regn.




fredag, juli 28, 2023

Dagbok 2023: 28.juli

Klokka er no 19.17. Temperaturen er + 19 grader C -og sola skin. Det var litt skodde først på morgonen, men det lettna etter kvart. I dag var eg oppe i 8-tida,men vart sittande ei stund ved PC-en før eg kledde på meg og gjekk ut- 

Solveig nabo vinka på meg, og då viste det seg at dei hadde vore ute og fiska. eg fekk etter eige ønske ein relativt liten sei og ein liten uer. Eg er dessverre ikkje så flink med filetering og slikt, for det var det Nils som tok seg av. Eg fann ut at eg ville lage fiskegrateng for det brukar å vere godt, idag hadde eg litt for mykje salt i -elles var den i orden. Både Einar og eg åt godt av maten seinare på dag.Einar kom i 12- tida for å male, han måtte vere litt trygg på veret her inne. I går silregna det her, men ikkje på Hareid.

Mens han mala styrte eg på i hagen. På bildet over her ser de at no er trilebåra vekk og heile haugen med greiner og kvistar. Eg klipte kvistane og hadde dei opp i store plastposar , så kan dei stå til tørk så har eg "kveikje" når hausten og vinteren kjem. Etter middagen  fekk eg Einar til å pakke ut den nye greinsaksa, så på ettermiddagen vart det råd å klippe dei tjukkare greinene , berre dei aller tjukkaste vart borne opp under altanen heile. Det var jobb nummer 1 i dag. Så kom eg til jobb nr. 2: Det var å plante rhododendron- buske nummer to, den første har alt tilpassa seg, og det håper eg også at den andre gjer. Eg skal ha ei til -men då er det slutt. Grunnen til at eg ikkje kjøpte fleire var at eg hadde lyst på ein annan farge , men der var dei kvite som var finaste i lauvet no, dei andre såg litt herja ut


Jobb nummer tre var å få litt orden på den plenbota der materialen har lege i nesten eit år. Eg raka over fleire gonger for å få bort det visne graset, så tok eg den moldsekken eg hadde kjøpt og hadde utover. Eg skulle kanskje ha hatt litt meir mold, men eg skulle no ikkje ha plenen høgare. Så dryssa eg utover med grasfrø og tok eit plastlok  som vi har hatt liggande og la det utover og trakka på det, for å få det litt flatt og for at frøa skulle feste seg.

Det er sikkert ikkje så interessant for alle, det er skriv om hagearbeid, men eg veit at både døtrene mine og svigerdottera styrer i hagane sine. Ja, Wenche har no styrt veldig mykje i min hage også, og takk for det. Det som står på vent no, er å plante noko der Thuja-hekken var, og så har eg ein del bær som skal plukkast og syltast. Eg likar i grunnen ikkje så godt å plukke bær, det er så puslete.

Eg såg i avisa -eller på FB -at det skal vere "Musikk i sentrum" i morgon. Og eg såg at Erlend sitt namn var der. Så eg går ut frå at han skal vere med å spele. Blir det like fint ver som i dag kan det vere kjekt med  utekonsert. 

Denne veka har eg ikkje greidd å halde orden på dagane, men det er visst fredag i dag så då seier eg:

GOD HELG!

 

torsdag, juli 27, 2023

Dagbok 2023: 27.juli



 
Klokka er no16.30, temperaturen ute er +21 grader C. Det er overskya og skodde, men "lummert" som vi sa før. Det er vel typisk for hundedagane som vel er no .

Eg kom nettopp att frå Askjellhaugen, der eg var og planta ein ny blomst og tok vekk en gamle, og så klipte eg gras og mose rundt steinen.

I dag har eg hatt litt uvenleg timeplan. Eg høyrde med Einar om han ville innover og male i dag og det ville han, men då han kom var det silande regnver.Eg hadde gjort meg i stand til å gå i bursdagsfeiring til ei  venninne og tidlegare kollega som fylte 90 år i dag. Ho bur no på Ørstaheimen. Det er Ragnhild som ordnar med alt, Astrid og eg var berre MED . Vi var der heilt til klokka var 15.30, og då eg kom heim var Einar reist, men han fekk måla mykje i dag også.

No har eg ein eller to eller tre ting eg skal gjere ute; eg skal plante Rhododendroen som eg kjøpte i går og så skal eg ha utover mold der plankehaugen låg. Då veit eg ikkje om eg rekk meir i dag. Det ser ut til at skodda kan lette og det er no bra.

onsdag, juli 26, 2023

Dagbok 2023: 26. juli




 Klokka er no 18.54, temperaturen ute er +20 grader C. På føremiddagen var det sol og opplett; ut på dagen kom det små regnbyer, men det er framleis godt og varmt.

Einar skulle komme og male litt i dag, og så melde Solveig at ho og Olaug kom ein tur også. Det var kjekt med besøk, og i dag hadde eg ikkje noko spesielt på timeplanen min.

Solveig hadde med seg nybakte bollar og eg hadde gulrotkake i frysaren, så dette vart lunsjen i dag.

Då eg vart att åleine valde eg å ta ein tur på Plantasjen. Men der vart eg skuffa. Eg ville hatt ei potterose til grava, men det var der ikkje, så eg kjøpte ein raud begonia i staden, og så kjøpte eg ein rhododendron same sort som sist-det var veldig "utplukka" så det var ikkje dei finaste som stod att. Og til slutt kjøpte eg ein sekk med jord for å drysse utover der materialen låg, og så ha litt frø i. Eg kunne ha brukt av mi "sjølvproduserte" jord, men den er våt og ikkje så lett å rake utover.


Eg såg på store hagesakser som sikker var veldig gode, men dei kosta over 1000 kr, så eg stoppa på ALTI og kjøpte ei LITT billegare på Clas Olson.

 Eg gjekk ikkje tur på Vernet i går , og i dag har eg stort sett sete i ro, så eg må kanskje ta ein runde. Men først må eg sjå Dagsnytt for eg har ikkje hatt på verken TV eller radio i dag, så eg aner ikkje kva som skjer i verda.Anna enn at det brenn i Hellas.





                                Det vart ein liten tur på Vernet i kveld

tirsdag, juli 25, 2023

Dagbok 2023: 25.juli

                                     No legg dei tak på Fylling-huset

 Klokka er no17.40. temperaturen er + 19 grader C, og det er opplett no. I dag gjorde eg kort prosess med dei 14 sekkane mine, Det vart to turar på Vør. På begge turane kom eg i lag med andre som også kom med thuja-kvister og greiner. På første turen fyllte eg bensin, for sikkerheits skuld. Bensinmålaren funkar ikkje , så eg veit aldri kva tid det blir tomt, men eg har som ein følelse når det nærmar seg.

Eg hadde ikkje tenkt ut noko eg skulle gjere ute i dag, så eg styrte litt inne og laga tidleg middag . Etter middag tok eg "fredagsvask"- førre veka tok eg den på mandag, så eg kjem vel inn i tralten etter kvart. Eg sette meg inn i godstolen etter at eg var ferdig med vaskinga, og eg meiner eg sovna litt. Då eg vakna ringde det på døra og det var Gudmund som kom og tok med bosset mitt på VØR. Ha krølla berre i hop dei lange metallstengene. Det var i tillegg ein plaststol og ein sekk med "takpapp"- det heiter vel ikkje det, og det er ikkje papp. Resten av takpappen hadde vi i bossdunken, som "forhåpentligvis" blir tømt i morgon.


Så no er eg snart a jour ,med arbeidet mitt, Det vil seie eg har mange greiner som skal klippast opp, men eg skal kjøpe ei kraftigare greinsaks. Eg har ei stor saks, men den er gammal og held ikkje lenger. Dei tjukke greinene og stammane må sagast med motorsag, og det arbeidet har eg ikkje så lyst på , men vi får sjå kva det blir til.

Elles så har eg mykje forefallande arbeid i hagen. Det er berre kjekt viss veret er bra. Eg skal ein tur på Plantasjen med det første, for det er litt eg treng å kjøpe. Men det er lov å komme på besøk for dei som vil.



mandag, juli 24, 2023

Dagbok 2023: 24.juli

 

Klokka er no 19.30, temperaturen ute er+ 15 grader C og det vart brått omslag i veret. Før i dag har det vore fint ver og sol, men brått kom det torever og regn. Håper det snur igjen.

I dag har eg jobba ute heile dagen, Eg rydda litt meir nede i hagen der vi har styrt med fjerning av thuja- hekk. For over med klipparen og samla opp rusk og rask og gras som låg att. Elles har eg klipt kantar etc . og heilt på slutten av arbeidsdagen, bar eg alle 14 sekkane som skal på VØR opp på tunet, så er dei klar til å fare.

Ved sidan av inngangsdøra til kjellerleilegheita låg ein stor dunge med geiner og stammar frå Thujahekken. Wenche hadde lagt ifrå seg der og er følgde etter. I dag tok eg og klipte opp alle greinene til småved, slik som eg alltid gjer med kvistar og greiner frå hagetrea. Det vart 3 store plastnett fulle, men dei tjukke stammene fekk ligge over til einkvar tek  dei med motorsag. Den småveden brukar å gå fort unna når eg brenn den i omnen. Men så blir vi kvitt rusket. Men der er meir att nede i bakken i trillebåre t.d.  Det er berre kjekt så lenge eg får jobbe ute. Mens eg heldt på med innspurten kom det torever og regn, så då var det berre å gå inn.

Eg sette meg attmed datamaskina, og der fekk eg melding om at eg ikkje hadde betalt det eg skulle til "Wattn", det var 855, 52 kr- Eg kunne ikkje forstå det, for eg har avtalegiro og det har aldri vore noko tull før. Eg gjekk inn på banken på nettog såg at rekninga var betalt-til Tussa.

Akkurat då kom Helge som sendt frå himmelen. Vi hadde ein avtale om at han skulle stikke innom i dag. Han forklarte at Wattn er ein del av Tussa, og meinte som eg at rekninga var betalt.

Men det var ikkje derfor eg hadde sendt bod på han. Då han inspiserte leilegheita nede, sakna han noko som høyrde til TV eller data. Eg etterlyste det og Ingrid kom med det på søndag. Dei hadde ikkje brukt det, men ho hadde i vanvare lagt det i ei skuffe. Eg lurte på kven som eigde det,  om det var dei som budde der før. Det er eg som eig det og betaler 50 kr månaden for å ha det, seier Helge.Dei som budde der før brukte det på TV -en trur eg.

Og til slutt måtte han sette i den nye blekkpatrona som eg ikkje hugsa korleis eg skulle behandle. Det er godt å ha ein HELGE.



Meir igjen å klippe!


søndag, juli 23, 2023

Dagbok 2023: 23.juli


 Klokka er no18.18, temperaturen ute er +21 grader C og sola skin, som ho har gjort i heile dag.Vi har hartt ein fin dag. Eg starta dagen etter frokost og morgonstell med å gå tur på Vernet, det var varmt , men der er alltid ein liten frisk bris frå vest.

Men eg hadde planer med å jobbe på prosjektet mitt i dag, og sette meg til nedst i hagen og klipte og klipte.Eg klipper for å få "baret" frå  thujahekken opp i sekker, då kan vi ikkje ha dei tjukke greinene med, dei legg eg i ein haug for seg, og så kan eg klippe dei opp og fyre i omnen med dei. Dette er det vi har gjort i alle dagar. No ligg der att haugan med tynne greiner , og så er der mange tjukke greiner også. Det var Wenche som jobba med dei, dei må eg vel sage opp til ved. No har eg ein 13-14 sekker som skal på VØR, så får vi sjå om det ordnar seg-


Som de ser står der att eit lite tre.Eg veit ikkje om det er ein thuja, men den skriv seg frå ein julepynt, akkurat som "ryggebuska" mi.Den skal få stå. Det blir no lenge til alt er i orden, eg skulle ha lært meg skikkeleg med motorsag, men eg er ikkje så fortroleg med den.

Når ein sit i ein stol og klipper greiner heile dagen, har ein ikkje så mykje å skrive om, men eg var ein tur opp til Marit etter at eg la saksa på hylla. Eg skulle absolutt ha vore på grava og planta noko nytt, så det får eg sette på timeplanen. No skal eg slappe av og sjå TV resten av kvelden. Trur eg.

lørdag, juli 22, 2023

Dagbok 2023: 22.juli

Klokka er no19.50, temperaturen ute er + 19 grader C og vi har hatt ein fin dag med mykje sol. Det smakte godt etter nokre regnfulle dagar.

I dag måtte eg på butikken for eg var lens for både det eine og det andre. Men først måtte eg vaske håret og style meg litt opp. Mens håret tørka gjorde eg litt husarbeid, strauk klede og gjorde diverse anna. Hadde to store posar med brusflasker som eg skulle pante også. 

Då eg kom heim frå butikken gjekk eg tur på Vernet mens eg hadde skikkelege klede på meg, men det vart rimeleg varmt etter kvart. Etter eit lite måltid kledde eg meg for hagearbeid og gjekk ut og slo plen, det var det mange andre som gjorde også i dag. Graset var langt etter mange våte dagar. Eg fekk ikkje klipt heile skråninga så fint, for der ligg enno att noko av hekken. Det skal eg rydde opp i - i morgon. 

Då eg sat og slappa av ,kom naboen i nr. 5 og baud på is og kaffi. Kjekt å få prate litt innimellom. I morgon skal eg rydde opp i resten av hekken som ligg nede i bakken, håper det blir bra til slutt. Og så må eg tenke på kva eg skal plante der hekken stod. Bæra i hagen begynner å modne, så snart blir det å plukke rips og solbær . Jordbæra og bringebæra eg eg opp etter kvart. Kjekt å ha noko å styre med.

No skal eg snart sette på TV-har ikkje sett nyheiter i dag. Serien som eg såg var slutt i går, dvs. det kjem nok ein 3.sesong også slik at vi får vite kven mordaren er, vi veit vel det no, men det er meir som må på plass, trur eg.


                                                          Taket er kome på no

 

fredag, juli 21, 2023

Dagbok 2023: 21.juli

 

Klokka er no 19.35, temperaturen ute er + 17 graderC  , det har vore skya men opplett i dag og no mot kveld ser eg streif av sol.

I dag var eg oppe i skikkeleg tid og etter frokost gjorde eg meg klar til ein tur på VØR. Eg plar få med meg 6 sekker med hageavfall, men i dag fkk eg ikkje plass til meir enn 5-og eg hadde alt i alt 9, så noko vart att.

Då eg kom heim frå turen sette eg i gang med meir oppryddings-jobb. Eg heldt på til klokka var over 15, og då var den eine haugen med rusk borte, og eg hadde fylt 4 sekker. Eg var sliten og svolten, så eg laga meg god middag. Etter ei stund kom Marit ned ein liten tur så vi fekk prate litt. Eg håper å bli ferdig med oppryddinga i helga, for no treng eg å klippe plen. Eg hadde lyst å gå tur på Vernet i kveld, men slo det frå meg. Eg heldt på å sovne mens eg såg nyheitene.

Eg ventar på Ingrid som budde i kjellaren, ho skal kome med noko som ho hadde tatt med seg , som høyrer huset til- Ikkje med vilje , men i vanvare. 

Eg har plukka jordbær og bringebær i kveld, men smaken var berre sånn passeleg, for bæra har fått lite sol.

Eg har ikkje fått planta så mykje som eg skulle, men sommaren fer så fort forbi at eg når ikkje alt. Der materialen låg er det ikkje grønt enno, eg tenkte at eg kanskje skulle ha på litt mold og så litt grasfrø. Når eg no får litt betre tid, blir det å ruske opp skvallerkål for den trivst i regnver også. Det gjer visst alt ugras. Det ser lovande ut med veret no-trasig at det ikkje vart så fint ver mens Rasmus & co var her.

No må eg komme inn i den vanlege tralten igjen; i dag er det fredag og eg vil ønske alle ei fin helg.



torsdag, juli 20, 2023

Dagbok 2023:20 .juli

Klokka er no19.00 og temperaturen er +16 grader. Det har vore regnbyer i dag, men lange opphald imellom.
 Eg hadde planen klar i dag så det var berre å kle seg i arbeidsantrekk å gå ut og sette i gang. Det er utruleg mykje som ligg att etter  thuja-hekken , Wenche gjorde mykje godt arbeid, men for å få rusket bort på VØR må eg klippe alt litt meir opp for å få det i sekker. Hadde eg hatt sertifikat for tilhenger hadde det vore enkelt, då kunne eg køyrt alt i eitt lass. No blir det å klippe det meir opp og fylle i sekker. Men det er kjekt å ha noko å styre med ute , så slepp eg å gjere noko inne.

Før middag fylte eg opp 7 store sekker, og etter ei pause fylte eg to store sekker til. Arbeidet består i å klippe greinene så små at dei kan vere i ein sekk. Det vart ikkje til at eg køyrde på VØR i dag. Kva tid eg fer på VØR veit eg ikkje. Dette bosset toler å stå nokre dagar utan at det rotnar og luktar. 

I middagspausen vart det til at eg sat og såg TV dvs. serie. Så det er ikkje mykje å berette om i dag.

Dette er det yngste av solbærtrea mine og tidleg i sommar var blada brune og visne, men eg har passa på seinare at den har fått nok vatn og meir god jord. Solbær skal ha mykje næring og mykje vatn, har eg lese.
Demnne New Dawn-rosa har eg hatt lenge, sist haust klipte eg den heilt ned. Fargen kjem dårleg  fram på bildet.

Det er berre denne Klematisen som blomstrar  no, men klematis er ein enkelplante som ikkje treng mykje stell. Eg klipper alle heilt ned om hausten, derfor blomstrar dei relativt seint.
Her står dei 9 sekkane fylte til randen, eg må vel få dei frå meg før dei blir våte -inni altså.

onsdag, juli 19, 2023

Dagbok 2023: 19.juli


 Klokka er no 18.30,temperaturen ute er + 12 grader og det regnar og regnar. Akkurat no blomstrar alle rosene mine, men dei heng med hovuda , tunge av regn.Ja, eg veit at vi har hatt mange fine sommardagar i år, men vi ville vel helst ha hatt nokre til.

I dag hadde eg tenkt å rydde ute i hagen, men på grunn av veret rydda eg litt inne i staden. Etter ei stund gjekk eg ut og fekk  lagt inn i bilen 6 store sekker med hageavfall, meir hadde eg ikkje plass til. Eg køyrde bort på VØR og fekk tømt bosset. Då eg kom heim tok eg eit lite tak nede i hagen der Thuja- hekken var, eg fylte to store sekker utan at det minka så mykje på marka. 

Eg la ein plan om å begynne nede på muren og så rydda derifrå og opp i første omgang det kjem til å ta tid. Wenche gjorde eit storarbeid der mens Rasmus og eg var på Eid i selskap, men der er mykje att. Godt å vere åleine i huset når ein styrer på ute. Då eg vart trøtt og lei gjekk eg inn og laga middag til meg sjølv. I dag vart det siste spekesild-pakken som gjekk med . Og til dessert hadde eg jordbær som eg plukka i går.

Etter middag tok eg kaffikoppen med meg inn på stova og såg TV. Eg begynte på serien om "Lykkevika" i går kveld og heldt fram i dag. Men det var så kjedelig og langtrukke at eg heldt på å sovne fleire gonger. Eg trudde det skulle bli kjekt sidan det var svensk-og kjend forfattar som hadde laga manus, men eg må ta meg saman for å sjå ferdig.

Det er veldig irriterande at det er slikt ver når eg har mykje å gjere ute, men det er ikkje mykje ein kan gjere med det-anna enn å håpe på betre ver. No er det snart Dagsnytt, så får vi høyre kva dei seier der.



 
Queen Elizabeth  blomstrar relativt tidleg i år.

Eg har mange roser og dei blomstrar fint , men står tunge av regn.

                   No har gamle Charlie fått selskap med to små "gutar".
                  Kvalpane kjem til å sjå ut som Charlie når dei blir større.

tirsdag, juli 18, 2023

Dagbok 2023: 18. juli


Klokka er no17.15, temperaturen ute er +14 grader C,  det har regna nesten heile dagen, men no er det opplett. Eg sov lenge i dag, så føremiddagen vart kort.

 Eg hadde no ikkje allverda å gjere i dag, men litt vart det. Med tanke på alt som eg skal køyre på VØR måtte eg ha meir sekker så det vart ein tur på ALTI, mat handla eg på KIWI. Elles har eg vaska klede i maskin, blant anna skorne og buksa til Einar som Rasmus "lånte". I går vaska eg to fulle maskiner med klede. Oppvaskmaskina står på no, så då blir det å tømme den. Eg er glad for at maskina virkar, så eg slepp å kjøpe ny akkurat no. Og så er eg glad for at straumen ikkje er så dyr at ein må gå og tenke på det.

Eg kom meg ikkje til med hagearbeid i dag, så kvister og greiner ligg der dei låg. Men Wenche og gutane hadde gjort godt arbeid mens Rasmus og eg var vekke. No klør eg i fingrane  til å rydde opp, og kanskje plante noko. Har lyst på ein tur til Plantasjen i alle fall. No er det mykje som blomstrar ute, men det er behov for litt rydding i bedda. Sommaren er for kort til at eg får gjort alt eg vil- ein er heilt avhengige av veret også.

Det einaste hagearbeidet eg har gjort i dag er at eg har plukka jordbær, det var stort svinn på grunn av regn og væteog bæra var ikkje heilt førsteklasses, men med litt sukker og fløyte gjekk dei ned.

Eg har sett lite TV no når vi har vore mange, men eg må no begynne å følgje med på nyheitene igjen, sjølv om det er nokså deprimerande.

No ser veret litt betre ut, det er ofte slik at det klårnar opp mot kveld, men eg er litt for mett  til å gå tur akkurat no.

                        Då er Dennis komen heim til Margrete i lag med bror                                          sin,som skal vere hunden til Amanda. 

mandag, juli 17, 2023

Dagbok 2023: 17.juli


Klokka er no17.40, temperaturen ute er +14 grader og det regnar og regnar. Eg likar det ikkje. Eg måtte til å sette på varme i stova for eg fraus, det har eg ikkje gjort så mykje i sommar.

I dag var vi oppe klokka 8 alle mann, for Rasmus m/familie skulle reise. Dei måtte fare no fordi det var noko Eivind skulle -eg veit ikkje kva det var.No er dei sikker ikkje så langt heimefra, for eg fekk melding frå Brummundal.Det vart tomt i huset då eg vart her åleine. Men eg hadde nok å gjere og det hjelper på "humøret". 

Eg starta med å rydde opp på kjøkken og stove, så støvsuga eg på stova, vaska kjøkken og bad og til slutt støvsuga eg gangane. Vi har ikkje brydd oss om å gjere så mykje husarbeid desse dagane, så det var skikkeleg kjekt å rydde opp i dag. Vaskemaskin og trommel er også i arbeid. Godt å ha noko å gjere inne når det er så kaldt og vått ute.

Bildet:

Sist laurdag skulle Wenche klippe hekken mot nabo Bjørn, men både ho og eg såg  at det var eit umuleg prosjekt, så vi samrådde oss med Rasmus og fekk han til å sage ned heile "hekken". Det vart mange stammar, greiner og  rusk og rask. 

Rasmus og eg reiste frå heile greia  så Wenche jobba vidare åleine-heilt frivillig. Ho fekk litt hjelp av gutane som bar stammar etc. opp under altanen der eg skal sage dei til ved.Wenche heldt på i går også, men det var ikkje nokon som tvinga henne. Ho er så flink med alt arbeid og ikkje redd for å ta eit tak,men no er ho reist så det blir min jobb å gjere jobben ferdig. Berre kjekt det, men det må vere opplett.

Eg skulle plukke jordbær i går, men så begynte det å regne, og dert regnar framleis, så eg trur ikkje bæra blir så lekre-og der var ganske mykje bær.

Etter at eg hadde fått orden i huset sette eg meg til å sjå TV, for eg har ikkje følgt så nøye med på nyheitene i det siste. Eg sat og såg både ein og fleire gonger, men så måtte eg berre ta meg saman og kle betre på meg og sette på varme. Eg trur det er første gongen eg har frose denne sommaren.

No skal eg ta meg av klesvasken. Eg håper veret blir betre etter kvart, men  ikkje over +40 grader slik som det er somme stader. Eg toler godt varme, men helst ikkje over + 35 grader.

I dag var det at Margrete og Amanda skulle få hundane sine. Det blir vel litt av eit styr. Eg hugsar at då Amanda vart fødd fekk dei også ein hund. Og Amanda kom godt overeins med den, der dei låg på golveti lag og Amanda drog i hundepelsen utan att hunden gjorde henne noko. Ho er veldig flink med hundar, og det er sjølvsagt Margrete også, så eg håper ar det går bra med Albert og Dennis borte på Straumshamn. Hunden som Margrete har hatt er 9 år no, men lever i beste velgåande -men det spørs om han likar å få småungar i huset?


Dagbok 2023: 17.juli.



 


Klokka har passert midnatt, så eg er litt seint ute med dagbokskrivinga mi. Ute regnar det no, men det
er + 16 grader, så det er sommar. 

Det blir til at Rasmus med familie må reise i morgon. Det har vore kjekt å ha dei her, og kjekt at dei har hjelpt medg med så mykje at eg nesten har dårleg samvit. I går, mens Rasmus og eg var på Eid, hadde Wenche måla taket på badet nede i kjellaren - for eksempel. Rasmus har pleia bilen min, så no er den i betre form enn før. Så har dei tatt ned hekken , og saga opp mykje av den -men der er att litt jobb for meg med å få rydda opp. Heldigvis.

I dag mangla vi litt mat , så Rasmus og eg tok ein tur på butikken, men før vi handla køyrde vi rundt i bygda og såg oss om. Vi var fram i Nupen og så køyrde vi fram i Melsbygda og på Melsgjerdet. Eg lurte på korleis der ser ut no, men der var heilt OK, så vidt eg kunne sjå.

Etter at vi hadde ete middag og drukke kaffi, gjekk Ingar og eg ein tur å Vernet, og det er der bilda er tatt. Med det same vi kom opp møtte vi Matias og Jorunn, og eg fekk sjå at Ingar er ein skikkeleg gentelman som helste fint på dei, og presenterte seg.

Margrete skal hente hundane som ho og Amanda skal ha,men det blir så seint på dag at Rasmus-gjengen ikkje får sett dei. 

Sommaren er heldigvis ikkje slutt enno. Eg nyt kvar einaste dag eg slepp å fyre i omnen.Eg likar ikkje kulde.




lørdag, juli 15, 2023

Dagbok 2023: 15.juli


 Klokka er no 23.10,temperaturen ute er + 15 grader, det er opplett, men "Regn kommer", står det på skjermen, og det trur eg så gjerne.

Denne dagen har vore særdeles innhaldsrik. Eg stod opp tidleg før alle de andre. Eg måtte vaske og få tørt håret før vi skulle i selskap og feire Solveig sin 60 årsdag - ein gong til. Då dei andre stod opp, gjekk vi tre vaksne i gang med å klippe thuja-hekken. Wenche er flink med hekksaksa, men det var heilt håplaust å få  orden på hekken, så etter ei stund bestemte vi oss for at hekken skal vekk. Men der er mange stammar, greiner og kvistar så det tek si tid. Vi fekk ikkje gjort alt i dag, men det gjer ingen ting for det er greitt å bruke nokre dagar på dette.

Det var berre dei aller nærmaste som var bedne til Solveig si feiring;Øystein, borna, barnebarnet, og mora(eg). Vi starta feiringa med kaffi og kaker hos Margrete på Staumshamn. Etter kvart reiste vi til Eid; Rasmus og eg fekk så god tid at vi rakk å sjå innom Bodil, og det var kjekt. Mange av hennar familie kom innom mens vi var der, så i dag har der vore familiens dag.

Klokka 19 sette vi oss til bords å hotellet for å ete middag, maten var god og litt annleis enn det vi et til vanleg.

Før vi reiste heimover var Rasmus og eg opp til sjukehuset og så det huset som eg budde i frå 1953-1974 circa. Ja, siste tida var det berre mamma som budde der.

Eg sa til Rasmus at eg hadde lyst å køyre om Grodås heimatt, men eg trudde ikkje det var SÅ langt. Men eg er veldig glad for å komme meg på bilturar  og sjå meg om i verda, slik vi gjorde mens Nils var frisk nok til det. Eg er så glad og takknemleg for at eg fekk vere med på denne dagen. Heime hadde dei stelt seg fint, Wenche og gutane, og Lollo som vart passa av Ingar mens eg var borte.

TAKK til alle som var med på å gjere dette til ein fin dag som vi vil minnast lenge.


Kaffislaberas hos Margrete



fredag, juli 14, 2023

Dagbok 2023

 Klokka er no 20.50. Temperaturen ute er +16 grader, sola skin no, men det er ikkje lenge sidan vi hadde ei regnbye her.

I dag sov vi lenge utover lege om morgonen , og etter den tid har vi ete og prata og sett litt TV. Men vi vaksne har no jobba litt også. Rasmus har vore på VØR med diverse rusk og rot, men eg har ikkje vore der med mine ting enno.Han har stelt med bilen min og gitt den både olje og anna . Eg har ikkje peiling på slikt Til middag i dag var det kylling med ris etc.. Vi vaksne styrer no på med vårt, og gutane med sitt. No ser det ut til at det skal klårne opp ute.

Det var først bestemt at gjestane skulle fare sundag, men så fekk dei høve til å vere nokre dagar ekstra..

Eg passar Lollo med helga for Marit er på hytta,

Dagbok 2023: 13.juli

                                                          Ingar, Amanda og Eivind



.
                                                   
                                                               Eivind og Vebjørn

Solveig hadde laga i stand mykje god mat. Gryteret og tapas, kaker og dessertar m. m.

Vi kunne sitte ute med desserten og kaffien, men etter kvart gjekk vi inn att på grunn av veret. Det var ikkje så fint og varmt lenger.

Seinare åt vi meir kaker etc. Sjølvsagt åt vi ikkje heile tida, det vart mykje prat og den yngste garden fann fram brettspel, mens minstemann på tre år lærte seg namna på ungdommane og kunne "skrive2 namna med klossar. Han var flink.

På heimvegen fekk vi regn , vind og mørkt.

Takk til Solveig og Øystein for ein fin dag.

Klokka er no 2.30, og vi skal snart legge oss, for i morgon har vi ein jobb å gjere.

Vi skriv alt 14.juli, så Wenche og Rasmus har bryllaupsdag. Det var også mamma sin fødselsdag,

onsdag, juli 12, 2023

Dagbok 2023: 12.juli


 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er+ 13 grader, men inne er det varmt. Det har ikkje vore så mykje sol i dag, men likevel har det vore varmt. På ettermiddag/kveld kom det torever som reinska lufta.

I dag har det skjedd mykje. Vi har fått vekk dungen med fjøler som låg innafor huset, veggen som vart tatt ned i fjor. Rasmus laga seg til med sag i garasjen, Wenche bar opp alle fjølene og eg sorterte og rydda. Fjølene har lege der altfor lenge og skada plenen, men håper at den kan bli grøn igjen om ikkje lenge.

Eg klipte plenen rundt huset til slutt, og sorterte ut det vi skal ha på VØR. Både Rasmus og Wenche gjorde ein kjempejobb, eg hadde aldri greidd det åleine.

Til middag i dag vart det tre store pizza. Rasmus bestilte pr. telefon og han henta dei. Det vart litt sein middag, men dei fleste hadde hatt sein frokost også. I morgon skal vi ut til Hareid og "feire" Solveig sin 60-årsdag. Håper at alle i familien kjem dit.

No går det i spel ved spisebordet på stova. Før det hadde vi  Kviss,  der den yngre garde  viser at dei har mykje kunnskap om mangt. Heldigvis var der spørsmål som eg også kunne svare på.

Elles ryddar eg minst mulig, ingen av oss lid av den grunn. Det er så få dagar vi er i lag , at det viktigaste er å vere det. Rydde kan eg gjere når eg vert åleine igjen-. Og takk og pris , oppvaskmaskina virkar som den skal-så langt.

                                 


tirsdag, juli 11, 2023

Dagbok 2023: 11.juli

 Klokka er no 17.17, temperaturen ute er +19-20 graderc. Eg trur ikkje det har regna så mykje i dag, men det har vore overskya. No las eg nettopp melding frå Rasmus, dei var i Stryn  og skulle vere her før klokka 18. Eg har vore klar sidan ca.klokka13. Eg var tidleg oppe -som vanleg  og fekk unna ein god del husarbeid på kort tid. Laga ferdig Lasagnaen slik at eg no berre kan varme den opp. Eg har plukka jordbær i åkeren etc.etc. 

Men eg har også hatt besøk av"elektrikaren min" , og han har sett over kjellar-leilegheita m.m. No kom dei.

Kl-1.22 No er vi i ferd med å ta kvelden her. Vi har prata i mange timar, Ete har vi også-så det går bra. I morgon skal vi visst ha ein arbeidsdag.Vi får sjå kva det blir til.

mandag, juli 10, 2023

Dagbok 2023: 10.juli

Denne New Dawn klatrerosa er like gammal som tilbygget. Den har vore klipt heilt ned fleire gonger, men ho kjem att. Ho blomstrar stort sett heile sommaren.



Eg har tre ulike klematisplantar, ein mørk blålilla, som eg har på tre stader. ein lavendelblå og så denne rosa. Eg klipper alle heilt ned om hausten.

 

No er klokka 18.00. Temperaturen ute er + 24 grader, det er ikkje sol, men heller ikkje regnet som vi har venta på i heile dag, har kome enno. Det er deilig med varme utan sol også.

Eg har ikkje gjort mykje i dag: Eg var ute og renska litt ugras før eg køyrde Marit ned på legesenteret. Mens ho var inne med legen køyrde eg opp og handla på KIWI.

Då eg kom heim att laga eg glasuren til gulrotkaka og hadde den på, det vart rikeleg med godt "fyll".

Etter kvart leid det så langt at eg ville lage middag til meg sjølv. Det skjer ikkje kvar dag, men i dag hadde eg spekesild og det er det beste eg veit.

Fekk telefon frå ein mann(trønder) som kom med eit godt tilbod på TV- abonnement. Eg forstod ikkje bæra, men han viste til Gudmund som hadde tatt imot. Eg sa at han fekk ringe opp att når eg hadde nokon her som hadde greie på det. Eg gjekk bort og snakka med Gudmund etterpå og fekk litt orientering.

Etter at eg hadde somla rundt litt tok eg og gjekk ein runde på Vernet, Der oppe er det så godt når det er varmt, for der er alltid ein liten bris.

Oppvaskmaskina er ikkje heilt i form, men eg tenkte at kanskje "elektrikaren min" kunne hjelpe , så eg sende ei melding. Men har ikkje høyrt  noko frå han enno. Inn til vidare får eg vaske opp for hand, og er maskina kaputt, så passar det godt å kjøpe ny mens Rasmus er her. Det vart slik ein annan gong også.

No ser eg fram til å få heile Rasmus-familien på besøk i morgon.


No er det geitrams som blomstrar oppe på Vernet. Ikkje så veldig mykje enno, men det kjem meir. Elles var eg oppom vegen  og fann blåbær på tuene. Men dei var små og smaklause. I området ved elva kunne det vere mykje blåbær før i tida.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...