torsdag, november 12, 2026

Dagbok 2026 12.november

Klokka er no19.40, termometeret på trappa står på 0 og eg tok dette bildet for eit par minutt sidan. 

Den første snøen kom i går kveld og i dag, det var litt for tidleg syntest eg, men det er visst slik over heile landet i dag. Eg hadde tenkt meg på butikken i dag, og det kunne eg godt ha gjort  for vegane/gatene var snøfrie.
 I går kveld då eg la meg fekk eg ikkje sove, men vart liggande vaken mykje av natta, eg veit ikkje kvifor, for det var ikkje noko spesielt som hende.Men eg har vore litt trøtt i heile dag

Eg var ikkje og handla i dag, men har no meir enn nok mat i hus, så eg svelt ikkje.  Det eg har gjort i dag, det er at eg har strikka, eg har snart eit ferdig lestepar igjen. Solveig held meg med garn og eg strikkar lester til heile slekta omtrent. Det er ikkje akkurat så spennande å strikke berre lestar, men så kan eg ha på TV-en - på samme tid. Eg har ikkje vore opp til Marit i dag for eg tenkte eg skulle få ferdig lestene. Det kjem vel ein dag i morgon også. Eg har ein heil jobb med å halde styr på kva vekedag vi har, eg må skrive det ned elles har eg ikkje peiling. No skal eg ha ein liten strikkepause og lage meg litt mat.

Eg håper at det ikkje er snø i morgon.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026 12.november

Klokka er no19.40, termometeret på trappa står på 0 og eg tok dette bildet for eit par minutt sidan.  Den første snøen kom i går kveld og i ...