På føremiddagen i dag tok eg ein liten "fredagsvask", men eg har no meir som skulle ha vore gjort. Eg likar no godt å sitte og strikke lestar, då, men eg må visst vere litt meir forsiktig med det, for no er det venstre handa som protesterer, det var den eg braut før jul ein gong-er det to år sidan? eller meir?
I dag fekk eg eit kort i postkassa, det var frå Audun og Elisabeth-dei er på bryllaupsreise i Helleas, så dei har det vel varmt nok.
Det er sjeldan eg hugsar å ta inn avisa om tysdagane, men i dag hugsa eg det -på onsdag.......No har eg site i minst 2 timar, for eg les heile avisa, prøver i alle fall å gjere det, for der er mykje eg treng å vite-TRUR eg. Mykje handlar om Ørsta og Volda skal slå seg saman. Det spørsmålet kjem att med visse mellomrom, men hittil har folk stort sett vore litt skeptiske til det. Og eg trur ikkje det vert samanslåing no heller- men kven veit?
Det er skikkeleg HAUST no, men eg håper ikkje vi får snø i denne månaden i alle fall. Men der stod eit lite varsel på PV-en i dag. Varsel om SNØ, altså.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar