mandag, mai 31, 2021

Dagbok 2021: 31.mai

Klokka er no 19.40, temperaturen ute er + 20 grader, sola skin og det er varmt og godt ute enno. Trur dette har vore den finaste dagen hittil i år, ingen kald vind. Då eg stod opp for første gong i dag morgon var klokka ca 6 og skodda låg langt ned i fjella. Eg la meg til å sove igjen , men stod opp klokka 7.30, då var det enno skodde. Eg hadde lasta inn i bilen i går det eg skulle ha med på VØR ,der opnar dei klokka 8, men eg kom no litt seinare. Eg parkerte og fekk kvitta meg med hageavfallet. Der var nokre karar som heldt på å koste, og heilt typisk mannfolk stilte dei seg opp for å sjå når eg skulle rygge-for kvinnfolk kan ikkje det!. Eg rygga heilt fint, men då eg såg i speilet, såg eg at eg køyrde med ope bagasjelok-kanskje det var det dei flira av? Men eg lest som ingen ting og køyrde inn i "huset" der vi leverer boss-og begynte å tømme bagasjerommet-dei måtte no forstå at det var med vilje eg ikkje hadde late att.Nok om det eg fekk utretta det eg skulle og køyrde heim. Men sidan eg hadde så god tid, køyrde eg bortom gravplassen og vatna blomstrane på grava. Dei såg rimeleg bra ut.I dag hadde eg bestemt meg for å ta beddet nedanfor tilbygget, for no var løkblomstrane ferdige. Eg reinska beddet for ugras og laga til strengar som klematisane skulle klatre i og fylte på med ny mold. Så skar eg vekk grastova som hadde krope innover hellene, og snudde hellene med andre sida opp.Det var ein heil jobb. Til slutt vatna eg og spylte hellene før eg vatna heile resten av hagen. Det går så fint å vatne når eg har så lang slange.
Veggen ser malingslitt ut, men det er feil, for Einar mala her sist laurdag. Til middag i dag vart det ein ny rett: "Grillpølser a la Taco" -dvs. at eg steikte grillpølser og åt dei med ei loffskive og salaten som var att av Taco-middagen til. Taco-saus blanda med rømme er kjempegod dressing til. Berre prøv! Etter middag la eg meg ut på altanen på solsenga og eg trur eg sovna ei stund-ikkje rart når eg står så tidleg opp. Litt seinare kom Marit ned og inviterte på kaffi på altanen. På altanen hennar er det skikkeleg varmt,så i dag var vi verkeleg kjent på sommaren. I morgon skal eg på styremøte hos Eli klokka 12. Eg skulle eigentleg vore på trening då, det må eg skofte, men eg har lova å køyre Marit ned. Så kan eg ev. gjere andre ærend før eg skal til Eli. Eg har nettopp sett nyheiter og ser at Trondheim har stengt ned-eg veit ikkje om Eirik har kome heim eller om han er der oppe.

søndag, mai 30, 2021

Dagbok 2021: 30.mai

Klokka er 17.45, temperaturen ute er + 18 grader C, det er fin sol, men litt vind. Då eg såg ut glaset i dag morgon, hang skodda langt nedetter fjellsidene, men mens eg åt frokost kom det til syne litt blå hinmmel oppe i Skåla. Eg vart gåande å vimse litt på føremiddagen, men så tok eg meg saman,vaska håret og tok på meg skikkelege klede og gjekk ein tur på Vernet. Eg trefte berre to eg kjenner i dag- to som eg snakka med. Det var fint vêr og god sikt då det leid såpass langt på dag. På heimvegen trefte eg "rullator-doktoren" og vi gjekk i lag eit stykke. Prata mest om hage og blomster. Då han jobba på legesenteret her sørga han for blomster i beda rundt huset. Eg måtte vente litt på middagen då eg kom heim, og i mellomtida fylte eg bagasjerommet på bilen min med diverse "boss" som eg skal levere i morgon. I baksetet fekk eg inn eit par sekker med tørt hageavfall. Så då blir det ein tur på VØR i morgon føremiddag. Eg sjekka mobilen min, og der låg det melding frå Eli om styremøte i Pensjonistlaget tysdag kl.12. Då må eg vel skofte treninga. Til middag i dag vart det restar av Taco - middagen frå i går. Etter at eg hadde ete sette eg meg ut på altanen og las i ei bok. Eg var så trøtt at eg heldt på å sovne fleire gonger, så eg tok å laga til solsenga mi. Då var eg ikkje trøtt lenger. Men no skal eg i alle fall ta og lage meg litt kaffi. Marit har hatt besøk av Oddrun i deg. Ho og Stig har "hytte" i Barstadvika, så dei bur ikkje her når dei er "heime". Oddrun køyrer ein kvit Tesla.Vi er blitt aldeles bortskjemt med finevêr no, men eg håper ikkje det er den einaste sommaren vi får. Margrete har bestilt ferie i Solund i år også- i god tid.

lørdag, mai 29, 2021

Dagbok 2021: 29.mai

Klokka er no 17.25, teperaturen ute i skyggen er + 22 grader C, det har vore varmt og fint i heile dag, den kalde vinden som kom i går ettermiddag, kom ikkje i dag. I dag hadde eg planlagt kva eg skulle gjere, og slik vart det.Etter morgonstell og frokost, vaska eg bad og kjøkken. Og så vart det tid for plenklipp på "bøtene" opp mot vegen. Særleg den einbota er veldig ujamn, den skulle sikkert ha vore opppløgt og sått i på nytt, men det er ingen jobb for meg. Eg klipte og raka litt og gjorde så godt eg kunne. Einar skulle komme i 13-tida, og eg var ferdig i god tid før. Einar kom og begynte å male straks han hadde bytt om. Og eg begynte så smått på middagen. Eg hadde kjøpt inn til Taco -og det kunne vi ha om vi var to.Det var lenge sidan Einar hadde hatt slik mat, eg har no hatt det rett som det er i det siste. Eg er så glad i alle dei rå grønsakene- så både Einar og eg var fornøgde med maten. Det passa veldig bra med slik mat på ein fin og varm dag.Etterpå vart det kaffi og is, som vanleg.Etter at eg vart åleine igjen gjekk eg ut og vatna med den lange hageslanget som kan nå heile hagen. Det blir ikkje å traske rundt med vatnekanna slik som i fjor.Det begynnerå blomstre litt både her og der. No blir det snart å rydde vekk leivningar av løkblomstrane. Eg jobbar i hagen kvar dag, men kjem aldri heilt i mål, både graset og ugraset veks fort. Det som blomstrar no er den kvite buska og syrinen som endeleg er friskmeld. I dag fyller Amanda 21 år- ho er komen heim for sommaren og tatt heimeeksamen. Før var det typisk at det var ballettframsyning på dagen hennar, og så feira vi med pizza på restaurant etterpå. Slik er det ikkje i år. Vi får sjå om vi kan få til ein stor fellesbursdag etter kvart.I juni er det minst fem i storfamilien som fyller år.
GRATULERER MED DAGEN, AMANDA !

fredag, mai 28, 2021

Dagbok 2021 - 27.mai

Klokka er 18.05, temperaturen er ca 20 grader C, det er sol og klår himmel. Tidleg på ettermiddagen var det litt kald vind, det var vel "utrønå" som dei kallar det her. I dag tidleg rydda og shina eg kjøkkenet før eg gjorde meg klar for ein tur til Vik. Marit skulle handle på Kiwi i dag, men sidan eg måtte ned og kjøpe bensin, handla eg på Spar, så slapp eg å parkere meir enn ein gong. Eg hadde med meg to bensinkanner i dag, så då har eg så eg greier meg ei stund. Eg har enno att på tanken av det eg hadde før. Då eg kom heim og hadde rydda på plass varene mine, sat eg ute og prata med Marit ei stund før det vart tid for middag. I dag vart det berre brødmat, men det kan hende eg finn noko fristande til kvelds.Eg visste ikkje kva eg ville gjere meir i dag, så eg begynte å vatne litt ute. Men så blei freistinga for stor og eg sette i gang klipparen. Eg klipte rundt huset og så tok eg Skråninga. Det er tredje gongen eg klipper i år. PLenane opp mot vegen har eg klipt berre ein gong, men eg orka ikkje meir i dag. Då eg skulle til å spyle klipparen kom naboen ut og skulle begynne å klippe. Han hjelpte meg med å skøyte på hageslangen min, så no når eg å vatne over heile tomta om det skulle trengast. Det er fantastiske dagar vi har, så det gjeld å vere mest muleg ute og nyte finevêret. Men når klokka går mot 19.00 er eg klar for nyheiter, eg har ikkje på TV-en på dagtid når vêret er fint. Vekene er korte for tida og no er det alt fredag og helg i sikte. Håper alle har det bra og kan nyte desse fine dagane. God helg!

torsdag, mai 27, 2021

Dagbok 2021: 27.mai

Klokka er 18.40, temperaturen ute er + 15 grader, det er sol og fint men litt kald vind. I dag fekk eg støvsuga teppegolva før eg for på trening. Etter treninga køyrde vi rett heim. Det vart å lage seg litt "middagsmat" og så vart det kvilestund i godstolen med serie på TV-en. Etterpå var eg ute og tok opp løvetannplantar igjen-det tek aldri slutt. Det var ikkje så varmt ute i dag, så eg måtte ha på meg jakke.Litt seinare kom Marit ned til meg og vi hadde mykje å prate om i dag også-det er ei stund sidan ho var på besøk hos meg. I morgon må vi vel ha ein handlerunde. Eg har bestenmt meg for å vente med plenslått til over helga, men eg må i alle fall kjøpe bensin. Elles er det nokså tomt i kjøleskap og frysar, så eg må vel ha litt påfyll. Neste veke har eg tenkt meg på VØR med hageavfall og diverse anna. Eg må planlegge litt. Viss det skal fortsette med same fineveret så må eg vel til å vatne i hagen, vinden gjer at det tørkar fort opp. Det skjer ikkje så mykje alle dagar, så eg har ikkje så mykje å fortelje kvar dag.

onsdag, mai 26, 2021

Dagbok 2021: 26. mai

No er klokka ca.18.30,temperaturen ute er + 20 grader, det er lettskya, sol og litt vind. Det kan ikkje bli stort betre enn det er no. Eg var ute og jobba i hagen heile førmiddagen. Klipte kantar, tok opp enda ei bøtte med løvetann, reiv ned litt eføy etc.etc. Til slutt plukka eg inn rabarbra, som eg reinska, vaska og skar opp. Inntil vidare har eg fangsten i frysaren. Så laga eg meg pannekaker til middag, og for ein gongs skuld laga eg passeleg stor røre, men der er att så mykje at eg får ei pannekake til kvelds også. Kvilte meg litt etter middagen, og såg serie på NRK 1.Så gjekk eg ut og jobba litt til i hagen, reinska ugras og fylte på mold her og der, så no har eg brukt opp den eine av dei fem moldsekkane.Eg hadde tenkt å lage potetåker i den andre jordbæråkeren, men har ikkje fått tak i settepoteter. Viss andre i slekta vil bruke åkeren, så må dei gjerne det.Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, eg har no snakka litt med begge Marit-naboane og litt med leigebuarane. Men i morgon er det trening igjen, og kanskje handling. Eg må i alle fall kjøpe bensin før eg kan klippe plen igjen.

tirsdag, mai 25, 2021

Dagbok 2021: 25.mai

Dette bildet er tatt frå Vernet i går ettermiddag/kveld. Klokka er no 18.20, temperaturen er + 20 grader C, det er lettskya litt vind og nydeleg vêr. Eg kom nettopp inn frå hagen ; eg har vore ute sidan ca.kl.15. Eg har jobba, men i mitt eige tempo med mange pausar. Verken ryggen eller knea er noko å skryte av, men det kunne ha vore verre. I dag har eg klipt kantar her og der med saks, så har eg tatt opp ca 3 bøtter fulle med løvetann på rot, og til sist reinska eg rundt bær-og prydbusker, dei eg ikkje rakk å ta sist laurdag. Eg trudde eg var ferdig med den jobben no, men så såg eg at det trongst opprydding rundt dei nyaste buskene også, for ikkje å snakke om hekken bort mot Urke.Ja, det er mykje å henge fingrane i når ein har hage, men hage vil eg ha. I dag måtte eg fare åleine på trening, men i dag var alle så sosiale og pratsomme at tida gjekk som ein røyk. Det var så vidt eg kom gjennom programmet mitt. Etter treninga var eg ein tur på Alti, eg måtte ha meir ugrasmiddel og så var det diverse anna eg mangla. Eg handla ikkje mat i dag, eg får ete på det eg alt har i hus. I dag tok eg fram den minste resten av lasagnaen, men skøytte på med rikeleg is attpå, så eg vart mett nok. I morgon har eg ikkje noko spesielt på programmet, men eg har nok å ta av. T går kveld fekk eg sjå 1.episoden i andre sesong av "Love Child" og i dag skal eg sjå den andre. Eg likar å ha ein serie å sjå innimellom. Eg har ikkje tatt bilde i dag, men eg får sjå om eg finn eit høveleg motiv.

mandag, mai 24, 2021

Dagbok 2021: 24. mai

Bildet er frå Askjellhaugen(gravplassen) ca. klokka 11 i dag. No er klokka 17.15, temperaturen er + 19 grader og no skin sola igjen. Midt på dagen skya det over og det vart kjøleg, så eg gjekk inn. På føremiddagen var eg altså på gravplassen og tok vekk dei visne påskeliljene og planta litt nytt. Det skulle sjølvsagt ha vore gjort før pinse, men det vart utsett. Planta også litt i kassene utanfor kjøkenglasa då eg kom heim. Men blomstrane hadde fått litt for hard medfart, så det kjem an på om eg ikkje må kjøpe litt meir å putte oppi. Det vart ikkje gjort så mykje meir på føremiddagen, eg sat oppe på altanen med Marit ei stund før det skya over og vart kaldt. Då gjekk eg ned att og laga meg litt middag. Deretter vart eg så trøtt at eg måtte sette meg i godstolen og småsove ei lita stund. No er eg på beina igjen, har drukke kaffi og vakna til live att. No er spørsmålet om eg skal gjere noko i hagen -eller om eg skal gå ein tur på Fonnvernet. Eg er ikkje direkte lat, men det er føtene mine som heile tida protesterer. I morgon er det kvardag att - og trening. Og så vidt eg veit er det ikkje fleire raude dagar før det blir jul-ja, utanom sundagane sjølvsagt. No må eg i alle fall ut og sjå til hagen min.
Det gamle epletreet har begynt å blomstre. Det skal få ein skikkelig klipp før neste sesong.(klikk på bildet for å sjå blomstringa)
Dette er ein gammal elektrisk grasklippar. Den var i bruk litt seinast i fjor. No tok eg den fram for å klippe "steinvegen" men den ville ikkje starte.Eg må eventuelt kvitte meg med den, eg har nok rot som det er. Eg reknar ikkje med at nokon vil prøve å reparere-men det er fritt fram.

søndag, mai 23, 2021

Dagbok 2021: 23.mai. Pinsedag

Klokka er no 18.00; temperaturen ute er + 15 grader C, det er overskya no,og opplett, så lenge DET varer. Dagen i dag vart litt annleis enn eg hadde tenkt-men ikkje dårlegare. Eg var ikkje tidleg oppe så eg sat med frokosten på Audun køyrde ned på tunet. Ei stund etter kom Håkon også, dei skulle ut og fiske. Dei var ut og sette linene og kom inn att. Då drakk vi kaffi og åt prinsessekake, som eg fann i frysaren og tinte i mikroen. Sidan eg hadde gutane her fekk dei lov å montere bordet som eg kjøpte førre veka, eg tok ikkje på meg å gjere det sjølv. Så no har eg ein plass til kaffikoppen og fjernkontrollane. Etter ei stund for dei ut att og skulle drage linene. Marit ville at eg skulle komme opp til henne i dag for ho var åleine heime. Ho hadde invitert ei anna venninne også, ei som heiter Brita og er frå Olden. Ja, eg kjenner henne også, for vi går i lag på trening alle tre. Vi fekk kaffi, bollar og kaker, og prata om alt muleg. Eg hadde skrive på Messenger til Håkon kvar eg var, og at dei måtte tute med bilen når dei kom att. Sette plakat på døra også, men høyrde ingen ting. Så då eg såg ut glaset der oppe var bilen vekk. Dermed vart eg verande enda lenger hos Marit og har ikkje gjort noko som helst av det eg hadde planlagt i dag. Det gjer ingen ting, for det kjem vel ein dag i morgon også. Veldig kjekt at gutane kom innom. No har eg drukke kaffi og ete "kaker" i heile dag, så eg trur eg må finne fram spekeskinka mi snart. Håper at alle har hatt ein bra dag.

lørdag, mai 22, 2021

Dagbok 2021: 22.mai Pinsaftan

Klokka er no 19.50, temperaturen ute er + 17 grader C. I dag har det vore delvis skya og delvis sol.Fint vêr får vi vel seie. Eg var ikkje så tidleg oppe i dag, men har no fått gjort det eg skulle likevel. Etter at eg hadde tatt "fredagsvasken" inne gjekk eg ut og begynte på hagearbeidet. I dag har eg ikkje gjort noko "storarbeid" men kava på så mykje eg kunne med litt pirkete arbeid. Dvs. klippe kantar(med saks) reinske ugras etc.etc. Det enda opp med at eg skulle reinske opp rundt hagebuskene,få vekk gras og ugras og fylle på med mold. Men eg vart ikkje heilt ferdig. Det er den ryggen som streikar så eg må ta mange pausar. Men eg likar å halde på ute, sjølv om ikkje resultatet blir som eg har tenkt. Eg har ikkje planta i kjøkkenkassene enno, eg skal plante på grava i morgon, har eg tenkt, og så får eg sjå kor mykje som blir att, og ev. kjøpe noko meir til kassene. Den vesle raude rhododendronen blomstrar endeleg, men det er så fint på andre sida av gata at eg kan glede meg over det synet også.Eg har vore ute heile dagen til klokka 19, med av brot av middagspause - med restar frå i går. Eg tok fram den gamle elektriske plenklipparen, eg brukte den så vidt i fjor, men i dag var det ikkje liv i den. Eg kan gjerne skrote den , så få eg litt betre plass i tilbygget. I dag har eg vore her åleine heile dagen, men hadde ein prat med naboane. Eg har ikkje kjøpt inn noko ekstra til pinse, men reknar med å overleve på det eg har i diverse frysarar. Eg vil ønske alle ei god pinse!

fredag, mai 21, 2021

Dagbok 2021: 21.mai

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 15 grader, men tidlegare i dag var det nokså kjølig. Det har ikkje regna til denne tid, men eg trur det kan kome nokre dropar til natta. I dag har eg hatt ein relativt aktiv dag. Sidan Einar ville kome og male, ville eg lage god middag til han og meg. Etter litt diskusjon med meg sjølv landa eg på Lasagne men hadde ikkje alt som skulle til, så eg måtte ein tur på butikken.Det er vel første gong dei har sett meg på butikken i 9-tida. Eg skulle ha melk og ein del grønsaker. Ingen problem når ein har ein liten Yaris. Då eg kom heim sette eg i gang med å lage maten, og då eg hadde fått forma inn i omnen flaut kjøkkenet over av ting og tang som trong ein vask. Den tok eg for hand, eg gjer det fortare enn maskina, og så vart det ryddig igjen. Eg har ikkje vore heilt god i ryggen og føtene i dag, eg skuldar litt på alle moldsekkane eg kjøpte i går. Eg sette meg til å strikke mens eg slappa av heilt til Einar kom. Han ville male altanrekkverket nedover, etter at han hadde sett litt på det. Mens han mala, klipte eg plenen rundt huset og nede i bakken. Eg vart ikkje heilt ferdig før middag. Lasagnen smakte godt, med rikeleg rå grønsaker til. Sunt skal det vere! Vi åt godt begge to, men vi kunne gjerne hatt ein gjest til. Det er tradisjon at eg lagar Lasagne når Rasmus og fam. skal komme-men ikkje elles. Så dette var eit unntak. Etter middagen drakk vi kaffi og åt is.Og prata sjølvsagt. Då Einar hadde reist gjekk eg ut og klipte ferdig Skråninga, og så planta eg påskeliljene som eg hadde på trappa i beddet nedanfor garasjen. Det sjølvsagt ikkje noko pryd no, men eg håper dei kjem for fullt neste år. No i sommarhalvåret kuttar eg ut fredagsvasken, og vaskar på laurdag når eg er ferdig med alt rotet mitt. Eg fekk ikkje planta i kassene i dag, men det er no ikkje så mykje arbeid, så det skal eg no klare i morgon. No vart det så fin sol ute at eg må sette mreg ut på altanen. Ønsker alle ei fin helg:God pinse!

Bok nr. 21 - 2021: Hva hun klager over når hun klager over husarbeidet

Denne boka har eg lese i papirutgåve på senga ein liten halvtime kvar kveld. Den var ikkje tung å lese, men eg må innrømme at eg ikkje fekk så mykje ut av den som Margrete gjorde då ho las den. Ho har skrive om den på bloggen sin.

torsdag, mai 20, 2021

Dagbok 2021: 20.mai


Klokka er no 19.45, temperaturen er + 8 grader og det regnar litt innimellom. I dag prøvde eg å få gjort litt før treninga, så då vaska eg vinduskarmar og pyntepotter, og tørka støv på stova.Etter trening skulle vi handle litt, så det blei tur både på Alti og på Spar. Då vi kom heim var det alt langt på dag og tid for middag. Etter at eg hadde ete sette eg meg til å strikke og sjå TV.Eg hadde planer om ein tur på plantasjen etter at verste trafikken var over. Marit ville vere med og vi for ca klokka 18. Men trafikken var ikkje slutt, vi møtte så mange bilar at vi kom til at der hadde "vore ei ferje".Eg hadde til ærend å kjøpe ein sekk til med Kugjødselkompost og så smelte eg til å kjøpe fem sekker med mold i tillegg.(Det var eit styr å få sekkane inn i bilen-dei var glatte og våte) Det var tilbod på 5 sekker for 300-og noko. Eg fann ein blomst til grava og nokre som eg skal plante i kassene utanfor kjøkkenglaset. Påskeliljene er no sett til avblomstring, dei skal få plass i eit bed, så kjem dei att neste år.Håper eg. I dag har eg ikkje fått gjort noko ute, men i morgon skal det bli betre vêr så då får eg kanskje klipt plenen igjen. Eg plar klippe kvar veke og i morgon er det ei veke sidan sist. Så skal eg spade opp potetåkeren min, men settepoteter har eg ikkje fått tak i enno. Kanskje plantar eg på grava viss eg rekk det. I kveld skal eg kose meg med 2.semifinalen av MGP. Eg skal innrømme at eg ikkje likar alle songane så godt, eg synest dei set mest inn på å få eit fint sceneshow, det skortar på fine melodiar- men det er vel eg som ikkje heng med i tida-med god grunn.

onsdag, mai 19, 2021

Dagbok 2021: 19.mai

Klokka er no 17.25,og temperaturen ute er + 13 grader C. I dag har det vore litt sol, litt regn og litt vind. Godt arbeidsvêr med andre ord. Akkurat no skin sola igjen. I dag hadde eg ein plan. Først laga eg ei grønsaksuppe og så shina eg opp kjøkkenet, tok ned gardinene og hadde dei i vaskemaskina - der ligg dei enno. Så gjekk eg ut og begynte å rydde i beddet ved garasjen, fjerna ugras og anna som ikkje skal vere der. Så klipte eg plenenane opp mot gata. Kunne godt ha klipt nedafor huset også, for det hadde vakse veldig godt sidan fredag, men eg klipper ikkje oftare enn ein gong for veka uansett !!!! Det som er kjekt når ein jobbar oppe mot gata er at folk kjem forbi og pratar ei lita stund, dermed føler ein at ein er litt sosial. Eg har hatt mange gode pratestunder i dag. Før eg tok pause spylte eg klipparen grundig, for den såg ikkje ut etter alt det halvvåte graset. Då klokka var ca 14.30 gjekk eg inn og gjorde ferdig middagen. I dag var det som sagt grønsaksuppe på menyen, men oppfinnsom som eg er, fann eg på å ta restane frå taco-kjøttdeigen opp i suppa. Og Voila der hadde eg "krydra kjøttsuppe med grønsaker". I dag bevilga eg meg ein ganske stor porsjon med is-fordi eg fortente det. Etter middagen gjekk eg ut att i beddet og hadde på kugjødselkompost og pynta der litt. Eg ser at beddet treng eit løft, så eg får pønske ut ein plan. Gudmund greidde å få opp flaska med ugrasmiddel så eg tok ein runde og spraya på skvalderkål. Beddet på nedsida av garasjen skal eg ta ein annan dag, der er ein del tulipanar og dei må få blomstre i fred. Eg har nok av andre oppgåver i hagen, men dette er arbeid eg likar, så får eg heller halde ut litt leggkrampe og ryggverk. Armane og hendene fungerer i år-det gjorde dei ikkje i fjor, så somme ting går framover til trasss for alderen. Og i morgon er det trening igjen 12.30-13.30.

tirsdag, mai 18, 2021

Dagbok 2021: 18.mai

Klokka er no 18.07 og det er + 10 grader ute. Finevêret som vi hadde i går tok fort slutt, i dag har det regna meir og mindre heile dagen. Før vi skulle på tening vart det ikkje gjort stort anna enn å dusje, vaske håret og kle seg i høvelege klede. Vi trena som vanleg i ein time, og då var vi ute i bilen att før kl. 12.30. Vi stoppa på Kiwi og handla litt, så sat vi i bilen og prata ei stund då vi kom heim. Ved postkassa trefte vi naboane og vart ståande å prate med dei - og så gjekk no tida. Fekk ikkje gjort særleg mykje fornuftig før middag. Middagen i dag vart om lag som i går, nemleg Taco, men der er ikkje nok att til i morgon. Etter middag sette eg meg inn i godstolen og skulle strikke, men heldt på å skulle sovne fleire gonger. Har ein serie på Netflix som eg har ståande på utan at eg engasjerer meg noko særleg. Eg vart sittande å strikke til eg var ferdig med lesten, no har eg berre ein att, så er eg ferdig med to par. Det eg hadde tenkt eg skulle gjere i dag var å rydde bedet ved garasjen. Eg var ute og tok vekk masse ugras nedst i hagen i går ettermiddag, for eg ville ikkje halde på opp mot vegen på 17.mai, så eg sparte det bedet til i dag, men så har det ikkje vore så fristande å gå ut i regnvêret. Eg hadde også eit håp om å få klipt plenane opp mot vegen, men det er altfor vått enno. Det er bra at det eg planta får vatn, men eg får ikkje gjort meir av det eg har tenkt før det blir betre vêr. I dag gjekk eg inn på "helsenorge" for å sjekke om eg har frikort, slik taxisjåførane påstår. Eg har nemleg ikkje fått brev i posten om det, slik som Marit har. Men på "helsenorge" låg frikortet mitt, berre synd at eg ikkje fekk printe det ut, det går også an å få det digitalt på telefonen, men eg har ikkje ordna det enno. Eg betalte fysioterapeuten i dag, det eg betaler for mykje,set "helsenorge" inn att på bankkontoen min.No har eg frikort resten av året, men håper ikkje eg får altfor mykje å bruke det til. No er det litt opplett ute, men alt er vått, så det fristar ikkje å begynne med noko no. Seinare i kveld blir det MGP så då får vi kanskje sjå om TIX går vidare. Eg får vel begynne på siste lesten, og når den er ferdig skal eg strikke genser til meg sjølv av garnet som Margrete og eg kjøpte i Volda. - No er det kome så mykje grønt lauv på trea at vi knapt ser fjorden.

mandag, mai 17, 2021

Dagbok 2021: 17.mai

Klokka er no 15.30, temperaturen ute er + 19 graderC, og det er litt vind. Fantastisk fint 17.maiver. Bjørkene er endeleg blitt grøne, men det er den seinaste våren vi har hatt på mange år. Eg vakna klokka 7 i dag, og skunda meg ut på altanen og hengde opp flagget. Så la eg meg inn i senga og sov ein time til. Eg var stolt over å ha vore den første til å heise flagg, men på TV litt seinare , fekk eg vite at flagget skal heisast klokka 8, så eg har gjort noko ulovleg på sjølve grunnlovsdagen. Eg hadde ingen planar for dagen, men sette meg til å strikke framfor TV-en, og fekk sjå både konge og dronning- mens eg strikka på ein lest. Eg hadde planar om å gå på Vernet i dag, tenkte kanskje der var så mange at det vart eit tog. Det var ikkje så mange der akkurat då, men det var fin utsikt over bygda og fjorden med seglbåtar. Trefte ingen kjende før eg kom ned att i Storebakken, der var Ingvill og foreldra hennar, som eg kjenner godt. Vi vart ståande å prate ei lang stund. Så skulle eg heim og lage middag. Eg hadde grillpølser men ikkje pølsebrød, så tenkte eg at eg kunne bruke Taco-lefser i staden. Men eg ombestemte meg. Eg hadde kjøttdeig og nesten alt det andre eg trong til Taco, så då vart det det. Det eg mangla var grøn salat og evt. agurk. Det vart i alle fall eit herremåltid, og med is og kaffi etterpå vart det heilt topp. Ulempa er at eg åt for mykje og er altfor mett. Eg har lyst å styre litt ute i hagen når eg ikkje er fullt så mett lenger. Skulle ønske at eg hadde hugsa å kjøpe settepoteter, men eg har no litt bed å luke t.d. Marit kjem ikkje ned til meg i dag, for dei har selskap og besøk frå Volda. I morgon blir det vel å møte opp på treninga igjen, eg ville heller ha vore heime og klipt plen og jobba med diverse. Det gir meir meining enn å sitte og sparke med føtene på diverse apparat.Det er framleis tidleg på dag, og viss det skjer noko spennande skal eg skrive meir seinare.

søndag, mai 16, 2021

Dagbok 2021: 16.mai

Klokka er no 16.30. Temperaturen ute er + 12 grader og no har vi endelig fått nok regn. Ja, eg ville ha regn ned i gjødselen som eg spreidde før den laga for mange brune flekkar. Så vart det altså full vatning i dag så no slepp eg å fare med vatnekanna. Elles har dagen gått veldig fort til tross for at eg har vore her åleine og ikkje "gjort" så mykje. Då eg vakna i dag, etter å ha sove berre nokre få timar, verkte eg i føtene og i ryggen og liksom overalt. Eg tenkte som så at no får eg ikkje klippe plen meir eller plante elle gjere noko som helst. Eg gjkk likegodt og la meg i senga igjen-ei lita stund, så spratt eg opp (sprette og sprette?)og var i fin form. Eg hadde tenkt kvile i dag uansett, så eg har sete og strikka og sett Netflix, men eg har no sett på vaskemaskina eit par gonger, ja, og så har eg no rydda litt her og der. Eg har strikka ferdig eine lesteparet som eg fekk garn til av Solveig, og lagt opp ein lest til par nummer to. Når eg er ferdig med lestane, skal eg begynne på genser til meg sjølv.I dag laga eg skikkeleg middag til meg sjølv, og i tillegg var det ein av favorittrettane mine, nemleg spekesild med poteter og kålstuing. Det var kjempegodt. Dei tre dagane med spekeskinke gjorde at det vart mykje drikking, så får vi sjå korleis det går etter spekesildmiddagen. Det er på Coop eg får den silda som eg likar så godt, den er ikkje frosen , men vakuumpakka og akkurat passeleg salt til å ete utan at eg må vatne.Eg vart veldig mett etter middagen.- Lollo, katten til Marit kom på trappa mi vel ein halvtime før Marit kom att, akkurat slik ho hadde tenkt. Eg gjekk ut på trappa og gav henne litt kvitost, for det likar ho så godt. Ho vil aldri inn i huset til meg. Då ho hadde fått osten gjekk ho opp til vegen og sette seg til å vente.- Det er så fint på muren der oppe no, den raude rhododendronen blomstrar, min stå med knoppar enno, det er meir sol der oppe. Men eg kan sitte ved kjøkkenbordet og nyte synet av andre sine plantar. Eller eg kan sjå på plommeblomstrane mine. I dag, på dagen før Dagen, er det Eivind som har bursdag,i dag fyller han 19 år og er "korona-russ". Alle barnebarna , med unntak av Erlend, fyller år i første halvåret, så det har vore mange fødseldagar i mars, april og mai spesielt. Ein gong må det vel bli råd å feire i lag. I morgon på 17. mai har eg ingen planar. I fjor gjekk eg ein tur på Fonnvernet-og det blir vel noko liknande i år. Eg har i grunnen ikkje brydd meg så mykje om grunnlovsdagen etter at eg slutta å gå i barnetoget med elevane mine. For to år sidan var det veldig fint og varmt på 17.mai, då var Amanda russ, og eg var ein tur til Volda på ettermiddagen i lag med Margrete og barna.Eg vil ønske alle ein fin 17.mai - uansett vêr.
Design: Arne og Carlos.

lørdag, mai 15, 2021

Dagbok 2021: 15.mai

Det er lettskya, men ikkje mykje sol akkurat no. I dag hadde eg planlagt kva eg skulle gjere og eg kom i mål med god margin. Etter frokost etc. tok eg fredagsvasken som denne gongen vart utsette til laurdag. Deretter rygga eg ut bilen og vaska den med svamp og bilschampoo før eg spylte den; tok trappa og skurte og spyla den også. Eg talde på fingrane om eg skulle klippe plen eller la vere, men eg bestemte meg for å klippe rundt huset. Der var så stygt, med ugras og restar av vårblomster etc. Eg klipte og det vart litt betre men flekkane der gjødselen hadde "brent" mosen, var ikkje så fint. Men slik har det alltid vore, eg hugsar at eg var irritert på Nils fordi han alltid laga flekkar på plenen. No gjer eg det sjølv. Eg vart ståande å sjå nedover skråninga og grunda på om eg skulle ta den også - og om eg orka. Det gjorde eg. Dei to små plenane oppe mot vegen skal få stå til over helga. Eg har mange kantar som skulle vore klipte med det får stå på vent. Eg spylte klipparen etter bruk, Nils var alltid nøye med det, og det er han som har lært meg opp. Eg var silande sveitt etter strabasane, og fann ut at det var nok mosjon for i dag. Hendene mine var like grøne som graset fordi eg ikkje hadde hugsa å ha på meg hanskar. Det var berre å gå rett i dusjen.Då var klokka ca 15 og det vartid for middag. Eg gad ikkje å lage noko i dag heller, så det vart spekeskinke for tredje dag på rad. Etterpå fekk eg litt is og ein kopp kaffi, fordi eg fortente det.Så sette eg på ein serie på Netflix og sat og strikka mens eg kvilte beina.Det blir ingen tur på Vernet i dag!-Lollo , katten til Marit, som eg passar, har ikkje vist seg i dag, men Marit trur at ho kjem heim att i morgon når dei kjem att frå hytta. Så får eg ønske alle god helg og ein fin 17.mai.
I alle åra som eg har stelt hagen har eg klipt plen to gonger før 17. mai. I år blei det knapt ein gong.

fredag, mai 14, 2021

Dagbok 2021: 14.mai

Klokka er no 16.30, sola skin og det er + 19 grader ute.På føremiddagen var det ikkje SÅ fint, då regna det faktisk litt, men det varte ikkje lenge.- I dag bestemte eg meg for å utsette fredagasvasken til i morgon og heller få gjort diverse anna. Eg kvidde meg litt for å køyre bil på allfarveg i dag, har køyrt innafor sentrum heile etterjulsvinteren og våren, og her på Vallabøen er fartsgrensa 30km/t. Men eg skulle i alle fall ned på Kiwi og handle mat. Men motet vaks og det blei til at eg køyrde bort på Plantasjen og kjøpte 2 sekker med kugjødselkompost. Då eg kom heim att angra eg på at eg ikkje hadde kjøpt nokre fine raude geraniar som eg hadde sett. Settepoteter gløymde eg berre. Der var veldig mykje folk på Plantasjen i dag, det skal vel pyntast til 17.mai? På heimvegen stoppa eg på Skeidar og kjøpte eit sånt lite bord som eg ønska meg. Treng det til å ha kaffikoppen og alle fjernkontrollane+ strikketøy etc. når eg ser TV. Mat handla eg på Kiwi. Då eg kom heim, bar eg eine sekken ned i hagen og fylte kugjødselkompost på plantane som eg fekk i jorda i går. Bringebæråkeren såg ikkje ut! Den var heilt attgrodd med skvallerkål. Eg bestemte meg for å reinske den heilt fint før eg gjekk inn att. Det tok meg over to timar, og ryggen protesterte , men eg gav meg ikkje. Tok ned ein stol, så eg kunne få retta ryggen og kvilt litt innimellom."Åkeren" vart ganske fin til slutt, men eg veit kor fort skvalleren kjem att, så eg har ingen falske forhåpningar. Strødde litt kugjødselkompost der også, og resten hadde eg på jordbæråkeren.
Etterpå vart det middag, same retten som i går; spekeskinke og potetsalat. Eg fekk litt is til kaffien som var desseten i dag. Så kvilte eg og såg ein episode på Netflix imens, men eg trur eg sovna litt. No har eg eigentleg lyst å gå ein tur på Vernet, eg veit dei har pynta der med over 130 flagg som dei har festa til gjerdestolpane, eg har sett det på Facebook. Men-eg må heller vatne plantane mine. Før om åra har eg alltid klipt plenen to gonger før 17.mai-i år spørst det om den blir klipt i det heile tatt. Eg tek kanskje og klipper over nedom huset i morgon, det vil tida vise. Eg passar Lollo mens Marit er vekke, men i dag har eg ikkje sette henne. Eg har vore ute og ropt på henne fleire gonger, og eg var opp til huset og såg etter henne der, men utan resultat.Håper det ikkje har hendt henne noko. Marit kjem att på sundag.

torsdag, mai 13, 2021

Dagbok 2021: 13.mai: Kristi Himmelfartsdag

Klokka er no 17.20, det var litt skodde i fjella først på dagewn, men så vart det sol og fint, ikkje heilt klårt, men lette skyer. På føremiddagen vart eg sittande å strikke og sjå serien "Love Child" på NRK TV, men så vart 1. sesongen slutt, og den andre er ikkje lagt ut enno. Men så kom eg meg ut etter kvart for å plante buskene eg kjøpte i går. Eg planta blåbær for to år sidan, men avlinga vart ikkje stor. Det var Wenche som sa at eg måtte plante ei buske til, for blåbærbuskene trivst ikkje åleine. Så no er det gjort. Eg kjøpte ei solbærbuske på Eid for 2-3 år sidan , den var det mykje fine bær på i fjor, så no prøver eg meg med ei buske til. Vi har planta solbær fleire gonger før, men det kom alltid sjukdom på dei. Eg har planta desse buskene i ei rad-der som sukkerertene var før, så jorda må vere god. Likevel trur eg at eg må ha litt kugjødselkompost å spe på med. Marit U kom bort og surde om eg ville ha jordbær-avleggarar, og det ville eg, i fjor fekk eg også plantar med henne og planta ei rad i den gamle jordbæråkeren, no planta eg ei rad til. Og så var det å vatne! Det var faktisk ganske tørt ute, noko som viste godt på den gjødsla plenen. Planen var at gjødselen skulle "brenne" bort mosen og det har den gjort med glans, heile plenen er brunflekkete, så den fekk også litt vatn frå slangen. Eg blir fort trøtt når eg jobbar med noko, mest i beina, så det vart ikkje til at eg gjekk tur i dag. Då det nærma seg middagstid lurte eg på kva eg skulle ha i dag. Då kom eg heldigvis på at eg hadde kjøpt spekeskinke og potetsalat på Coop i går, så middagen vart redda. Eg tok med kaffikoppen ut på altanen etterpå og sat i sola og kosa meg. La meg ned på solsenga ei stund også, med lydbok, men sovna heldigvis ikkje. No har eg nok å gjere med å drikke. Det er straffa for å ete spekeskinke! I morgon skal eg kanskje kjøpe det vi ikkje kjøpte i går, viss det ikkje er altfor mykje trafikk-i går var det enormt med bilar ute og fór. Vi får heldigvis eit par kvardagar før neste dobbelthelg.

onsdag, mai 12, 2021

Dagbok 2021: 12.mai

Klokka er no 18.18, temperaturen ute er + 15 grader, det er lettskya og fint.I dag hadde eg avtale med Margrete om ein lopradag. Det vil seie at vi ikkje skulle ha plikter, men gjere det vi hadde lyst til. Margret kom hit i 12-tida, og så bestemte vi oss forå fare til Ulsteinvik - min tredje tur dit på vel ei veke. Men eg hadde no berre vore på "Øre Nese Hals"- dei to første gongane. I dag tok vi ein runde på dei fleste klesbutikkane og såg på mykje fint-og mindre fint-utan å kjøpe noko. Men vi var på kafe og kjøpe nydelig Kvæfjordkake og kaffi. Vi vart samde om at det var like mykje å få kjøpt i Ørsta/Volda, så vi trong ikkje å kjøpe noko der ute. Vi reiste til Volda, men tok ein liten avstikkar ned i Selbervika. I Volda blei det til at eg kjøpte meg garn til ein genser, vi handla med Ingrid Salt som er kollega med Margrete på skulen i tillegg til at ho driv garnbutikk. Derfrå for vi på Plantasjen, vi gad ikkje å kjøpe mold i dag, men eg kjøpte ein blåbærbusk og ein solbeærbusk som eg skal plante i hagen min. Eg har tenkt å bruke kompostjorda som eg har til det. Vi spurde om dei hadde settepoteter, og det hadde dei, men vi ville lage til åkrane før vi kjøpte. Så vart siste stoppet Coop der eg kjeøpte diverse matvarer, og så var vi inn på kafeen og kjøpte oss hamburger og brus. Og vi var samde om at det hadde vore ein kjekk dag/tur. Det som var viktig for oss i dag var å gjere noko vi hadde lyst til-og det har vi gjort.No er eg heime med meg sjølv og Margrete på veg heim til huset sitt og Charlie. Då eg såg på datoen i dag, kom eg i hug at far min døde den 12.mai. Det er 60 år sidan no. Eg hugsar at då han låg på sjukehuset i Volda, var eg ein tur til Eid. Då plukka eg med meg greiner av det ville kirsebærtreet som stod i blomst. Pappa var alltid så glad i blomster. I dag blomstrar plommetrea litt meir enn i går, så snart er det fullt flor,då får vi håpe at humlene finn fram i år også. Det er som ei helgeaftan i dag, så eg får ønske god helg. Det var utruleg mykje trafikk på vegane i dag, men Margrete er ein habil sjåfør, så alt gjekk bra.Det grønkast mykje i skogen no om dagane, så her er snart like fint som ute på kysten.

tirsdag, mai 11, 2021

Dagbok 2021: 11.mai

Klokka er no 15.55, temperaturen ute er eventyrlege + 18 grader, det er skya og litt vind. Men herleg å kunne sette opp dører og glas for skikkeleg gjennomlufting. Eg har nettopp støvsuga alle teppegolva, så no er det gjort til helga. I dag vakna eg klokka sju , men låg til nærmare halv 8. Drosjen var bestilt til klokka 9.30 så vi hadde god tid til å gjere oss klar. Då drosjen kom var det nærmast ein MAXI-TAXI. Det som eg kjekt med slike høge bilar er at ein får sjå seg så godt rundt, sjåføren var flink, har køyrde jamnt og bra fort. Det var så fint å sitte å nyte den fine naturen langs vegen. Vi kom fram i god tid og slapp å vente så lenge. I dag berre kika legen inn i øyrene, nasa og halsen min, så fekk eg kome inn til ei dame som testa hørselen. Eg fekk sjå resultatet på ei kurve, så det er ikkje tvil om at eg har nedsett hørsel. Eg hadde ein prat med ho som testa og ho anbefalte høyreapparat på begge øyra. Eg skal ut att den 6.august, eg syntest det var lenge til, men sommaren går fort. Marit skulle også få nye høyreapparat, så vi fekk time i lag. Det var samme bil ogsjåfør som køyrde oss heim. Det er Marit som ordnar med taxi, for det har ho lang erfaringstid i. Begge gjekk gratis fordi dei påstår at eg også har frikort-men eg har ikkje fått melding om det. No er det slik at lege, fysioterapi og medisin kjem inn på samme konto, derfor får ein nokså snart frikort viss ein brukar tenestene. Eg har ikkje vore til lege sidan i fjor vår, men har gått på trening. Heimturen var også fin, eg hadde no eigentleg hatt lyst å vore att i Ulsteinvik ei stund, men i morgon skal eg på shopping med Margrete viss det går etter planen.Ser fram til det.
Bilda er frå venterommet. Då eg kom heim laga eg meg ei grønsaksuppe, og til dessert vart det pannekake av røra frå i går. Etter maten slappa eg av litt og såg nyheiter på TV, før eg tok fram støvsugaren og støvsugde alle teppegolva. Det blir ikkje gjort så ofte som før-no når eg er her så mykje åleine. No har eg tenkt meg ut i hagen ei stund, tok opp ei bøtte med løvetannrøter i går kveld også, men der er mykje att. Det ser endeleg ut til at plommetrea vil blomstre no, ute i Ullsteinvik var det kome mykje lenger.

mandag, mai 10, 2021

Dagbok 2021: 10.mai

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er + 16 grader C, det var litt sol tidlegare i dag, men no er det overskya. Denne dagen fekk ein "flying start" for mitt vedkomande, dusja og vaska håret før eg åt frokost.Så ringde eg på legesenteret og det var ingen ting i vegen for at eg fekk spylt øyra mitt, men ikkje i dag. Eg sa at eg skulle til Ulsteinvik i morgon, og viss eg kom med voks i øyret blei eg sendt heim att. Då fann ho litt tid til meg, og det skulle ikkje mange minutta til før øyret var reint. Ikkje var det vondt heller. Når eg har vore til øyrelege før, har eg alltid spylt øyra først, men då var det berre å gå på legekontoret og sette seg i venterommet for laboratoriet-trong ikkje bestille time. Etter skyllinga tok eg ein tur på Europris og kjøpte vaskepulver og andre reingjeringsmiddel. På heimvegen stakk eg bortom gravplassen og såg til påskeliljene på grava. Dei står fint enno. Etter at eg hadde bytta på meg arbeidsklede gjekk eg ut og gjødsla plenane mine.Eg hadde to sekker med gjødsel, men skulle gjerne hatt meir, for der er så mykje mose alle stader. Så gjekk eg inn att og begynte å vente på ei regnbyge, men den er ikkje komen enno. Det hadde regna sist natt, så eg håper det kjem ei byge til natta om ikkje før. Eg laga meg pannekaker til middag og etterpå vart eg så trøtt i dag igjen, at eg sat og halvsov då Marit kom. Ho hadde fått melding om at ho skulle gå inn på "Pasientreiser". Men ho fekk det ikkje tl, så ho skulle vente til Janne kom heim. Seinare sende ho melding til meg om at ho hadde snakka med dei på Taxi-sentralen, og vi får lov å sitte i samme drosjen begge to. Han hentar oss her klokka 9.30 i morgon tidleg. Så vi kjem oss i alle fall TIL Ulsteinvik, så blir det vel råd å komme seg heim også, då er det ikkje så nøye med tida. Der går vel ein buss? Eg følte på at eg har vore litt lat på ettermiddagen, så eg trur eg skal gå ut og ta opp eit par bytter med løvetannrøter, no begynner dei å bli så store at dei er letteå finne.

søndag, mai 09, 2021

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle plenane i dag, men det får eg heller gjere i morgon.I dag fekk eg melding frå Bodil om at dei ville komme på besøk og det var no veldig kjekt. Eg bad om at Svein måtte ta med seg verktøy til å måle lufttrykket i bildekka mine, for eg hadde mistanke om at det var faretruande høgt, og det var det. Men no er det i orden. Svein såg også etter andre ting på bilen, og fann ut at det var i orden. Elles hadde vi veldig mykje å prate om , som vanleg, og denne gongen var det VELDIG lenge sidan vi hadde møttest. No er både Svein og eg ferdigvaksinert, og Bodil har fått første Pfizer-sprøyta, så vi følte oss trygge. I dag fekk eg eit nytt maleri som Svein hadde malt etter eit gammalt maleri. Det er frå Eid i veldig gamle dagar. Elles driv eg og drypper øyret mitt i tide og utide, håper å få skylt øyra på legesenteret i morgon, så det ikkje blir enda ein bomtur til Ulsteinvik. Eg har lyst å gå ein liten tur no, får høyre med høgre kneet om det går bra.
Det vart ein snartur på Vernet i dag også.

lørdag, mai 08, 2021

Dagbok 2021: 8.mai

Klokka er no 21.25 og temperaturen ute er + 4 grader C. Sola skin på andre sida av fjorden, men her hos oss har den tatt kvelden. I dag har det veksla mellom sol , regn og haglbyger. Eg var ute ei stund på føremiddagen og tenkte å jobbelitt i hagen, men vinden var iskald. Eg fekk rydda aldri så lite og tok opp eit par bøtter med løvetannrøter. Dei var mindre komne enn vanleg på denne tida. Plommettrea står enno med knoppar som ikkje har sprotte ut-det er sein vår. Eg gjekk inn att for å varme meg, og brått styrtregna det. Eg hadde gløyt å stille opp varmepumpa så det vart til at eg måtte fyre litt i omnen for å halde varmen. Det varte ikkje så lenge, så var det tid for middag og den vart lettvint: Restar frå i går. Eg vart så mett at dpå eg sette meg inn i godstolen, sovna eg ei lita stund.Men eg var vaken då Marit ringde på. Vi hadde avtalt at ho skulle komme nedom. Vi prata og drakk kaffi ei stund, så ringde det på igjen. og no var det Solveig. Hadde vi venta litt med kaffien så hadde vi hatt god kaffimat, for Solveig hadde med seg heimelaga "kanelbollar eller eg er ikkje heilt sikker på kva det heiter når det er gul krem på toppen. Marit gjekk opp att etter ei stun, men eg smakte på baksten, men fraus ned det meste for ikkje å bli frista. Så vart eg sittande å sjå på TV-på presentasjonen over MGP låtar-Eg har vanskeleg for å vurdere innslaga, trur musikksmaken min er ute på dato. Elles har eg brukt litt tild på å dryppe øyret mitt, for eg finn meg ikkje i at han "spesialisten " grev meg i øyret med tortur-reiskapane sine. Det er på tysdag Marit og eg skal til Ulsteinvik igjen-forhåpentlegvis i samme drosje.

Dagbok 2021: 1.august.

Klokka er no 17.40, temperaturen er + 16 grader, det er lettskya og sol.- Ja, så er vi komne til august og ferietida nærmar seg slutten fo...