lørdag, mai 22, 2021
Dagbok 2021: 22.mai Pinsaftan
Klokka er no 19.50, temperaturen ute er + 17 grader C. I dag har det vore delvis skya og delvis sol.Fint vêr får vi vel seie.
Eg var ikkje så tidleg oppe i dag, men har no fått gjort det eg skulle likevel. Etter at eg hadde tatt "fredagsvasken" inne gjekk eg ut og begynte på hagearbeidet. I dag har eg ikkje gjort noko "storarbeid" men kava på så mykje eg kunne med litt pirkete arbeid. Dvs. klippe kantar(med saks) reinske ugras etc.etc. Det enda opp med at eg skulle reinske opp rundt hagebuskene,få vekk gras og ugras og fylle på med mold. Men eg vart ikkje heilt ferdig. Det er den ryggen som streikar så eg må ta mange pausar. Men eg likar å halde på ute, sjølv om ikkje resultatet blir som eg har tenkt. Eg har ikkje planta i kjøkkenkassene enno, eg skal plante på grava i morgon, har eg tenkt, og så får eg sjå kor mykje som blir att, og ev. kjøpe noko meir til kassene. Den vesle raude rhododendronen blomstrar endeleg, men det er så fint på andre sida av gata at eg kan glede meg over det synet også.Eg har vore ute heile dagen til klokka 19, med av brot av middagspause - med restar frå i går. Eg tok fram den gamle elektriske plenklipparen, eg brukte den så vidt i fjor, men i dag var det ikkje liv i den. Eg kan gjerne skrote den , så få eg litt betre plass i tilbygget. I dag har eg vore her åleine heile dagen, men hadde ein prat med naboane. Eg har ikkje kjøpt inn noko ekstra til pinse, men reknar med å overleve på det eg har i diverse frysarar. Eg vil ønske alle ei god pinse!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar