torsdag, november 30, 2017

Dagbok 2017: 30.november

Klokka er 18.40, temperaturen er minus 6 grader C, og det har vore ein klår og fin dag. Om ikkje sola når ned til oss no, blir det i alle fall lyst i for dag, og med lyset kjem energien-min i alle fall.
Det er kaldt, så eg fyrte i omnen før middag, men så greier vi oss med varmepumpa resten av dagen. Nils blir lett for varm, så eg får berre kle godt på meg.
I dag kom HBO før Nils var oppe, for å måle sukkeret. Då dei kom kvar ettermiddag fekk han insulinsprøyte kvar gong, men om morgonen er sukkeret lågt, så han får ikkje noko. Han slapp å stå opp, for ho gjekk inn til senga og målte.
Eg var sjølvsagt oppe for lengst, og hadde vaska "rundt" på kjøkkenet og golva på bad og kjøkken. Likar å få unna ein del ting før Nils er oppe.
Då han stod opp kokte eg kaffi og vi åt frokost nr.2. Kan ikkje kalle det lunsj, for det er ikkje noko stort måltid.
Så gjekk eg til arbeid igjen. Bytta på sengene og lufta sengetøyet. Det skal vere bra å henge ut sengetøy i minusgrader, då kan ein drepe midden, seier dei. Men eg veit ikkje om det var kaldt nok i dag. Eg fekk i alle fall vaska soverommet også, og sengkleda kom i vaskemaskina. Orkar nesten ikkje å tenke på korleis det hadde vore å vaske klede på "gamlemåten" vinters dag. Vi har fått mange gode hjelpemiddel i mi tid. 
Middag laga eg mens vi såg "Kakekrigen". Dei lange reklamepausane kan nyttast ut. For å sleppe å ha restar åt eg sjølv litt for mykje, noko som plagar meg litt. Nils åt også godt. I dag fekk vi gjort ende på dei heimelaga kjøttkakene, og matlageret vart litt redusert.
Nils er relativt bra om ettermiddagane, særleg etter at han har sove middag. Før middag er han nokså slapp.
I morgon veit eg at Margrete og Amanda kjem ein tur. Solveig plar kome fredagskveldane, men håper ho ikkje kjenner seg forplikta.
Eg har hatt ut boss i kveld, og viss dei tek med seg alt er eg kvitt alle "hagesekkene" mine.

onsdag, november 29, 2017

Dagbok 2017: 29.november



Klokka er 19.55, temperaturen er minus 2 grader C og eg var nettopp ut på trappa og knipsa eit bilde av vêret. Reine julestemninga. Ja, eg grip meg sjølv i å ønske at det må komme meir snø, og at den må bli liggande ei stund. Eg ønsker meg sparkføre! Nils sit og ser fotballkamp på TV, eg skulle prøve å lese lydbok, men ville berre sovne, og garnet eg strikkar på er så å seie oppbrukt. Det er nesten krise, men seinare er det program på TV som eg også skal sjå. Nils vakna ikkje skikkelig til live før etter middagsluren. Han sov lenge i dag tidleg, og då han stod opp var han like trøtt utover føremiddagen. 
Før han stod opp fekk eg støvsuga alle teppegolva, og så var eg ut og klipte ned klematisane, og fekk rusket opp i ein sekk som skal sendast med bossbilen fredag. Ein av grunnane til at eg ikkje vil ha det i komposten er at eine planten hadde sjukdom.
Bodil og Svein hadde med sen nydelig frosen ørret til oss då dei kom i går. Nils får nokså ofte fisk i presang med venner og kjende, kanskje fordi han sjølv har gitt bort fisk den tid han hadde fisk i overflod. Vi har ganske ofte kjøpt frosen laks, men Bodil meinte denne ørreten var spesielt god, og vi kunne ikkje vente med å teste den ut. Eg laga den til slik som eg plar lage til laksen: eldfast fort, salt og pepar+ sitron, og inn i steikomnen med han, ferdig på same tid som potetene er kokte. I dag laga eg hollandaise -saus til (Knorr) og det vart eit herleg måltid. Det er ikkje så lett å finne på middagsmat som Nils har lyst på, men fisk går som regel bra.
Eg får ikkje gjort så mykje anna enn å lage mat etc. etter at Nils er oppe, men det får ikkje vere så farleg. Eg kan no ikkje fyke rundt og la han bli sittande åleine heile tida.
I dag kunne eg vore med Marit nedover, men det var ikkje noko eg trong, så eg takka nei.
I morgon kjem HBO-dei er her berre ein gong i veka no. Kan ikkje seie at eg sakna dei, men det var no kjekt når dei kom også - eit lite friskt pust. Somme av dei vart vi no godt kjende med.
Tross alt går tida veldig fort, eg veit ikkje om det er så positivt, men vi har det ikkje kjedelig.

tirsdag, november 28, 2017

Dagbok 2017: 28.november

Klokka er 18.30, utetemperaturen er minus 5 grader C, og det har vore ein fin lys dag.
Etter at eg hadde gitt Nils mat og medisin, sette eg ein bolledeig, for Nils likte så godt dei eg laga for eit par dagar sidan. Nils låg og sov ei god stund ut på dagen, slik han gjer dei fleste dagane. 
Eg fekk melding frå Bodil om at ho og Svein skulle til Ørsta og ville komme oppom. Det var veldig kjekt å få treffe dei igjen, det skjer ikkje så ofte. Vi drakk kaffi, åt og prata. No sit Nils og slappar av litt framfor TV-en. At han sovnar innimellom er heilt naturleg med tanke på medisinane han tek.
Mens vi venta på gjestane, las vi ut høgtlesingsboka vår. Nils les avisa, men orkar ikkje å lese heile bøker. At han orkar å sjå så mykje TV er eg litt forundra over.


Bok nr. 31 -2017: Land ingen har sett


Dette er den tredje boka i Hoem sin slektskrønike, og eg har lese den før. Men eg trong noko enkelt og lettfatteleg å lese, og då las eg denne om att. Ein annan grunn til at eg las den om att er at no kjem bok nr.4, og då kan det vere greitt å ha familien i frisk minne.

Bok nr.30 - 2017: Går det til helvete, så går det til helvete

Denne boka kjøpte eg til Nils til farsdag/bursdagen. Nils har sett alle episodane av "Fjorden Cowboys", minst to gonger. Og så vart vi no begge kjende med Lothepus då han var med i "Farmen kjendis".
Leif Einar er jo heilt sprø på mange måtar, litt av ein eventyrar, og språket vil eg ikkje ein gong nemne. Men Finn Tokvam har faktisk skrive ei veldig bra bok om denne eventyraren, som på mange måtar er eit fint menneske med mykje omtanke for andre, både folk og dyr. Det er Leif Einar si stemme, men det er Tokvam som skriv.
Eg har lese denne boka høgt til Nils og meg sjølv, det tok litt lenger tid enn forventa fordi eg var forkjøla i to veker og orka ikkje å lese sidan eg var låk i halsen.
Eg veit at boka har fått gode kritikkar, elles hadde eg ikkje kjøpt den, og eg synest også det var ei fin bok. Boka er oppdelt i mange kapittel, kvart kapittel med eit eige tema.
Vi har kosa oss med boka, til tross for at vi titt og ofte synest det går over stokk og stein. Men som Lothepus sjølv seier:"Eg er ærleg!"


mandag, november 27, 2017

Dagbok 2017: 27.november

Klokka er 19.40, temperaturen ute er minus 5 grader C og det kjennest veldig kaldt ut. I fjor vinter var det nesten ikkje kulde, så det er uvant med slike temperaturar, særleg når det ikkje er særleg mykje snø.
I dag har det vore ein litt laber dag med tanke på kva eg har fått "gjort".
Etter at Nils hadde fått frokost og medisin vart eg gåande å tutle litt omkring i huset utan å få gjort noko skikkeleg arbeid. Så lenge det var utearbeid, kunne eg styre på mens han låg frampå. Eg har ikkje tenkt å bake så mykje til jul, elles kunne eg styrt med det.
Då han stod opp kokte eg kaffi og vi hadde frokost nr.2. Elles vart det høgtlesing frå Lothepus-boka, og så ringde Rasmus. Dei hadde kjøpt ein halv elg, så dei hadde mykje arbeid med å dele opp skrotten og pakke kjøttet i frysaren. Då var Nils i bra form, for han hadde tatt ein Oxycodone -tablett. Han kunne godt tatt fleire i løpet av dagen, men han er litt stirrig der, vil ikkje ta meir medisin enn han må.
Han har ikkje så mykje vondt, og så har han god appetitt for tida, alt fordi han er rett medisinert.
Det er godt at det finst hjelp for sjuke folk, slik at dei slepp å ha det vondt.
Fredag var eg nedover og handla i lag med Solveig, men ein ting hadde eg gløymt: Spekesild. Nils fekk lyst på det her ein dag, og i dag tok eg ein tur på Kiwi, ikkje berre for silda si skuld, men også for å få frisk luft og mosjon. Det blei sjølvsagt ikkje berre sild, men to passeleg tunge plastnett. Eg ber alltid om to posar, slik at eg kan fordele vekta på begge hender. Nobo-Solveig spurde meg tidlegare på dag om det var noko eg skulle ha, for ho skulle nedover. Eg skulle eigentleg ikkje ha så mykje-men det er rart med det når ein først kjem inn på ein butikk-.
Då eg kom heim fekk eg "ordre " om å legge topphatt på bilen, det gjekk på ein måte, men det var ein ny hatt som eg aldri har sett før. Trur at vranga kom på utsida, men kven bryr seg. Så passa eg på å ta inn ved; eg fyrer litt i omnen kvar morgon, elles har vi greidd oss med varmepumpa. Eg kler godt på meg, for Nils likar ikkje å ha det så varmt.
Det blei sild med poteter og kålstuing til middag, og middagskvil etterpå. Eg åt nok litt for mykje, for eg er hysterisk glad i spekesild!
No ser Nils på Fjorden Cowboys, og snart har vi lese ut boka om Lothepus. Det vart ei lang pause i lesinga då eg var forkjøla i to veker, så den blei ganske dryg.
Slik går no dagane her hos oss, Nils kjem seg ingen stad, men han likar at eg kjem meg ut av og til og kan fortelje litt om det eg har sett og høyrt. Han har bra humør og eg veldig tolmodig.
No skin det ein halv måne utanfor glaset, det er fint og stille vêr, verken storm, flaum eller vulkanutbrot. Og takk for det.

søndag, november 26, 2017

Dagbok 2017: 26.november



Bilda tok eg kl.11.30. No får vi ikkje sola inn i stova lenger. Ikkje før ca. 17.januar.

Klokka er 18.00, utetemperaturen er minus 2 grader C. Det har vore ein nydeleg dag med sol i fjella og klår himmel. Sola rekk ikkje lenger ned til oss, men om ikkje så lenge går det framover mot lysare dagar igjen. Vêret har ikkje så mykje å seie når ein ikkje kjem seg ut, likevel er det skilnad på lyse og mørkare dagar.
Eg var oppe som vanleg i dag, og gav Nils medisinen på sekundet 9.00. Han fekk sove vidare, mens eg sette ein deig og laga 3 store julebrød, eller rettare sagt kveitebrød med rosiner i. (Hadde noko melk som var ute på dato, men like god). Det blei litt deig til overs, så Nils fekk kaffi og rosinbolle då han stod opp. I dag var han bestemt på at han skulle klare å dusje, og etter at han hadde tatt ein ekstra tablett greidde han det. Han har alltid vore nøye med å halde seg rein og pen både på kroppen og i kleda, men no er det veldig strabasiøst. Han får såpass mykje medisin no at han verker ikkje noko særleg, men så blir han desto meir sløv.
Før eg begynte på middagen fekk vi tid til litt høgtlesing i Lothepus-boka. Eg hadde både ferdiglaga kjøttkaker og heimelaga saus i frysaren, og sidan Nils er inne i ein god periode når det gjeld mat, vart det skikkeleg middag i dag. Han et like mykje som eg, og eg kjenner meg stappmett etter fleire timar. Dei periodane han ikkje har appetitt et ikkje eg heller noko særleg, no et eg for mykje, kjenner eg.
Etter at eg hadde sett på oppvaskmaskina og rydda kjøkkenet sette eg meg inn til datamaskina og skreiv referat frå styremøtet og eit utkast til førehandsomtalen til julemøtet, den må inn i torsdagsavisa. Nils fekk seg ein middagslur og
så var det tid for kaffi.
No ser han fotball, men eg har eit par program eg skal sjå seinare i kveld. Strikka ferdig eit lestepar i dag, så no har eg ikkje "spøt". Jakka er ferdig til montering, men eg har sagt til Solveig at det kan vente til over jul, ho har nok å styre med no. Må finne meg noko å henge fingrane borti. Det blir vel fleire lestepar etter kvart; Einar fekk ta seg ut to par i går, og etter kvart er det vel fleire som frys på føtene. Problemet er at her i Ørsta har dei ikkje det garnet eg vil ha.
Eg held på å lese om att Hoem si tredje bok i serien om slekta, for no kjem vel snart bok nr.4. Eg må ha noko lettfatteleg å lese på senga, elles blir det så mykje å lese om att. Krimboka som Solveig hadde med, kan eg ikkje sjå at eg har lese, så den kan eg begynne på no snart. Eg har ikkje så mykje tid til å lese som før.

lørdag, november 25, 2017

Dagbok 2017: 25.november

Klokka er20.25, utetemperaturen er ca. +4 grader C, og i dag, særleg før middag, var det litt lysare enn det har vore i det siste. Men det har ikkje vore opplett i heile dag.
I dag har det vore sundag i hovudet mitt, og så blir det enda ein sundag i morgon. Ikkje at det betyr så mykje , dagane er stort sett ikkje så stor skilnad på i vår situasjon.
Nils har vore ganske bra i dag, men blir for trøytt, det kjem vel både av sjukdommen og medisinen.
I går kveld var Solveig på besøk, og i dag kom Einar innom etter at han hadde sprunge Rotevatnet rundt. Det er kjekt med besøk, men eg ser at for Nils er det nok med eitt besøk for dag. Barn og barnebarn er på skule og jobb i veka, så dei kjem som regel ein tur i helga. Margrete plar stikke bortom på laurdagar, men ho skal ha eksamen den 1. desember, så fram til den tid les ho pensum for harde livet. Derfor kom ho ikkje i dag. 
Dagen har elles vore som vanleg, vi prøver å halde ei slags rutine, slik at Nils kan få tablettane sine til faste tider.
Synest han har vore litt betre i form i dag enn i går. Og ein ting som er positivt er at han et godt, og ikkje er kvalm, slik han ofte har vore. I dag steikte eg blålange som eg serverte med steikt løk, poteter, gulrøter og hollandaise -saus. Det er om å gjere at det ikkje vert tørt. Kva vi skal ha i morgon veit eg ikkje enno, eg får vel ta eit dykk i frysaren. Eg prøver å lage næringsrik kost til pasienten min, aberet er at eg et samme maten -og eg treng det ikkje.
Elles har eg lagt i hop ein klesvask, rippa ei bok og strikka litt -blant anna. No blir det vel litt TV i kveld også. Nils har sett littsport før i dag, men det er eg ikkje så interessert i.

fredag, november 24, 2017

Dagbok 2017: 24.november


Klokka er 22.00, utetemperaturen er + 3 grader og det har regna i dag også.
Her kan de sjå utsikta frå altanen vår i dag før middag. Elles har ikkje dagen i dag vore så mykje annleis enn andre dagar når det gjeld helse og aktivitet. Nils er nokså slapp, særleg før middag, han er ikkje sjuk i den forstand at han har feber etc. og så har han bra appetitt. Men han søv mykje. Som vanleg var eg først oppe i dag også, gav han medisin og frokost og let han sove vidare. mens han sov laga eg ei kake og vaska opp og rydda etterpå. Etter at han var oppe vaska eg kjøkken og bad. Og det på fredag!
Til middag laga eg berre ei enkel suppe i dag, og etterpå sovna vi begge ei lita stund. Solveig kom klokka 18.00, og ho og eg for og handla. Ikkje Svartefredags-handel på oss, det vart berre medisinar og mat. Men det var mykje folk ute og for, og vanskeleg å finne parkeringsplass. Alle handicap-plassane var sjølvsagt ledige, men Solveig nekta å bruke dei- så lovlydig er ikkje eg. Vi måtte på Amfi på grunn av apoteket, elles handla vi på Spar. Eg fekk hamstra ganske mykje mat, og så får eg supplere litt etter kvart som det er noko eg treng.
Vi drakk kaffi og prata litt etter handleturen før Solveig reiste ut att. Ho kjem ikkje her berre for at eg skal få handle; ho vil no gjerne sjå til far sin ein gong i veka.
No har eg fått varene på plass og vi har sett TV-men skal vel sjå litt meir. Kveldane er beste tida vår.
Så ønsker eg alle ei god helg!

I dag fyller den yngste av Margrete sine fire, Erlend,  14 år. Han har strekt seg veldig siste året. 
Gratulerer heile familien med Minstemann!

Denne karen er "mellombror" i familien til Rasmus. Han er ein ivrig basket-spelar i "Kongsberg Miners". Han har fått to nye drakter. Dette er den eine.


torsdag, november 23, 2017

Dagbok 2017: 23.november

Klokka er 18.30, og det har vore mørkt i timesvis. Ute er det + 2 grader og det regnar. Det har det gjort meir og mindre i heile dag. No skal eg ikkje klage over vêret, samanlikna med mange andre i landet har vi det fredeleg og godt, verken storm eller flaum her på våre kantar. Det ser nesten ut som om vår landsdel er meir og mindre freda.
Men energinivået mitt blir veldig lågt når dagane er korte og mørke. Det blir ikkje mykje gjort, nei.
I dag stod eg opp som vanleg, fyrte litt i omnen, henta inn avisa og passa på at Nils fekk medisin og mat til rett tid, klokka 9. Så fekk eg gå gjennom avisene.
Men i dag fekk han ikkje sove så lenge for vi venta HBO-en klokka 11. I dag var det både måling av sukker, og blodprøve. Det gjekk greitt, og så snart sjukepleiarane var ferdige, måtte eg hive meg rundt og komme meg på møte til klokka 12. Eg valde å nedover for vegane var både berre og sanda. Ein nabo nådde meg att og tilbaud skyss, men eg ville ha turen.
Eg gjekk heim att også, og då var eg innom Kiwi og handla med meg litt mat. Klokka var ca13.45 då eg var heime. Nils fekk oppvarma middag frå i går, etterpå åt han brødskiver og drakk kaffi. Appetitten er bra for tida. Han tok seg ein blund etterpå, all medisinen gjer at han blir trøtt, så han lyt berre sove litt innimellom.
Eg veit ikkje om det blir handling i morgon på "Svartefredag"-men eg har ei bra liste etter kvart. Det blir vel ville tilstandar på ymse butikkar, men apoteket og matvare -butikkane har vel ikkje så mange tilbod? Julegåver blir ikkje handla av meg i år heller, gåvene kjem nok heller frå Sparebank 1.Vekene går fort fram mot jul, og i år har eg bestemt meg for å ikkje pynte med lilla til advent, men gå rett på julepynten.


onsdag, november 22, 2017

Dagbok 2017: 22.november

Klokka er 18.00, utetemperaturen + 3 grader C. Det har vore overskya og stort sett opplett, men eg er ikkje heilt sikker for eg har ikkje vore så langt som ut på trappa.
I går var Nils i storform, men eg veit av erfaring at slikt ikkje plar vare. Han har hatt mange gode dagar siste veka, men i dag var han ikkje i form. Eg var redd at han hadde fått ein reaksjon på vaksinen, så eg har passa ekstra godt på han i dag. Han har vore trøtt og slapp, sove mykje, men har ete rimeleg godt og har ikkje feber eller smerter. Det seier seg sjølv at slike dagar får eg ikkje gjort så mykje anna enn å "passe" pasienten. Men eg fekk i alle fall støvsuga teppegolva før han stod opp.
Dagen har gått som ein røyk uansett,  no har vi ete middag, og Nils søv igjen. Før vi åt fekk eg hjelpt han slik at han fekk barbere seg.
I dag visste eg ikkje kva eg skulle lage til middag, men eg hadde eit blomkålhovud liggande og hugsa at eg i 7.klasse hadde hatt "kjøkken"-undervisning og då hadde vi laga blomkålgrateng. Og ein skinkeboks hadde eg også, kanskje kunne eg få noko ut av det? Eg slo opp på nettet og fann oppskrift på "Blomkål og skinkegrateng", men ein grateng kan eg faktisk lage utan oppskrift, så eg laga etter mitt eige hovud. Gratengen vart godt etande; ingen kulinarisk højdare, men så lenge som Nils får det i seg, er det greitt nok for meg. For han er det viktig at det er lett å.ete, helst med skei. Etter at han hadde ete sovna han og søv framleis.
Sidan eg vart gåande inne og rote, tok eg eit par litt tørre brunostar og kokte prim av dei. Slik prim brukte eg å lage av og til den tida ungane var heime. Særleg Rasmus likte primen min, så i dag har eg tenkt spesielt på han.
I morgon skal eg på styremøte klokka 12.00 på biblioteket, så eg håper at Nils er så bra at eg kan fare. I morgon kjem dei og tek blodprøver og måler sukkeret også, så då kjem det i alle fall ein HBO innom.
I dag fyller Rolf, bror til Nils, 76 år, og i går kveld fekk dei sitt tredje oldebarn, alle gutar. Så slekta veks.
No vaknar Nils, så eg skal koke litt kaffi.

tirsdag, november 21, 2017

Dagbok 2027: 21.november


Klokka er 18.30, temperaturen ute er minus 7 grader C, og det har vore ein nydeleg dag. Vi fekk sjå sola i dag også, bilda er tatt klokka 10.40, og så fekk vi eit solgløtt utpå ettermiddagen også. Det ligg litt snø på marka, som de ser, og dei har sanda bilvegen i dag. Det er vinter med andre ord, men om vêrmeldinga stemmer blir det mildvêr og nedbør igjen, i alle fall litt lenger sør på Vestlandet.
Så har det gått enda ein dag utan at eg har fått utretta noko særleg, føler at det blir lite mosjon-særleg no når eg har sete og strikka såpass mykje. Jakka er så å seie ferdig til montering, men eg kjem ikkje til å gjere meir før eg har konferert med Solveig, eg har no ikkje vore flink nok verken til å telje masker eller vere nøyaktig. Førebur meg på å få litt refs. Eg er bra vand med det -handarbeid var det verste faget  for meg på skulen, gjorde feil og måtte ta opp att heile tida. No skal det seiast at eg har strikka rimeleg mange genserar i mitt liv - og mange har vore fine.
I går kveld gløymde vi å legge oss til rett tid, så vi sov litt lenger enn vanleg i dag. Eg var no oppe i god tid før det brått dukka opp ein HBO og skulle vaksinere oss. Vi hadde avtalt med Solfrid og legen at det skulle skje torsdag, men sjukepleiaren hadde fått annan beskjed. Nils fekk vaksine mens han låg i senga, eg fekk etterpå. Ingen av oss har reagert på den etterpå. Nils har vore i fin form i dag, og har ikkje tatt ekstra medisin av noko slag.
Til middag i dag vart det pølser og heimelaga stappe og vi åt godt begge to. Eg åt kanskje litt for mykje. Får ikkje brukt så mange kaloriar når eg sit inne heile dagen, og ikkje gjer anna enn det mest naudsynte i huset.
Har forresten vor litt ute. Var konsulent for naboen -han lurte på korleis han skulle beskjere plommetreet sitt, og meinte eg hadde fått opplæring hos gartnar. Det stemmer for så vidt, men eg trur ikkje eg var til særleg hjelp. Så er det vindu som skal latast att, kranar som skal stengast og diverse anna som ein må hugse på når det blir kaldt. Nils rettleier. Marit kom over vegen ein liten tur, og Torbjørn kom ein snartur i går kveld. Kjekt at naboane ser innom. Elles så brukar Nils å ringe og prate med diverse medlemmer av slekta i Solund.
Torsdag skal eg på styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00, då får eg stoppe opp litt på biblioteket og sjå om eg finn meg ei bok. Det må vere noko lettlese.
No håper eg berre at Nils ikkje får nokon reaksjon på vaksinen.Eg sjølv toler ein støyt, men sidan eg er ferdig med forkjølinga, går det sikkert bra.


mandag, november 20, 2017

Dagbok 2017: 20.november

Klokka er no 19.20, utetemperaturen så vidt under 0, og det har vore ein ganske fin  dag. Bildet over er tatt klokka 10.50, då skein sola inn i stova vår, og eg tenkte at det var kanskje sisten gongen i år vi såg henne, men no melder dei finare vêr så vi får kanskje meir solskin, ei lita stund før middag, og ei stund etter middag. Midt på dagen er sola bak Melshornet.
Nils var i rimeleg bra form i dag, og ei stund etter at han hadde stått opp, ville han ta ein tablett og så dusje. Det er litt av ein jobb for han - og for meg. Men vi kom i hamn i dag også, og eg tok også jobben som "fot-terapeut", så sparte vi 500 kroner der.
sidan vi hadde steikt blåkveite til middag i går, tenkte vi at vi kunne ha steikt blålange i dag-så fekk vi brukt opp remuladen også. Nils sat til bords både i går og i dag, og åt godt. Det er det viktigaste. "Eg ete kake og ka det e`", som han sa onkelen min då han var liten og kom inn til nokre som bakte til jul.
Solveig nabo skulle på butikken og ringde og spurde om det var noko eg trong. Eg fekk henne til å kjøpe H-melk, elles må vi prøve å tære litt på det som er i frysaren.Ho kom innom med melka, så vi fekk eit lite "besøk" i dag. Kjekt med besøk, men eg saknar ikkje HBO-ane så veldig.
Eg har ikkje fått gjort så veldig mykje i dag. Tok og skrapa trappa for begynnande is, sjekka at bilrutene var att og at vatnet til hageslangen var avstengt. Det er eigentleg Nils som passar på at eg ikkje gløymer slike ting som har vore hans jobb før.
Eg må tilstå at eg har sete mykje i godstolen og strikka siste dagane. Eg har den uvanen at alt som eg begynner på skal bli ferdig - helst dagen før. Og så begynte eg å bli redd for at eg hadde for lite av den grå fargen, så eg berre måtte strikke ferdig mønsterborden. Eg hadde meir enn nok garn.  Eg har ikkje strikka mønsterstrikk på mange år, så det gjekk ei stund før eg kom inn i det, men som eg seier til Solveig . "Denne jakka er ein "kladd", så får eg sjå om det blir noko meir. Det er så lett å slenge seg ned att med Nils å sjå TV og strikke, no når eg ikkje kan drive med noko ute.
Vi har hatt ein god dag


søndag, november 19, 2017

Dagbok 2017: 19.november


Bilda knipsa eg frå trappa vår klokka 12.30 i dag.


Klokka er 19.10, utetemperaturen er 0 grader, det ligg litt snø på marka, men det er stort sett opphaldsvêr no, men eg synest vinteren kjem for tidleg.Ikkje for det- dagane og vekene går så fort at vi veit ikkje ordet av det før vinteren er forbi. Trur eg.Eg likar ikkje at det er glatt på vegane, for då får eg eit lite problem med å gå, på butikken t.d.
I dag har eg ikkje gått nokon stad, har vore nesten like lat som i går. Nils låg til klokka var 12 ca og var sløv ei stund etter det også, men etter at han får tablettane sine klokka 13 går det som regel framover. Det gjorde det i dag også. Eg var sjølvsagt oppe lenge før han, og no er eg heilt hekta på strikking. Er ferdig med 2/3 av mønsteret på jakka, og det går tolleg bra. Angrar berre på ein ting: at eg ikkje strikka genser i staden for jakke, så hadde eg spart Solveig for litt av ein jobb. Men jammen var det kjekt å strikke noko anna enn lester!
Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag-det går i det vanlege, daglege som oppvask, matlaging m.m. I dag laga eg berre blomkålsuppe til middag og så åt vi julebrød med smør og ost attåt kaffien etterpå. Julebrødet har lagt i frysaren sidan jula i fjor. Trur der er litt av kvart i dei mange frysarane våre som vi kunne ete av, i staden for å kjøpe ny mat heile tida. Nils har hatt bra appetitt i dag og det er no eit pluss.
Viss Solveig eller Margrete eller andre har lydbøker på lur, er eg mottakeleg. Den som eg har begynt på no er så "travel" at den ikkje passar som sengelektyre.
Inne er det som ein Edens hage med blomster som Nils fekk til 81-årsdagen.


lørdag, november 18, 2017

Dagbok 2017: 18.november

Klokka er 19.45, utetemperaturen er + 1 grad og på mobillen min står det at det er full sol. Eg har berre så vidt vore ut for døra i dag tidleg for å hente ved og avis, og då låg det nylaga slaps på tunet.
I dag har eg stort sett gjort ein ting: Eg har strikka. Fekk samla ermar og bol på ein pinne og sette i gang med mønsteret. Det stemte ikkje heilt, men eg fann ein feil. Likevel var det ikkje heilt som det skulle men eg tek ikkje opp uansett. Det er eg som skal ha jakka, og då kan eg bestemme om der skal vere ein feil. Eg blir så stressa av slikt at eg har ikkje heilt godt av det. Trur eg skal halde meg til lestar heretter. Når eg tenkjer på alle genserane -og andre ting eg strikka før..........eg er ute av trening ! Så enkelt er det.
Også i dag var eg oppe lenge før Nils, men han kom seg opp i dag også og har klart seg bra. I dag åt vi middag, og sovna begge to etterpå. Han søv mykje, på grunn av tablettane han tek. Eg sovna fordi eg vart så mett.
Elles har det ikkje skjedd noko i dag, ingen har vore innom -ikkje ein gong HBO, og oppe i hovudet mitt har det vore sundag, og det er det framleis .No blir det vel TV resten av kvelden og litt strikketøy?

fredag, november 17, 2017

Dagbok 2017: 17.november





Klokka er 18.05, temperaturen er + 2 grader. Det har vore bygevêr i heile dag, snø, sludd, hagl og regn, vekselvis. Innimellom har det vore "nesten sol".
Nils var litt betre i form i dag, men vart liggande litt frampå likevel, som vanleg. Betre han ligg litt i senga enn at han sit i same stolen heile dagen. Eg fekk vaska bad og kjøkken og gjort diverse anna husarbeid.
Vi venta kreftkoordinatoren og legen klokka 15.15; Solfrid kom presis, legen heseblesande ei stund seinare. Det vart litt justering på medisinar etc. og så blir det "sukkermåling", berre ein gong i veka. Sidan dei tek blodprøver annankvar torsdag, blir det sukkermåling på torsdagane.Komande torsdag skal vi også få vaksine. Det starta opp med sukkermåling tre gonger for dag, så vart det to gonger og til slutt ein gong. No blir det HBO-besøk berre ein gong i veka, men skjer det noko i mellomtida, så kan vi ringe Solfrid.
Eg hadde tenkt å spørje ein av naboane om å køyre meg på butikken dag, men somla meg ikkje til før middag. Solfrid skulle også på butikken, så ho spurde om eg ville sitte på med henne. Eg tenkte at eg kunne stikke nedom og få det viktigaste, så kunne eg ta resten i morgon. Det vart til at eg kjøpte alt som stod på lista, blant anna melk og poteter. Då eg kjende tyngda på dei to plastnetta mine, vart eg litt i tvil om eg klarte å bere dei heim. Men det gjekk bra. No har Nils og eg ete og drukke kaffi. Til desssert vart det eit par kapittel i Lothepus-boka. Elles vil eg berre nemne at Nils er glad i å prate i telefonen.
Margrete, Amanda og Eirik er vel framme i Trøndelag, der dei besøker Eirik som går på folkehøgskule i Melhus.

(Boksane og flaska med eplesider var ikkje med i handleposane. Flaska følgde med blomsterbuketten frå Rasmus og fam.)
Og så er det fredag igjen, og eg ønsker alle ei god helg.






torsdag, november 16, 2017

Dagbok 2017: 16.november

Klokka er 19.45, utetemperaturen er +3 grader C og det har vore regnvêr og mørkt i heile dag. Enno ligg det litt snø att.
Dette har vore ein laber dag i heimen. Det begynte med at eg ikkje fekk sove sist natt, så eg vart liggande å høyre lydbok nesten heile natta. Men eg måtte lese om att noko av den i dag -var ikkje sikker på om eg hadde fått med meg alt. Då eg stod opp, relativt tidleg, såg eg at sovetabletten låg att på nattbordet. Eg har brukt sovetablettar i meir enn ti år, og har sjeldan og aldri gløymt å ta dei, men i den siste tida har det skjedd 3-4 gonger. I tillegg til at eg var trøytt var eg også dårleg i magen før middag. Forkjølinga heng også i.
Nils er alltid ganske "sløv" til langt på dag, og i går og i dag har han ikkje greidd å ete opp frokosten som han får på senga. Han fekk ligge frampå så lenge han ville. I mellomtida støvsugde eg alle teppegolva og gjorde anna "forefallande" husarbeid. Vaske får eg gjere i morgon. Vi fekk melding frå kreftkoordinatoren om at ho og fastlegen kjem innom oss i morgon klokka 15.15. Vi har ikkje sendt bod på dei, og det er ikkje noko dramatikk i bildet, så naboane må ikkje bli engstelige.
Nils stod opp når det lei på dag, han åt faktisk litt middag, fisk og poteter + dessert. Eg et ikkje stort meir enn han, men eg har no litt å gå på. Han kom seg til litt etter kvart, med hjelp av tablettar og litt søvn, så no sit han og ser Lothepus.
Eg har hatt ut bosset, fekk plass til ein sekk hageboss i dunken og leverer ein ved sidan av. Så no har eg berre ein sekk att og den står i tilbygget. Fekk rydda litt i garasjen, men vil ikkje kalle der ryddig akkurat. Men vi må vel tenke på å få plassert bilen under tak. Om ikkje alt er perfekt, har vi det relativt bra.
I dag kom Jørn på besøk og hadde med seg fersk blåkveite til oss. Det har vi aldri smakt.(Berre røykt). Og så kjem no HBO-ane innom ein gong for dag så vi får alltid besøk.

Bok nr.29 - 2017: Pasienten



Omtale fra forlaget
En krimroman om de katastrofale følgene det kan få når mennesker ikke blir behandlet med respekt og verdighet.

Pasienten: Han kalte seg Krøsus og var psykiatrisk pasient på Dikemark i over femti år. «De dreper pasienter her», er det siste han hvisker før han dør i 1993. En av de få som snakket med Krøsus, var lille Julia.

Forsvinningen: I 2002 forsvinner den da atten år gamle Julia sporløst fra Enden, en liten bygd på Sunnmøre.

Drapet: Etter mange år kaster et drap nytt lys over både Julias forsvinning og det som foregikk på et nervesanatorium på Julias hjemsted.

Når Kajsa Coren får en privat forespørsel om å undersøke hva som kan ha skjedd med Julia, bringer det henne rett inn i drapsetterforskningen. Et ukjent Munch-maleri og psykiatrisk forskning spiller uventet sentrale roller.

........................................................
Eg har ikkje vore så veldig begeistra for bøkene til Trude Teige, og var heller ikkje overbegeistra for denne. Ho brukar historiske hendingar som bakgrunn i romanane sine, og eg tenkte meir enn ein gong mens eg las boka, at dette hadde vore meir interessant å lese som faktatekst utan skurkar og mord etc. Eg såg at den hadde fått terningkast 5, det er minst ein for mykje etter mi meining.

onsdag, november 15, 2017

Dagbok 2017: 15.november

Klokka er 19.00, utetemperaturen er + 4 grader, og det regnar, haglar og blæs. Det einaste som er bra med dette vêret er at vi slepp å mòke snø.
Elles vart det "dagen derpå" i dag, som forventa. Har Nils ein kjekk dag, brukar han opp alle kreftene sine, og så ligg han strak ut dagen etter og kanskje fleire dagar. Men er trur det er verdt det. Han har ikkje lege i senga heile dagen, men har vore veldig slapp og har hatt dårleg appetitt. Eg har ikkje gjort noko særleg eg heller, anna enn å vere HBO. Ja, eg har no stroke litt klede, rydda og frose kakerestar. Har så fullt i alle frysarane at eg veit snart ikkje kva eg skal gjere av alt.
Elles har eg lese litt i boka mi, og strikka litt. Er snart ferdig med andre erma også, og då skal alt inn på ein pinne. Kanskje det er derfor eg tek det så roleg no-er litt spent på om eg får det til. Heilt sjukt. Eg har jo strikka liknande ting hundre gonger før, men er ute av trening.
Eg er framleis forkjøla, men no trur eg det nærmar seg friskmelding.
Nils fekk telefon frå systera i dag, når ho ikkje ringde i går, var det fordi ho var i Bergen og kjøpte inn garn. Nils ser på TV-  det gjer eg også innimellom, men i morgon må eg sjå til å få "gjort" noko. Håper Nils er betre då.

tirsdag, november 14, 2017

Dagbok 2017: 14.november

Klokka er 20.30, temperaturen ca.+4 grader C og i dag har nedbøren kome som regn.
Vi har i alle år hatt den skikken at vi har hatt "familiejulemiddag" med barn og barnebarn på Nils sin fødselsdag. Den tradisjonen vart broten i fjor då han hamna på sjukehus på sjølvaste 80-årsdagen, og det blir nok ikkje tatt opp att av mange grunnar. Mellom anna er det vanskeleg å samle heile storfamilien, og så er ikkje Nils i stand til å vere med på så mykje storfeiring. Men vi har i dag markert dagen på ein moderat måte. Ikkje med stort selskap, men med besøk atv dei i familien som er så nær at dei kan komme. Først kom Margrete og Erlend, rett frå skulen, seinare kom Birte og Håkon og til slutt Solveig og Øystein. 
Eg baud på kaker og kaffi i all enkelheit. Presangar fekk han med dei som kom, blomster frå Rasmus og familie vart levert på døra, så det å fylle 81 kan også ha sine sider. Dei som ikkje kunne komme har ringt og gratulert, og det er det mange andre som har gjort også. Vi synest det har vore ein fin dag.


Margrete og Erlend vart fotografert i lag med jubilanten, etter kvart vart her såpass uryddig at det ikkje freista å ta bilde.
Nils fekk ligge frampå i dag også, og etter at han hadde tatt oppkvikkarane sine greidde han å dusje og vaske håret, det betyr mykje for han å vere velstelt. Barbere seg fekk han også. Det er mykje vi greier når vi samarbeider godt.
Døtrene mine utnyttar eg så godt eg kan. Margrete fekk ansvar for å hamstre inn brus, Solveig fekk "ordre" om å kjøpe kaffi på Lefdal, og så var ho og eg ein tur på apoteket, der eg skulle ha både det eine og det andre. Litt anna kjøpte vi også.
Elles kan eg handle det eg treng på Kiwi på Vallabøen, det er berre fint med ein liten kveldstur.
No har eg tømt oppvaskmaskina og fylt den igjen, laga kveldsmat til Nils etc. og så skal eg flate ut ei stund framfor TV-en. Eg er enno ikkje kvitt forkjølinga, men kjøpte meir hostesaft i dag, så no lit eg på at den verkar.
Skal helse til Nils og takke for alle gåver og helsingar.



mandag, november 13, 2017

Dagbok 2017: 13.november


Klokka er no 19.40, temperaturen er 0 grader C, men det ligg snø både på maker og vegar. Bildet over tok eg i middagstida ca. kl.13-14 og då var sola framme så vidt det var. Sjølv om eg ikkje er så glad i snø, må eg medgi at den lyser opp i vintermørkret.
Dagen i dag har vore ganske vanleg, vi har våre rutiner. Som mellom anna går ut på at Nils ligg ei stund utover føremiddagen, etter at han har fått mat og medisin. Eg prøver å få gjort litt mens eg er åleine, men siste veka har eg vore så sløv av forkjøling at det har blitt heller lite gjort. I dag laga eg ein kakebotn, og vaska opp att, strauk litt klede etc. 
Skulle ha gjort ferdig eit par kaker i dag, men hadde ikkje i hus det som skulle til. Eg laga meg ei lang handleliste og lurte på kven eg skulle spørje om skyss- eller skulle eg vente til i morgon kanskje? Greidde ikkje å bestemme meg før det var neste kveld. Då gjekk eg ned på butikken og handla det mest nødvendige opp i to plastposar -og det gjekk heilt fint.
Eg gjekk i joggebukse + hagestøvlane mine og håpte ingen såg det. Eg har fine, nye støvlar, men tok på meg dei gamle då eg var ute og henta ved og gadd ikkje byte. På butikken trefte eg ei veninne som lurte på om det ikkje var glatt å gå, og om eg hadde eigna skotøy. Eg måtte tilstå! Men ho godkjende rillane under støvlane. Eg kom meg både ned og opp att utan problem av noko slag
I dag åt vi godt til middag begge to. Eg serverte ovnsbakt laks med poteter og rømme, grønsaker var her tomt for.
Kreftkoordinatoren ringde og eg snakka med henne, ho kjem kanskje på besøk ut i veka. Nils har det relativt bra, men blir trøtt av all medisinen;  i dag sovna vi begge to etter at vi hadde ete middag.
Eg beklaga meg til HBO i dag fordi eg ikkje blir kvitt forkjølinga, og ho sa at det er så mange som har ei slik langvarig forkjøling for tida, mellom anna ho sjølv. Eg er ikkje sjuk, men mykje mindre energisk enn vanleg, og hostar gjer eg enno. Det var fint å merke at eg tolte å gå ein tur ut. Ein kan no ikkje bli altfor forsiktig heller.

søndag, november 12, 2017

Dagbok 2017: 12.november

Klokka er 18.00, temperaturen ute er +4 grader, det er mørkt og det regnar og blæs. Slike dagar er det heilt OK å vere inne. Eg kom brått på at det er farsdag i dag-her vart dagen markert i går.
I dag har Nils vore i ganske god form, truleg fordi han tok "kvikkisane" med det samme han var oppe. Dei hjelper eigentleg berre 3 timar, men det ser ut til at dei sit i lenger.
Sjølv er eg framleis like forkjøla, har snufsa og hosta i ei veke no, men er kanskje ikkje fullt så slapp lenger. I dag rakk eg å rydde og vaske "rundt" på kjøkkenet før Nils var oppe. Fekk ei stund med lydboka også.
Etter han var oppe fekk eg ordna opp i diverse matrestar, klesvask etc.-mykje har gått på halv åtte siste veka.
No håper eg på at eg er frisk nok til ein handlerunde i morgon. Har ikkje vore på butikk på over ei veke, så lageret vårt skrumpar inn.
I dag har vi sett opptak av "Skal vi danse" -og eg vart glad for at favoritten min gjekk vidare til finalen. Nils har sett mykje sport, men eg strikkar på den oransje jakka mi. Det ser ut som eg strikkar utruleg stygt, men Solveig seier at det garnet er slik at det blir fint når ein vaskar plagget. Har strikka bolen opp under armane og er snart ferdig med første erma. Etter kvart skal eg berre strikke rundt og rundt. Såg at jakka heiter Vendela. Ja, namnet skjemmer ingen.
Elles har eg fylt dosetten til Nils med tablettar for enda ei veke, synest vekene går fryktelig fort, men er glad for kvar søndagskveld eg kan gjere denne vesle jobben. 
Det er heilt greitt at det er snø på markene, regn og vind, men eg skulle så gjerne hatt nokre dagar til for å rydde litt meir ute. Der er litt jobb att før eg kan slappe av frå hagearbeidet. Det har vore litt trasig vêr i det siste, det var finare i fjor på denne tida, men slik er det berre. Får vere glade så lenge vi slepp å moke snø-men LITT snø er fint og lyst.

lørdag, november 11, 2017

Dagbok 2017: 11.november



Klokka er snart 18.00, men det har vore mørkt lenge, eg venner visst ikkje til desse tidlege kveldane i år.Temperaturen ligg på 0 grader C. Eg har i heile dag gått rundt og trudd at det var sundag, enda dei begynte å jobbe på nabohuset tidleg på dag.
Det var lyst og fint først på dagen, sidan det låg eit lite tynt lag av snø på markane og på altanen. Eg tok eit bilde av eine strengen med meisebollar, og på grunn av blitzen ser dei nesten ut som lyspærer. Vi har besøk av kjøttmeiser kvar dag, og eg har hengt opp fuglematen slik at Nils kan få sjå på fuglane. Han har alltid likt fuglar, og har hengt opp fuglebur overalt.

Nils var ikkje i vigør før middag, det er han sjeldan. I dag venta vi med Oxycodonen til etter at vi hadde ete middag, og då var han i bra form då Einar og Audun kom på besøk.Dei hadde kjøpt med seg kake og potetgull til Nils, og Solveig hadde sendt med dei blomster. Nils er så "heldig" at fødselsdagen hans alltid fell samen-eller nesten-med farsdag. Eg hadde tenkt å lage både det eine og det andre til DAGEN, men så vart eg altså så elendig av den forkjølinga, at alt står på vent. Alle veit kor lite kjekt det er å styre med mat når ein er forkjøla. Og så eg som "aldri" er sjuk! Eg fekk det ganske kraftig denne gongen. Eg har vore så slapp at eg knapt har orka å strikke- og då er det gale. Men forkjølinga går over, sjølv om det aldri passar å få den.
Eg skulle ha vore på butikken og handla, og eg hadde sikkert fått nokon til å køyre meg, men eg orka rett og slett ikkje. Energien min gjekk frå 100 til 0 på veldig kort tid. Går vel litt lenger tid å få dampen opp att.



Her er Nils flankert av dei to eldste barnebarna; Audun (27) til venstre og Einar(30) til høgre.Kjekke karar.














fredag, november 10, 2017

Dagbok 2017: 10. november.


Klokka er18.30, utetemperaturen er +3 grader, og som de kan sjå av bilde ligg det litt kvitt på rekkverket og på marka.
Naboen held på å få ny bordkledning på huset, og no er det veggen oppover mot oss som står for tur. Materialen er ferdig måla/beisa på førehand. Eg kan hugse at før jul for eit år sidan heldt dei på med ein annan vegg.
Vi håper sjølvsagt på at det ikkje kjem snø som blir liggande-ikkje enno.
Eg er framleis forkjøla, og har vore veldig slapp i dag, sjølv om eg har hosta mindre enn før. No kjenner eg at kreftene held på å kome att, eg er ikkje vant til å vere så lat.
I dag stod eg opp lenge før Nils, som vanleg. Laga frokost til han og til meg sjølv, fyrte i omnen og slappa av med lydbok ei stund.
Nils fekk 2 Oxycodone, og då greidde han å dusje, det er like spennande kvar gong. Somme gonger blir han så skjelven at han må slå det frå seg. I dag gjekk det heilt fint.
Eg fann ut at det var på tide å byte på sengene, så det gjorde eg. Etter ei stund orka eg å vaske golvet også.
Ein ung mann kom med ferdig filetert kvitlange til oss, som eg skulle pakke og fryse. Så måtte vi ha oss litt kaffi. Midt opp i alt rotet kom fastlegen innom, heilt uventa. Det vart litt endring på medisinane, noko som er mi oppgåve å halde greie på.(Og det klarer eg heilt fint).
Eg hadde ei høne på kok i fleire timar, etterpå hadde eg den i steikomnen ei stund og laga viltsaus til . Kan hugse mamma gjorde det ein gong. Men eg hadde nok høna litt for lenge i omnen, for den vart veldig tørr. Eg laga til ein porsjon til Nils, med mykje saus på, og han åt opp alt. Men då sovna han tvert etterpå. Eg plar skjere opp maten hans slik at han kan ete med skei. då kan han sitte i godstolen og sleppe å ha vondt. Å planlegge dagane framover er litt vanskeleg. Eg likar ikkje å styre med mat når eg er forkjøla, og har heller ikkje lyst å smitte folk. vi får sjå korleis forma er i morgon.
Nils driv og seier at eg har influensa-det har eg ikkje! Har ikkje feber t.d. , men der ute som han kjem frå hadde dei ein tendens til å kalle alt for "flonsa".
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei fin helg.

torsdag, november 09, 2017

Dagbok 2017: 9.november

Klokka er 18.15, utetemperaturen er + 5 grader C. Eg har ikkje vore lenger enn til postkassa i dag, men eg trur det regnar og blæs. Siste åra har vi hatt det fint i november månad, men ikkje i år. No tenkjer eg først og fremst på vêret.
I går kveld var eg veldig forkjøla og eg vart liggande å hoste frå eg la meg til klokka var 4 sist natt. Då kom eg på at eg hadde gløymt å ta sovetablett, og då søv eg ikkje. Tok berre ein halv tablett i 4-tida, men sovna og sov til klokka 8 ca. Då stod eg opp og tok det vanlege morgonstellet, heilt tappa for energi. Slik er eg enno, orkar ingen ting anna enn det eg absolutt MÅ. Og eg er ingen tolmodig pasient, dessutan kan eg ikkje vere pasient når eg skal vere heimesjukepleiar.
Men ein tin fekk eg gjort i dag, eg fekk sett meg ned ved PC'en og skreiv referat frå møtet i går. At det vart eit litterært meisterverk trur eg ikkje, men det vart i alle fall gjort.
Nils har ikkje vore i storform, men klarer seg bra når han får smertestillande tablettar. Det blir å sitte i stolen for det meste, og sjå TV. Eg held han mykje med selskap, plar sitte å strikke, men veit ikkje om eg orkar det i dag. Har strikka bolen på jakka opp under armane, og lagt opp den første erma.
Viss eg er friskare i morgon kan eg få vere med Marit å handle. Kan ikkje forstå at det alt er fredag igjen. Vekene går rykande fort. I dag har vi hatt besøk av sjukepleiar som tok blodprøver av Nils, og dei var fine, blodprosenten hadde faktisk gått opp litt. Og så hadde vi vanleg  HBO-besøk på ettermiddagen. Middagsmat vart det ikkje i dag, men heimebakt brød med sardiner og leverpostei er ei god erstatning. Eg får alltid i meg nok, men må passe litt på Nils.
Eg er litt redd å smitte Nils, men eg trur han var borti noko liknande førre veka. I alle fall var det godt vi ikkje tokk vaksine-EG må i alle fall vente til eg er frisk igjen. Hadde ei liknande sykje i fjor vinter, men det var mens Nils vart innlagt på Ørstaheimen, så då berre flata eg ut. Trur ikkje det varde så lenge.

onsdag, november 08, 2017

Dagbok 2017: 8. november

Klokka er 20.50 , utetemperaturen +9 grader C, det har vore for det meste opplett og litt vind i dag.
Eg har hatt ein litt hektisk dag, sjølv om eg ikkje stilte opp og dekka bord på kulturhuset i dag.
Nils er aldri heilt bra om morgonen, så han blir liggande ei god stund etter at han har fått mat og medisin. I dag bakte eg to kaker før han stod opp, og då var det i grunnen på tide å tenke på middag, sidan eg skulle ut og farte.
Nils kjem seg til etter kvart, så eg bestemte meg for å gå på pensjonistmøtet i dag, sjølv om han vart heime åleine ei god stund. Eg var såpass forkjøla at eg heldt meg litt unna dei andre pensjonistane. For sikkerheits skuld sette eg meg ved det bordet som oftast blir ståande tomt-men ikkje i dag. Eg høyrer dårleg til vanleg- og enda verre er det når eg er forkjøla,  så det han hende det blir eit underleg referat eg spikrar i hop i morgon.
Even køyrde Marit og meg ned til møtet, heim att sat vi på med ei pensjonistdame.

Eg hadde ikkje trongt å tenkje på at Nils var åleine, for det var han ikkje. Han hadde først hatt besøk av ei HBO-sjukepleiar, og så hadde ein av naboane vore innom ein tur.
Men mat hadde han ikkje fått, så det var no godt at eg kom heim og fora han.

Pensjonistane på bildet er dei som har vore med på "Den gylne spaserstokk". To damer frå Sparebank 1 var der og delte ut premiar.

tirsdag, november 07, 2017

Dagbok 2017: 7.november

Klokka er 17.45, temperaturen +10 grader C og det blæs vårlege vindar. Skulle gjerne ha vore ute og styrt i hagen i dag, men slik blei det ikkje.
Nils var dårleg då han vakna og langt utpå føremiddagen. Først etter at han hadde fått oxycodone kom han seg til, og han åt rimeleg godt til middag. Eg var ikkje SÅ dårleg , men har no den forkjølinga, sjølv om den er nokså laber. Førre veka peip det nedfor brystet på Nils-i dag var det eg som peip, så det er vel samme sykja vi har hatt. Eg hadde att hostesaft frå sist eg var forkjøla og den hjelper godt til å løyse opp hosten. Eg er ikkje sjuk, men heller ikkje i storform.
Etter at eg hadde gitt Nils mat og medisin på senga, støvsuga eg alle teppegolva. Det blir litt rusk og rask når alt skal foregå på stova. Nils sit i stolen sin og får maten servert på brett. I dag serverte eg pølser med heimelaga potetstappe og surkål. Det må vere noko som er lett å ete for Nils. Han får ein liten porsjon, då vil han gjerne ha meir. Enkel psykologi.
I dag dusja eg og vaska håret før middag, og så sette eg på ei maskin med klede, som eg hengde ut på altanen no. Det er ikkje mykje eg får "gjort" om dagane, men det viktigaste er å ta vare på pasienten min. Han er takksom for at eg tek meg av det meste, slik at han kan få bu heime. Og eg vil gjerne ha han heime så lenge det går, for han er no heilt klar i toppen slik at vi kan ha skikkelege samtalar. No høyrer eg at han snakkar i telefonen, han likar godt at folk ringer til han; han har både mobil og fasttelefon innan rekkevidde. Han les aviser etc. men ikkje så mykje anna. Derfor har vi hatt litt høgtlesing, men måtte ta ein pause no då eg vart låk i halsen.
I dag er det 7.november, fødselsdagen til Rasmus Martin Elias Trovåg, f.1909. Far til Nils var ein sjarmerande og kjekk mann; dessverre døydde han same året som vi gifta oss, berre 52 år gammal. Neste tysdag er det Nils som fyller år. Eg torer nesten ikkje å planlegge noko, med tanke på slik det vart på 80-årsdagen hans i fjor.
I morgon er det pensjonistmøte, eg har sagt frå om at eg ikkje kjem klokka 12 og dekker bord, men skal prøve å møte opp på sjølve møtet som tek til klokka 16.00.
Eg strikkar på jakka mi innimellom, men det blir ikkje så lange stunder om gongen.

Bok nr.28 - 2017: Liebhaberne

Liebhaberne
«Liebhaberne» er femte bind i serien som startet med «Berlinerpoplene».
De hadde sittet ved middagsbordet. En av kyrne hadde nettopp kalvet, faren hadde fått revet opp en tommel da kvigen hadde reist seg for fort og han ville få henne unna kalven som lå der, nå satt han med et blodig, skittent lommetørkle surret rundt tommelen mens de spiste stekt sild med kokte poteter og smeltet margarin, blodet hadde trukket gjennom stoffet, mørkerødt mot hvitt, og sildestykkene var lysegule og snart kalde i stekepannen, som stod på et par grytekluter midt på bordet.
Han svarte ikke. Spiste.
"- Hørte du hva jeg sa? Noen har sett deg med tyskerne over på Øysand. Men så svar da, gutt!"

Tormod Neshov er vergeløs mot minnene som overmanner ham om nettene, selv om han er trygg nå, på sykehjemmet. Ikke for alt i verden vil han besøke Neshov, hvor Torunn har overtatt og er i ferd med å få skikk på den falleferdige gården, samtidig som hun blir stadig mer delaktig i driften av Margidos begravelsesbyrå. Erlend har tatt permisjon fra jobben for å holde øye med oppussingen av villaen i Klampenborg, og livet kunne vært dejligt, hadde det bare ikke vært for Krummes nye kostholdsregime.
Men dagen kommer for alle da fortiden krever dem tilbake.

.......................................................................
Første boka i serien "Berlinerpoplene" var ei god bok. Men så vil folk vite meir om korleis det går med folket på garden, og Anne B. skriv og skriv. Dette er nok ikkje siste boka i serien. Ho kjem vel til å halde det gåande så lenge nokre av dei eldste lever att. No blir det mykje pjatt i desse bøkene, men her er også mykje som angår det å leve og vere menneske. Enkelt servert.

mandag, november 06, 2017

Dagbok 2017: 6.november

Klokka har brått hoppa fram til 19.30, eg synest ettermiddagane/kveldane er blitt veldig mykje lenger etter at vi stilte klokka tilbake til normaltid, men så fekk vi besøk og då var det klokka gjorde eit hopp.
Ute er det mørkt nesten heile dagen, det har vore overskya og regn i heile dag og akkurat no er temperaturen + 3 grader. Men alt er betre enn kulde og snø- i november.
I går var Nils i bra form frå morgonen av, i dag måtte han ta to Oxycodone før han kom i siget. Eg var oppe ei god stund før han, og han fekk mat og medisin klokka 9 slik han skal ha.
Eg sette ein brøddeig før eg sette meg til å strikke med lydbok på øyret. Blei litt for ivrig med strikkepinnane etter at eg begynte på jakka mi. Eg skal helst bli ferdig på dagen når eg har eit arbeid på gang, derfor høver eg så godt til å strikke lestar. Når eg skal strikke større arbeid har eg vanskeleg for å legge det vekk-men det må eg no innimellom. Begynte laurdags kvelden og er snart komen oppunder armane på bolen. Eg strikkar rundt for Solveig har lova å montere.
Eg sette enda ein brøddeig, så det vart seks nye brød i dag. Eg hadde surmelk som var ute på dato, og den ville eg bruke opp. Har bore fem av brøda ned i frysaren, så no har vi mat ei stund. Til middag i dag vart det restar frå i går.
Eg er sår i halsen og føler meg litt forkjøla-Nils sleit med noko liknande førre veka. Eg var i tvil om det var lurt å vaksinere seg mens ein var forkjøla, så eg spurde sjukepleiaren som var her i dag. Ho sa at ein IKKJE burde ta vaksine når ein var forkjøla, då risikerte ein å bli veldig dårleg. Vi skulle eigentleg få vaksine begge to i morgon, men no er det utsett på ubestemt tid. Eg vil helst ikkje ha reprise på det som skjedde ved vaksineringa i fjor, då Nils vart så sjuk. Då merka eg ingen ting, men så var eg ikkje forkjøla heller.
Influensa er ikkje komen til Ørsta enno, då hadde HBO visst det. Sjukdommen liknar på den i fjor, men då bomma dei på vaksinen og mange vart sjuke til tross for at dei var vaksinerte. Det var mange eldre folk som døde. Håper dei har ein betre vaksine no. Eg vil oppfordre alle til å ta vaksine, ikkje berre for si eiga skuld, men også av omsyn til andre. Det hindrer at sjukdommen spreier seg. Seier eg som tok influensavaksine for første gong i fjor-76 år gammal. Men eg er blitt litt klokare siste året.
Marit har vore med seniordansarane til Kypros, og ho kom over vegen ein tur i kveld. Det er kjekt å ha henne heime att, saknar henne når ho er vekke. Saknar også utearbeidet og trimmen, men fann ut at det var best å ikkje puste i seg for mykje kald luft i kveld-elles kunne eg ha gått ein tur.
No blir det vel strikketøy og TV resten av kvelden.

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...