tirsdag, november 14, 2017

Dagbok 2017: 14.november

Klokka er 20.30, temperaturen ca.+4 grader C og i dag har nedbøren kome som regn.
Vi har i alle år hatt den skikken at vi har hatt "familiejulemiddag" med barn og barnebarn på Nils sin fødselsdag. Den tradisjonen vart broten i fjor då han hamna på sjukehus på sjølvaste 80-årsdagen, og det blir nok ikkje tatt opp att av mange grunnar. Mellom anna er det vanskeleg å samle heile storfamilien, og så er ikkje Nils i stand til å vere med på så mykje storfeiring. Men vi har i dag markert dagen på ein moderat måte. Ikkje med stort selskap, men med besøk atv dei i familien som er så nær at dei kan komme. Først kom Margrete og Erlend, rett frå skulen, seinare kom Birte og Håkon og til slutt Solveig og Øystein. 
Eg baud på kaker og kaffi i all enkelheit. Presangar fekk han med dei som kom, blomster frå Rasmus og familie vart levert på døra, så det å fylle 81 kan også ha sine sider. Dei som ikkje kunne komme har ringt og gratulert, og det er det mange andre som har gjort også. Vi synest det har vore ein fin dag.


Margrete og Erlend vart fotografert i lag med jubilanten, etter kvart vart her såpass uryddig at det ikkje freista å ta bilde.
Nils fekk ligge frampå i dag også, og etter at han hadde tatt oppkvikkarane sine greidde han å dusje og vaske håret, det betyr mykje for han å vere velstelt. Barbere seg fekk han også. Det er mykje vi greier når vi samarbeider godt.
Døtrene mine utnyttar eg så godt eg kan. Margrete fekk ansvar for å hamstre inn brus, Solveig fekk "ordre" om å kjøpe kaffi på Lefdal, og så var ho og eg ein tur på apoteket, der eg skulle ha både det eine og det andre. Litt anna kjøpte vi også.
Elles kan eg handle det eg treng på Kiwi på Vallabøen, det er berre fint med ein liten kveldstur.
No har eg tømt oppvaskmaskina og fylt den igjen, laga kveldsmat til Nils etc. og så skal eg flate ut ei stund framfor TV-en. Eg er enno ikkje kvitt forkjølinga, men kjøpte meir hostesaft i dag, så no lit eg på at den verkar.
Skal helse til Nils og takke for alle gåver og helsingar.



2 kommentarer:

Hildegard sa...

Gratulerer med dagen til Nils! Godt at de har feira bursdagen til Nils i rolege former. Av erfaring opplever eg at det ofte er dei kjekkaste "samkoma". Då får ein tid å prate og kose seg i lag med gjestane, utan stress.
Helsing oss to pensjonistane i Alleen.

Besta sa...

Takk for helsinga. Det var ein fin dag i går, men no treng han nokre dagar å bygge seg opp att.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...